Nytt år, nye muligheter
02 jan 2007 23:14
Humør: glad ]
Akkurat nå: slapper jeg av ]
Registrerte brukereSå er vi gått inn i det herrens år 2007 med nye muligheter både i hagen og i livet ellers. Eg brukar ikkje ha nyttårsforsett eg, men tankar om det gamle og det nye året er vel noko alle gjer seg ved årsskiftet.
I haust byrja eg på etableringa av eit woodland og trilla jord til den store gullmedaljen i dagevis, dette prosjektet har eg tenkt å fullføre i året som kjem.
Skjønt fullføre det vert vel feil, for i hagen vert ein vel aldri ferdig med noko , men det vil alltid vere under bearbeiding og endring etterkvart som ny smak, nye idear og nye plantar får innpass hos ein stakkars hagegal....
Nye plantar må innkjøpast, nye skal såast og kansje byttar eg til meg nokre i år og slik som i fjor. Den såkalla Jensenimporten til våren vil bidra til dette.
Eg har enno ein god del trillebårlass med jord som skal på plass i hagen og den har eg tenkt å lage meg eit opphøgd bed med tanke på eige bed til peonar i det kommande året. Innramma av avrunda stein i størrelse +/- fotball . (Då får eg i tillegg litt mindre plen å slå
)
Vidare har eg tenkt å feste armeringsmatter på rose-/Clematissøylene mine då eg meinar det vert meir blomsterprakt av det enn om dei skal bindast bare til søylene og dette var faktisk madammen som kom med forslag om heilt av seg sjølv
Det er ikkje mykje ho legg seg opp i når det gjeld hagen, men her skal eg hoppe til å
Planen for sommaren som gjekk var å bygge ei bod for plassering av grasklippar, trillebår og annan hageredskap, noko eg ikkje fekk tid til og eg er usikker på om eg kan prioritere det denne sommaren heller ettersom det er ein del vedlikehald som trengst på huset som maling etc. som også tek tid å få gjort og eigentleg ER viktigast når alt kjem til alt.
På muren ved inngangen til huset har eg tenkt å forandre litt . Har tenkt å fjerne ein del av jorda og plantane som er der og legge på ny jord + kvit dekorstein og plante m.a Festuca glauca, takløk etc. på plassen, det trur eg vil gjere seg der med den store kjeglegrana i bakkant.
Ellers er det mange tankar ein har gjort seg om ting ein vil ordne, forandre og lage til i hagen, men eg trur eg stoppar der... det er rart med det - det skal utførast, og med meg kjem det an på korleis arbeidsdagen er og ikkje minst veir og helse - ikkje kvar deg eg er opplagt til å jobbe i hagen i tillegg til det inntektsgjevande arbeidet.
Eg har alt samla meg eit bra antall sortar staudefrø som skal såast og fleire kjem til etterkvart + eitårige som skal såast og oppalast inne så det vert nok rikeleg med prikling og potting i vår og.
Tida vil vise kva eg får til av dei planene eg har for det kommande året.
Måtte det bli eit år med passeleg mengde både varme og væte, sol og lys.
Og ikkje minst:
Eg gled meg til nok eit år ilag med alle mine venner på hagegal, både etterkvart kjende og ukjende

Humør: fornøyd ]
Humør: søvnig ]
Humør: drittlei ]
Humør: forvirret ]
Humør: fortvilet ]
Humør: forelsket ]
Humør: kvalm ]

Akkurat nå: hører jeg musikk , ]
Humør: hypnotisert ]
Humør: nøytral ]
??
Akkurat nå: spiser jeg frukost og kosar meg med hagegal ]
Akkurat nå: leser jeg og gjer meg klar til šå starte hagedagen.... ]
Humør: rasende ]
Akkurat nå: ser jeg på TV ]
Humør: sjokkert ]