Etter-ferietur-notat
24 aug 2008 11:36
[
Akkurat nå: slapper jeg av
] 
Registrerte brukere
Tida går litt for fort av og til, plutseleg er det to vekers "høl" i dagboka - ikkje bra
Får prøve å rette det opp med eit lite resyme av det som har skjedd.
Vi reiste altså til Sverige med campingvogna (som vanleg). Mellomlandinga hos søstra mi i Gausdal var kjempekoseleg, og neper og gulerøtter frå svogeren min sin fine kjøkkenhage var veldig godt. Oppdaga at mannen min var vill etter neper (har å gjere med barndomsminner trur eg), så det må vi vel så neste år.
Så var det å kome seg til broderlandet i aust, over ved Magnor. Vi havna etter kvart (i ausande regnvær) ved Safle, og svingte tilfeldig inn på ein campingplass da vi var klare for overnatting. Den heiter Duse Udde, og var knallfin, ved Vanarens bredd. Der vart vi! Planen om Kinnekulle og Lackø slott la vi "rett i komposten"
, og heldt oss i nord heile veka. Minstemann er nå utan støttehjul, og ein lidenskapeleg syklist med bra fart! Han koste seg kollossalt med å sykle rundt aleine. Heldigvis trygt og godt inne på campingplassen, som er stor og med mange små vegar og stiar rundt omkring. Vi bada, sykla, laga oss god mat og handla litt på kjempekjøpesenter ved Karlstad ein dag. Ein dag vart sett av til hagebesøk i Haljebol konstgård Det var flott der, med ein del busker og tre, stauder samt stein og skulpturar. Inne var det ein liten kafe, og kunst til salgs. Synd at valmuene var avblomstra, dei skal visst ha ein stort utvalg av alle mulege slags valmuer. Ellers kan eg seie at eg ikkje har vore innom eit einaste gartneri i heile ferien..... Har ikkje turt, på grunn av plassmangel. Men neste år, da!!! Snakkar nå om norske sjølvsagt, om nokon lurte...
Vi hadde det herleg alle tre, med maksimal avkobling på ei lita veke. Neste år blir det TO veker med campingvogn ved Vanaren....
Nå fredag reiste vi til Bergen med min 19-åring og kamerat av han, samt mora til den andre kameraten. Dei vart installert på hybel, den obligatoriske IKEA-turen vart gjennomført, for å skaffe kaffekrus, litt sengetøy, dokost etc., og nå er dei truleg lykkelege og glade for å ha greid å legge så mange mil mellom seg og opphavet.
Eg kjørte heim aleine i går, veninna mi skulle bli i Bergen til i dag. Det var også godt, kunne høre på akkurat den musikken eg ville, og synge med!
I dag er det litt ro og kos i heimen ( i det fantastiske sommarværet), før eg reiser til Geiranger med jobben i morra. Da er det bestemor og bestefar som må trå til her i huset, mannen min er også vekke på jobb.
Gleder meg til ting roar seg her, og alt blir kjedeleg og vanleg igjen. (gleder meg også til herlege, gråe og våte regnværsdagar igjen, men det tør eg knapt seie høgt....
)
Ha ein fin søndag alle saman!
