Kos deg med hagen din!
GundaD:
I mi fortid på usenet var det eit uttrykk som heiter ”september kom tidleg i år”.
Det refererte til september 1995, då ”gud og kvarmann” fekk internettilgang, og
oversvømte usenet med meir eller mindre velretta spørsmål og kommentarar.
Her på Hagegal luntar vi oss igjennom vinteren i fred og ro, vi sår og priklar
og held på med vårt. Så plutseleg i mai rausar det inn med nye hagegale, fulle
av spørsmål og iver. Nye dagbøker vert oppretta, og arbeidslysta strøymer på.
Det er strålande, og eit varmt velkommen til alle nye. Bruk søkefunksjonen,
les trådane om korleis forumet, chatten og dagbøkene fungerer, så får du
leve lenge på hagegal, og du vil få mange nye hagevener i den virtuelle
og den verkelege verda.
Eit forum som dette blir ikkje til av seg sjølv. Alle gjer sitt til at
det vert ein stad for kunnskap, glede og entusiasme. Vi treng særleg
nye innspel til hagegal.info-sidene. Ikkje alle er ekspertar på såing,
prikling eller andre spesialområde. Men alle kan vi noko, og har du eit
område du trur du kan bidra på, så ta kontakt med Ståle. Nytt påfyll
er det som skal til for at sidene våre skal fortsette å vere
interessante for både oss og tilfeldig forbipasserande.
I mai løsnar alt, og etter eitt par dagar med varme og sol
kjenner vi det som om sommaren er i full gang. Vi vert overmodige,
kjøper sommarblomar og plantar dei ut. Spede spirar vert herda, og
kanskje vert nokre gløymde att ute over natta. Mai er full av
overraskingar, deriblant ei og anna natt med ei minusgrad
eller to. Så før vi veit ordet av det er dei små, sarte
avgått ved døden, og vi rykker tilbake til start.
Tolmod er altså den viktigaste dyden å praktisere i mai.
Vent heller nokre dagar lenger med å sette ut dei dyrebare
spirane, pellisane, fuchsiaene og sommarblomane. Vent til
vi har feira 17. mai, så er du på den trygge sida. Sommaren
er lang, og vi har mykje godt å vente på.
Ein av våre hagegale har introdusert stolhaging som ein viktig
del av det å kose seg med og i hagen. Høyr sannings ord!
Stolhagingskvotienten skal ideelt vere 1/1. Du bør altså tilbringe
like lang tid i ein stol, på ein benk eller i ei hengekøye som du
gjer med nevane i jorda. For kva er ein strigla hage verd, viss
ein ikkje kan sitte i fred og ro og nyte den i lange drag?
Kos deg med hagen din!
|
Nyheter:
Såing av roser

Roy i Bergen

Hagegals sangbok

Kry i Sartoravisen

Lineca besøker Sortland
-del 2
Lineca besøker Sortland

Roger hjelper deg

Ferskingkveld

|