Små omelettar
6 egg
1,5 dl mjølk
1,5 dl riven ost, eg brukte Jarlsberg
Ei halv teskei salt
1 ss smelta smør
Ein stor, grøn oliven (utan stein) per form
Ein soltørka tomat per form
Ein liten løk
Hakka basilikum
Svart peppar
Sett omnen på 200 grader. Smør formene godt med smelta smør. Bland egg, mjølk,
ost, salt og peppar i ein bolle. Finhakk fyllet, og fordel det i formene,
ca. ei spiseskei i kvar. Slå eggeblandinga over, pass på at du får omtrent
lik mengde ost i kvar form. Sett formene i omnen, og la dei steike i ca.
20 minutt. Skjer tynne skiver av loff, og stikk ut små, runde skiver.
Server omelettane på dei runde skivene, og pynt med nokre grasløkstrå eller basilikumblad.
Laksesandwich
8 skiver loff, gjerne ein dag gamal.
100 g chevre
100 g krydderost
2 ss mjølk
200 g gravlaks eller røykelaks
3 ss hakka, fersk dill
Agurk
Skjer loffskivene tynt. Dette er lettare med daggamal loff enn fersk
loff, så kjøp gjerne loffen dagen før. Du kan også bruke andre,
grovare brødtypar. Bland saman ost og mjølk til ein krem. Smør
det på skivene. Skjer laksen så tynt du kan, og legg den på
halvparten av skivene. Skjer agurken i tynne skiver med ostehøvel,
og legg eit lag på alle skivene. Strø på dill. Legg saman ein
skive med laks, og ei utan. Skjer av skorpene, og del skivene
på skrå slik at du får trekanta bitar.
Scones
5 dl mjøl
1 ts salt
2 ts bakepulver
50 g sukker
100 g kaldt smør
2 dl mjølk
Sett omnen på 225 grader. Bland mjøl, salt, sukker og bakepulver
i ein bolle. Ha smøret i bollen i små bitar. Smuldre smøret i
mjølet. Rør inn mjølka til du har ein klissete deig. Strø litt
mjøl over deigen slik at du kan handtere den. Kjevle den ut ca.
2 cm tjukk, og stikk ut rundingar med eit glas. Legg rundingane
på eit bakebrett med bakepapir. Steik sconesa midt i omnen i
10-12 minutt. La dei kolne, og del dei i to. Legg ei skei syltetøy
og ei skei piska krem eller rømme på eine halvdelen, og legg den andre oppå.
Korintkjeks
200 g smør
80 g sukker
2 dl korintar
Rive skal av to appelsinar
4,5 dl mjøl
Sett omnen på 200 grader. Rør smør og sukker luftig. Vend inn
korintane og appelsinskalet. Rør i mjølet, og kna deigen forsiktig
til den heng saman. Vent med å ha i alt mjølet slik at du får ein
passeleg konsistens. Ha deigen i eit stykke gladpack, og form det
til ei pølse. Legg pølsa i kjøleskapet, og la den kvile ein times
tid. Skjer pølsa i tynne skiver, som du legg på bakepapir på eit
steikebrett. Steik kjeksa på 200 grader midt i omnen i 10 minutt,
til dei er lyst gyldne. La dei kolne på rist.
Har du eit etasjefat, er det perfekt å servere dette på.
Legg saltmaten nederst, og det søte på toppen. Velbekomme!
Alt godt, Gunda