Heime igjen og snart ferie ....
06 aug 2008 21:52
[
Humør: glad
] [
Akkurat nå: slapper jeg av med eit glas Mesimarja
] 
Registrerte brukere
Ja eg er visst ikkje flink ¨oppdatere dagboka mi i år .....
Vel, vi kom heimatt frå Finland seint søndag den 28. etter ei veke i Turku (Åbo), ein svært vakker by med mange gamle, staselige byggningar, (visstnok den eldste byen i Finland) og mange andre attraksjonar å få med seg.
Vi var mange i vår familie som reiste bort 22 ialt frå Norge og dei fleste av oss budde på samme hotellet midt i sentrum av Turku.
Men det som betydde mest for oss var sjølvsagt å få treffe Mikael, (barnebarnet) på 3 mnd. og datter/svigerson.
Bryllupsfesten var trivelig, med masse lokal mat og god tid til prat og gjere seg kjend med svigersonen sin familie og vennane deira.
Kvelden vart avslutta med røyksauna for dei som ville oppleve det, i utgangspunktet var det bare nokre få av oss, men etterkvart vart det full sauna og stor stemning på oss som var med på det. Dei andre som sat ute og kosseg i fineveiret gjorde store auger då vi kom ut frå saunaen med kurs for dei oppvarma badestampane med sot i ansiktet og såg ut som reine Bantu-negrane
Eg høyrde onkelen min sa i forbifarten :
"Dei kjeme ALDRI te å bli reine igjen, DET bli kje dei ! "
Men reine vart vi og følte oss som nye menneske etterpå alle saman .
På laurdagen var eg på Botansik hage ilag med datter, svigerson og Mikael der vi gjekk rundt i hage og drivhus i lang tid og bare lot synsinntrykka strøyme på.
Der kjøpte eg meg ma. vannhyasint, ein kaktus og ein Vallota og jammen kom eg meg gjennom tollen og utan å bli stoppa med dei ....
Sjølvsagt fekk eg med meg bare ein liten del av det som var i Botansik hage denne gongen, men det vert vel høve til fleire turar og då skal eg ut att der for å sjå meir.
Heime hadde hyttenaboane mine teke hand om høns og hage på beste vis så det var ei fryd å komme tilbake å sjå kor alt hadde vakse på den veka vi var borte, det hadde jo vore eit varmt og drivande veir.
Når dei spurde om alt var som det skulle i drivhuset og hagen svarte eg :
- Han såg seg ikring og tykte alt var såre vel ! (lurer på om det er i Snorre's kongesoger eg har det sitatet frå ? )
Som påskjønnelse hadde eg kjøpt dei kvar si flaske Mesimarja - finsk åkerbærlikør som er såååå god .....
og det såg ut til at dei sette stor pris på den.
Denne veka som har gått etterpå har eg vore i jobb, så eg ikkje fått tid til anna enn vatning i drivhus og potter dei få timane eg har vore heime midt på dagen. I går var siste arbeidsdagen før siste del av ferien så idag har eg kosa meg i hagen med arbeid på det som skal bli den nye steinbedskråninga mi. Litt ugrasreinsking og fjerning av gamle trerøter, nedgraving av stein og jamning av jord etc. og i regnbygene vi har hatt fekk eg prikle ein del stauder i drivhuset så no er det ein heil del Primula, Incarvillea, Gentiana, Trollius, Anemoner mm. som endelig har blitt prikla (det var på tide for enkelte
)
Ellers har vi ete deilige bifftomatar som hadde modna i drivhuset med vi var borte. Ingen tomat er som solmodna og heimeprodusert.
I morgon har eg planlagt å få sprøyta det som skal bli lyngpartiet, på muren ved vegen/ under rekkverket. Fyrst må eg flytte ein del plantar, og dei som skal stå skal eg dekke svært samvittighetsfullt så eg kan sprøyte med Roundup utan å drepe dei. Det brukar å gå greit det, søppelsekkar er gode til det formålet.
Når det har visna ned skal eg fylle på sandblanda lyngjord og flytte opp Calluna og Erica som eg har mellom Rhododendronane i woodlandet.
Grasliljene mine skal og flyttast, men eg får ta litt etter kvart.
No kosar eg meg med ein "lille" Mesimarja i glaset og nyt friheta...
Ha ein fin onsdagskveld alle enten du har ferie eller bare nyt kvelden i ro og fred. 