Tomatmarmelade av grøne tomatar
Ein sitron
1,5 dl vatn
Ein kilo tomatar
450 g sukker
100 g brunt sukker
1 ts salt
2 bitar kanelbork
Vask sitronen godt, og skrell den med ein potetskrellar, slik at du får
av berre det gule skalet. Skjer det gule i tynne strimlar, og kok det i
vatnet i ei stor gryte i 10 minutt. Pass på så det ikkje kokar tørt.
Fjern det kvite som er att av skalet på sitronen, del den i fire båtar
og skjer båtane i tynne skiver. Fjern det du finn av steinar. Skyll
tomatane, og del dei i fire. Fjern stilkfestet viss det er hardt, og
skjer tomatbåtane i tynne skiver. Ha sitronen og tomatane i gryta
saman med sukker, salt og kanel. La det heile koke medan du rører av
og til i nærare ein time. Ta ut kanelborken, og fyll marmeladen på reine,
nykokte glas.
Lagre marmeladeglasa mørkt og kjøleg. Vil du ha marmeladen litt meir
chutney-aktig, kan du ha i litt eddik og gjerne ha i litt finhakka raud
chili. Då blir den litt hot, og tøffare i smaken.