Bøff borginjong
Er du motstandar av vin prinsipielt, og ikkje vil gå for
Toro-løysinga så får vi pratast om fjorten dagar att. Denne
gryta går ikkje å lage utan vin.
Slik gjer du det:
Bøff borginjong til fire svoltne
800 g flatbiff eller mørbrad
4 ss mjøl
200 g småhakka bacon
300 g små sjampinjongar, gjerne aroma
400 g småløk, sjalott- eller sølvløk
Ei flaske billig fransk raudvin
5 dl vatn med 2 ss flytande oksefond eller to terningar oksebuljong
Eit laurbærblad
2 ts timian
2 ts sukker
1 ss tomatpuré
Rens sjampinjongane for jord, og skrell løken. Småløken vert
lett å skrelle viss du legg heile nettet i varmt vatn nokre minutt
først. Skjer kjøtet i 4 cm store terningar. Sett ei gryte på full
fres, og steik baconet, om nødvendig med litt olje, til det er
sprøtt. Fisk det opp av gryta, og la feittet bli att.
Ha mjølet i ein plastpose, og ha i kjøtet. Rist til mjølet har
festa seg rundt heile kjøtterningane. Steik terningane i
baconfeittet, ha i litt ekstra smør eller mild olivenolje
viss det trengst. Ha ikkje for mykje i gryta på ein gong,
då vert kjøtet kokt i staden for steikt, og i denne retten
gir det masse god smak når kjøtet er steikt før det vert
kokt ferdig i vinen. Når kjøtet er bruna ferdig legg du
det til sides, og steiker løk og sjampinjongar.
Ha bacon, kjøt og grønsaker i gryta, og slå over vin og
kraft. Ha i tomatpuréen, den gir smak og fin farge. Brukar
du tørre urter, kan du legge dei i eit kaffifilter som du
brettar og stiftar att med ei stiftemaskin. Då slepp du
at du skummar av krydderet. Har deu ferske urter kan du
lage ein krydderbukett; legg nokre timiankvistar, nokre
persillestilkar og eitt par laurbærblad inn i eit purreblad.
Knyt det i hop, og la det koke med. Kok det heile opp, og
skum av slik at krafta blir så klar som råd er. La det
trekke på middels varme til kjøtet er mørt. Smak til med
salt, peppar og sukker slik at du får balansert syra i
vinen. Fisk ut laurbærbladet / krydderposen. Syns du
sausen er for tynn, kan du jamne den med eitt par spiseskeier
maisennamjøl som du rører ut i litt kaldt vatn før du har det i
gryta. Brun sausejamnar på pakke kan og brukast. Server med
godt brød, ein salat og kokte eller steikte poteter.
Kåkk lagar du på same måten, mange anbefalar å marinere fjærkreet
i vinen frå dagen før, men det er ikkje nødvendig etter min smak.
Hane og høne treng ganske lang koketid, er du i beit og brukar
ein kylling kan den ikkje koke meir enn ein halvtime viss du
har delt den opp. Kåkk kan gjerne lagast berre med lår, dei
har meir smak, og toler betre koking enn bryststykka, som
har lett for å bli tørre.
Enkel bøff
Jukseversjonen av bøff er slik:
Enkel bøff til fire
800 g flatbiff
200 g småhakka bacon
300 g små sjampinjongar, gjerne aroma
400 g småløk, sjalott- eller sølvløk
To posar Toro raudvinsaus
8 dl vatn
Skrell og rens grønsakene. Varm opp ei gryte, og steik baconet i den.
Skjer kjøtet i ”kubbar”, og så i tynne skiver. Steik kjøtet i
baconfeittet på høg varme, og ta det til side. Ha i litt meir smør
eller olje, og fres soppen og løken. Ha i bacon og kjøtet, og slå
4 dl vatn over. Ha pulveret i eit sylteglas frå kjøkkenskapet, og
ha i resten av vatnet. Rist det glatt, og slå det over kjøtet og
grønsakene. La det koke opp, og la det trekke til kjøtet er mørt.
Når det er skore tynt burde det ikkje ta lang tid. Server med godt brød.
Får du uventa gjestar, så er bøff ein av dei rettane som er
lette å utvide. Ha i meir grønsaker, gulrøtter i små bitar,
stilkselleri går fint, og ein vanleg gul løk eller to kan og
bli med. Skjer kjøtet i mindre bitar, då blir det drygare. Så
har du brått mat til to til. Velbekomme!