Bruschetta

Bruschetta blir best med surdeigsbrød, har du ein god bakar i nærleiken som bakar det så kjøper du, og slepp strevet. Finn du ikkje kan du bruke andre brødtyper og, det treng ikkje vere heilt ferskt.

Slik lagar du det til fire personar:

Fire gode skiver surdeigsbrød
Mild olivenolje
Eit kvitløksfedd
Fire godt modne tomatar
Hakka fersk basilikum
Salt og peppar

Del tomatane, og ta ut kjernane og safta inni. Skjer dei i små terningar, og bland med krydder og basilikum. Vurder om det trengst ei klype sukker, er tomatane for sure kan det vere godt. Dette kan du gjere i god tid før gjestane kjem. Rett før de skal gå til bordet varmar du opp oljen i ei steikepanne, og steiker brødskivene i godt med olje. Det skal ikkje tørrsteike. Ta skivene opp, og legg dei på ei rist. Når dei har svalna slik at du kan ta i dei, deler du eit kvitløksfedd, og gnir det inn i skivene. Legg tomatrøra på skivene, kvern litt peppar over og server med ein gong. Du kan også ha røra for seg, og la gjestane legge røre på sine skiver. Ha litt godt flaksalt ved sidan av, har tomatrøra stått litt renn det ofte litt væske av, og dermed blir også litt av saltsmaken borte.

Pestofisk

Berekn ca. 200 g fiskefilet per person. Legg filetane i ei eldfast form, gjerne i bakepapir. Det sparer oppvask. Legg pesto frå glas på fiskefiletane, og steik det i omn på 200 grader i 15 minutt. Ha fisken på ei rist, og så kan potetforma stå nedst i omnen.

Lys brownie/firkløverbrownie

200 g mjølkesjokolade
100 g smør
2 egg
1,5 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
Ei klype salt

Sett omnen på 175 grader. Smør ei 20 cm rund form godt, og legg bakepapir i botnen på forma. Hakk 100 g sjokolade, og smelt den i smøret på svak varme. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland bakepulver og salt i mjølet, og vend det inn i eggedosisen vekselvis med sjokoladeblandinga. Hell røra i forma, hakk resten av sjokoladen og dryss den over røra. Du kan godt bruke firkløver i staden for mjølkesjokolade, viss du ikkje får besøk av nøtteallergikarar. Steik kaka i 15 minutt, og sett den kaldt i minst to timar. Den er eigentleg best dagen etter. Pynt gjerne med sjokoladefigurar, med mørk sjokoladesaus frå flaske eller med smelta mørk sjokolade. Server med ein kremklatt eller med ei kule is.