Nordåker, notatar frå hajals hage

Om hajals hage --- slik har eg det !

29 des 2005 09:16


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere



No er også eg kommen igang med hagedagbok.
Eg har lest mange av dei mest aktive frå 2005 frå "perm til perm" og det var både inspirerande og interessant, og med den nye hagedagboksmalen er det ein fornøyelse å starte som fersking.
Har ikkje lært meg å legge inn bilder enno Pinlig berørt men det kjem !!
Grunnen til at eg kallar dagboka mi Nordåker er at det heiter eigedomen min og det namnet brukar vi i visse høve.
Tomta er på 1 da. (med hus, uthus, parkeringsplass osv.) , trekantforma og ingen stad er det flatt, bortsett frå ei lita "flate" som er oppmurt.
I hagen står det att to ca. 50 år gamle morelltre, det eine med gule, det andre med raude bær.Under kvar av dei har eg laga skyggebed som er innramma med trestammar og påfylt med jord og kompost. Ellers står dei fleste staudene for tida i ventebed eller i potter i vekstbenken pga omlegging/ planering av mykje av hagearealet, så denne våren og sommaren ventar det meg del graving av nye bed og planlegging. Drivhuset må eg nemne ca.15 kvm. utan oppvarming om vinteren. Der dyrkar eg tomatar, agurkar og druer.
I 2005 lagde eg meg ei rekke med pålar der eg planta klatreroser og til våren skal eg plante clematis der i tillegg. Mot den kommunale vegen har eg ein forstøttningsmur( mest for å skjule den stygge steinfyllinga) og laga meg steinbed i steinfyllinga der.
Ellers har eg ymse planar men dei får vi ta etter kvart. Ettersom helsa mi er opp og ned (ledd og muskelplager) lyt eg ta framdrifta etter ork og kapasitet på det planet. I sommarferien lagde eg uteplass i tre og planen er at der skal bli ein murt utepeis/ grillstad i tilknytning til den.
Velkomne til alle som vil innom å lese om kva eg held på med og legg gjerne att tilbakemeldingar og kommentar.
Beste helsing hajal.

Overligger på rosesøylene

29 des 2005 20:04


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg Akkurat nå: leser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg montert overligger på rosesøylerekka mi..
Seks einepålar på rad med rosene Symphatie, Golden Shovers, Coral Dawn, Leverkusen, Compassion og Gruss an Heidelberg . Til våren skal det plantast høvelege Clematis til kvar av desse rosene, det håpar eg vert bra.
Overliggaren er av tørrgran som eg henta i skogen samtidig som eg hogg juletre.
Denne rosesøylerekka har eg bunde saman med ei eksisterande liknande rekke slik at det dannar ein vinkel.Der har eg planta forskjellige Clematis (trudde dei var forskjellige men tre av dei var same farge) Mad Ellers planta eg ei rose, R. helenae 'Hybrida' som skal få lov å boltre seg der (treng stor plass) ilag med Clematisane 'President' og 'Mrs. Cholmondley' og 'Hagley Hybrid'. På begge endane av denne rekka har eg planta ei rose som eg ikkje veit namnet på men det er ein gamal sort som stammar frå hagen til besteforeldra til min kjære fru så vi kallar den bare "Eikefjordrosa". Skal legge ut bilde av den på forumet til sommaren slik at eg kansje får identifisert den.Planen er å feste eit armeringsnett på den vinkelen slik at eg kan binde ut 'Hybrida' og Clematisane på armeringsnettet. Den andre rekka skal bare vere søyler (trur eg).
I kroken mellom denne rosesøylerekka har eg tre storfrukta blåbær , mot naboens gjerde og jordbærfelt ( til våren skal to av dei felta ryddast og vert sannsynlegvis plass for grønsaker av eit eller anna).
På andre sida (oppsida) av rosesøylene, mellom rosene og forstøttningsmuren har eg gangveg mot drivhuset.
PUH.... det vart jo mykje skriblerier bare for å fortalt det vesle eg har gjort idag....
hajal.
Mr. Green

Overligger på rosesøylene

29 des 2005 20:05


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg Akkurat nå: leser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg montert overligger på rosesøylerekka mi..
Seks einepålar på rad med rosene Symphatie, Golden Shovers, Coral Dawn, Leverkusen, Compassion og Gruss an Heidelberg . Til våren skal det plantast høvelege Clematis til kvar av desse rosene, det håpar eg vert bra.
Overliggaren er av tørrgran som eg henta i skogen samtidig som eg hogg juletre.
Denne rosesøylerekka har eg bunde saman med ei eksisterande liknande rekke slik at det dannar ein vinkel.Der har eg planta forskjellige Clematis (trudde dei var forskjellige men tre av dei var same farge) Mad Ellers planta eg ei rose, R. helenae 'Hybrida' som skal få lov å boltre seg der (treng stor plass) ilag med Clematisane 'President' og 'Mrs. Cholmondley' og 'Hagley Hybrid'. På begge endane av denne rekka har eg planta ei rose som eg ikkje veit namnet på men det er ein gamal sort som stammar frå hagen til besteforeldra til min kjære fru så vi kallar den bare "Eikefjordrosa". Skal legge ut bilde av den på forumet til sommaren slik at eg kansje får identifisert den.Planen er å feste eit armeringsnett på den vinkelen slik at eg kan binde ut 'Hybrida' og Clematisane på armeringsnettet. Den andre rekka skal bare vere søyler (trur eg).
I kroken mellom denne rosesøylerekka har eg tre storfrukta blåbær , mot naboens gjerde og jordbærfelt ( til våren skal to av dei felta ryddast og vert sannsynlegvis plass for grønsaker av eit eller anna).
På andre sida (oppsida) av rosesøylene, mellom rosene og forstøttningsmuren har eg gangveg mot drivhuset.
PUH.... det vart jo mykje skriblerier bare for å fortalt det vesle eg har gjort idag....
hajal.
Mr. Green

Driving av primula

30 des 2005 15:39


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sånn, no har eg potta inn tre primula frå hagen som eg har satt under vekstlyset i kjellaren. Eg spadde dei opp frå skyggebedet under morelltreet ei god stund før jul og hadde gløymt dei i ei plastkorg stakkar ! Forbauset
Igår kom eg over dei, telne og forfrosne stakkar. Etter eit døgns varsom opptining har dei no fått plass i kvar si potte og godt med lys og 7-8 grader.
Gled meg til blomstring, då skal få pryde det runde bordet i gangen der er det forholdsvis kjølig og dei held seg lenge i blomst der.Spent på kva farge dei har.
Må hugse på å grave opp og potte nye når det vert mildveir igjen.

Så fekk eg gjort det før det gamle året ebba ut

31 des 2005 10:58


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Endelig har eg fått bestilt frø fra Brazil plants som eg har planlagt å gjere heile jula.
Eg bestilte frø av Zephyrantes, heile 7 artar blei det (må jo fylle opp 200-kroners grensa Cool )
Z. brachyandra, Z. candida, Z. irwiniana, Z. robusta, Z. sylvestris, Z. sp. 'Canastra' og Z. primulina dette er frø som han har samla inn sjølv rundt i Brasil.

Eg har har hatt Zephyrantes før og var veldig godt fornøgd med dei. Lette å få i blomst og lettstelte løkplantar i Amaryllisfam. , lave plantar og små løkar.
Den fyrste eg hadde fekk eg med min far si tante som dengang budde i huset vi no bur i, den har eg spreidd vidare til mi tante og henne har eg tigga meg igjen løkar av, i tillegg sådde eg frø av Z. candida med kvite blomster for mange år sidan, dei
var også lettstelte. Dessverre strauk begge sortane med for meg ein haust det kom tidleg barfrost og eg hadde drygt med å halde dei for lenge ute. Mad

Desse ser eg fram til å så på nyåret.
Spør om ikkje hagegals mange linkar til firma rundt i verda får oss til å hoppe på mange "diller" Cool Pinlig berørt
hajal.

Årets siste middag ......

31 des 2005 19:06


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Mett og god, lar maten synke...... Akkurat nå: slapper jeg av Mett og god, lar maten synke...... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No har vi ete nyttårsmiddagen, eg og mi kjære Solfrid.
Det vart bare oss to ved årets siste middag då dei tre håpefulle har dratt kvar til sitt. Den eldste på arbeid i hotellbransjen, den midterste ilag med kjæresten på nyttårsfeiring på Møre og den yngste ilag med venner på nyttårsfeiring ved "havkanten" . Bare pusen held selskap med oss, men han likar betre tørrforet i katteskåla enn det som låg dampande varmt og godt på nyttårstallerken.
Pinnekjøtt....mmmmm det er det vi heile året går og drøymer om (gastronomiske draumar altså.... Pinlig berørt ) difor smakar eg helst ikkje pinnekjøtt FØR jul, eg vil ha det tilgode til dei virkelig store høgtidene..... Hoppende glad Hoppende glad
No skal eg legge meg på sofaen og nyte tilveret med litt juleøl i glaset og sjå innom hagegal av og til, sjå TV og bare kose meg !!
Vi snakkast i det nye året folkens !!
Kyss
hajal.

Førebuing til såing !

03 jan 2006 07:25


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No har eg lagt i vatn frø til Passiflora caerulea (kjøpt) og Rhodochitonfrø frå anki
så er det bare å håpe på god spiring og flott blomstring til sommaren.

Frukttre skjæring hos naboen

03 jan 2006 16:11


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Måtte inn ein tur for å oppdatere meg på kva som skjer på hagegal. Blunke

Idag har eg vore på jobb + eit par timar i frukthagen til naboen med saksa.
Han har ein del frukttre som eg har teke på meg og skjære då han for tida er utanlands. Har forresten stelt dei for han i fleire år, + at eg tek på meg ein del planting mm. for han.
Ellers har eg sikra meg ei bøtte sand som eg skal bruke ved såing.
Vil prøve å få tid til å så ein del stauder med det første.
Eg hadde venta regn idag, men berre nokre få dråpar har vi fått til no.
No skal eg slappe av til eg skal på arbeid igjen kl. 17.00.

Gårsdagens gjeremål og gleder

06 jan 2006 07:09


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igårkveld blei eg for trøtt til å skrive innlegg. Prøvde og lese det som hadde foregått seg utover dagen på hagegal, men kroppen ville ikkje meir......
Altså igår sådde eg Passiflora og Rhodochiton som hadde lege i bløyt.
Håpar dei spirer greit og vert fine.

Ellers fekk eg mail frå Brazilplants med bekrefting på bestilling og betaling,
dei ville sende frøa idag (fredag) Hoppende glad Hoppende glad
Det vert knakande.... han hadde ikkje allle dei Zephyrantes eg bestilte, men til gjengjeld hadde han nokre andre slik at det vart like mange. So det so. Blunke

Ellers vart det ikkje så mykje gjort, ein del ekstra på jobben (kalvekyr eg måtte passe på) og eit par timar i naboens frukttrehage med saksa (hagerelatert det og).

Avatar og fotoalbum

07 jan 2006 07:12


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No har eg kost meg med dei siste innlegg frå i gårkveld og har laga meg avatar !!
Eg valgte ei orange valmue ettersom eg er veldig glad i gule og orange blomster.
Veit ikkje kvifor eg ikkje har laga meg avatar før, det har bare ikkje blitt gjort Rolling Eyes

Ellers må eg fortelle at eg fekk Anne-Marie til å opprette album for meg i går kveld så eg håpar at eg får tid å sette meg inn i det, og legge inn bilder iløpet av helga.
Har arbeidshelg så eg får sjå, viss ikkje skal det visst bli storm og uveir etter helga så då er det inneveir dei timane ein ikkje er på arbeid. Cool

FRØBESTILLING

08 jan 2006 07:28


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Frøbestilling frå Plantworld of Devon:

-Leycesteria crocothyrsos
- Cornus capitata
-Euphorbia sikkimensis
-Helleborus ' Silver Lace'
- Heucera 'Metallica'
- Jovellana violace
- Veronica grandis
- V. kiusiana

Leycesteriaen var grunnen til at eg sende bestilling der til, og når eg fyrst bestilte derfra måtte eg jo ha fleire sortar og Cool

FRØSÅING

08 jan 2006 23:47


[  Humør: søvnig ]
[ leser jeg Akkurat nå: leser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag har eg fått sådd nokre staudefrø og busker som skal ha kuldebehandling så no får eg håpe at det vert eit par, tre periodar med litt kuldegrader iløpet av vinteren.

-Dracocephalum ruyschianum (Sibirsk dragehode)
- Gypsophila paniculata (Fleirårig brudeslør)
- Corthusa matthioli Frø frå Magnar
-Saxifraga porophyllum "
-Soldanella pusilla "
-Soldanella alpina "
-Leycesteria formosa Frø frå Akoen
- Buddleia alternifolia Sådde noko av frøet, skal så meir seinare til våren
veit ikkje om det treng kuldebehandling.
-Allium aflatuense Eigen avl.

Eg sår i jordbærkorger, då har plantane betre plass når dei spirer og treng ikkje priklast så tidleg. Desse skal no stå inne for godgjering nokre dagar før eg set dei ut .

FRØ FRÅ PLANTS OF DISTINCTION

09 jan 2006 16:29


[  Humør: glad ]
[ jobber jeg Lagar middag Akkurat nå: jobber jeg Lagar middag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag kom frøa frå PLANTS OF DISTINCTION !! Hoppende glad Hoppende glad Hoppende glad

Endeleg kom frøa som eg bestilte 23.11. Eg har gått og venta på dei sidan før jul så no vart eg glad.
Det viste seg at dei som driv frøfirmaet har hatt dødsfall i familien og difor har alt blitt forsinka.

Frøa eg fekk var :
- Helianthus maximiliani, fleirårig solsikke som vert 150 til 240 cm høg og har gule blomster i fleire høgder oppetter stengelen. Tenk om eg får den til å overvintre her Shocked Forbauset (bør vel ta inn eit par eksemplar første vinteren )

- Double Auriculas
-Elite gardens Auriculas
Auriklar likar eg svært godt, hadde mange forskjellige før men ein del av dei gjekk ut for meg for nokre år sidan.

- Primula 'Silver laced Black'
- Digitalis ' Elsie Kelsey' revebjølle som skal vere selskap til dei flotte heimlege revebjøllene. Denne er kvit med vinrødt svelg og flekkar innvendig.

Gjennomgang av frølageret mitt

11 jan 2006 07:23


[  Humør: nøytral ]
[ leser jeg Les dei siste innlegg på hagegal, Akkurat nå: leser jeg Les dei siste innlegg på hagegal, ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår gjekk eg igjennom syltetøyglasa mine med frø som ligg i frysaren.
Der har eg liggande både frø frå i fjor og ein del eldre frø som nok må prøvespirast før eg veit om dei er brukbare. Har vanskar med å kaste frø som eg er usikker på !
Eg har iallefall desse
- Amaranthus caudatus (Reveamarant)
- Acnistus australis
- Antirrhinum , majus ( Løvemunn) lav blanding
- Cosmos bipinnatus 'Purity'' (Pyntekorg, kvit)
- Eschscholtzia californica (kaliforniavalmue, blanding)
- Dorotheanthus bellidiformis (Middagsblomst, blanding)
- Godetia (Clarkia amoena) ( Sommarasalea/Atlasblomst, blanding)
- Helianthus annuus (Solsikke, stor ,gul)
- H. cucumiferifolius (solsikke,blanding opptil 180 cm)
- Lobelia 'Keiser Wilhelm' (Kantlobelia)
- L. 'Saphir' (hengelobelia)
- Limnantes 'Fridged eggs'
- Nemesia strumosa (Nemesia, blanding)
- N. versicolor ' KLM' (Nemesia, kvit/blå)
- Nicotiana sanderae (Prydtobakk, rød)
- N. sylvestris 'Only the Lonely' (Dufttobakk, kvit)
- Pachelia campanula 'Blue Wonder'
- Pyntekål (Fargebl.)
- Papaver (Silkevalmue, fargebl.)
- P. somniferum 'Danish Flag' (Valmue, rød/kvit)
- Ratibida columnaris (Mexikansk Hatt)
- Ricinius gibsonii (Oljeplante)
- Sanvitalia procumbens
- Senecio cineraria 'Zilberzwerg' ( Sølvkrans)
- Malope trifida (Sommarstokkrose, blanding)
- Tagetes 'Ehrenkreuz'
- T. 'Glowing Embera'
- T. 'Orania'
- T. 'Perlite Spry'
- T. 'Spanish Brocade'
-T. 'Tiger Eyes'
- T. 'Valencia'

Eg kjem heilt sikkert ikkje til å så alle sortane, må tenke og planlegge litt.
Det spørst kor mykje bed eg klarar å lage til i år, må fyrst ha plass til alle staudene mine som står i potter og ventebed....... shock o

Frø frå Impecta

12 jan 2006 16:39


[  Humør: glad ]
[ leser jeg ventar på at middagen skal bli ferdig... Akkurat nå: leser jeg ventar på at middagen skal bli ferdig... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag kom frøa frå Impecta :

- Festuca glauca ' Varna'
- Calamintha nepeta
- Halesia carolina, sjekk denne ein av mine sikleplantar......
- Cedrus deodara
- Aquilegia 'Yellow Star'
- Dryas octopetala
- Kirengeshoma palmata
- Clarkia ' Pink Ribbons'
- Ipomea 'Knowlian's Black'
- Lathyrus odorata 'Amerika'
-Sanvitalia procumbens
- Tagetes 'Valencia'
-Tomat 'Gardener's Delight'

Så er det til å sette seg til å finne ut korleis dei skal såast og nårtid....

Bløytlegging av frø

13 jan 2006 09:40


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Kosar meg med frokost og hagegal Akkurat nå: slapper jeg av Kosar meg med frokost og hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I gårkveld la eg frø i bløyt :

- Acnistus australis
- Cedrus deodara (Himalaiaseder)
- Halesia carolina (Snøklokkebusk)

Desse skal såast i løpet av dagen.
Ellers skal eg trille på plass nokre sekkar med jord eg har ståande nederst i hagen, dei er sikta og reinsa for skvalderkål (så godt det let seg gjere) og skal tømmast bak uteterassen eg snekra ihop i haust.
Så skal der opp eit espalier av armeringsnett, der skal det klatre blomsterert er planen.
Tråden om fuglekasser minnte meg på at eg må tømme fuglekassene for gamalt materiale, skal prøve å få gjort det idag.
Skifte strø under hønsene må prioriterast idag.Der har eg mykje god gjødsel til bruk når det vårast og utover sommaren.
Ellers må eg vel ta eit tak i trea eg har hogge ned som skal bli ved til neste vinter. (Nokre stammar vert nok brukte til kanting av bed og)

Såing og påfylling av jord

13 jan 2006 23:11


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av les, ser tv og slappar av Akkurat nå: slapper jeg av les, ser tv og slappar av ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg fått fylt på jord bak uteterassen, men enno manglar der ein del før der er nok. Må vel støype ein liten kant i eine enden og slik at muren langs trappa vert forlenga. Ellers rydda eg litt hist og her i hagen og luka litt ugras langs Buskbomhekken , lett å ta det no og mindre og gjere til våren med den slags.
Ellers rydda eg litt i vedaskjulet og stabla inn litt ved.
Idag var det ingen bønn for juletreet lenger, det vart nedrigga og utkasta (20. dag jul)

Idag sådde eg :
- Halesia carolina
- Cedrus deodara
- Acnitus australis
Dei to første skal ut ilag med staudefrøa og den siste skal stå varmt og godt inne.

Helga's "gjøren og laden"

15 jan 2006 22:38


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Gårsdagen gjekk med til vedasjauing. Drog saman ved som skal kappast og kløyvast til neste års vinterved. La forresten tilsides eit par høvelege stammar som muligens skal brukast til innramming av nye bed.
Etterpå var vi i gebursdagsselskap til niesa mi som no er blitt 20 år gamal.

Idag har eg stort sett slappa godt av. Lagde middag ; klubb (raspeball) som er favorittmiddagen til yngstedattera (må jo få litt goder når ho kjem heim til helga).
Ellers har eg kost meg med å lese tidlegare trådar på hagegal + anna hagerelatert på nettet og høyrt på radiosporten .....

Idag har eg bestilt meg tomatfrø frå Michael Andersson i Sverige:
-' Eva Purple Balll' (68-72 dg. utviklingstid) til drivhuset
-'Glasier' (52-55 dg. utv. tid) til friland
-'Oregon Spring' (58-62 dg. utv.tid) til friland

Ettersom den tomatsorten eg har brukt dei siste åra har nokså lang utviklingstid og krev godt med varme har det vorte seine tomatavlingar .
Eg har brukt ein sort bifftomat frå Kanariøyane som er svært god på smak,
det står ikkje sortsnamn på frøposen, men den er kjøpt der nede.

Desse sortane eg har bestilt idag tåler kjøleg klima og mykje nedbør så dei to siste skal eg prøve ute på friland.

Dagens såing:
- Aquilegia chrysantha 'Yellow Star'
- Dryas octopetala
- Calamintha nepeta
- Kirengeshoma palmata (5 frø)

Såg einkvann som hadde laga seg ei såliste til å føre på etterkvart som såinga går fram, det var lurt, kansje eg skal gjere det same....

Ja eg må legge til at eg tilførte komposten min ei halv bøtte med varmt sukkervatn idag, blir spennande å sjå og det vert meir fres i den no.
Vert jo inspirert av Iris når ho skriv så varmt og rosande om kompostbingen sin ! Pinlig berørt Blunke

Frø frå Brasil og England

16 jan 2006 22:54


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av trøtt av dagen Akkurat nå: slapper jeg av trøtt av dagen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Etter ein lang og travel dag på arbeid kom eg heim og kva fant eg i postkassa ?
Jau frø både ifrå Brazilplants (5 artar Zephyrantes) og frå Plant World (stauder og busker + ein gratis pakke med Campanula lactiflora 'Prichard's var.'
Dette var då kjekt !! Hoppende glad Hoppende glad
Men idag er eg for trøtt til å gå i kjellaren å så, det får vere til ein anna dag.
Det har ikkje vorte noko haging på meg idag anna enn på pc'en Shocked
men det er jo artig og følge med på kva dåkke andre sår, kva som spirer osv.
hajal.

Damping

19 jan 2006 21:22


[  Humør: fortvilet ]
[ ser jeg på TV Føl med på nyhetene om stormen Akkurat nå: ser jeg på TV Føl med på nyhetene om stormen "Narve" som herjar kysten nor ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har nett sett på ei gryte med jord til damping etter å ha funne soppangrep i såpotta med Acnistusfrø Kjempesur
Har sprøya den med Atamon og lufta den, håpar at det går bra.
Når eg undersøkte så jorda mi oppdaga eg at ut mot plastsekken var der sopp,
tynt lag med grå sopp. Tok ut frå midten av sekken og sette på damping.
Har meir frø som skal såast og håpar deg får livet av soppen ellers ligg eg tynt an.
Ikkje så lett å få seg tak i såjord her nei, det er slikt som må planleggast i god tid.

Ellers riv det godt i husnovene. Ø-SØ vind, kraftig for den retninga å vere, men bare barnematen mot Narve som herjar frå Trøndelag og nordover, somme stadar med orkan i kasta. Tenkjer tilbake til nyttårsorkanen som herja her 1. nyttårsdag 1991..

Har ikkje vorte haging på meg dei siste dagane. Det har vore tungt arbeid på jobb som har teke kreftene, men snart skal eg så resten av staudefrøa.

Går forresten og ventar frø ifrå Impecta og Thompson & Morgan, dei burde snart ha komme no !
Ellers har eg lese meg opp på det som har foregått på hagegal idag, måprøve å få med det meste.
Eg oppdaga idag at Asaleaen eg har ståande i kjellaren under lysarmaturen har begynnt å danne knoppar. To knoppar er synlege, små men SYNLEGE Hoppende glad Den Asaleaen er frå jula ifjor, i sommar fekk den eit ferieopphald i skyggebedet mitt under eine store morelltreet ilag med ein engelsk pelargonia som også står i kjellaren under lysarmaturen. Gled meg til den kjem i blomst igjen, stod svært lenge i blomst i fjor vinter og langt utover våren .
Håpar eg klarar å halde liv i dei Asaleane vi kjøpte til jul, ein stor raud og ein lilla. Enno står dei i full blomst i ein kjøleg gang med godt lys. Ein Asalea vi hadde i stova , kvit og rosa, klarte eg nesten å tørke ut Klovn Kjempesur men det ser ut til at planten er berga Hoppende glad

Gebuss og såing

21 jan 2006 07:52


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg Kosar meg med morgonkaffeen Akkurat nå: spiser jeg Kosar meg med morgonkaffeen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag skal det såast igjen, har ein del staudefrø som skal i jorda og no når eg har nydampa såjord håpar eg det går bra og at soppen held seg vekke.
Eg skulle eigentleg på jobb både morgon og kveld, men no har eg fått beskjed om at eg ikkje må komme før kl. 17.00 så då blir det tid til både såing, strøskifte under hønene og kansje litt ved som skal takast hand om.
Ellers har eg gebursdag i dag så eg får no ta det litt roleg. Skal ikkje ha selskap, det er bare meg og madammen heime, men mamma og pappa stikk vel nedom ein tur tenkjer eg.

Ellers har det roa seg med veiret ute og . Igår bles det kraftig frå sør, søraust og aust varierte heile formiddagen, og ettermiddagen friskna han på beint frå aust.
Gjennomtrengande og utidig, med snø som kom vannrett. Heldigvis gav snøkavene seg tidleg og ingenting la seg på bakken, men det fraus til på vegane og enkelte stader var det skummelt glatt.
No er det rundt null grader og nokonlunde stilt ute.

Rodochitonfrøa som eg sådde 5/1 har ikkje spirt enno så dei sår eg om att idag. Skal dei dekkast ? Har ikkje sådd den planten før så eg spør .

Ventar på frøsending frå Thompson & Morgan, dersom dei ikkje kjem idag må eg sende mail og etterlyse dei. Dei var godt under grensa på 200,- så det er lite truleg at dei ligg i tollen og.

Såing, spiring og damping

22 jan 2006 00:34


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av skal snart legge meg Akkurat nå: slapper jeg av skal snart legge meg ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Tenkte eg skulle avgje ein liten rapport om haginga mi før eg går og legg meg. SÅING:
Campanula lactiflora 'Prichard's var.' ( gratisfrø frå Plant World)
Euphorbia sikkimensis (6 frø)
Heucera 'Metallica' (har meir frø igjen)
Jovellana violacea
Leycesteria crocothyrsos (har meir frø igjen)
Primula auricula Doubles
P. 'Victorian Gardens Auriculas'
P. 'Silver Lace Black'
Veronica grandis (fråskåla velta, måtte sope det opp frå golvet ! Kjempesur )
V. kiusiana

Dei staudene eg har sådd tidlegare bar eg ut så dei skal få kuldebehandling.
Ei av frøpottene (Jordbærkorgene) hadde allereie spirt i 8-10 graders varme Forbauset
det var Sibirsk dragehode (Draacocepalum ruyschianum),
den får no berre stå inne under lysrøret og spire vidare, lyst og kjølig .

Vidare oppdaga eg på overvintringsrommet mitt ei rose som var full av bladlus, den fekk skyss ut og ei runde med grønsåpedusjen (håpar dei drog pusten djupt !! Død
Ute kretsa det tre ørner fram og tilbake over tretoppane, men eg antar at bladlusa var for mager kost for dei...... Mr. Green

Så måtte eg sette på ei ny gryte med såjord til damping, dumme soppen Kjempesur

Jau så tilslutt må eg nemne at eg var i skyggebedet mitt under morelltreet og grov opp ei stor rot med Primula veris som eg skal potte opp og sette til driving under vekstlyset i kjellaren , dei som eg tok inn tidlegare er begynnt å vise knoppar.
Hadde meir på plana idag og, men måtte jo feire litt jebuss og Blunke

Såing og løkplanting

23 jan 2006 23:47


[  Humør: søvnig ]
[ leser jeg skal snart gå til sengs, må bare,bare fyrst........ Akkurat nå: leser jeg skal snart gå til sengs, må bare,bare fyrst........ ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag sådde eg frøa av Cornus capitata og Helleborus 'Silver Lace' som har lagt i vatn til bløyting. Vidare sådde eg Zephyrantesane eg fekk frå Brazilplants.
- Z. robusta
- Z. primulina
- Z. sp. yellow
- Z. sp. santsa catarina
- Z. flovillana
Cornus'en og Helleborus'en skal ut om nokre dagar og Zephyrantesane får stå på kjøkkenbenken til dei spirer.

Vidare var eg i aksjon og bytte strø i hønsehuset. Nytt tørka plengras i verpekassene skulle leitast fram og i den forbindelse dukka det fram to isboksar med blomsterløk
Forbauset Shocked
ein med Scilla sibirica og ein med snøklokke .
Så det er her de har gøymt dåkke !! Forbauset sa eg med dei og dermed bar det ut og sette løk i januar :hock: dvs det er vel meir riktig å seie at eg sådde dei ut.
Pga kalde vindkuler var det ein kald fornøyelse der eg stod, grov bare vekk litt jord og tok ein neve løk og strødde utover, fordelte dei sånn nogenlunde og grov jord attover dei igjen.Reiknar med at dei vil spire til våren. Det var iallefall grøne spirar på dei fleste av dei der dei låg.
Dette var løkar eg grov opp i august då eg grov ut for plattingen eg lagde.
Ellers har dagen gått med til jobb morgon/formiddag og kveld.

Misjonær i hagegals tegn

24 jan 2006 23:53


[  Humør: søvnig ]
[ leser jeg det som har foregått på hagegal idag Akkurat nå: leser jeg det som har foregått på hagegal idag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag har det ikkje vorte så mykje haging i eigentleg forstand, men eg har vore stad og "misjonært" for hagegal, dvs eg har guida ei dame rundt og forklart/fortalt om hagegal sine mange muligheter og gleder og det er eg godt fornøgd med Mr. Green
Sjølvsagt blei det også reklamert for det nye hagebladet og.

Ellers fekk eg tomatfrøa frå Michael Andersson/Linden i Sverige + ein porsjon med gratisfrø til utprøving som eg trur heiter 'Russian Black' i posten idag.

Thompson & Morgan har eg framleis ikkje høyrt noko frå så idag sende eg mail og spurde om dei har mottatt frøbestillinga. Har ikkje fått svar enno.

No har eg fri til fredag kveld eller laurdag så imorgon har eg planer om å grave ei dreneringsgrøft ettersom veiret er meldt å bli bra i fleire dagar framover Hoppende glad
No kjenner eg at eg er klar for loppekassa.

Peilepinnar og grøftegraving

25 jan 2006 18:45


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter ein strevsom dag Akkurat nå: slapper jeg av etter ein strevsom dag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagen starta med lesing av hagegals aktivitet frå i går kveld (må jo holde meg oppdatert og så er det fleire timar frå eg våknar og står opp til det er såpass lyst at eg kan gå ut og gjere noko!! Shocked )

Så brukte eg tre timar hos naboen til frukttreskjæring, kan ikkje ta for lang tid i slengen ettersom eg har lett for å få senebetennelse, så tre timar kjenner eg var litt i overkant. Får prøve ein tur i morgon og å sjå kor det kjennest ut då .

Etter det fekk eg med meg mi kjære fru med peilepinnane sine for å finne nøyaktig kvar hovedgrøfta går gjennom hagen. Det vart markert med pinnar og dermed var det bare å grave i vei.
Eg har nemleg eit parti som er sørpevått etter at det kjem fram vatn under ein gamal gardsvei som er grensa til eigedomen. Der har ikkje runne vatn førr så det må vere eit eller anna som har skjedd med gamle grøfter som gjer det.
Eg må grave ein 7-8 meter + kansje 5-6 meter til langs denne muren,( trur det er tryggast når eg fyrst er igang), legge ned drensrør og fylle på stein og grave attpå, så eg håpar veiret held det dei lovar.
Der står det ein Ribes sanguineum (Blomstrande rips) so i tilfelle må flyttast, men det går no bra. Såg han var litt tufs i sommar, det vart vel for fuktig for røtene hans. Selskapet hans, blå lungeurt (Pulmonaria angustifolia) tåler fuktigheta godt så dei er det ikkje fare for, men flyttast må dei og.
Så etter nokre timar med graving av tung, våt jord er det ein trøtt hajal som no sit og skriv. Det skal bli godt å legge seg nedpå sofaen no ei lita stund og blunde, det er jo ikkje dagligdags arbeid dette her no lenger så ein vert litt sliten, men det er no godt og , iallefall når det går til noko som kjem hagen til gode Blunke .
Skal no ligge her på sofaen og lese om kva dåkke andre har gjort på idag, men eg kjem sikkert til å sovne likevel . Mr. Green

Spiring

26 jan 2006 19:23


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter middagen Akkurat nå: slapper jeg av etter middagen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagen idag har gått med til 2,5 timar med frukttreskjæring hos naboen, deretter var det rett i grøfta og grave vidare på drensgrøfta. Det ser ut til at eg må grave litt meir enn det eg fyrst hadde tenkt. Det inneber flytting av busker og litt stauder, men det går nok bra. Det området som eg ikkje har gravd ferdig dekte eg med presenning fordi det beg. så vidt å snø litt no i ettermiddag, det vert vel neppe noko som legg seg, men ein veit jo aldri.Det er jo ikkje kjekt å beg. måke snø før ein skal til å flytte stauder og busker.

Idag oppdaga eg spiring i potta med Acnistus, berre ein spire men det viser i allefall at det er liv i dei og at soppen ikkje har teke livet av frøa.Håpar det dukkar opp fleire etterkvart.
Seinare fant eg også spire på Zephyrantes flovillana, desse sådde eg mandag så det var svært overraskande tidleg spiring. Hoppende glad
Dei staudene/buskene som eg sådde på laurdag bar eg ut idag og dekkte med agrylduk.
Idag kom boka frå Ståle i posten : "Fuchsias in color"
Har ikkje fått svar frå T&M på mailen min ang. frøbestilling som eg ventar på
Ulykkelig

Manglande frøbestilling og grøftegraving

27 jan 2006 16:04


[  Humør: sjokkert ]
[ slapper jeg av ventar på middagen før eg går på jobb Akkurat nå: slapper jeg av ventar på middagen før eg går på jobb ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg fått svar frå T&M der dei sa at dei ikkje hadde fått brev med frøbestilling frå meg !! Shocked Shocked Eg sendte brevet samtidig med bestilling til Impecta og dei frøa kom til meg 12. jan. Bestillingane var postlagt 28. desember ifølge mine notatar ! Er det postverket som har rota eller....???
Då får eg legge inn ei ny bestilling iløpet av helga, denne gong på e-post !! Blunke

I postkassa idag: frø frå Birgit ; Cosmos bipinnatus og Show auriklar. Takk !

Ellers er eg ferdig å grave grøfta, var heldig og hadde akkurat passeleg lengde med drensrør, dei siste meterane set eg med vanleg god, gamal steinsetting.
Må vel i utmarka og finne stein til føremålet, men det er jo lett og finne der.

Ellers har naboen nytt godt av litt skjæring i dag og, mange store frukttre så det tek si tid. No er eg ferdig med plommer og morellar.Då gjenstår det å skjære eple- og pæretrea hans, det får vi ta etterkvart som veiret og tida tillet det.

Skal på jobb i kveld og laurdag og søndag (ekstra arbeid) sdå starta eg på ein ny 10 dagers periode på mandag, det vert litt mykje, men vi får håpe at helsa held seg nokonlunde så går det nok bra.

På sofaen her attmed meg ligg yngstejenta med vond hals, feber og verk i kroppen. Idag har ho faktisk ikkje hatt ork til å låne PC'en til pappa Forbauset då er ho ikkje god då !!! Forbauset

Frøbestilling hos T&M

28 jan 2006 16:58


[  Humør: fornøyd ]
[ hører jeg musikk og  ventar på at middagen blir ferdig Akkurat nå: hører jeg musikk og ventar på at middagen blir ferdig ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

før eg skal på jobb igjen kl 17.00.
Idag har eg bestemt meg for å ta det rolig på heimeplan, så idag har det ikkje vorte anna haging enn bestilling av frø hos Thompson & Morgan. Beteillinga eg sende pr post har ikkje komme fram og no var dei utselde for den eg gledde meg mest til Crying or Very sad Crying or Very sad Dichondra 'Silver Falls' , den såg virkelig fin ut å ha i ampel Shocked
Men .... " når du har vert så tosket så....! " Klovn

Kansje nokon på forumet har den....hmmmm Mr. Green

Idag er det overskya og skodde i fjella så det er ikkje det gode veiret som var spådd at vi skulle få ha nesten ei veke til... nei nei , veiret får ein ta som det kjem men denne skodda er noko h Ondt smil.. es herk, den bit iallefall godt ifrå seg !

Det eg bestilte frå T&M var:
Aster ch. 'Lilliput Blue Moon'
Aquilegia 'Fireracker'
Lathyrus o. 'Chatsworth'
L. o. 'Geoff Amos'
Lobelia erinus 'Blue Wings'
L. pendula ' Blue cascade'
Monapsis debilis 'Regal Purple'
Tagetes patula 'Durango Tangerine'

I tillegg får eg gratis :
Aster ch. 'Pink Tower'
Lathyrus o. 'Pansy Lavender Flush'
Tradescantia X andersonia 'Mixed Colours'
Tropaeolum azureum

Postdama kom med pakke

31 jan 2006 15:51


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og ventar på middagen Akkurat nå: slapper jeg av og ventar på middagen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No kom nettopp postdama med mykje hagerelatert til meg.
Pakke frå Sverige med bøkene "Trädgårdens golv ", " Min trädgårdslund " og
" Vår trädgårdsbok " frå Bokklubbem hem & trädgård. Inntroduksjonstilbod for 300 svenske kroner ! Hoppende glad
Pluss katalog frå Grønt Fokus og Hageselskapets "Hva skjer 2006, Sfj." som også kom i posten.

Det spirer og gror i såpottene med Zephyrantes, og i potta med Acnistus er der no 3 spirer. Stort smil
Ute ser eg at snøklokkene gjer seg klar til blomstring.
Ellers blir det lite haging på meg denne veka, men ein må jo skytte jobben fyrst så får haginga komme deretter. Grøfta mi ligg no der og ventar på å bli fullført, men det får eg ta litt om litt, igår samla eg litt stein til det bruk. Godt å ha det klart når eg får ein dag eg kan gjere ein meir samanhengande innsats.

Middagen smakte utmerket, idag var det pannekaker som stod på menyen, sjølvsagt med blåbærsylte til ....mmmmmm Enig

Den STORE dagen

03 feb 2006 06:26


[  Humør: fornøyd ]
[ hører jeg musikk og drikk morgonkaffeen Akkurat nå: hører jeg musikk og drikk morgonkaffeen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag er den store dagen då sola skulle komme tilbake etter å ha vore borte sidan 10. november Hoppende glad men det er vel lite truleg at vi får sjå noko til den på lenge Ulykkelig . Etter veirmeldingane å dømme vert det regn iallefall den første veka.
Det ser forresten bra ut ute no, iallefall opphaldsveir og stilt, men overskya. Ca. 5,5 grader så det er jo mildt og fint, men det var dette med sola då.... Ulykkelig

Snøklokkene står med store knoppar og bare ventar på å opne seg mot verda, så det er absolutt vårteikn å finne, plenen er grøn og fuglane kvitrar og syng ute på si travle leiting etter solsikker og anna snadder vi delar ut til dei med gavmild hand. Lurer på kor mykje "villsolsikker " det vert rundt om i hagen iår Shocked

Har ikkje fått gjort noko med grøfta mi på nokre dagar, neste torsdag skal eg til Eid på service med bilen så då går den fridagen med til det. Då har eg fredagen og laurdagen igjen av den friperioden....... huttetu kor fort dagane og vekene går.....

I helga må eg prøve å få henge opp "skjørt" rundt dyrkingshyllene mine i kjellaren for å heve temperaturen litt, 8-9 grader er litt for lite der dei små nye skal vekse. med ein fire - fem grader til vil det komme seg.

Lurer litt på å så sølvkransen snart og kansje Sanvitalia slik at det vert litt bra størrelse på den til den skal ut. Er litt usikker på kor mykje eg skal så, eg har jo meir frø og sortar enn nokon gong ( kjent fenomen for fleire.....? )
Cool
Så må eg hugse på å sjå etter staudesådden min som eg har sett ut, det kan no vere at det er noko som har spirt i mildveiret......

Steinkøyring

04 feb 2006 17:28


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av etter middagen og skal slappe av til eg går på jobb kl.18.00 Akkurat nå: slapper jeg av etter middagen og skal slappe av til eg går på jobb kl.18.00 ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag henta eg tre lass med stein frå utmarka på den vesle 18 HK ISEKI 2140, det er ikkje så stor lasteevne på den, men eg har køyrt mykje stein på den, gitt !!
Igår kveld sådde eg sølvkrans som eg MÅ ha kvart år.
Pasjonsblomst og Rhodochiton frøa spirer fortsatt ikkje. Har sådd Rhodochiton på nytt, så eg har fortsatt håp. Skal sjå at når dei fyrst spirer så spirer det i begge pottene Klovn
Veiret held seg mildt , med lavt skydekke men for det meste opphald.
Har sjekka staudesådden min som står ute med agrylduk over og der er heldigvis ingenting som spirer enno.

Skjørtet på plass

05 feb 2006 13:21


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og les/ høyrer radio Akkurat nå: slapper jeg av og les/ høyrer radio ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No har eg vore i kjellaren og kledt rundt dyrkingshyllene med plast slik at temperaturen kan hevast nokre grader, 8-9 grader er for lite.
Har laga ei dyrkingshylle med lysarmatur i tre etasjar (golvet medreikna) .
Denne har eg no kledt bak, over og på endane med plast, framme er det laga til slik at eg brettar den tilside når eg skal inn i eller om det vert for varmt / skal luftast.
Lysarmaturane heng i kjetting slik at eg kan regulere høgda etter behov.
Ellers har eg nokre kjekke "fat" til å sette såpottene på. Slike blå plastbrett som følgde med når ein fekk igjen framkalte fotos frå Foto Knudsen tidlegare, no er det og historie og dermed ingen fleire slike brett (men eg har ein god del, ingen av dei vart kasta... Blunke )
Eg har ståande Agapanthus-småplantar frå akoen, pelargonia frå Lene i Fredrikstad, som eg fekk frå dei i haust og no vil eg potte om Pelargoniane og få dei i vekst. Ellers har eg dei Zephyrantes pottene som har spirt (3 av 5), dei andre står fortsatt på kjøkkenbenken og ventar på spiring.

Ellers gled eg meg til middagen idag : SAUDEHAUD (smalahove) med kålrot, gulrot og poteter til....
Wow! Sikle
det skal bli godt det ....mmmmmm... Enig Enig Enig

Det går mot vår

07 feb 2006 08:29


[  Humør: glad ]
[ leser jeg dagbøker på hagegal og kosar meg med frukosten Akkurat nå: leser jeg dagbøker på hagegal og kosar meg med frukosten ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Høyrde nettopp på radioen at i Ytre Sogn har dei observert tjelden, I Svelgen har dei sett linerla og i Gloppen har dei hatt grågåsa på besøk.
Dette må då vere vårtegn så godt som noko !!
Her seier tradisjonen at tjelden skal ha sju snøfall på ryggen etter at den er kommen, så eg håpar at den innfinn seg i fjæra her nokså snart. Vil nemleg ha snøkavene unnagjort så fort som råd er Død (nokon som kan forstå det ?? )
Det er meldt snø til kvelden, det forundrar meg ikkje, kroppen gav tydelege signal om det igår. ....
Her blir det lite haging iallefall fram til fredag....får håpe at snøen ikkje legg seg sånn at eg får gjort ferdig grøfta mi. Har nemleg fri frå jobb frå torsdag til og med tirsdag. Enig

Sølvkransen spirer

07 feb 2006 22:16


[  Humør: søvnig ]
[ ser jeg på TV og skriv / les på hagegal Akkurat nå: ser jeg på TV og skriv / les på hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Etter ein tung og slitsom dag på jobben sit eg her trøtt som ein dupp . Var med og reparerte ein gamal steinmur idag, mange tunge tak og løft, men veldig interessant .
Når eg kom heim fekk eg noko å juble over: Sølvkransen som vart sådd 3. febr. spirer i jordbærkorga si. Hoppende glad
Ellers kom Hagetidend idag, har ikkje fått tid å opne det enno, det vert vel å ta det med seg i senga, men om det vert lese så mykje ikveld tvilar eg på.
Firdaposten (Florø) hadde reagert på eposten eg sende dei med tips om det nye hagebladet med ein liten notis idag. Dei kunne nok ha skrive meir, men LITT er betre enn ingenting. Blunke
No skal eg sjå nyhetene, ete kveldsmat og så må eg få med meg Extratrekninga før eg stuper til sengs.
Håpar det ikkje vert snø no næraste dagane ettersom eg har fri fra torsdag tom. tysdag, då har eg mykje eg skulle ha gjort heime i hagen. Både å gjere ferdig grøfta mi, kløyve ved og diverse anna. Torsdag går jo med til å reise til Nordfjordeid på service med bilen.

Nye potteplantar i huset

09 feb 2006 22:26


[ ser jeg på TV og les Akkurat nå: ser jeg på TV og les ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har den einaste hagerelaterte gjerning vore å kjøpe nye potteplantar til huset.
Vi var til Nordfjordeid på service med bilen og hadde god tid å kikke oss rundt med vi venta. Fant litt potteolantar her og der.....ein Chlorophyllum med gulorange stenglar og bladstilkar med dertil matchande potte, nokså dekorativ . Ein Pachypodium,ein som eg trur må vere ein slags Dieffenbachia, ein Crassula, ein Aloe og to blå Hortensia, så no ryk det ut ein del som har stått litt på halvåtte i det siste.
Servicen på bilen avslørte at den nok må på verkstad igjen for reparasjon av bremser og hjullager, det skal eg få gjort på mandag så då vert det nok ein dag å gå og rusle og prøve å få timane til å gå med eg ventar på at arbeidet vert utført Død
Får vel kjøpe meg eit hageblad den dagen og, idag kjøpte eg marsnummeret av Easy Garden der det m.a. var ein artikkel om Helleborus.
Ute er det snø, ca 15 cm (ikkje noko og skryte av iforhold til det som er på Austlandet, men meir enn nok!!) og no er det minus 1,6 ute. I morgon har dei lova oss SOL, men så er det regn igjen .....hmmm .... det kan tyde på at staudefrøa mine som er plassert ute får dei nødvendige (for ein del av dei) vekslande temperaturar.
I morgon ser det ut til at eg må ta meg av litt vedarbeid igjen, må utnytte den snøen som er her medan den er her for.... VIPS ...så er den vekke igjen !
Jaaaa ! Det holdt eg på å gløyme, idag kjøpte eg meg ny såjord på FK. Får håpe det ikkje er sopp i den slik som i den eg har måtte dampe Død

Vinterstemning og marihøne

11 feb 2006 18:32


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og ser på skøyteløp frå OL Akkurat nå: slapper jeg av og ser på skøyteløp frå OL ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår var eg ute og arbeidde med ved eg hadde saga ned tidlegare. Det var så fint ute, ca 1,5 minus og trea var fulle av snø som hadde frose fast og hang på greinene. Stemningsfullt . Måtte ta meg mange pausar i arbeidet der eg sette meg ned og såg på dei forskjellige "skulpturane" i greiner og tretoppar.
Eg likar ikkje snø og vinter, men må innrømme at i enkelte situasjonar har også det sin sjarm ! Mr. Green Eg kom ihug eit dikt eg skreiv for mange år sidan der eg sat og studerte greiner og kvistar som eg no fekk lyst å dele med dåkke andre :

LØYNDOM

Eg ser ei grein så stiv av frost og is
ei grein, ein kvist av bjørkeris.
Med mange frostkrystallar hengande på rad,
men sovande i knopp den løyner bjørkeblad.

No er det snø og is ved vinterstid,
men smått om senn mot vår det atter lid.
Då skal dei vakna knoppane som søv
og atter skogen kle med bjørkeløv.

Ja mor natur så underleg den er
så mykje rart ein i naturen ser,
så stor ein løyndom skjuler seg i kvist
og kjem til synes den tid knoppen brist.


Så får vi håpe at det vert tidleg vår slik at vi slepp å vente lenge på denne løyndomen som vi lengtar slik etter alle saman.
Idag har eg kløyvd ein del av veden eg har drege isaman og der, mellom barken og veden på ein kubbe fann eg ei marihøne som vart uroa i sitt vinterlege. 4 prikkar var det på marihøna, eg la henne forsiktig tilbake under barken og plasserte den i vedstabelen, håpar ho har det godt der og kjem fram att i hagen til våren og gjer sin gode misjon mot uønska bladlus.
Ellers lite hagerelatert.
Fann bladlus under lysarmatren på primulane som stod til driving og på ein asalea
Mad
må nok til å vatne med eit eller anna Kjempesur

God helg til alle som måtte stikke innom God klem/hjertelig kyss

Hagevandring og lånt bil....

13 feb 2006 21:27


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av ser i album på hagegal og eit halvt auge på TV\'en Akkurat nå: slapper jeg av ser i album på hagegal og eit halvt auge på TV\'en ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag var eg på Nordfjordeid på verkstad med bilen. Skulle skifte bremseband, eit hjullager og diverse. Eg reikna med nokre timars venting og tok kontakt med nokon eg ville besøke. Der fekk eg vere med på hagevandring for å sjå etter spirar på pionane som dama hadde fått i gåve frå Amerika i haust og alle såg ut til å ha det bra. Det var reint vårleg på Nordfjordeid idag med solskin og mildt veir. Ellers såg eg på mykje anna ho hadde og vise meg, der i blandt eit Robiniatre dei hadde planta i sommar som var, det såg ut til å ha klart seg bra det og.

Mannen i huset driv med fugl, både høns og andre, i tillegg ringmerker han villfuglar i sin eigen hage. Dette fekk eg vere med å sjå på og vi var så heldige at idag fanga han to kjernebitarar og merkte dei, noko som er svært sjeldan, fortalde han.
Medan eg var der ringde dei frå verkstaden og fortalde at eg kunne ikkje få bilen med meg heimatt idag ettersom dei hadde oppdaga ei pakning som måtte skiftast og den måtte bestillast, så bilen vart ikkje ferdig før i morgon
Kjempesur Kjempesur Kjempesur
Det gode var at dei lånte meg ein bil til eg får min eigen att i morgon stjerne!
men surt er det likevel at eg må tilbake. Skulle ha gjort så mykje desse dagane eg har fri, men, men.....sånn er livet !
I hagen har vi 10 cm snø så grøfta mi får eg ikkje gjort noko med før det blir bart, men eg har ved som skulle vorte kappa og kløyvd.....(sukk ! )
Igår surfa eg ein heil del igjennom hagegals album, det var mykje fint å sjå frå dei mange hagane rundt om i landet.
Ellers sat eg og planla ei bestilling på Clematis frå ROM, eg har iallefall sett opp ei liste på dei eg skal ha i år og så får vi sjå.
Det same har eg gjort med Helleborus og Heucera med tanke på bestilling ilag med "Storkenebbgjengen", det vert nok til at eg hiv meg på og bestiller ilag med dei . Har blinka ut 4 Helleborus og 7 Heucera.

Då har eg fått lagt dekke på grøfta

14 feb 2006 22:48


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av har nettopp slumra litt på sofaen... Akkurat nå: slapper jeg av har nettopp slumra litt på sofaen... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag sette eg igang og steinsette grøfta i hagen. Den nederste delen er steinsett med kun stein og heller, den andre delen la eg ned drensrør, med heller over.
Så no håpar eg at vatnet renn der EG vil at det SKAL renne. No gjenstår det å grave attpå jorda og bruke resten til oppfylling bak treplattingen.
Dette fekk eg gjort medan eg venta på beskjed om at bilen var ferdig på reparasjon.
Idag kjøpte eg Provado og med eg var der likevel måtte eg "klå" litt på frøstativa som stod der og tiltrakk seg oppmerksomhet då eg kom. Vel, dette var frø eg iallefall hadde kjøpt før eller seinare før våren likevel: ringblomst, kornblomst, rødbete,gulrot + heliotrop som eg skal så no i kveld.
I morgon er det på arbeid igjen, han som eg arbeider hos skal på 14 dagers reise på Cuba så då har eg eineansvar for nesten 50 storfe med stort og smått,
berre dei held seg friske går nok det godt.
Nei no skal eg gå og så Heliotrop og Sanvitalia før eg køyar.

Og når vårsol i bakkane blenkjer.....

16 feb 2006 16:11


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av skal snart ete middag og få meg ein liten blund før eg går p Akkurat nå: slapper jeg av skal snart ete middag og få meg ein liten blund før eg går p ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Duverden for ein flott februardag, pluss 7-8 grader og tørr, fin austavind som tørkar opp vasstrukne jorder og marker. Hoppende glad
Etter ei ykt på arbeid på føremiddagen har eg no fått eit par -tre timar i hagen og jamna jorda tilbake på grøfta. Ein del av den jorda som vart tilgode har eg fyllt bak uteterassen som eg bygde i fjor sommar. Der skal det plantast blomstererter som skal klatre i armeringsnett + ein blåregn på eine hjørnet.
Kva eg skal gjere med resten av jorda som vart til overs veit eg ikkje heilt enno, lyt i tenkeboksen, dumt å trille den ein stad og ta den igjen seinare.
No har det spirt 5 Acnistus australis og sølvkransspirane dukkar opp stadig fleire.
Det som er totalt fråverande er blodbegerspirane, ikkje ein einaste har spirt til no Mad so eg håpar einkvan har sådd for mange av dei..... hint, hint....(.......men
dei kan no enno dukke opp i jordbærkorgene mine....)
Det hadde vore godt om dette veiret hadde holdt seg no nokre dagar slik at eg fekk spa om det området der eg skal lage bed langs den muren der eg grov grøfta. Der har vore bed før, men no skal det utvidast.
Bedet skal vere ca. 7-8 meter langt og ca. 120 cm breidt, (kansje eg utvidar det litt til i bredda....) med muren i bakkant.
Staudene har eg ståande i potter i vekstbenken klar til å komme i jorda, men det er jo bare februar enno så det hastar ikkje
Mr. Green
Jammen var det godt med middag, idag var det lapskaus og no er eg mett og god !
Enig

Går inn i helga med god sjølvkjensle etter denne veka

18 feb 2006 16:11


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og lagar middag (Lutefisk) Akkurat nå: slapper jeg av og lagar middag (Lutefisk) ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Denne veka har eg fått gjort ein viktig ting i hagen .
Eg er ferdig med grøfta mi og har fått jamna jorda over så no er det bare å trille vekk den overskytande massen.
Ellers fekk eg spa opp halvparten av det som skal bli bed langs muren til den gamle vegen.Har forankra ein 2 x 6" impregnert plank som skal tene til bedkant ettersom nivået i bedet er høgre enn plenen. Eg har forlite 2 x6", men trur eg har liggande meir på låven til far min, det må eg undersøke i morgon.
Idag har eg vore i kjellaren og sådd igjen :
Salpiglossis ' Bolero'
Digitalis 'Elsie Kelsey'
Amaranthus caudatus
Buddleia alternifolia
Brassia scoparia (Kochia) Sommarsypress
Dianthus - Hagenellik (frø kjøpt på Tenerife)
Sanvitalia
Heliotrop
Staudefrøa som eg har ståande ute vart og sjekka då det har vore fleire dagar med mildt fint veir 7-8 grader og der hadde det spira Mad
Gypsophila paniculata
Allium aflatuense
Kirengshoma palmata
desse måtte eg då ta inn i kjellaren under lysarmaturen.

Og no er middagen klar, det skal bli godt.
kl. 17. 00 skal eg på jobb igjen og då er eg ikkje ferdig før i halv ni , ni tida io kveld. Silotaljen svikta på jobb idag, men elektrikaren skulle komme og fikse den så eg håpar den er i orden når eg kjem på jobb ellers vert det vanskar å få fatt i mat til dyra ! Det går nok bra .
Smil

Låppradag

22 feb 2006 17:30


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av før ei ny økt på jobben Akkurat nå: slapper jeg av før ei ny økt på jobben ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg det vi her hos oss kallar ein ekte låppradag, dvs. ein dag ein ikkje gjer nokon ting. Jau eg har vore på jobb og skal på jobb igjen, men her heime gjer eg ingen ting idag. Er trøtt og slapp og problem med ledd og musklar, eg har det slik inn i mellom når gikta herjar og då er det bare å ta det rolig.

Av dei frøa eg har sådd har følgande spirt:
21/2 Brassia scoparia (3 dagar)
22/2 Dianthus (hagenellik) ( 8 dagar)
22/2 Heliotrop ( 8 dagar)

Dianthusen var eg spent på ettersom frøa er fleire år gamle, mor mi kjøpte dei på Tenerife for 8år sidan, sådde dei dengang og resten har lagt på glas i frysen, så dei må ha god haldbarhet.
Ellers ser eg at sølvkransen snart må priklast.

Randi M. har sendt meg pakke med prikleplantar av Eccremocarpus og blodbeger + div stauder . Den får eg kansje i posten i morgon så det vert spennande.
Mandag og igår hadde eg to økter med frukttreskjæring hos naboen igjen, har bare att to tre og nokre greiner som skal bindast ned på nokre småtre.

Ellers er veiret heilt upåklagelig : Overskya, vindstille og 2,5 pluss. Det sleit i nokre snøfiller idag då eg kom frå jobb (12-tida) men det var berre nokre fåsom gav seg nokså fort.

Desse staudene har eg sett opp til fellesimporten frå Holland:
Helleborus:
H. foetidus 'Weater Flisk'
H'. or. 'Galaxy'
H.or. 'Yellow'
H. orientalis 'Guttatus'
Heucera :
H. 'Cappucino'
H. 'Chocolate Ruffles'
H. 'Hyperion'
H. 'Petite Pink Bouquete'
H. 'Plum Pudding'
H. ' Prince of Silver'
H. 'Stormy seas'

Det var så mykje meir ein skulle hatt og men eg stoppa der.

Pakkar i posten

23 feb 2006 22:56


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av trøtt av dagens gjeremål Akkurat nå: slapper jeg av trøtt av dagens gjeremål ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

men må prøve å lese nokre av dagbøkene i kveld og Blunke

Idag kom det pakke i posten frå Randi M. prikleplantar av Rodochiton, Eccremocarpus og nokre stauder. Kjempeflott Randi stjerne!
No står dei trygt plassert under vekstlyset i kjellaren.
Fekk også pakke med etikettar frå Konkel i posten idag, så no har eg det ei stund framover.
Har ikkje gjort noko hagerelatert på heimefronten idag anna enn å sjekke såpottene og det eg har under vekstlysa i kjellaren.

Tilløp til dramatikk

25 feb 2006 07:16


[ spiser jeg frokost før ein ny arbeidsdag står for døra Akkurat nå: spiser jeg frokost før ein ny arbeidsdag står for døra ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår (fredag) vart dagen ikkje slik vi helst vil at den skal vere.
Etter å ha vore på jobb på føremidd ag kom eg heimatt i 12-tida, dusja åt og gjorde meg klar til å prikle i kjellaren då mi kjære fru ropte at det er PIPEBRANN oppe hos foreldrene dine. Shocked
Eg sprang det fortaste eg vann i bratta dei 60-70 meterane det er mellom husa
og kom opp nokså anpusten (ikkje akkurat nokon idrettsmann Cool lenger)
Der låg røyken tjukk over store deler av terrenget og faderen og moderen var temmelig oppskaka som ventande kan vere.
Eg forstod at pappa hadde tømt pulverapparatet opp gjennom sotluka i kjellaren og mor mi hadde prøvd å sløkke det ssom var av ved og glør i omnen.
Like etter kom brannvesenet i full utrykkning med blålys og greier.
Heldigvis hadde far min fått sløkt brannen tidleg slik at det ikkje var full fyr i pipa, men det var nok ikkje lenge att før det kunne ha vorte verre.
Brannvesenet var der ei stund og undersøkte og konstaterte at det ikkje var fare for at brannen skulle ta seg oppatt.
Sjokkopplevelse er det sjølvsagt, særler når ein bur slik til at det ikkje er god tilgang på nok vatn til sløkking om det skulle bli skikkelig brann. Her er ikkje elvar i nærleiken og nokså bratt ned til sjøen , huset deira ligg på ca.85 moh.
vårt på ca 70 moh. og vi har begge bare brønn som vasskild, ikkje så mange tusen liter å ta av der nei. Forvirret
Det heile gjekk bra, men vi vart jo alle oppskaka av hendinga.

Hagedagen vart ikkje som planlagt, men eg fekk konstantert av Amaranthus'en
hadde spirt og kom under vekstlys i kjellaren.
Og varmkomposten dampa som bare det når eg letta på lokket for å legge ned i avfall Hoppende glad så der er det nok liv or røre ned i tenkjer eg.
Får ta igjen priklinga idag etter arbeid på føremiddag.
Då må eg også dekke litt noko av det eg har ståande ut ettersom det er meldt kaldt veir i dagane framover.

Endelig frø i posten

25 feb 2006 15:58


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av skal snart ete middag og seinare på jobb igjen. Akkurat nå: slapper jeg av skal snart ete middag og seinare på jobb igjen. ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag kom endelig frøa frå Thompson &Morgan i posten, Hoppende glad dei var sendt frå England 07.02 og resten av tida har posten kosa seg med dei på Postens godssenter i Oslo Mad bra det ikkje var frø som hasta med.
Så då veit eg kva eg skal gjere mellom jobbyktene i morgon !! Blunke

Idag har eg fått prikla sølvkrans og Acnistus australis.
Ellers har vi no fått roa oss etter gårsdagens sjokkopplevelse.

Er det nokon som veit om Bjørnerot (Meum anthamanticum) spirer frå røter som sit att i jorda? Då eg skulle grave dreneringsgrøft måtte er grave opp to tuer av denne og den har eit nokså djuptgåande rotsystem med nesten blyanttjukke røter som står att, er det nødvendig og spa desse opp eller vil dei dø ?
Tuene skal få ein ny plass og bu, men eg veit ikkje heilt kvar enno.
Ute er det i dag lettskya og delvis sol. Svak nordavind og nokre lette snøbyger i dag tidleg.

Blodbegerbarna som ikkje ville flytte til Vestlandet

01 mar 2006 14:19


[  Humør: fortvilet ]
[ slapper jeg av etter endt arbeidsykt Akkurat nå: slapper jeg av etter endt arbeidsykt ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag er eg både trist og lei..... kvifor spør du ?
Blodbegera som eg fekk frå Randi M har takka for seg. Død Crying or Very sad Kjempesur Kjempesur
Dei vart prikla og teke hand om på beste måte etter ankomst, satt under vekstlys i 16-18 grader og såg riktig så fine ut og så idag når eg stod opp hadde dei "kråna ned åt" dvs dei låg der slappe og Død mens alle dei andre prikleplantane ho sende meg ser like fine ut heldigvis.
Men eg spør meg : Kva er det med meg og blodbeger som er så uforeinleg ?
Ser ikkje ut til at eg skal lukkast med dei, har sådd dei to gongar utan at dei har spirt og no altså ; småbarna eg fekk frå Randi M gjekk hen og Død
Det ser igrunnen ikkje ut som det er rothalsråte heller...hmmm .......
ååååååååååå Kjempesur Kjempesur Kjempesur Kjempesur Kjempesur Kjempesur

No får eg sette min lit til at dei som Solfrid vil sende meg lukkast eg betre med.
Eg vart litt bekymra ettersom eg utifrå dagboka hennar forstod at ho hadde sendt dei og her har kong vinter slege til for fullt, idag tidleg med minus 7 grader.
Stakkars prikleplantane som kjem i posten tenkte eg, men heldigvis når eg no istad kom heimatt frå jobb låg der PM frå Solfrid at ho ikkje hadde sendt dei enno !
Takk for det Solfrid Stort smil
Ellers har det vorte lite haging på meg nokre dagar no, har nok med jobben og imellom jobbøktene har eg ikkje energi til noko meir innsats, veiret tek energien frå meg, sånn er det bare.
Igår bestilte eg forresten Iris og liljer frå Bakker og så vankar det visst ei Zinkbøtte med diverse knollar og løkar oppi for kr.1,- Blunke

Eg har tenkt å ta det roleg idag også, ingen vits å tromfe seg ut når kroppen seier nei !! Ulykkelig
Veiret idag er lettskya, nett no minus 1,3 og nordaust kald vind.

Sådagen

05 mar 2006 16:55


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av les innlegg på hagegal og kosar meg inne Akkurat nå: slapper jeg av les innlegg på hagegal og kosar meg inne ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

for ute er det VINTER Mad det snør og fyk snø i austleg kuling , drivhuset mitt er nesten heilt dekt med snø på tak, veggar og over alt Død
Her har temperaturen lege på 4-7 minusgrader snart ei veke no og heldigvis har det vore litt snø. 10 cm inntil i natt, då det om ytterlegare 10 cm, og idag har det snøa vassrett i heile dag så vinteren kom i år også om enn litt seint.
Det har vore lite hageaktivitet som ventande kan vere i slikt veir i det siste, men i kjellaren gror og veks det fint både dei som er prikla og dei som framleis står i såpottene sine.
Igår brukte eg litt av dagen på å grave fram lokket på septiktanken, dekka det til med papirsekkar og plastpresenning og idag var det heilt nedsnøa. Tvilar på om tømmarane kjem denne veka, men det ligg no klart til dei når dei kjem iallefall !
Så har eg jo arbeidsfri endelig igjen etter 16 dagar i eit strekk var det godt å kunne slappe heilt av igjen og sleppe å passe klokka Blunke

Idag har eg sådd ein del utplantingsplantar og tomatar som står plassert på kjøkkenbenken til spiring:
- Antirrhinum majus, lav fargeblanding
- Lobelia:
'Blue Cascade'
'Blue Wings'
'Keiser Wilhelm'
'Saphir'
- Monopsis 'Regal Purple'
-Nemesia strumosa, fargeblanding
- N. 'KLM'
- Nicotiana sylvestris 'Only the Lonely'
-N. sanderae, rød
- Rathibida, 'Mexican Hat'

TOMATAR:
- Kanarisk bifftomat
- 'Bonner Best'
- 'Eva Purple Ball'
- 'Gardeners Delight'
- 'Black Prince'
- 'Glacier'
- 'Oregon Spring'
- 'Russian Bull heart'
I tillegg har eg sådd spisskål for tidleg prod. i drivhuset og persille.

No får eg håpe at frøa spirer for noko av det er gamalt frø.
Nemesia, fargebl og Rathibida var 10 år gamalt.

Oi, oi, oi, nå har han teke pause i snøveiret ute Hoppende glad eg må vel ut og måke veg frå huset og bort til veien og rundt bilen tenkjer eg ! Ulykkelig

Prikling m.m

07 mar 2006 17:08


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter middagen og før eg skal på jobb igjen Akkurat nå: slapper jeg av etter middagen og før eg skal på jobb igjen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har det vore nok ein fin dag med sol og vindstille. Kalde næter er det, men med godt snødekke (20 cm) har det som veks i hagen det godt no.

Frå kjellaren har eg i dag teke opp ein engelsk pelargonia som har overvintra under vekstlyset, no var den kommen i blomst og fleire klasar med knoppar er på veg. Den var svært holdbar i fjor vinter so stod i blomst i gangen oppe i fleire månader. Mørk lilla med mørkare teikningar, skal sjå på pelargonia selkapet sine sider om eg finn ut kva sorten heiter. Dei har eit flott galleri der.

På vekstrommet har eg prikla Sanvitalia og Heliotrop idag og Nepeta c. sitriodora som eg fekk som prikleplantar frå Randi M. har eg toppa. Dei andre eg fekk frå Randi M. ser også ut til å trivast . Enig

Det spørs om eg ikkje får ein del bytteplantar, men det får eg komme tilbake til etterkvart. Har iallefall mykje for mykje Gypsophila paniculata ( Fleirårig brudeslør) som spirte før eg fekk kasta dei ut i kulden.
Ellers har eg behandla Azaleaen (frå 2004) mot lus (sprøyta med grønsåpevatn) han står isolert frå dei andre plantane slik at den ikkje skal overføre lus til småplantane mine.

Ellers fekk eg stiklingar av julekaktus på to plassar her i bygda ved juletider og dei ser ut til å trivast riktig bra.

Jau no går det mot vår folkens, berre denne kulden kan sleppe taket . Får håpe at han gjere seg ferdig med vinteren no når han fyrst helde på. Han har litt humor i seg denne overgartnaren vår trur eg. Lurer oss til å tru at det er vår i februar for så å sleppe ut vinteren igjen når vi godt er igang ute !!!
Forvirret
Akk ja, den som vi berre hadde litt betre tålmod.......

Oppsummering av dei siste dagane

12 mar 2006 15:02


[  Humør: glad ]
[ Akkurat nå: Kokar middag og skriv hagedagbok ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det er nokre dagar sidan eg her skrive noko her no. Har ikkje vore så aktiv på hagefronten i denne kulda naturleg nok, men på kjøkkenbenken har det spira.
Av dei eg sådde 5/3 har følgande spirt :
9/3 spisskål (4 dagar)
10/3 Nemesia 'KLM' og Rathibida (Mexican Hat) (5 dagar)
11/3 Tomat *Gardeners Delight' ,
Lobelia 'Blue Wings' og 'Keiser Wilhelm'
Monopsis 'Regal Purple'
Anthirrinum majus, lav bl. (alle etter 6 dagar)
12/3 Tomat ' Black Prince', 'Glacier', 'Eva purple Ball' og 'Kanarisk Bifftomat'
alle etter 7 dagar.

Dessutan hadde eg liggande Ipomea 'Knowlians Black' i vatn i eit eggeglas og gløymt dei så dei hadde spirt der i eggeglaset med kvite rotspirar, vart sådde (i jord)11/3 og den fyrste kom opp etter 3 dagar.

Igår var eg på låven og henta eit lysarmatur eg hadde lagra der, reingjorde det og skulle til å henge det opp då oppdaga eg at eg ikkje hadde fleire nye sikringar til den, og sjølvsagt var det etter at butikken hadde stengt for helga Klovn
Fortærande fordi eg hadde tenkt å sette ein del knollar, poteter m.m til forgroing . Det lyt då vere til onsdag fordi eg skal til sykehuset på Voss for kontroll etter eit inngrep eg hadde i juni i fjor, så eg reiser mandag morgon og kjem att tirsdags kveld. Eg skal sove meg gjennom kontrollen så eg må overnatte der.
Stormen som var varsla til mandag på Vestlandskysten har meterologane jaga langtvekkistan så då vert det vel ei behagelig båtreise til Bergen og tog derfrå til Voss og same tilbake på tysdagen.
Dei siste dagane har det vore fint solskin, men kalde næter. Bra vi har hatt eit lite snødekke her denne tida (13-20 cm), men no skal visst temperaturen stige litt så då får vi håpe at vinterkulda gjer seg og at vi kan begynne med litt graving ute igjen, eg har masse å ta fatt i, får bare starte i ein ende.
Spikulerer på om eg skal hoppe på importen frå Kivistik likevel, der var mange Clematis eg hadde lyst på, og no har eg spikulert ut nokre plassar eg kan plante dei utan at eg må bygge pergola eller liknande for å kunne plante dei (eg får sove på det på Voss
Blunke )

Nei no er sikkert middagen ferdig og, eg har sprunge litt att og fram mellom middagslaging og skriving ei stund Mr. Green

Godt å vere heime igjen !

15 mar 2006 23:51


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av skal ete kvelds og gå og legge meg snart Akkurat nå: slapper jeg av skal ete kvelds og gå og legge meg snart ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja so er eg kommen tilbake frå Voss og Bergensturen. Undersøkelsen gjekk fint og reiseveiret var framifrå så det var no ein fin tur. Men som den heimekjære personen eg er var det godt å komme heimatt til si eiga seng, eg søv aldri så godt andre stader som heime i mi eiga seng
Idag var det forskjellig eg hadde planlagt skulle gjerast etter eg kom heim frå arbeid, men andre hadde lagt planer for meg og då måtte eg bare utsette det eg hadde planlagt.
Skulle få til groing div. knollar og poteter, så nokre porsjonar med frø og litt meir, men det får vere til i morgon.
I morgon og fredag må eg dessutan i begravelsar så ein del av dagane går no med til det, men eg har no fri frå arbeid så litt hagerelatert skal eg no få tida til likevel.
Med eg var borte hadde alle tomatsortane spirt, i tillegg til meir Lobelia.
I Bergen var eg innom ein blomsterbutikk og plukka med meg nokre porsjonar med frø for direktesåing ute som ringblomst og blå kornblomst, dette er mi kjære fru sine yndlingsblomster så dei skal ho få eit, nei TO bed med til sommaren Blunke
Vi får seie det slik at eg skal yte og ho skal nyte Mr. Green
Etter at ho skada seg på kjemikalier på jobben for nokre år sidan er det ikkje så mykje fysisk arbeid ho er istand til, ho har daglig mykje smerter stakkar.
Orange ringblomster og blå kornblomster ER fint i lag, der er vi einige. Ellers får eg stort sett gjere som eg sjølv vil i hagen, men av og til må eg jo spørje henne til råds og om ho er samd i det eg gjer !
I kveld har eg teke meg av akvariet vårt som har fått eit kraftig angrep av algar.
Har skifta ut ein del vatn og mørklagt det, så no står det tildekt med aviser og pledd og skal stå slik nokre dagar i håp om at vi skal få bukt med styggheita.
Eg har vel sikkert slurva litt i det siste med vannbytte + at dei algeetande fiskane vi har er vortne gamle og late. Eg kjøpte nokre nye kinesiske algeetarar i Bergen som eg håpar tek seg av noko av problemet.
Nei no gneg svolten i magen og augene er blitt tunge og smale så no er det best eg legg ned "skrivepennen " for i kveld !!

Våren i annmarsj ?

18 mar 2006 21:21


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og ser TV / pc-hagar Akkurat nå: slapper jeg av og ser TV / pc-hagar ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har det småregna heile dagen, bare smått, jamt regn som dett rett ned. Heilt vindstilt og skodde - skoddebankar som kjem og går,, kjem endå tjukkare og løyser seg oppatt.

Det smeltar smått om senn på snøen som har dekt hagen i fleire veker no. Fint har det vore med godt solskin om dagane, men fleire kuldegrader om nætene så snøen har ikkje minka stort likevel.
Eg har ikkje noko å klage for når det gjeld snømengder når eg ser korleis det er på sør og austlandet Død
Idag hadde det smelta såpass i steinbedet mitt at eg såg Hebe annomala har takka for seg iløpet av vinteren, ein annan Hebe, 'Golden Globe' ser noko tvilsam ut og, men eg håpar den tek sek inn att, det vil tida vise.
I tre dagar no har eg holdt på å kløyve og stable veden min i hus, trudde eg hadde saga nok til å fylle vedahuset i år og, men der har eg feilbereikna for eg manglar faktisk nesten eit mål (ei favn) så eg må nok på vedaskogen igjen.
Torsdag og fredag var eg i begravelse og, og medan vi stod på kyrkjegarden høyrde eg tjelden som flaug langs fjæra med dei kjærkomne lokketonane sine.
Han var visst observert her alt den 3. mars, men eg har ikkje korkje sett eller høyrt han før .
Idag har eg vore i kjellaren og prikla Amaranthus caudatus,Brassia (Sommarsypress) og Salpiglossis 'Bolero'.
Salpiglossis 'Bolero' , Heliotrop og Rathibida 'Mexican Hat' har eg tilovers prikleplantar av Blunke
Ellers har eg sett til lysgroing under vekstlys poteter av sorten 'Ostara' som eg brukar å sette tidleg i drivhuset i handleposar ( slike plastposar du brukar til å bere heim varene frå butikken. Har brukt å sette dei ca 1. april i slike og dei kan eg bere ut i vekstbenken når plassen vert for trang seinare på våren, utfordringa er å holde dei unna frosten. Poteter tåler som kjent lite frost før lauvet tek skade, men det har som regel gått svært bra. Eg får håpe at våren og betre temperatur raskt er i annmarsj.Ingenting er som heimedyrka tidlegpoteter
og heimelaga spekekjøtt !
Sikle
I morgon har eg tenkt å så sommargulrot i melkekartongar, frø har eg lagt i bløyt så eg er nesten nøydd og gjere resten og Blunke Mr. Green

MARSNATT OG LITT BETRAKTNINGAR OG HØGTTENKANDE PLANER

19 mar 2006 09:06


[  Humør: glad ]
[ hører jeg musikk Skal lage med frukost  og bare slappe av Akkurat nå: hører jeg musikk Skal lage med frukost og bare slappe av ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

MARSNATT

Vill var den leiken eg høyrde i natt då eg vakna
grannegardskjetta ho remja,
kva var det ho sakna ?
Snart fekk ho svar ifrå alle dei rakkar
som grenda her hyste,
eg låg og vreid meg - å kunne eg ;
- i bann eg dei lyste !

Rakkane slost, det var kjetta dei slost om, må veta,
kvite og svarte og grå, det var slik dei var leta.
Hårmanken fauk når klørne i pelsen dei rende,
blodet kom ut ifrå såra, - eg spår det dei kjende.

Kjetta sat roleg og såg på dei kjempande partar,
til dagleg ho nemdest i grenda som " Storenes-svarta".
Han som til slutt vart den sigrande kar
ifrå før godt ho kjende,
tidt rundt i grendene for han kring kjettene rende.




Slik kan ei natt opplevast no i mars. Heldigvis har vi kastrert vår Solo, men her er rikelig nok med kattar av begge kjønn i bygda som framleis har inntakte kjønnsdrifter og det merkar vi no i denne tida.
Mang ei natt her eg vakna til den forferdelige kattejammeren og stått opp for å jage kattar så langt ifrå at det ikkje høyrest ut som dei skal komme inn soveromsglaset. Kjempesur
I år har eg fått prikleplantar av Nepeta cataria 'Sitriodora' frå Randi M. som eg har hatt under vekstlys i kjellaren. Har toppa dei og dei har buska seg godt og vorte tette og fine så no var eg stad og sette dei kjølegare , treng den varmaste plassen no til eitåringane som skal utvikle seg.
Det var dette med Nepetaen, det er ein staudesort eg ikkje har prøvd før det eg kan hugse, men det skulle no bare mangle om ikkje pusen og skal få seg ein plante i hagen som han kan nyte som sin eigen !

Randi M :
Alle prikleplantane veks godt og ser frodige og fine ut, synd med blodbegera, men eg gled meg til Eccremocarpusen, ny bekjentskap for meg den og !

No skal eg få blodbeger iløpet av veka frå Solfrid og då får vi håpe at det går betre med dei.

Ellers går det ein del tid i ledige stunder med til å spekulere på kor hen det er mest hensiktsmessig å planlegge nye prosjekt (bed, klatrestativ, bogar m.m)
På utsida av hagegjerdet mitt, mellom inngangsveien til hagen vår og hagegjerdet vårt ligg det ei trekantforma skråning som eg har tenkt å ta i bruk.
Det ligg på faren min sin eigedom (som eingong eg skal overta) .
Der har eg tenkt å brakke til våren så snart det er mulig og så plante blomkarse der. reiknar med at det som Roundupen ikkje klarar å ta livet av vert kvalt av blomkarsen. Dersom eg har der blomkarse eit par år så kan eg lage meG ein fjellhage/steinbed der. Der står forresten ein svarthyll og på det området som eg beskjær og steller slik at den ikkje vert for stor og kastar for mykje skugge.
Eg ser for meg at det arealet kan bli fint når eg får sett planane ut i livet.

Eg har også ei lita skråning bak drivhuset som eg til no har brukt som bed for tulipanar , sviblar og div. narcissar . No lurer eg på å omdanne den til steinbed der også.
Har dessutan eit parti der det veks gamle påskeliljer (av den lave sorten) desse står no så tett at det vert lite blomster av dei og dei må tynnast. Der har eg tenkt å spa opp heile tuene, legge ei ramme av trestammar som eg fyller jord i og plante opp i der busker og woodlandstauder, ein grusgang i midten og surjordsbed på andre sida (der står det tre Rhododendron frå før).

Dersom nokon er interessert i påskeliljer av den gamle, lave typen har eg sikkert til mange når sommaren kjem, men ein må rikne med at mykje av løken treng eit par år på seg til å komme i blomstrande storleik.

Det får klare seg med betraktningar og idear i denne omgang,
no skal eg kose meg med frukosten og søndagsegg frå eigne høner .

Gulrotsesongen er igang

19 mar 2006 23:08


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av skal snart gå og legge meg -- arbeidsdag i morgon ! Akkurat nå: slapper jeg av skal snart gå og legge meg -- arbeidsdag i morgon ! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag fekk eg så SOMMARGULROT 'Nantes 6 Fancy' i melkekartongar.
20 katongar vart det plass til i baljen som eg hadde å sette dei i . Frøet hadde lege eit døgn i bløyt på forhand, silt av og spreidd utover ei avis og tørka litegrand slik at det vart handterleg og ikkje klistra seg til kvarandre. 12-15 frø i kvar kartong.
Desse står til spiring i vekstrommet i kjellaren.
Vidare sådde eg:
Dichondra argentea 'Silver Falls'
Dorotheanthus bellidiformis - middagsblomst
og Svarte stokkroser frå Ann

Desse står til spiring på kjøkkenbenken.
Ellers har vore innom hagegal mange gongar iløpet av dagen og lest både nytt og gamalt.

Pakke i posten

22 mar 2006 16:57


[  Humør: kul ]
[ slapper jeg av før eg skal på jobb igjen Akkurat nå: slapper jeg av før eg skal på jobb igjen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag kom postdama med pakke i posten , det var blodbegerplantar frå Solfrid.
Store og fine i full vekst og dei har no fått kvar si potte og plassert under vekstlyset i kjellaren . Der skal dei stå og vokse omkapp med Eccremocarpusen eg tidlegare fekk frå Randi M. Dei skal bli fine desse og kle espalieret av armeringsjern Hoppende glad

Igår hadde Jokerbutikken her i bygda fått inn Rhipsalidopsis (Påskekaktus) og eg kjøpte meg ein som eg trur eg snarast må gje ei større potte. Den var full av knoppar som eg håpar skal sprette ut, dei er jo så fine !!

Ellers er det full vinter her hos oss i dag og,no er det mellom 50 og 60 cm snø , akkurat no skin sola, men i føremiddag snøa det så tett at eg var glad eg hadde arbeid under tak idag, skulle ha kappa ved på jobben idag men bonden fant anna arbeid til meg Hoppende glad
Ellers er det ikkje så mykje som skjer hagemessig, det vert vatning, topping og sjekking om noko spirer.

Appropos spiring:
Eg sådde Digitalis 'Elsie Kelsey' den 18/2 og den har fortsatt ikkje spirt Kjempesur
Forstår det på andre at dei spirer nokså fort. Eg har hatt mine ståande i lys, er dette feil ??
Det verste er at eg har alt lovd bort plantar av den Crying or Very sad

Spirer

23 mar 2006 07:34


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg frukost og les på hagegal (som vanleg  ) Akkurat nå: spiser jeg frukost og les på hagegal (som vanleg ) ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det spirer i middagsblomstpotta mi, håpar det vert SOL denne sommaren.........i fjor var det neimen ikkje mange timane dei var opne iløpet av sommaren, men dei holdt ut til det siste og vi foreviga dei i full blomst den 28. oktober.

Morgonrapport

24 mar 2006 08:34


[  Humør: kul ]
[ slapper jeg av skal ganske snart på jobb Akkurat nå: slapper jeg av skal ganske snart på jobb ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nydelig morgon . Sola kom raud og fin opp over horisonten kl. 06.42 over Eid og kasta sitt rosafarga lys på det snødekte landskapet . Nedsnødde busker og formasjonar i landskapet kasta blå skuggar bakom seg. Fantastisk fargespel som varte berre nokre få minutt og sjølvsagt var det ikkje batteri på fotoapparatet.
Sola kliv Gullskåra no og forhåpentligvis har vi sola idag til kl.17 iallefall.
Iløpet av dagen vil nok iallefall det meste av veiene vere bare !
I kjellaren spirer gulrotfrøet og plantane veks . Hoppende glad

Morgon filosofen

25 mar 2006 07:53


[  Humør: forelsket ]
[ spiser jeg og filosoferer før eg går på jobb Akkurat nå: spiser jeg og filosoferer før eg går på jobb ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag når eg stod opp var det fyrste eg gjorde og gå bort til kjøkkenbenken og sjå på såpottene eg har ståande der, og kva ser eg Shocked ?
Jau der spirer det både i potta med svarte stokkroser frå Ann og Dichondra ' Silver Falls' Hoppende glad
Eg ser kor dei brukar alle krefter og pressar seg opp gjennom jordlaget ved å bruke nakken til hjelp og "tå hev", strekkjer seg og vil opp i lyset og varmen frå sin samankrulla tilstand idet vesle frøskalet. Det minner meg forresten om kyllingen som hakkar seg ut av egget.......
Ein kan bli reint filosofisk når ein ser kva som vert ut av eit lite frø iløpet av berre nokre veker og månader. Er det ikkje fantastiske skapningar vi hagegale arbeider med ?
På kjærlig vis steller og dullar vi med dei etter beste evne. Passelig temperatur, lys/mørke, høvelig jordforhold og fuktighet, og dei kvitterar med å presse seg ut av skalet sitt dersom vi har klart å gje dei den rette kombinasjonen for kvar enkelt art.
Alt frå dei minste nærsyntplantar til store tre som vert fleire titalls meter høge, alle har dei eingong fått plass i eit lite frø......

Potting av tomatar og ny bok i posten

27 mar 2006 16:14


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av før eg skal på arbeid igjen Akkurat nå: slapper jeg av før eg skal på arbeid igjen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så er ei ny veke igang og mildveiret kom endelig og i dag har det vore mellom 6 og 7 plussgrader så det smeltar no litt, men det er heilt vindstille og overskya så det er ikkje særleg fart i sakene enno !
Laurdag potta eg tomatplantane mine, 19 i alt:
4 "Kanarisk Bifftomat"
2 Glacier
3 Black Prince
2 Oregon spring
3 Bonner Best
4 Gardeners Delight
1 Eva Purple Ball
Russian Bull Heart spirte ikkje av ein eller annan grunn. Alle sortane sådde eg 4 frø av og alle vart sådde samtidig og har hatt heilt like forhold.
Så har eg lagt blomsterert i bløyt som skal såast 6 frø av kvar foreløpig:
Chatsworth
Pansy Lavender Flush
America
Geoff Amos

Idag fekk eg bok i posten frå Bokklubben hem & trädgård:
"Gräs och Bambu, en praktisk handbok " av Ian Cooke ved fyrste intrykk ser det ut til å vere ei informtiv og bra bok for dei som er interessert i gras og bambus, rikt illustrert både med bileter og teikningar og praktiske forklaringar.
No er eg heime bare eit par timar før eg skal på jobb igjen så det vert å legge seg nedpå litt og lese litt !

Vedahoggst vart utbytta med handledag

30 mar 2006 22:35


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og skal snart gå å legge meg Akkurat nå: slapper jeg av og skal snart gå å legge meg ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagen idag starta så fint, fjorden låg blank og fin. Riktignok var det overskya, men det såg ut til at det kunne bli ein brukbar dag til litt meir vedhoggst, og ikkje minst å hogge eit par tre (hos naboen) som skal danne ramme for bed i hagen (min) ! Blunke
Men etter å ha drøymt meg vekk i diverse hagedagbøker og innlegg på hagegal i selskap med katten og ein del kaffikoppar kom tid for stell av hønene og vatning i planterommet m.m. begynnte det å snø Død STORE, våte og ekle snøfiller som tok ifrå meg både arbeidslyst og humør Mad Kjempesur
Så fant mi kjære fru og eg ut at vi reiser til Nordfjordeid og handlar, dette hadde vi planlagt å ta på fredag, men planer kan jo endrast !

På vei til ferja fekk vi auge på ialt fire ørner som sat i tretoppane like ved vegen, undrast på om der var hjort eller noko som låg i nærleiken som dei vakta på ?

Det vart ein tur på Europris og med heim kom det Freesia, Acidantera og Gladiolus, samt frø av mainepe og kålrot.
På ein annan plass fant eg frø til Albizia julibrissin (Silketre) og Cortaderia selloana ( Pampasgras).
Så var eg til Bygger'n og kjøpte lecastein som eg skal bruke til å mure opp eit lite bed der eg skal ha enten Rhodochiton eller Eccremocarpus som skal klatre på espalier av armeringsmatte.
Då vi kom heimatt var det vårstemning i lufta og småfuglane song og såg ut til at dei hadde gløymt at dei sverma kring brettet med solsikkefrø tidlegare på dagen.
Eg såg forresten svarttrasta sat på topp i eit grantre i går så no ventar eg bare på å høyre songen hans i grålysninga. Ingen fuglesong kan måle seg med dei melodiske tonane til svarttrasta om vårane, morgon og kveld Hoppende glad

I postkassa låg det ei bok ifrå Bokklubben hem & trädgård idag og :
" 100 pelargoner och hur du sköter dem" av Susanna Rosen og Eivor Rasehorn.

No håpar eg at vinteren snart er over, men kroppen min seier noko heilt anna.
Uenig

I planterommet går det i vatning, gjødsling med svakt gjødselvatn og topping av Eccremocarpus, fælt kor dei strekkjer seg i veiret desse klatrarane, men til oftare eg knip dei til tettare og finare vert dei når dei eingong skal "ut i verda" .
Det veks godt no, men plassen tek til å verte trang etterkvart Mr. Green
Lyt nok snart til å plassere dei minst varmekrevande rundt om i vinduskarmar i andre plassar i huset til eg kan flytte dei ut i drivhuset. Kansje eg skal isolere og sette inn ein omn, men eg syntes det er litt tidleg enno !

Det vårast

01 apr 2006 23:52


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og kosar meg med TV, hagegal og sjokoladepudding m. vaniljes Akkurat nå: slapper jeg av og kosar meg med TV, hagegal og sjokoladepudding m. vaniljes ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så er enda ei veke til ende og eg har nettopp kost meg med gjengen frå Aidensfield og gjengen frå Løvebakken: Fornøyelige program begge to syntes eg.

Dei to siste dagane har eg holdt på med ved. Igår fellte eg tre og drog til veies.
Idag kappa eg opp og stabla. Enno har eg igjen ein del som skal kløyvast før eg får dei under tak. På slike dagar som idag er det rett ein nytelse å vere ute og arbeide, sola varmar godt og småfuglane kvitrar omkapp i tretoppane.
Det er bare dei stakkars hønene og hanane mine som ikkje kan forstå kvifor dei ikkje får gå ut og nyte sola so briske seg for kvarandre Crying or Very sad

Eg har også drege på plass nokre trestammar som eg skal ha til innramming av bed eller "avdelingar" i hagen, det var eit h...... slit, men eg fekk dei på plass foreløpig så no er det bare å bestemme meg for korleis eg skal dele opp det arealet der dei skal brukast. Eg har ein del jord tilovers frå fjorårets uteplattingsbygging og årets grøftegraving som eg vil bruke til utjevning av terrenget og då skal eg samtidig plante busker og diverse, litt etter kvart sjølvsagt. Eg har ein del eg kan flytte på og ein del eg må skaffe meg men det får eg ta etter kvart.

Det smeltar no smått om senn rundt omkring i hagen og snøklokkene dukka framatt frå snøfonnene der dei har lege flatpressa mot jorda, men spør om ikkje dei var snare og rette nakken. Tre forskjellige har eg av dei, den vanlege Galanthus nivalis, G. nivalis 'Flore Plenum' og ein sort som eg har fått hos naboen som har mindre blad og smalare og mindre blomster enn G. nivalis, men eg veit ikkje kva den heiter.
Crocusen har også dukka fram. Det var den lys lilla med mørkare lilla striper ( er det 'Pickwick' ? ), den kvite og den gule er heller ikkje langt unna.
Til hausten skal eg skaffe meg meir Crocus ettersom eg no langt på veg har forma terrenget i hagen slik eg vil ha det (der det let seg og forme....)

Påskeliljene er på full fart opp og vil nok ikkje ta så lang tid før den lave, gamaldagse kjem i blomst. Eg har nokså mange tuer som må spadast opp og delast iløpet av sommaren, dei står altfor tett og blomstrar lite etterkvart.

Ellers drap eg årets fyrste snegle(grå hagesnegle) i drivhuset idag, lurer på om eg skal utstyre meg med vaskeutstyr og gå laus på vårreingjeringa der i morgon....

Heben som eg trudde var vandra heden viser det seg at det er liv i ca 1/3 av så det er håp om at den kan bergast Hoppende glad

Erteblomstane mine spirer og ein av pelargoniane som eg fekk frå Lene i Fredrikstad i haust har starta blomstringa (Mårbacka) . Hoppende glad

Svartetrasta song idag !

03 apr 2006 19:04


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av etter ein slitsom arbeidsdag Akkurat nå: slapper jeg av etter ein slitsom arbeidsdag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her har vi hatt snø, sludd,regn og sludd igjen iløpet av dagen, snøen minkar og bra er det. No VIL vi ha barmark snart igjen. Eg har mykje eg skulle ha gjort før våren er her for fullt !
Idag når eg kom heimatt hadde Pampasgraset mitt spirt Hoppende glad og no lurer eg på om dåkke priklar fleire ilag eller eit og eit ?
Det er nok lenge til den treng prikling men det kan vere godt å vite det.
Ellers veks det godt under plantelysa mine i kjellaren, Eccremocarpusen må eg toppe rett som det er. Og no er det rett før eg må finne alternative plasseringar til det som tåler å stå litt kjøligare, for no er det TRONGT om plassen der nede !
Igår tok eg meg på tak og vaska ned drivhuset så no er det klart til at våren kan komme og det er nok vår i lufta for svartetrasta sat på topp i grantrea og song sine melodiske morgonsongar, fyrste dag med skikkelig morgonsong til tross for at det snøa og skodda hang tett ned gjennom skogen. Denne flotte svartetrasta, det er fuglen MIN det ! Enig
Fekk meg foresten ein plastbalje på jobben idag. Det var sprekke i botnen på den og skulle kastast, men hagegale hajal såg seg bruk i den. Så det så !!
Cool
Tenkte at eg kansje skulle male den med eit eller annna. Finst det maling i terakottafarge som bit på plast ?

HUMLENS FLUKT

06 apr 2006 18:39


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Ser nyhetene på Tv2 Akkurat nå: slapper jeg av Ser nyhetene på Tv2 ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No går det frammover med vårteikna. Idag eg kom heim frå jobb såg eg den fyrste humla Hoppende glad Hoppende glad Tilber for året, gjett om eg vart glad då Mr. Green
Veiret idag har vore bra, lettskya med gløtt av sol, god temperatur og det hadde smelta bra med eg var på jobb. No i ettermiddag har det vore litt småregn, men det er bare godt med smått, fint vårregn .

Eg er litt spent på kryptimianen min (ein av dei største) som er planta oppå ein stein og veks utfor og heng ca 25-30 cm nedover, den ser så brun og tørr ut på alt det som heng utfor. Det som er oppå steinen og har hatt snødekke er grønt og fint,
håpar det bare er bladverket som er tørka og at det er liv i greinene.

Ellers er det lite som skjer for tida, det går i småstell av dei som alt har spirt, men i helga må eg vel til å så litt igjen. Har diverse som ikkje er komne i jorda enno.

Trøtt og lei av vinter og snø

07 apr 2006 21:04


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av ventar på ninyhetene på TV2 Akkurat nå: slapper jeg av ventar på ninyhetene på TV2 ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Om det var veir for utflukt for våryre humler i går, har det just ikkje vore det idag !! Mad
Snø og sludd så det held, ein kan bli deprimert av mindre Crying or Very sad Kjempesur
Heldigvis har det ikkje lagt seg meir snø på bakken enn at det rekk å smelte for kvar ny byge som kjem, men det vert no temmeleg utriveleg med slikt veir, særleg når ein har utendørs arbeid.
Den store oppmuntringa idag er at silketreet (Abizia julibrissin) er i ferd med å spire, ein spire foreløpig som så vidt viser seg i overflata.
Ellers har Digitalis 'Elsie Kelsey' funne ut at den skulle spire, 3 små spirar. Sikkert fordi at eg har bestilt meg prikleplantar hos Nina S, men om eg avbestiller DEI finn sikkert mine ut at dei skal
Død bare for å terge meg så eg let bestillinga stå ved lag Blunke
I løpet av helga MÅ eg gjere noko drastisk mht plassen under vekstlysa, eg har altfor liten plass. Skal så tagetes og dei brukar å spire iløpet av eit par -tre dagar så eg lyt nok trylle fram meir plass og då lyt eg sette noko av det eg har der kjøligare til eg kan sette dei ut i drivhuset.
Det må no snart verte litt varmare i lufta vil eg tru .
Eg er ein av dei som held meg heime i påska, har jobb tom. onsdag
Eg har full jobb med bare fjøsstell der eg tek til i morgon så då slepp eg å vere ute i snø og slaps i allefall .
Ellers har eg potta om ei fredslilje idag og toppa nokre pellisar.

God helg til alle som ser innom meg !
Hårete lykke

Stadig fleire flyttfuglar viser seg

09 apr 2006 06:51


[  Humør: glad ]
[ hører jeg musikk må skunde meg på jobb Akkurat nå: hører jeg musikk må skunde meg på jobb ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No er flyttfuglane virkelig på veg, igår såg eg bokfinken, staren, vipa og høyrde duene kurre i skogholtet ikkje langt frå huset. Alle kjære vårteikn som er som merekdagar når dei dukkar opp. Venta bare på linerla komme trippande på tunet og kikke etter ein godbit etter ein lang tur på eigne vingar.
Igår var eg ute ei stund for å beskjære div. busker og tre, men så slo sluddbygene til og fingrane vart stive og gjennomkalde så saksa datt ut av nevane, då ver det bare å komme seg ihus igjen Mad
Ellers har det dukka opp påskegjestar rundt om i hytter og fråflytta hus i nabolaget,
minner meg litt om flyttfuglane ... Mr. Green
Det poppar opp med krokus og grønkast litt om senn her og deri bed ( dei som er igjen), mykje står i potter i benken min og ventar på eit nytt bed etter den sto ssenre omkalfatringa i haust, dei ser vel fram til ein permanent plass å bu igjen !
I kjellaren gror det... idag MÅ eg gjere noko drastisk med plassen .....
Nei no må eg komme meg avstad til jobb..
God palmesøndag til alle lesarar !
Enig

Våren er her

13 apr 2006 08:51


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og les hagegal Akkurat nå: slapper jeg av og les hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Endelig er eg "oppe og går" igjen. Nei eg har ikkje vore sengeliggande heldigvis, men formen har vore på bånn nokre dagar. Mykje smerter i kroppen som har teke dert meste av energien, så når eg har utført mine oppgåver på jobb så har det ikkje vore meir "å gå på". Heldigvis har eg det sånn at eg har delt arbeidsdag (som oftast) så det hjelper på når eg er inne i ein dårleg periode helsemessig.
Dette veiret vi har hatt i det siste reagerer eg kraftig på så då slår "gikta" til for fullt. Død Crying or Very sad Det var nok sutring for idag !! Mr. Green

I går fekk eg endeleg gjort noko fornuftig igjen i hagen. ALL snøen er BORTE frå hagen no Hoppende glad og igår hadde eg eit par timar som eg kunne bruke på hagen mellom arbeidsøktene så då vart det og fortsette der eg slapp før snøen kom den 7. februar !! Shocked (maken til vinter.... Død )
Eg spavendte jorda der det nye bedet skal vere og tilførte ein del hønsegjødsel som eg arbeidde ned i . Må på låven og finne meir material til bedkant 2x6" impregnert plank til opphøgd bed langs ein mur (gamal vei) .

Måtte grave opp eit parti med Doronicum plantagineum (Storgullkorg) eller gule prestekragar som onkel og tanta til far min kalla dei (dei hadde hagen før oss)

Dei vert ca. 70 cm høge. Desse har vore i hagen sidan 50- 60-talet ein gong, så det er ein av dei plantane eg vil bevare som eit minne om dei som var har før. Eg har nokså mange av dei så om det er nokon som er interessert i dei er det bare å seie frå, skal legge dei ut på byttesida.
Eg las forresten i staudeboka mi at dei også trivst i skygge , under tre og busker. Etter blomstring visnar bladverket ned så det må plantast noko i forkant som kjem seinare og dekker bra. Blada kjem oppatt til hausten og er delvis vintergrøne her hos meg.

Ellers blomstrar Crocus, Eranthis, Galanthus (i tre forskjellige sortar), og snart er dei "gamaldagse" påskeliljene også i blomst Hoppende glad
Også Lungeurten blomstrar både den raude og den blå.
Og kvitveisen ventar eg i blomst når som helst.
Eg såg ein koloni med kvitveis på ein stad eg køyrer forbi på veg til og frå jobb, ei bratt, steinete veiskråning i sørhellinga på mandag eller tirsdag .
Då er VÅREN på vei, utan tvil !! trollmann Hoppende glad

Igår når eg stod på verandaen og såg utover hagen og gjore mine betraktningar såg eg at i forkant av buskbomhekken hadde det vore flott med grupper med snøklokker, kansje eg skal prøve med grupper på 10 løkar med 50 cm avstand langs heile hekken ? Det vert kansje ei oppgåve når dei har blomstra av. Har diverse "villtuer" rundt om på tomta som kan takast til det bruk.

No har eg fri frå jobb til onsdag så då skal eg nok få gjort ein del i hagen og om veiret og helsa tillet det. Ellers får vi litt besøk og vi skal på besøk til niersa mi og sjå på guten som eg er vorten "gammalonkel " til, kjekt det med ny tilvekst i familien. Eg har gjort mitt så no er det godt at den nye generasjonen overtek stafetten !! Laughing Hårete lykke

Nei no må eg i hønsehuset og sjekke om alle hønene er der, fekk nettopp melding frå eldstedattera om at ho hadde fått melding i natt om at det var eit veddemål på gang i bygda ang. høns og at ein kar var på vei til meg for å "låne" høne som bevis i veddemålet Forbauset , ho hadde advart han mot å vekke meg midt på natta Mr. Green stjerne! !!

PS! Alt var iorden i hønsehuset så han har sikkert mist motet etter advarselen ! Mr. Green Blunke

Påskehaging og luseangrep

15 apr 2006 08:31


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av høyrer radio og mannar meg opp til dyst ! Akkurat nå: slapper jeg av høyrer radio og mannar meg opp til dyst ! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det har ikkje vorte så mykje haging desse påskedagane som tenkt var. Torsdag var eg ute i hagen og grov litt på det nye bedet som eg held på med. Rydda litt her og der og småpusla litt i mellom bygene som var nokså hyppige. Så tok eg fram Fuchsiane, beskar dei og bar dei ut i drivhuset.
Dei er reine skulpturane dei eldste +10 år gamle,+ ein stammeFuchsia, ca 150 cm høg Beacon. Det var heldigvis lite lus på dei overvintra plantane, men ein omgang med grønsåpesprayen er obligatorisk før dei vert sett ut i drivhuset likevel.

Vidare beskar eg ein som eg trur er Lantana, blomstrane liknar i allefall men blada er mykje smalare enn dei ein ser. Resultat av eit lukkelig impulskjøp frå i fjor, du verden som den blomstra heile sommaren til langt på hausten.
Solanum rantonetti vart beskåren og sett i drivhuset. I fjor planta eg den rett ut i eit bed og det resulterte i svært sterk vekst og nesten ingen blomster, så i år skal den i potte igjen tenkjer eg.
Resten av dagen gjekk med til familiebesøk hos systera mi og å helse på hennar fyrste barnebarn William på 6 veker.
Igår tok eg runda med luking på muren/steinbedet kom halvveis så kom det besøk og seinare ringte naboen som ville ha konsultasjon, dvs. hjelp til planlegging av eit område i hagen som ligg i skyggen av eit hus. der er det vassig heile tida og frå 3-12 cm med jord. Sendet ut eit spørsmål på forumet og fekk forslag om å lage sumpbed, blir spennande å sjå kva han svarar til det. Det vil kreve litt arbeid både med stein bering og jord. Ikkje råd å komme til med trilllebåre e.l så alt må berast. Forvirret
Seinare på dagen løyste alle sluser og det regna meir og meir utover dagen, og i dag målte eg opp 39 mm nedbør !!
I dagtidleg oppdaga eg eit solid bladlusangrep på planterommet mitt så det vert fyrste oppgåva idag å ta tak i.
Tenkte og at eg skulle sette poteter i posar i drivhuset, 15 dagar etter ruta men no trur eg at eg vågar det. Så får vi sjå kor mykje meir eg rekk over iløpet av dagen.

Potetsetjing og kvitveisblomstring

15 apr 2006 18:33


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av skal sjå nyhetene og kose meg Akkurat nå: slapper jeg av skal sjå nyhetene og kose meg ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg fått gjort ein del i hagen og på planterommet.
Eg begynte på planterommet i kjellaren der eg oppdaga bladlusangrep i går kveld, sprøyta kvar enkelt godt med grønsåpevatn . Det var etterkvart svært trangt om plassen under vekstlysa så sølvkrans, Salpiglossis og sommarsypress vart satt i brett og inn på eit ubrukt soverom i kjellaren, det får bli mellomstasjon før dei kjem i drivhuset, trur det vert for brå overgang til drivhuset med det samme sidan eg ikkje har oppvarming der unntatt når eg er redd for kulde.
Tomatane har hatt det for varmt og trangt og har strakt seg litt for mykje, dei har fått betre plass.
Så gjekk eg i drivhuset og monterte luftelukeautomatane, i år gjekk det merkelig kjapt å få desse på plass slik dei skal vere. Ofte har eg ein del plunder med å få låsesplinten på plass i holet den skal vere i.

Eg har hatt som tradisjon nokre år å plante tidlegpotet i plastposar (handlenett)
den 1. april men det var ikkje råd i år så idag var dagen. Trilla meg inn hagejord, hønsegjødsel og settepoteter av sorten Ostara. 9 posar laga eg til som skal stå i drivhuset til det er trygt å sette dei ut, då er det bare å ta tak i hankane og bere dei ut på ei dertil eigna plass der dei kan vokse vidare.
Håpar det vert smak av nypotet til Jonsok i år og om eg var 15 dagar seinare ute enn vanlig.
Etterpå potta eg om diverse i drivhuset som har stått der gjennom vinteren.
Det vart også tid til ein del kvistrydding, rydding av visna fjorårsstilkar osb.

Idag plukka eg også inn ein bukett av påskeliljer ( av den gamle lave sorten) dei kom akkurat i blomst til påskeafta Tilber
Og rett før eg skulle gje meg for dagen og gå inn oppdaga eg at tre KVITVEISAR hadde opna seg, og tradisjonen tru : sen fyrste kvitveisen eg finn i hagen tek eg med inn til min kjære fru, ho ligg og søv og eg er spent på kor lenge det går før ho oppdagar den når ho står oppatt !! Shocked Stort smil

Og det siste før eg avslutta arb.dagen var at eg sjekka staudesådden som står ute med agrylduk over, og der var Cothusa matthioli i full gang med spiringa så den måtte få vere med inn i lys og varme Hoppende glad

Ellers har eg fått melding frå naboen idag om at det er bare å gå igang med planlegging av sumpbed på det stykket eg skreiv om idag tidleg.

Prikling av løvemunn og FOTOALBUM

16 apr 2006 21:49


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og kosar meg med dagens aktivitet på hagegal Akkurat nå: slapper jeg av og kosar meg med dagens aktivitet på hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Endelig har eg fått lagt ut bilder i albumet mitt Hoppende glad Hoppende glad alle er frå 2005 unntatt det siste av Buddleia alternifolia, frøplante som eg tok no i kveld.

Tusen takk til min snille svoger Klem som er mi gode støtte i tekniske spørsmål ettersom eg vanligvis "har tungt for det" med teknikken Rolling Eyes Mr. Green
(alt sånt må inn med teskei Pinlig berørt Blunke )
No håpar eg bare at eg hugsar korleis det var gjort til neste gong eg tek bilder.

Planen idag var å prikle, potte og kansje så, men så fekk vi besøk så eg rakk ikkje anna enn å prikle løvemunn, dei spirane som var til overs gav eg bort til besøket.
Resten får eg prøve å få gjort i morgon.

Nok ein dag utan å få gjort noko i hagen....

19 apr 2006 07:10


[ slapper jeg av og skal ete frukost Akkurat nå: slapper jeg av og skal ete frukost ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I går var det plutselig ein fin dag som kunne ha vorte utnytta i hagen med ein innsats der, men då hadde eg sjølvsagt andre gjeremål (måtte til Nordfjordeid med bilen, bilverkstaden skulle gjere omatt noko som var feil gjort + EU-kontroll.
I ventetida var eg innom hagesenteret og kikka, dei var begynnt å pakke ut og sette på plass busker og tre men hagesenteret var ikkje opna for salg enno.
Det enda med at eg kjøpte ein Nertera og ein kvit påskekaktus + nokre ampelar i blomsterbutikken. Vidare var eg til eit anna planteutsalg der dei brukar å ha bra utvalg av diverse stauder, men dei hadde ikkje fått inn noko enno - heilt tomt Crying or Very sad
Sjølvsagt måtte eg på Narvesen og kjøpe Gardens World å lese i med eg venta på at bilen skulle verte klar.Der var det forskjellig interessant, mellom anna ein artikkel om Show-auriklar, eg har ein del frø liggande som skal såast så snart eg har plass. Så får vi med tida sjå om dei vert like fine som dei som var avbilda i bladet !

På Europris kom eg over diverse urner og pottesett som eg kjøpte med meg heim att + nokre porsjonar med blomterert, både lave og høge. Og ein tur til Felleskjøpet resulterte i ei saks, skjellsand og hønsefor.

Men før eg drog til Nordfjordeid fekk eg laga til og send pakkar til Akoen, Frøya-Heidi og Beyond, håpar dei kjem heile fram.

Før eg gjekk til sengs la eg i bløyt frø av lave blomstererter.

Idag er det arbeidsdag, så får vi sjå kor mykje energi der igjen etter det som evt. kan brukast i hagen.

Plantepakkar og vårarbeid

20 apr 2006 22:33


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av skal lage meg kvelds og finne loppekassa ! Akkurat nå: slapper jeg av skal lage meg kvelds og finne loppekassa ! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg endeleg fått gjort litt hagearbeid, ein steindunge eg hadde liggande etter noko graving har eg transportert vekk + ein del jordsom vart til overs etter grøftegraving .Det er mykje som skulle ha vore gjort no før våren og veksten kjem igang for fullt, men timane utanom arbeids- og kviletid er få og ryre så ein kjem "bak på" med det som skulle ha vore gjort.
Tok ei runde og såg meg rundt på det som spirer og gror og då oppdaga eg at den raude julerosa som eg flytta i haust stod med nysprotne blomster Hoppende glad det hadde eg ikkje venta.Ellers blomstra snøklokke, crocus,Eranthis,Pulmonaria (raud lungeurt), påskelilje, Primula veris, kusymre (Primula vulgaris),kvitveis og Scilla sibirica.

Igår fekk eg pakke frå Magnar med div.prikleplantar og Robinia frå Torill.
Torill skal ha Acistrus i retur.
Idag var der pakke med småplantar frå akoen.
Takk til dåkke alle sammen.

No merkar eg godt at skal eg få tid til å gjere noko i hagen etter arbeid må ein del av lesetida på hagegal vike Pinlig berørt Cool men slik er det......
Reiknar med at imorgon skal eg få tid til litt hagearbeid midt på dagen mellom arbeidsyktene.
Det var nesten synd å gå ihus no ikveld så fint som svartetrastene og dei andre småfuglane song, reine vårkonserten var det Hoppende glad

No får eg legge nokre byttestauder ut i bytteringen.

Spaing av bed

23 apr 2006 06:42


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg må skunde meg på jobben no ! Akkurat nå: spiser jeg må skunde meg på jobben no ! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår fekk eg endeleg ei skikkelig ykt i hagen i finveiret. I 3,5 time dreiv eg på nær sagt med nybrottsarbeid. Skulle spa opp resten av det nye bedet langs muren til gamlevegen, men der traff eg på langt meir stein enn det eg hadde reikna med.
Eg hadde ståande nokre busker der ifrå før så eg visste at der var litt stein, men at der var SÅ mykje det ante meg ikkje, men opp måtte dei om eg skal unngå å spa i stein kvar gong bedet skal oppgravast. og det beste med det heile er at då har eg anvendelse for overskotsjorda eg har frå vinterens grøftegraving utan å måtte transportere den lenger vekk Enig

Dei tre buskene som stod der ein Forsythia som ikkje vil blomstre, ein Weigela (Ruby Red, trur eg) og ei kanelbusk (Calycanthus) vart gravne opp og sett til sides. Er litt usikker på kva eg skal gjere med dei,om dei skal ned i bedet eller om eg skal finne nye plassar til dei. Forsythiaen skal iallefall IKKJE ned der.
Calycanthusbuska er litt spesiell, møkegrøne, glansfulle blad på størrelse med seljeblad, litt breidare som luktar kanel når ein gnir på dei. Blomstrane er noko for seg sjølve : brune på farge, på størrelse med ei krone sånn sirka og ser meir ut som ein opna, tørr frøkapsel enn ein blomst, hard og stiv er den og !
Då eg grov opp den fant eg nokre rotskot som eg trur kjem frå den buska, dei tok eg vare på og skal potte opp for å sjå om det er den, i så tilfelle har eg nokre som kan brukast til bytteplantar på forumet Blunke men kan sjølvsagt ikkje love bort noko før eg får slå fast at det er rette planten.
Idag må eg prøve å få ut i drivhuset fleir av det eg har i kjellaren sånn at eg kan få så meir. Har forresten ein heil del staudefrø som må såast nokså fort, har bare ikkje hatt plass å så dei enno.
Nei no er det på tide å komme seg på jobb tenkjer eg.
God søndag og hagedag til alle !

2. notat idag

23 apr 2006 20:58


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter andre økt på jobben Akkurat nå: slapper jeg av etter andre økt på jobben ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I formiddag bar eg ut i drivhuset ein del som skulle ut der, får bare håpe at nattefrosten held seg langt vekke. Dei er dekte med agrylduk så det skal litt til om dei vert frostskada no, men om det vert krise kan eg altid sette inn ein varmeovn som nødløysing.
Etterpå sådde eg :
Tagetes 'Ehrenkrauz'
T. 'Valencia'
T. 'Tangerine'
Sommaraster 'Pink Towm'
og 'Blue Moon'
Lavatera 'Pink Regis'
Cosmos, tofarga

I tillegg sådde eg den fleirårige solsikka Helianthus maxmilianii.
Det vert spennande å sjå om den klarar seg her hos oss, fin var den å sjå til ialle fall på bilde.
Er det nokon andre som har prøvd den og kan komme med erfaringar ?

Seinare pakka eg plantar som skal sendast til Torill, Mario, Magnolia og Florence i morgon, godt å få sendt det ein har lova vekk så er det gjort.
Neida smg'* og Anita K., eg har ikkje gløymt at eg har lova dåkke hjortetrøst, men eg har ikkje fått grave den opp enno, den skal flyttast og då får dåkke ein bit kvar Blunke

STAUDESÅDD OG LANGE ARBEIDSDAGAR

26 apr 2006 20:49


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av pustar ut etter travle jobbdagar og håpar det roar seg...... Akkurat nå: slapper jeg av pustar ut etter travle jobbdagar og håpar det roar seg...... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No har eg lagt bak meg to forviklingsfulle dagar på jobben. I går vart det langdag med 12 timar i eit på arbeid Død på grunn av at klovskjæraren kom på kort varsel og skulle bedrive pedikyr på buskapen+ nesten 30 min køyreavstand kvar veg var eg ikkje god til å gå inn på hagegal i gårkveld Ulykkelig det vart tidleg senga på meg då ja !
Idag skulle eg bare ta fjøsstellet og avspasere resten av dagen, då vart sjølvsagt ei kyr sjuk og eg måtte tilkalle dyrlegen, ho meinte at ho skulle klare behandlinga åleine slik at eg slapp og køyre den lange vegen ekstra for ho kunne ikkje komme før i tolvtida. Dermed gjekk eg igang med staudesåing heime i kjellaren og godt igang ringte dyrlegen :
"Eg treng hjelp,kan du komme ? "
Ho hadde eit par andre erend som ho skulle ta i mellomtida og skulle ringe meg ein halvtime før ho var på plass igjen i den fjøsen eg steller for tida (bonden er bortreist og kjem att til helga) så eg fekk heldigvis så staudene mine før eg måtte køyre. Håpar alt er ok i morgon for då har eg eigentleg fridag, men tok på meg å stelle tom. fredags morgon til bonden sjølv kjem heimatt.

MANDAG var ein strålande dag og eg fekk gjort nesten ferdig bedet mitt inkl. å blande hønsegjødsel i jorda, no manglar det bare å trille på litt ekstra jord så kan staudene som eg har ståande på vent i potter plantast ut . Hoppende glad
Kassene med staudesådd som har stått ute i vinter sette eg inn i drivhuset og nokre potter som var starta og spire sette eg inn i kjellaren under plantelyset.
Det var:
Veronica grandis,
V. kiusiana
Jovellana violacea
( håpar det er det som har spirt og ikkje ugras Laughing )

I går vart som sagt ingenting gjort i hagen Ulykkelig

Og her er lista over stauder som eg sådde idag.(har igjen nokre få sortar å så):
Alcaea rugosa , gul
Allium cyaneum
A. narcissiflora
Alstromeria, orange
Anemone globulosa
Aquilegia ecalcarta
A. 'Fireracker'
A. flabellata, dverg
Festuca glauca
Incarvillea younghusbandir
I. zongdianensis
Liatris spicata 'Kobold'
Malva sylvestris
Meconopsis betonicifolia, kvit
M. delavayi
M. sheldonii
Primula auriculus, Showauriklar
Pulsatilla vulgaris ssp. gotlandica
Tradescantia andersonii, mix

I postkassa idag låg der brev frå Viggo (priklepl. av Dicentra), tintin (Iris) og Magnolia (Hippeastrum) Hoppende glad tusen takk til dåkke alle.

No skal eg prøve og få med meg litt av det som har foregått på hagegal idag ( var så vidt innom tidlegare idag då eg venta på at dyrlegen skulle ringe meg opp, men reiknar med at der er mykje som har foregått iløpet av to dagar Blunke

Bedet er klart til planting

27 apr 2006 23:04


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av skal snart gå i loppekassa og kvile kroppen  ! Akkurat nå: slapper jeg av skal snart gå i loppekassa og kvile kroppen ! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag er eg fornøgd med det eg har fått utretta i hagen.
Det nye bedet har eg fått fyllt opp med jord og er klart til planting, resten av jorda brukte eg til avretting av området der det har vore grøftegraving, men eg ventar med å så i grasfrø til jorda har tørka opp så ho smuldrar litt betre.Dessutan vil eg plante til staudebedet før eg sår plenen. Er litt usikker på om eg skal plante tilbake buskene som stod der eller flytte dei til ein anna plass.
Så fylte eg jord på muren ved steinbedet. Der sig jorda så eg må fylle på kvart år. Fremst på murkanten har eg rosa pinsenellik som med tida vil henge nedover murkanten. Det vert bra, trur eg.

Så var eg på tur på kvistdungen med røter og ugras som vart sortert bort frå jorda eg arbeidde med og kva anna lyste mot meg enn årets fyrste frilandsløvetann Hoppende glad ! Kvifor frilandsløvetann ? Jau eg har ei løvetannrot som kjem opp i golvet i drivhuset, den blomsta i forige veke. Men denne fyrste løvetanna på friland tok eg med inn til mi kjære fru, så fekk ho noko å sette i vasen sin idag og Enig
Og jammen såg det ut til at ho vart glad for å få løvetann og Mr. Green

Så var eg ei runde rundt i hagen med gjødselspanna og gjødsla buskbomhekken, narcissane og diverse rundtom kring.

Idag oppdaga eg at Heucera 'Metallica' spirer Hoppende glad så no kjem dei ein etter ein med spirar staudene som har stått ute i vinter Stort smil

I morgon håpar eg å få gjort ein bra innsats i hagen og, føler at eg er kommen bak på med det som var planen pga. lenger vinter og endringar i arbeidsplanen, men slik er det no så eg får ta ein dag i gangen.,

Besøk av hagegale

28 apr 2006 21:51


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg fått gjort ein del i hagen i det fine vårveiret. Rydding av kvist og kvast, tørre stilkar visna lauv etc.
Jordbærfeltet fekk eg reinska opp og det var på høg tid. Eg har to sortar som var planta i fjor, Polka og Korona. Har hatt Senga Sengana tidlegare med dei karmane er så gamle at dei skal ryddast.
Vivendelen på portalen fekk eg klippt det eg når ifrå bakken , må til med stige på nedsida, det får eg sjå om eg rekk å ta i morgon.

Så kom postdama med posten og der var pakke med vaniljenemesia frå Mario stor og fin til og med blomster på den Hoppende glad
Og ikkje nok med det; eg fekk kasse med diverse frå Bakker og . 4 sortar liljer, 9 sortar Iris germanica , ei bøtte med div blomsterløk og ein crinum powelii -løk som var overraskelsen frå Bakker .

Høgdepunktet i dag var at eg fekk besøk av Elsa og mannen , dei var på tur forbi og stakk innom med plantar til meg Hoppende glad , ein stor og fin Canna + ei kasse med diverse stauder, sirlig pakka og merka .
Tusen takk Elsa, dei skal godt takast vare på . Klem

RING...RING....RING..........

30 apr 2006 12:21


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av så godt eg kan og håpar at eg får ein dag og kvile meg på Akkurat nå: slapper jeg av så godt eg kan og håpar at eg får ein dag og kvile meg på ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

ER DET SØNDAG IDAG ?
Her er det ein kar som snart er heilt forvirra, trøtt som ein dupp i dag tidleg spratt eg opp til tonane av ein telefon som ikkje ville gje seg og ringe.
TYPISK Mad Mad Mad
Av to gongar i året eg SØV til kl. 08 om morgonen var idag, etter å ha vore i 40-årslag til syskenbarnet mitt og kona til bror hans ut i "dei små timar" på Samfunnshuset "Davang", eit koselig lag forøvrig med god mat og drikke og ope hus som det heiter.
RING....RING....RING....RING.... Ondt smil eg merka kor den h....... ringelyden gnog seg inn i ryggmargen og eg forstod det var nokon som ville meg noko " midt på natta"
for det var det for meg. Forvirret
Eg heiv meg ut av senga og ned trappa tok røret og snerra namnet mitt Død halvt i ørska , i andre enden sa det "God morgen Harald dette er xxxxx, kan du komme og stelle fjøsen ? Han xxx er sjuk og må til doktoren !"
Å NEI, raste det gjennom haudet mitt, ikkje idag og vel Kjempesur Kjempesur Kjempesur men eg prøvde no å halde maska samtidig som eg sa at eg ikkje hadde hatt så mange timane på puta og var halveis i ørska, men lovde no å komme så snart eg hadde fått meg litt mat i magen.
Som dåkke forstår ; idag er eg SUR Kjempesur Kjempesur Kjempesur Kjempesur (vil ikke, vil ikke , vil ikke ! Men desverre så må eg.... Mad Mad der rauk resten av fridagane mine (idag og i morgon) som var så sterkt trengande. Måtte ta på meg ekstra arbeid tidlegare i friperioden og ! I går morgon måtte eg også ta fjøsstellet for ein kar som var sjuk, så her er det ikkje lett å vere den einaste avløysaren, men er det akutt så er det akutt. Eg strekkjer meg så langt eg kan, men strikken er snart strakt heilt ut.
Shocked Shocked og no når eg sit og skriv dette så ringjer ein som er sjuk og ikkje har nokon som kan stelle fjøsen til seg i morgon tidleg Død Død Død
No trur eg at eg opnar barskapet og gjer meg utilreikneleg....for nokre dagar.... trollmann trollmann Mr. Green

Vell, no har eg fått skrive av meg mykje gruff, faktisk virkar det litt avstressande. Iallefall lettar det på trykket.
Det eg eigentleg skulle fortelle om var hagestellet mitt for laurdagen.

Igår fekk eg klipt alpespireabuskene mine.
Så starta eg med planting av staudene i det nylaga bedet mitt . Staudene har stått i potter i vekstbenken sidan i sommar og tidleg i haust for oppbevaring , då eg skulle brakke det området dei stod på + nokre eg måtte flytte då eg skulle dreneringsgrøft i vinter.
Dei staudene eg har planta ned til no er:
Doronicum plantagineum (Storgullkorg)
Pulmonaria angustifolium ( Blå lungeurt) planta rundt ein Ribes sanguineum
Polemonium caeruleum (Fjellflokk) kvit og blå.
Dicentra spectabilis 'Alba' (Kvit Løytnantshjerte)
Trollius ssp. (Ballblom), der hadde eg to sortar men mekelappane hadde forsvunne så eg usikker på kva er kva.
Alcea rosea 'Pleniflora' ( Mørkrosa stokkrose)
Pluss at eg også sette ned Gladiolusløk i grupper.
Desse staudene har eg planta i varierande antall av kvar i grupper.

Enno har eg ein god del stauder ståande som skal ned i dette bedet, så skal der fyllast ut med eittårige når det vert mulig å plante ut seinare.

Igår på runda mi i hagen oppdaga eg at den fylte kvitveisen min ikkje har dukka opp der den skal vere, det ser ut til at den ikkje har klart vinteren
Ulykkelig mange av kryptimianplantane mine har fått store vinterskadar og, det som hang nedover mur/ steinar er uttørka av austavinden vi hadde i vinter ei tid, mens det som veks i flatare og meir skjerma områder er heldigvis berga, så dei vil nok ta seg oppatt, men det var synd for det var flott med det som vaks og hang nedover steinane Crying or Very sad Ellers er det litt skade på Hebe og lyng som var planta i fjor.

Så kom smellen !

04 mai 2006 09:11


[  Humør: fortvilet ]
[ slapper jeg av og prøvar å få kroppen på rett kjøl igjen Akkurat nå: slapper jeg av og prøvar å få kroppen på rett kjøl igjen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Eg har gått på ein real smell reint fysisk. Har jobba ekstra mykje i det siste, pga. mykje sjukdom blandt medlemmane i avløysarringen som eg betenar, og i går kom tilbakesmellen ! Død Ulykkelig
Eg har det slik at eg prøvar å stå på det eg kan når nokon treng hjelp, og no måtte eg arbeide på fleire gardar samtidig pga. sjukdom. Eg var overarbeidd og utsliten frå før, så når fridagane mine forsvant og eg vart "pålagd" stadig meir arbeid vart det for mykje for meg så igår var eg nær å kollapse av overanstrengelse og stress.
Stress taklar eg ikkje og heile kroppen kjem i ubalanse, søvnen uteblir og då byggjer det seg fort opp i negativ lei. Så igår når det begynnte å svartne for auga når eg bøygde meg ned tok eg heldigvis til vettet og sa STOPP !!
Eg gjekk heimatt, la meg i badekaret og seinare rett til sengs eit par tre timar. Det gjorde godt, men sjølvsagt er den domme samvittigheta der og gneg overfor dei som er utan hjelp i ein vanskelig situasjon. Det er svært vanskelig å få folk til å ta på seg fjøsstell, dvs det er svært få som kan å melke ei kyr lenger utanom dei som har eigne dyr. Kommunen hadde tidlegare ein landbruksvikar til slike tilfeller, men han vart oppsagd for 6-7 år sidan pga. dårleg kommuneøkonomi , og dei som tidlegare har vore bønder men er slutta er i jobb andre stadar.
No har eg i fyrste omgang teke eigenmeldingsdagar, så får vi sjå vidare kor fort eg raknar til igjen. Håpar eg er istand igjen når helga er over.

Ute i hagen har eg ikkje fått gjort noko sidan laurdag Crying or Very sad , men det lyt no vere som det er .

Eg ser det veks grådig ute no. Bjørka, heggen og solbærbuskene har plutselig vorte grøne iløpet av eit par dagar og mange av Narcissane mine har starta blomstringa. Hoppende glad
For 3-4 år sidan fant eg ein sort påskeliljer på eit gamalt nedlagt gardsbruk der det ikkje har butt folk sidan fyrst på 60-talet . Dei vaks i ei skråning ned mot ei lita sikleelv, ein 10 -15 tuer kan eg tenke meg over eit litt spreidt område.
Eg grov opp ei av dei og tok med meg heim, dei har ikkje blomstra sidan men no ser eg at det er to blomstrar på den så dei skal eg prøve å få forevige iløpet av dagen så kansje nokon kan identifisere dei. Det er iallefall ein gamal sort for den siste som budde på bruket var ein gamal ungkar som omkom ved at han fall utfor låvetaket ein gong 1960-63, og eg trur IKKJE dei var planta i hans tid.

Ellers spirer det forskjellige stauder, både dei som var sådde i vinter og dei eg sådde i forrige veke, men eg har ikkje oversikta på nokonting lenger. Så det er kansje den einaste oppgåva mi i dag, i tillegg til vatning sjølvsagt !
Ellers skal eg ut i hagen og NYTE synet av det som blomstrar og veks.
Trur eg skal styre unna graving og planting idag og bare pleie kropp og sjel. Mr. Green

Ha ein god vårdag alle sammen ! Klem

Sjukmelding og lite driftig kar

05 mai 2006 18:35


[  Humør: fortvilet ]
[ slapper jeg av (så godt eg kan....) Akkurat nå: slapper jeg av (så godt eg kan....) ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Du verden for eit fint vårveir vi har, over 21 grader i skuggen idag og, men ein til tider nokså kraftig søraust vind gjer at det tørkar nokså mykje ut i beda.

Sjølv går eg sjukmeld på ubestemt tid, heilt energilaus, det er som lufta er sleppt ut av ein ballong.Føler meg som ein tom mjølsekk ! Laughing
Sit inne og tenkjer på alt ute som skulle vore gjort, ruslar ut ser litt og ruslar innatt til sofaen.
Tok meg på tak og gjorde litt i planterommet, men etter ei lita stund var der ikkje meir å hente av energi. Det er vel best å høyre på legen og ta det HEILT med ro.
Taplopen med hagegal har stått på nesten heile dagen, men det er ikkje mykje eg har lese av det som har foregått seg.... Ulykkelig

Ute ser eg at pinsliljene har komme i blomst iløpet av dagen og i morgon tenkjer eg at Darwin-tulipanane står i blomst (dei viser litt farge idag) , gule og raude 'Apeldorn' i grupper ilag med pinsliljene og blå muscari som og viser dei blå knoppane sine. Då er det på tide å plante ut dei grå sølvkransane som passar så godt i dette samspelet.
Faktisk den einaste samplantinga eg er fornøgd med sjølv Mr. Green er ikkje så flink til å sette saman forskjellige som passar saman i
fargekombinasjon.
Podophyllum og Waldsteineria har også begynt blomstringa idag og ikkje minst ; eg fant att tua med fylt kvitveis Hoppende glad Hoppende glad som eg trudde var Død
men når eg fant den DER kor liljekonvalane veks hugsar eg at eg flytta dei i fjor. Har bare ikkje tenkt på det før at det kunne vere den tua. Klovn

I morgon er det meininga at vi skal i borgarleg konfirmasjon i Florø, men om vi kjem oss avstad får helsa og tida vise. Skal gjere alt eg kan for at fruen skal få vere med på konfirmasjon til to av tantebarna sine. Den eine som bur i Telemark har vi ikkje helst på på fleire år no så det hadde vore kjekt for alle partar å delta der.
Veit at det skal vere hageinteresserte folk på konfirmasjonsfesten, spørs om eg skal påvirke til å komme med på hagegal
Mr. Green

God helg til alle som stikk innom her på dagboka mi !

Biltur og konfirmasjonsfest

07 mai 2006 08:46


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av skal ta med meg kaffikoppen ut og nyte det som spirer og gro Akkurat nå: slapper jeg av skal ta med meg kaffikoppen ut og nyte det som spirer og gro ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja no har eg kosa meg utover morgonen med dagbøkene frå igår. Må ha med meg det meste så sant eg rekk over det Cool !

I går var fruen og eg til Florø i konfirmasjon, fyrste gong eg har vore med på borgerlig konfirmasjon. Der var 21 konfirmantar og ein fin seremoni.
Etterpå var familien samla på Florøkroa til konfirmasjonsfest og koselig familiesamling. Altfor mykje god mat på koldtbord og kakebord. Mr. Green Blunke
Vi hadde gardert oss i tilfelle overnatting til idag i tilfelle eg ikkje var god til å returnere med bilen i gårkveld, men vi fant ut at vi begge ville heimatt og at det skulle gå bra med god utlufting i bilen i fineveiret og mange innlagte stopp.
Fruen køyrer ikkje lenger bil pga. ein defekt arm etter ei arbulukke for nokre år sidan, og på grunn av mykje sterke smerter må ho bruke medisinar som ikkje er foreinleg med bilkøyring Ulykkelig
Turen gjekk bra og heim kom vi, heimekjære som vi er.
Vel heime la eg meg litt nedpå sofaen for å slappe av og borte vekk var eg...... Drømmer

Heime var det vorte store forandringar i skog og hage iløpet av dagen, stadig nye tresortar var blitt grøne og dei som var grøne frå før var komne langt lenger på 12-13 timar Shocked så vidt eg kan sjå er det lønn,or, ask, eik og hassel som enno ikkje er grøne. Det skjer jo med rekordfart dette i år .... Forbauset

Fekk ein lang og god hageprat med madammen sin onkel igår som er svært hageinteressert. Prøvde å påvirke han til å besøke hagegal, men han sa at han skygga unna PC' en og internett, for slepp han først til der får han ikkje tid til å stelle i hagen... Laughing nokon som har leika med den tanken før ? Mr. Green Enig

Ha ein god hagesøndag i ein sommarvarm fyrste søndag i mai !

Kosedag i hagen med staudeplanting m.m

08 mai 2006 22:17


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av skal lese dagens nye dagboksnotatar før eg legg meg  ....... Akkurat nå: slapper jeg av skal lese dagens nye dagboksnotatar før eg legg meg ....... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg endelig igjen hatt ein dag i hagen kor eg har kosa meg med planting og diverse. Har så smått begynt å rakne til igjen og kjenner at kreftene smått om senn kjem tilbake, men veit at eg MÅ ta det rolig framover.

Eg begynte dagen med prikling av stauder, det var Cortusa mathiolii, Plantago atropurpurea og Heucera 'Metallica' .

Så fant eg ut at eg kunne prøve å plante litt stauder i det nye bedet mitt langs muren til gamlevegen. Der tilbringa eg mesteparten av dagen med planting av stauder, ikkje akkurat i racertempo, nei eg pusla på og kosa meg med det og høyrde på fuglekvitter og -sang i busk og kratt. Tok nokre runder rundt i hagen og såg på det som veks og gror.
Påskeliljene er alt på retur og dei mest avblomstra kneip eg av frøhusa så ikkje dei skal bruke krefter på å produsere frø for påskeliljeløkar har eg meir enn nok av.
Såg også at dei første kvitveisane er på retur
Crying or Very sad , kortvarig blomstring i det varme og tørre veiret vi har no.

Eg skar også ned klatrerosene som eg planta i haust ved rosesøylerekka, håpar dei kjem med god forgreining frå grunnen slik at dei vert fyldige og fine Drømmer i morgon skal eg nemleg til Torheim Gartneri, Eid og hente clematisane som skal klatre ilag med rosene. Er spent på om han fekk alle eg bestilte. Han hadde nokre av dei eg skulle ha, resten skulle han bestille frå Holland sa han ilag med anna han skulle få stjerne! stjerne!

Etter at eg hadde hjelpt pappa med å merke lamma (12 stk) vart det ei god stund på sofaen og slappe av, var nokså sliten etter å ha vore ute heile dagen.
Så var eg utatt og vatna staudene eg har planta idag og rusla rundt enno ein gong på "oppdagelsesferd" i hagen.Det skjer SÅ mykje no kvar dag at ein knapt rekk og registrere alt. Må nyte godveiret og den gode temperaturen no med vi har det så flott, det er meldt kjøligare ut i veka.
Rhododendron 'Baden Baden' og gullgyvelen (Cyticus purgans) har begynt blomstringa idag og begge morelltrea er no i blomst.
Gullregnen som er tre år gamal hadde berre nokre få blomster i fjor, i år er den full av knoppar ser det ut til, det gled eg meg til for gullregn i blomst er noko av det vakraste eg veit. Eg såg at liljekonvalane som eg fekk av svigerinna mi og hennar avdøde mann for fire år sidan no har knoppar Hoppende glad

Skal komme tilbake til kva stauder eg har planta i bedet når eg er ferdig med plantinga.

Har rusla rundt litt og planlagt litt idag og og komme til det at eg truleg anlegg eit eige Irisbed langs muren ovanfor gullregnen og flaggstanga mot hjørnet på muren + eit liljebed frå hjørnet og nedover langs muren mot rosesøylene , og kantar dei med avrunda steinar, dekkjer plena med aviser og fyller jord oppå.

PS !
Det såg ut til at eg har fått hybelbuarar i fuglekassa i morelltreet, ein svartkvit flugesnappar dreiv og inspiserte kassa då eg dreiv på i hagen idag
Hoppende glad håpar dei tek rikeleg føre seg av årets avling av skadeinsekt i hagen Enig

Handletur til Eid

09 mai 2006 21:18


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter heildags handletur til Eid Akkurat nå: slapper jeg av etter heildags handletur til Eid ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nok ein strålande dag, sommartemperatur og fuglesong i lund og li.

Idag starta dagen med å hjelpe pappa å få sauene og lamma ut for første gong iår. Det er livlege saker, alltid like kjekt å vere med på. Dansande smålam som møter den store grøne verda for fyrste gong og sauemora som får smake grønt for fyrste gong i år. Blandt brækjande store og små som leitar etter den rette mor eller barn i vrimmelen kan det lett bli både knuffing og krangel, men oftast går det greit.
Det er ikkje store flokken, 6 sauer og 12 lam + 6 fjorlam som skal på eit anna beite, dei skal ut i morgon og nyte livet i det fri.
Når vi var ferdige med det drog madammen og eg på handletur til Nordfjordeid, der henting av Clematis hos Torheim Gartneri var hovedgrunnen for min del. Eller som madammen sa det når eg sa at vi måtte fare til Torheim fyrst : "Sånn at du får plass i bilen til det viktigaste ?" Cool Mr. Green
Clematisane eg fekk var desse:
Etoile Violette
Perle d' Azur
Edith
Warszawa Nike
Jackmanii
Duchesse of Edinbourgh
Clematis vitalba
(Eg hadde også bestilt 'Golden Tiara' og 'Miss Bateman' men desse hadde dei ikkje fått tak i
Crying or Very sad )
Vidare kjøpte eg eit hjertetre (Cercidiphyllum) som eg har planlagt i fleire år. Plassen der den skal stå er ikkje ferdig men plantane var så passeleg store å få inn i ein Mondeo så den vart med heimatt likevel .
Så fant madammen seg ei lita busk som ho vil ha i urne på varandaen (røykerommet) Euonymus 'Emerald Gold' med gulbrokete blad svært i augefallande så den vert nok fin der ja !
Og sist men ikkje minst : eg fekk tak i Blåregn ( Wisteria 'Prolific' ) som skal klatre på pergola ved uteplattingen. Hoppende glad Hoppende glad
Ingen upris heller 140,- er eg godt fornøgd med for blåregnen. Blunke

Tilbake på Nordfjordeid la vi turen innom eit plantutsalg der eg hadde bestilt 10 strandnellik til eit prosjekt eg har hos naboen, men dei hadde ikkje fått den sorten enno, men vi gjekk ikkje tomhendt derifrå av den grunn Mr. Green
eg kjøpte meg blåveis og Thymus citriodora 'Doone Valley' , kryptimian med gulbrokete og sitronduftande blad . Madammen kjøpte seg ein femtunge, også den til varandaen !
Var også innom hagesenteret i sentrum Cool og kjøpte småblomstra stemor og storblomstra stemor til mi mor .
Og som ikkje det var nok var vi på dyrebutikken og kjøpte plantar, fisk og ny grus til akvariet og, så idag har vi vore innom nesten alle stader der det vert solgt plantar i Eid.
Hårete lykke
I morgon vert det vel å ta for seg akvariet, det skal vi gjere grundig reint, skifte grus og plante nye plantar. Har vore plaga med gjenstridige algar i det siste og no er det ikkje nokon veg utanom, det MÅ takast grundig ellers ryk vel heile akvariet ut tenkjer eg.
Var også innom polet og kjøpte noko av det beste eg veit: moltelikør
Drømmer

Fyrste plenklyppen

10 mai 2006 22:18


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og er snart moden for senga.... Akkurat nå: slapper jeg av og er snart moden for senga.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag slipte eg plenklypparkniven og moterte igjen og slo plenen. Måtte ta det i etappar så det er tydelig at kroppen ikkje er heilt i balanse. Utruleg nok starta klypparen på fyrste draget, det trur eg aldri har hendt før og aldri ved fyrste start på
våren.
Vidare planta eg ut sølvkransen langs trappa som går ned frå utgangsdøra og mot uteplattingen. Der har eg raude og gule Darwintulipanar, blå Muscari og pinsliljer. Når pinsliljene og tulipanane er avblomstra skal skaugumane overta plassen.
Eg planta nokre småblomstra stemor mellom kjeglegrana og Rhododendron 'Baden Baden' . Der og har eg blå Muscari som no står i blomst.

Etter det var det sofaen som fekk gleda av å vere i mitt selskap
Mr. Green var temmelig tom etter plenklippen og det andre så eg sovna på sofaen ei heil stund og det gjorde godt.

Seinare i kveld var eg ut og sprøyta med Roundup den skråninga som eg har planlagt å legge til hagen min frå far min sin eigedom Mr. Green (han var heilt enig i mine planer Enig ) Når det er nedvisna har eg tenkt å rubbe der litt og plante blomkarse på heile skråninga i allefall i år. Blomkarsen kveler det meste av uhumskheter så eit par år med det så kan dette arealet bli til eit fint areal for fjellhageplantar .... Drømmer

No i kveld fekk vi uventa besøk av eldste dattera som jobbar på Beitostølen. Etter planen skulle ho komme på fredag, men hadde fått eit par ekstra fridagar Hoppende glad No har ho ikkje vore heime sidan jul så det var kjekt å sjå henne att !
Katten (Lotus) har ho med seg, og han og vår katt (Solo) er kjempevenner Klem så det er artig å sjå gjensynsgleda hos dei når dei fer i racerfart frå rom til rom.

Akvarievask og jordskokksetjing

11 mai 2006 22:56


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av er moden for senga kjenner eg.... Akkurat nå: slapper jeg av er moden for senga kjenner eg.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg hatt som hovedoppgåve å gjere reint akvariet vårt. Vi hadde fått problem med algar som var vanskelege å få bukt med så vi bestemte oss for å kjøpe ny grus, nye plantar og nokre nye fiskar i forgårs og idag var den store dagen då vi skulle gå til verks. Det er ein stor jobb når det skal takast grundig, men så vart resultatet også bra tykkjer eg ! Enig

Men før det kom eg på at eg hadde ståande ein plante med jordskokk som skulle ha vore planta ut på nytt for lenge sidan. Og ganske riktig; den var begynt å komme over jordskorpa med nye blad. Eg spadde opp heile "tua" og delte ifrå dei store som vi tok opp og smakte på, mens dei små vart sette i jorda igjen. Syntes at det var lite smak på den i forhold til jordskokk eg har smakt på før, men saftig, sprø og kvit i kjøttet var den.
Eg la ut eit spørsmål på forumet og då kom Sigrid på bana og tilbaud meg ein sort som ho har Hoppende glad Hoppende glad så då får vi samanlikningsgrunnlag Blunke

Ellers var eg rundt i hagen idag og registrerte dei plantane som blomstrar nett no og det er fleire enn eg var klar over. Her er dei :
Pulmonaria angustifolia
P. rubra
P. saccharata
Arabis, kvit og rosa
Saxifraga, 3 sortar
Primula eltior, mange fargar
P. pruhoniciana 'Wanda'
P. vulgaris (Kusymre)
Dicentra spectabilis
Doronicum platagineum
Bergenia
Helleborus
Anemone nemorosa, vanlig og fylt
Ranunculus aconitifolius fl.pl. (Skjorteknappar)
Epimedium rubra (Raud bispelue)
Podophyllum (Himalayafotblad)
Brunnera macrophylla (Forglemmegeisøster)

Løkvekstar:
Tulipanar, div. sortar
Narcissar, div. sortar
Fritillaria meleagris ( Rutelilje)
F. uva-vulpus (Gråkrone)
Scilla sibirica (Russeblåstjerne)
Muscari americana (Perleblomst, blå)

Busker og tre:
Morelltre
Rhododendron 'Baden Baden'
Cytisus purgans (Gullgyvel)
Amerikanske blåbær

Idag har vi fått litt regn etter 13 dagar opphald og dei fleste av dei dagane med sommartemperaturar og nokre dagar med sterk uttørkande vind.
Det gjorde godt med regnet - reinska opp lufta , men det skal ein del til i beda før det veg opp for dei tørre dagane vi har hatt i det siste.

Dessutan såg eg at heggen var begynt å blomstre idag !

Montering av espalier /klatrevegg

12 mai 2006 22:53


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av les, ser TV og kosar meg Akkurat nå: slapper jeg av les, ser TV og kosar meg ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nok ein kjempeflott dag med vekslande skydekke og sol Hoppende glad .... og eg som trudde det skulle regne idag ! Forbauset
Idag var eg så heldig å få Janne, eldstedattera (25) til å hjelpe meg litt i hagen med å bere armeringsmatter ned i hagen slik at eg fekk kappa dei til i passelige stykker. Den eine vart montert som klatrevegg for blomsterert og blåregn på "baksida" av uteplattingen.Der måtte eg beskjære ein sypress 'Elwoodii' som var litt for vid og grudde meg litt til korleis det kom til å ta seg ut, men det vart faktisk ikkje så "gale" som eg hadde frykta.
Som mi kjære fru sa: "Vårherre har nok meint at den skulle beskjærast, han har bare ikkje hatt saks og hjelpe seg med ! "

Den andre matta vart montert nesten i sin heilhet der kor eg har planta Rosa 'Hybrida' og klematis, samt ei rose vi ikkje veit namnet på, kallar den bare for "Eikefjordrosa" fordi den vaks på min svigerfars barndomsheim.
Tippar den veggen vert flott når den har fått på seg eit par år og 'Hybrida' har fått etablert seg og breie seg ut og klematisane vert fyldige og fine. Klematisane er 'Hagley Hybrid', 'The President', 'Mrs. Cholmondley'
Det er nokså høgt i nederste enden så det vart å stå å balansere på ei vaklevoren gardintrapp mens Janne prøvde så godt ho kunne å holde balansen på både trappa og meg Laughing Laughing det gjekk bra heldigvis og matta kom opp som ho var tenkt til. Tilber


Så fekk eg spadd opp nokre snøklokker og sendt til Marianne og eit par stauder og nokre prikleplantar til Elsa som eg var avstad og posta.
Og postdama kom med pakke frå magnolia med Nicotiana 'Lime Green'
(her skulle det vere ein hoppemann !)

Eg merkar at formen ikkje er heilt som den skal for eg må ofte ta pausar når eg held på . Den jobben med armeringsmattene tok på idag, så då vart det sofaen på meg etterpå og sovna gjorde eg med taplopen på magen og hagegal på skjermen Mr. Green Drømmer
Legetimen eg skulle ha i dag vart utsatt til mandag så då får eg no bare vente å sjå på mandag kva legen seier.

Idag vil eg rette ei stor takk til Janne for hjelpa ho gav meg med mattene Klem hadde ikkje klart det utan di hjelp !

Ompotting og "skattejakt" i kjøleskåpa

13 mai 2006 16:43


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av før eg skal i jebusselskap Akkurat nå: slapper jeg av før eg skal i jebusselskap ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagen idag er både hustrig og våt, men du kor godt det gjer i hagen. Hoppende glad

Idag har eg rydda litt i "planterommet " i kjellaren . Eg hadde ein del som skreik etter større potte å bu i Pinlig berørt så eg potta opp Eccremocarpus, Rhodochiton og Amaranthusen i større potter, det trur eg dei vil like Enig . Den eine Blodbegeret var begynt å blomstre. Dei har vorte toppa nokså mange gongar så dei er tette og fine og vert nok flotte når dei eingong slepp lause på friland og kan begynne klatringa. Foreløpig er det altfor kaldt til å plante dei ut. Må nok vente til pinsa er over, for her hos oss har vi noko vi kallar "pinsrida" , ein kuldeperiode rundt pinsetider og den perioden er nokonlunde årviss. Det hender ikkje så sjelden at det snøar nokså langt ned i "Pinsrida".

Eg har også potta busken som madammen kjøpte for å ha på verandaen Euonymus 'Emerald Gold' i ei mørk blå potte. Den vert nok flott når den breier seg utover... Drømmer

Så tok eg stiklingar av Lantana, Solanum rantonetti, samt Clematisane 'The President' og 'Hagley Hybrid' .
Solanumen har eg tenkt å lage meg oppstama plantar av. Syntes det er finare enn buskvarianten.
Lantanaen er ein smalblada variant eg fant på eit planteutsalg ifjor og var utruleg blomsterrik, blomstra til seint på hausten. Virkelig flott ! Konge!

Nicotiana 'Lime Green' som eg fekk frå magnolia i går har fått potter å bu i, dei syntes eg er virkelig flotte, spesiell farge.

Og så noko som nesten grensar til flause:
I år fekk eg frø frå Thompson & Morgan av Tropaeolum azureum som skulle ligge i fuktig sand i kjøleskåpa til denne veka. Eg har sjekka posen kvar veke heile tida, men etter påske har eg heilt gløymt av den. Klovn og kva skjer ?
Jau då eg kom og skulle ta den ut av kjøleskåpa idag var det fyrste eg såg gjennom plasten lange kvite røter inne i Zip-posen Shocked Forbauset
Ned i planterommet med den og posen klippt opp for ikkje å skade røtene, la innhaldet oppå ei potte med jord underst og litt sand på toppen, så litt strøsand oppatt på for å dekke røtene heilt . Håpar at det går bra med røtene og at dei finn vegen i fast jord og etablerar seg.

Kl. 18.00 skal vi i gebursdag til "Lisjesysta" mi i Rugsund og til henne har eg laga til (forutan jebussgåve) ein liten svarthyll og ein liten plante av Buddleia. Dei veit eg at ho har lyst på begge to.

God helg til alle som er innom. Klem

Blåregnen er planta

16 mai 2006 08:32


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og kosar meg med frukosten Akkurat nå: slapper jeg av og kosar meg med frukosten ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det var ikkje så mykje eg gjorde i hagen igår, men eg fekk no planta ned blåregnen som eg har kjøpt meg. Den gled eg meg virkelig til å sjå i blomst. Sorten heiter 'Prolific' og eg håpar at den er av det blomsterrike slaget.
Kva kan vel vere vakrare enn å sitte på terrassen og kose seg medan blåregnen klatrar på pergolaen over og stoooore blå klasar heng og dinglar i brisen... Drømmer

Eg pakka også prikleplantar til Solfrid og Idefix som er på vei i posten.
Til Randi M skal eg sende idag.
Så skal eg gjere opp status og legge ut i bytteringen det som eg har til overs av prikleplantar.Enkelte sortar ser nesten ut til at dei har spirt meir enn det som vart sådd Shocked

Mykje av dagen igår gjekk med til legetime. Pga stengt på legekontoret her måtte eg over fjellet til kommunesenteret for konsultasjon. Skulle ta blodprøvar som skulle sendast og måtte møte opp ei god stund før legetimen (pga postgangen) og så var det og vente...vente... vente... Forvirret på legetimen. Når eg var der fant han ut at det var fleire prøvar han ville ta så det vert tur idag og til "blodtapping", men idag slepp eg å reise så langt. Tek dei på legekontoret her.
Legen sjukmelde meg til 28. mai Shocked ikkje det eg likar best akkurat, men eg får no gå her og pusle i hagen, det er no koselig det..... Mr. Green

Idag er det iallefall strålande sol Hoppende glad så det er kjekt å vere i hagen slike dagar og styre på sjølv om det ikkje vert slikt som viser så godt igjen.

Litt planting, litt gjødsling, litt av kvart

16 mai 2006 22:08


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av .......snart spelar eg extra Akkurat nå: slapper jeg av .......snart spelar eg extra ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg kosa meg i fineveiret med diverse hagearbeid i det små.
I det nye bedet mitt har eg planta Stormarikåpe ( Alchemilla mollis), Potentilla sp.,
og Heucera sp. , ein H. som stod igjen i hagen etter dei som budde her før oss. Forholdsvis små,grøne blad og fløytekvite blomster. Eg kallar den bare "Kisse" etter ho som budde her før oss. Blunke
Vidare planta eg Clematis viticella i nedre morellbed, den skal klatre i det gamle gule morelltreet so eg håpar at den etablerar seg godt og trivst framover.
Resten av bedet vart tilført naturgjødsel og dekt med grasklipp frå den dagen eg klippte plenen.
Så har eg eit parti som eg har brakka som seinare i år skal plantast tre og busker på, der har det vakse ein del kvitveis som eg no flytta og planta langs ein del av buskbomhekken, håpar at dei etablerar seg godt der det kan bli fint med kvitveisteppe der.
Blåveisen som eg kjøpte i forrige veke planta eg i øvre morelltrebed i nærleiken av Primula vulgaris (kusymre)
Den vinterherdige Fuchsiaen min fekk seg ein porsjon gjødsel idag. Han kjem fint frå rota i år og Hoppende glad håpar at Lene i Fredrikstad kan identifisere den for ho fekk stiklingar av meg i haust Pinlig berørt (hadde vore kjekt å vite namnet på den.... Cool )

Ellers var eg på gravplassen ilag med pappa og planta der idag. Må jo pynte opp der og til 17. mai !
Var og på butikken og tigga til meg ein stor bunke gamle aviser som eg skal bruke til markdekke under bed utover våren og sommaren. (kansje stabelen deira kjem til å minke betydelig meir når eg etterkvart kjem igang med det Cool )

Koko, kokko, kokko.....

20 mai 2006 08:50


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg frokost og oppdaterar meg på hagegal Akkurat nå: spiser jeg frokost og oppdaterar meg på hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår kveld høyrde vi gauken for fyrste gong i år. I årevis har 17. mai vore dagen vi høyrde gauken for fyrste gong, men i år let han vente på seg. Då kan vi opne spekekjøtet som har hange til speking i tørkeburet under verandaen sidan slutten av oktober. Det er virkelig godt med heimelaga spekekjøt, poteter og flatbrød mmmmm..... Sikle

I forgårs fekk eg eldstedattera til å hjelpe meg med å montere den vesle fontena som vi kjøpte på Felleskjøpet i haust. Det er ei sånn lita fontene med plastikkkum som må opp og inn til vinteren. Litt styr er det men overkommelig tenkjer eg.
Det var ein kamerat til yngstedattera vår som jobba der som hadde overtalt ho til at ei slik MÅTTE vi ha Rolling Eyes og sidan vi fekk den gjennom han fekk vi nokså mykje avslag på prisen Blunke Mr. Green
Det vart ein del graving for kummen måtte ned i plenen, så måtte vi på leiting etter høvelig stein som passa og grus....og resultatet, nei det er eg ikkje fornøgd med enno. Skulle hatt eit par bøtter med kvit singel....trur eg får ta DET litt på sikt, kansje eg kjem over denslags før eller seinare.
Det var godt å få gjort det før ho reiste tilbake til Beitostølen der ho jobbar på eit hotell. Kjekt med litt hjelp av og til.

I går flytta eg ei 'Queen Elisabeth' rose for der den stod skulle vi ha plass til Buddleia 'Royal Red' slik at det vert ein Buddleia på kvart hjørne av plenen nedfor huset. Fontena er plassert midt imellom dei to.
'Queen Elisabeth' var forresten på flyttefot for tredje gong her i hagen og den ser ikkje ut til å ha noko imot det. Den er antagelig mellom 30 og 40 år gamal for den var i hagen her etter dei forrige bebuarane, eg kan tenke meg at den var planta rundt 1970 av min fars onkel.
Dessutan skar eg av ei grein som hadde rota seg sjølv som skal få ein ny vokseplass, men her må det tenkast... foreløpig står den i potte i påvente av ein velvalgt plass, QE. tåler vel litt skugge også den så kansje den kan få stå på ein slik plass.

Etter det var eg i begravelse til ei gammal dame her i bygda, ei som virkelig kan beskrivast som "verdas snillaste", eg har drukke mange kaffekoppar på kjøkkenet hennar, mange gode pratestunder. I hagen har eg eit kjært minne om henne ettersom eg fekk fleire røter med Filipendula purpurea for ein del år sidan, dei står mellom portalen og inngangspartiet til huset.

I gårkveld la eg inn prikleplantar på bytteringen og god respons vart det, så mandag går det nok mange sendingar herifrå. Det EG gled meg til er mange spennande sendingar som kjem i retur Tilber trur kansje at plenen må reduserast litt eg.... Cool Hoppende glad Hoppende glad

I dag har eg laga meg liste over alt som skal gjerast..... Forbauset det manglar ikkje på oppgåver akkurat, men kroppen får avgjere kva som vert gjort .....

Gløymde nesten at eg planta georginerøtene eg fekk av mamma. Ho hadde fått dei av bror sin, gamal stamme som han har hatt i årevis. Raude. Dei vart planta i eit bed eg har intil gjerde mot naboen nedanfor.

Utplanting

21 mai 2006 08:38


[  Humør: fornøyd ]
[ hører jeg musikk og skal til med frukosten Akkurat nå: hører jeg musikk og skal til med frukosten ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Eg har laga meg eit nytt bed der septiktankane ligg av praktiske hensyn. Anna kvart år må den gravast opp i mars månad for tømming så det vert aldri skikkelig plen der så då tenkte eg at då er det betre med eit bed enn med dårleg grasmatte.
Igår vart jordhaugen jamna, gjødsla og raka og så vart det planta Lavatera, Salpiglossis, Rathibida og sommarasters.
Lavatera og sommarasters putta eg og inn i det andre nye bedet for året mellom staudene.

Ellers planta eg ut ca 70 løvemunn på muren ved inngangsveien til huset.
Løvemunn er så blomsterrike og tåler regnveiret her på vestlandet så godt at i år valgte eg å plante dei der. Og så luktar dei så godt, passar godt å ha dei der så ein kan ta seg ein "snus" når ein går forbi, til og med utan å måtte bøye seg ned Rolling Eyes

Ellers laga eg plass til Heuceraene som eg fekk hos Elsa tidlegare i vår
H. 'Emperors cloak' og 'Blood-vein' . Det er nok ein midlertidig plass dei har fått seg no for området der eg har tenkt å ha Heucera ligg ubearbeitt enno, dvs der skal rammast inn med trestammar, brakkast og trillast på jord. Altså mykje arbeid og langt fram. Men før det må eg spa opp alle tuene med påskeliljer som er der, dei står hulter til bulter der og midt i vegen for der eg har tenkt å plante busker.

Under buskbomhekken fant eg ei alpeakeleie so stod og blomstra så fint, den vart oppgravd og flytta til ein meir komfortabel og synleg plass. Dette er ei som har sådd seg, eg hadde av dei tidlegare, men dei hadde gått ut for meg og no dukka denne opp igjen frå den "sorte muld" Hoppende glad

Igår bar eg ut den store Nicotiana sylvestrisplanten som eg har overvintra i kjellaren. Den står i ei stor blå potte, stod under vekstlys så lenge det var plass til den der, men tilslutt vart den for stor og eg måtte lage til plass til den framfor eit vindu i eit soverom vi har i kjellaren som står ubrukt når ikkje ungane er heime.No var den over meteren høg vorten(frå jorda i potta og opp) og har danna knoppar i toppen av det høgste skuddet så det var med "hjertet i halsen" eg bar den ut på same plassen som den stod ifjor. Ettersom sola var framme
av og til dekka eg den med eit lag agrylduk for å hindre sviing, må nok stå med det idag og for meterologane melder om "fare for solgløtt " idag og.
I fjor nådde den ei anseelig høgde av 175 cm og spreidde sin gode ange om kveldane utover i hagen. Håpar den vert like fin i år også .

Idag skal eg bruke litt av dagen til pakking av prikleplantar som eg la ut på bytteringen. Det var god interesse og no gjenstår det å fordele dei . Ein del har eg enno att mykje av , men begge Incarvilleane artane er bortbestilt. Så dersom nokon er interessert i det som er igjen er det bare å melde seg. Blunke

Den greina av 'Queen Elisabeth' som eg skreiv om igår skal sendast til Leiv-H. og rosesamlinga hans, han tek gjerne imot ei dronning som han skreiv.
Takk for tipset Britt Åse !

Det er litt småregn i bygevis og kansje kikkar sola fram og iløpet av dagen, forhåpentligvis for dei som har konfirmasjon her i bygda. Då er det viktig å ha godt veir . Blunke

Plantepakking og besøk

22 mai 2006 07:41


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg frukost og kosar meg med hagegal Akkurat nå: spiser jeg frukost og kosar meg med hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår vart det ikkje så mykje haging som eg hadde planlagt, men litt vart det no på ein måte. Det var konfirmasjon i bygda og eg har som tradisjon å køyre foreldrene mine til kyrkja, dei likar så godt å sjå konfirmantane Blunke

Etter kyrkja var det av med finkleda og rett i kjellaren for å pakke prikleplantar som skal sendast land og strand rundt til andre hagegale Helt gira det vart 11 brev og småpakkar som vert sende i dag . Håpar dei kjem fort fram i god behold alle saman.

Etter middagen gjekk eg på besøk til naboen som eg har eit visst samarbeid med i forskjellige planteprosjekt og eg skal seie at han har hatt idedugnad med seg sjølv i det siste Mr. Green , han la fram planer både om drivhus, kjøkkenhage og allear og til og med ei trapp i ei bratt skråning med druerankar på kvar side Drømmer
Veit ikkje om det er mange drinkar av den sorten han blanda til meg som har fått det til å blomstre opp så mange planer og idear, men både drinken og ideane var gode dei ! Mr. Green Mr. Green

Så kom eg heimatt og der hadde vi fått besøk av svigerinna mi og hennar sambuar som hadde vore på hans barndomsheim og plukka med seg løkar av påskeliljer, to gamle spesielle sortar som dei var så snille og dele av litt til meg. Tre løkar av kvart slag fekk eg, så det skal bli kjekt å sjå dei i blomst til neste år. (den eine såg eg blomsten på, litt spesiell fylt/halvfylt ).
Dei var stolte over å ha noko som eg kunne få som eg ikkje hadde frå før, dei har jo fått litt av kvart med seg herifrå før. Enig

Planting i urner og potter

23 mai 2006 08:20


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av kosar meg med hagegal før eg skal ut og stelle i hagen... Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med hagegal før eg skal ut og stelle i hagen... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår fekk eg sådd ringblomst, kornblomst , Agurk (Athene) og blomsterertsortane 'Royal Rose' og 'Royal Blue' .

Påskeliljene som eg fekk av svigerinna og sambuaren fekk seg ein plass å bu i det øvre morelltrebed. Derimot måtte eg ta opp ei tue med Narcissus 'Texas' for å få plass til å plante ut ein av dei store Fuchsiane mine i det same bedet, eller rettare sagt eg planta to av Fuchsiane der. Orkar ikkje ha så mange store Fuchsia i potter som må vatnast fire gongar på dagen i varme sommardagar.
Den store stammefuchsiaen planta eg i det nylagde bedet, den skal bli fin der.

Ellers planta eg i potter og urner, Solanum rantonetti fekk seg ei stor blå potte og iår brukte eg Swell Gel (les bleiefyll) for fyrste gong i alle nypotta urner og potter, det håpar eg kan redusere vatningsbehovet . Sjølv om vi har lange periodar med sjølvvatning her på vestlandet så tørkar det nokså fort ut når vi får varme dagar, gjerne kombinert med vind.
Så potta eg eit par urner med raude pellis og lobelia , og to potter med ein kombinasjon eg ikkje har prøvd før: Amaranthus og Heliotrop. Eg er spent på om det vert slik eg tenkjer meg Mr. Green elller om eg får meg ein sjokkopplevelse når desse kjem i blomst. Forbauset

Med eg stod å planta i potter og urner ringde NRK sogn og Fj. og fortalde at eg hadde vunne mandags konkurransen så då måtte eg inn og svare på spørsmål på direkten Forvirret det gjekk no bra det, eg får meg ein sekk med paraply, nøkkelband, oppskriftshefte, t-skjorte og ei kaffekrus Pinlig berørt Mr. Green eg hadde gløymt heile konkurransen der eg stod og holdt på med plantinga så eg var glad eg fekk 10 minutt på å summe meg og finne fram lappen med svara eg hadde notert meg... Klovn

Etterpå var eg på posten (PIB) og postla 11 brev med mage til andre hagegale som var interesserte i det eg la ut i bytteringen, der var det ein kunde som lurte på om eg hadde fått meg ekstrajobb i postverket !
Gled meg til det strøymer ned i postkassa mi med bytteplantar Blunke så snart det vert opphaldsver som held nokre timar må eg få fingeren ut og sprøyte den delen av hagen som skal bli eit større plantefelt bakanfor morelltrea.
Merkar etterkvart plassmangelen no i dei beda eg har, så her må det snuast og "brytast jord" Blunke

Det siste eg fekk gjort igår var å bere ut sitrontreet mitt i det fine vårregnet, Det står i ei stor blå krukke og eg lurer på om eg skal plante noko ilag med i den potta. I fjor hadde eg orange Tagetes som underplanting.
Sitrontreet er 6 år gamalt, eg sådde det av kjerner då mi kjære fru baka kake til konfirmasjonen til vår mellomste i 2000.
Fint og grønt er det iallefall, men det hadde ikkje skada om eg hadde fått blomster på det, dei luktar SÅ godt Enig !!

Clematisplanting

24 mai 2006 07:16


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Gårsdagen begynte med bra veir, overskya men opphold. Dermed begynte eg dagen med å plante Clematis i rose/clematissøylerekka , så no har følgande klatreroser fått selskap av desse clematisane:

Sympathie - Etoile Violet
Golden Showers - Jackmanii
Coral Dawn - Nelly Moser (heimelaga)
Leverkusen - Duchess of Edinburgh
Compassion - Perle d' Azur
Heidelberg - Edith
Eg vart avbroten i plantearbeidet av at ein som driv og fiskar litt her ringde og sa at han hadde lettsalta lange til oss, så eg måtte komme å hente om vi ville ha. Og det sa eg ikkje nei til. 13 kg flott lange til ein rimelig pris Tilber
Etterkvart begynte det å regne såpass at eg trakte ihus så den siste clematisen Warszawa Nike som skal bli selskap til rosa Hybrida vart ikkje planta igår, eg får ta sikte på å få plante den idag.

Utover dagen igår regna det uavbrutt til langt på kveld og etterkvart sank temperaturen nokså mykje og nysnøen kom lenger og lenger ned i fjella Forvirret
men etterkvart klarna han meir opp og då eg gjekk til sengs var det bare 4 grader ute, minimumstemperaturen i natt var bare 2,5 grader Forbauset så det var nok eit sjokk for dei nyutplanta i bed og potter Shocked men eg håpar at dei har klart seg. Då eg vakna idag tidleg skein sola så flott i bakkane og det blenkte så flott i regndråpane frå igår. Eg måtte skunde meg opp å sjå om det var rima ned i bygda, det frys nemleg mykje snarare der enn her i bakkane våre, men det var heldigvis ikkje teikn til det .

Eg lurer på kor sitrontreet mitt likte seg i natt Ulykkelig

Ut på kvelden igår kom det opp ein tråd om Iris hos Magnus, eg har ikkje mulighet til å reise og hente, men no kan det hende at snille hagegale vert behjelpelige med å pakke og sende til dei som er interesserte rundt om i landet så då er det kansje ei von. Eg har meldt mi interesse Sikle så får vi sjå kor det går.
Det ville vere forferdelig om han måtte kompostere slike plantar. Død

Idag skal eg i ein begravelse til ein eldre mann eg har hatt litt med å gjere gjennom åra, håpar det fine veiret vi har no held seg til vi er heime igjen derifrå, men det er vel lite truleg ettersom meterologane seier.




.

Gamle karmar kjem til nytte

25 mai 2006 07:49


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av kosar meg med frukost og hagegal Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med frukost og hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagen igår opprant med sol og fint veir til tross for at spåmennene hadde varsla regn Hoppende glad ein riktig fin dag vart det sjølv om det til tider var ein kjølig og sjenerande austavinå han hadde d.
Eg hadde reikna med overskya veir i fleire dagar framover og alle pottene og urnene + sitrontreet mitt vart dekte med agrylduk for å skygge mot sola så det ikkje skulle verte sviskadar, nokre sette eg i skuggen. Likevel vart Acnistusen svidd litt i blada då han hadde fått litt sol på seg.

Eg starta arbeidet med å grave ut ei får for å sette ned ein plank nedanfor Clematis-rosesøylerekka mi som skal halde på jorda og hindre ugras i å ta overhand . Eg hadde solide gamle glaskarmar som eg har teke vare på sidan ifjor då vi skifte ut vindua i mesteparten av huset. Festa plast på "innsida" og fylte jord inntil karmen og rundt dei nyplanta Clematisane.
Eg måtte ein tur i kyrkja og i begravelse til ein gamal medkorist frå då eg var med i blandakoret.
Etter stunda der var eg igang igjen med planlane og jordfylling, eg vart nesten ferdig då det skya over og begynte å regne så då gjekk eg i hus. Hadde forsåvidt fått nok av arbeid for dagen.

Idag har eg tenkt å prikle stauder, har diverse i kjellaren som har spirt og nokre i drivhuset som har spirt og dei treng å bli prikla no. Dessutan er det greit å sjå kva ein har av småplantar og kor mykje ein har til overs Blunke
Ser foresten at det er bra spiring i pottene med Meconopsis x sheldonii og M. betonicifolia kvit Hoppende glad Hoppende glad

Dessutan skal eg ein tur til Rugsund (nabobygda) til "veslesystra" mi og gje råd om kva ho kan plante på forskjellige plassar i hagen sin.

Tomatutplanting i drivhuset og neslejakt....

26 mai 2006 07:43


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg gjer meg klar til ein ny hagedag Akkurat nå: spiser jeg gjer meg klar til ein ny hagedag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I går holdt eg på i drivhuset heile føremiddagen, fyrst med prikling av div. staudebabyar .
Etterpå var det tomatplantane som endeleg skulle få komme ut i drivhuset. Det vert ikkje så fine tomatplantar i år som det var tenkt. For det fyrste sådde eg dei nok ein del for tidleg. Etter at dei vart for store under plantelysa mine (hyller med begrensa høgde) flytta eg dei inn på eit soverom i kjellaren der dei fekk stå i glaset, har dei strakt seg ein del så eg er ikkje fornøgd med dei Ulykkelig

I drivhuset har eg ein karm på kvar langside.
På den eine sida er karmen fylt med jord, der er drueplanten ( Himrod) plassert og veks rett opp i takhøgde og tvers over taket nesten ned til rafta på den andre sida.
Den andre sida har eg plass til jordsekkar som eg plantar tomatar i. To tomatplantar i kvar jordsekk som eg bind opp i snorer. I går fant eg ut at eg skulle følge rådet eg las på forumet ein stad om å sette ned ei potte vedsida av tomatplantane til å vatne i , så slepp ein å slå vatn rett ned på røtene. Det syntes eg var lurt så eg skar ut eit ekstra hol i jordsekken og putta ned i ei klematispotte .
Praktisk, så tømer eg bare vatnet ned i den og vatnet trekker ut i jorda utan at røtene vert avskylt eller forstyrra, i tillegg vert det mindre jordsøl. Smil

Det var plana at eg skulle plante tomatane som var bereikna for friland ute, men no har eg ikkje fått laga meg til tomatbed som var planlagt og eg veit heller ikkje kvar eg evt. skulle plassere det Klovn så no planta eg også dei i drivhuset. Det vert kansje for varmt for enkelte av dei, men eg får planlegge betre for eit utetomatbed til neste år.

Eg lurer forresten på kvifor er det ALLTID for trangt og for liten plass i eit drivhus ? Mr. Green Uansett er der for liten plass til det ein har (eller kan tenke seg å ha) med det resultat at ein del av det ein har der vert ståande altfor tett, må stadig flyttast på osv.... Cool
Igår når eg dreiv på å bere inn jordsekkar og plante i dei var det stadig brett eg måtte flytte på, bere frå eine enden til den andre så tilslutt bar eg ein heil masse ut i regnet slik at eg fekk arbeidsrom og ikkje trong vere redd for å trakke sund plantar, potter og brett Laughing Laughing
Posane med tidlegpoteter måtte ut på marka for godt, håpar at temperaturen held seg såpass at dei ikkje tek skade, det skal ikkje så mykje til før potetene gjer det. Forvirret

Midt i planteprosjektet mitt var eg på brenneneslejakt for at vi skulle få litt i magen den dagen Cool Laughing . Eg trong ikkje gå så langt etter dei for bak huset har vi ei tue som breier om seg blandt lupinar og Lysimacia så med plastpose og saks gjekk eg til verket og ein stolt jeger kunne komme til fruen med dagens fangst Enig Mr. Green Mr. Green
Neslesuppe med kokte egg til er bare nydelig og vi snakka i går om at vi skulle ha planta ei rot i ei bøtte eller likn. til å ha til dette bruk utover sommaren. Dei må jo stadig kuttast for å ikkje bli for grove og treene i stilken. Kansje eg skal gjere alvor av det og ?

Seinare på ettermiddagen besøkte eg systera mi og skal planlegge eit lite område dei skal plante på. Lovde vekk nokre tuer av litt av det eg har sjølv, ma. pinsenellik og saxifraga og ei lita busk.

God hagedag til alle saman.

Ein god dag i hagen

26 mai 2006 22:46


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og ser på den raude kvelssola i fjellet Akkurat nå: slapper jeg av og ser på den raude kvelssola i fjellet ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg fått gjort litt av kvart i hagen , det er virkelig godt å kjenne at kroppen er i gjenge igjen, det er tungt å slite med lite energi . Så heretter skal eg seie stopp før det kjem så langt som det gjorde denne gangen Rolling Eyes
Mandag er det på arbeid igjen og det gled eg meg til. Det skal bli godt å komme i vanleg rutine igjen.

Dagen idag opprant med solskin og godeveir Hoppende glad og dei nyplanta tomatane mine som ikkje har sett sola før måtte dekkast med agrylduk så dei ikkje vart solbrende . Dei får stå nokre dagar med dette til dei venner seg til eit skarpare lys.

Den gamle grillen vår er kommen til heider og verdighet. I fjor vår stod eg med den og skulle kaste den på storbosset då tanken slo ned i meg at den kunne brukast til å plante i. Eg bårte hol i den og malte den med svart Hammerite så den vart så fin så og planta i den. I år tenkte eg at det hadde vore fint med krypfredløs hengande nedover med gule blomar Drømmer ,så eg røska opp nokre greiner av den som vaks i trappa som går ned til drivhuset og som selskap fekk den Lobelia 'Keiser Wilhelm' . Trur det skal bli bra eg.

Så planta eg i tre amplar som skal henge ved plattingen der brukte eg Sanvitalia (Solknapp),Lobelia 'Saphir' og Nemesia 'KLM' i desse brukte eg bleiefyll som eg blanda i jorda så får vi tru at det hjelper så vi slepp å gå med vasskanna til alle tider. Rolling Eyes

Bak plattingen har eg sett opp armeringsmatte og planta Blåregn på hjørnet og idag planta eg blomsterert langs heile bakveggen som skal klatre i armeringsjernet , håpar dei kjem til å blomstre rikeleg og spre godlukt når vi skal sitte på terassen til sommaren. Det vert vel såpass godeveir at det vert nokre dagar med grilling og kos. I fjor var det minimalt med denslags.

Den siste Clematisen 'Warszawa Nike' som eg kjøpte tidlegare i mai planta eg idag like ved Rosa 'Hybrida' Dei skal slynge seg ilag, håpar dei vert gode vener der dei er plassert.

Så kom turen til plenklippinga. Det kom nokre spredte dråpar frå oven i 12-tida og eg reikna med at no var godveiret over for idag, men så sdrog han gardinene frå igjen og sola skein som før så då vart det plenklipp. Godt å få gjort det med det var nokonlunde tørt i graset .

Eg hadde nokre julekaktusar og påskekaktusar som trengde ompotting så eg var stad og henta dei + ein julekaktus som eg fekk som stikling i vinter hos ei dame og den stod med små raude knoppar så her vert det julekaktusblomstring midtsommars om eg er heldig og ikkje kastar knoppane når eg flyttar den til drivhuset.

No i kveld var eg ut og sprøyta området bakanfor morelltrea med Roundup.
Der har eg tenkt å plante ein del busker og kansje eit tre eller to og lage eit plantefelt der med stauder og løkplantar og grusgang i midten, innramma av trestammar . Veit ikkje om eg skal kalle det woodland eller noko anna, får sjå korleis det vert etterkvart. På eine sida har eg tre Rhododendron og ei lita lerk som vart innpakka i plast, og på andre sida har eg mange tuer med påskeliljer som eg ville bevare så dei vart beskytta med plastnett (handleposar) slik at ikkje Roundupen skal ta knekken på dei.

Eg må ikkje gløyme at eg fekk pakke idag ifrå Line S og frå Marianne DK Hoppende glad spennande bytteplantar som må få ein plass når dei vert store nok til det. Pakken frå Danmark kom igjennom utan problem så det var no flott.

Eg ser iallefall at eg treng meir bed skal eg få planta alle bytteplantane som kjem ihus Mr. Green Mr. Green

Bed til blodbegera

27 mai 2006 23:57


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg og kosar meg med moltelikør Akkurat nå: leser jeg og kosar meg med moltelikør ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har det atter vore ein fin dag for det meste sol til utpå ettermiddagen og fint å styre seg ute i hagen. I år må det vere utruleg med småfuglar av forskjellige slag Hoppende glad for maken til fuglekvitter og -sang heile dagen trur eg det er mange år sdidan eg har høyrt maken til.

Eg starta hagedagen med å potte om Robiniaen som eg fekk frå Torill, den veks og trivast og no har eg så smått tenkt på plassering av den og når den tid kjem (men planar kan endre seg... Rolling Eyes )

Så var det ein del kantar som måtte reinskast etter gårsdagens plenklipping. Det vert ein del kantar som ikkje klipparen kjem tilsom må takast i tillegg.

Når det var gjort valde eg og begynne på ein jobb eg skulle ha gjort tidleg i vår, men snøen låg så lenge og etter at den for var det så mykje anna...... Mr. Green
Murte bed til blodbegera mellom grunnmuren på huset og støtta for verandaen.
Hadde kjøpt inn leca 10 cm tjukke og 25 x 49 cm. Så skal eg skru opp lekter i grunnmur og i betongstøtta og feste armeringsmatte på den. Der skal blodbegera eg fekk frå Solfrid få klatre i sommar, måtte dei blomstre og spre glede Mr. Green .
I tillegg var der litt eg måtte mure igjen mellom plattingen og den gamle støttemuren langs trappa. der passa det akkurat med ei slik lecablokk når eg skar av ho 5 cm på breidda, så då er det bare å trille på plass eit par trillebårer med jord og fjerne det som er att av hagedjevlar (skvalderkål) på det hjørnet.
Så kan ein plante og stelle til der og, men fyrst må tulipanane få blomstre seg ferdig.I år har dei vore fine lenge, det er ikkje kvart år dei står så lenge i blomst.

Postdama kom med pakke frå Mario idag , store og kraftige Irisrizhom som skal gje bugunderraude blomster. Dei same hadde ho sett i eit arrangement på Chelsea Flowershow skreiv ho til meg i kveld. Foreløpig lyt dei få stå i potte for eg har ikkje fått laga meg irisbed enno.
Forøvrig har eg ein Iris som eg trur eg fekk frå Tullerusk i haust som står i blomst no (pga. den overvintra i drivhuset og kom igang tidlegare enn dei andre eg har) den er heilt mørk blå og ein eg fekk i haust frå Iris som står i knopp den vert gul med striper på.
Dei andre Irisane mine er ikkje komne så langt enno, dei fleste av dei har overvintra i potter i vekstbenken tilliks med dei andre staudene mine.
Det ser ut til at det aller meste har klart seg i pottene sine. Har mist eit par kvite Løytnantshjerter og eit par potter med gul dagliljer, men eg har ikkje sortar som har gått heilt ut merkelig nok.

Etter ein del opprydding og pussing vart det rydding rundt uthuset med riving av støtteverk for vedstablar eg hadde der i fjor. I år har eg ikkje hogge meir ved enn at det er plass til alt i vedskjulet. Håpar det er nok til vinteren Shocked

No seier eg godantt for i dag og god helg til alle hagegale. Gruppeklem

Gullregnen gjer seg klar

31 mai 2006 06:29


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av skal  ete frukost snart Akkurat nå: slapper jeg av skal ete frukost snart ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dei siste dagane har det blitt skrive lite i dagboka. Eg har begynt i jobb igjen Hoppende glad og føler at kroppen har henta seg innatt, det har vore reine medisinen å gå å småputle i hagen i eige tempo.

I går fekk eg gjort ferdig irisbedet mitt, så no kan eg plante Irisane eg har hatt ståande i potte i vekstbenken sidan ifjor når eg måtte ta dei opp. Eg har også nokre som eg kjøpte i vår frå Bakker, i tilllegg har eg Irisar som eg har fekk frå Iris og Tullerusk i haust . Dei står i eit bed så eg trur eg ventar med å flytte dei til dei har blomstra frå seg.

Igår fekk eg pakke frå Sol med sitronhestemynte, ein plante eg ikkje har noko kjennskap til. Får google å sjå kva eg finn, ellers kan eg spørje Sol kva slags forhold eg bør gje den.
Har begynt å få ein del bytteplantar etterkvart som skal plasserast her og der, men mange er små enno og står i potter.

Akkurat no gled eg meg mest til gullregnen kjem i blomst. Iår vert det fyrste året den viser seg i all sin prakt. Nett no står den proppfull av knoppar, ser ut som perlekjeder som heng frå kvist og grein Wow!
I øvre morelltrebed blomstrar gullgyvel og vårgyvel, den siste sprer sin gode ange utover heile hagen, særleg om kveldane.
Då ungane våre var små hadde vi ein vårgyvel som var enormt stor, breidde seg ut til begge sider og ungane hadde hytte under den, han hadde nok ikkje sett saks den karen før naturens eiga saks tok saka i eigne hender ein vinter og då var det bare og fjerne alt, kløyvd til rota .

Den vintergrøne berberisen B. candidula med sølvgrå bakside på blada står og med gule, fine knoppar klar til og opne seg. Den og står i Øvre morelltrebed, men skal flyttast derfrå ,men til korhen ? Klarar ikkje heilt å bestemme meg
Forvirret Den er jo nokså flott når den vert utvokst.

Syrenbuska står med bristeferdige knoppar, spring ut kva tid som helst.

Ellers må eg hugse og gå bak huset å spa opp nokre småplantar av lupin som systra mi (den eldste) skal ha. Har 10 stk i potte, men ho skal ha fleire av dei over pinsa.

Idag kan eg sleppe ut hønsene igjen, gjett om det er nokonn som vert Hoppende glad
(her skulle eg hatt smiley som ein hane som står på eit bein og gjel... Laughing )
Las på nettet igår at myndighetene oppheva forbudet mot utegåande høns og det er både eg og hønene mine glade for.

Hollandsplantane er i hus ( hagen)

01 jun 2006 23:25


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av på tide eg kjem meg til køys no !! Akkurat nå: slapper jeg av på tide eg kjem meg til køys no !! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag var det lang arbeidsdag, dvs begynte seint og tok heile dagen i eit så når eg kom heimatt var det rett på sofaen, måtte ha ei tid på horisontalen Cool .

Ute i gangen stod det ei kasse som eg ikkje hadde lagt merke til då eg kom heimatt, men etter at vi hadde vore på butikken og kom heimatt fekk eg auge på den Rolling Eyes PLANTANE FRÅ HOLLAND Hoppende glad

Noko amputert i forhold til det bestilte, men det vert vel fleire høve seinare kansje.
Desse fekk eg:
Heucera 'Prince of silver'
'Stormy seas'
'Hyperion'
'Can Can'
'Ebony and Ivory'

Helleborus 'Yellow lady'
St. Ashwood Strain'

Desse fekk eg IKKJE :
Heucera 'Cappucino'
'Chocolate Ruffles'
'Petite Pink Bouquet'

Helleborus 'Wester Flisk'
'Galaxy'
'Guttatus'

Alle desse må nok i venteposisjon for plassen der eg hat tiltenkt dei har eg ikkje fått ferdig til planting enno, men det går nok bra (ilag med alle dei andre som ventar på fast bustad)

Fekk ein plante med Jordskokk frå Sigrid ilag med Hollandsplantane som er ein annan sort enn det eg har frå før. Det vert spennande å sjå om dei har meir smak enn dei andre eg har.

Ellers hadde eg ei vatningsrunde i drivhuset no i kveld .
Var tenkt å ta ei runde for å notere meg kva som står i blomst akkurat no, men det var så mykje anna som måtte gjerast at det får vere til i morgon....
Pinlig berørt

Planting av Irisbedet og besøk i hagen

06 jun 2006 06:55


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg frukost og forberedar meg til arbeids dagen Akkurat nå: spiser jeg frukost og forberedar meg til arbeids dagen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I det siste har det vore gjort svær lite i hagen , jobb og dårleg veir får ta skulda for det. Kjenner at eg ikkje er heilt restituert enno i kroppen så dei dagane eg er på arbeid vert det ikkje mykje gjort heime. Pinsdag hadde eg planer om å få gjort mykje (då hadde eg bare fjøsstellet på arbeid, 2 t. morgon /kveld) men det våte og sure veire sette ein stoppar for det. Igår derimot viste veirgudane seg frå si beste side og det vart haging mellom fjøsøktene.
Irisbedet som eg har laga meg vart beplanta og katalogisert. Lurt å lage seg eit "kart" over sortane med det same før lappane forsvinn (har erfaring av at det som oftast skjer før eller sidan). Har tilovers nokre småplantar av ein blå Iris som eg ikkje veit namnet på.
Planta også nokre Sisyrinchium angustifolium .
I Øvre morelltrebed planta eg nokre plantar Codonopsis som eg fekk av Elsa tidlegare i vår, håpar dei vil trivast der dei såg flotte ut når eg googla på dei.

Igår fekk vi overraskande og koselig besøk av Randi F og mannen som hadde vore på helgetur og la turen innom oss. Det var koselig, men altfor kort tid.
Dei vart med på ei lita runde rundt og såg på det vesle eg har i hagen som ber preg av at den er under omregulering / "nyetablering"
Det tek nok tid å få den "på rett kjøl igjen" men arbeidet er igang og litt etter litt håpar eg å få det til slik eg vil ha det. Det må som med alt anna skje gradvis ettersom ein har tid og krefter til det.
Idag er det igjen fulldags arbeidsdag så eg forventar ikkje å få gjort så mykje i hagen, men eg har ein del plantar som snart MÅ få komme i jorda..... Pinlig berørt

Har brukt mesteparten av dagen i nabohagen

08 jun 2006 21:53


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag fekk eg planta ut ein del i beda mine som eg skulle ha fått ut for lenge sidan, men kjølig veir og lite overskudd til innsats heime i hagen i tillegg til arbeid har det vorte utsatt. Etter utplanting og vatning tok eg for meg og dekkte med grasklipp som eg har hatt liggande på vent (det også) rundt diverse stauder.
Av diverse utplantingsplantar som eg planta ut tidlegare ser eg at dei har stått omtrent "på stedet hvil" sidan dei var planta pga. kjølig veir Forvirret
No har veirgudane bestemt seg for at dei skal sende oss betre vilkår i så måte, måtte det bare vere tilfelle Enig

Seinare på dagen var eg til naboen og gjorde unna ein del arbeid som eg hadde lovd tidlegare i vår, men pga. at helsa slo seg vrang har dette vorte utsatt. Idag fant eg ut at no kunne eg ikkje utsette det lenger Rolling Eyes så får eg heller ta igjen det heime når eg er ferdig hos han . Pinlig berørt
Der har eg sett opp støtteverk for oppbinding av drueplantane hans. Dei har overlevd vinteren og er såvidt begynt å vokse (var planta i august i fjor ) dei er vel ikkje så glad for den kjølige våren vi har hatt dei heller.... Ulykkelig

Tidlegare fortalte eg om eit areal hos naboen som var veldig vått og nesten ikkje jord på og fekk forslag her på forumet om å lage sumpbed der. Det fall i god jord hos eigaren og idag gjekk eg igang med å bere stein til innramming av bedet . Heldigvis er det like ved fjæra så det er rik tilgang på stein i alle slags fasongar og storleikar, men det vart mykje bering og stein er tungt ..... Mad
No gjenstår det og skaffe jord, det får han ta seg av med bil og hengar så vert det vel min lott og spre det utover. Dette arealet er pæreforma ca. 18 kvm. og ein del av arealet er veldig vått, ein del er der faktisk grus i botnen og god drenering så der skal vi kunne få til eit nokså bra staudefelt . Det står to tre på området som er klipt krone på , ei selje og ei ask , dei står heldigvis på den tørre delen og faktisk kom eg nokså langt ned når eg grov kring trea så då foreslo eg at vi planta alpeklematis som kan klatre i trekronene på desse, noko som fall i god jord.
I morgon skal eg til Nordfjordeid saman med mine foreldrer og då skal eg sjå om eg finn noko som kan passe i bedet.
Eg har planlagt ei liste som eg skal gå utifrå, morsomt å kunne handle stauder utan å tenke på prisen, bare kva som passar på den plassen dei skal vokse Hoppende glad
Ellers har eg kjempekonval sjølv som eg kan selge til han, den vil passe perfekt ved sida av ein større stein som ligg i bedet .
Det vert spennande dette her når vi eingong vert ferdige med det.... Drømmer

Dette vart lite om eigen hage og mykje om nabohagen, men slik er det, det er godt å få unna slikt ein har lovd å gjere og som ligg og gneg i minnet kvar dag.

Eg fann , eg fann....

10 jun 2006 09:20


[ slapper jeg av må skunde meg ut og stelle i hagen no Akkurat nå: slapper jeg av må skunde meg ut og stelle i hagen no ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I går var eg på handletur til Nordfjordeid, men før avreise hadde eg ei lukerunde i det nye langbedet mitt langs muren til gamlevegen.
Der drog eg opp div . småugras som hadde dukka opp der eg ikkje hadde dekka med plenklipp. Det er best å dra opp etterkvart som det dukkar opp så vert ikkje jobben så stor, og eg reiknar med at når eg har klipt plenen idag så får eg dekke resten av bedet + litt til Enig
Og der i nesten under bladverket til Doronicumen fant eg bladverk som eg drog kjensel på, dette liknar då virkelig på blada til ildblomkarsen, men kor kjem den ifrå ???? Shocked
Jau for nokre år sidan fekk eg ein slik frå madammens onkel i Laksevåg og hadde den i nærleiken der eit par år før den takka for seg og forsvant Crying or Very sad Den har tydeligvis gått under jorda bokstavelig talt eit par år. Eg såg ingen ting til røter eller noko anna etter den i vinter då eg grov grøft der og reikna sjølvsagt med at den var Død for ever, men det var den dog ikkje Hoppende glad . Ein liten rotbit, ca 5-6 cm lang låg like under overflata og spirte så no er den trygt plassert i potte og skal passast veldig nøye på, så vert det spennande å sjå om det dukkar opp fleire slike, får håpe at ikkje heile bedet vert infisert med ildblomkarse Cool

På Nordfjordeid fant eg mange stsauder som passar til naboens nye bed med fuktighet, skygge og litt tørrare parti + alpeklematis som skal klatre i trea.

Sjølv kjøpte eg meg ein Hosta, ein Epimedium og eit par andre som eg ikkje hugsar i farten....

I gårkveld når eg gjekk kveldsrunda mi bare for å nyte det som blomstra ute oppdaga eg at Heben min hadde komme med nokre små, kvite blomster,
har hatt den i 4-5 år i steinbedet og det er fyrste gong den blomstrar så eg vart rimeligvis Hoppende glad

Ellers er eg veldig imponert over Gullregnen min, hampande full av stooore klasar med blomster, derav nokre svært lange. Eg tok med meg meterstokken og målte den lengste for moroskyld og den målte 35 cm frå festet på stilken og til spissen på blm.klasen Wow!

Ellers må eg fortelle om tabben min Pinlig berørt .
Eg hadde sådd ringblomster og kornblomster i 30 x 60 cm såbrett som skulle utplantast i to bed framfor verandaen når alle løkplantane var ferdige.
Dette er madammen sine yndlingsblomster så det var liksom for henne eg hadde tenkt det skulle bli dette bedet . Ringblomtrane har spirt, men kvar er kornblomstrane ??? Eg leita både i drivhuset, ute og i kjellaren men ingen såkasse var å sjå..... tenke, tenke Rolling Eyes Forvirret og då eg hadde tenkt meg rundt lenge og vel kom eg til at eg hadde tømt eit brett som stod på steinplattingen utfor kjellardøra og brukt når eg skulle potte nokre plantar. Eg tenkte som så at denne såkassa har eg ikkje bruk for så den jorda kan eg ta til dette.... Kjempesur Pinlig berørt
Lurer på korhen det kjem til å florere med kornblomst utover sommaren.... Cool
Eg måtte jo gå til nytt innkjøp av kornblomstfrø og så på nytt, men dei kjem jo så forbaska på etterskudd i forhold til ringblomstane Crying or Very sad men eg håpar at madammen vil tilgje ein distre ektemake (skulle hatt ein smiley som går ned på kne og bed om unnskyldning...) trollmann God klem/hjertelig kyss

Nei dette er galskap, sitte her og skrive når tusen ting ropar på meg ute i hagen...... GOD HELG !!

PS! Tenker ofte på dei som er på hagegaltreff i helga både her og der, eia var vi der.... Enig

Arbeid i hagen og kos, side om side

11 jun 2006 09:37


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av skal ut og stelle i hagen Akkurat nå: slapper jeg av skal ut og stelle i hagen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No har sommaren komme i fulle drag også her i Nordfjord, sol frå skyfri himmel og så godt som vindstille Hoppende glad Igår var det ein hærleg dag, og idag ser det ut til at det vert minst like flott !

Dagen starta igår med at eg tok ei skikkelig vatnerunde rundt på alle nyutplantingar, særleg Clematis, Wisteria og erteblomster. Slike varme dagar fordampar det nokså mykje og dei nyplanta treng god fuktighet for å komme godt i gang med rotutviklinga.

Så tok eg for meg utplanting av middagsblomst (Mesembryanthemum), tre av dei fekk plass i ein trestubbe eg som eg har hatt middagsblomst i i mange år ( bilde frå i fjor i albumet). Vidare planta eg ca. 15 stk i steinbedet mellom Hebene, der har eg dekka dei opne felta med småstein og eg synest at det vert fintder med middagsblomst. (Berre sola vil skine utover sommaren slik at dei viser blomsterprakta si).

I bedet langs trappa frå inngangsdøra til uteplattingen har eg hatt pinsliljer, tulipanar og perleblomst (Muscari), no var dei avblomstra så eg tok opp tulipanane og perleblomstane som skal få seg sommarferie ved kompostbingen. Muscarien var riktignok berre halveis avblomstra, men eg måtte ta opp dei og for å få spa opp resten av bedet. Pinsliljene skal få stå i ro der dei er.
I dette bedet har eg i mange år hatt Skaugumbegonia og sølvkrans (syns dei er fine så kan andre seie kva dei vil Laughing ) og desse vart no planta ca. 15 stk. store kraftige knollar. som sikkert kjem til å gje mengder av blomster ut på sommaren. Har ikkje drive dei noko særleg i år, bare litt så dei er komne igang.
I Øverste enden av dette bedet planta eg to Amaranthus caudatus 'Red Tails'.

Så var det avslapning på uteplattingen med minikonsert av tilkommande svigerson på klassisk gitar, det er gut som kan hendle gitaren Shocked Mr. Green , flott å høyre på var det.
Så fant vi ut at vi måtte lære han å kaste hestesko, så det vart opprigga med kastestikke i plenen og hesteskoa vart lette fram. Det vart konkurranse mellom han, dattera vår og meg. Han som kjem frå Finland hadde aldri høyrt om hesteskokasting før, men han likte det SÅ godt at vi vart ståande å kaste mange omgangar og sannelig fekk han dreis på kasteteknikken og. Skikkelig moro, det er ikkje mykje eg har kasta hestesko dei siste åra eigentleg.

No er det så pass temperatur at eg hadde bestemt meg for at idag måtte eg plante ut Blodbegera eg fekk frå Solfrid og Eccremocarpusen eg fekk frå Randi M, dei har stått på vekstrommet i kjellaren og vokse seg kraftige og fine. Blodbegera blomstra tilogmed der inne så det var på høg tid å få dei ut på sine tiltenkte plassar.
Men trur dåkke at der var noko å klatre i då ?? Forbauset Nei, det å lage espalier har sjølvsagt vorte utsatt til fordel for andre gjeremål så det måtte eg gjere fyrst.
Blodbegera fekk plassen mellom grunnmuren og støttesøyla for verandaen der eg lage eit bed for dei for ei lita tid sidan, dei vert flotte der når dei får kle armeringsnettet Enig
Eccremocarpusen laga eg eit anna espalier til ved uteplattingen, dei har eg heller aldri prøvd meg på før, så det vert spennande å sjå kor dei vil like seg.
Dei var nokså sprø i dei nyutvikla skota å litt bekkasje vart det under utbering og planting Crying or Very sad men eg håpar at dei tek seg fort innatt. Etter planting vart både dei og blodbegera dekte med agrylduk for skygging dei fyrste dagane så ikkje sola svir dei.

Medan eg dreiv og laga espalier og planta it kom foreldra mine nedom saman med yngste son til yngste systra mi ( 5 år) og ville høyre gitarspel, så då måtte Hannu til med nok ein minikonsert og det vart servert is og vannmelon .
Ei skikkelig kosestund i solkroken.
Seinare stakk systera mi nedom og fekk med seg ei tue med rosa pinsenellik eg hadde lova ho.
Mamma fekk med seg to jordbærkorger med småplantar av løvemunn.

Seinare vart det vatnerunde igjen og ein rask dusj før "Kar for sin kilt" , eller som yngste dattera vår sa då ho var mindre "Under kilten" Mr. Green Mr. Green Cool .

No skal eg ut og pusle i hagen igjen, har meir eg skal plante ut så dagen idag og vert via hagearbeid, men eg kosar meg med det.
Fekk ikkje slått plaena igår som planlagt, men får vel ta det ein kveld etter helga tenkjer eg om eg har ork etter arbeid.

2. notat idag

11 jun 2006 12:20


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Desse staudene kjøpte eg på Nordfjordeid på fredag.
Helleborus niger
Hosta fortuneii ' Gold Standard'
Epimedium youngianum 'Roseum'
Sedum spathifolium 'Cape Blanco'
+ ein til eg ikkje fekk med meg lappe på Crying or Very sad Crying or Very sad og heller ikkje hugsa namnet på Cool Cool , heilt ukjent for meg som skal plantast i steinpartiet. Når han kjem i blomst får eg legge ut bilde og få den identifisert.
No skal eg ut og plante dei ! Enig

Søndagens haging

12 jun 2006 07:20


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg frukost og skal på jobb om ei tid. Akkurat nå: spiser jeg frukost og skal på jobb om ei tid. ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Søndagen vart like varm og god som laurdagen var. Strålande sol og så godt som vindstille, nesten altfor varmt, men FLOTT;FLOTT.... Enig

Diverse hagearbeid vart gjennomført også, litt luking, mykje vatning og mykje avslapning.
Under lukearbeidet i øvre morelltrebed fant eg ein pitteliten plante under ein namnlaus Hosta som ikkje kan vere anna enn ein sjølvsådd Hosta Hoppende glad ,
det var nummeret før den gjekk i klypa ilag med frøplantar av jonsokblom og mjølke, men pga. manglande størrelse lurte den seg unna og stod igjen då dei andre måtte fare. Mr. Green
Det vert spennande å sjå korleis den utviklar seg.
Eg bare lurer på om det var mange fleire som strauk med i lukerunda Ulykkelig

Så var eg på skog en og "fanga" nokre eksemplar av Bjønnkam (Blechnum) som skal få seg ny vokseplass ein annan stad i landet. Flott bregne det, her veks den i
massevis i skogsjord i gran- og oreskog.

Innimellom diverse gjeremål av ymse art planta eg nokre stauder i steinpartiet : Sedum spathifolium 'Cape Blanco', Thymus citriodorus 'Doone Valley', Dracochephalum ruyschianium (Sibirk dragehode), og ein eg kjøpte som eg ikkje veit namnet på.

Så fekk eg tak i blå kornblomst som eg hadde tabba meg ut på med å bruke jorda i såbrettet der eg hadde sådd dei.... Klovn så på kvelden fekk eg planta ringblomst og kornblomst i bedet nedanfor verandaen. Bedet er delt i to med ei lita steintrapp i midten og nærast den planta eg fire Kochia (Sommarsypress) så det bedet trur eg skal bli bra når dei veks til Enig

Tilslutt planta eg tofarga Cosmos i bedet langs muren til gamlevegen.

Det har ergra meg grenselaust at eg ikkje kunne vere med på Vestlandstreffet i helga, men vi får håpe at det lukkast å vere med nestegang.
Kjempeflott at veiret var av det aller beste for dei som var med.

Lite haging for tida

17 jun 2006 07:25


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det har vorte lite haging på meg denne veka, det har vore travelt på jobb med slåttestart og greier så når arbeidsdagen er endt har eg ikkje mykje overskot igjen til hagearbeid. Har vatna i drivhuset, planta nokre bytteplantar som har komme i posten frå smg* og karma og nokre andre eg hadde ståande. Dei fleste av desse plantane har fått midlertidig plassering ettersom eg ikkje har fått laga til dei beda eg hadde planlagt eg skulle få lage i vår. Det er ikkje alltid det går som planlagt.

I gårkveld var eg ute med Roundupsprøyta og flekksprøyta på dei tre felta eg har brakka tidlegare, der stod igjen nokre småflekkar som hadde lurt seg unna som vanleg, + nokre små villbringebær renningar og småtre som er litt meir seigliva enn grasartane.

No står gullregnen, syrenen og vårgyvelen på det finaste og sprer godlukt over heile hagen Enig . Den raudbrune gyvelen (hugsar ikkje namnet i farten) står også flott men den er det ikkje særleg lukt av.



Chiastophyllaen står flott med overhengande bogar i steinklippene og er klar til å opne blomane sine, gule små perlekjeder..... Enig
Den er ein av dei finaste steinbedsplantane eg har som trivst like godt i full sol som i halvskugge.

Bedet der eg hadde tulipanar som eg tok opp og planta skaugum har blitt endevendt fleire gongar av Solo (katten), laus og fin jord = grave,grave så no lyt eg nok fram med pepparboksen og strø med rund hand, han kan jammen finne seg ein annan stad og gjere frå seg Ondt smil

Ellers står Clematis ' Blue Light' med mange blomster nett no. Fylte, lyseblå med tettfylt,kvit kjerne. Den klatrar på ein stolpe av knudrete ore (Or) som eg har støypt fot på. Attmed den står ei blå krukke med Nicotiana 'Only the lonely'
som vart sterkt herja på tirsdagen då vi hadde stiv kuling det meste av dagen.
Dei store, flotte blada vart sundrivne og ser ikkje fine ut lenger Ulykkelig , men i toppen har den opna eit par blomster. Håpar at den veks seg til igjen. Den var virkelig ein av fjorårets stolthet her i hagen med ei høgde på 175 cm over pottekanten! Enig

Nei no må eg smørje nista mi og forberede meg til arbeidsdagen.
Gled meg til torsdagen, då har eg fri nokre dagar igjen..........

God helg alle saman !

Lite haging den siste tida

24 jun 2006 23:46


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av skal straks gå og legge meg.... Akkurat nå: slapper jeg av skal straks gå og legge meg.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja no er det lenge sidan eg har skrive noko i dagboka mi Shocked det kjem av to ting : det er ikkje mykje eg har gjort i hagen den siste veka og det vesle eg har gjort har ikkje vore så mykje å fortelje om .
Det har vore travelt i jobbsammenheng og med tanke på den nedturen eg hadde helsemessig i vår, har eg nedprioritert hagen i det siste. Har ikkje hatt overskudd til både jobb og arbeid i hagen om kveldane.
Har ikkje fått med meg så mykje på hagegal heller i det siste, men dagbøkene har eg fått med meg ( dei er prioritert morgenlektyre ! )

Idag var vi ferdige med slåtten hos far min og tradisjonen tru diska mor opp med slåttegraut, rømmegraut til middag mmmmm..... det er godt det ! Enig

Ellers er det slåtten det har gått i på jobb også, både hos den eine og den andre av bøndene eg arbeider for. Travle dagar og tungt fysisk arbeid så det vert stort sett sofaen når eg kjem heim.

I dag ettermiddag fekk eg ei lita lukerunde i hagen og ei runde med gjødselspanna til slutt. Det er meldt regn i morgon så eg bare strødde ut gjødsel i beda og rundt busker og tre, reiknar med at overgartnaren ordnar med resten. Det er meldt betre veir til veka igjen og høgre temperaturar og det kjem vel med. Det har ikkje vore så veldig å skryte av dette veiret i det siste.

Ellers har eg gått ei runde i hagen no i kveld og registrert det som blomstrar her hos meg akkurat no.
Syrinen (S. vulgaris), gullregnen , vårgyvelen og den rosa asaleaen er fortsatt i blomst, dog er alle tre på hell. Det same gjeld Løytnantshjerte, både den rosa og den kvite, Duppesoleia og Iris versicolor 'Faded Jeans'

Dei som er i full blomst eller begynnande blomstring er:

I steinbedet:

Phlox borealis, rosa polarflox
Saxifraga X arendsii , kvit
Iberis sempervirens
Geranium atrosanguineum
Sedum album, kvit bergknapp
ein Sedum med gule blm. som eg ikkje hugsar namnet på
Vårflox / Nåleflox i rosa og lys lilla
Thymus serphyllum,Kryptimian, kvit og rosa
Thymus praecox var. peeudolanuginosus,Lodnetimian
Cerastium biebersteinii,Sølvarve
Chisatophyllum oppositifolium
Dianthus 'Aslaug Weydal' , rosa pinsenellik
Lotus corniculatus, Tiriltunge
Hebe ssp., kvit blomst
Campanula pusilla, småklokke
Campanula rotundifolia, blåklokke
Hieracium auranthiacum, rødsvæve
Hieracium pilocella, Hårsvæve

I det nye bedet langs gamlevegen :
Hesperis matronalis, dagfiol
Peaonia ' insp. Lavergne'
P. ' Sarah Bernardt'
Polemonium, kvit
Polemonium, blå
Akeleie, kvit
Akeleie, blåfiolett
Heuchera 'Dales Strain'
Heuchera, grøne blad og fløytefarga blomster.

Øvre morelltrebed:
Cyticus 'Boskop Ruby', raud
Cyticus x praecox, vårgyvel
Meconopsis cambrica, gul valmuesøster
Polemonium, kvit

Nedre morelltrebed:
Meconopsis cambrica
Rodgersia pinnata
Saxifraga umbrosa, Skyggesildre
Ranunculus aconitifolius fl.pl. , duppesoleie/ skjorteknappar

Under Gullregnen:
Allium 'Purple Sensation'
og Stormarikåpe.

Ved gjerdet mot naboen:
Thalictrum aquilegifolia, Akeleiefrøstjerne
Aruncus aethusifolius, Koreaskjegg

Ellers står ein blå Iris med ukjent namn i blomst.
Clemaits ' Blue Light'
Clematis 'Warszawa Nike'
ei høg, blå Akeleie ,
Lupinar i ymse fargar
og ei gul lilje som mor hadde med seg frå sin barndomsheim.

Dessutan står martagonliljene med store knoppar, det gjer også rosa
'Great Western' begge klar til å springe ut når varmen kjem.

Det vert heller ikkje særleg tid til haging i morgon Crying or Very sad , då skal eg på flyplassen med dattera og kommande svigerson som skal tilbake til Finland der dei fortida bur og etter det skal eg til Måløy og hente resten av flyttelasset til yngste dattera som har gått på skule der.
Nei no kjenner eg at det er på tide og finne loppekassa for nokre timar.

"Krypbuddleia" og myggplage

28 jun 2006 21:17


[  Humør: forvirret ]
[ ser jeg på TV nyhetene  MÅ eg ha med meg så sant eg kan..... Akkurat nå: ser jeg på TV nyhetene MÅ eg ha med meg så sant eg kan..... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I kveld har eg vore ut i hagen og jobba i to periodar med vatning, ugrasreinsking oppbinding og potting av stauder og
Buddleia alternifolia.
Dei siste har eg 5 stk av frå frøsådden tidlegare i vinter. Alle har eg toppa, unntatt ein eg vil prøve å få til som stamma tre, så den skal få vokse rett opp til eg vert fornøgd med høgda Rolling Eyes .
Ein av dei andre oppfører seg som krypbuddleia. Mr. Green
Då eg toppa den tidlegare i år reagerte den med å vokse rett utover og det gjer den enno, vil ikkje sende eit einaste skot oppover slik dei andre gjer Klovn , dette gjer at eg føler meg litt forvirra i forthold til denne.
Lurer på om eg skal prøve den i skråninga mi som eg har lagt til hagen min frå pappa sin eigedom Cool . Der har eg forøvrig planta (igår) blomkarse som skal få boltre seg der denne sommaren, til eg får vurdere kva eg vil gjere med den på lang sikt. Har mest lyst til å lage steinbed der evt. med ein del dvergvoksande vintergrøne..... Drømmer

Ein ettermiddag i forrige veke sprøyta eg eit parti med Roundup. Då eg nett var ferdig kom det ei regnbyge, ikkje så kraftig, bare lett regn men eg reikna med at den sprøytinga var spolert , men no ser eg at det er begynt å bleikne Hoppende glad
så då er det håp om at Roundup'en virkar likevel og at det vert mindre reinsking før eg gjer feltet klart for planting.
Hjertetre og div. busker skal få sin plass der, det vert eit av prosjekta når eg får ferie i August.

Idag fekk eg pakke frå Skogtrollet med Amerikahagtorn og bubiller av Tigerlilje, tusen takk ! Skal sende overraskelse i retur ein av dagane.

No i kveld jagde myggen meg inn. Vanlegvis er ikkje vi så plaga med mygg her hos oss, men i kveld var den heilt for#&% lig ! Mad Mad

Nei, no må eg skifte vatn på akvariet. Litt problem med stadig tilbakevendande algevekst gjer at vi skifter ut ein del vatn nokså ofte og no i kveld fekk eg beskjed om at "no MÅ du skifte vatn på akvariet "..... Forbauset ... ja så er det vel bare å lyde då....... Mr. Green Cool

Ha ein fin kveld alle saman Blunke

Lenge sidan sist.....

06 jul 2006 08:30


[  Humør: glad ]
[ hører jeg musikk kosar meg med frukosten på ein etterlengta fridag i godveire Akkurat nå: hører jeg musikk kosar meg med frukosten på ein etterlengta fridag i godveire ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Oi oi, eg har visst ikkje skrive i dagboka på over ei veke Shocked men så er det ikkje så mykje eg har fått gjort heller utanom den nødvendige vatning.
Eg får prøve å ta ei oppsummering av det eg hugsar.
Forma har vore laber i det siste så etter å ha vore på arbeid heile dagen har orken ikkje hatt gode vilkår, tappa for energi og krefter har hagen stort sett fått stelle seg sjølv.

Eg har teke ein del bilder av det som blomstrar i hagen og dei skal leggast inn i albumet iløpet av fridagane håpar eg . Då håpar eg at eg får identifisert rosa eg kallar "Eikefjordrosa" etter besteforeldrene til min bedere halvdel.Har studert Damms store roseleksikon fram og tilbake mange gongar men kan ikkje finne den der . Onkelen til madammen(som eg har fått rotskudd ifrå) seier at det skal vere ei svært sjelden rose, og at ein rosekjennar han har snakka med trudde den var identisk med ei rose som står i Botanisk hage i Gøteborg. Eg har hatt rosa i 4-5 år og den er ca. 2,5 m høg. Tettfylte rosa blomster med ei fantastisk god lukt. Knoppane er rosa med, mørkt rosa felt på utsida slik at dei ytterste kronbada får mørkt rosa felt. 1-3 blomster pr. klase og blomsterstilken har masse klebrige kjertelhår, raudbrune på farge. Blomstrane tåler dårleg regnveir og rotnar då lett om det vert mykje regn under blomstring. Blada får blågrøn farge ut på sommaren. Den har lett for å få roserust og det har den ein del av i år ser eg.

Dei andre rosene som blomsrar er 'Great Western', 'Rose de Rescht' , 'Alba Maxima' , Golden Showers' .
' Compsssion ' , Symphatie' og fleire av dei andre klatrerosene står med knoppar samt ' Dronningen av Danmark' .

Ellers har vi fått smake på jordbæra Polka og Korona gode var dei begge to, det har jo vore så flott veir i det siste så det kjem igjen på smaken. I fjor var dei bare vassne og smaklause hugsar eg.

Druene har vokst svært den siste veka og vert det godt veir framover sommaren blir det vel betre avling av dei enn i fjor då det vart mykje som gjekk vekk pga soppangrep. Har teke bilde av drueklasane og.

Igår samla eg inn frø av Frittillaria meleagris, Rutelilje

Nei no må eg ut og virke, har ma. ein del grasklipp som må fordelast utover.
Bak huset skal slåast med ljå, men det vil eg vente med til det har regna litt, det er betre å slå då og halde ljåen kvass.

Nye innkjøp

07 jul 2006 08:13


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av skal snart ut og virke i hagen Akkurat nå: slapper jeg av skal snart ut og virke i hagen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Gårsdagen vart ikkje akkurat via hagen slik planen var. Det dukka opp ting som gjorde at vi måtte ta ein tur til Nordfjordeid, eg mi fru og hennar tanteunge som vi har på besøk denne veka. Og med den varmen som var igår var det kansje like greit at vi tok handlerunda igår. Då vi kom heimatt viste temperaturmålaren at det hadde vore over 29 grader i skyggen Shocked og det er for varmt å vere ute og jobbe over lenger tid, i allefall når det er heilt vindstille slik som i går.
I gårkveld kom det ei forfriskande tordenbyge med litegrann regn, ikkje så store greiene men nok til at eg vart våt på ryggen på vei innatt med jordbærkorgene eg hadde plukka.
I dag er det litt skyer, disig og 19 grader i skrivande stund, så idag er det ut i hagen og virke. Det er meldt regn ut på dagen og det er eg glad for, for no er det begynnt å bli godt tørt i fjellhagen og andre stader med grunne jordmasser.

På Nordfjordeid var eg innom hagesenteret og kjøpte meir stauder til naboen sitt nye bed og sjølvsagt kom eg over litt som måtte vere med meg heimatt til min eigen hage Mr. Green

Sedum 'Bertram Anderson',
Physiocarpus opulifolius 'Diablo'
Syringa meyeri 'Palibin'

Sedumen skal få seg plass i steinbedet, Syrinen skal få plass i plantefeltet med hjertetre, skjersmin og div. vintergrønt som eg skal anlegge i ferien og
'Diabloen' tenkte eg å bruke på området nederst i hagen der eg planlegg eit lite woodlandområde.
Kva passar å plante ilag med ' Diabloen' ?
Kom gjerne med kreative forslag Enig

Idag har eg planlagt å ordne litt i området rundt rosesøylerekka mi, stikke kant og sette ned eit hinder for grasinnvadering mot bedet, det vart ikkje gjort i vår før eg vart sjukmeld.... så får vi sjå kva det vert tid til før regnet kjem.

Dagen idag via til hagen

07 jul 2006 21:24


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av kosar meg med hagegal og eit halvt auge på TV2- nyhetene Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med hagegal og eit halvt auge på TV2- nyhetene ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag har eg vore ute og styrt på i hagen frå kl. 09.00 til kl 18.00 nesten samanhengande. Rydda, reinska ugras stukke kantar og ordna opp
og sett ned kantbord inntil rose-/Clematissøylerekka. Brukte impregnerte bord til kant, fylt på med jord og planta blå kornblomst i mellom stolpane.

Veiret har vore heilt perfekt for hagearbeid. Overskya, litt dis og 18-19 grader . Nokre lette regnbyger gjorde at eg kasta t-skjorta, det var betre utan Mr. Green
Kort tid etter at eg gjekk i hus kom regnet. Ikkje bare at det regna, men det regna skikkelig godt, kraftig og lenge. Det gjere nok godt for der eg grov idag såg eg at det var skikkeleg tørt. Håpar det regnar like godt utover natta og letta oppatt til morgonen Mr. Green , eg har meir å gjere i hagen i morgon så nokre timar med oppholdsveir i morgon er kjærkomment. Enig

Det som var negativt i dag var at eg oppdaga at småplantane av Ribes odoratum har hatt besøk av skadedyr og er Død , Skulle vatne i "barnehagen" idag og då såg eg at blada på alle stiklingane var visna Crying or Very sad eg slo ut innholdet i potta for å undersøke korleis det såg ut med røtene og der var det mange små larvar, kvite med lite svart hovud som kravla og kraup Kjempesur
Røtene ser ut til å vere oppetne og restane av dei er brune og livlause så der er det truleg ikkje håp . Forferdelig ergelig for eg hadde fått bytta til meg stiklingane frå Idefix no i vår og stiklingane såg fine ut dei, omplanta i ny og større potte og hadde vent seg til utelivet . Denne buska har eg vore på leit etter i fleire år og endelig tenkte eg at det hadde lukkast, men nei då.... Crying or Very sad Crying or Very sad
Eg undersøkte fleire andre potter som stod i nærleiken, men ingen andre stadar såg eg liknande larvar eller spor etter dei. Kvifor kunne dei ikkje ha teke ein plante eg hadde fleire av ?? Mad

Idag har eg bestilt meg dekorstein til fontena mi. Lagde til ei lita fontene tidlegare i vår og vart ikkje fornøgd med den steinen eg hadde til rådighet sjølv. No har eg bestilt meg kvit dekorstein på eit hagesenter i Florø og får den levert på døra i morgon då vi får besøk av syster til madammen som skal ta den med. Då håpar eg den tek seg betre ut. Slik det ser ut no minner det meir om steinrøysa ned i bakken Mr. Green Mr. Green Rolling Eyes men med den midterste sirkelen med kvit stein trur eg det vil ta seg annleis ut
Drømmer
Eg var innom fleire stadar på Nordfjordeid igår og spurde etter, men ingen kunne hjelpe meg der.

No skal eg kose meg med moltelikør og dagbøker på hagegal.

Kuluktrose og hylleblomstsaft

09 jul 2006 08:29


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av kosar meg med frukosten og Naturens verden på radioen. Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med frukosten og Naturens verden på radioen. ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nok ein dag som vart brukt i hagen i si heilheit, så lenge det var verande ute pga regnet.
Eg stakk kant og sette ned impregnert langs bedet der eg har ' Dronningen av Danmark', 'Rose de Rescht' og 'Great Western' , la ned aviser og dekkte med grasklipp så no håpar eg at graset ikkje skal invadere rosene og eg slepp luking meir der.
Under arbeidet med det var eg uheldig og knakk ei fin rose av Rose de Rescht som eg tok med inn til mi fru og tenkte at den kan ho ha i eit glas og lukte på avog til Mr. Green . Drog pusten djupt inn i det eg rekte den vidare og gav uttrykk for at her var det noko som måtte nytast Enig , men kva skjedde ??
- "Honn lukta no kyr dinna rosa der !! " Shocked Forvirret Mad Mad fekk eg vite og gjett om eg vart fornerma då på RR sine vegner. RR som lukta så godt og så bli samanlikna med kulukt Mad Mad Rolling Eyes nei maken til utakknemlighet Laughing Laughing
Ho poengterte riktignok at det var IKKJE fjøslukt ho meinte men rett og slett kyr Rolling Eyes
Eg gjekk no utatt til mitt og etter eit par timar var eg innatt og då hadde lukta endra seg og no var det roselukt som kom ut av glaset Tilber
Den står her ved sida av meg på kjøkkenbordet og smiler til meg kvar gong eg løfter den opp og luktar på den Mr. Green

Ellers grov eg bort plentorv mellom flaggstanga og Irisbedet og la ned markduk , pukk, sand og steinheller . Flaggstangfoten er temmelig malingsslitt så den MÅ få seg eit strøk maling i år, sjølve flaggstanga er like fin ser det ut til.
Ferdig med hellene tok eg fram høgtrykkspylaren og spylte både flaggstangfoten og betongsokkelen som var begynnt å bli ein del mosegrodd etterkvart, så no fekk den ei oppshining i same slengen når eg holdt på der likevel. Plenklipparen fekk seg og ein grundig laurdagsvask Cool når spylaren likevel var i sving .

Stadig meir truande skyer lokka meg til å sanke inn hylleblomst til saftlaging, best å få det gjort før regnet sette inn så då var det igang med saks og plastposar og 210 blomsterklasar vart samla inn (her gjeld det å halde tunga rett i munnen og telje etter kvart ein plukkar Forvirret Blunke for å halde seg til oppskrifta).
Kvar blanding skal inneholde 105 blomsterklasar som held til ca. 8 liter saft.
Eg skulle lage 2 blander, ein til meg og ein til ein kamerat/arbeidsgjevar etter i vinter å ha overbevist han om at hylleblomst er tingen for å halde forkjøling og halsonde borte.
Eg fekk lyst til å sitere Jakob Sande :
"...men når talen var om styrkegrad til helsbot og kraft, var det slik at sjølv ein skinnsekk kunne vrengt seg."

Litt luking og diverse fekk eg tid til å gjere før regnet jagde meg ihus,
å slå med ljå bak huset skulle eg til på då himmelens sluser opna seg , så det vart utsett denne dagen og .
Ja,ja.......Pinlig berørt

Jau eg kjem ihug at eg prikla nokre småplantar og under ei regnbyge ut på ettermiddagen, før regnet trua meg ihus. Har enno småstauder som ikkje er prikla, ikkje alt spirer like raskt .

Dessutan berga eg ihus nokre kapslar med julerosefrø som var på ei av dei julerosene som eg kjøpte til naboen på torsdag (dei står i pensjon hos meg til eg får tid og plante dei til han) Såg at dei var iferd med å spekke opp og då måtte eg berge dei. Skal såast ein av dagane.

Dekorsteinen som eg skulle få igår kjem ikkje før idag, så då vert det vel ombyting av stein i fontena seinare idag dersom ikkje veiret vert for gale.

Myggplage

14 jul 2006 23:19


[  Humør: sur ]
[ slapper jeg av et jordbær  og kosar meg med hagegal Akkurat nå: slapper jeg av et jordbær og kosar meg med hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I kveld er eg både sur og irritert. Endelig hadde eg ein kveld etter ein arbeidsdag det var opplett og eg har ork og overskudd til å vere ute i hagen og styre på i hagen og så vert eg jaga i hus av den hel*%&€# mytten (mygg) . :x
Eg har sjeldan vore så plaga av den som nettopp i kveld. Eg hadde klipt plenen, det gjekk greit, merka ikkje særleg til noko. Så skulle eg plante ut nokre tagetes som hadde stått altfor lenge i pottene sine stakkar og då kom det svermar med dei små knøtta og beit og herja så eg vart heilt desperat. Eg sprang inn for å finne myggstift eller myggserviett som eg er sikker på at vi har ein eller anna plass i huset, men nei.....så kom eg på at eg hadde sett overskrifta på ein tråd på hagegal om kjeringråd mot mygg, der stod anbefalt å gni ansiktet med ein kvast persille :shock: .Eg så gjorde og gjekk ut at for å jobbe meir i hagen og så lenge eg holdt meg på plenen var det greit, merka ingen ting og trudde persillen hadde gjort susen, men den gang ei. Så snart eg kom i nærleiken av busker eller bed kom svina tilbake og tilslutt måtte eg bare rømme innatt i hus.
Eg veit i allefall at myggmiddel er det første eg skal kjøpe på butikken i morgon !

Eg var i jordbærfeltet og plukka jordbær, har to sortar Polka og Korona, synest at Korona er den beste etter min smak. Polka har nokre svært store bær, men er ikkje så smakfulle som dei andre. No har det vore nokre dagar med regn så ein del av dei var litt vassne.
Ellers oppdaga eg at det var kvitfly i jordbær feltet, håpar dei ikkje villar seg inn i drivhuset så eg får dei på tomatane og druene.
Det er bra med klasar på drueplanten i år også, dei heng fint ned frå taket og er i stadig vekst.

Ellers er Crocosmia 'Lucifer' i blomst :jump: ildraud på farge, den viser godt igjen og lyser opp der den står.
Nemesia 'KLM' har eit fantastisk flor nett no .

Canna'en eg fekk av Elsa i vår står no med knoppar, eg gled meg til den opnar seg. Har aldri hatt Canna før så det er eit nytt bekjentskap av året. Har forstått det slik at den skal ha rikeleg med næring.

Har nokre liljer som står i potter, eg trur det er sorten 'Enchantment' orange, som nettopp har begynt å opne blomster. Eigentleg er det madammen sine for ho fekk dei av nokre arbeidskollegaer i 2000 då ho skada armen sin på arbeidsplassen der ho arbeidde og sidan har eg hatt dei i potter. Hardføre og blomsterrike er dei. Ei anna pottelilje står med store knoppar.

Salpiglossisen blomstrar rikt i det nye bedet over septiktanken, men dessverre har ugraset og fått utfolde seg litt for rikt ilag med dei. Lyt nok ta eit krafttak der i helga og reinske opp i sakene.


Eccremocarpusen som eg fekk frå Randi M i vår har komme med ein blomst :jump: og mange knoppar, dei har vakse nokså mykje og dekker alt det meste av plassen den har og klatre på.

Blodbegera som eg fekk frå Solfrid blomstrar som bare det, men har ikkje vakse så veldig mykje etter at dei vart planta ut, men eg håpar at det kjem seg om det vert litt varme i meir enn ein eller to dagar samanhengande.

Dei få morellbæra som var på trea i år har trastene og kråkene raska i seg, eg åt eit par i reint trass her ein morgon før eg skulle på arbeid. Eg likar ikkje frukt og bær som ikkje er fullmodne, men det gjer tydeligvis fuglane.
:( , men å dekke 50 års gamle store morelltre med not er ikkje overkommelig. Eg får nøye meg med å gle meg over den rike blomstringa kvar vår samt at den er bolig for eit par svartkvit flugesnappar som hekkar i kassa høgt der oppe. :oops:

Sist men ikkje minst må eg få med at eg fekk pakke frå AMS idag, flotte Iris som skal få plass i Irisbedet mitt.

Eg sende to pakkar sjølv med plantar til hagegale igår. Kjekt å kunne dele og kjekt å få !

God helg til alle som er innom.

Distrehet straffar seg

16 jul 2006 18:48


[  Humør: flau ]
[ ser jeg på TV og les/ skriv  på hagegal Akkurat nå: ser jeg på TV og les/ skriv på hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag har eg gjort ein virkelig tabbe Klovn .
Eg skulle fylle vasstønna i drivhuset ca. 200 liter og kobla til slangen frå kjellaren og let det stå og renne med eg jobba litt i hagen. Så kom eg på at eg skulle legge inn eit innlegg på hagegal om mjøldogg på Spirea og dermed gjekk eg inn til PCen ein liten tur. Etterkvart var både vatnet og slangen gløymd og eg åt middag og la meg nedpå og sovna Kjempesur
Ettersom vi har privat brønn forstår vel alle korleis det måtte gå .
Riktig, eg tappa brønnen tom, dvs ned om inntaket og dermed har vi luft i rørsystemet. Pokker ta.... ikkje fyrste gongen , men heldigvis fleire år (2-3) sidan sist Rolling Eyes Dei fyrste åra eg hadde drivhus i hagen skjedde det stadig vekk....
og madammen vart Kjempesur som ventande kan være, med tre ungdommar i hus, men no sa ho berre ; "Ja , ja, vi har no brus vi kan drikke..det er no bare vi to."
No må vi vente nokre timar til nivået i brønnen har stege så vi kan begynne å få lufta ut av røra igjen ...... huffa meg !

Ellers har eg tusla rundt og reinska ein del ugras, planta litt her og flytta litt der.
Og sett og tenkt, kansje dukkar det opp idear til nye løysingar på slike lufteturar i hagen ?

Den spesielle rosa eg har skrive om før ("Eikefjordrosa") overraskar meg i år med holdbarhet på blomstrane, dei har nokså svake blomsterstilkar slik at blomstrane heng meir eller mindre nedover. I regnveir vert dei nokså fort stygge og vi hadde nokre dagar med ein del nedbør sist veke, men dei har halde seg bra likevel, bare dei ytterste kronblada som er prega av nedbøren.
Har funne ut at det antagelig må vere ei albarose av eit eller anna slag.

Igår reinska eg Irisbedet for ugras, ein god del ugrasfrø hadde spirt der, truleg frø som hadde følgt med sanden eg strødde på toppen sidan eg tok jorda direkte frå sekkane eg hadde tomatar i ifjor.

Som sagt har eg oppdaga at eg har fått mjøldogg på Spirea 'Little Princess' , eg har ikkje tidlegare registrert mjøldogg på Spirea, det er vel kansje tørkeperioden her tidlegare som har framkalla mjøldoggen. Håpar at angrepet ikkje vert verre, kansje eg må få tak i noko å sprøyte med om det aukar på.
Det gjaldt ikkje bare ei buske, men eg trur samtlege 13 busker var angripne.

Har forelska meg i Cannaen....

18 jul 2006 23:24


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av og gjer meg klar for senga. Akkurat nå: slapper jeg av og gjer meg klar for senga. ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det har ikkje skjedd så mykje hagerelatert bortsett frå vatning av potter, urner og amplar. Litt luking og plukking av avblomstra roser og div. har det også vorte.
Igår regna det heile dagen, men idag kom sola fram igjen når det leid litt ut på dagen. Godt er det både for kropp og sjel.

Då eg kom heim frå jobb idag var det pakke både frå Bjørg S. og Gullet70 i postkassa, spennande med nye plantar.
Denne gongen var det Astrantia major 'Lars' og Macleya cordata som skal prøvast.

Idag fant eg ut namnet på Hostaen eg har bak huset, H. fortunei 'Aureomarginata' heiter den og namnet fant eg i albumet til........ (no fekk eg jernteppe)
greit å ha namn på dei (Hostaene)
Lurer på om eg skal samle Hostaene i feltet eg har Rhododendron.

Ellers opna Cannaen som eg fekk av Elsa i vår den fyrste blomen idag Hoppende glad
Virkelig flott med varm gulfarge og raudorange mønster inni. Trur den er begynt å bli ein av favorittane i hagen eg , ny erfaring av året.
Verbascumen som eg fekk samtidig viser også farge, den vert rosa.

Malva sylvestris blomstrar og , den er flott der den står med mange blomster.

No har eg kosa meg med jordbær og fløyte før eg går og finn senga, må i seng snart . Tidleg opp og på jobb i morgon og. Fri på Torsdag så er det 10 nye dagar på jobb og då er det ferie ..... endelig

Rådslagning og planlegging

21 jul 2006 23:28


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av er på vei til sengs...... Akkurat nå: slapper jeg av er på vei til sengs...... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

For å starte med gårsdagen som var fridag så starta eg med å slå bak huset, det har vorte utsatt og utsatt og....det må slåast med ljå og har lett for å bli ---- utsatt Rolling Eyes

Så grov eg ned murplast rundt syrenbuska for at den ikkje skal spre seg meir enn det EG vil . Den vert ein del av det nye feltet med hjertetre, Diablo og andre busker.

Så la eg turen til det eg har tenkt skal bli eit woodlandprega område forbi morelltrea med surjordsplantar på den eine sida og andre plantar
på den andre sida av gangvegen. Dei skal innrammast av trestammar som eg har hatt liggande der sidan i vinter. Tidlegare i år brakka eg området så der er det øde, bortsett frå tre Rhododendron som veks der, ei lerk og eit par bregner.
No la eg på plass trestammane på prøve for å sjå korleis eg skal legge gangstien som skal vere der. Under gangstien skal eg legge duk og dekke den med enten grus eller treflis (har ikkje heilt bestemt meg enno)
Plante til der får bli eit prosjekt som går seg til litt etterkvart trur eg.

Ellers var det vatning i potter og urner, det fordampar fort no i slik varme som vi har.

Idag tok eg med madammen på rundtur i hagen for å få hennar syn på dei forskjellige prosjekta mine. Ho er IKKJE hagemenneske, for å seie det slik så i hagen fgår eg stort sett råde grunnen aleine, men av og til er det no kjekt å få hennar syn på det eg styrer med og Cool og kansje få nye innspel og innpulsar.
Eg fortalde korleis eg hadde tenkt å gjere det med det nye feltet der hjertetreet skal stå og ville ha råd om ein liten detalj der og det viste seg at ho var samd med meg i måten å utforme feltet på. Det skal innrammast mot plenen med avrunda steinar som held på jordmassane og ein liten "stikkvei " inn i feltet med avrunda steinar som kant vil bryte opp feltet og gje det litt meir liv.
med
Ellers gjekk turen til Rose-og Clematissøylerekka, den går i 90 graders vinkel med klatreveggen eg har planta "Eikejordrosa",'Hybrida og Clematisane 'The President', Hagley Hybrid' Warszawa Nike og Miss Cholmondley
Dei klatrar på ei armeringsmatte som eg sette opp i vår.
- "Denne vart jammen flott, det hadde eg ikkje trudd i vår då du sette den opp, eg var ikkje heilt begeistra for dinna armeringsmatta ! " Sa ho Forbauset Rolling Eyes
- "Kansje vi skal bruke armeringsmatte på søylerekka og ?", prøvde eg forsiktig.
-" Ja det trur eg hadde vorte mykje finare enn om dei berre skal klatre oppetter desse pålane ! " , var svaret..... Cool
Eg får la tanken modnast, kansje har ho rett i det.... Blunke

Etter rundturen med madammen begynte eg å rydde vekk stein frå feltet det hjertetreet skal stå. Feltet har eg brakka sidan i fjor sommar der var mykje hagedjevlar (Skvallerkål) og røtene ligg der enno men eg satsar på å reinske vekk det meste og dekke alt med duk og bark . Om der skulle dukke opp litt djevlar kring buskene skal eg altid klare og ta knekken på det som kjem opp.

Ellers rydda eg or reinska vekk det som var att av spirande ugras . Mjølke er eit ugras eg har i hagen som ikkje reagerar på Roundup, det sår seg villig vekk men er lett og reinske no på denne tid av året. Om hausten dannar den små grøne skjellliknande rosettar i jordskorpa som overvintrar og då er dei ikkje så lette å få utan å grave.

Dette var mein å vere årets ferieprosjekt, men kvifor ikkje starte før ferien er igang viss ein har tid og krefter til det ? Blunke

Nei dersom eg skal få meg nokre timars søvn til kl. 05.00 må eg nok finne senga no !

Feltet er ferdig oppspadd

29 jul 2006 06:24


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg frukost og skal på jobb kl. 07.00 Akkurat nå: spiser jeg frukost og skal på jobb kl. 07.00 ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her har eg ikkje skrive så mykje på mange dagar ser eg Pinlig berørt
Har vel ikkje hatt så mykje å skrive om heller , men skal prøve å nemne det vesle som er.

Eg held no på med siste arbeidsveka før ferien (håpar eg), skal ha avspasering neste veke, men må kansje på jobb ein eller to dagar (men berre dersom eg vil det sjølv ) Enig
Dei siste 14 dagane har vore travle på jobb, med stor fjøs å ta seg av og dyra inn og ut av beite morgon og kveld i varmen. Dyr på beite som må skaffast vatn til osv...
Dessutan kalvekyr som fekk melkefeber og på nippet til å stryke med. Dyrlegen nådde såvidt den ferga han måtte, utruleg kor fort det kan gå frå kyra vert sjuk til den er dauden nær Forvirret Men vi hadde flaksen på vår side. Stort smil

I hagen har det vore mykje vatning av amplar, krukker og Clematis/Rosesøylerekka. Med temperaturar rundt 25 grader tørkar det fort ut.

Eg har spada om feltet der eg skal plante m.a. hjertetreet, Diabloen og diverse anna. Tok litt kvar dag i varmen. No er det bare å legge opp stein og forme/jamne terrenget og plante det eg har. Sidan vert det tur til hagesenter for å skaffe meir plantar, duk og bark. Det var så fint å spa no det var tørt og jorda smuldra så godt, men det kosta meg ei spagreip Mad den gjekk dukken stakkar, men så er det ei gammal og velbrukt ei får 60-70 -talet ein gong som følgde med eigedomen då vi overtok.

Det som er verre er at eg har pådrege meg problemer i eit kne. Det er smertefult når eg fører noko med foten sidelengs, litt hovent på innsida og smertefult dersom eg ikkje passar på å stige forsiktig på foten.
Ikkje så godt når ein har 15-16 melkekyr som ein skal sette seg attåt to gongar pr. dag. Har lagt på elastisk støttebandasje, det kjenner eg hjelper litt, men i natt våkna eg og måtte bare tilslutt stå opp ei stund. Hadde sikkert vridd foten idet eg snudde meg Uenig
Det går vel over men passar dårleg no eg skal begynne på ferien, er redd den planlagde fjellturen neste søndag går i vasken Crying or Very sad

Natt til igår og i går fekk vi regn, og det var kjærkomment for no var det begynt å bli tørt. No skal det visst bli regn utover i veka som kjem så då vert det vel nok av det og . Håpar det vert nokre fine dagar i ferien og.

Ferie

30 jul 2006 21:59


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og føler meg fri som fuglen..... Akkurat nå: slapper jeg av og føler meg fri som fuglen..... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

JIPPI ! Hoppende glad Hoppende glad Hoppende glad

No anser eg ferien for opna, sjølv om den fyrste veka er avspasering Cool
:hair

Klargjering av plantefelt

31 jul 2006 23:35


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har eg fått gjort ein del i hagen likevel sjølv om eg har eit vondt kne.
Slappa av og lata meg til ca. kl 12, men då vart rastløysa for stor og eg gjekk ut og pusla litt. Merka at kneet var mykje betre idag enn det var igår så då fann eg fram grafsa og spaden og skyfla vekk jord nok til at eg kunne legge første omfar med stein til det nye feltet mitt. Det låg der jo ferdig oppspadd klart til å bli jamna og klargjort. Steinar hadde eg innan rimelig avstand klart så eg prøvde meg fram, reikna igrunnen ikkje med at eg kunne drive på så lenge med slikt arbeid idag, men det gjekk greit når eg passa på å trø varsomt på foten heile tida.
Eg fekk lagt opp to rader med stein som kant mot plenen og jamna til jorda.
Til slutt sette eg utover dei plantane eg har som eg skal ha der, pluss at eg grov opp ein Spirea 'Anthony Waterer' som eg skal flytte, den står no i full blomst, men eg tok sjangsen på å grave den opp likevel (flyttast måtte den uansett), så no står den i ei bøtte.

Dei plantane eg har plassert ut er:

Cercidiphyllum japonicum - Hjertetre
Physocarpus ' Diablo' - Blærespirea
Kerria japonica 'Pleniflora' - Fylt soleiebusk
Spirea 'Anthony Waterer' - Rosespirea
Sorbus koehneana - Kvitrogn/ korearogn
Syringa mayeri 'Palibin' - Dverg syrin

I tillegg skal eg kjøpe 6 Krypbarlind, 5 gulnåla einer og 6 Juniperus 'Blue Star' og ein 'Anthony Waterer' til. Skal legge duk på heile feltet og dekke med bark.
Så skulle eg hatt alle dei Stormarikåpene eg tok livet av i fjor Crying or Very sad (det var ikkje få ) Pinlig berørt som skulle henge utover kanten av steinane Drømmer ..........
men når du har vert så tosket så ....! Mr. Green
Får samle frø av dei eg har og så til neste år.

Ellers har eg brukt kvelden i kveld til den andre store hobbyen min , Slektsforskning. Vart kontakta av nokon som lurte på slekta si og då går timane fort. Utruleg interessant og fasinerande, du finn alltid noko nytt og legge til .
Sidan eg fann Hagegal har den hobbyen lege på hylla for det meste Mr. Green (får ikkje tid til slikt..... Laughing Laughing )

I kveld kom eldste dattera vår heim på ferie Hoppende glad Hoppende glad kjekt å sjå ho att, har ikkje vore heime sidan i mai. Ho måtte køyre kolonne rundt Vågåvatnet pga ras på R 15 , men ho kom seg no fram.

I morgon skal eg på plantehandel, eit hagesenter på andrte sida av Nordfjorden skal starte salg i morgon så då passar det godt at eg skal ha plantar til feltet mitt Hoppende glad
Håpar eg finn det eg har tenkt meg + ein del til.. Mr. Green
Kjenner eg meg rett vert det vel litt anna med i bilen heimatt og enn bare det som er planlagt Blunke
Fruen sa at det er om å gjere å ha tjukk lommebok og tom bil i utgangspunktet Tilber

Plantehandel og ripe i lakken

01 aug 2006 22:09


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og ventar på Extratrekninga..( store forhåpningar) Akkurat nå: slapper jeg av og ventar på Extratrekninga..( store forhåpningar) ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja då er plantane, duk og bark innkjøpt og står klar til planting i morgon.
Eg var på Haugan hagesenter på Bryggja for å sjå etter einer og barlind til plantefeltet mitt idag, men det var det smått med, iallefall dei sortane eg skulle ha.
Dei annonserte salg og det var der på roser og ein del stauder.
Mange fine roser hadde dei, men eg gjorde meg hard og stod imot fristelsane Ondt smil Enig
Vil ikkje kjøpe roser før eg veit eg har ein plass og sette dei der dei passar og det har eg ikkje no. Ulykkelig

Stauder derimot klarte eg ikkje å stå imot Rolling Eyes så det vart med meg nokre heimatt ilag med markduk, barksekkar og beinmjøl.
Desse staudene fant eg det forsvarleg og ta med meg heim :

Calceolaria biflora
Lavendel angustifolia (prøvar ein gong til Rolling Eyes )
Ligularia dentata
Paeonia lactiflora 'Bunker Hill'
P. lactiflora ' Duchesse de Nemours'
P. lactiflora 'Festiva Maxima'
P. lactiflora ' Karl Rosenfeld'
Alle desse fekk eg med 30 % avslag Hoppende glad

Så la eg tur mot Torheim Gartneri som ligg 18 km frå Nordfjordeid sentrum.
Dei har eit rikt utvalg i busker og tre og der får vi veldig god service og ein god prat attpå Enig

Ein liten stopp ved Rema 1000 fekk dagen til å bli litt utanom det vanlege .
I det eg køyrde inn på parkeringsplassen og fant meg eit parkeringsfelt kom det ein bil ryggande ut frå eit felt like ved. Eg stoppa og stod stille for å sleppe han fram, og dermed sneia han bort i bilen min . Mad
Heldigvis ikkje dei store skadane (som er synleg), men ødelagt spyler til høgre frontlykt og oppstripa støtfanger er nok til at det må reparerast.
Den møtande parten tok sjølvsagt på seg all skuld ettersom han kom ryggande og ikkje hadde sjekka blindsona si Rolling Eyes
Det vart fram med skademeldingsskjema og utfylling og tur til bilverkstad for å bestille takst på skaden . Kjedelig, men det er slikt som skjer.

På Torheim gartneri er det alltid like kjekt å komme. Blide og imøtekommande eigarar og plantar av god kvalitet så der fant eg det eg ville ha Hoppende glad bortsett frå at dei bare hadde igjen 3 'Blue Star' og skulla ha seks.
På veg heimatt fant eg dei 3 siste på Hildenes gartneri i sentrum av Eid ( dei hadde 4 igjen) så litt flaks hadde eg ! Mr. Green

No er det bare å gå igang med plantinga i morgon. Får håpe at kneet held seg like bra imorgon som dei to siste dagane så skal nok dette gå bra det !

Nok ein solrik og fin dag. Det regnet som kom natt til mandag gjorde virkelig godt, vel 30 mm kom iløpet av nattetimane og det er bra, det trengtes virkelig.

Plantefeltet ferdig planta

03 aug 2006 08:48


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av skal ete frukost Akkurat nå: slapper jeg av skal ete frukost ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I går fekk eg lagt ut duk og planta til feltet eg har jobba med i det siste. Blei bra fornøgd med resultatet, men fekk for lite bark så det skal eg kjøpe meir av idag når vi skal til Nordfjordeid ein tur.

Litt omgruppering måtte til etter som eg kom på at eg ville plassere Buddleia alternifolia også i feltet. Trur den vil passe fint der, dessutan vil den vise godt igjen der i blomstringa, håpar den med tida vert like flott som bilda på nettet tilseier. Drømmer
Dessutan fant eg ut at Hyperikum hookerianum som eg hadde ståande passa betre ved sida av Syringa vulgaris som står der frå før, så får den litt skugge ein del av dagen som den likar. Kerriaen vart flytta over på andre sida slik at den får mest mulig sol og Syringa 'Palibin' blei plassert i forkant av vulgarisen.

Dei som vart planta i feltet er desse:

Hjertetre - Cercidiphyllum japonicum
Kvitrogn/Korearogn - Sorbus koehniana
Blærespirea - Physocarpus 'Diablo'
Perikum -Hypericum hookerianum
Rosespirea - Spirea bumalda 'Anthony Waterer'
Buddleia alternifolia
Fylt soleiebusk - Kerria japonica 'Pleniflora'
Kryp barlind - Taxus baccata ' Repandens'
Gulnåla kinaeiner - Juniperus chinensis 'Gold Coast'
Juniperus squamata 'Blue Star'
Syringa mayeri 'Palibin'

Etter plantinga kosa vi oss med grilling på terassen med god mat og drikke i den fine sommarettermiddagen. På bakveggen av terrassen klatrar blomstererter og sprer si godlukt og vedsida veks Eccremocarpusen som også blomstrar med sine gulorange fine blomar.

Blåregnen som skal klatre på rammeverket har vakse godt, men fekk vekstpunktet avbrote i ei vindkule tidlegare i sommar, men er komme i gang igjen med veksten.

Eg hadde besøk av ein eldre mann (85) for nokre dagar sidan som har vakse opp i grannelaget og er innom for å helse på kvart år når han er her på ferie. Han har hatt sitt arbeid som planteinspektør på Austlandet og er alltid interessert i kva eg har i hagen og kva nytt eg har skaffa meg sidan sist.
Han flirte litt når eg viste han blåregnen og eg fortalde at eg gledde meg til at den skal dekke rammeverket rundt terrassen.
- "Nei det må da vere litt opptimistisk du må nok til Italia om du skal få skikkelig fart på de der ! "
Ok, eg ser poenget hans, men eg vel å leve i tru og håp om at den både skal kle rammeverket og komme fram med blomster.

Kneet mitt er faktisk blitt nokså bra Hoppende glad eg kan fortelje at eg fekk hjelp av ei som har begynt å prøve seg på healing og eg var som ein forsøksperson. Det stakk pg prikka i foten, omlag som når foten søv når ho holdt på og varme, sjølv om ho ikkje berørte kneet eller foten.
Og at dette har virka er eg ikkje tvil om. Hevelsen har gått tilbake og smertene erfor det meste borte Hoppende glad
No er eg ikkje ukjend med denslags behandling frå før heller, men ho her er på forsøksstadiet enno og er så fersk på det enno at ho ikkje vil "komme ut av skapet" Laughing Laughing
Får håpe at det vil vare no då.

Gode sommardagar og PC bekymringar

05 aug 2006 23:48


[ slapper jeg av på tide å finne senga... Akkurat nå: slapper jeg av på tide å finne senga... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det har vore ei virkelig flott tid no dei siste vekene med sol, god varme og pittelitt regn av og til.
Buddleiaen står virkelig flott, trur det er det flottaste eg har sett den nokon gong med svært store blomsterstandar og sprer godlukt Enig

Idag har eg hausta inn frø av tre akeleier, kvit, mellomblå og blåfiolett dei vil vel dukke opp i bytteringen utpå hausten.
Har også ein del frø av Primula elatior-hybridane som eg har i Øvre morelltrebed.

Eg oppdaga at Helleborus 'Yellow Lady' som eg kjøpte gjennom Hollansdimporten i vår står i blomst og fleire knoppar er på veg, Tilber
gulgrøn-kvit på farge, ei skikkelig Lady kan eg tenke meg når den vert litt større.

Fredag:
Eg starta dagen igår med å vaske terrassen med høgtrykkspylar på lav styrke, klargjering for oljebehandling.
Så hadde eg tre timar med plantearbeid hos naboen. Plantar stauder i eit område hos han som både er vått, ligg i skugge ein del av det i sol store deler av dagen. Syntes det vart fint der, og dei var veldig fornøgde med resultatet, manglar bare nokre primula der. Då sel eg til han av dei eg har sjølv for dei må eg spa opp og plante på nytt likevel. Ein god del må delast så det passar bra.
Ut på kvelden klippte eg plenen og dekka jorda i Øvre morelltrebed med grasklippet. Der blomstrar det no i to Fuchsia pluss to sortar F. magellanica, ein med svakt rosa blomster og ein raud. I tillegg er der fleire sortar Hosta som og står i blomst.

Laurdag:
Idag olja eg terrassen, 3 liter holdt akkurat til to strøk.
Fin vart den.
Så sette eg stiklingar av Fuchsia magellanica (ein svakt rosa farge som eg ikkje veit det eksakte namnet på), som er vinterherdig her hos meg det er 3. året eg har den no. Den har vel hatt det litt for tørt i sommar , men har vakse bra likevel og blomstrar no bra. Kansje litt lite gjødsel har eg gjett han og (må visst skjerpe meg..... Pinlig berørt )

Så manna eg meg opp og stakk plenkant rundt fontena, langs buksbomhekken og rundt Queen Elisabeth.
Har irritert meg kvar gong eg har klipt plenen at eg kjem for nær buksbomen med klipparen og då skal det ikkje mykje til å rive av greiner nederst Mad men no er det fiksa og det vart jammen mykje betre å sjå på også Enig
Strødde på eit lag med heimelaga flis som har lege i dunge eit år så det ikkje skal så seg så mykje ugras der.

Ellers har eg grave opp plantar idag som eg skal skal ha med meg til Florø i morgon. Skal innom RandiF og helse på henne og mannen og sjå korleis dei har det i hagen sin. Gled meg til å sjå hagen deira og vinterhagen dei held på å bygge. Mi kjære fru vaks opp i eit av nabohusa der dei bur, men familien har solgt huset sitt der så vi har ikkje vore der på ca. 10 år. Kona mi har ei søster og ein bror i Florø så vi er no av og til der på besøk sjølvsagt.

Eg har begynt å få trøbbel med PC en Crying or Very sad dårleg straumforbindelse av og til så eg må bevege litt på ledningen så den ikkje køyrer på batteriet heile tida.
Snakka med El-kjøp i telefonen idag og dei bad meg ta med maskina så dei får sjå på den. Håpar det ikkje er slik at eg må levere den inn då kan det fort gå mange veker før eg får den att Forbauset Død
Korleis skal det gå med meg då....avhengig som eg er av hagegal....
Laughing Laughing Laughing

God helg til dåkke alle.

Hagebesøk hos Randi og innlevering av Pc en

07 aug 2006 07:45


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja då er eg altså Pc laus for ei tid framover Crying or Very sad
Vi var til Florø i går og eg sette igjen Pcen der så svogeren min skal levere den inn hos Elkjøp der den var kjøpt. Svogeren min er sjølv datareparatør, men ettersom der er garanti på maskina er det best å levere den inn der den er kjøpt.
får bare håpe at ventetida vert kortvarig før eg får den att. Det er vel neppe noko stort problem, men man veit jo aldri.

Vi var som sagt til Florø igår og der var det jo langt hyggeligare ting og ta seg til enn å ta farvel med sin kjære og uunnværlige PC ! Laughing Laughing

Eg var nemlig på besøk til RandiF og såg på hagen hennar Hoppende glad
Der var det mykje fine plantar kan dåkke tru Shocked , det er ikkje mange kvadratmeterane med grasplen den dama har.
Randi viste meg rundt og fortalte og forklarte om dei mange plantane.
Vi hadde avtalt at eg skulle få med meg nokre stormarikåper heimatt og dei hadde ho laga til på forhand så dei stod klar i ein pose og venta. Men ikkje nok med det, ho grov opp andre plantar til meg og som eg fekk med meg heim
m.a. ein sort Rumex med fine tegningar på blada, ein Digitalis, ein primula og..... frø av to sortar (teflonhjerne nett no)
Nesten så eg vart flau over å få med meg så mykje heimatt mot det vesle eg hadde med Pinlig berørt

Dei har og ei koselig utestue som nok er fin å sitte i om sommarkveldane og nyte synet av plantane. Vinterhagen som er under arbeid kjem til å bli eit kjempeflott tilskudd til hagen deira (missunnelse....? nei...... Mr. Green )
Så hadde ho ein liten dam der den raude vannlilja stod i blomst akkurat no, kjempeflott. Tok bilde av den, var tenkt å ta meir bilder, men det vart vind og blåst så meir fotografering vart gløymt. Mange fine lønn, div. Rhododendron og mykje mykje meir.
Takk for omvisninga og plantane Randi Klem

1 års jubileum på hagegal

09 aug 2006 06:40


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av kosar meg med hagegal på madammen sin PC Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med hagegal på madammen sin PC ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Vil bare fortelle at idag har eg 1 års jubileum som brukar av hagegal Hoppende glad

Det har vore eit år med mange kosestunder foran PCen og mange gode råd og tips frå andre brukarar . Særleg har eg sett pris på alle dagbøkene her inne som eg prøvar og lese meg igjennom alle kvar dag.
Fotoalbuma er også fine å hente inspirasjon og idear frå så dei brukar eg å bla i ein del.
Ellers har eg vore litt aktiv i bytteringen og har ein del plantar som eg har bytta til meg som alle er merka med namn + kvar dei kjem frå.
Chatten har eg vore innom bare av og til, men det har vore artig kvar gong eg har gått inn der.Litt hektisk når det er mange deltakarar,men det er nok vanen det og !

Eg vil hermed takke alle på forumet for eit hyggelig år og godt selskap.Håpar det vert mage fleire.

Her hos oss er hoslåtten (2. gangs slåtten ) no igang, så eg er oppteken med det denne veka. Vi har nokre sauer som beitar i dei brattaste bakkane på garden, så haustar vi dei finaste stykka til vinterfor. Det er som hobby å reikne. (6 lammesauer) som far min for det meste styrer. Eg hjelper til når det trengst og så deler vi på kjøttet. Grei ordning det så lenge far min likar og har ork til å halde på med det.

Igår fekk eg pakke i posten frå Iris med Iris germanica Hoppende glad dei planta eg i Irisbedet mitt. Skal google å sjå korleis dei ser ut når eg har skrive ferdig innlegget her !
Eg planta også dei plantane eg fekk med meg frå RandiF på søndag i det lange bedet langs gamlevegen, nærast syrenen, og stormarikåpa på kanten av det nye plantefeltet med busker og vintergrønt. Trur det vil verte fint når dei heng utover kanten av steinane.
Trasig å feire hagegalsjubileum utan eigen PC, men då eg var i kontakt med dei igår sa dei at ny strømfrsyning var bestilt og dei var lovd at dei skulle få den i posten idag, så då får eg forhåpentligvis maskina att i morgon ! Tilber

Begynnande haust

12 aug 2006 07:28


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av kosar meg med hagegal til frukosten Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med hagegal til frukosten ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Framleis er PC en min hos El-kjøp så eg må nok nøye meg med å låne madammen si maskin i ledige øyeblikk Crying or Very sad

No er vi ferdige med hoslåtten og no kan eg bare kose meg i hagen gjere det forefallande .
Tomatane har begynt å modne, (ca ei veke sidan eg hausta dei fyrste) og det er bare ein nytelse å ete dei heimelaga solmodne. Som pålegg et eg tomatar nesten bare når eg har heimelaga. Det er nesten som med epler eg et nesten bare dei norske, dei utanlandske vert for smaklause for meg (ikkje alle sortar då men...).
Med madammen er det omvendt, ho et nesten bare dei utanlandske epla Forvirret .

I år har eg vore slurvete med å knipe tjuvar på tomatane så der er det et visst kaos som eg må rydde opp i iløpet av dei fyrste dagane.
Madamen skal vere vatnehjelp for meg i slutten av kommande veke for då skal eg og ein kamerat på trøndertur. I den forbindelse håpar eg at det kan lukkast å sjå iallefall ein av dei hagegale sin hage (arbeider med saken....)

Ellers er det tid for frøsanking. Har hausta nokre akeleiefrø og diverse anna, ser at ein god del anna er på vei til å bli hausteferdig. Eg får prøve å passe på så eg får ta dei i rett tid.

Dei raude georginene som eg fekk frå ein onkel i vår har såvidt begynnt å blomstre. Gamal sort som onkelen min har hatt i hagen sin i fleire tiår.

Har eit par busker som skal flyttast på, får prøve å ta det ein av dagane, men fyrst må eg spa opp tuene med vanlege påskeliljer som har stått her i fleire tiår utan å ha vore delte, reiknar med at der er mykje småløkar ettersom eg synst blomstringa har avtatt dei siste åra. Har lovd bort løkar til ein hagegal, men er det fleire som vil ha løkar har eg rikelig å sende frå meg, det er bare å gje eit pip så skal det bli ei råd .

Sommarfuglbusken blomstrar som bare det, men kvar vert det av sommarfuglane ?
Har ikkje sett ein einaste på Buddleiaen i år bortsett frå ein kålsommarfugl igår som var innom bare av nyssgjerrighet Crying or Very sad i fjor sverma dei rundt buska så det var ei fryd.

Ellers har eg registrert at grågåsa er på veg sørover, tirsdag kveld såg eg den fyrste flokken på ca. 15 stk.I går flaug det over ein diger flokk, der måtte det vere eit par hundrede fuglar.
Og no spelar dei hausten av Vivaldi i radioen, tydeleg at sommaren er på hell !

God helg til alle som er innom ! Klem

Panoramavegen

13 aug 2006 21:00


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av kosar meg med hagegal til madammen skal bruke Pcen sin igjen Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med hagegal til madammen skal bruke Pcen sin igjen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har vi hatt ein virkelig fortreffelig tur, madamen, mamma, pappa og eg.
Vi tok turen for å sjå den nye vegen frå Hennebygda til Hopland på Nordsida av Nordfjorden, den såkalla Panoramavegen. Høgt og fritt med god utsikt, og eg må med skam seie at eg ikkje har vore i alle grendene som ligg mellom Hopland og Stryn tidlegare, bare ein del på veg. Pinlig berørt
Ikkje så lang veg, men til no har det liksom vore ein avkrok utan for der ein vanlegvis ferdast om ein ikkje har ærend der. No har det blitt gjennomgangsveg og det var på tide å gjere seg kjend i landskapet.
Vi følte oss som turistar i nær sagt ei nabobygd og stogga og såg utover fjorden og både oppover bakkane og nedover bakkane. Og bakkar det var der !!! Shocked
Snakk om bratte gardsbruk. Eg som reikna våre bøar som bratte ........ Pinlig berørt

Vi tok turen innom Stryn og fekk oss ein god middag på ein kafe der. Så la vi turen om Nordfjordeid der vi var oppom barndomsheimen til mi mormor og drakk medbrakt kaffi. Mamma ville sjå huset til besteforeldra ein siste gong som ho sa, der har det ikkje budd folk på eit par ti år og no er eigedomen ekspropiert til industriformål så huset skal rivast og området sanerast.
Vi fekk ho til å fortelle frå då ho var jentunge og var på sommarferie hos besteforeldra, så det vart ei koselig mimrestund.

Vel heime igjen fekk eg sprøyta eit område der det veks nesten bare syregras + høymoler og løvetann hist og her i hagen Ondt smil

I går hausta eg litt frø. Rydda litt, men mesteparten av den aktive hagetida brukte eg til å rydde opp i ein stor haug med kvist eg har hatt liggande i ein krok i hagen der eg no skal lage meg woodland. Kvisthaugen låg på ein lite eignande plass for bålbrenning så den vart flytta til eit område utanfor hagen (på pappa sin eigedom) der eg kan brenne det når det eingong kjem regn. No er det så tørt at eg ikkje torer å fyre opp før det har regna ein god del.
Ellers går det i fjerning av avblomstra blm.standar og ugrasfjerning og div. småplukk.
Ellers dekka eg blåbærbuskene med nett for å berge bæra for fuglane.

Glede og forventning

15 aug 2006 16:51


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av etter middagen og kosar meg med hageskriblerier Akkurat nå: slapper jeg av etter middagen og kosar meg med hageskriblerier ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dei siste dagane har gått med til rydding frisering og vatning av hagens bebuande og rotfaste innbyggarar. Ein god del avblomstra blomsterstandar å klippe vekk og ein del ugras å ta seg av. I steinbedet mitt har det sådd seg mykje grastuer som eg i løpet av ikkje så lang tid må ta meg av ,
og Cerastiumen (sølvarven) som eg trudde eg hadde planta i ei rømmingssikker lomme har likevel klart å presse seg ut og invadert eit område den ikkje skal vere på, reine Houdini-typen er den Mad
Dessutan har raudsveva teke seg inn på ulovlege areal den og, sår seg som bare..... lyt nok ta eit skikkeleg tak der ja.

Eg har samla ein god del frø som står og godgjer seg i binner og kar til eg har tid å rense dei ein kvan sinne (høveleg arbeid i mørke haustkveldar).

Har planar om å legge på ny grus på gangvegen inn mot huset så der har eg sprøyta med Roundup idag og når det som veks der har visna skraper eg bort det som er på toppen, reiknar med at det er litt jordblanding i toppskiktet der, og legg på ny grus som eg har liggade.
Har plan om å lage til ein ny oppstillingsplass for bossspanna og like ved kommunevegen så får eg dei bort frå muren ved inngangsvegen til huset,
så vil eg mure opp eit lite bed vedsida av portalen med vivendel og plante noko der istaden, det trur eg vil bli mykje betre Mr. Green

Den store gleda idag var å sjå at hybridreinrosa har begynt å remontere. Idag tidleg eg var ut for å lese av nedbørsmålaren såg eg at reinrosa hadde opna ein blomst og når eg skulle sjå nærare etter var det i alt 10 knoppar på planten som ikkje er så veldig stor. Den var planta i forfjor og det fyrste året vaks den nesten ikkje i det heile, brukte vel det meste av energien på å etablere seg på plassen, men i år har den vakse og tidlegare i sommar blomstra den med tre-fire blomar. I forrige veke hausta eg frøa og då såg eg ein knopp som var på gang, og den var altså idag utsprungen, og ni andre knoppar var plutselig komme opp om bladmassen. Shocked Eg vart rett glad ved synet, kansje det var den forholdsvis store porsjonen med skjellsand eg blanda i jorda reinrosa har sett slik pris på at ho vil takke meg med ei ny blomstringsperiode ? Mr. Green

Ein lekker duo som eg har i hagen no er dei limegrøne Nicotianaene som eg fekk frå Magnolia og ein Buddleia 'Royal Red' som eg planta i vår. Dei kler kvarandre virkelig godt.
Nicotianaene planta eg i vinkel bak Buddleiaen.

Ellers driv eg og forberedar meg på ein tur til Trøndelag ilag med ein kamerat/arbeidsgjevar. Han skal på landbruksmessa Agrisjå i Stjørdal og eg har slått meg med Stort smil (det begynnte som ein spøk frå mi side om at eg gjerne slo meg med på turen !) Vi reiser iløpet av torsdagen eingong og retur tidleg på søndag. Mens kameraten min er veldig opptatt av traktorar/maskiner er ikkje det akkurat mitt felt kan eg seie, og kva er då betre enn å legge turen innom andre hagegale ? Blunke
No har assa og Line Cathrin sett seg i sving og vil lage til kaffeslaberas i Lineca sin hage på fredag Tilber og gjett om eg gled meg, både til å treffe dei hagegale og hagane deira Hoppende glad Hoppende glad
Ein stor Klem til dåkke for den fantastiske responsen på min forespørsel om mulighet for å komme på besøk.

Plenen har eg fått slått idag og potta om nokre Peonar i større potter, lyt sikkert overvintre dei i pottene for eg har ikkje klart bed til dei no, men planlegg eit eige Peonbed til neste vår. Har potta opp diverse anna og som trong litt større plass for røtene sine.
Fekk sprøyta idag og der eg har tenkt å anlegge eit lite woodland.

Dei har varsla regn no eit par dagar og det kjem vel med for det er begynt å bli skikkelig tørt enkelte plassar, håpar det bløyter skikkelig med eg er i Trøndelag så slepp madammen å vatne noko særleg det som står i krukker og kar, så kan det skineoppatt når vi er på veg heimatt over Strynefjellet Mr. Green

Augusthagen

17 aug 2006 07:56


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av skal ete frukost og gjere meg klar til reise Akkurat nå: slapper jeg av skal ete frukost og gjere meg klar til reise ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Gårsdagen gjekk for det meste med til å ta eit skikkelig tak i hønsehuset med bytting av strø og nedkosting av kongelvev frå tak og veggar Forvirret
Utruleg kor mykje støv som samlar seg i kre og krokar om ein ikkje passar på å fjerne det etterkvart.
Eg vart temmelig kortpusta plutselig så eg måtte inn og finne astmasprayen min for å opne oppatt luftveiene. Ikkje ofte eg har bruk for den unntatt når det er under 4 minusgrader, då er eg avhengig av den.
No har hønsene det reint og fint både på golv og tak og jammen har eg ikkje ei høne som har lagt seg klukk og Stort smil
Eg har ikkje ruga ut kyllingar i år, var litt usikker på situasjonen kring fugleinfluensaen i vår, ingen av hønene har vorte klukk tidlegare heller unntatt i vår, men då avvende eg henne ettersom eg då ikkje ville ha kyllingar før eg visste kva som skjedde mht. influensaen.

Ellers har eg sett madammen inn i vatningsrutinene med eg er i Trøndelag, så det kjem nok til å verte bra

Eg planta ein del nye tomatsortar i vår for å prøve, men mange av dei falt ikkje i smak hos madammen, dei var FOR søte seier ho. Ho likar dei litt syrlege, eg derimot syntes at dei er gode. Smaken vår på det kulinariske området passar nesten aldri saman når det gjeld grønsaker og frukt Rolling Eyes

I år er stammefuchsiaen min heilt enorm i blomstringa Hoppende glad grunnen er sikkert at før eg planta den ned i bedet arbeidde eg inn ein god porsjon hønsegjødel i jorda og det har betalt seg. Eg har aldri sett slik blomstring tidlegare. Fantastisk.
Eg skulle ha plassert den på ein meir synleg plass i hagen, men då vert den meir utsatt for vind og det skal ikkje så mykje til å øydelegge den slik krone den har.
Får håpe på ein roleg haust så den kan stå og blomstre til langt ut i oktober, eit år stod Fuchsiane mine ut til 1. desember før eg tok dei inn, då fekk vi EI frostnatt og dei kunne ha stått ute til langt oppunder jul.

Eigentleg er august ei veldig flott hagetid med mykje som blomstrar, tenk bare på Buddleiane, Nicotinaene, Dahlia (georginer), stokkroser, Fuchsia og mykje, mykje anna. Akkurat no er Gladiolane begynt å blomstre her hos meg. Fine dei også.

No vert eg vekke frå hagegal til eg kjem att frå Trøndelag, så dåkke må ha ei god helg alle saman og kos dåkke i augusthagen.

PS ! Fekk telefon frå El-kjøp at no har dei fått den nye strømtilførselen min Hoppende glad og då får eg vel hente den når eg er tilbake på mandag.

På trøndertur

21 aug 2006 22:43


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av er  glad for å ha fått igjen PCen Akkurat nå: slapper jeg av er glad for å ha fått igjen PCen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så har eg endeleg fått igjen Pc en min etter mykje om og men... får ta det som eigen post seinare trur eg, no har eg lyst å fortelle om Trønderturen eg hadde.

Det var slik at eg og ein kamerat/arbeidsgjevar skulle til Stjørdal på landbruksmessa Agrisjå-06 som varte frå fredag til søndag. Kameraten min kan ikkje få nok av å studere og diskutere maskiner, traktorar og andre duppedittar med motorar og tekniske finurligheter så eg fant ut at skulle eg vere med på turen var det under forutsetning at eg kunne disponere ein del av tida til slikt som falt i mi interesse og kva var då meir naturleg enn å kontakte hagegale trønderar ? Blunke

Vi kom fram til Stjørdal 22.30 og tok inn på Rica Hell Hotel, etter å ha sett frå oss tilhengar på Oppdal der vi på returen skulle ta med oss ein forhaustar heimatt.
Etter å ha installert oss på rommet koste vi oss i baren med ein halvliter før vi let nattesøvnen sige på, godt med ei god natts søvn etter å ha reist i mange timar.

Fredagen opprant med eit framifrå veir med sol og fine temperaturar. Eg tok kontakt med Assa for å få greie på korleis "opplegget var " mht oss hagegale.
Ho skulle ta kontakt med meg etter jobb så skulle ho hente meg og eg skulle få sjå hennar hage. Stort smil
I mellomtida var eg og kameraten min på messa og kunne gå frå stand til stand og få demonstrert alt frå bandsagbruk og traktorredskap til smaksprøvar av lefse og spekepølser Rolling Eyes Mykje å mangt å sjå var der, ikkje alt var vidare interessant for meg Mr. Green så eg var glad då Assa ringte og sa at no var ho ferdig på jobb og vi kunne møtast.

Det var no litt spennande å møte eit vilt framandt menneske, men vi fant tonen straks og praten gjekk lett .
Hagen til Assa ligg i ei lun åsside, mykje av tomten er bratt og der på terrassar i forskjellige nivå har ho samla seg mange slags stauder, liljer, trer og busker.
Dei store og frodige hasselbuskene som vaks naturleg der tyder på at det er lune og gode vekstforhold der. Seinare fekk eg sjå Alstromeria som overvintrar ute og bekreftar akkurat det !
Så fekk eg vite litt om planer for framtidige prosjekt og det skal bli kjekt å følge med no når eg veit korleis det ser ut der, då er det lettare å danne seg eit bilde av det som skjer. Blunke
Det vart tid til prat og ein kaffekopp på verandaen, og sannelig kom ho med to plantar til meg, ein Papaver radicatum (Fjellvalmue) og ein Hosta-baby som er namnlaus foreløpig... Stort smil
Den snille dama køyrde meg så til hotellet der eg fekk ta meg ein rask dusj og kleskifte før ho dukka opp igjen og turen gjekk til Hommelvika og kaffeslabberas i hagen hos LineCa.

Der vart vi hjertelig imottekne og etterkvart kom det fleire så tilsaman var vi 11 stk. samla det var: Vig, Mokki, heidik, Bina, Magnar og frue, Assa, Pauline, Lineca, Stephen og eg ( samt Mathias og Uffe som sprang til og frå).

Praten og latteren gjekk livlig frå fyrste stund som rimelig kunne vere med så mange hagegale og rundturen i hagen var full av spørsmål og kommentarar over det som vi fekk sjå. Mange flotte samplantingar og fargekombinasjonar har ho og for fyrste gong fekk eg sjå kobberbedet, dammen, eplebedet, det fletta gjerdet og alt det andre som vi les om i dagboka til Lineca.
Fargekombinasjonane ho brukar har iallefall eg mykje å lære av ..........
Lineca og Assa diska opp med eplekake, sjokoladekake (for dummies), kaffe,te, brus og is som alt smakte godt .

Med meg heimatt fekk eg frø av Allium ....... og ein Digitalis ......
Hei LineCa, du må hjelpe meg med art- og sortsnamn (presenilitet)
Laughing Laughing

På heimvegen foreslo Assa at ho skulle hente meg på hotellet laurdags morgon slik at vi kunne ta ein tur til Hammer planteskule og sjå kva dei hadde der og det vart eg veldig glad for Helt gira
Laurdag morgon kom ho og sambuaren som avtalt og henta meg og Hammer planteskule fekk besøk av ein handlelysten vestlending. Det vart to fulle posar med stauder til 30 % nedsatt pris Wow! skulle hatt med meg mykje meir, men måtte tenke på bagasjeplass i bilen heimatt og ( kameraten min var jo på messe må vite Mr. Green Rolling Eyes )

Eg er STOR takk skuldig til Assa som drassa rundt på meg hit og dit God klem/hjertelig kyss
og ein STOR takk til LineCa som fant på å arrangere hageselskap i den fine augustkvelden God klem/hjertelig kyss
Kjempekoselig å verte kjende med dåkke alle saman som var der, håpar vi treffes igjen seinare.

Resten av Trøndelagsturen gjekk med til messebesøk resten av laurdagen der eg forøvrig treffte igjen gamle skulekameratar frå ca. 25 år tilbake, virkelig kjekt det også . Utpå kvelden var det konsert med Hellbillies på messeområdet, også det ein fin opplevelse. Samtidig med at dei spelte frå scena spelte nordlyset opp med si oppvisning på himmelen, fasinerande......

Heimturen søndag med hengar og forhaustar gjekk også bra, og vi var heime igjen i 21-tida.

Woodland, druehausting og maling

23 aug 2006 08:30


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg frukost og les haggegal Akkurat nå: spiser jeg frukost og les haggegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No har eg starta på plantinga av det som skal bli woodlandhage. Buskene som eg har hatt ståande på vent sidan tidleg i vår vart endeleg putta i jorda, men ikkje der eg hadde planlagt dei. Der viste det seg nemleg at fjellet stikk opp med bare 10-15 cm jord over noko eg ikkje var klar over. Mad
Buskene eg planta var.
Forsythia X intermedia ( sorten veit eg ikkje , då eg har hatt denne i hagen i mange år.)
Weigela 'Bristol Ruby' , Klokkebusk
Calycanthus floridus (Kanelbusk på dansk)

Desse buskene har eg hatt ståande på vent sidan i vinter/vår då eg måtte flytte dei pga. grøftegraving. Området der eg skulle ha woodland måtte brakkast pga diverse ugras som no forhåpentligvis er borte vekk.
I tillegg planta eg ut frøplantane frå i vår av Heucera 'Metallica' og Corthusa matthiolii som har stått og venta på eit meir varig opphald.
På sikt er det meininga å få tak i 2-3 lavtvoksande lønnetre i ymse fargar som og skal vere der og på andre sida av gangstien skal det bli Rhododendron, Azalea, Hosta og diverse anna.
Eg får no plante og flytte på det eg har og finn til eg vert fornøgd.
Eg har jo ein masse Heucera i langbedet mitt som bør flyttast på då dei står altfor trangt etterkvart, primula i øvre morelltrebed som skal delast og plantast på nytt uansett. Og ein del plantar eg kjøpte på salg hos Hammer planteskule i Stjørdal då eg var der.

Dei eg kjøpte hos Hammer passar det å presentere her:
-Clematis recta 'Purpurea'
-Darmera peltata
-Hosta 'Color Glory'
-Onoclea sensibilis Perlebregne
-Phlox subulata 'Temiscaming' (til fjellhagen)
-Primula auricula ( gul)
-P. dinyana
-P. pubescens (raud m gul midte)
-Pulsatilla vulgaris 'Alba'
-Sedum pachylados (til fjellhagen)
-Viola pedatifida (som hadde masse frø på som eg har hausta nokre av)
Måtte begrense kjøpelysta når eg var der pga bagasjeplass ellers hadde eg sikkert kjøpt over evne Laughing Laughing

Iforgårs hausta vi dei fyrste druene av året og i år var dei søte og gode Sikle
Pga. den fine sommaren har dei fått ei fin utvikling og god smak . Sorten heite 'Himrod', ikkje så store druer men gode, og totalt er det over 50 klasar på planten. Dei fleste klasane heng ned frå taket i drivhuset Enig
Fekk sende med tanta og onkelen min som var på besøk på mandag og skulle vidare på besøk på Sunnmøre hos mormor, så får ho også smake dei.
Onkel meinte at eg hadde nok druer til at eg kunne trakke meg ein stamp
Laughing Laughing

Igår ettermiddag skrapa eg den eine langveggen på drivhuset som snur oppmot huset og fekk malt den, skal fortsette på det idag . Håpar eg får malt heile huset idag og så eit strøk til i morgon.

Ein hærskare med Dj#&%&#..........

25 aug 2006 08:39


[  Humør: fortvilet ]
[ slapper jeg av og prøvar å overliste dj%€#&%€&%en....... Akkurat nå: slapper jeg av og prøvar å overliste dj%€#&%€&%en....... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Gårdsdagen starta med skodde som hang langt nedover landskapet, kroppen verkte og eg kjende meg i elendig form. Eg trudde det var eit resultat av skodda som gjorde at kroppen var i ulage, og tok ekstra medisin for å døyve smertene som eg brukar når gikta herjar på det verste. Eg hadde på planen å male ferdig drivhuset samt å klippe plenen .
Etter at medisinen hadde begynt å virke gjekk eg ut og starta klipparen, klippte ein del og tok meg pause, klippte vidare og tok pause...litt vinglete køyring vart det nok og når madammen kom ut på verandaen for å ta seg ein røyk spurte eg henne om ein får bot for å køyre plenklippar i påvirka tillstand i eigen hage .... Rolling Eyes Pinlig berørt
Ja ho hadde lagt merke til at eg neia bort i både det eine og det andre Pinlig berørt
Eg gjorde meg ferdig med klippinga, og det var det arbeidsinnsatsen som vart gjort den dagen. Crying or Very sad

Etterkvart gjekk det opp for meg at det ikkje var gikta som herja med kroppen min, men rett og slett influensaliknande greier med sår hals, tett nase og verk i heile kroppen Død
Resten av gårsdagen vart tilbringa i rolege former på sofaen, av og til i sitjande
og av og til i horisontal stilling. Prøvde å få sove litt inn i mellom men det lukkast ikkje vidare bra det heller. Det vart til at det vart bruk av PC en det meste av dagen.
Dagen idag kjennest ikkje særleg betre ut, verk i heile kroppen og dårleg form forøvrig.

Veiret ser bra ut, delvis skya og sola bryt igjennom for det meste.
Får sjå utover dagen kva eg er god til å ta meg til.

Det passa dårleg akkurat no å få slike plager, for i morgon skal eg på 30 års treff med skuleklassen min frå 9. klasse. Synd om det vert spolert.
Då skal vi til Knuteholmen i Kalvåg med "Havets festbord" på menyen som dei er så berømte for, det har eg sett fram til i heile sommar.

Nei, no får eg halle meg ned på igjen ...h%€#?=&# basseluskane Ondt smil
som kom og gjorde hærtog på kroppen min no då Mad Mad Mad
.... skal jage dei lukst på havet, det skal eg Kjempesur Kjempesur Kjempesur

12 kubikk jord

26 aug 2006 08:27


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av skal ete frukost og slappe av Akkurat nå: slapper jeg av skal ete frukost og slappe av ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Gårsdagen gjekk med til sofaligge og lite anna.
Nei, eg skal ikkje lyge. Eg fekk meg faktisk tak i eit stort lass prima matjord på føremiddagen. Cool
Eg oppdaga at dei var begynt å grave ut tomten til den nye gymsalen/garderobeanlegget ved skulen og tenkte som så at no må eg vere om meg skal eg få meg eit lass med jord. Eg tok bilen og reiste ned og der stod dei og prata - gravemaskinføraren, dumpersføraren og svogeren min.
Eg la fram ærendet mitt og fekk beskjed om at det var svogeren min si jord så det var han eg måtte spørje. Stort smil
Det viste seg at då han skreiv salgskontrakt med kommunen hadde han sikra seg retten til all jorda som ikkje kommunen skal bruke til opprydding og sluttføring på byggeplassen, luringen Mr. Green .
Eg gav ifrå meg ein lapp med mobilnr. og sa at dei kunne ringe før dei kom med lasset. Etter to timar ringde dei og sa at no var dei underveis med jorda Forbauset Stort smil .
Det var kjapt levert.
Det høyrer med til historia at dumpersen køyrde seg fast i ein mur her då han skulle tippe lasset. Han bereikna litt feil og dermed måtte han til med lirking og styr for å unngå skade både på køyrety og mur. Det gjekk godt til slutt det og .

Eg vart eigar av 12 kbm. med skikkelig flott matjord, fin sandblanda jord Hoppende glad
Det vert mange trillebårer å trille ned i hagen, men fyrst må eg få på plass ein del stein som skal leggast på grensa mot naboeigedomen nedanfor og halde på jorda. Det meste av jorda kjem eg til å bruke der eg no har tenkt å anlegge woodland, så det eg har planta der til no må nok opp igjen Klovn så eg får fylt på der eg vil.

I halvåttetida i gårkveld fekk vi eit sjeldent regnskyll. På ca. 15 minutt kom det 20 mm nedbør Forbauset med påfølgande torden ei god stund utover. Det var enormt kor det spruta ned og eg stod på verandaen og følgde med kor det gjekk med plantane i hagen. Var redd dei skulle bli piska sund i det kraftige slagregnet. Særleg reikna eg med at Nicotiana 'Only the Lonely' skulle ta skade, men heldigvis gjekk alt bra. Plantane såg ut som våte kråker etterpå, men det tok ikkje lange stunda før dei hadde retta seg oppatt. Det er iallefall tydelig at regnet kom vel med for graset har vokst betydelig i natt.

Halsen og kroppen kjennest betre ut idag, så eg håpar på at eg skal få ta del i 30-års festen i kveld.

God helg til alle hagevenner Klem

På 30-års jubileum med avgangsklassen

28 aug 2006 08:31


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg frukost og høyrer distriktsendinga på radio Akkurat nå: spiser jeg frukost og høyrer distriktsendinga på radio ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I helga var eg på 30-års jubileum for avsluttande grunnskule Forbauset , tenk 30 år sidan...
nesten ikkje til å tru. I allefall når ein ser på oss som gjekk i klassen, vi er jo nesten heilt like oss som vi var den junidagen vi sette frå oss skulesekken og sprang ut i "den vide verden" Cool Mr. Green
Vel, nokre hadde mindre hår enn for 30 år sidan og nokre hadde (mykje ) større mage.... Laughing Laughing men likevel då !!
No skal det seiast at dei saller fleste som møtte (bare 11 av 22 stk Crying or Very sad ) ser eg jo med jamne mellomrom .
Det var utruleg kjekt å møtast, ikkje alle hadde høve til å møtast denne gongen, dessverre, og ein del hadde ikkje svart på invitasjonen tross to påminningar Rolling Eyes
synst eigentleg det er god folkeskikk å gje tilbakemelding uansett.

Vi som møtte storkosa oss på det fine etablissementet på Knuteholmen med "Havets festbord", godt drikke god dansemusikk frå "KP og dansebandet", bryggedans og kjempeflott temperatur og stjerneklar himmel. Det var mange tilreisande båtar som låg ved gjestebryggene og masse folk . Det vart mange timar med "mimring" og gode historier, mykje humor og mykje latter utover kvelden og natta. Det som var det mest gledelige var at ein av dei som dei fleste av oss ikkje hadde sett på desse 30 åra plutselig dukka opp i eit-to tida om natta og det vart eit hjertelig gjensyn. Han hadde flytta opptil fleire gongar dei siste halvåret og hadde ikkje fått invitasjonen, treffet høyrde han om på eit anna arrangement så han leigde taxi frå Rugsund handelsstad, eit anna etablissement i kommunen for å komme til oss og treffe oss !!
I halv firetida fant vi ut at det var på tide å sette stopp, samtidig nærma Tor med hammaren seg ute frå havet og eg var vel ikkje meir enn kommen under dyna før regnet tok til.

No må eg skunde meg å lage meg til for idag skal eg, madammen og mor til Sunnmøre og besøke mi snart 93 år gamle mormor.

Sunnmørstur og nye stauder

29 aug 2006 07:47


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg hagegal og et frokost Akkurat nå: leser jeg hagegal og et frokost ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår var vi på Sunnmøre ein tur for å besøke mi snart 93-årige mormor.
Ho har budd vel eit år på alders-og sjukeheim etter at ho datt og slo seg kraftig i fjor vår. Ho har vore nesten blind i fleire år , men har klart seg godt heime allikevel med hjelp av heimesjukepleier og heimehjelp.
I går var det godt å sjå kor frisk og kjekk ho såg ut, stor forskjell sidan sist eg besøkte henne. Og hugset hennar er fantastisk, føl med alt og alle frå barn til tippoldebarn Stort smil
På vei oppover måtte vi sjølvsagt stoppe på Nordfjordeid og kjøpe med oss blomster til dama, sjølv om ho ikkje ser så godt kan ho såvidt øygne det som er rundt henne og set pris på å ha blomar på rommet sitt.
Det var ikkje bare blomster til mormor som kom til kassa denne gongen heller Pinlig berørt for i staude avdelinga på gartneriet fant eg diverse sedum ,
S. hispanicum
S. floriferum
og ein variegert Sedum som eg ikkje har passa på å få med namnelappen på Forbauset
( eg får stikke innom idag og finne ut kva det var eg kjøpte..)
eg fant også ein Bergenia 'Bessingham White' som skal få plass i det kommande woodlandet (kansje)

Når mormor skulle kvile middag var vi på kafe og åt middag og etter det var vi opp i huset til mormor og mimra litt. Det er ingen av dei 7 barna hennar som bur der, men heimen er godt vedlikeholdt, dog ber sjølvsagt hagen preg av at der ikkje lenger er fastbuande. I mormor og morfar si tid bugna det av blomster både ute og inne, men no er sjølvsagt beda ikkje lenger vedlikeholt og gror att, men dei mange fine buskene og plenen vert jamt vedlikeholt med klipping og stell.
Eg var avstad og fant meg ein del stiklingar av Auriklane som står att i eit av beda, håpar eg fekk med meg av forskjellige fargar. Fint å ha som eit godt minne, dessutan likar eg Auriklar veldig godt.

Då vi kom heimatt låg det pakke i posten med bytteplantar frå Akoen, dei skal nok få det bra her håpar eg, tusen takk !

Idag skal eg til Stryn med bilen, eg vart pårygga for litt sidan på Nordfjordeid og den må innleverast så dei får fikse den avbrotne spylaren og lakke oppatt støtfangaren. Så stiller forsikringselskapet med erstatningsbil eit par dagar til dei er ferdige. Enig

Jordtrilling og funderingar

31 aug 2006 08:26


[  Humør: fornøyd ]
[ hører jeg musikk skal snart ut og gjere noko fornuftig Akkurat nå: hører jeg musikk skal snart ut og gjere noko fornuftig ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

PÅ Tirsdag var det ikje så mykje haging eg fekk tida til då eg måtte til Stryn å levere inn bilen for rep. og lakkering etter at eg vart pårygga for ei tid tilbake.
Samtidig hadde eg ymse ærend på Nordfjordeid når eg var forbi der likevel som tok tid. Mellom anna skulle eg innom gartneriet og få namnet på den Sedumen eg kjøpte der på mandag, men når eg kom igjen der var det ikkje namnelapp i ei einaste potte av dei som var igjen der Mad den får vere namnlaus inntil vidare, skal nok finne vokseplass til den likevel.

Derimot fant eg ein annan plante som vekte mi interesse, Calocephalus brownii, den er svært spesiell med greiner / "blad" på tjukkelse med vanleg ulltråd og sølvfarga.
La inn spørsmål om den på hagegal og fekk vite at den ikkje er vinterherdig (kan tåle ned mot - 5) og kan bli ei busk oppmot 1,5 m.
Skal visstnok vere lett å formeire med stiklingar så det spørs om ikkje eg må prøve å få rot på nokre skudd iløpet av hausten.
Madammen fekk den som potteplante ilag med to ildtoppar og ein diger raud begonia som skal stå på det runde bordet i gangen.

Igår begynte eg å trille jord til det nye woodlandet som eg held på å anlegge,
frå det store lasset med matjord som eg fekk tak i . Fyrst måtte eg legge stein mot grensa til naboen som barriere slik at det ikkje vert han som får jorda når haust regnet kjem for alvor, det tek ei tid før planterøtene bind jorda og. Stein har eg bra tilgang på og desse var det ikkje så nøye med forma på ettersom det er å reikne som "utmark" den delen av eigedomen til naboen som grensa mot meg. Mr. Green
Så måtte eg opp att med dei plantane eg hadde sett ned frå før, busker og Heuchera 'Metallica' og Cortusa matthiolii .
På enkelte plassar var der berre 5-6 cm jord opp på fjellet så eg var heldig som fekk meg tak i jord.
Problemet her i bratta er at lasset måtte tippast like ved kommunevegen og vidare må det trillast i trillebår ned i hagen og der er det eit parti som er nokså bratt så trillebåra kan ikkje vere full då klarar eg ikkje å halde igjen eller kan miste styringa. Død
Eg fekk trilla ned ein god del lass, men syntes ikkje det minka stort i den store dungen Forbauset tenkjer der er jord nok til å fylle ut både her og der.... Mr. Green
Har m.a tenkt å anlegge eit ovalt bed kanta med avrunda steinar som eg kan få tak i i eit tidlegare grustak ca 10 km herifrå, der har eg tenkt at Peonane mine skal samlast . Kansje eg skal sette fortgang i dei planane og ... men tida......
det er tida som begrensar det ein får gjort. Jorddungen hastar det forsåvidt ikkje med å trille ned bare eg får den vekk før graset beg. vokse til våren.
Har jo heile vinteren på meg .....
Farleg tankegang det der, eg veit det frå tidlegare erfaring.... Klovn Cool

Idag regnar det nokå jamt her iallefall foreløpig så det vert iallefall ikkje jordtrilling fyrst på dagen.

Tenkjer at eg får plante ein del av det eg har ståande i potter på det området eg har fylt på. sjølv om det vert midlertidig plassering er det betre enn at dei står i potter og må passast på med vatning, eg har nok å vatne på likevel iallefall no når ferien er over og tida i hagen vert betydelig mindre.

Ferien er over, det går mot haust

01 sep 2006 06:40


[ slapper jeg av forberedar meg til fyrste arbeidsdag etter ferien Akkurat nå: slapper jeg av forberedar meg til fyrste arbeidsdag etter ferien ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så er ferien over for iår også Crying or Very sad men eg skal ikkje klage for eg har fått mykje ut av ferien i år både på heimeplan og ellers.
Ikkje minst det fine veiret vi har hatt i sommar har gjort at det føles som om eg har hatt ferie mykje lenger tid i år enn tidlegare.
Så var det trønderturen som var høgdepunktet, det står som eit godt minne etter årets ferie. Kjempekoselig å bli kjent med dei andre hagegale eg trefte der. Enig

Idag startar arbeidslivet igjen, planen var at eg skulle starte på jobb i kveld ettersom han eg jobbar for skal reise vekk, men igår fekk eg forespørsel om eg kunne starte på morgonen då bonden sjølv måtte reise tidlegare enn planlagt. I tillegg har han kalvekyr han ventar skal kalve med han er borte (kjem att seint laurdag kveld) så då kan eg reikne med å vere i fjøsen mesteparten av tida om eg er riktig uheldig Død . Bråstart med andre ord.

Planen var at eg skulle til Stryn og hente att bilen min idag (har vore på rep.), fekk telefon i går om at den var klar, men sjølvsagt ein halvtime før dei stengte så det var ikkje tid til å hente den då.
No veit eg ikkje om eg kjem meg avstad idag for å hente den, det er kyra som bestemmer. Der er folk på garden som kan passe på kalvekyra og varsle meg når noko er på gang, men eg må vere tilgjengelig på kort varsel og då er ikkje ein tur til Stryn mulig med ferje og greier. Det skulle ha vore tunnell under fjorden her slik det er lenger ute i fjorden mot Bremanger Drømmer

Igår fekk eg trilla meir jord til woodlandet mitt - puh.... veiret kom seg ut på føremiddagen slik at det gjekk an å arbeide med jord utan at det vart for klissete. Eg vert godt fornøgd med området slik det no vert, det jordlasset fekk eg i rett tid. Det er rart kor det lagar seg av og til Stort smil
Har vel kansje trilla ned knapt ein tredjedel av jorda til no og ser at det vert rikeleg jord til det eg hadde tenkt meg og resten skal eg nok få brukt og
- heilt sikkert !! Enig

Ellers kan eg ikkje sjå sjå meg mett på kombinasjonen Buddleia 'Royal Red' og Nicotiana 'Lime Green' virkelig flott. Buddleiaen vart planta i vår og er ikkje så fyldig med greiner enno, men ein 4-5 greiner som blomstrar har den og Nicotianaen har virkelig nytt godt av hønsegjødselen eg grov ned då eg planta Buddleiaen, rik og fyldig og full av blomster som eit hjørne bak Buddleiaen, den var eg heldig med. Skal ta bilde av den.

Ellers ser dagen ut til å bli fin idag sjølv om meterologane seier noko heilt anna, dei varslar nemleg regn Rolling Eyes
Foreløpig er det iallefall nesten skyfri himmel, og klar fin haustluft ca. 10 grader.

Rolig helg

04 sep 2006 07:47


[ slapper jeg av skal ete frukost og smørje niste Akkurat nå: slapper jeg av skal ete frukost og smørje niste ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her har det vore "hagetørke" iløpet av helga, ikkje for at det har vore dårleg veir, men det har vore godt å koble av med anna og for å få litt avveksling. Har rikelig med jord som skal trillast og fyllast ut i woodlandet.
Fredag vart ein hæseblæsande dag, eg skulle hente bilen min i Stryn og reikna med at eg kunne hente den på føremiddagen då eg skulle på jobb om kvelden, men bonden som skulle reise vekk måtte reise tidleg fredag morgon så eg måtte ta fjøsstellet då og . I tillegg venta han kalvekyr så det såg mørkt ut for at eg kunne reise og hente bilen, men etter fjøsstellet om morgonen såg eg at det ikkje vart kalving fyrst på dagen iallefall så då drog eg når eg var ferdig i fjøset. Full fart til Stryn å henta bilen, så retur med eit lite stopp på Eid der eg kjøpte meg nye støvlar og ein liten tur innom gartneriet og kjøpte to nye Calochepalus, ein Rhododendron lep. ' Frost Hexe'( som eg fekk for kr. 58,-) og to pakkar med Narsissus 'Jetfire ' og 'Canaliculatus' .
Så var det fullfart til ferja for å nå den og tilbake på jobb, der var eg til kl. 20.00 og eg var ferdig med fjøsstellet. Var temmelig sliten på fredagskvelden.
Det var jobb på laurdag og då eg kom heimatt i 13-tida var eg både gjennomvåt og trøtt så då vart det ein varm dusj og sette seg i kosekroken med Pc'en til eg skulle på jobb igjen kl. 18.00.
Det var ikkje teikn til kalving då eg gjekk frå jobb laurdagskvelden, men då var det ikkje lenge før bonden sjølv kom heimatt.

I helga har eg kosa meg med å pusse støvet av ein annan god hobby eg har, slektsforsking. Har meldt meg inn i DIS, slektforskingsforum , (liknande hagegal) der kan ein få hjelp frå andre slektsforskarar.

Nei no må eg skunde meg og ete frukost og smørje niste før eg går på jobb.
Eg forstår ikkje dette med morgonane, dei vert alltid for korte når ein skal lese og skrive på hagegal før ein kjem seg på jobb......

Ha ein god mandag folkens !



Klem

Ein vellukka dag

05 sep 2006 15:48


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av har fått meg mat og skal rette meg ut på sofaen ei stund.... Akkurat nå: slapper jeg av har fått meg mat og skal rette meg ut på sofaen ei stund.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har traska i skog og mark i regnveiret og lett etter kalvar ilag med ein bonde i to dagar. Vått, tungt og trasig.
Idag fant vi dei og fekk dei heim i innhegna område så dei er "innaskjærs" til hjortejakta startar Mr. Green
Bonden vart så glad at han sende meg heimatt og sa at - "du skriv no timane dine du !" Stort smil
Kom heimatt og sendte bestilling til Jensen på plantar frå Holland til våren.
Skikkelige Wow! plantar mange av dei.
Vellukka dag på mange måtar. Stort smil

Hollandsplantar - nok ein import....

06 sep 2006 08:09


[  Humør: forelsket ]
[ spiser jeg frukost før jobben kallar Akkurat nå: spiser jeg frukost før jobben kallar ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Startar ikkje før ni på jobb denne veka så eg kan kose meg med hagegal i ro og mak Mr. Green

Har sendt bestilling til Jensen på sikleplantar til våren. Mange flotte sikleplantar som eg håpar det vert så mange som vil ha at dei fleste får det meste Enig
Her er dei som eg har bestilt:

Heuchera 'Citronelle'
H. 'Neptune'
Hosta 'Aphrodite'
H. 'Sum and Substance'
Ligularia 'Britt Marie Crawford'
Mertensia virginica
Pulmonaria longifolia ssp. cevennensis
P. 'Samoura'
Rodgersia p. 'Chocolate Wing'

Reserve:
Heuchera 'Magicolor'
H. 'Caramel'
Hosta 'One Man's Treasure'
Brunnera 'Looking Glass'

No håpar eg at Jensen har fått bestillinga mi for eg fant eit innlegg frå han i "sikletråden" der han har svart alle dei som hadde bestilt, men eg har ikkje høyrt noko Shocked Forbauset
Eg la inn ei ny bestilling så no er det nok i orden.

Ellers vert det lite haging for tida pga jobb og veirforhold, men eg er snart nødt å klippe plenen om eg ikkje må til med langorven !
Merkelig, den veks jo som gras. Hmmm - merkelig ! Laughing

I dag skal vi gruse vegar og gardstun så då slepp eg å kjempe meg gjennom tettvakse krattskog og steinurdar på leit etter kreatur.
Håpar at det held seg opplett det meste av dagen

Lite haging siste dagane

10 sep 2006 09:03


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Kosar meg med frukostkaffien og hagegal Akkurat nå: slapper jeg av Kosar meg med frukostkaffien og hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nokre dagar sidan siste notat no ser eg. Det har ikkje skjedd noko nytt i hagen hos meg sidan sist. Har hausta nokre tomatar og litt druer .

No sit eg her og kosar meg med "heimelaga" egg til søndags frukosten. Har såvidt fått tid til litt frukost før idag. Så var det ein god time på jobb. Bare to kyr å melke foreløpig der eg er no, så det fjøsstellet går raskt unna, rolige og snille dyr så det er bare ein fornøyelse. Men der er ein kalv vi har litt problem med å få til å drikke som den skal, men det går deg nok sikkert til etterkvart, han har lett for å dra melka ned i luftveiene så det tek si tid å få i han det han skal ha.

Dei siste dagane har som sagt ikkje vore noke aktive hagedagar pga. regnveir, jobb og halsonde.
I går var eg forøvrig hos naboen og planta nokre Primula elatior. Han etterlyste meg og sa at eg var sakna Rolling Eyes .
Eg hadde lovd å plante desse til han, men sa at han måtte vente til eg skulle dele og plante om mine og det var ok, men no var tolmodet slutt Rolling Eyes
Eg visste ikkje anna enn å grave opp nokre og dele frå til han Cool
Det vart 20 stk, men vi fant ut at det må til 20 stk til på eit anna område.
Det kjem til å bli eit fint område når det har vakse til. Han vil dekke med aviser og legge bark på så han slepp å reinske ugras.

idag er eg nødt til å slå plenen dersom det held seg opplett. Det skulle vore gjort for fleire dagar sidan, men det har vore regn eller bygeveir kvar dag denne veka så det har ikkje blitt. Graset er vått idag og, men eg får no prøve.

Ellers har eg mykje eg skulle ha reinska opp i, både i drivhuset og i beda.
Frø skal haustast og plantar skal flyttast. Hadde hatt bruk for nokre fine dagar i slutten av veka når eg har jobbfri, då lyt iallefall noko gjerast. Mr. Green
Dessutan har eg mykje jord fortsatt som skal trillast på plass, stein som skal berast og leggast på plass.
Akk ja, det manglar ikkje på gjeremål som står i kø og pirrar samvittigheta Laughing

God søndag til alle hagegale !

Litt haging igår

11 sep 2006 06:03


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg frukost og lagar niste før eg går på jobb Akkurat nå: spiser jeg frukost og lagar niste før eg går på jobb ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Må skrive eit lite innlegg før eg går på jobb. Skal vere på jobb 06.30 idag .
I går var det planen at eg skulle klippe plenen, men vått gras hindra meg i det.
Det kom seg utpå dagen, men etter jobb om kvelden hadde eg diverse anna som måtte gjerast, satsar på at det vert tørt gras idag. Er ferdig med fyrste arbøkt ca 13 idag så då vert det høve til å få det gjort.

I går vart det innhausting av diverse frø m.a Viola pedatifida, Eccremocarpus, Pyrineerlilje, Blodbeger og Echinops m.m.
Dessutan delte eg frå røter på Filipendulaen som skal sendast som bytteplante.

Så var eg ein tur i woodlandet og planla korleis eg skal legge gangstien på det området eg har fylt på jord og grov ut den. Der har eg tenkt å fylle på med gamal sagflis og kante sidene med stein.
Sagflis får eg det eg vil ha hos bonden eg jobbar hos. Hadde tenkt eg skulle få noko som hadde lege ute eit par år så det var mørkt på farge men det hadde han fylt ut i ei fordjupning så eg får ta til takke med noko som vart tippa ute i vinter og toppe det med enten dekkbark eller flis eg har laga sjølv med kompostkverna.

I gårkveld plukka eg Buddleiastiklingar og pakka til mottakarar på forumet. Dei går i posten idag.

Planar for dei kommande fridagane

13 sep 2006 05:55


[  Humør: søvnig ]
[ spiser jeg frukost og lagar niste til jobben Akkurat nå: spiser jeg frukost og lagar niste til jobben ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag er det siste arbeidsdagen denne perioden, så har eg fri til neste fredag.
Ein av bøndene eg jobbar hos har lagt ned drifta no i august so då er eg permittert dei fyrste fire dagane neste veke dersom ikkje nokon av dei andre finn ut at dei treng meg dei dagane. Eg har rikeleg som står på vent som skal gjerast så det er ikje farleg med sysselsetting akkurat...... Mr. Green

Sidan sist eg skreiv noko har eg klippt plenen, henta meg sagflis som eg skal bruke på tråkkstiane i woodlandet og lagt ut noko av det, plukka litt frø og rydda litt.

Igår stal eg meg ein neve med frø frå Echinops ritro på garden der eg jobba og med tilbake når eg skulle i fjøsen om kvelden var ein Heucera 'Metallica', då vart bondekona glad då ! Stort smil

Ellers hadde eg ein vedstabel ståande ute som eg bar i hus igår, likegodt å få det under tak før hauststormane kjem.
Eg har framleis ved liggande som ikkje er kløyvd Pinlig berørt som eg trur eg må ta tak i no når eg får desse fridagane.
Om det vert fint veir må eg prøve å få trille ned resten av jorddungen min og.

Soloppgang

14 sep 2006 08:13


[  Humør: hypnotisert ]
[ slapper jeg av og samlar masse inspirasjon til ein god hagedag Akkurat nå: slapper jeg av og samlar masse inspirasjon til ein god hagedag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Eg har nettopp sett på ein soloppgang som var fasinerande. Trollsk.
Fjorden og fjella her låg innhylla i tåke, ikkje av det grå, tunge slaget, men meir lett og sløraktig.
Så kom den fyrste vesle strima av solskiva over fjellkanten utanfor Nordfjordeid, som glødande lava. Eigentleg utruleg kor fort den kjem opp når den fyrst er i siget Mr. Green
Gylne strålar vart sila gjennom tynt tåkeslør som dreiv forbi solskiva og spegla seg i fjorden. Vakkert.
Så var all skodda vekke her, hadde samla seg på andre sida av fjorden for plutselig og komme veltande rundt Svartekari (eit nes) i full drift ut fjorden.
No driv skodda tjukk forbi stoveglaset her, medan fjorden ligg gyllen av solstrålane som slepp gjennom og ned i vasspegelen medan sola stikk seg fram bleik som månen gjennom tåkeveggen.

Som ei gamal dame her brukte å seie :
Dette var eit gjestbod for auga !! Enig


I går fekk eg gjort litt mellom arbeidsyktene.
Fyrst samla eg ein del stein til å kante gangstiane i woodlandet mitt og la dei ut. Brukar avrunda steinar store som 3-4 knyttnevar. Er litt i stuss om korleis eg skal legge tråkkstien enkelte plassar, men det går seg vel til etterkvart, det går jo an å forandre på sakene etter kvart , både sagflis og stein er mobile Mr. Green

Igår fant eg modne frø på Cannaen min Hoppende glad
Det var 13 frø eg fant, la dei i ei djup lomme for å sleppe å gå inn med dei med det same (holdt på med noko anna, så frøsanking var ein digresjon Cool )
Så putta eg noko anna i lommen og tenkte ikkje meir over frøa. Då eg skulle ta oppatt det andre eg hadde i lommen følgde frøa med og tre av dei for ned i eit hol mellom nokre steinar og forsvant for godt Crying or Very sad
Ikkje rart igrunnen, med 13 i tallet måtte det bli nokre Ondt smil -skap av det, men eg har no 10 frø tilbake som eg trur eg skal så ferske no idag.

Idag teiknar det til å bli ein strålande dag som skal stå i hagestellets teikn her hos meg. Lyt nok trille jord som bare tusan og få utover så mykje som råd idag og i morgon. Eg lyt bare vere "drosjesjåfør" fyrst, hente yngste dattera på ferja og seinare køyre henne til legen/ hente igjen og kansje tilbake til ferja.

Og kansje skal eg flytte ein del av Heuchera'ene til woodlandet som er klart for planting, fint å gjere det når eg treng pause i jordtrillinga. Skal og dele primula og plante utatt + plante nokre hos naboen.
No skal eg ut og ta stiklingar av Buddleia til True T.

Woodlandet tek form

15 sep 2006 08:43


[  Humør: rasende ]
[ hører jeg musikk Akkurat nå: hører jeg musikk  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har brukt lang tid på å skrive eit langt og planlagt innlegg som plutselig forsvant for meg.... ååååååååååååhh kan verte så forb... Mad Mad Mad

Det eg skulle fortelle var at no er eg ferdig å fylle på jord i nederste delen av woodlandet, det gjenstår bare å samle stein som skal ramme inn tråkkstien og plante dei plantane eg har som skal stå der. Trur eg får ta det på søndag så får eg trille jord idag og i morgon til det øvste feltet som er ein god del større.
Har planta busker, Heuchera 'Metallica' og Cortusa mattiolii der alt, men det er plass til mykje meir. Ei stor bregne står der frå før.
Til våren får eg få tak i eit par småvokste Acer, dei trur eg vil passe der og.

Eg har rydda den øverste delen for kvist og gamalt gras som eg la under dei Rhododendronbuskene eg har der frå før, og begynnt å trille på jord der og.
Her skal eg ha ymse surjordsplantar, i tillegg til Rhododendronane og ei STOR bregne som er der frå før. Skal få tak i nokre Azalea og kansje ein Magnolia
samt diverse stauder som måtte passe, evt litt lyng fram mot kanten m.m.

Ellers har eg nokre storblada stauder som Astilboides tabularis - Skjoldbronseblad og Rodgersia pinnata - Flikbronseblad som skal inn i området, men dei passar best der øvste og nedste del av woodlandet møtest og går ihop. Der spissar tomten min til som ein kile, og der kan det passe med noko grovblada greier tenkte eg.
Dette området får eg ikkje klargjort i haust så det lyt vere til neste år.

Igår tok eg inn alle fruktene på Podophyllum hexandrum - Himalayafotblad,
flotte raude frukter som på form minner om sitronar og på farge minner om paprika. Håpar dei er fulle av frø.
Det var ialt 13 frukter Shocked så eg gjekk rett i kjellaren med dei - tok ikkje sjangsen på at det skulle bli 10 av dei og slik som med Canna frøa dagen før Cool
Desse har eg god erfaring med å så ferske, så det vert såing av desse ein av dagane.

Har vurdert liljeimporten til Jensen med store kvaler i fleire dagar, så mykje fint.... hadde i vår planer om å lage eit liljebed i 90 graders vinkel på Irisbedet eg har, men ser at den stadig voksande Irissamlinga mi krev større plass etterkvart så den tiltenkte plassen bør vel heller bli Irisbed. Får heller vurdere liljebed ein annan plass ....eit anna år......

No har eg brukt opp masse flott solskin til å skrive dette innlegge to gongar så no må eg ut og trille jord.... Mr. Green

Ha ein god fredag alle sammen !

Geraniuminnehavar

16 sep 2006 08:09


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av er på veg ut for å plante litt i hagen.... Akkurat nå: slapper jeg av er på veg ut for å plante litt i hagen.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår trilla eg jord til den store gullmedaljen til woodlandet. No har eg begynt å fylle på øvste delen av området . Jammen var den jorddungen dryg......
Skal frotsette på det idag og, men fyrst må eg ein tur på butikken når den opnar kl. 09.00 så eg får levere min håpefulle til Norsk Tipping..... Cool ...ja det er jo lov å håpe Mr. Green

Igår fekk eg pakke frå Aud på Dal med Granium og Heuchera som skal få plass i woodlandet mitt, så no er også eg graniuminnehavar Cool .
Einste G. eg har frå før er den viltvoksande G. sylvaticum - skogstorkenebb ... ja og så ein liten G. sanguineum i fjellhagen min.

Katalogen frå Plant World kom også igår så den vart følgesvenn på senga igår kveld, den må nok studerast nermare ja !

Vekeslutt - ei strevsam veke

16 sep 2006 21:28


[ slapper jeg av med rødvin og Heartbeat...... Akkurat nå: slapper jeg av med rødvin og Heartbeat...... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

No er nok ei veke til ende, ei veke der dei fleste dagane har vore reine drøymedagar kva veiret angår, i allefall dei siste dagane med sommartemperaturar, noko ein berre må nyte mens ein har sjangsen til det Enig

I dag starta eg dagen med å ta opp Primula elatior plantar som skulle plantast hos naboen, 20 stk. som eg planta før eg var på butikken og handla.

Så planta eg Heucheraene og Geraniumane som eg fekk frå Aud på Dal, dei fekk plass i nedre del av woodlandet ( iallefall foreløpig Mr. Green ) før eg starta å trille jord.
Det nermar seg no slutten på jordtransporten, men eg har att nokre kvadratmeter enno, dvs. ca. 8-10 trillebårer igjen før eg har fått nok til woodlandet.
Der eg alt har planta Rhododendron kan eg ikkje fylle på meir jord.

Utpå dagen tok eg ein pause i jordtrillinga og murte opp eit lite bed attmed vivendelportalen og fylte på med jord, der gjekk det ei trillebåre !
Der har eg tenkt å plante Artemisia, Stachys byzantina og Plantago major 'Atropurpurea' som eg har fått henholdsvis frå smg* , Randi M, og Solfrid (frø)
tidlegare i år. Eg syntes det er veldig artig å hugse på kven eg har fått dei forskjellige plantane frå (lurer på kor lenge eg klarar å halde styr på det Rolling Eyes )

Etter endt arbeidsdag i hagen var det umåtelig godt å ta seg eit langt, varmt og godt bad å få løyst opp musklar som var blitt støle og såre iløpet av dagen.

No sit eg og kosar meg med rødvin i glaset (Sør Afrikansk) og skal sjå Heartbeat på NRK.

God laurdagskveld til dåkke alle !


Retting: den eg fekk av RandiM var Lychnis c. kvit ( ikkje Stachys)

Ein fantastisk flott søndag

17 sep 2006 22:03


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av kosar meg med hagegal Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Idag har det vore ein herleg haustdag og flott veir som bare måtte nytast.
Eg starta hagedagen med å sortere påskeliljeløkar som skal sendast til dei som hadde tegna seg som interesserte på bytteringen.
No er desse løkane små, men eg ventar at dei største av dei vil blomstre til våren .
Pakkane vil bli sendt i morgon.
Med eg holdt på med dette var ein tur i kjellaren og då eg kom utatt sprang det ein hareunge forbi uthuset og gøymde seg i jungelen av jordskokkplantar like ved kompostbingen, han vert godt gøymd der det er jo reine skogen og dei største av dei har blomstra ei vekes tid.

Det vesle bedet eg murte opp igår ved vivendelportalen planta eg til idag med Artemisia, kvit Lychnis og Plantago 'Atropurpurea' .

Så sådde eg div. frø m.a. 9 Cannafrø og 56 Podophyllumfrø.
Eg har hausta frø av blodbeger, Crocosmia 'Lucifer' og ein Hebe.

Før middagen gjekk eg tur for å sjå om det var stein å finne ved skogsvegen som kan brukast i woodlandet til kanting av tråkkstiane og det er der.
Der var også ein del større stein som kan brukast til innramming av eit bed til peonane som eg har planlagt, det gjenstår bare å få løyve frå grunneigar, men det trur eg skal gå greit.
Eg ringde no med det same (med eg hugsa det) og han var på utenlandstur og kjem ikkje heimatt før den 28. Ulykkelig
Vel, eg får nøye meg med det eg kan hente på vår eigen skogsteig, det var litt å finne der også til kanting av tråkkstiar.

Ellers har eg fått flytta Heuchera frå langbedet til nedre delen av woodlandet .
Ei rask opptelling syner at eg har 14 sortar Heuchera Shocked Hoppende glad
Var ikkje klar over at eg hadde så mange forskjellige Mr. Green
Mange flotte sortar, men enkelte hadde stått for trangt i heile sommar då eg måtte plassere dei i langbedet og der vart det litt for tett planta for å få plass til alt. Håpar dei utviklar seg betre no dei har fått betre plass.
Med eg holdt på å plante fekk eg besøk av nevøen min på 12 og fekk sendt med han eit par H. 'Metallica'
Eg fekk og flytta ein Helleborus, mens ein annan H. 'Yellow Lady' står med mange blomster og eg kvir meg på å flytte den no sjølv om den står altfor trangt der den står no.

Eg hadde opptelling idag på kva som blomstrar her hos meg no, men det trur eg at eg tek i eit eige notat seinare.

Alt i alt ei helg eg er godt fornøgd med - ikkje minst veiret.

Blomstring i min hage pr. 17/9-06

18 sep 2006 08:16


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av skal ut og trille jord før regnet kjem Akkurat nå: slapper jeg av skal ut og trille jord før regnet kjem ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår gjekk eg ei runde i hagen og noterte meg kva som blomstrar i hagen min.
Enno er det mangt som heng med i det flotte veiret vi har hatt dei siste dagane Hoppende glad

Roser:
Rose de Rescht
Heidelberg
Compassion
Golden shovers
Coral Dawn
Leverkusen
Symphatie
Peace
Nina Weibull
Queen Elisabeth har mengder med nye knoppar, men ingen blomst.

Klatrarar:
Clematis 'Hagley Hybrid'
'The President'
Warszawa Nike
Jackmanii
Lonicera peryclymenum - vanleg vivendel (blomst og bær)
L. 'Serotina' eller Dropmore Scarlet ? (blomst og bær)
Tropaoleum spciosum

Busker:
Buddleia 'Il de Franace'
B. 'Royal Red'
Hortensia, blå
Rhododendron impeditum (som nesten var død i vinter Shocked )
Fuschsia magellanica , rosa
F. magellanica 'Riccartonii'

Stauder:
Helleborus 'Yellow Lady' (frå Hollandsimporten, har blomstra lenge no)
Malva moschata, rosa og kvit
Verbascum sp. ( rosa m/ lilla midte fått frå Elsa i vår)
Primula 'Wanda' ( gjenblomstring)
Sisyrinchium angustifolium -graslilje (har blomstra litt det meste avsommaren)
Perikum -( viltvoksande, skal flyttast til woodlandet omsider)
Eupatorium cannabinum - vanleg hjortetrøst
Chelone oblica - duehode
Hieracium aurantiacum - rødsvæve
Sedum telephium
S. 'Bertram Andersson'
Lysimachia nummularia - krypfredløs
Dicentra spectabilis 'Alba' - Kjem med litt gjenblomstring no Hoppende glad
Potentilla, gul m/ orange midte
Geranium sanguineum -blodstorkenebb (i fjellhagen)
Heuchera 'Dales' Strain' (har blomstra svært lenge )

Sommarblomster/ Krukkeplantar:
Fuschsia, diverse fargar
Nicotiana 'Lime Green'
N. 'Only the Lonely'
Blodbeger - flott som bare det
Eccremocarpus - veldig flott har slynga seg fleire meter påklatrevegg og i Chamacyparis 'Elwoodii' -anbefales gjerne !!
Lathyrus - blomstererter
Rathibida - 'Mexican Hat'
Sommaraster
Tropaoleum - blomkarse
Amaranthus caudatus - revehale
Skaugumbegonia Blunke (Ja eg likar dei !)
Lavatera, rosa (hugsar ikkje sortsnamnet i farta)
Lobelia 'Keiser wilhem'
Nemesia - vaniljenemesia
Canna

Eg veit det er fleire, men det står stilt med namn.....

Planting, omplanting og refleksjonar

20 sep 2006 08:45


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av med hagegal og musikk og nyheter på radioen... Akkurat nå: slapper jeg av med hagegal og musikk og nyheter på radioen... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så er det vel på tide med oppdatering av det som vart gjort igår.

Det er nesten ikkje slik at eg trur det men dette prosjektet med woodlandet som eg hadde tenkt og reikna med skulle ta form litt og litt over ein to -tre år, no er ferdig til utplanting og plantinga har begynt Hoppende glad Hoppende glad Tilber
Heldige meg som fekk tilgang på eit dumperslass med god matjord og vart velsigna av overgartnaren med "godt og lagleg veir" slik at det gjekk greit å trille jorda dei 40 - 50 meterane den måtte trillast før den kom på plass der den skulle Helt gira .Og heldig har eg vora at helsa har vore bra slik at eg kunne utføre arbeidet når eg hadde høve til det. Stort smil

Ein god del torv og grasrøter var der i dungen som måtte sorterast ut, den går til utjevning av ujevnheter ymse plassar der det trengst rundt om på garden (det får pappa som "leige" av deponiplass Mr. Green )
Og ein god del stein var der og, den tek eg meg av sjølv, nokre til hagen og nokre skal lagrast til seinare. Må til med utviding av parkeringsplass for å få bygge garasje då kan det vere godt å ha litt småstein liggande til topplag på fyllinga.

Å ja, det var gårsdagens arbeid eg eigentleg skulle skrive om, får sjå om eg hugsar det som vart gjort då Rolling Eyes

Det var utplanting av diverse i woodlandet .
- Auriklane som stod i Øvre morelltrebed nærmast skreik etter omplanting der dei stod med lange halsar og strakte seg. Skulle vel ha vore delte og replanta i fjor haust, men det vart ikkje gjort så i år har det vore lite blomstring på dei.
No vart dei flytta til woodlandet og planta i to grupper som kantplantar der. dei fekk med seg niste i form av skjellsand .

- Helleborus - kvit julerose vart flytta frå Ø. morelltrebed.
- Hepatica nobilis - blåveis fekk plass i framkant av ei stor bregne som står der.
- Primula japonica 'Postford White' - den må eg finne ut om den likar kalkjord eller ikkje.
- Geraniumane som eg planta hin dagen, flytta eg til andre sida av området, det var 'John Esley' og 'Pink Lace' . Veit ikkje om dei skal ha spesielle jordforhold, eg må visst inn i Geranimrommet og lese meg opp der (må innrømme at det er det rommet på hagegal der eg har minst fartstid Cool ) foreløpig har eg plassert dei i selskap med nokre Hosta.

-Hosta tardiana halcyon, H. minor og H. 'Blue Cadet' vart plassert på kvar si side av ein stein eg har plassert i landskapet og ein annan H. 'Gold Standard' fekk husrom lenger opp mot morelltrea. GS kjøpte eg i sommar ein gong, og då eg var på besøk hos Assa såg eg ein Hosta som eg Wow! på og fekk namnet på den, eg fant etterkvart ut at den hadde eg sjølv og Rolling Eyes - ein får jo eit heilt anna inntrykk av plantar som har vakse seg til enn nyinnkjøpte frå hagesenter.

Tilslutt dekka eg rundt alt eg hadde planta med grasklypp, inkl. Heuchera som eg planta på søndag. Det var bra for i natt har det regna kraftig så der det ikkje har vore dekt har jorda spruta godt utover Forvirret Håpar det vert vaska av plantane etterkvart i allefall.

Tilsist tok eg opp nesten alle Primula elatior-hybr. i Øvre morelltrebed, delte dei, tilførte skjellsand og planta dei på nytt. Nokre av dei skal kansje få plass i woodlandet som små grupper, men det får bli eit tankespel til seinare....

-Liljekonvalane måtte og få ein viss korreksjon då dei hadde sendt ut utløparar i P. elatior-området, dei vart oppgravne og flytta tilbake til sine artsfrendar.
Skulle sikkert ha grave ned ein slags barriere der.....

Etterkvart vart eg lei av våt jord regn og kliss så eg spylte regnkle, støvlar og hender og gjekk i hus, vel igang med å lese dagens tekst på hagegal såg eg at sola skein ute, men orka eg å gå utatt å fortsette ?.....Nei !! Mr. Green

I gårkveld bles det nokså mykje så eg må vel ta ei runde å sjå kva som er brotna iløpet av natta Ulykkelig ellers regnar det idag og, men det skal visst bli betre utover dagen så det skal nok bli gjort litt idag og.

Vått og bløtt

21 sep 2006 07:46


[ slapper jeg av kosar meg med hagegal og kaffekoppen Akkurat nå: slapper jeg av kosar meg med hagegal og kaffekoppen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Igår var det meininga at eg skulle plante meir av det eg har ståande i potter og slikt som skal flyttast på, men etter eit døgn med 26mm nedbør var den nypåfylte jorda så blaut at det ikkje var til å tenkje på Død

Det var tett mellom regnbygene på føremiddagen så haginga igår bestod seg av å sage ned ein hassel. Denne har eg vurdert om den skulle få stå i woodlandet, men ettersom den veks ut av ein mur bestemte eg meg for at den måtte vekk.
Dessutan kryr det av hassel rundt oss på alle kantar, truleg det mest forekommande treet i tillegg til or og bjørk her i nærleiken av hagen.
Det som forbausa meg var den mengde med næter (nøtter) som var på den vesle buska. 1/2 bøtte (med hams) Forbauset Shocked plukka eg.
Dei er no lagt utover i ei kasse på toppen av vedaladet i vedskjulet til ettermodning, det er det passelig luftig. Så får eg håpe at ikkje mysene eller spettmeisene finn dei og stikk av med dei Rolling Eyes
Det forbausar meg at dei alt er modne og lett slepp hamsen, etter tidlegare erfaringar meinar eg at dei ikkje brukar vere komne så langt før i månadskiftet okt./nov. men det er sikkert den varme og gode sommaren som har fått dei til å modne tidleg, har for det meste vore fin haust så langt og.

Då eg var 8-10 åring var det mykje næter som eg plukka og selde. Vi hadde ein stor, gamal hassel vi kalla Holehatlen, den var der spesielt store flotte næter på. Hugsar ein lærar vi hadde, han kjøpte mange kilo som han brukte til julegåver til venner og kjende Mr. Green
Kjekt for ein skulegut å få lommepengar før jul....
Hugsar at bestefar min lærte meg korleis dei skulle stellast med ettermodning osv, i hans barndom sanka dei næter og selde til ein mottakar i Bergen.

Dei grovaste greinene på hasselen kvista eg og la til sides, dei vert fin kveikje til neste vinter, det andre skal med tida kvernast på kompostkverna og bli dekke enten i bed eller gangstiar.

Etterpå begynte eg og kløyve noko ved eg hadde liggande som hadde vorte utsett, sagde opp nokre gamle gjerdestaur, gamle bord etc.....
har meir liggande eg skal ta meg av idag.

Ellers tenkjer eg litt på kor kjekt det hadde vore å vere med på treffet saman med dåkke andre, men det klaffar ikkje i år. Må nok sette av den helga neste år slik at eg får vere med på det ja !
Drømmer

Ikkje akkurat språkmektig

24 sep 2006 16:14


[  Humør: søvnig ]
[ hører jeg musikk akkurat no er det fin tysk musikk på radioen...... Akkurat nå: hører jeg musikk akkurat no er det fin tysk musikk på radioen...... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

.....og det gjorde at eg kom ihug ein episode frå fredag som kan passe å fotelje her.
Fredag var det eit strålande fint veir, men eg hadde ikkje hagestell på agendaen den dagen, av og til er det andre oppgåver som må gjerast også her !
Eg var på veg ut ytterdøra med noko som skulle berast ned i uthuset,
eg høyrde nokon som prata, men kunne ikkje sjå nokon så eg tenkte at det var nokon som gjekk forbi på vegen ovanfor huset eg hadde høyrt. Det var forsåvidt rett det, for då eg var kommen ned i hagen høyrde eg ei stemme som sa: "Schöne hier!" og då eg snudde meg såg eg to middelaldrande damer stå og lene seg til rekkverket ovanfor hagen. Den eine slo ut med handa og gjentok "Schöne hier!"
og eg som ikkje kan snakke tysk fekk stotra ut av meg "Thank you very much !"...Rolling Eyes litt forfjamsa for eg er ikkje van med at dei tyske turistane som går forbi på vegen ropar ned i hagen til meg Forbauset hadde eg tenkt meg rundt skulle eg ha spurt dei om dei hadde lyst å sjå seg rundt i hagen, men det sveiv meg ikkje før etterpå. Pinlig berørt
Eg fortalde madammen om episoden og ho sa:"du skulle no ha svart danke schön !"
Sannelig ikkje greit når ein vert tiltalt på eit språk ein ikkje kan uttrykke seg på sjølv nei ! Laughing Laughing

Dei siste dagane har det som sagt ikkje vorte gjort noko særleg i hagen bortsett frå at eg klippte den delen av plenen som var komme lengst på laurdag føremiddag etter at eg var kommen heim frå jobb.
Jau eg har planta Robinia pseudoacasia frå Torill og Tricytis 'Tojen' som eg fekk frå TrueT i woodlandet.

Strålaande fint veir har vi hatt, dvs nokså mykje vind på laurdag som øydela resten av gladiolane som ikkje forrige runde med kuling klarte å gjere noko med, men det må ein vel reikne med. Neste år skal eg sette dei i ly av klatrerosene og Clematisane.
Idag har det vore sol og heilt vindstille. Bortsett frå jobb idag har eg kun slappa av, er trøytt som bare det etter ei natt med dårleg søvn. Vakna gong på gong, veit ikkje av kva så eg må prøve å hente meg innatt. Veirmeldingane lovar bra veir det meste av veka som kjem så då får eg gjere meir hagearbeid då.

Gled meg etterkvart til å lese om kva dei har opplevd dei som var på treffet i helga.

Traktorhavari og dårleg merkeutstyr

28 sep 2006 19:52


[  Humør: sur ]
[ slapper jeg av ser litt på TV og litt på hagegal..... Akkurat nå: slapper jeg av ser litt på TV og litt på hagegal..... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Uff, no har eg ikkje skrive noko i dagboka mi på snart ei veke Pinlig berørt Forvirret
men så har det ikkje vore den heilt store hageveka heller, men litt haging inn i mellom alt det andre.
Har vore på jobb tom. onsdag og tida i mellom har det ikkje vorte så mykje ut av.

Mandag skulle eg hente litt stein ifrå utmarka som eg skal bruke i woodlandet og til kanting av eit Peonbed. Fyrste lasset gjekk bra og kom velberga til tuns, men då eg kom på heimveg med det andre svikta hydraulikken på traktoren og løftemekanikken ville ikkje lystre. Crying or Very sad Det var ikkje anna å gjere enn å lesse av steinane og koble frå skuffa Mad Mad
Kva som er deffekt er eg ikkje sikker på, men truleg er det hydraulikkpumpa som har svikta, i så tilfelle ei dyr affere Crying or Very sad kansje 12-13 000,- Kjempesur
Har eit lite håp om at det kan vere noko anna, men det vil vise seg når vi får ein kyndig mekanikar til å sjå på saken .

Tysdag og i dag har faderen og eg hatt jobb med å sage ned kratt og småtre langs vegar,gjerder og i beiter. Vi har sauer som beitar, og dei tek mykje om det er smått, men dersom det fyrst får sleppe opp er det gjort. Dessutan har vi ein del areal som ikkje vi beitar langs vegar osb. der gror det fort til med skog dersom det fyrst får sleppe til.

innimellom har eg planta litt her og der i woodlandet m.a.
Bergenia 'Bessingham White'
Clematis recta 'Purpurea'
Darmera peltata - Skjoldsildre
Digitalis 'Pam's Choice' (frå Lineca)
Hosta ssp. (frå Assa)
Hosta 'Color Glory'
Ligularia dentata - Vanleg nøkketunge
Podophyllum hexandrum - Himalayafotblad
Primula auricula
Primula pubescens
Rhododendron lep. 'Frost Hexe'
Waldsteinia ternata - Sibirmuregull
+ nokre Iris ensata

Det ser ut for at merkepennane mine ikkje held mål Mad og eg må på jakt etter nokre som held seg betre.
Smg* nemde ein i ein tråd ein gong som heitte IDenti Pen Dual frå Sakura Color Products Corporation (Japan) som eg har spurt etter på fleire bokhandlar , men nei - ingen kjenner til den og det er visst vanskelig å få tak i den og, men dei sender gjerne med meg merketusjar som "skal vere holdbare" .
Den gang ei !! Kjempesur
Så dersom nokon har forslag til andre merketusjar som er gode tek eg imot tips om det.
Tidlegare hadde eg nokre kvite litt ru plastmerkelappar som eg skreiv på med vanleg blyant, det holdt, men dei merkelappane eg har no er glattare og blyantskrifta held ikkje så godt den heller Ulykkelig

Canna, Canna... johoooo !

30 sep 2006 20:00


[  Humør: glad ]
[ ser jeg på TV og skriv dagens rapport frå Nordåker. Akkurat nå: ser jeg på TV og skriv dagens rapport frå Nordåker. ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagen idag har vore tilbrakt i hagen med planlegging, endring av planer, planting, flytting og diverse overraskingar....

For å ta det siste fyrst :
Eg var igang å flytte ungplantar av Digitalis purpurea som skulle plasserast i grupper i woodlandet. Det var det siste eg skulle gjere før eg avslutta hagedagen denne laurdagen. Eg la merke til at det var modne frøkapslar på Cannaen igjen og dei måtte sjølvsagt plukkast i same slengen. 10 modne Cannafrø var der og dei vart lagt fint til sides til eg hadde planta Digitalisen. Etterpå var ikkje vegen lang til kjellaren med dei (må jo berge dei i hus....), komen i hus med dei fant eg ut at eg skulle sjekke dei forrige eg hausta. Dei hadde eg sådd i jorbærkorg, tredd på plastpose og sett den oppå vekstlysarmaturen i kjellaren så den skulle få undervarme. Og kva ser eg der....??
Tre kraftige Cannaspirar som har begynt å presse seg sidelengs under plastikken Shocked Shocked Forbauset
Eg hadde aldri reikna med at desse ferske frøa spirte etter bare eit par veker Helt gira dei var sådde den 17. September og ingen veit kor mange dagar dei har stått og streta under der før hjelpa kom dei til unnsetning Pinlig berørt
Eg hadde nok ikkje sett etter dei på ei stund dersom eg ikkje hadde funne desse modne frøa idag og fått ideen om å sjå etter.... Rolling Eyes

Ellers har eg planta mykje i woodlandet idag. Flytta frå andre stader i hagen, delt stauder, planta stauder eg har hatt ståande i potter og flytta på det eg har planta tidlegare i woodlandet. Mr. Green

-Clematis integrifolia - Stålklematis delt i to og flytta.
-Ligularia przewalskii -Aksnøkketunge, 2 stk har stått eit år i potte.
-Darmera peltata - Skjoldsildre flytta innad i W. der den stod skal eg plassere ein Hortensia i stasden (til våren)
-Digitalis purpurea - Vanleg revebjølle som er Sogn og Fj. sin fylkesblomst, som eg sjølvsagt MÅ ha med i w. planta 3 stk. i grupper fleire stadar.
- Heuchera 'Dales' Strain' planta fleire grupper, 3 i kvar
- Heuchera 'Emperor Cloak' flytta frå langbedet.
- Tradescantia x andersonii, fargebl. sådd i vår
-Rumex sanguineus, flytta frå langbedet
- Hosta (hugsar ikkje sorten i farta) flytta innad i w.
- Pulmonaria saccharata - Flekklungeurt , stod i Nedre morelltrebed delte den i
6 passelig store plantar .
- Asarum europaeum - Hasselurt flytta frå nedre morelltrebed og delt, planta ved sida av den store bregna.
-Hylomecon japonica - Japanvalmue stått i poot sidan i fjor Pinlig berørt
- Primula dinyana blanda rikeleg med strøsand/ eller barnåler i jorda, delt og planta på tre forskjellige stadar.

Alt i alt ein produktiv dag i hagen. Enig
I posten fekk eg brev med stiklingar av Oxalis frå marosa. Hoppende glad
Tusen takk !

I går var eg innom ein butikk som selde blomsterløk og kjøpte meg
Crocus tommasinianus 'Lilac Beauty'
Crocus, gul
Leucojum aestivum - Jonsokklosterklokke
Muscari botryoides 'Superstar'

Seinare på dagen var eg på sagbruket og henta sagflis og dekka gangstiane i woodlandet.

I posten igår fekk eg frø frå IngerKarin Hoppende glad Tusen takk !

Lite haging her

03 okt 2006 21:03


[  Humør: nøytral ]
[ ser jeg på TV Tv2 nyhetene og leikar med Solo Akkurat nå: ser jeg på TV Tv2 nyhetene og leikar med Solo ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Tre dagar utan haging og fleire vert det sikkert. Trur nesten eg må droppe haginga denne veka Crying or Very sad
Søndag var er i avslappningsmodus, gjekk tur i skogen, slappa av og kosa meg.

I går var det 6 timar arbeid, så i gebursdag til pappa og så 1,5 t. arbeid igjen på kvelden. Einaste hagerelaterte i går var at eg fekk brev med frø ifrå Harryford Hoppende glad
Dei skal det bli spennande å prøve.
Cannafrø frå lyskrysset ved Grand Hotel i Larvik sådde eg i dag tidleg før eg gjekk på jobb og sette oppe på lysarnaturen så får eg sjå om dei spirer like fort som dei eg sådde for 14 dagar sidan, (desse har eg tenkt å følge med på når dei spirer) .

Idag var eg så trøtt når eg kom heim frå arbeid at eg ikkje orka gå ut å gjere noko dei 3 timane eg var heime før eg måtte på jobb igjen, og når eg kom igjen no i kveld var det nesten mørkt.
Ja det haustast fort no framover, men du verden så flott vi har hatt det i det store og heile, både i sommar og i haust så vi kan ikkje klage .

2. oktober for 12 år sidan ( eg hugsar datoen og året fordi pappa hadde 60 årsdag og mamma låg på sykehus den dagen) kom det uventa 10-15 cm våt, tung snø iløpet av eit par kveldstimar og pappa og eg hadde full jobb med å berge alle skaugumknollane til mamma som stod i full blomst ute i hagen.
Vi måka snø tilsides og brukte det vi kunne finne av tepper, sekkar og presenningar og dekkte det vi klarte i mørket . Så vidt eg hugsar gjekk det bra og alle knollane vart berga.

Har hausta ein del frø eg har liggande i kaffefilter som skulle ha vore reinska og sortert, pirkearbeid som gjerne vert utsatt, men eg må snart ta meg sammen å få det gjort. Pinlig berørt

No kjeme Solo (pusen) med leikemusa si og vil leike, det lyt eg ta meg tid til og Blunke Laughing

I morgon........

05 okt 2006 22:10


[ slapper jeg av skal snart bringe mitt legeme i horisontalen Akkurat nå: slapper jeg av skal snart bringe mitt legeme i horisontalen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fortsatt ingen haging på meg. Eg tek stort sett ut kreftene eg har på jobben og dermed vert det ikkje overskot til å drive haging i tillegg.

I morgon tidleg må eg tidleg opp. Skal starte tidleg på jobb slik at eg kan starte tidleg på jobb i morgonkveld så eg rekk konserten med Vassendgutane i Svelgen kl. 21.00. Vart det forståeleg ?? Rolling Eyes Klovn
Vassendgutane er mi favorittgruppe for tida. Spelar Countrymusikk, eigen musikk og tekstar, kjempeflinke så det gled eg meg til. Las i avisa idag at det var så mange selde billettar at dei måtte flytte arrangementet til idrettshallen der det er plass til 800 . Der kjem det nok til å bli stemning tenkjer eg.
Det spørs bare kor opplagd eg vert til å gå på jobb laurdags morgonen Forvirret, vert nok smal i augene då tenkjer eg. Konserten/dansen med Vassendgutane varer vel til 01-02 tenkjer eg og så er det 45 mi