Nordåker, notatar frå hajals hage

Løyndom

20 mar 2008 18:55


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av med mine terapeutiske sidesprang Akkurat nå: slapper jeg av med mine terapeutiske sidesprang ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

LØYNDOM

Eg ser ei grein så stiv av frost og is
ei grein, ein kvist av bjørkeris.
Med mange frostkrystallar hengande på rad
men sovande i knopp den løyner bjørkeblad.

No er det snø og is ved vinterstid
men smått om senn mot vår det atter lid,
då skal dei vakna knoppane som søv
og atter skogen kle med bjørkeløv.

Ja mor natur så underleg den er
så mykje rart ein i naturen ser,
så stor ein løyndom skjuler seg i kvist
og kjem til synes den tid knoppen brist.

Marsnatt

20 mar 2008 19:48


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

MARSNATT

Vill var den leiken eg høyrde i natt då eg vakna
grannegardskjetta ho remja,
kva var det ho sakna ?
Snart fekk ho svar ifrå alle dei rakkar
som grenda her hyste,
eg låg og vreid meg - å kunne eg ;
- i bann eg dei lyste !


Rakkane slost, det var kjetta dei slost om, må veta.
Kvite og svarte og grå - det var slik dei var leta.
Hårmanken fauk når klørne i pelsen dei rende,
blodet kom ut ifrå såra - eg spår dei det kjende.


Kjetta sat roleg og såg på dei kjempande partar,
til dagleg ho nemndest i grenda som "Storenessvarta".
Han som tilsutt vart den sigrande kar
ifrå før godt ho kjende,
tidt rundt i grendene for han, kring kjettene rende !

Etter ei frostnatt

20 mar 2008 20:20


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

ETTER EI FROSTNATT

Ikkje ser eg slike palmar
om eg er i Kanans by
som eg ser på uthusglaset
i eit tidleg morgongry.
Sjå dei står med blom og frukter,
nokre store, andre små.
Kjem til meg med drøymeflukter,
draum om varme, draum om vår.
Vinden der i greiner susar
- høyr kor svartetrasta syng
og kor storefossen brusar
- orreleik på stein og lyng.
---

Men når sola bryt av draumen
kverv det for meg alt ihop,
frosten bind nok enno flaumen
bind med frost i elv og grop.



PS !
Skrive etter ein morgon med svært så flotte isroser på uthusglaset.

Tankar tidleg i april

20 mar 2008 20:34


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

TANKAR TIDLEG I APRIL
( Bedande)

Mai, kom med grøne bøar
nykledd lauvskog, blomar små.
Bekkesus som allting døyver
spel og song frå fuglar små.

Mai, kom med sol og sommar
løys oss ut frå vintrens vred.
Sola den er snøens dommar
den gjev aldri snøen fred.

Mai, kom oghjelp oss berre,
kle vår skog og bø og grend.
Grøne knoppar spring i kjerret
frå heile landet bøn er send.

Selja

20 mar 2008 20:41


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Selja

No sprer selja frøa sine i den lette brisen
små, lette dun som glepp taket i seljemora
og slepp seg ut i den store verda
der vinden ber dei avstad.
Nokre får feste i vegkanten,
andre der dyrefot har sett spor,
og nokre veit eg spirer i blomsterurnene mine
som eg nett har sett fram.
Dei har best vikår dei som IKKJE hamnar der......

På steinbenken

20 mar 2008 20:52


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

PÅ STEINBENKEN

Det er fint å ha ein steinbenk å kvile ryggen sin på
- under det store morelltreet.
Sjå sollyset bli silt mellom blada i trekrona
og nå ned til dei vakre blomane som nyt tilveret
under morelltreet sitt beskyttande tak.
Akeleier, kusymrer og liljekonval har tilhald her
og så eg, når benken kallar på meg......
Godt med kvild i skuggen under naturens eige tak.
Flugesnapparen ventar utolmodig på at eg skal røyse meg att
så han får mate ungane sine.
Vil ikkje røpe sitt bol
endå det er eg som held hus til han.
- Eg og har grenser rundt MIN hage,
vi vernar kvar om vårt reir....

Sommaren som forsvant

20 mar 2008 21:06


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

SOMMAREN SOM FORSVANT

Dei seier at sommaren var på besøk
eg meinar no plent det må vere ein spøk,
for Juli og August rann bort i ein bekk
og hovudbassenget er utan tvil lekk.

Vi sådde i vinter og planta og prikla
og spirane vaks og vi lengta og sikla,
for bedda vi såg for oss blendande fine
vart ruskne og trasige - iallefall mine !

Vi gjødsla og luka og stellte så godt
og utslag av dette ja det har vi fått,
på veksten kan ingen ha grunn til å klage
men vatnet og væta vart berre ei plage.

Med kjærleik og omsorg eg stod der og planta
dei små håpefulle eg fekk ifrå tanta,
men gav dei meg pryd som eg no kan bli kry av ?
Nei no er dei brune og mest tilø å spy av !

Eg er ikkje den som har lyst til å klage
men det er ikkje slik eg vil minnast min hage
Når frosten eingong kjem og bankar på dør
går draum og forventning mot landa i sør.

Plantepakkar

20 mar 2008 21:15


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

PLANTEPAKKAR

Når eg pakkar plantepakkar
går eg rundt med smil om munn.
Håpar at småbarna, stakkar,
får ein heim så god og sunn.
Høveleg med lys og varme,
fuktighet og gjødsla jord
trygt i bed og pallekarmar
veks dei seg så frisk og stor.

Eg kan ikkje fø dei alle
på min vesle hageflekk,
men er glad eg kan påkalle
venner nær og lenger vekk.
Hagegale hagevenner
som vil overta dei små,
mange hage hagehender
som "småbarna" no skal få !

I såterapi

20 mar 2008 21:24


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I SÅTERAPI

Når det lid imot vår og mot frøsåingstider
kva gjere du då når du av såvegring lider ?
Jau no skal du høyre kva eg sjølv har erfart,
det virka på meg - det er klinkande klart !

Eg hadde fleirfoldige posar med frø
som låg i ei øskje - var klar til å strø.
Men eg hadde såvegring dag etter dag
- du kan seie det slik:
eg var ikkje i slag !

Eg gjekk der og grudde meg - tveka og tveka
det var betre å luke bort trøska og kveka,
og såjord og potter stod klar i ein krok
men dei og frøposane valgde eg bort.

Så sat eg ein morgon på chatten og prata
og gjentok det trasige, klagane plata
om såvegring og alt som eg skulle ha gjort
og tida som gjekk som eg no skusla bort !

Då fekk eg som svar frå den kloke og vise
at no skal du våren og frøsådden prise.
Du brettar opp armane, så skal du starte
- det er berre å sette opp såing på kartet
og så skal du sjå når du kjeme igang
at der står du og sår mens du synge ein sang !

Ja det skal eg sannelig smette meg prøve
- skal presse meg ned der og pusse av støvet
av potter og jordsekk og posar med frø
og så skal eg jammen sant frøet mitt strø !

Som sagt så eg gjorde - eg tok ho på ordet
så no er eg sannelig kommen igang
og står her med jord og med potter på bordet
og kjenner eg etter - det murrar ein sang !

Så no står eg her og såfingren svingar,
eg føler det nesten som om eg har vingar.
Eg kjenner det skjelver og bivrar i kropp
- ser plantane for meg med blomar og knopp.
Jau her skal det vokse og gro og i år
for no står eg her i mitt vekstrom og sår !

Tilslutt vil eg tildele ære og heder
til den som meg leia mot sålivets gleder.
Eg sender mi takk til min SÅTERAPEUT
som gjorde eg ut av "psykosa" mi braut !

Våren som forsvant

20 mar 2008 21:27


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

VÅREN SOM FORSVANT


Nei no er det trasig å hage her vest
- forleden ein dag så skein sola som best,
då gylte ho livet i bygd og i by
- no lavar det ned så mykje som fy !
Eg trudde det vår var og gjorde honnør
og rydda i hagen med muntert humør,
men no vert eg sur, har mest lyst å besvime
og ikkje sjå dagslys før sola får skine !
Men kva har vi gjort som fortenar det her ?
Det skjønar eg ikkje - nei makan til vær !
Der ute i hagen stod blomar i flor
eg såg både blåveis og lyng som i fjor.
og korkusar flotte stod strake på tå
og skein liksom sola der høgt i det blå.
No ligger dei flate og trykte mot marka,
eg spår at dei tenkjer på "mannen med Arka "
og drøymer seg bort til ein mildare kyst
der sola får skine og livet er lyst !

Då regnet kom

11 jun 2008 08:18


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

DÅ REGNET KOM

For ei høgtid utan ende
glede stor og jubelsong
når Vårherre regnet sende
som så sårt han såg vi trong.
Fyrst kom vind og mørke skyer
som la eng og ækrer flatt
og tilsist kom regn i byger
slik at alt til jorda datt .
Det var fest for tyrste sjeler
både med og utan rot,
kvar ein dråpe var som honning
og den reine sjelebot.
Fram frå løynde gøymestadar
kom det sneglar fram på rad,
dei var svoltne, kan de vete,
og gjekk laust på blomst og blad.
Der var store, feite svarte
men dei små og grå var flest
dei kom fram i dagen alle
då dei skjønte det vart fest.
Og på soloppvermde steinar
sprang ei bille fram så glad,
då ein diger dråpe traff ho
smatt ho kjapt under eit blad.
Pissemauren, brun og hissig,
han sprang unna svinnt og kjapt
under hellene i tunet
der soldatar stod på vakt.
Og ei einsleg låvesvale
flaug ikring og samla mygg
til dei pipande småungar
under tak på låvebygg.
Kvar ein plante drakk seg utyrst
og fekk rette blad og grein
og kvitterer snart med blomar
små og store, kvar og ein.
Og den varme sommarlufta
som i går var tung og stinn
vart no frisk og svala panna mi
og gledde hug og sinn !