Slik gjer du det:

Kyllingsuppe til fire


1,5 liter vatn
2 buljongterningar
400 g kyllingkjøtdeig
1 egg
3 gulrøter
Ei persillerot
Ein løk eller 10 cm purre
Ein timiankvist viss du har, viss ikkje, 1 ts tørka timian
Salt og peppar
1 ts sukker
1 ss sitronsaft

Kok opp vatnet, og ha i buljongterningar. Du kan også bruke flytande fond viss du har det. Spe kjøtdeigen, og ha farsen i dobbel plastpose. Klipp hol (mindre enn du trur...) og klem ut litt og litt deig som du slepp ned i gryta med ei skei. Kjøtbollane skal ikkje vere stort større enn ei hasselnøtt, dei hevar seg i gryta. Rens og skrell grønsakene, og hakk dei fint. La dei koke i krafta til dei er møre, og kjøtbollane er kokte. Smak suppa til med salt, peppar, sitronsaft og sukker. Server gjerne med flatbrød, anna brød eller naturell suppe viss brød ikkje freistar. Kjenn at kreftene sig tilbake i kroppen.

Når oksehungeren slår til kan ein unne seg ei lita lettlagd kaloribombe. Dette er den enklaste kaka eg veit om, du lagar den medan ein annan ryddar opp etter middagen. Får du gjestar har du den klar før dei får sukk for seg. Du kan doble den og ha den i ei lita langpanne, og du kan gjere den endå betre ved å ha i grovhakka sjokolade, nougat eller kva du måtte ha i huset. Hakka nøtter er også godt i den. Slik gjer du det:


Den raskaste sjokoladekaka

2 egg
3 dl sukker
100 g flytande margarin eller smelta smør
ei klype salt
1 ts vaniljesukker
1,5 dl mjøl
4 ss kakao

Sett steikeomnen på 175 grader. Ha alt i ein bolle og rør det i hop. Når eg skal ha flytande margarin frå flaske i kakedeigar og målet står oppgitt i gram, set eg bakebollen på vekta, nullstiller den og heller margarinen i. Oppvask spart! Ha bakepapir i ei 24 cm kakeform, helst også opp over kantane. Viss ikkje må du smøre kanten godt. Ha i røra, og steik kaka i 25 minutt. Server med is, med piska krem eller eit melisdryss. Velbekomme, og god bedring!
Alt godt, Gunda