Cherie si hagedagbok

GODT NYTTÅR TIL ALLE HAGEGALE VENNER!!

02 jan 2007 23:12


[  Humør: forvirret ]
[ slapper jeg av med å lese årets ferske dagboksnotat Akkurat nå: slapper jeg av med å lese årets ferske dagboksnotat ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Måtte berre inn og sjekke kva slags "kategorier" alle refererer til i innlegga sine.... forstår det ikkje heilt enda men Forvirret

Er nå tilbake frå Bergen, etter nokre fine dagar der. Vi feira nyttår i Fyllingsdalen, til eit øredøvande rakett-leven frå tidleg på dagen med kresjendo ca. kl. 12 Klovn . Vanvidd spør du meg, til og med dagen før nyttårsaften vart det sendt opp rakettar i mengdevis Shocked .

Har hatt ei fin jul alt i alt, men nå skal det blir godt med kvardagar igjen. Eg likar i grunnen best dei eg Klovn .

Veslegutten skal i barnehagen i mora, og eg skal kanskje på jobb ein tur. Er sliten og trøtt (som vanleg...). Enkelte snakkar stadig om noko dei kallar VROOOOOOOM, lurer på kva det er? Rolling Eyes . Ringer ingen bjeller her i alle fall...

Hippeastrum-nytt: fortsatt blomst på Wedding Dance, fortsatt knupp på Red Lion Mr. Green . + fleire på vent på planterommet...

Cliviafrø: rot og blad på to, rot på eit frø - hurra!!! Stort smil Berre tre igjen nå...

Coleus-spirer(Warpaint): vil visst ha det varmt og lyst ser eg? Blir gulaktige når for kaldt, derfor står dei på "god-plassen" under kjøkkenbenklyset. Men dei veks så inn i hampen sakte da gitt.

Pelargonium: frø ligg i bløyt: Venus og Avanti Apricot. Skal såast i morra.

Verbena bonariensis: blir sådd i morra!

Såing av pelargonier

03 jan 2007 13:26


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sådd desse pelargoniane i dag:

Venus

Avanti Apricot

Fekk også i jorda Verbena bonariensis-frøa Stort smil

Etterjuls-sløving er herleg.......

05 jan 2007 12:08


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Var på jobb i går, det vil seie veiledning i Sogndal. Litt å kjøre, men det var fint føre og HERLEG å sitte bak rattet heilt aleine og berre høre radio eller høre ingen ting, alt etter som Enig . Fin samtale med klok veileder, etter kvart har det blitt meir fokus på meg og mine problem med energi i arbeidslivet og ellers Forvirret . Nyttig og bra, ser nå konturane av ei "ny Cherie". Ei som nå har hmmm Pinlig berørt "slutta" å vere målretta, strukturert og effektiv, men som heller har tenkt å vere meir impulsiv, kreativ og ---ja, mange muligheter her!! Shocked Laughing Laughing Laughing !! Altså bli mer lik meg sjølv, og slutte å prøve å vere noko eg faktisk ikkje er. Lystprinsippet har nå forrang framfor plikta.....he he Ondt smil Blunke

Pellis-spiringa går med hurtigtogsfart: to nye i natt Mr. Green Dei første står på badegolvet og stangar oppunder plasten. Dei har undervarme, men manglar lys. Eg er usikker på når eg skal flytte dei inn under lyset. Har tenkt å la dei få stå nokre timar til, så flyttar eg dei pottene med spire.

Nå ventar eg veldig på frø frå Rara vaxter, har teke uendeleg lang tid på grunn av manglande bekreftelse på innbetaling frå den norske banken deira... Død Ga meirsmak å så pellis, og har bestil fleire- også ein med svarte/mørke blad Stort smil

Spennande busker og tre....

05 jan 2007 13:34


[  Humør: hypnotisert ]
[ slapper jeg av med Impecta-katalogen Akkurat nå: slapper jeg av med Impecta-katalogen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sjekk desse buskene da:

Amorpha fruticosa

Chimonanthus praecox

Cornus mas

Enkianthus campanulatus

Gymnocladius dioicus

Magnolia soulangiana

Drømmer

Nett-problem!

09 jan 2007 23:12


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har ikkje meldt meg heilt ut, altså! Har berre hatt problem med nett-forbindelsen i helga. Veit ikkje kva det var, men nå er feilen retta. IP-telefonen datt og ut, den kjem vi til å kutte ut. Irriterande med telefon som forsvinn i tide og utide Mad

I dag har eg vore i Førde på møte igjen, kom seint heimatt i ausande regnvær- vindusviskaren kutta ut rett før ferja på Anda, så den rakk eg sjølvsagt ikkje. Såg ingen ting ut gjennom frontruta ei stund! Stolt av at eg greide å bytte sikring, rett nok med instruksjonar frå mannen min på mobilen Cool .

Sådde meir pelargonium i går: Black Appleblossom, Black Salmon og Orange Ice, dei to første altså med "svarte" blad m. grønn kant! Gleder meg til å sjå dei "live" altså! stjerne!

Hppeastrumane driv på og blomstrar fortsatt. Stengel nr. to på Wedding Dance var skeiv, så den kutta eg brutalt av og sette i vatn. Den har stått veldig lenge fin, eit godt alternativ å gjere det sånn! Red Lion blomstrar nå, og det er ein flott raudfarge på den! Eg er skuffa over at den første stengelen berre har to klokker. Ser ut til at det er tre på den andre. Kan kanskje ikkje vente meir av billeg lauk frå Europris... Forvirret . Alle dei eg har kjøpt til litt under hundrelappen har gitt to stenglar med fire klokker kvar. Er spent på Appleblossom nå, den står på planterommet - eg er svak for sart lyserosa, må nok innrømme det... Pinlig berørt .

Synest sjølv det er rart at eg er så "romantisk" anlagt når det gjeld blomster Laughing , men faller konsekvent for alt i rosa, jo lysare jo betre. (Gjeld berre i planteriket, ellers er eg ikkje den "rosa" typen altså Blunke . Men, må tilføye at eg ikkje er glad i rosa-mot-lilla-rosa! Da vil eg heller at den skal gå mot gult og oransje. Eg er hekta på aprikos-nyansar, og orange med litt rosa eller raudt i, mange fine roser som har dei fargane da.... men eg har dessverre motforestillingar mot torner Mad . Klovn . Ei ny klatrerose SKAL eg likevel ha til våren, og det er Alchymist - den er fantastisk fin! Har alle nyansar frå gult og over mot aprikos - orange - rosa, og kraftig, mørkegrønt og blankt bladverk! trur den er veksevillig og regnsterk, håper det i alle fall Enig . Har New Dawn frå før (lys rosa ja!), og den er eg glad i sjølv om den er veeeeldig vanleg og "kjedeleg".

Å tenk at det blir vår igjen ein gong da..... Drømmer

Lei, lei, lei.....

10 jan 2007 12:43


[  Humør: drittlei ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Januar -antiklimaks-månen- Forvirret , er som den brukar. Ingen ting skjer, liksom? Ulykkelig

Ventar på sola, ventar på snøen, ventar på våren, ventar på å bli frisk&normal igjen, ventar på vroooomen!!!!!!!! Mad .

Er ikkje sjuk og ikkje frisk, og har ikkje peiling på korleis eg skal få energi til å få gjort det som kunne gje meg energi..... Uenig

Har lyst til å så, men det er heller ikkje moro akkurat nå. Har fått så innmari masse småfluer (hærmygg?), og burde gjere noko med det, limfeller og sand på jorda har eg lese. Kanskje dei som får frøplantene av coelus til å kollapse - dei er forresten irriterande tandre, tåler ikkje så mykje som ein vasskvett på jorda, da dett dei overende i avmakt i hopetall. MÅ altså vatnast på brettet, men det gløymer eg stadig vekk. Ikkje at dei får så mykje vatn da, prøver jo å "sulte ut" fluene. Nei, dei plantene gidd eg ikkje så meir.

Hadde bestemt meg for to ting i dag, som er ein fridag eg hadde gleda meg til forresten Forvirret : å gå tur og bake brød.... kanskje eg blir litt meir fornøgd med meg sjølv om eg tek den turen nå...? Rolling Eyes Død Crying or Very sad

Hah!

10 jan 2007 23:22


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har gått tur Enig
Har baka brød Enig
Har bestilt (enda) meir frø frå Impecta Pinlig berørt

Skal kjøpe skritt-teller Blunke

Humør: OK. , -ja greit nok i alle fall! Cool

Turgåing og skritt-telling

14 jan 2007 23:11


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter ein fin søndag Akkurat nå: slapper jeg av etter ein fin søndag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har nå kjøpt skritt-teller, og har endeleg fått til å stille den inn (mannen fiksa det, ja Pinlig berørt ). Eg har gått ca 8000 skritt i lag med ei venninne, og berre inne i huset etter turen er eg oppe i 1450 skritt. Eg målte ikkje først på dagen da eg var ute med veslegutten og ok på akebrett og laga snølykt.....Blir da litt inne-heime-trim og da, men det skjer jo noko stadig vekk, og eg sit faktisk ikkje stille lenge om gongen Shocked .

Har sådd litt og da, det er eg berre nødt til i påvente av at dei får inn såjord på gartneriet. Eg har endeleg har forstått at ein må ha det, eg har hittil brukt sandblanda plantejord Pinlig berørt . Trur forresten at dei staudene eg har sett ut ikkje blir nevneverdig plaga med for mykje næring i jorda når dei ein dag spirer.....er da vel vaska vekk for lengst den etter ei tre månader samanhengande regnskur Laughing

Har spirer i dei nye pelargonium-pottene (Black salmon og Black apple blossom, samt Orange Ice), men berre ei i kvar. Ser at i dei pottene eg sådde for litt sidan har spirene dukka opp etter kvart på planterommet, sjølv om det er rel. kaldt der. Kjem faktisk opp i 18-19 når det er mildt ute, men er nede i 12-13 av og til. Mad . Det er synd det er så vanskeleg å regulere tempen inne - i hus med oppvarma rom under og ved sida av. Ser ut til å gå bra likevel.

I dag har eg sådd granateple og abutilon (stuelønn). Ingen spirer i pottene med verbena bonariensis enda, så dei må vel i kjøleskapet ein tur. Tenkte at eg ville ha dei inne, lettare å frakte dei att og fram mellom ulike temperatur-soner da Laughing

Nå skal eg faktisk lese litt: Peter Høegh, Den stille piken. God søndagskveld til dykk alle Stort smil

Avslappa tirsdag

16 jan 2007 13:28


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag vakna eg av at søplebilen kom skramlande - kl. 10.45 Pinlig berørt . Hadde først vore oppe kl. 7 og servert ein liten, morgenfrisk kar frokost. Da hadde han sove uroleg sia kl. 5, og eg ikkje i det heile tatt Død . Mannen måtte til pers og kjøre i barnehagen, eg gjekk resolutt og la meg att! Deilig..... Stort smil . Føler meg utkvilt og glad stjerne! .

Såjord fekk eg ikkje tak i i går. På Felleskjøpet var det utsolgt (det var vel du Blome som stakk av med det siste...? Shocked Laughing ) Han skulle få henta dei to siste sekkene dei hadde att i Stryn i løpet av veka. Må smøre meg med tålmodighet da Ulykkelig . Kanskje like greit at dei stakkars frøa vart spart for stormen som har vore i det siste?

Nå går det i pellis-spirer her! Einaste som nå ikkje har titta opp av pottene sone er Black salmon... Crying or Very sad . Eg er fornøgd om så berre eit frø spirer - pellis er jo lette å ta stiklingar av. Det er dei mørke blada og den lakserosa blomsten eg har gleda meg mest til å sjå Forvirret . Det er vel håp enda, fleire av dei andre slaga har spirt etter veldig ulike tider. Dei første kom veldig fort. og så har det "poppa opp" spirer lenge etter at eg trudde det ikkje var meir liv.. stjerne! . Dei veks fint på planterommet. Nokre har alt fått det første ordentlige bladet. Det er jentene sine det! Pellis er eg venner med Mr. Green Blunke .

Har gjort det kunststykket å så granateplefrø i ei "død" pellispotte da, og kva skjer etter ei natt på badegolvet? Jo. ein liten Venus-spire til ville ut i verden og sjå seg rundt Laughing . Dermed får granateple vere granateple, babyen har fått kome til søskena sine på det kjølege planterommet! Stort smil

I dag veit eg ikkje kva som skal skje. Burde vel kome meg på jobb ein liten tur. Har lite å gjere der for tida, men skal til Førde i morra på møte - igjen. Skal kanskje henge opp litt småtteri på veggane, og lese litt muligens.

I går kjøpte eg ein amaryllis igjen: "Christmas gift" på Europris..... Var to igjen, ein hadde knupp så eg tok den det beviseleg var liv i--ikkje avslag men kosta berre 70 for ein rel. stor lauk. Cool

Ha ein fin tirsdag da folkens! Mr. Green

Såjord og pelargonbestilling

18 jan 2007 17:22


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Jobbar nå meir igjen, er oppe i 60%. Det går mykje betre nå, kjenner at eg er på rett veg ang. helsa. Det er godt, det må eg seie. Er ei tålmodighetsprøve å vere sjuk Død

Fekk tak i såjord i dag - heile 2 18-literssekker..... Laughing . Det var det dei greide å framskaffe på FK. Får da sådd litt, men å ta inn ny såjord i midten av februar er for seint altså Mad

Og bestilling av diverse blomster og frø fortsetter.....pellis denne gongen Pinlig berørt

Har bestilt stiklingar av vanlege zonale, og frø av to vill-pelargonar. Har ikkje peiling på dei der ville eg altså, men blir frista til å prøve både det ein og andre når ein les om kva som går an Stort smil Her er dei:

P. capitatum

P. multibracteatum

Ja, går detta bra så går det meste.... Klovn

Gressenke

22 jan 2007 22:03


[  Humør: sur ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Mannen og stesonen har reist til Haukeland igjen, denne gongen er det kanskje siste runde med behandling dersom bilda viser at svulstane har gått så mykje tilbake at det går an å starte på den avsluttande strålebehandlinga. Dersom det blir aktuelt, kjem dei ikkje heimatt før om tre veker Forvirret . Heldigvis har eg eldstegutten min buande her - han må trå til med henting og levering av veslebroren dei dagane eg skal på møte i førde etc. Han definerer heldigvis snømåking som "trening", så da så Stort smil . (Er det ikkje ei naturlov som seier at det er når mannen er vekkreist at det største snøfallet kjem....?? Rolling Eyes Mad )

Har fått frø frå Impecta i dag stjerne! . Har lovd meg sjølv at dette var den siste bestillinga for sesongen - eg kjenner mi begrensning, kjem vel til å spore aldeles av i mai kan eg tenke meg...Redd eg ikkje greier å følge opp alt.... Crying or Very sad ..
I pakka var det heldigvis ein god del tre og busker da, dei kan eg vel så og sette ut, så får dei styre seg sjølv...

NÅ har endeleg pellis-frø(et) av Black salmon spirt....altså eit av totalt fem Shocked . Fekk ein liten kuldebehandling på planterommet, så inn på varmekblane igjen. Ja, eg har jo sagt at eg skal vere glad berre eit spirer Forvirret
Laughing

Har altså veldig lite tid til overs for tida, men har fri torsdag....da har eg LYST TIL Å SÅ Hoppende glad Helt gira

Skal legge ut såliste snart har eg tenkt- må berre rydde litt, og så få gjort det Smil

Planlegging av englandstur....

24 jan 2007 15:48


[  Humør: glad ]
[ jobber jeg men lurer meg til å leite etter billettar på nettet... Akkurat nå: jobber jeg men lurer meg til å leite etter billettar på nettet... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Planlegg tur til Englands-fararen min i februar Hoppende glad Reiser i tilfelle i lag med eldstemann som snart skal i sivilteneste, og ein kamerat av emigranten. Må få foreldra mine til å stille som barnevakter, for vi anar ikkje når det blir Haukeland og kor lenge...trur eg? Forvirret . Er forvirra, og har gitt opp å prøve å koordinere med mannen sitt fråver. Får tak i barnevakter, enkelt og greit. Vi blir berre vekke frå onsdag til mandag. GLEDER MEG!! stjerne! trollmann

Ved å kombinere SAS/B og Norwegian har eg nå greid å orge tur utan overnatting i den eine eller andre enden, fantastisk! Det er noko vi utkant-buarar misunner dei urbane - å kunne hoppe rett på eit fly utan så mykje reising og utgifter først! Vi reiser via Bergen og Kjøbenhavn, og kjem til Birmingham på bortturen, og returnerer via Manchester - direkte til Bergen Smil . Akseptable avstandar frå Mansfield begge deler.... Stort smil.

Nei, blir lite hagerelatert i dag visst. Får ta det att seinare.... Klovn

Frøbestillingsmani....

27 jan 2007 01:00


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter timevis med frøbestilling! Akkurat nå: slapper jeg av etter timevis med frøbestilling! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har gjort det igjen....må snart på avvenning Forvirret

Bestilling til Th&M: for å få tak i frø til anbefalt agurk Zeina og tomat Sub Artic Plenty måtte eg ty til England igjen da, og sjølvsagt fyller ein "kvoten" når ein først er i gang Pinlig berørt . I tillegg berre MÅTTE eg sende bestilling til Seemnemailm i Estland. Så masse artige ting dei har - tenk: 32 sortar dill!!! Rett og slett eksotisk å måtte oversette den russiske teksten til engelsk for å få ein viss peiling på kva det var ein hadde framfor seg!

Har mellom anna bestilt mange Dianthus. Enkle, gamaldagse nellikar. Likar dei best eg. stjerne! + ein del anna da Pinlig berørt . Ja, og dill sjølvsagt! Laughing

Har sådd i dag!

29 jan 2007 00:57


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag har eg sådd buske- og trefrøa mina Smil . Dei er sett ut i snøen.

Amorpha fruticosa (Desert false indigo) Lagt i bløyt 26.01. Sett ut 28.01.
Chimonanthus praecox (Wintersweet) Lagt i bløyt 26.01 Sett ut 28.01.
Cornus mas (Vårkornell) Lagt i bløyt 26.01 Sett ut 28.01.
Enkianthus campanulatus Lagt i bløyt 26.01 Sett ut 28.01.
Gymnocladus dioicus (Kentucky coffetree) Lagt i bløyt 26.0. Sett ut 28.01.

Geranium "Silver shadow" sådd etter ei natt i bløyt, varmt vatn frå springen. Sett på badet.

Har også teke fram pottene med V.bonariensis-frø frå kjøleskapet og sett på badegolvet igjen...Dei har fått to veker med vinter. Så får vi sjå da....

Sådde også ruccolafrø og eikeblad-salatfrø som er 3 år gamle..... Klovn . Kan da bruke plassen under plantelyset til noko fornuftig så lenge, men spirer det tru??

La i vatn nokre få persillefrø. Sår i morra.

Pellis-spirer

29 jan 2007 12:37


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

STATUS PR. 29,01.

Pelargonium "Avanti Apricot" Sådd 03.01.: 5 småplanter
Pelargonium "Venus". Sådd 03.01. :6 småplanter.
Pelargonium F1 ”Black velvet appleblossom” Sådd 08.01.2007, 5 frø. 4 småplanter
Pelargonium F1 ”Black velvet salmon” Sådd 08.01.07, 5 frø: Ei plante Ulykkelig
Pelargonium F1 ”Orange Ice” Sådd 08.01.07, 5 frø. 3 planter.

Persille

31 jan 2007 00:00


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sådd nokre få persillefrø i dag, berre for moro skuld... Cool
Fann granateplespire på badet i dag tidleg Stort smil

Har også baka og pynta diger sjokoladekake, laga sukkerbrød og kjørt 24 mil på glatt føre det siste døgnet... Forvirret

3-årsdag her i morra! Blir feira med familieselskap som vanleg Enig stjerne!

Liten spirerapport

01 feb 2007 10:57


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag tidleg hadde Geranium "Silver Shadow" jammen sendt opp ei spire stjerne! .

I tillegg meiner eg bestemt, etter intens gransking, at V.bonariensis-frøa har sent ut to prøve-spirer... Laughing . Kanskje resten av troppen følger etter snart Stort smil

Hornfiolane spirer delvis, nokre Admiration-spirer men ingen Chantreyland enda.

Ruccola og plukksalat-frøa som var 3 år gamle spirer så det har skikk Mr. Green . Sådde litt tett, da, så pottene har nesten eksplodert Laughing .

Skal nå ikkje så meir inne før etter englandsturen i februar. Må derimot prøve å få sådd og sett UT mest muleg. Der har eg somla litt, men nå må det skje! Enig

Tilståelse....

01 feb 2007 12:48


[  Humør: flau ]
[ slapper jeg av med lastefulle tasteklikk... Akkurat nå: slapper jeg av med lastefulle tasteklikk... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja, fram må det vel....har bestilt begonia Pinlig berørt

Det er La Madelon (rosa, enkel, liknar juleglede) og 'Bertinii Compact Yellow' (Gul Skaugum)

Her er dei, dersom du leitar litt:

http://www.zimtrade.no/sider/zimtrade.php?prod=197#

Mor mi og eg deler, ho har den raude skaugumen frå før, den likar eg IKKJE! Men, eg er litt misunneleg på den langvarige blomstringa og vekstkrafta, og at den til og med tåler det ufyselege, ustoppelege og som oftast iskalde vestlandsregnet Mad Død ! Sommaren 06 var det store unntaket her Smil .

Veldig mange sommarblomster blir berre nokre brune, klissete greier i vedvarande regn. Det gjeld i alle fall Petunia, som eg ikkje likar, og ein del andre. Pellisar må helst stå under tak her skal det gå bra ute, men da blir dei veldig fine! Det gjeld berre å ha nok tak Laughing . Gule margeritter blir faktisk nesten finast i kjøleg regnvær - sist sommar likte dei seg ikkje spesielt bra. Dei likar eg også veldig godt, nydeleg lysegul farge! Lurer på om det går an å ta stiklingar av dei? Det skal eg i tilfelle gjere til sommaren, så får eg MANGE Mr. Green Stort smil

Er heime i dag - skulle vore i Sogndal, men rasfaren i Kjøsnesfjorden fekk meg til å "skulke". Bør vel stikke innom jobben ein tur, men akkurat nå var det herleg og stille i huset og eg nyt å sitte ved PC-en og fordype meg i netthaging Laughing

Ha ein fin torsdag de også Stort smil

Eurobulb-bestilling

04 feb 2007 13:18


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her er bestillinga mi:

Hippeastrum
Amoretta 3.75
Cybister Lima 6.50
Papilio 7.00
Minerva 3.70
Rilona 3.60
Nagano 3.60
Double Roma 5.00
Double Record 4.10
Donau 3.50
Picotee Red Lining 3.50

Andre
Cyrtantus elatus Cream Beauty 5.00
Cyrtantus elatus (speciosa) 4.20
Cyrtantus elatus Pink Diamond 6.50

Cosmos atrosanguineus 3.80

Dahlia Bishop of Canterbury 2.80
Dahlia Bishop of Llandaff 2.50
Dahlia Bishop of Oxford 2.80
Dahlia Bishop of Aucland 2.80

Crocosmia Emily Mckenzie 2.30
Crocosmia George Davidson 2.50
Crocosmia Lucifer 2.50

Iris ensata Gracieuse 1.70

Iris germanica Blessed Again 1.30 (x2)
Iris germanica Edward of Windsor 1.30 (x2)
Iris germanica Howard Weed 1.20 (x2)
Iris germanica Wabash 1.30 (x2)

Iris sibirica Butter and Sugar 1.20 (x2)
Iris sibirica Jewelled Crown 1.70 (x2)

Kivistik-import

04 feb 2007 18:42


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her er dei klematisane eg har under vurdering:

Ekstra
Huldine
Kommerei
Kotkas
Negus
Niobe
Piilu
Roko-Kolla
Saalomon
Silvi
Teksa
Viola

Oi, lista vart visst lenger enn eg trudde.... Shocked

Clivia

05 feb 2007 10:37


[ slapper jeg av og pleier forkjølelsen Akkurat nå: slapper jeg av og pleier forkjølelsen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Liten clivia-rapport:
I går sjekka eg dei 6 frøa mine og fann ut at to var råtne, men fire spirer! Dei tre visste eg jo om frå før, for dei er "store" nå, opptil fleire mm! Blunke -men det siste var eg ikkje heilt sikker på, og det hadde fått seg eit ørlite grønt blad, ein liten spiss som stakk opp ved sida av frøet.

Da vart det spiring på to av kvart slag, det er eg fornøgd med! Mr. Green

Verbena bonariensis

05 feb 2007 12:14


[ slapper jeg av med litt dagbokskriving Akkurat nå: slapper jeg av med litt dagbokskriving ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Verbena bonariensis
Eg har fire spirer, fordelt i 3 potter. Er nokre tynne, sytrådaktige greier som ikkje ser særleg robuste ut.... står under plantelyset, og overlever får eg håpe Forvirret 3 potter har ingen spirer, og er sett tilbake i kjøleskapet etter eit opphald på badet, så på planterommet, så på badet igjen Ulykkelig .

Har lita tru på dei plantene der, må eg seie. Trengs sikkert meir erfaring enn eg har for å få dei til. Trur eg vatna pottene for mykje ved såing Forvirret

Sjuk

06 feb 2007 12:11


[  Humør: drittlei ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er sjuk og utslått Uenig . Ingen voldsomme symptom å vise til, anna enn generell og uttalt giddalaushet, kraftlaushet og matthet, samt hås kråkestemme Ulykkelig .

Er heime frå jobb i dag og. Trudde faktisk eg skulle orke å kreke meg ut i verden i dag, men nei.... Forvirret . Veit ikkje kva eg skal gjere med meg sjølv snart, nå skal det altså ikkje meir til en ein liten forkjølelse før eg mister heilt gnisten. Blir så lei, lei, lei. Det er ikkje noko som er moro når ein er slik Mad Mad , ikkje å så ein gong. Syns veldig synd på meg sjølv her nå..... Crying or Very sad .

Det er ikkje moro å skrive om sånt ein gong, føles som å sitta fast i siiiiiruuuuuup Død - omtrent som dei små, svarte fluene på limfellene Ulykkelig . Eg les hageblad og Grønt fokus sin katalog med drivhus i, og greier etter kvart å kose meg litt med det heldigvis, ellers trur eg at eg burde laggast inn ein plass Shocked .

Har begynt så smått å tenke på drivhus eg nå. Mannen min, som egentleg er ein smart fyr, meiner at vi skal bygge det inntil huset på austsida, så er det lett tilgang til vatn, og enkel adkomst frå huset. Eg er litt usikker. trur ikkje det blir meir enn 7-8 kvm da. Det har eg lese er for lite...? Meiner ein blir anbefalt å ta i litt, og helst ikkje under 10 kvm har eg hørt. Det er jo litt arbeid med å skifte det også, med grunnarbeid etc. Vekkasta arbeid og pengar, og verst av alt, kanskje ein ødelagt eller forsinka sesong! Cool Eg har i alle fall laga meg eit spareopplegg på nettbanken min, og ser for meg at eg har råd til drivhus i rett størrelse om eit par år Mr. Green Mr. Green Mr. Green

Vi får sjå, alt handlar om garasje her nå, så ingen ting skjer før den er under tak. Det skjer vel i vår får vi håpe, og da får eg i alle fall permanent planterom i kjellern etter kvart Stort smil . Ei viktig brikke å få på plass i mitt liv i alle fall Enig . Trur hagegalskapen er det sunnaste ved meg for tida eg! Klovn

Frø, etterbestilling

07 feb 2007 00:26


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg om frø på nettet Akkurat nå: leser jeg om frø på nettet ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har bestilt meir Verbena B. Nå skal eg få det til! Bestilte litt til med det same eg, kunne jo få bruk for det Mr. Green

Primafrø
1 x Tatsoi, Brassica rapa var. rosularis () = DKK 9,60
1 x Geranium pratense 'Striatum', Storkenæb () = DKK 16,00
1 x Ocimum basilicum 'Yiotis', Basilikum () = DKK 9,60
1 x Ocimum basilicum 'Ararat', Basilikum () = DKK 9,60
1 x Tagetes lucida, Lakrids-tagetes() = DKK 12,00
1 x Atriplex hortensis rubra 'Red spire', Rød Havemælde () = DKK 11,20
1 x Buskbønne, 'Tendergreen' () = DKK 9,60
1 x Carex buchananii, Brunbladet Star () = DKK 12,80
1 x Cosmos bipinnatus 'Daydream', Stolte kavelerer () = DKK 11,20
1 x Rucola salat () = DKK 9,20
1 x Verbena bonariensis, Kæmpejernurt () = DKK 12,00

Silver Shadow

09 feb 2007 02:04


[  Humør: glad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Geranium Silver Shadow har sendt opp to spirer til i dag! Hadde berre ei frå før, så nå kjem det seg! Ellers går det i klematis her, eg ser på bilder, les og grublar Shocked . Skulle liksom prøve å få ned antalet på ønskelista, men det endte med ENDA FLEIRE Rolling Eyes .

Kaldt er det ute, og her går varmepumpa for fullt -11.7 nå faktisk! Godt med litt skikkeleg vinter, sjølv om det er uvant å gå med strømpebukse Laughing .

Nå må eg legge meg. Har jobba i dag, og har fri i morra. Det er bra! Teller dessutan ned til Englandsturen. Vi reiser tidleg tirsdag morgon, og det er meldt fint vær heldigvis Enig Har stor betydning det, å bli sittande på Anda eller Flesland og glo vil eg ikkje Mad . Nå må eg legge meg, er trøtt. God natt Stort smil

Nellik-bakke?

10 feb 2007 23:53


[  Humør: hypnotisert ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har hatt eit syn - for mitt indre blikk såg eg plutseleg for meg korleis eg skal få utløp for "dianthus-filien" min - på ein storslagen måte Cool . Eg har nemleg ein bakke: bratt og steinete ingenmannsland akkurat nå, men med potensiale for å bli eit fantastisk nellik-område med stooore flater med nellik i alle tenkelege nyansar av rosa, rosalilla og rosaraudt, innimellom litt prydgras, kryptimian, ulike slags malurt, lammeøre og lychnis coronaria. kanskje litt nøysomme vår-laukar av ulike slag? Og eit lite tre, med fin krone og sølvfarga blad...... Drømmer . Nokre store steinar må til, og kanskje litt lyng? Må få til idiotsikker avgrensing mot gras&ugras, og helst ein nokolunde naturleg overgang til naturområdet (villnisset?) bak.

Langs dette området ser eg for meg ein sti (duk, bark, kompostkvern-materiale kanskje?) som blir grensa mellom lundhagen på den eine sida, og nellik-enga på den andre.... stjerne! . Stien fører da opp til kjøkkenhage-området, som heller ikkje eksisterer enda, anna enn i min fantasi Laughing .

Dette var dagens hagefantasi, men det er ingen hage som er vakrare enn den du ser for deg ein kald februardag Mr. Green .

Har ellers kjøpt mitt livs dyraste potteplante i dag (morsdag i morra, og eg er den einaste her som er klar over det Cool ), har alt fortrengt prisen, men det var ein nydeleg orange clivia...Får vere trenings-objekt til dei fire små clivia-babyane mine blir store og treng meir stell Blunke . Har også planta tre butikk-primulaer i lag i eit stort fat, det vart veldig fint! Min egenproduserte Amaryllis (Orange souvereign) står så flott med sine fire klokker på ein stengel, og nummer to skal til å sprette ut, også den med fire klokker stjerne! . Eg er imponert! Har også kjøpt (gavekort....) enda ein amaryllis-vase. Har nå to store og ein litt mindre høge, smale vaser som er perfekte å sette amaryllis i. Oppdaga at dei faktsik står like lenge som snittblomst som når dei veks på lauken sin i potte. Det trudde eg nesten ikkje, men slik er det - det er empirisk dokumentert Stort smil . Med ein hærskare med nye amaryllis-laukar i kjømda (eurobulb...), kan det vere greit å vite slikt, samt ha utstyret i orden Blunke .

Ellers står eg over grand prix, og ventar på Med hjartet på rette staden klokka 22.30 eller noko slikt Smil . Etter det skal eg legge meg, og lade opp til skituren i morra Cool . Ha ein fortsatt fin laurdagskveld de og Blunke
Oi!! Klokka...

Pakking, klematisbestilling etc

13 feb 2007 23:41


[  Humør: varm og utslitt ]
[ jobber jeg med førebuingar til englandstur Akkurat nå: jobber jeg med førebuingar til englandstur ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Da var klematisbestillinga sendt Enig . Sletta nokre i full fart først, håper dei finaste vart igjen... Kunne ikkje kjøpe riktig heile lista, syntes eg Cool . Skal vel ha litt å leve av i vår også Klovn

Driv og pakker og styrer nå, har reisefeber og er trøtt og stressa. Vi skal altså besøke sonen min som bur i england i vinter. (Utvekslingsstudent).

Vi reiser i morra tidleg med 6-ferja, flyet går 6.50. Det betyr "oppstandelse" kl. 5 seinast. Skal reise i lag med to gutar på 17 og 21, den eine ein kamerat og den andre storebror av engelskmannen. Det blir spennande! Gleder meg veldig til å sjå han att Stort smil . Ikkje minst moro å sjå kvar han bur, og helse på vertsfamilien etc.

Da blir eg altså fråverande nokre dagar - de får ha ei fin veke alle! Stort smil

Frøperm-trøst

22 feb 2007 23:32


[  Humør: sur ]
[ jobber jeg med å ordne frøpermen min Akkurat nå: jobber jeg med å ordne frøpermen min ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja, det vart ikkje hagelagsmøte på meg i kveld. Håper de hadde ein fin kveld, Strand og Hajal! Hadde veldig lyst til å gå, for eg fekk dessverre ikkje med meg forrige heller. Ikkje mindre enn tre barnevakt-alternativ datt vekk, og når hovedpersonen for alle bestyringane verka overtrøtt alt kl. 18, da ga eg meg på det Crying or Very sad . Det kjem vel fleire muligheter får vi tru!

I morra kjem mann og steson heimatt frå eit tre vekers opphald i Bergen (strålebehandling), og da er gutten erklært frisk så langt. Skal inn til grundig sjekk om ei stund, men det ser i alle fall fint ut. Så da kan vi puste (litt) letta ut, og prøve å kome tilbake til eit litt meir normalt liv her. DET gleder eg meg til, og nå er det jo snart våren og alt Hoppende glad

Får lage ei lita oppsummering av Englandsturen og, i tilfelle det er nokon som er nysgjerrige på den. Vi reiste altså onsdag 14., og var tilbake mandag kveld. Vi besøkte den mellomste gutten min som er utvekslingsstudent, og eg reiste i lag med storebroren og ein kamerat av han som er vekke. Skikkeleg "guttetur" med andre ord, men eg følte meg ikkje så veldig utafor, berre når dei insisterte på å bruke 1-2 timar i platebutikkar omlag KVAR DAG. Ein dag var vi i Nottingham, og da trøsteshoppa eg meg ei flott, brun, diger skinnveske Cool . Blir perfekt til jobbeveske, får med meg både skriveblokk, avtalebok, matpakke og Statoil-kopp utan problem Laughing

Ellers må eg seie at den delen av England som vi besøkte er noko av det tristaste eg har sett. Vi budde i Shirebrook, ein liten plass ein halvtimes busstur utafor Mansfield, som igjen er ein halvtimes togtur unna Nottingham. Dette er gamalt kolgruve-område, men som alle veit vart den industrien nedlagt på 60-70-talet. Det resulterte i stor arbeidsløyse og nød blant folk her. Verkar som om dei ikkje heilt har kome seg att enda etter "traumene" frå den gongen! Både Birmingham og Manchester ligg ca. ein times kjøring unna, men manglande kollektivtransport gjorde det for eksempel umuleg for oss å reise med tog eller buss til Mancjhester da vi skulle reise igjen, så vi måtte bruke drosje. Reiste kl. 6, brukte ein time på turen og ein time i bilkø! Huset sonen min og ein annan (tysk) gut bur i var knøttlite, så dei deler rom. Det fanst ikkje noko bord i huset å gjere lekser ved, og all middagsmat vart innteke i stua. Kjøkkenet hadde rått, ubehandla betonggolv, og dei fleste av dei andre romma hadde eit eldgamalt vegg-til-vegg-teppe som til dels var skjøtt på skakke og skeive. Til og med på badet var det teppe på golvet. Det var ikkje dusj, og vatnet måtte varmast med gass, så vi måtte planlegge badinga!

At "vertsfamilien" består av ein separert mann i byrjinga av 30-åra utan jobb er heller ikkje så mykje å rope hurra for. Eksen hans (!) er den som har teke seg av oppfølginga av skulen etc., men nå skulle ho flytte til Nottingham. Dessutan er ho visstnok berre 28 år, og har to små jenter samtidig som ho studerer. Har kanskje litt for mykje ansvar? Sonen min har nå greid å ryke fullstendig uklar med henne etter å ha blitt kjefta på og overhøvla på det grovaste for bagatellmessige ting. (Bekrefta av vertsfar) Han nektar å snakke meir med henne.... Eg trur det delvis handlar om kræsjet mellom ein skandinavisk tenåring som er vant til å vere på nivå med dei vaksne og å diskutere seg fram til løysingar, og ein representant for ein meir autoritær kultur, der det dei vaksne seier berre er sånn! Det viser seg at han nok har mistrivdes meir enn han har vilt innrømme heile tida. Uansett så er det ikkje meir å hente for han der borte, særleg ikkje når den einaste kameraten hans (frå Kviterussland!!) reiser heim i april. Dermed får vi han heim igjen til påske. Synd at det vart slik, men det kunne vi jo ikkje vite på førehand. Dessutan snakkar han i alle fall flytande engelsk nå...

Må også nevne at frøpermen min med foto-plastlommer har fått skilleveggar av farga kartong i kvart rom, slik at det blir plass til dobbelt så mange frøposar - ein på kvar side av skilleveggen Enig . Eg er ikkje lite stolt over å ha kome på det, og permen er kjempefin... Gir ein god vårleg følelse å bla gjennom og sjå på bilder av vakre vekster som ein gong skal vekse i hagen min... stjerne!

Dette vart visst veldig langt - imponert over dei som har kome seg heilt til slutten Shocked . Skal fatte meg meir i korthet neste gong, lovar det! Cool

Såing og vårfornemmelsar

24 feb 2007 12:54


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av med å skrive i dagboka mi Akkurat nå: slapper jeg av med å skrive i dagboka mi ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sådd denne veka:
Achillea millefolium "Summer pastels" (la spire inne??)
Aquilegia "Petticoats" (ut i snøen)
Aquilegia "Purple emperor" (ut i snøen)
Cimicifuga racemosa "Atropurpurea" P (ut i snøen)
Cimicifuga simplex "Brunette"? S (ut i snøen)
Dianthus carthusianorum S (ut i snøen)
Helleborus niger S (eit par veker inne først, så ut i kulden)
Lewisia cotyledon "Galaxy mixed" Th&M (ut i snøen)


Antirrhinum "Brighton rock" (lys & varme)
Chizanthus (16-19 g og mørkt)
Nicotiana (frøslang-frø!) (lys & varme, håper 21 g på kjøkkenbenken er varmt nok)
NN-frø (feilmerka slangfrø, anar ikkje kva det er men spirer gjer det!)
Petunia F1 (lys & varme)

Har greid å bestille både Cimicifuga Atropurpurea og Brunette, den siste frå Estland. Moro å sjå korelis dei oppfører seg. Estlandsfrøa er i små porsjoner, ca. halvparten av "vanlege" frøpakker vil eg anslå. Men kostar heller ikkje mykje, og ofte er det unødvendig med masse frø når ein berre skal så til seg sjølv.

Må tilføye at Kjempeverbenaen endeleg ser ut til å reagere. Tre potter med 0 spirer i fekk seg eit ekstra opphald i kjøleskapet, og så sette eg dei på badet, men i lyset oppå benken denne gongen. Først kom det ei spire, og eg var glad - men i dag telte eg heile 6!!!!!! spirer i den eine potta som eg nesten har kasta! Den andre står der tom enda, men det er håp. Pottene har ikkje stått der mange dagane enda. Rådet om "mykje lys og mykje varme" var jammen effektivt her! Nå skal eg lirke opp nokre større spirer frå potter med berre ei eller to og sette dei gamle pottene lyst og varmt igjen også, så kanskje underet skjer igjen Hoppende glad

I dag skal eg kjøpe meg nokre grønne, samanleggbare grønnsakplastkasser på rema, spurte i går og det var greit å betale panten. Blir fine å sette pottene i ute.

Anar at eg bør så Gaura lindheimeri og Crambe cordifolia fortare enn svint, må berre sjekke korleis dei skal ha det først!

Ha ein fin laurdag alle saman Stort smil

Kva har eg sådd sesongen 06/07?

25 feb 2007 09:42


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Forsøk på å lage ei fullstendig liste
Shocked Mr. Green

Symbolforklaring:
BN = Brøderna Nelsons
Th&M = Thompson & Morgan
S = Seemnemaailm, Estland
I = Impecta
P = Primafrø
L = Lilla Fiskaregatans tradgårdsbutik
Le = Leuthens
La = Langangen planteskole
POD = Plants of Distinction
R = Rara vaxter

DETTE ER SÅDD SESONGEN 06/07
Acaena affinis (La), 09.03., ute
Acanthus mollis (Le), 14.04., inne. Spirte ca. 02.05.
Achillea millefolium "Summer Pastels" (Ryllik), 23.02., inne, spirte 25.02
Abutilon "Bellevue mixed", 15.01. inne
Agurk "Zeina" (Th&M), 03.03., inne, spirte 05.03. prikla 15.03. Første blomst/fruktanlegg ca. 14.04.
Allium cernuum (La), 09.03., ute
Allium cyanthophorum farreri (La), 09.03., ute
Allium flavum (La), 09.03., ute
Allium nutans (S), ? mars, ute
Allium obliquum (La), 09.03., ute
Allium pulchellum album (La), 09.03.,ute
Allium ramosum (La), 09.03., ute. Spirte 26.04.
Allium tuberosum (Kinagraslauk), 05.02., inne - rask spiring
Amorpha fruticosa (I), 28.01., ute, spirte ca. 26.04.
Anthericum liliago (La), 09.03., ute
Anthirrinum "Brighton Rock", (Løvemunn, fulgte med eng. hagebl), 21.02., inne -spirte 25.02. prikla 10 stk. 15.03.
Aquilegia "Miss M.I.Huish", 01.03., ute
Aquilegia "Petticoats", 23.02., ute. Spirer ca. 25.04.
Aquilegia "Purple Emperor", 23.02., ute, spirte ca. 01.05.
Arabis alpina (rosa) (S), 03.03., ute
Arabis blepharophylla (La), 09.03., ute
Aster "Composition" (Th&M), 07.03., ute
Butomus umbelatus (Brudelys?)(Le), 09.11., ute
Campanula punctata, 03.03., ute
Carex buchananii, 03.03., ute, spirte 05.05.
Carex grayi (Le), 09.11., ute
Cephalaria gigantea (Le), 14.04., ute, spirte ca. 26.04.
Cerinthe major, 05.03., inne, 7 frø, 4 spirte 09.03., nye bl.lagt 15.03. Sådd 17.03.
Chimonanthus praecox (I), 28.01., ute
Chili (grønnsaksdisk), 15.11., inne - spirte 17.11.
Chili (kjøkkenskåpet, ca 10 år gl. Pinlig berørt ),15.11., inne - ei sp ca. 23.02.
Cimicifuga racemosa, 09.11., ute
Cimicifuga racemosa "Atropurpurea", 23.02., ute
Cimicifuga simplex "Brunette?" (S), 23.02., ute
Clematis recta (La), 08.03., bløytlagt 1 døgn, ute
Clivia miniata "Butterball" (POD), 01.12., inne - spirte ca. 01.01.
Clivia miniata "Lanata" (POD), 01.12., inne - spirte ca. 01.01.
Coleus "Warpaint", 13.12., inne - spirte ca. 17.12.
Cornus mas (I), 28.01., ute
Cosmos "Daydream", 15.03, inne, spirte 17.03. (For tidlig å så denne!)
Cosmos "Sensation", 15.03., inne, spirte 17.03. (For tidlig å så denne!)
Delphinium "Gentian Blue" (Bina), inne 14.04. Spirte ca. 21.04.
Dianthus carthusianorum (S), 23.02., ute
Dictamnus albus var. caucasicus, 03.12., inne, så ut 08.01. Spirte 26.04.
Digitalis lanata, 03.03., ute, spirte ca. 24.04.
Echinacea purpurea (Se), sådd inne ca. 14.04., spirte ca. 21.04.
Echinacea purpurea "White Swan", sådd inne 14.04., spirte 23.04.
Enkianthus campanulatus (Klokketrollyng?) (I), 28.01., ute
Erodium pelargoniflorium "Anatolia" (I), 07.03., ute, spirte ca 26.03. 6 planter prikla 22.04.
Eupatorium rugosum, kvit (P), 14.04., ute, spirte 04.05.
Euphorbia marginata (Br N), 14.04., inne, spirte 21.04.
Forsythia (slangfrø), 23.11., ute, spirte 05.04. -masse!!
Gentiana lutea (Bina), 14.04., ute
Geranium "Silver Shadow" (I), 28.01., inne - første spira 01.02., dei andre seinare. 5 planter
Geranium pratense "Striatum" (P), 24.02., inne, tre spirte ca 20.03.
Gymnocladus dioicus (I), 28.01., ute
Helenium autumnale (I) "New Hybrids", 14.04., ute
Helleborus niger (S), 22.02., først inne, så ut
Heuchera "Pulchella" (Th&M), 07.03., ute
Hippeastrum, eigne frø, sådd 11.04.07
Juglans regia (Valnøtt, lokalt tre), 15.11., inne - spirte ca. 29.11. Sett ut før påske. Lauvet datt av men stilken ser fin ut
Kirengeshoma palmata, 09.11., ute
Leontopodium alpinum (Edelweiss)(E), 07.03., ute, spirte ca. 5. april
Lewisia cotyledon "Galaxy mixed" (Th&M), 23.02., ute, spirte 26.03.
Liatris spicata "Floristan White" (Le), 07.03., ute, spirte ca. 5. april
Lilium martagon "Album", 01.02., ute
Lychnis chalcedonica "Carnea", 14.04., ute
Meconopsis horridula, 09.03., ute
Milium effusum (Ra), 14.04., ute, sett i drivhusteltet 24.04.
Nemesia strumosa "Carnival" (BN), 01.03., planterommet, 3 spirer 11.03. Resten av pakka sådd 11.03. Frø frå ny pakke sådd 15.03. nokre få spirer ca. 26.03.
Nicotiana?, låge raud/lilla, slangfrø, 20.02., inne/lyst - spirte 23.02. utplantingsklare 24.04.....
Nicotiana "Avalon Bright Pink" F1, 14.03., under lys, spirte 22.03.Ny pakke sådd 28.03. 24.04. ser det ut til at 6 planter har overlevd priklinga. Alle døde 25.04.
Ocimum basilicum "Ararat" (P), 21.02., inne - spirte 22.02.
Ocimum basilicum "Yiotis" (P), 21.02., inne - spirte 24.02
Petroselinum crispum (persille, slette blad), 30.01., inne - spirte ca. 05.02. Sådd nye i april.
Petunia F1 (fulgte med eng. hageblad), 21.02., inne/lyst - spirte 26.02.
Pelargonium "Venus", 03.01., inne - spirte 04.01.
Pelargonium F1 Avanti Apricot, 03.01., inne - spirte 04.01.
Pelargonium F1 "Black Velvet Appleblossom", 08.01., inne - spirte 13.01.
Pelargonium F1 "Black Velvet Salmon", 08.01., inne - spirte 26.01.
Pelargonium F1 "Orange Ice", 08.01., inne - spirte 13.01.
Plantago major "Rosularis" (S), 07.03., ute
Polemonium, blå (Randine), 14.04., ute. Spirte ca. 25.04.
Polemonium, kvit, (Randine), 14.04., ute. Spirte ca. 25.04.
Primula bullesiana (I), 14.04., ute
Primula japonica (I), 14.04., inne
Primula veris (I), 14.04., ute
Punica granatum "Nana" (Granateple), 14.01., inne - spirte 30.01.
Salvia farinacea "Evolution", 14.04., ute
Schizanthus "Dr.Badgers hybrids", 21.02., inne, mørkt, ca. 18g - spirte 26.02., prikla 15.03.
Tagetes tenuifolia "Golden Gem", 08.03., inne, spirte 11.03.
Tagetes tenuifolia "Lemon Gem", 08.03., inne. Ny ladning sådd frå same pakka 11.03.Ingen spiring.
Tagetes tenuifolia "Lemon Star", 14.03., inne, spirte 17.03.
Telekia speciosa (RandiF), 07.03., ute
Tomat "Sub Arctic Plenty" (Th&M), sådd 27.02. alle dei fire frøa spirte 02.03.! prikla 15.03.
Thalictrum rochebrunianum, 15.11., ute
Verbena bonariensis, 03.01., inne/kjøleskap/inne/kjøleskap/inne - litt spiring 28.01.- mange fleire spirer i slutten av febr. ved lys/varm plassering
Viola cornuta "Admiration" (Le), 26.01., inne - spirte 01.02. Prikla 10.03.
Viola cornuta "Chantreyland" (Le), 26.01., inne - spirte 01.02. Prikla 10.03.
Zigadenus elegans (Le), 15.11., ute

Kjempeverbena

25 feb 2007 10:13


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Må kome med ein liten rapport nå:
Har akkurat oppdaga 14 nye spirer!

Hadde eg ikkje bestilt nye frø i den tru at det ikkje vart meir enn dei 5 eg fekk først, så hadde det vel ikkje skjedd Laughing

Rådet eg fekk her av nokon (hugsar ikkje kven), om å la pottene stå lyst og varmt, var effektivt ja! I den eine potta på badet er det nå heile 12 spirer, og i den andre som eg nesten kasta for to dagar sidan er det 2 stjerne! . To andre potter har stått på planterommet med spirer i, men dei var nå store nok til å bli prikla, og pottene er nå sett lyst i 24g eller noko slikt (ja, vi har det varmt på badet!)

Den nye frøpakka får ligge uåpna til neste år Enig

bittelitt meir frø.......

26 feb 2007 23:03


[  Humør: fornøyd ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Var innom Bunnpris i dag i håp om at dei hadde fått inn litt hage-plante-ting-og-tang Klovn Jo da, det hadde dei viste det seg! Masse frø, og nokre minidrivhus med plastlokk, med plass til 24 små håpefulle Laughing Eg fekk med meg to sånne, tenkte eg skulle så tagetes i dei, da kan eg putte eit frø i kvart rom. Skulle bli nok til både meg sjølv, mor mi og evt andre interesserte Smil . Frøa eg kjøpte var

Aquilegia "Miss M. I. Huish"
Dianthus barbatus "Tuxedo black"
Nemesia strumosa "Carnival"
Basilicum "Cinnamon"
Basilicum "Lemon Scent"
Lactuca sativa "Frillice" - plukksalat

Ellers går livet sin gang. Det var sååå godt å få heim mannen frå Bergen Drømmer , og eg trur vi begge, men særleg han, plutseleg har fått augene opp for kor godt det egentleg er med vanlege, trygge kvardagar Smil . Det er faktisk eit privilegium å vakne relativt frisk, og å ha ein liten familie å høyre til i. Nokon som treng deg og saknar deg når du er vekke Uenig . Vi tre kosar oss i alle fall veldig nå, eg fekk til og med med meg friskluftshataren på ein liten skitur på søndag Blunke . Han har tenkt over kor viktig det er for sonen vår på 3 å få oppleve noko anna enn å sitte inne og glo på ein skjerm...Eg måtte bite meg i tunga da han sa det, kunne ha mint han om alle gongene eg har sagt det same Cool . Men, det var IKKJE tid for å vere kjepphøg, berre kjempeglad!!! stjerne!

Ellers får eg englands-gutten heim til påske. Vi er svært lite fornøgde med EF-språkskole, men det får eg kome tilbake til i ein annan epistel. Kanskje, om eg orkar Død . Ha i alle fall ein fin februarkveld!

Tomatfrø i jorda, månen i ny

27 feb 2007 23:36


[  Humør: fornøyd ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sådd fire tomatfrø av typen "Sub Arctic plenty" frå Thompson & Morgan i kveld Mr. Green . Er veldig spent, for tomat har eg ikkje hatt før. Har lese at den tåler kjøleg norsk sommartemperatur, og at den ikkje skal knipast Cool . Får det kanskje til da....Ellers spirer det som berre det nå, har sådd ein del sommarblomster (muligens for tidleg Blunke ), men gjort er gjort. Ser at det skal bli bra fullt her til det blir utplantingstid ja!

Cliviaspirene har verkeleg fått fart på seg nå. Ser nesten forskjell frå dag til dag, det er moro. Dei tre som har fått litt størrelse er heilt ulike, tenk så artig når dei første blomstene kjem så eg får sjå korleis dei er. Drømmer Må nok vente tålmodig ei stund til Laughing .

Ellers har eg vore ute på reise i dag, har vore på møte i Førde igjen. Har oppdaga at eg har ein kollega som er sterkt angrepe av "sommarblomst-feber", han sår etter det han seier sjølv "det han kjem over" av frø! Har tipsa han om den eminente sommarblomst-tabellen "vår", og den var han interessert i. Skal prøve å få han inn på forumet også etter kvart Stort smil .

Ha ein fin kveld da folkens!

Litt såing i dag og gitt

02 mar 2007 00:18


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av og somlar med å gå og legge meg Akkurat nå: slapper jeg av og somlar med å gå og legge meg ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sådd Nemesia og Akeleier i dag. ("Karneval" og "Miss M.I. Huish"). Har også teke bussen til Stryn i lag med veslegutten, berre for moro skuld. Når ein er 3 år så er det å reise med buss kjempespennande nemlig Cool . Vi hadde ein flott tur, gjekk på kafe, testa rulletrappa, kjørte 3 turar med ein liten gul taxi på Amfisenteret og vart henta av pappa for så å ete middag hos Bestemor og Bestefar. Flott dag med andre ord!

Eg har også endeleg oppnådd kontakt med Englandsfararen, han var 18 år i går og på "heisatur" til Nottingham for anledningen Shocked . Akkurat den dagen var mobilen sjølvsagt utlada..... Det viste seg at den unge mannen hadde vore med nokre kameratar i ein klatrevegg, samt hadde fått servert kake og sjampanje (!) av vertsmora til den eine kameraten! Det var hyggeleg gjort. Han hadde til og med vore på skulen i dag, så mora sine skrekkfantasiar slo ikkje til denne gongen (heller Laughing ). Den andre arvingen har byrja i sivilteneste i Oslo i dag, og er innlosjert ein eller annan plass i sentrum?? Jobbar i alle fall ved eit kurs-senter dreve av Røde-kors. Meir veit eg ikkje, men guten har det bra i alle fall. Blir vel lei stolbæring og kaffekoking etter eit år Laughing . NÅ mååååå eg altså legge meg.

Til slutt: har funne ut at det er ei (for meg) uoppdaga gullgruve på Langangen sine sider, gjett om eg skal bestille planter der til våren! --og frø... gjesp, kjem til å drømme om det i natt Shocked Mr. Green

Frø, etter-etter-bestilling

03 mar 2007 15:46


[  Humør: glad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sådd litt i dag, etter å ha kome over info i eit gamalt hageblad om det desse treng stratifisering:

Digitalis lanata (Gresk revebjelle)
Carex buchananii (Brunblada starr)
Campanula punctata
Arabis alpina, rosa

Fekk i tillegg agurkfrø (Zeina) i jorda, 3 stk.

Har også bestilt frø frå Langangen planteskule:

Allium cernuum, prydløk.
Allium cyanthophorum farreri
Allium flavum
Allium obliquum
Allium pulchellum album
Allium ramosum
Arabis blepharophylla
Acaena affinis, gråkryp
Anthericum liliago, sandlilje
Clematis recta, stivklematis
Iris pseudocorus ‘Variegata’
Meconopsis horridula

Fin økt ute i dag, det vil seie delvis ute, fordi eg brukar vaskerommet til "gartneri" også, og der er det dør rett ut i hagen. Den stod åpen mens eg sådde, og veslegutten for att og fram og viste meg overvintra leiker han hadde funne i sandkassa Stort smil . Han dissekerte også nokre snøklokker med saksa, og så knekte vi hasselnøtter som vi plukka i eigen hage i fjor haust stjerne! . Veldig gode, aldri opplevd så masse nøtter før Smil

Ellers ser eg at det tittar fram laukvekster både her og der, alt har ikkje råtna i vinterregnet da heldigvis! Der er sååååå godt at det er vår Drømmer ...

Såloggen er oppdatert Mr. Green
Ha ei fortsatt fin helg alle saman stjerne!

Drivhus-fantasiar

05 mar 2007 00:53


[  Humør: hypnotisert ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har begynt å tenke veldig intenst på drivhus i det siste, i takt med at den siste snøen forsvinn i hagen og eg ser for meg korleis det eine og det andre kunne ha blitt hvis....

Har merka meg
Juliana Premium (Willab Garden, Sverige)
Vestgård Luxus (Hobbydrivhus.no)
Helios standard (Grønt Fokus)

Alle er på ca. 12 kvm, og kostar mellom 20-30000....Dyrt, ja - og det verste er at eg er innstilt på å spytte i litt og få meg eit drivhus som er stort, solid og pent. Har veldig lyst på grønne profilar, men det kostar ein del ekstra. Men det estetiske ER viktig!!

Vi får sjå. Har fått klar melding her om at det ikkje er å tenke på før garasjen er på plass Rolling Eyes . Domino-effekten, hørt om den? Den første og største brikka er altså garasjen, du har forstått det rett ja Mad . Å som eg ventar på at den skal bli ferdig så det kan skje litt andre ting her og!

Ellers har vi hatt ein sløv og lat søndag prega av div. sjukdom, mannen i huset har influensa, sjølv har eg vore litt sjaber, og veslegutten er berre kosesjuk for tida Smil . Eg ventar på undervatningsbrett bestilt frå Grønt Fokus, domino-effekt på plantefronten og visst Pinlig berørt . For å få meir plass på planterommet må eg flytte ting, og for å få flytta ting må eg ha bretta osv. Først DA kan eg tenke på å prikle hornfiolane mine Cool Laughing

Ellers tannlegetime i morra - når berre den er over så skal eg vere kjempeglad Mr. Green (jfr. tenna)

Hippeastrum-nytt

05 mar 2007 01:19


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Må berre fortelje om eit Hippe-eksperiment eg har på gang: har endeleg fått blomst på den siste av dei to oversomra hippane frå i fjor, den eg hadde gitt opp. Den viste seg å vere kvit m nokre få rosaraude striper, eplegrønn i svelget, og med nydelege, liljeaktige, enkle blomster. Navnlaus men vakker! Plutseleg fekk eg den lyse ideen at eg skulle bestøve den med den siste av Piquant-blomstene som står her nesten avblomstra i ein vase... det er nå gjort ved hjelp av ein pensel...Så får vi sjå!

Hugsar at Solfrid sin hipp hadde greid det av seg sjølv, eller truleg ved hjelp av ei flue eller noko slikt! Nok om det, det vart spiredyktige frø av det!! Dette blir spennande, fortsettelse følger Mr. Green

Så-logg

05 mar 2007 23:14


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så-loggen oppdatert Smil

Pelargonium....

06 mar 2007 01:32


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Får snart i posten: Hoppende glad

Masterpiece
King of Denmark
Langelandsrosen
Mårbacka
First Love

Dette er stiklingar.

Frø:
P. capitatum
P. alchemilloides

Vårdag i bil, med vind

06 mar 2007 23:27


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av etter ein lang arbeidsdag Akkurat nå: slapper jeg av etter ein lang arbeidsdag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Førdetur igjen i dag. Går veldig greit nå som det er bart på vegen, og eg har lydbok i CD-spelaren! Har snart hørt heile Populærmusikk fra Vittula i bilen på veg til og frå Førde! Det skal eg gjere meir, ikkje minst er det fint at ein hører like godt inni alle tunellane Laughing
Her heime spirer og gror det for tida, og den store bekymringa for plassen har slått til! Korleis i all verden skal eg få plass til alt, har enda ikkje sådd gulerøtter i kartong, to slags Cosmos, Tagetes, meir persille og kin.graslauk Forvirret . Cerinthe major står til spiring på badegolvet, hadde heldigvis vett nok til å ta berre halve frøpakka, ca 7. stk. Sikkert nok. Skal snart plikle litt nå, men ventar på undervatningsbrett som er bestilt. Det hastar ikkje, Hornfiolane veks fint ei stund til i såpottene. Men er har så LYST til å prikle! Er utålmodig, ikkje til å underslå det Pinlig berørt

Pellisane og chiliane må nok finne seg i å stå i vinduskarmen når bretta kjem, men nå skulle vel dei to slaga like varme skulle ein tru? Lyst nok blir det jo fort nå! Vanlege pellisar er jo gamaldagse potteplanter, så det veit eg går bra!

Ute er det mildt, og snøen er nesten vekke. Eg er spent på nokre rosa og kvite tulipanar som har stått bittelitt vått i vinter... Shocked . Dei som står i ei lita helling har titta opp alt.

Eg ser at andre driv og planlegg kvar ting skal stå, og i lag med kva..... Shocked . Så avansert er ikkje eg, nei! Her må ting bli til gjennom øyeblikkets innfall og visjonar, og ikkje minst ved små glimt av halvgenial hageinspirasjon Laughing . Føles i alle fall genialt der og da, dagen etter viser det seg ofte at det i beste fall var "kvart-genialt" Blunke For mitt indre blikk ser eg for meg at eg spar opp nye bed over alt, og får innimellom panikk fordi eg tenker at eg uansett ikkje kjem til å få plass til halvparten ein gong Shocked

Men eg gleder meg veldig til det blir alvor, og eg kan starte moldvarp-sesongen igjen Mr. Green Det blir sååå moro!

Starta innlegget som "nøytral", men avsluttar nå som "glad", det skuldast ein ting, at eg har fått gi min "langt fremskredne hagegalskap" luft i dette innlegget Stort smil

Koseleg at du ville lese det Smil

Sådd litt i kveld

07 mar 2007 22:57


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sådd litt stauder i kveld. Det blir berre litt om gongen, men alle monner drar heiter det jo. Har ein del frø igjen som skal i jorda, men mykje av det kan såast i april/mai. Her er oversikten:

Plantago major "Rosularis" - Groblad med fylte, grønne blomster
Telekia speciosa - Høg staude med gule blomster, fått av RandiF
Liatris spicata "Floristan White", kvit Liatris
Leontopodium alpinum - Edelweiss
Heuchera "Pulchella"
Erodium pelargoniflorum "Anatolia"
Aster "Composition"

Har også fått vindusbrett og 20-liters plantebøtter til agurk og tomat i posten i dag, samt frø frå Langangen! Masse masse frø i kvar pose... her ligg det an til bytting ser det ut til Mr. Green Har lagt Clematis recta-frø i vatn i kveld. Og i morra får eg Pellis-stiklingar og frø stjerne!

Så-loggen er oppdatert.

Tagetes og klematis på kvinnedagen

08 mar 2007 23:49


[  Humør: fornøyd ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sådd Tagetes i kveld, nå GREIDE eg ikkje å vente lenger Cool Frøa har havna i minidrivhus frå Europris, kvar sitt. Eg likar altså Tagetes, men berre den med små blomster. Putta rett og slett eit frø i kvar åpning, og supplerer med nye frø om nokon ikkje spirer. Kunne jo lagt to i kvar da, men greier nemleg ikkje dra opp spirer, det veit eg.

Sånn ser dei ut:

Tagetes tenuifolia "Lemon Gem"
Tagetes tenuifolia "Golden Gem"

Sådde også Clematis recta-frø som vart lagt i bløyt i går. Sette pottene ut, håper det er OK.

I morra har eg fri. Skal og må vaske hus, og stelle litt med plantene innimellom...... Stort smil Gleder meg til ein heil formiddag for meg sjølv igjen, det er så inderleg godt, reine terapien! Og så er det visst helg, har eg forstått?! Nå igjen Shocked Forbauset , går det an...?? Laughing

Prikling

10 mar 2007 19:59


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg dagbøker og kosar meg Akkurat nå: leser jeg dagbøker og kosar meg ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fordi eg var så ekstremt flink og "husmoreffektiv" i går, har eg kost meg verre med prikling ++ i dag. Prikla 44 hornfiolar, samt potta om ein del pellis som kom i posten i går, og tok stiklingar av fleire av dei, som også fekk seg potter med jord stjerne!

Har fått spiring på Cerinthe M, og ser såvidt nokre spirer av Tagetesen som vart sådd tidlegare denne veka. La eit og eit frø i kvar sitt rom i to Europris-drivhus. Ser så langt ikkje dumt ut. Driv også med flyttesjau på pellis og chili, dei må stå i stuevindua nå - men må gi bort fleire av dei for å få plass til dei nye!

Mor mi har bedt oss på klubb i morra, så da tek eg med meg fleire dit tenkte eg. Eksen skal få chili-planter, der er ikkje mine foreldre heilt oppdaterte Laughing . Klubb er for dei uinnvidde det same som "komle" eller "ball" eller "potetball", laga på poteter og grovt mjøl, gjerne byggmjøl, kokt i kraft laga på salt (fåre)kjøtt. I same gryta kokar ein gulerøtter og kålrot, og det må vere bacon og røykt kjøttpølse til. Det er kjempegodt, og mor mi som egentleg er Hadelending, har lært seg å lage det. Kjempegodt! Gleder meg Stort smil .

Var forresten på Europris og sikra meg to nye minidrivhus i dag, samt akeleifrø - meir Miss M.I.Huish. Det var så lite frø i pakka at eg sådde alt i den forrige eg kjøpte, men så gjekk det plutseleg opp for meg at da får eg jo berre blomster annankvart år Forvirret . Ville altså sikre meg ei pakke som skal såast neste vår, var ikkje det lurt? Kjøpte også erteblomst-frø av ein eller annan grunn. Anar ikkje kvar eg skal ha dei, men dei kan eg vel så rett ut om det skulle knipe Blunke Det begynner så smått å bli eit poeng, om de forstår... Blunke Nå skal eg så gulerøtter i kartong og Cosmos, så er alt sådd som skal såast inne. Er det plass til folk her fram til midten av mai så skal eg puste letta ut!

Har forresten hatt oppe eit samtaletema her som går på "lurer på om det hadde gått an å bygge inn verandaen vår med ein slags glasvegger og tak, eg?" Ja, mannen i huset har faktisk sett "lyset" her, og meiner bestemt at det er ein god ide. Må berre settast som punkt 3 på lista, etter garasje og drivhus. Heilt greit for meg Hoppende glad Ser for meg kor fint det vil bli, og veldig bra avlastning når det gjeld "inne-spiring" på vårparten!

Spire-vegring, grrr!

11 mar 2007 23:58


[  Humør: sur ]
[ jobber jeg med å så Akkurat nå: jobber jeg med å så ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nemesia-frøa ("Carnival", Brøderna Nelsons) som vart sådd den 01.03. har fortsatt berre kome med 3 spirer. Sådde ca. halve pakka eller snaut det Mad . Nå er resten sådd, så får vi sjå... Har dekt frøa med ørlitt sand og vermikulitt - tenkte kanskje på å forebygge rothals-betennelse (nei, råte var det visst Laughing ) Vi får sjå om det blir noko action oppi der Mad . Tålmodigheta mi er tynnslitt her Laughing

Har også problem med Tagetes tenuifolia "Lemon Gem" frå Leuthens. Sådde to slag samtidig, og "Golden Gem" spirer som berre det! Har akkurat greve opp samtlige frø, og absolutt ingen teikn på spiring på nokon av dei Død Mad . Dei har stått på badegolvet som alle andre frø her i huset, og dei fleste er takknemlege og snille og set i gang med spiringa etter kort tid. Ikkje desse vrangpeisane, nei! Lurer forresten på om Tagetesfrø har kort holdbarhet. Har prøvd meg på lagerfrø før, med dårleg resultat. Men da er det eigen lagring det handlar om, og ikkje nyinnkjøpte frø.

Nå er heile resten av pakka sådd, og kjem det nå opp noko så blir det vel ein tett urskog av tagetes til slutt Laughing Tek sjansen, har liksom trøsta meg med at slår ikkje noko anna av det eg har sådd til, så har eg jo tagetesen! Den får eg til, den er idiotsikker Klovn . Jommen sa eg smør Uenig

Ja, ja. Får få tak i nye frø kanskje, men det er jo laaang ventetid på bestillingar nå så det kan ta si tid. Sukk Crying or Very sad

Lir litt av spire-abstinens her nå - kanskje noko av grunnen til at eg blir så sur Uenig . Og enda er det lenge til eg kan gå ut og grave - jorda er klissblaut Ulykkelig

Hippe-prosjekt

12 mar 2007 23:28


[  Humør: glad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Liten rapport:
Den kvite hippeastrumen min som eg tidlegare har fortalt om vart altså bestøva med pollen frå Piquant, ein orange og kvit sak. Dei to blomstene som vart utsett for dette visna lynraskt, mykje fortare enn dei ubestøva - og har nå nokre oppsvulma klumpar i enden som er dobbelt så store som dei to andre! Dette ser lovande ut, her blir det nok frø! Mr. Green Mr. Green Mr. Green

Ellers er det fortsatt dødt i Nemesia-pottene og Tagetes-pottene Mad Ventar med lengsel og smerte på Zimtrade-bestillinga mi, for der skulle det vere ei pakke Nemesiafrø. Det tek vinter og vår å få det jo Ulykkelig

Grublar ellers veldig på korleis eg skal organisere planterommet mitt framover - vurderer å sette ut tre valnøtt-planter snart. Den finaste skal eg behalde inne i tilfelle det går gale med dei andre. Dei skulle da tåle litt kulde?? Skal sjølvsagt venne dei til utelivet gradvis. Gjer kanskje det same med to overvintra Buddleia-stiklingar og. Dei tåler eg å miste, ser at mammaen har grønne skudd stjerne! Alle dei nydelege små pellis-plantene mine må snart ha nye potter, og så må dei nok bu på spisebordet ei stund er eg redd. Sprøtt kor stor plass dei putseleg tek - har gått frå babystadiet til snart tenåringar på rekordtid jo Laughing Må vel gi vekk nokre av dei, tenker eg. Men det er viktig å sikre seg at dei kjem til ein god heim Laughing Ha ein fin kveld!

Hipp-hurra!

13 mar 2007 22:36


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her ser de bilde av den kvite hippeastrumen med to oppsvulma frøstandar:



Dei to andre blomstene er i ferd med å blomstre av, og som de ser så er ikkje dei grønne klumpane i enden så store som dei to andre... Mr. Green

Ellers har eg vore i Førde i dag. Kjørte rett forbi Plantasjen, såg lengselsfullt inn på planter, hyller og anna planterelatert, men sukk: åpningsdagen er på torsdag Mad Fann ikkje nye Nemesia-frø i Førde, på Felleskjøpet hadde dei frø, men så dårleg utvalg da Ulykkelig . Var også innom eit lite, lokalt gartneri med den minste frøhylla eg har sett Forvirret . Må nok pent vente til tirsdag om ei veke. Lite som skjer med så-ladning nr. to med Nemesiafrø, er bestemt noko gale med dei.

Nå er eg trøtt - skal snart sette meg med eit gamalt hageblad og sløve Smil . Har kjøpt litt småtteri i skuffelsen over å ikkje finne frø, blant anna sånne aluminiumsbrett til å ha mat i (meiner Lill-Kaja nevnte dei?). Fine å ha planter i! Fekk også tak i store og små potter, samt ENDA eit minidrivhus Pinlig berørt Nå er det ikkje fornuften som styrer, har dilla på å kjøpe dei - er liksom redd for å få for lite å så i Cool

De får ha ein fin kveld, eg skal slappe fullstendig av her! Torsdag skal eg ha fri, og DA blir det plikling stjerne!

Nemesia og tagetes-frø

14 mar 2007 22:18


[  Humør: glad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sogndals-tur i dag. Hadde såvidt tid til ein tur på lokalt gartneri og Sogningen senter før avtalen Cool .... Og endeleg fann eg Nemesia-frø. Denne gongen frå Lord Nelson, sist frå Brøderna Nelson.....Anar ikkje om dette egentleg er same firma eller noko slikt. "Carnival" denne gongen også, men håper veldig at spire-evna er betre nå Smil . På senteret var det blomsterbutikk, og frøhylle!! stjerne! Fekk meg nye tagetes tenuifolia-frø og, denne gongen med navnet "Lemon star". Har tru på at det går bra nå. Har ein fått ein fiks ide om kva slags blomster ein vil ha, så er det ikkje lett å sleppe taket i den Laughing

Kjøpte også ei pakke Prydtobakk, "Avalon Bright Pink", ser ut til at dei Nicotianaene eg har frå før likar seg på planterommet mitt, så da fristar det å prøve fleire. Desse var nyyydeleg lys rosa Drømmer

Det har vel ikkje skjedd stort meir i dag trur eg? Drittvær, men det er ikkje noko nytt. Har fri i morra, og DET SKAL BLI GODT! Er trøtt og lei av å kjøre bil, sliten, har jo jobba i tre dagar i strekk Laughing . Har bestemt meg for å låne fleire lydbøker på biblioteket, det er så fint å høre på når ein kjører langt aleine. Bra oppfinnelse! Må også hugse å skaffe meg meir musikk, kjøpte ein cd i full fart i dag men det var ikkje noko særleg. Nyaste til Diana Krall, som er for "jazzete" for meg Forvirret . Den gir eg bort til den som vil ha den! Smil

Ha ein fin kveld Stort smil

Prikling igjen

15 mar 2007 16:00


[  Humør: fornøyd ]
[ hører jeg musikk Akkurat nå: hører jeg musikk  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sådde Cosmos i dag, to slag. Dei står på badegolvet. Har også prikla tomat, agurk og løvemunn. Løvemunn-plantene var ørsmå, så eg tok berre ei potte. Såg det for seint. Har to potter til, så trur det blir nok Klovn Tok sjansen på å plante om agurk-plantene i skikkeleg jord. Går ut frå at dei er næringskrevande, og såg ikkje akkurat tandre ut... Hadde fått røtter som kom ut på undersida sjølv om dei strengt tatt berre er på spebarnsstadiet enda! Shocked

Tomatplantene har fått litt djupe potter med "skikkeleg" jord i botnen. Dei ser litt forkomne ut der dei står, men håper dei veks fort. Tenkte det var greit å la dei få litt plass.

Har og flytta alle pellisane ned i stuevinduet i dag, for å få plass til prikleplantene. Potta om dei fire chiliane eg sådde i november. Fleire av dei har antydning til frukter alt Mr. Green Verkeleg veksevillige planter, særleg dei eg sådde av butikk-chili-frø. Var runde, halvstore, forholdsvis milde. Den eine planta eg har frå 10 år gamle heile tørka chiliar, er tregare og veks på ein annan måte. Har toppa den for å få den til å forgreine seg, det trengte eg ikkje å gjere med dei andre. Dei var også mykje raskare ute med blomster.

Ja, det var dagens hagerelaterte - og det var visst alt eg fekk gjort på fridagen min, bortsett frå å gå ein tur... Klovn Ellers kan eg tilføye at drivhus-fantasiane lever sitt eige liv her, og har brukt litt tid på nett- Wow!

nå har eg "bestemt" meg for Janssen Standard, 12kvm, grønt........dyrt?? ja Enig Pinlig berørt

Så-logg oppdatert!

17 mar 2007 13:51


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har besøk i helga, av stesonen på 30 og stebarnebarn på 8. Vi var i svømmehallen i Stryn i går, stor suksess, vannsklia kan anbefalast! Nå er dei andre på kino og ser Elias og kongeskipet. Eg skulle vore på dame-hyttetur i Selje i helga, men det vart (heldigvis) avlyst på grunn av sjuk vertinne+dårleg vær. Eg er sløv og trøtt, og har behov for fredelege heimesysler i dag.

Har sådd nye Cerinthe-frø. Fire planter var litt lite tenkte eg. Har også rydda plass til nyspirte sommarblomst-frø i minidrivhus på planterommet. Gjekk såvidt!! Cool

Får sjå om det blir såing av gulerot i mjølkekartong i lag med dei to minste seinare, evt. i morra Blunke Nå vil eg gjerne ha litt fint vær her! Treng sårt å få vere ute litt - det gjer så inderleg godt for sjel og kropp. Trur det er det eg treng nå for å kome meg skikkeleg i farta igjen Stort smil Ha ei fin helg alle saman! stjerne!

Ingen ting.......

19 mar 2007 12:45


[ jobber jeg -er i alle fall på kontoret! Akkurat nå: jobber jeg -er i alle fall på kontoret! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Lite å skrive om i dag. Har hatt ei helg med dårleg form, trass i besøk og koselege aktivitetar som bading og snø-aktivitetar i lag med ungane i rimeleg fint "påske-vær" i går. Velegutten på 3 kosar seg veldig med besøk av niesa på 8 Mr. Green Da dei skulle reise i går kveld sa han begredeleg: "Eg blir heilt aleine eg nå".. Crying or Very sad Nesten så mammaen fekk vondt inni seg - men eg veit at han storkosar seg i barnehagen kvar dag, og der er han i alle fall ikkje "heilt aleine". han er så sliten når han kjem heim at han av og til sovnar pladask på golvet!

Ellers lite haging, naturleg nok. Og det er jo vinter igjen utadørs, så ikkje mykje glede eg har av spirande laukvekster og stauder akkurat nå Crying or Very sad . Og så julerosa mi som hadde mange, store knupper på gang. Kjempefine, mørkeraude og dramatiske. Mørkeraude nye skudd og, blir meir glad i den planta når eg ser kor tøff den er!

Skal til Bergen på kurs i morra kveld, så det spørs om det blir noko meir skriving her før til helga igjen. Har eit lite pellis-prosjekt på gang i Bergen! Ser ut til at eg kjem til å pådra med enda fleire, kvar skal dette ende???? Shocked Cool Pinlig berørt Stort smil

Endeleg heime igjen!

24 mar 2007 22:06


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kom heim i går kveld med fly. Bærepose med masse små pellis-personligheter var med som handbagasje! Mr. Green Dei hadde da budd på hotell i tre netter stakar. Ser likevel ut som dei er i full vigør, tøffingar som dei er! Besøkte ei koseleg dame utafor Bergen som selte pellisar, og fekk sjå drivhuset hennar. Ho var veldig fornøgd med det, og det fyrte jo oppunder mine preferansar: Janssons på ca. 12 kvm, grønt, god takhøgde etc. Ho var i fyr og flamme, og dreiv god reklame for Grønt Fokus sine drivhus Blunke Mr. Green Ja da. Det gjekk rett inn Stort smil

Har prikla litt i dag. Kunne ha prikla myyyykje meir om eg hadde hatt betre plass Mad Har eit kjempeoverskudd av Nicotiana, (fhv låge, ikkje duft, mørk raude/lilla), Achillea "Summer Pastels", Anthirrum/Løvemunn og Kjempeverbena. (Å drivhus.... Crying or Very sad ) Får by fram litt av overskuddet, men kan vel ikkje ta imot så mykje som ei spire i bytte, eg spekulerer veldig på korleis vi skal få frigjort spisebordet til påske Pinlig berørt

Ja, og så ventar vi jo på ei spennande pakke med laukar, røtter og diverse snacks frå Josefin da Klovn

Plantasjen - endelig!

27 mar 2007 23:14


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag skjedde det eg har venta på så lenge: kom meg på Plantasjen i Førde - og kom ut att ei stund etterpå over 2000 kroner fattigare Pinlig berørt Æææh - fort gjort da, når ein har samla opp lang handleliste over lang tid!

Var greit der, men kjedeleg planteutvalg. Heldigvis må eg seie, for eg greide å la være å kjøpe planter eg ikkje har plass til, bortsett frå nokre små søte fuchsia-stiklingar Blunke

Kjøpte heller potter i dag, tre sjølv-vatnings, ein del terracotta til pellisane til sommaren, to vegg-greier i kvit keramikk, to ditto i mørk sink og to "hanging baskets". Nå skal det blir luftige svev her, skal lage edens hage langt oppover veggene Laughing Ellers litt lim-feller, langtidsgjødsel, kugjødselkompost og diverse kjedelig men nødvendig. Gleder meg til staudene kjem eg...... Blunke

Må og få sagt at Lewisia-potta ut har små spirer, og det har engnelliken fått og Hoppende glad Eg som så smått hadde begynt å tenke at "det kan da umuleg være liv i pottene ute som har stått i 3 mndr samanhengande regn" Crying or Very sad

Hadde eit koseleg lite hagegal-treff og i dag: møtte ElinG i Førde for ein kaffekopp og ein prat. Kjempekoseleg var det! Tenk at vi har budd på same vesle plassen i 14 år utan å ein gong tenke over at vi hadde sett kvarandre før Pinlig berørt

Nå har vi planlagt vår-treffet for Sogn og Fjordane, som har Elin sin altan som utgangspunkt, den 20. mai stjerne! stjerne! stjerne! Kyss

Dette blir veldig koseleg folkens, og historisk. Det aller første Hagegaltreffet i vårt fylke. Håper på deltaking av så mange som muleg!!! Etterfyller gjerne med Sunnmøringar og, eller til og med frå enda lenger nord om nokon skulle melde si interesse Blunke Sjå Elin sin nye tråd i dag!! Stort smil Stort smil Stort smil

Nå er eg veldig trøtt, og bør kanskje slutte snart. Blir vel berre tull etter kvart Laughing God natt til alle Enig

Gulerot-såing

28 mar 2007 23:39


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har endeleg fått sådd gulerotfrø i dag. Det vart 12 literskartongar med fire potter kvar av desse:

Samurai
Purple dragon
Autumn King

Ellers har eg vore slapp og trøtt i dag, dei tre dagane i Bergen forrige veke tok nok på meir enn eg trudde. Greier ikkje å få opp dampen når det gjeld arbeid, verken ute eller inne. Irriterande er det Mad Har kost meg ute i dag da, men med kaffekopp, og ikkje rive, greinsaks, trillebår og spade som det egentleg ligg godt til rette for aktiv bruk av i min hage for tida Pinlig berørt Laughing

Daff palmesøndag

01 apr 2007 22:22


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Må vel prøve å få ned nokre ord igjen. Har visst spora aldeles av dei siste dagane eg Pinlig berørt Fredag var eg og pappaen i Bergen og henta 18-åring som kom frå England. Godt å ha han heime igjen, og han er visst av same oppfatning. Han er kjempeblid, og kosar seg med alt som er norsk: maten, naturen, den friske lufta--absolutt alt er topp Laughing (så lenge det varer!)

Gårsdagen gjekk med (meir eller mindre) til å potte laukar, røtter og knollar frå Eurobulb....Hadde også bestilt ei anselig mengde med hippeastrum-laukar, så nå har eg ein del nye blomster å glede meg til Mr. Green Det som er litt dumt er at eg ikkje har plass Mad Må kanskje bygge på huset??? Forbauset Nå har eg jo egentlig funne løysinga på absolutt alle problem: drivhus! Må prøve å få det på plass til hausten Shocked Cool, men mine planar brukar aldri å halde mål, det blir vel helst neste haust Cool

I dag har formen vore laber, og dagen har vore svært prega av det Mad Ikkje noko å gjere med, blir vel betre att, og da skal det skje meir utomhus. Inne vil eg ikkje nevne, her trengs det og ein eller annan slags tornado Død Eg velger å leve i håpet om betre tider, det er absolutt det hyggelegaste alternativet! Dessuten har mannen min plutseleg oppdaga kor moro det er å male opp kvist på kompostkverna Mr. Green . Trur han bruker det som ein slags meditativ aktivitet, han jobbar samtidig som han slappar litt av! Eg er uansett glad for all ute-aktivitet som er nokolunde hagerelatert! Bilvask teller nemleg ikkje med her Blunke

Vel, ha ein fortsatt fin palme-søndagskveld! Stort smil

Pellis-liste 2007

02 apr 2007 11:53


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

ROSENKNOPP
Appleblossom Rosebud
Holmøn
Langelandsrosen

UNIK-
Auroras Unique
Patons Unique

STJERNE-
Bird Dancer
Golden Stardust
Vectis Glitter

ZONALE-
First Love
King of Denmark
Masterpiece
Mårbacka
Odensjø Nocturne
Sparcler
Shellys Pride

SJØLVSÅDDE
Avanti Apricot
Black Salmon
Black Apple Blossom
Venus
Orange Ice

Dårleg form

03 apr 2007 12:20


[  Humør: drittlei ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Må berre innsjå at nå er eg "der" igjen. Null energi, smådeppa og alt er tilbake til der eg var i fjor haust Crying or Very sad Har vore på jobb eit par timar i dag, og nå er energien fullstendig vekk. Hjernen full av bomull, og om du spør meg når eg er født så ville eg muligens ikkje greie å svare Shocked Skulle ha vaska, støvsugd og rydda egentlig..... Død

Er heime med veslegutten, og kjenner at eg har lite tålmodighet til disp. Ulykkelig . Når skal eg bli meg sjølv igjen tru? Dette er berre så nedslåande - etter så lang tid Mad

Har ikkje glede av hagen ein gong - ser berre alt som skulle vore gjort (for mange år sia!! Pinlig berørt ) Skulle ønske livet hadde ein av-knapp sånn som fjernsynet. Så kunne eg skru det på igjen når dette dritt-programmet her er over! Forvirret

Huff, føler meg ikkje særleg hyggeleg nå. De som er i stand til det får ha ei fin påske! Klovn

Spiring!

04 apr 2007 22:04


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sjekka ute-pottene mine i dag, og desse SPIRER Hoppende glad

Arabis alpina "Rosea"
Amorpha fruticosa (ei spire)
Lewisia
Engnellik
Clematis recta (ei spire...)
Liatris "Floristan white"
Erodium pelargoniflorium
Aster "Composition"
Edelweiss

Innerst inne har eg nok hatt mine tvil om det kom til å skje noko i ute-pottene i det heile tatt - men det gjer det altså? Eg har nok opparbeidd meg sterk spire-abstinens når eg tenker meg om!? Forvirret Har jo ikkje hatt plass inne til så mykje som eit karsefrø på avvegar! Crying or Very sad Dei må finne seg i å stå ute da, har jo ikkje drivhus der dei kunne fått asyl!( Mad Mad Mad )

Formen er betre i dag, det vil seie eg er fortsatt veldig trøtt, men det ultradårlege humøret er faktisk ikkje der lenger Pinlig berørt, - - og det er kanskje det viktigaste for velværet når alt kjem til alt? Nå er det jo påskeferie og alt. stjerne!

Har fått bekrefta noko eg egentleg visste frå før: eg manglar alle forutsetningar for å delta i stolhagingskonkurransen Forbauset Har med andre ord ikkje sitteplassar i hagen. Shocked Dette må det gjerast noko med, men hagen min er så bratt Mad . Kva slags stolar/benker er det andre har tru? Står dei i tilfelle på plenen og må flyttast på kvar gong ein skal klyppe? Eller har folk fast dekke eller grus eller noko anna under? Platting? Terasse? Vi har jo konkrete terasse-planer da. I sommar skal det skje Stort smil

Eg har lyst på ein steinbenk, og den skal stå i lundhagen (som berre eksisterer inni huet mitt enda. Pinlig berørt ). Skal vere ei stor avlang steinblokk plassert oppå to mindre steinar - alt skal sjå naturleg og så lite gravstein-aktig ut som muleg Laughing Med den på plass skulle eg ha greid å hevde meg i stolhagings-konkurransen eg og. Enig

Ha ein fin kveld vidare alle saman! Smil

Påskevær ja....

05 apr 2007 22:07


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Vær: vassrett snø
Humør: varierande
Stolhaging i dag: 0/0

Spiring i ny-sådd av Nicotiana "Avalon bright pink" forresten Hoppende glad

Vinter-påske!

07 apr 2007 23:15


[  Humør: sjokkert ]
[ slapper jeg av med Hagegal Akkurat nå: slapper jeg av med Hagegal ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er sjokka over været for tida Shocked Føler meg nesten litt svikta av skjebnen, eg skulle jo verkeleg starte hage-sesongen når eg fekk fri hadde eg tenkt Ulykkelig !

Haginga i dag var vel å kjøpe Lidl-drivhus og to liksom-terrakotta-potter? Hadde lita tru på å finne drivhus her på Eid, men stilte rimeleg tidleg på butikken for å kapre meg det siste om så var Ondt smil . Tenk, dei hadde!!! Mr. Green Skal sette det opp ute på verandaen når det berre blir litt mindre SNØ Shocked Klovn Forvirret der.....

Kanskje eg kan så litt igjen da?! Å du slette tid så lyst eg har til å få i jorda Euphorbia marginata og sommerridderspore, prydgras og anna snacks stjerne! Lengtar også etter å få prikla nokre stakarar som står for trongt. Har berre måtta utsette det på grunn av plassmangel. Plantene som vart flytta til kjellaren til mor mi før påske var kjempefine i går. Håper ho ikkje blir stressa av å ha dei, eg har sagt det er overskuddet av såinga og at om dei dauar så gjer det ingen ting. Dei er ikkje mine lenger Enig

Ellers har eg mange hippeastrum-blomster i vente, etter Eurobulb-importen. Det er sååå moro å følge med på dei, eg hadde begynt å savne det å ha minst ein ny på gang heile tida Blunke Og eg har fått Papilio Hoppende glad - "grom-hippen" for meg! Laughing Håper den svarer til forventningane nå da Klovn Stort smil

Sur

08 apr 2007 23:31


[  Humør: sur ]
[ ser jeg på TV Akkurat nå: ser jeg på TV  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er frustrert for tida. Vil ut og jobbe i hagen! Sit her med oppsamla hage-trang frå ein heil, lang vinter (nei, fleire vintrar, fleire år!) - og kan ikkje grave i jorda fordi det er snø der! Kan ikkje ein gong gå ute og sjå og planlegge kvar eg skal grave når det ein gong blir bart!! Crying or Very sad Mad

Har til gjengjeld slått meg på flaska, så nå drikk eg konjakk og drømmer om Sambucus nigra "Black lace".... Drømmer

Kvar i all verda er den å få tak i her i landet? Nokon som veit det? Kanskje eg må til Sverige og handle - får vel vente til neste helg da i det minste Laughing . Har egentlig lyst til å reise i morra Blunke Lite anna som verkar meir meiningsfylt akkurat nå, enn å få tak i den stasplanta der! Klovn Ja da, eg er desperat!
Kanskje eg skal ringe Torheim gartneri og spørje om dei kan ta den inn. Men dei må vel ha ei bestilling på ein del planter før dei er villige til det har eg forstått. Fleire som vil ha den kanskje?? Kvifor er det så sørgeleg dårleg utvalg i sikleplanter her til lands? Mad

Mini-drivhus er betre enn ikkje noko drivhus

09 apr 2007 23:44


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Vi sette opp dette Lidl-drivhuset på verandaen i dag. Håper nå på litt mildare vær så eg kan sette ut staudene og "lette på trykket" på planterommet Stort smil Laughing

Det har vore ein dag med bra vær. Eg fekk med meg to stk. store sønner samt ein liten, på "skitur" i dag. Det vil seie aketur, med ørlitt skigåing/hopping etc. Vi koste oss i alle fall, sjølv om vi var på plass i løypa akkurat da majoriteten var på veg heim og det skya over Forvirret Store og små koste seg uansett, og det gjorde turen veldig vellykka. Har nesten ikkje fått prata med dei to eldste i påsken før i dag. Dei har vore svært opptatt med kameratar og diverse "kvelds- og natte-aktivitetar" (den mellomste har akkurat fylt 18... Cool ) Etterpå vart den lammesteik, fløytegratinerte poteter og god heimelaga saus - av begge dei store karakterisert som "det beste dei hadde fått i påsken", og da har dei både ete middag hos Bestemor, og hos faren, som begge er flinke til å lage mat Stort smil Blunke

Så var det slutt på påsken for denne gongen. Nå er det våren som ventar Mr. Green

Hagegal-treffet i mai

11 apr 2007 10:26


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har nettopp snakka med sjefen på Torheim gartneri, og han seier han vil prøve å få bestilt Sambucus nigra "Black Lace" frå Nederland for oss!! Hoppende glad

Vi skal få sjå på valnøtt-trea deira og ellers kose oss med fin vårblomstring den 20.mai! Mr. Green

Det var aller siste hage-nytt. Nest siste hagenytt var at eg gjekk amok med kredittkortet i går, og kjøpte med meg litt småtteri frå Plantasjen:

Helleborus niger (rosa)
Haustanemone h. K. Charlotte (rosa)
Euphorbia am. purpurea

Frø frå Gardens North:

Anthriscus sylvestris "Ravenswing"
Asclepias incarnata
Geum rivale (Enghumleblom - yndlingsblomsten min!)
Glaucidium palmatum
Persicaria polymorpha
Phlomis tuberosa
Primula florindae
Soldanella villosa
Salvia glutinosa

Nå er eg heime med uggen mage, vond hals og stuptrøtt etter ei uroleg natt med minstemann. Han har drømt om edderkopper, krokodiller og slanger, og har informert meg grundig om alt saman undervegs! Eg skulle ha vore i Sogndal i dag, men har meldt avbud. Svart samvittighet igjen. Har vore i dårleg form sia jul - nå er eg lei. Har etter kvart fått mange arbeidsoppgåver i den nye jobben min, men kjenner at eg blir fort sliten. Føler for litt meir sjukmelding, men kan ikkje. Har tidsfrister og greier her, og folk som er avhengige av meg Forvirret Huff, ikkje lett å balansere mellom eigne og andre sine behov alltid! Ulykkelig

Nå skal eg sjå Garden invaders på BBC Prime, og så kanskje sove ein liten lur på sofaen Klovn

Hippeastrum i blomst

11 apr 2007 23:31


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sjå her da! Nå har eg endeleg fått denne i mitt eige - takka vere Josefin og Eurobulb-importen Stort smil



Hippeastrum

Og enda har eg fleire hippar som står med opptil fleire knuppar og ventar.... stjerne! Mr. Green

PS Sjekk gardina, er jo Papilio-mønstra Laughing Laughing

Haging på alvor i dag

13 apr 2007 19:07


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag har eg vore ute og jobba i hagen min! Stort smil Har ikkje gjort dei store inngrepa da, men har ordna det kjempelange staudebedet langs muren - altså fjerna visne stilkar og luka for det meste løvetann og engkarse, samt eit og anna skvallerkålblad Mad

Eg har også flytta småplanter ut i Lidl-drivhuset: Achillea, Hornfiol og diverse staude-spirer og -spirepotter. Ein liten gjeng med Kjempeverbena vart og sett ut dit, dei store og fine står på planterommet. Har lyst til å sjå om dei ikkje tåler ein støyt. Verkar robuste syns eg. Nokre spirer som vart attglømt ute sist eg prikla var nesten like fine i dag, trass i kalde netter. Trur det dei hadde likt minst var regnet, som hadde gjort jorda klissblaut.

Var på Mega i dag tidleg og fekk tak i tre isoporkasser til bruk i drivhuset, og dei såg heilt reine og fine ut.....men nå kjenner eg at det luktar litt fisk der da Forvirret -ja ja. Det er ikkje farleg Cool Nå kan eg berre dra over nokre lag med fiberduk dersom det skulle sjå ut til å bli frost. Eg taklar ikkje sånt som må bærast ut og inn stadig vekk, det blir alltid glømt. Må ordne meg så eg slepp det, skal det gå bra Blunke

Har også fått pakke frå Primula med mange fine små Hippeastrum-laukar. Dei kom rett i jord, og står nå og troner på spisebordet i lag med resten av gjengen Laughing Tusen takk!! Nå får vi berre håpe at det blir Clematis recta å få her etter kvart. Skulle spiringa svikte, så skal du få noko anna, eller frimerker! Enig

Har i tillegg potta om masse masse pellis, samt litt coleus. Har sjølvsagt også sett ein del stiklingar - til og med av sortar eg har maaange av frå før Forvirret Går det an? Rolling Eyes Huset er jo fullt! Har spisebordet smekk fullt igjen, men nå får vi leve med det til den blir tid for utplanting! Ikkje sååå lenge til det nå?! Mr. Green

Stor-bjørka datt i dag!

14 apr 2007 23:49


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag - med god hjelp av naboen - vart den enorme bjørka utafor austveggen på huset felt. Den har skygga veldig i dei austvendte romma i fleire år, og vi har diskutert i timevis åssen vi skulle gå fram for å få den ned uten for mykje ødeleggelser. Nå er den vekk stjerne! , vart så merkeleg og ukjent utsikt? Cool ??Lyst og fint!!

Vi har også fått på plass to kompostbinger som nesten er fulle alt, så vi må ha opp den tredje snart har vi forstått Forvirret . Har vore ein kjempefin dag med uteliv, naboprat og haging!

Ja det er sant: har laga ein ny sitteplass! Ein gamal diger "kabbe" er omgjort til krakk, under oppstamma kristtorn-tre. Vart fint, og ein triveleg liten filosoferingsplass i ettermiddagssol Stort smil

Lite haging for tida

16 apr 2007 23:46


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ikkje gjort ein einaste ting i dag som kan kallast hagerelatert dessverre. Skulle jammen ønske eg hadde det Shocked

Eg har rett nok nyleg trøste-bestilt tilbudsfrø frå Gardens North og Lilla fiskaregatans, men altså ikkje i dag. Frøpakker til 9,50 svenske kroner stykket da! Shocked Gambla på nokre sortar - tok konsekvent ting eg ikkje hadde hørt om før! Pinlig berørt Ja, ja - til under 200 sv. kr. kan ein tillate seg litt av kvart, men må innrømme at eg var litt flau etterpå. Har hørt om shopaholics altså, men at eg skulle ende sånn Uenig Pinlig berørt Blunke Cool Laughing ....

Galskapen sit altså djupt her, men det er litt deilig og! Mykje trøst i denne hobbien her! Lurer på om dei som mekkar motorsykkel eller driv med fluefiske har det same mentale utbyttet Laughing

Jo!! Har fått tak i pallekarmar til kjøkkenhagen i dag. Og grå beis. Samt at siste våkenatt resulterte i opp til fleire gode hage-idear... Klovn

Hagelagsmøte

18 apr 2007 22:49


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja, så kom eg meg på hagelagsmøte på Eid i dag da! Det var Fuchsia-foredrag av Inger Mari Lund Håven frå Ytre Arna, og masse folk! Eg traff både Blome og Strand, og fekk helse på Hajal for første gong. Kjekt! (Du vant stikling etter at du gjekk for å rekke ferja, Hajal! stjerne! ) Veldig interessant reint "fagleg"og, dessutan var den gode Inger Mari i tillegg ei artig Tromsødame med snert i replikken Laughing

Ho hadde med seg stiklingar til salgs, og til slutt var det utlodning. Eg kjøpte ynkelege fire lodd, og reikna med at med mi vanlege vinnerlykke kom eg ikkje til å vinne noko som helst Shocked -- men, kva skjer? Eg vann hovedgevinsten som var ein flott, oppstamma Beacon-fuchsia!! Mr. Green

Kjøpte også nokre sjølvsagt, kom heim med

Claire de Lune (oransje-aktige blomster?)
Evansons choice (rosa/kvit enkel, trur eg Pinlig berørt )
Henkelly (aubergine/purpur?)
Insulinde (Champagne-fuchsia til mor mi)

Dette var moro, eg skal så avgjort ha med meg neste møte og!

Hippeastrum-liste

18 apr 2007 23:45


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Tenkte eg ville lage meg ein oversikt over alle laukplantene eg har i hus: (og så eg som alltid har fnyst av folk med samlemani.... Pinlig berørt )

HIPPEASTRUM
Amoretta (Eurobulb)
Apple blossom (Kvit m. svake raude striper og grønt svelg)
Christmas gift (Kvit)
Charisma (Plantasjen sept.07)
Cherry Nymph (Plantasjen sept. 07)
Donau (Eurobulb). Raudrosa enkel, småvokst sort. Nydelig!
Double Record (Eurobulb, rosaraud kant, kvit i midten, fylt)
Gelbe Lemon Lime (Zimtrade hausten 07)
Jewel (Zimtrade, småvokst, kremfarga, halvfylt)
Minerva (Eurobulb)
Nagano (Eurobulb) Ferskenrosa med mørkare rosa årer.
Orange souvereign (Raudorange)
Papilio (Eurobulb, mørk raud og krem, striper)
Picotee red lining (Eurobulb) Kvit enkel blomst med grønt svelg og smal, raud kant ytterst på kronbladet
Piquant (Mursteinsfarga og kvit)
Red Lion (Raud)
Roma (Eurobulb)
Rozetta (Rosa, fylt)
Ukjent kvit (Med svake raude striper)
H rutilum eller kapamaryllis (frå Primula på Hagegal)
Wedding dance (Kvit)

VALLOTA SPECIOSA
V. Cream Beauty
V. Speciosa (Hajal)
V. Pink Diamond

CLIVIA
Butterball (Gul, frø frå Plants of Distinction)
Lana (Ferskenfarga, frø frå Plants of Distinction)
miniata (Vanleg raudorange, lokalt gartneri)

Å så, sår, sådde, har sådd - yess!!

20 apr 2007 15:58


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Til h... med drittværet ute Mad Shocked Død Hah!! Har sådd i dag, eg så! Enig .

Echinacea purpurea "White swan"
Echinacea purpurea rosa (håper eg!)
Primula florindae (augustprimula, gul)
Schizanthus
Timian
Sitronbasilikum
Kanelbasilikum
Atriplex hortensis
Lagt i bløyt:
Calendula "Cream beauty"
Calendula "Indian prince"
Calendula "Pink surprise"
Persille "Comun"
Blomsterert "Old spice"
Blomsterert "Royal mix"
Har også kjøpt litt butikk-persille som eg har delt i fire og planta i kvar sine potter. Skal plantast ut etter kvart. Falt for eit lite brett med små stemor på Lidl....dei var så nusselege der dei stod. Skal bli pynt utanfor inngangsdøra. Nå er eg lei dei gule, små påskeliljene Blunke

Ha ein fin fredagskveld alle saman! Mr. Green

PS (Fann årets første løvetann på veg heim frå barnehagen i dag! stjerne! )

Hipp med godlukt??

21 apr 2007 00:50


[  Humør: flau ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

---og så eg som trudde det var den vakkert blomstrande Hippeastrumen Double Record som lukta så godt Shocked . Har nemleg kjent ei nydeleg og søt blomsterlukt i stua i mange dagar nå....

Det var Svigermors tunge som stod bak ei gardin og hadde lurt seg til å blomstre med mange,store stenglar med svært velduftande, men akk - ikkje så fine blomster Laughing Laughing Laughing Klovn

Har retta opp misforståelsen i "Lauk-registeret"! Enig Laughing

-- nå, til sengs!

Jobbedag! (i hagen altså)

21 apr 2007 19:51


[  Humør: varm og utslitt ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så har eg endeleg fått ein heil dag i hagen! Hoppende glad Har stooorkost meg......!! Sit nå her med dagbokskriving mens mannen i huset lager pizza!! Kan det bli betre? Eg har uansett så mykje beis på henda at eg trur pizzaen ville fått litt rar smak Laughing !

Har beisa fire pallekarmar, eit Lidl-espalier (til blomstererter) og to "gjerde-element" frå FK i Steingrått. Ikkje verdens finaste farge såg eg etter kvart, skulle ha teke ein lysare beis. Men pytt pytt, litt vestlandsvær skal nok få nøytralisert nyansen ganske snart Laughing.

Så har eg potta om fire busktomatplanter og tre agurkplanter, og dei trengte det sårt! Men det har jo vore så kaldt ute ei stund, at eg har ikkje turt å ta dei med ut på plantebenken. Tenk: det er knuppar/små-agurkar på agurkplantene! Og blomsterknuppar på tomatplantene.... håper dei tålte ompottinga og handteringa i dag. Var kanskje litt i kaldaste laget for dei den stunda det stod på, men nå har dei i alle fall plass til røttene sine.

Så har eg sådd åtte mjølkekartongar med blomstererter Rolling Eyes Enda ein sånn ting som eg aldri hadde kome til å gjort om det ikkje hadde vore for Hagegal.
Har også sådd resten av det som vart lagt i bløyt i går. Har gjort mykje anna og, men kjem ikkje på alt. Jo, flytta enda meir frå planterommet og ned i plastteltet. Har faktisk gått bra der, eg var sikker på noko måtte ha frose i natt, men nei. Alt lever i beste velgåande Stort smil Nå er det tomat, agurk og nokre utvalgte sommarblomster att på planterommet. Snart skal enda meir få kome ut. Ja, det er sant: det er knupper på Hornfiolane!! Mr. Green

Nå må eg bade ein liten kar som har hatt ein eller annan slags "utblåsning" her Forvirret , og så er det Pizza, Med hjartet på rette staden, -og så litt rødvin tenker eg Stort smil ! Ha ein fiiiin laurdagskveld de også! stjerne!

Søndagshaging

22 apr 2007 14:33


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fekk ei lita økt ute i dag formiddag på ca 1 1/2 time. Da gjekk det for seg med turbofart, så eg skulle få gjort mest mulig før mannen min skulle til Bergen. Ikkje muleg å jobbe så mykje med ein gesjeftig treåring rundt seg Klovn ...

Gjekk laus på "gamle synder" i form av ein kveke-overgrodd haug med torv som ein gong vart fjerna frå kjøkkenhage-området og berre "lagt til sides så lenge" Pinlig berørt. Tok også for meg ein haug med glømt kompost, også bra infiltrert med ugrasrøtter Forvirret . Så raka eg opp etter den store bjørke-massakren, og bar unna fire-fem murerbøtter med flis. Eit parti med midlertidig deponerte torv-flak frå i fjor vart også henta, og alt vart så dumpa der eg skal ha pallekarm-kjøkkenhagen min Hoppende glad . Eg fekk delt opp dei største torvene, og grovraka litt. Må ta finjusteringa seinare. Alt dette for å fylle i høl og søkk etter tidlegare nevnte graving.

Skal plassere fire pallekarmar der oppe, med gangar mellom og rundt, altså maksimal tilrettelegging for grasklypparen Cool (-og den faste føraren av den som heldigvis ikkje er meg Cool Laughing ). Rett ovanfor dette området ligg det ein stor stein, og den har eg grubla veldig på åssen eg skulle få innlemma i kjøkkenhagen.... Uenig . NÅ kom ideen: eg skal lage eit ørlite, steinlagt golv framfor, og så skal eg ha sitteplass der!! Rett bak steinen skal eg plante storhjortetrøst og Telekia, og rett vest for steinen såg eg plutseleg at det var ein perfekt plass for eit frukttre. Tenker eple, det har vi ikkje frå før. Endeleg falt det på plass!!

Pallekarmane skal ellers få botn av aviser, og blir fora med plast. Har etter kvart fått stor respekt for kveke.... ein del gamle oppgravingsprosjekt der oppe for å lage kjøkkenhage har blitt totalt mislykka på grunn av nevnte vekst Mad .

Å som eg gleder meg til å sitte ved steinen og sjå på plantene mine!! Enig stjerne!

Har da haga litt!

24 apr 2007 20:36


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Slapp dag i dag. Hadde "fri", altså sjukmeldt. Måtte innsjå forrige veke at eg må ta det litt meir med ro igjen. Skal jobbe 40% nå nokre veker. Huff, eg blir oppgitt over progresjonen her Uenig

Må muntre meg opp litt med å liste opp det eg faktisk har fått gjort:

-har greve vekk torv og jord der eg skal ha kjøkkenhage-kvile-benk ved den store steinen.
-har potta om ein gamal pellis frå i fjor, ein overvintra potte-eføy, den oppstamma Fuchsiaen eg vant samt tre små stiklingar
-har prikla Erodium pelargoniflorum "Anatolia"
-har flytta staudepotter som spirer til telt-drivhuset
-har potta om/delt kinagraslauken og bladpersilla
-har fjerna ein del kvist og låge greiner på nokre gamle sypress-greier
-har nesten bestemt at eg må lage eit vårbed ovafor huset

Nå blomstrar det masse kuleprimula der, i lag med lysegule påskeliljer. Veldig fint, men kunne vore enda finare med enda fleire!!!! Skal samle dei tidlege plantene, og la dei bli dekt av diverse hosta og bronseblad etter blomstringa Mr. Green

Jo, det var sant: frøbestilling til Lilla fiskaregatan, tilbudsfrø! Satt og googla frø i heile gårkveld, og har funne nokre fine Enig Nå er eg trøtt, men er plutseleg aleine i huset og det er så deilig... må nyte det så lenge det varer Stort smil

Ja, det var sant: fekk ein stor bunt med pellis-stiklingar frå Mario. Det var fint, må få seg potter i morra Hoppende glad

Pellis-stiklingar

25 apr 2007 22:59


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har fått ein haug med pellis-stiklingar frå Mario, og nå er dei sett i potter:

Tomentosum
Mårbacka
Lady Plymouth
Hills of Snow
Fru Larsen, dverg
Shellys Pride
"Kvit/rosa pellis"
Sandal wood
Rosenknopp

Drømmer Drømmer Drømmer

Dictamnusen spirer!

26 apr 2007 12:08


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har nettopp oppdaga at Dictamnus albus spirer ute i potta si......

--og mange andre og, begge solhattane for eksempel! Moro! Stort smil Stort smil Stort smil

Frø, igjen.....

26 apr 2007 15:08


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nå har den rabiate tilbudsfrødama slått til igjen!! Cool Lille Fiskaregatan denne gongen stjerne! :

Nigella damascena 'Oxford Blue'
Phacelia dubia 'Lavender Lass'
Verbena venosa
Humulus japonicus
Gilia Twilight
Cosmos Milennium
Rudbeckia Aslan
Orlaya White lace flower
Lewisia "Meriwether hybrids"
Nicotiana "Lime green"
Monarda "Panorama"
Godetia Unwins Taffeta
Delphinium "Blue Fountains"
Agastache "Apache sunset"
Laurentia "Blue stars"
Lobelia "Ruby Cascade" (hengelobelia)
Lobelia "White lady"
Woodruff "Blue mist"
Clary claryssima (salvie)
Phlox "Twinkle stars"
Diascia "Trio"
Rudbeckia "Golden Brown"

Hippeastrum-spire oppdaga!

26 apr 2007 21:45


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja, så har underet skjedd. Eg hadde prestert å glømme heile frøpotta med hippefrø, for den stod i lag med ein del andre potter, og dei var det meir action i Cool . Den var sjølvsagt ikkje merka da, og den lange, laukaktige spiren eg oppdaga i dag trudde eg var ein allium eller noko slikt! Men, nei - det er Hippeastrumen min! Sjølv-bestøva og sjølvsådd Mr. Green . Kanskje det kjem fleir og? Detta var artig.

Spire-glede er ekte glede! Stort smil stjerne! Stort smil stjerne!

Sjølvmeldinga i boks!

30 apr 2007 22:44


[  Humør: sur ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Lite skriving her i det siste. Skuldast dårleg humør, form og inspirasjon, samt sviktande hageglede til tross for fint vær Mad Død (er det muleg? Shocked )

Kunne ha sparka meg sjølv på skinneleggen, det hadde vore til pass! Her har eg gått i heile vinter og lengta etter våren og å kunne drive ute, og så dett eg heilt sammen når det endeleg skjer!

Eg har dreve ute litt på trass da, har tukta meg sjølv til å svette og pese og trille trillebår i motbakke, grave og løfte - og blir jo faktisk litt glad etterpå når eg ser resultatet! Har fått ordna med dei stakars fire pallekarmane mine. Dei er beisa, det er "planert" der dei står, eg har greve dei litt ned for å få dei nokolunde beine og eg har dekt med solid duk rundt og mellom. Til slutt dekte eg duken med flis frå kompostkverna. Mannen min hjalp meg å snekre ein liten kant nederst på området, ellers hadde all flisa forsvunne nedover bakken. Nederst i karmane har eg dekt med gamalt velbrukt sengetøy, så vart eg kvitt det også. Håper det held kveka i sjakk. Har trilla opp innhaldet frå den gamle varmkomposten som eg har mata med gamalt frysarinnhald i vinter, og lagt i den eine karmen, og har blanda med sekkejord frå Plantasjen. Der skal eg plante squash etter kvart. Den skal visst takle fersk kompost. Ellers skal eg ha ørlitt gulerøtter, dill, salat etc. Må prøve meg fram, har aldri fått til det der med kjøkkenhage før. Nå som eg har lagt så mykje arbeid i tilrettelegging håper eg det blir meir moro Mr. Green

Ellers har eg fått peon-pakke frå Hageselskapet. Skal dele med mor mi, så vi får kvar vår rot av dei fire sortane. Dei er planta i potter, og kjem med flotte, raude skudd! Peonskudd er fint!

I kveld klipte eg ned New Dawn-rosa før den skal flyttast. Malte opp alle kvistane på kompostkverna, godt å bli kvitt den tornete djevelskapen! Likar ikkje torner!! Fekk og laga hakkemat av ein berberis som må ha frødd seg i "natur-reservatet" vårt Ondt smil . Avskyelege vekster! Rota skyt nok igjen, men eg har Roundup av ein viss styrke på lur Ondt smil Blunke

Når eg skal få flytta den idiotisk plasserte rosa gjenstår å sjå. Den skulle egentleg bytte plass med Hjortetrøsten, men dei røttene kvir eg meg på Ulykkelig . Enorme er ordet, og rett framfor veks det sjølvsagt diverse som ikkje bør tråkkast på Klovn, mellom anna Kvitfredløsen som endeleg har vist seg over jordskorpa. Den har berre så vidt kome med nokre skudd enda, så eg kan kanskje vente litt. Eg skal også spa opp ei bronsebladrot som er diger, og flytte den gule solhatten dit. Mine tre daglilje-røtter skal nå opp og i potter, eg forstår meg ikkje på dagliljer. Her får eg dei ikkje til å blomstre? Har altså enda ikkje forstått det der daglilje-hysteriet folk har Blunke . Hvis eg hadde fått blomster på dei var det ein annan sak Laughing Rolling Eyes

Eg har også planlagt ein sitteplass øverst i kjøkkenhagen, og har laga ein sitteplass i ettermiddagssol nederst i hagen. Det er ein gamal, halvråtten "kabbe" som mannen min nå har laga eit slags sete på. Den var så rå og fuktig heile tida, så det gjekk ikkje an å sitte på den. Nå blir det bra. Ei rar grein på den oppstamma kristtornen som eg vurderte å fjerne, er perfekt som ryggstø! Den skal få stå Mr. Green Nå skal stolhagingstalet drastisk opp her! Enig

Ja, ein ting til: mannen har stått for årets første plenklipp i dag! Cool

1.-mai

01 mai 2007 23:01


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har haga bittelitt i dag: gjekk rett ut da eg sto opp, utan frokost eller nokon ting. Gjekk laus på den enorme rota til Hjortetrøsten, og fekk opp ca. halve. Den er infiltrert i eføyrøtter, og dei er seige! Planta straks ein "liten" bit ved kvilesteinen i kjøkkenhagen. Resten ligg fortsatt i trillebåra Pinlig berørt .

Har nå bestemt meg for å sette den ved det skvallerkålbefengte området nederst i hagen. Der er det konstant rått i bakken, og mange planter trivst ikkje der. Tenker Hjortetrøsten kan finne seg til rette med rikeleg med råme... Den kjem til å bidra godt til skjerming mot vegen rett bak stakittet stjerne! . Trur eg må flytte ein busk eg ikkje hugsar navnet på, har lese at den vil ha ein veldrenert vekseplass, nemlig. Der blir det ein fin ledig plass!

Så har eg eit nytt problem: kvar skal busken stå da?? Resten av Hjortetrøsten skal få bli att. Eg orkar ikkje slite meir med den. Kjem vel til å bli kvælt av eføy til slutt Død .

Nabodama (som hatar dei høge trea våre Shocked ) har forresten bedt om ei rot.... det skal ho sanneleg få! Enig Blunke

Full hagedag!

02 mai 2007 23:02


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dette vart ein bra hagedag! Har gjort masse, veit nesten ikkje kor eg skal begynne. Har mellom anna frakta mange murerbøtter med grus heilt øverst på tomta der eg driv og lager kjøkkenhage. Har anlagt ein liten "plass" med belegningsstein - som vi har masse til overs av. Det er gjort etter alle kunstens reglar, med gruslag, duk, grus igjen og så stein. Mannen mumla noko om å "skyte spurv med kanoner", lurer på kva han meinte med det...? Shocked

Har planta ei rot med Hjortetrøst på vestsida av den store steinen, og sette ned to rotskudd av ein slags mispel (frøplanter frå hekken til nabon) på austsida. Planen er at eg skal skjerme av for innsyn frå begge kantar, mispelen kan jo beskjærast som ein vil omtrent, og eg vil ha ei grasiøst lite "tre" som heng litt framfor benken...Da kan ein sitte der i ro og fred og nyte utsikta over fjorden, evt. puste ut etter ei arbeidsøkt i kjøkkenhagen Stort smil

Eg har sett ned meir hjortetrøst i gropa etter ein fagerbusk som eg måtte flytte. Den står i den våte, gode skvallerkålavdelingen, og skal få breie seg der. Optimale forhold Mr. Green .

Har greve opp ei diger bronsebladrot og sett ned på eit anna skvallerkålbefengt område. Eg veit kven av plantevennene mine eg skal alliere meg med, nemlig! Den skal få fendre av mot plenen på den eine sida, og skvallerkålen på den andre. Blir fin overgang mot nokre nåletre bak der stjerne!

Så har eg sett ned gullsolhatt-rota på plassen der bronsebladen stod. Da har eg fått den vekk frå den rosa/blå sona i det lange bedet ved muren. Prøver i alle fall å få litt orden i galskapen... Pinlig berørt .

Ja, og så har eg starta planlegginga av peon-avdelinga i det lange bedet. Har jo fire frå hageselskapet på vent. Planta to brudeslør-røtter innimellom der peonane skal stå. Har lese at dei fyller fint ut, samtidig som dei ikkje kveler peonbladverket heilt. Det skal bli bra Enig

Ja, var det meir da? Sikkert masse, har jo vore ute heile dagen Mr. Green . Arbeidslysta kom etter kvart, godt å svette og slite litt faktisk. Føler meg meir klar for vår&sommar enn på lenge. ÅÅååå det er godt! Hoppende glad
Stort smil Stort smil Stort smil

Planlegging av innkjøp

03 mai 2007 21:09


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det er som mange veit planlagt ein "hagegal-invasjon" på Torheim gartneri den 20. mai. Sit nå og planlegg kva som forhåpentligvis skal få bli med heim:

Viburnum carlesii "Aurora"

Ser at dei har magnolia også, merka meg ein det stod "hardfør" på

Magnolia "Leonard Messel"

Ja, trur eg skal ha desse to i alle fall. Håper det ikkje er utsolgt da! --og "Black lace"-hyllen står aller øverst på lista Wow!

Så-logg oppdatert

04 mai 2007 13:31


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så-loggen er oppdatert for dei som er interessert Cool

Har også planta tre junisøtmispel i dag. Sette dei ved gjerdet på nordsida av tomta. Vitsen er at dei skal lage litt skjerming for innsyn frå nabo på øversida, og frå vegen etter kvart. Søtmispel som har fått lov til å vekse fritt og lage slanke stammer er fine Stort smil . Gleder meg til dei er to meter høge eg! Mr. Green

Søndag & regn

06 mai 2007 12:59


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Lite å skrive om i dag. Ein uvanleg lang finværsperiode er tydeligvis over, for i dag er det regn og grått. Litt godt det og. Plantene er nok glade for væte nå, ikkje minst mine nyplanta Blunke

Eg har heist opp plantelysa mine heilt oppunder taket, for tomat&agurk-plantene er blitt store nå Forvirret . Har flytta dei få petuniaplantene og ein del kjempeverbena, samt omtrent all nicotiana, ned i Lidl-huset. Nå får dei sanneleg venne seg til frisk luft, snart har dei berre åpen himmel over seg altså Shocked . Det er fortsatt mildt og fint ute, og det er bra. Ca. 10 grader.

Søstra mi var på besøk i går. Ho fekk med seg ein haug med planter heimatt, mellom annna ein del ryllik, (Summer Pastels). Ho bur i Gausdal ved Lillehammer, og har sandjord. Mange planter som ikkje trivast der, ho er storøygd og ørlitt misunneleg når ho er her Enig . Mellom anna fekk ho jo med seg synet av dei aller første rododendron-blomstene i går, og kjempefint vær var det! Stort smil .

Nå har eg akkurat lese at Iris ensata (japansk iris) vil ha sur jord. Eg har ein frå Eurobulb som står i potte ved austveggen, og har tenkt meg ut for å finne den igjen nå. Skal kanskje sette den i surjordsbedet da? Hmmm, det nye surjordsbedet mitt er alt for lite, innser eg nå....... Klovn

Hugseregel: "Eit bed kan sannsynlegvis aldri bli for stort" Laughing Blunke

Plantebestilling

06 mai 2007 21:15


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Bestilte berre nokre basis-planter altså, sånne som ein er nødt til å ha ein hage, liksom.... Pinlig berørt

Langangen planteskole er rette plassen! Mr. Green

Alchemilla erythropodium: marikåpe, blågrønne blader, rødgrønne stengler, gulgrønne blomster, 15 cm.
Anemone canadense
Artemisia ludoviciana 'Silver Queen'
Gentiana sino-ornata 'Blauer Riese'
Hosta venusta
Milium effusum 'Aureum
Stachys byzantina 'Silver Carpet'

Miliumen har eg sådd også, men ser ikkje teikn til liv i potta så langt. Er livredd for at den ikkje kjem opp, eg berre MÅ ha sånt gulgrønt gras.... Cool

Ellers er det ikkje muleg å finne bilder av Alchemillaen, men eg har sett den i div. hageblad. Veldig spennande med raude stilkar i lag med bladverket og dei limegrønne blomstene Wow!

Ja, så var det å vente igjen da! Og snart kjem det jo masse Estlendingar hit og. Ein gong i tida var eg så oppgitt over alle blomsterpottene eg har samla på gjennom år...... plutseleg har eg bruk for dei gitt! Absolutt glad dei ikkje vart kasta den gongen eit "vettu mennesje" ville ha kvitta seg med den enorme haugen med ubrukte potter som berre låg der år etter år Pinlig berørt Laughing

Galskapen låg nok latent den Blunke

Regnvær

07 mai 2007 23:06


[  Humør: fornøyd ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det regner ute, men det er greit for eg har vore på jobb i dag. Må nok det i morra og, i alle fall ein del av dagen. Men har tenkt at eg skal ut og gjere eit eller anna hagerelatert i morra, uansett vær. Kanskje spa opp og flytte påskeliljer frå lundhagen-to-be? Da er den klar for giftbehandling ved første anledning: vindstille og opphald. Ondt smil

Eg har sjekka "camping-plantene" i teltet, og dei har det veldig bra. stjerne! Plantene som er att på planterommet har det og bra, nå som eg har fått heva plantelyset maksimalt. Eg er likevel i tvil om eg greier å få fram ein einaste agurk eller tomat på plantene mine... Føler meg særdeles usikker på åssen dei vil ha det, dei verkar så tandre og har så tynne skjøre blad?. Forvirret Hadde eg enda hatt drivhus (..."forøvrig mener jeg at Kartago bør ødelegges"....ja da, veit det. Hakk i plata! Klovn ) Eg gleder meg i alle fall til det blir så varmt ute at dei kan få kome ut i teltet. Der kjem dei til å få det bra Stort smil

Eg kjem til å plante ut nokre stauder snart, det burde vel gå nå som dei er herda. Nokre få er alt i jorda. Godt med betre plass, andre står i kø for teltopphald. Jammen er det på tide å prikle litt staudespirer snart og. Lewisiaene mine spirte godt, og dei er klare for eit liv på eigne røtter. Eigne potter, altså! Laughing Når eg får flytta lammeørene mine vekk frå grusbedet skal dei få bu der, men enda er dei for små. Ser jo for meg eit rosa teppe av blomster da.... Drømmer

Ha ein fin kveld! Stort smil

Rododendron-blomstring

08 mai 2007 17:50


[  Humør: glad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Tenk at den fine rododendronen eg planta i fjor haust blomstrar alt nå! Det er Blueshine girl, og den er kjøpt på Torheim gartneri. Den starta vel om lag 5.mai. Dei andre nye er ikkje i gang enda, men den mørk raude låge har blomster.

Blomstene er nydeleg lyslysrosa.

Her er det bilde av den. Ser ut til at den blir meir kvit når den har åpna seg heilt.

Nå såg eg plutseleg på ein av lenkene at den kan bli opp til 2 meter høg.... Shocked - ja, ja. Den tid den sorg Cool

10 klematis i potter

10 mai 2007 23:20


[  Humør: vettskremt ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det er ikkje klematis-plantinga som skremmer meg altså! Den var berre koseleg, sjølv om plastfolien var vanskeleg å få av med kalde fingrar ute på plantebenken i kveld.... Greide sjølvsagt å tulle litt med navnelappane på tre ev dei, har putta tre og to i lag i ei potte grunna at eg måtte bruke kjempepotter for å få dei djupe nok. Klipte dessutan av litt på røttene, håper det ikkje er krise Forvirret

Nei, da - sjølvsagt handlar livets bitre piller som vanleg om JOBB....
Har vore fullt sjukmeldt ei stund, og så over til 40-60-40% sjukmeldt sidan eg starta i ny jobb i oktober i fjor. Ikkje så festleg for ny arbeidsgjevar sjølvsagt! Død

Problemet nå er om eg skal søke fast jobb der eller ikkje, og så seie opp den gamle.... Rolling Eyes Valgmulighetene er følgande:

a) satse på at eg blir frisk nok til å briljere i ny jobb i minst 60% stilling til hausten, og søke på jobben med "løfte" om å "bli frisk nok" til at dei føler dei har fått ein medarbeider dei har nytte av

b) la engasjementet gå ut, og gå tilbake til den gamle ( Død Død Død ) jobben, men med muligheten for å vere så mykje sjukmeldt eg vil. Er tross alt fast tilsett, og det var der "utbrenninga" skjedde Mad ( Ondt smil he, he, he...)

c) bli arbeidsledig, og leve på mannen si lønn. Mindre pengar til planter Crying or Very sad

d) starte som freelance-gartner (hæ, kva er det?) Shocked

Uææææ - eg føler meg totalt ubukeleg, og har mest lyst til å grave meg ned i frøposane mine, -og bli der Klovn

Lysare utsikter i dag

11 mai 2007 10:14


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagens notat blir nok litt muntrare enn "sutre-notatet" i går. Skjedde hyggelege ting i går og da!

Var for eksempel på klematis-overleveringsbesøk hos Elin, og det var koseleg. Vi gjekk på hagevandring trass i nesten snø i lufta og isande kald sno. Ho har laga nokre koselege anlegg med stiar og bed og klematis-buer. Andre element er ei dokkestue og platting inntil husveggen. Blir fint når ein har litt "konstruksjonar" i hagen, det har eg for lite av enda. Vi drakk kaffe og prata masse, men hadde dårleg tid så vi får ta opp att tråden ein anna gong! Stort smil

Har prøvd å analysere kva det er som gjer at eg likar enkelte hagar,og ikkje andre? Har kome til nokre konklusjonar trur eg.

Ein hage må ha struktur, eller det eg litt lenger oppe kalte konstruksjonar, altså gangar, vegger, trapper, golv og kantar. Eg fekk ein aha-opplevelse da eg forsto at eg konsekvent faller for hager der struktur-elementa BÅDE har ein praktisk funksjon OG liksom "tilfeldigvis" er med å lage rammer for beplantninga.

Altså: for meg opplevest det annleis reint estetisk om for eks. kanten rundt bedet tilfeldigvis også er ein hagegang. Eit tilfeldig og umotivert bed midt på ein plen er ofte ikkje fint, men dersom bedet fungerer som ei avgrensing mot noko anna, og/eller samtidig etterliknar ein skogkant som går over i åpen mark i naturen (høge plantar bak, så lågare) så blir det fint! Det må liksom sjå ut som om plasseringa og forma av bedet "berre måtte bli slik", og så har ein tilfeldigvis planta det til med nokre fine planter som kler kvarandre!

Ja, ja. Er visst i det filosofiske hjørnet i dag, eg Pinlig berørt Nokon som har funne opp fagområdet "hage-filosofi" enda? Kanskje det går an å snakke om "hage-psykologi" og til og med? Det er i alle fall heva over tvil at det er noko som heiter
HAGETERAPI!!! Mr. Green

Nytt bed

14 mai 2007 22:39


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Eit lite tilbakeblikk til fredag som var: da kom den kvite graslauken frå RandiM i posten Drømmer Den vart planta i ei diger potte ( berre digre att nå, av mitt ein gong så enorme pottelager Pinlig berørt ), og sett på trappa i austveggen i lag med alle dei andre venteplantene mine. Har alltid likt graslauk, både å ete og ikkje minst sjå på Laughing , men har tenkt at ein anna farge enn den litt kjedelege lilla hadde vore heilt supert. Nå har eg kvit! Flott, gleder meg til å dele den og få mange Mr. Green

Så reiste vi til Dønfoss med campingvogna, og var der i helga medan vi tenkte og grubla på kva for ein av dei ledige faste plassane vi skulle velge. Vi tok ein rimeleg stor ein, på ein ganske skjerma plass. Blir spennande om vi greier å bli skikkelege campingfolk nå da... Blunke Men ein plass går grensa: eg kjem IKKJE til å ha blomsterkasser med plastblomster! Shocked

I kveld tusla eg litt rundt i hagen og berre såg, og plutseleg var eg i gang med eit lite utgravingsprosjekt som kan bli spennade. Stort smil Ein plass stakk det opp ein liten spiss av ein knause av graset. Eg var på jakt etter ein stad å lage eit nytt "tørt" bed, og tenkte at det kan ikkje skade å grave litt og sjå... Eg avdekte eit relativt stort område med fjell, og anar konturane av eit fint bed for fjellhageplanter etc. Ein tidlegare "uavklart" del av hagen har dermed fått litt meir form stjerne! (Eller rettare sagt: kjem til å få meir form når eg blir ferdig Klovn )

Såg nettopp at det kjem om lag 10 stk. på treffet vårt søndag, og eg har lovd å stå for kaffematen. Hm, kan visst bli litt av ein jobb Forbauset Laughing

Vår ute - stillstand inne

16 mai 2007 12:09


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har vore masse jobbing i det siste, litt pussig i og med at eg er i 40% for tida Rolling Eyes ? Formen er i alle fall bra, bank i bordet! Håper, håper, håper det varer Hoppende glad . Skal jammen vere forsiktig nå, tek ikkje sjansen på noko tilbakefall her, nei!

Nå er eg litt frustrert over alt eg skulle gjort ute, men ikkje får somla meg til. Ii tillegg kjem alt eg kunne ha gjort ute, dersom alle dei andre prosjekta, som garasjen for eksempel, var i mål. Er utanfor min kontroll dessverre Ulykkelig

Plantene veks, men eg plantar ikkje ut meir sommarblomster før etter den 17. Har prøveplanta nokre få nicotiana. Det har gått bra. I plastdrivhuset ser eg at dei er på tur til å blomstre. Fekk nesten sjokk da eg såg fargen på knuppen: lysegul!!! Og eg som har forsynt halve hagegal-gjengen med småplanter som eg har sagt var mørkeraud/lilla mix Shocked ..... -men så såg eg at tuppen byrja å bli litt raudaktig, så da vart eg beroliga! Trur nå at dei blir som eg hadde sett for meg, heldigvis. Ellers vil eg be så mykje om unnskyldning for muleg fargekræsj i diverse samanplantningar over det ganske land!! Forvirret

Bestemor-haging

18 mai 2007 23:36


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag har veslegutten og eg vore hos foreldra mine og gjort litt hagearbeid. Planleggingsdag i barnehagen, og ikkje lett å jobbe i hagen her heime i lag med den krabaten. Han er litt vel vidløftig for tida, og har oppdaga kor koseleg det er å gå på besøk til folk. Blir det lite action heime, så tek han seg ein tur på bygda... Shocked

Eg spadde opp mengder med vanleg grønn lungeurt, til far min si store glede. Han likar dei ikkje! Planta så litt hornfiol og ryllik, sjølvsådde da sjølvsagt! Blunke (litt stolt Enig ). Vi turte ikkje plante ut dei typiske sommerblomstene enda, for der dei bur er det kaldare klima enn her på Eid. Fekk også tak i bidens til henne, og dei planta vi i store krukker og sette på portstolpane. Kan lett dekkast ved fare for frost. Så begynte det å regne, og da vart det slutt på haginga.

Synd at værmeldinga er så dårleg for helga. Eg hadde verkeleg hatt bruk for eit par fine dagar nå, ikkje minst på grunn av treffet vårt søndag. Hadde vore så mykje koselegare i sol, men men. Vi må berre gjere det beste ut av det!

Nå er eg trøtt, og tenker seriøst på å finne senga!

Bakedag!

19 mai 2007 17:34


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja, det har ikkje vore noko å seie på bakeværet i dag i alle fall!! Laughing . Har handla om voldsomme regnbyger og kraftige vindkast, for det meste. Eg har laga hagegal-kringle, gulerotkake og brød, de som skal på Nordfjord-treffet i morra skal få smake på dei to førstnevnte produkta. Eg lagar til litt (kjøpe)rundstykker og, i tilfelle de er sultne. Sånn - da veit de kva som står på menyen Blunke

Ørlitt haging vart det også tid til. Lurte meg ut i ei bakepause og fekk i jord kvitlauken eg bestilte frå Zimtrade i vår. Sikkert feil årstid, men nå har den vore lagra i kjøleskapet sikkert over ein måne, så eg var redd den skulle bli ødelagt. Dei står i potter i "plantetrappa"nå, men skal i jorda etter kvart.

I kveld blir det ein liten tur ut for å helse på RandiF som kjem frå Florø i dag. Trur ho og Strand skal på Opera-pub på hotellet, noko som sannsynlegvis berre kan opplevast ein stad i verda: på Eid! Cool Får håpe det blir bra.

Nå gleder eg meg veldig til i morra, men ser mørkt på værutsiktene...ja, ja. Hagegale er tøffe, dei tåler nok ein støyt Blunke - - - og prate kan vi jo heldigvis sjølv om det regner Laughing stjerne!

Dagen derpå

21 mai 2007 22:05


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Jo - nå må vi vel kunne konkludere med at det aller første Nordfjord-treffet vart vellykka Stort smil. Vi var jo litt spente, og litt dumt var det jo at svarthyll-bestillinga glapp og været var lite tiltalande Ulykkelig . Men vi hagegale er jo tøffe, og tek det meste på strak arm. Når vi i tillegg får prate hage ein heil dag, må det jo bli bra Mr. Green Vi har absolutt lyst til å gjenta denne suksessen, og ønsket om samkjøring med operapuben er notert, RandiF! Blunke. Vi får sjå kva vi får til.

Ellers fekk eg tak i det eg hadde planlagt på Torheim: det var ein magnolia Leonard Messel og ein viburnum Aurora. I ettertid oppfatta eg jo at radiF hadde funne seg ein svært attraktiv hortensia der, så det spørs om det blir ein tur ut igjen om ei stund Sikle

Magnoliaen er planta midt i det nye rododendron-bedet i kveld. Skal bli eit lite tre på opp til 3 meter, vi ser det frå kjøkkenvinduet Mr. Green . Håper det vil trivast der. Eg har og planta primula elatior frå hajal rundt omkring. Den bleik lilla vart knallfin i lag med to lysegule primulaer eg hadde frå før stjerne! . Den som var klart rosalilla kledde den nye mørkblada euphorbiaen svært godt Blunke Ser for meg at samtlige planter får litt meir volum etter kvart, og at fargane verkeleg får gnistre i lag Drømmer ---- til neste år, da blir det ENDA finare........! Blunke

I morra reiser eg til Bergen på kurs og blir vekke til torsdag kveld, så de får ha det bra så lenge alle hagegale venner! Klem

Slapp hagedag

26 mai 2007 22:32


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har lite energi for tida, og det gjer meg mektig frustrert Ulykkelig . Har så mykje eg skulle ha gjort! Litt smådeppa nå. Er inne i ei "eksistensiell krise" når det gjeld jobb Uenig .

Har tvingt meg ut i dag, og har fått gjort bittelitt innimellom skurene. Har planta ut kjempeverbena og nicotiana, samt litt tagetes. For å få plass har eg også spadd opp narsissar som var planta på feil plass i fjor. Derfor sit eg nå med ein haug med laukar og haustfloks-røtter som eg ikkje har nokon stad å sette.... Ulykkelig . Mannen min og eg blir ikkje enig om plasseringa av eit nytt bed, han skulle lage karmar på eit ventebed, men nektar å sette det der eg vil. Hans forslag til plass er idiotisk Mad , så da blir det ikkje. Eg er rasande, og oppgitt Uenig . Den som kunne snekre..... Hadde forresten energien vore betre skulle eg ha prøvd. Orkar ikkje nå.

Er spådd betre vær i morra, og formen er ørlitt betre. Håper at den store inspirasjonen slår inn snart, og at energien gnistrar og hagelysta kjem igjen. Dette er berre for dumt, midt i mai og alt Mad Crying or Very sad .

Ha uansett ein fin laurdagskveld alle saman! Stort smil

Oppdatering: har skjedd litt her da...

29 mai 2007 22:46


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Jo, da. Det ordnar seg nok til slutt det meste......
Eg skar gjennom og tok ein beslutning vedr. jobb: går tilbake til gamlejobben som eg har permisjon frå, men seier frå meg leiarstillinga. da kan eg jobbe 80% og sleppe det vanvittige stresset som følger med den. Dersom eg er flink til å tenke på meg sjølv, greier eg kanskje å begrense meg såpass at eg har att litt energi når eg kjem heim og Shocked . Eg sparer meg for masse kjøring i alle fall. To kontordagar i Førde kvar veke høres Død ut, særleg på vinterføre....
Det hjalp på beslutninga at da eg kom til Førde i dag etter nesten to timar i bilen, så var møtet avlyst Mad . Ja, ja. Eg skreiv reiseregningar for mangfoldige tusen i dag, det har ikkje blitt gjort på ei stund. Staten må sjølvsagt også betale for bomturen, ikkje eg som har budsjettansvar!! Ondt smil

Så vart det trøsteshopping på plantasjen, samt på Reed hagesenter. Fekk tak i diverse sommarblomster av typen diascia og surfina til basket-bruk (finst det ikkje noko skikkeleg norsk navn på "baskets"?) Har blanda ein skikkeleg velling av bleiefyll og blanda i jorda, og la inn skål med avsaga brusflaske opp ned oppi- eh, nokon som skjønte det? Laughing . Den eine er hengt opp ute, på framsida av huset der alle kan sjå den. - ser foreløbig veldig rar ut... Uenig Håper den veks seg til, ellers får eg lage ei til og bytte den ut.

Planta også ut det oppstamma Beacon"treet" eg vant på hagelagsmøtet sist. Den står utafor inngangsdøra i den store kvite Plantasjen-potta med ein liten hengelobelia, ein sølvkrans og to mørklilla hornfiolar ved "beina" sine. Får håpe det blir bra etter kvart da. Lite sol der, men det er vel OK for fuchsiaen i alle fall.

Handla også ein mørkblada blærespirea, Diablo, og på Reed kjøpte eg ein stillehavspil. Den var ganske stor, og eg håper den veks fort og tåler å ha det litt rått. Kan vel beskjærast og, om ein vil det. Treng innsynsvern mot vegen på nedsida, og det eg har planta der frå før veks så saaaakte. Den er som eit slankt, lite tre. Ikkje så spesiell, men ser frisk og frodig ut, og er litt annleis enn det som står der nede frå før.

I går sådde eg i kjøkkenhagen (kan knapt kallast det, består av fire enkle pallekarmar Pinlig berørt . Mannen min laga karmbed på den plassen han absolutt ville ha det. Det går an å ha det der, greit nok. Nå må eg berre gå i gang med slavearbeidet: nemleg å spa opp jord og trille opp den kjempebratte bakken og fylle i bedet.... Død . Kjem kanskje til å jukse litt med FK-jord i tillegg..... Enig Blunke Den jorda eg spar opp er der som plattingen vår skal kome ( i juli, seier byggherren), og må vekk uansett. Vil gjerne få så mykje av den som muleg på ein vettug plass jo før jo heller. Er nemleg ørlitt skeptisk når mannen i huset entrar minigravemaskinen - noko som skal skje når han får ferie.... Han gleder seg visst litt, trur eg! Shocked Forvirret . Håper han ikkje tek heilt av Klovn

I morra skal eg skrive rapport heile dagen, men eg VIL og MÅ bli ferdig sånn at eg kan nyyyyte fineværet og få gjort masse i hagen etterpå. Skal ikkje ha den hengande over meg nå, vil ikkje ha noko tungt og fælt hengande over meg. Vil berre ha sol, jord og plantar så langt auget ser....... Enig Mr. Green

Rapporten er ferdig (puh...)

30 mai 2007 21:28


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter 12 timar på jobb Akkurat nå: slapper jeg av etter 12 timar på jobb ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Misting av data-filer er ikkje lurt! Har i dag opplevd å miste ein og ein halv dags arbeid- svisj...rett ut i det blå Død Crying or Very sad . Derfor var eg på jobb til eg vart ferdig med rapporten som eg sa. Det tok nesten 12 timar Ulykkelig .

I morra skal eg avspasere og hage og kooooose meg Stort smil Mr. Green Stort smil

Det regner nå, og det passar meg bra. Skal plante tre, nemlig Blunke. Og kanskje blir det gjort litt husarbeid og, sånn langs med?

Var på gamlejobben min i dag, det var der rapportskrivinga skjedde. Eg fortalte at eg kjem tilbake i oktober, og eg fekk masse positive kommentarar. Ei oppførte nesten ein krigsdans da eg fortalte det. Er moro å kjenne seg så velkommen. Gruppeklem Har savna at nokon på jobben gir uttrykk for at dei har bruk for meg, må eg seie. Nå er eg heilt sikker på at eg har teke den rette avgjerda. Konge!

Effektiv dag

02 jun 2007 23:04


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagen starta med planteloppemarked på Eid. Greide så vidt å halde kvota mi med planter som fekk bli med heimatt. Fekk tak i nokre fine, som enda ein type vortemelk (veit ikkje kva slags), dvergskogskjegg (aldri hørt om før Shocked ), kvit bestemorstaude frå Strand sin hage (veldig vanleg, fin, blomstrar nå Pinlig berørt ) og ein bunndekke-sak med sølvaktige blad og rosa små blomster. Noko som heiter kattefot? Den er vill, kanskje ein slektning av den? Fekk og med ein liten vårkjærminne, som eg berre hadde ein liten av frå før. Og så vant eg ei mørk rosa sommergeorgine til slutt! Den vart kjempefin i den største nye Europris-potta, i lag med ein blærespirea Diabolo, ein sølvkrans, ein rosa diascia og ein lysegul "Million bells". Må ha tak i ein sølvkrans til. Er litt kry av den potta, her blir ting til som eit resultat av "øyeblikkets innskytelse", og ikkje planlegging. Pinlig berørt Desto artigare når det klaffer. Stort smil

Så fekk eg endeleg unna meg litt i hagen. Åhhh det er godt! Mr. Green
Mannen min fekk ånden over seg og, så han var på butikken omtrent da det åpna i dag for å kjøpe ny bensindreven kantklipper og oppladbar kantsaks. stjerne! Med så stor hage som vi har må det til litt teknisk utstyr. Cool Han klipte etterpå, både innafor og utafor gjerdet. Endeleg, nå slepp eg å bli flau kavr gong nokon går forbi.

Eg har planta ut diverse i nye Europris-potter. Har kjøpt av dei som ser ut som betong, altså grå. ganske fine. Dei tre Dahlia-biskopane mine frå Eurobulb-imp. har fått kvar si temmeleg store potte. Ser litt stussleg ut enda, men håper dei veks seg til fort. Har hengt opp fleire potter på nordveggen ute, og skal ha fuchsia der. Har også planta ut ein god del sommerblomster, og nokre stauder som eg har funne plass til.

Eg fekk den lyse ideen å plante ut dei fleste hippe-laukane mine i to sjølvvatnings-verandakasser frå Lidl. Dei er stygge som juling, men skal stå oppå varmkompostbingen som ikkje er i bruk, under tak, i austveggen. Da kan eg kontrollere fukt og alt. Laukane står på rekke og rad utan potter, rett i jorda. Håper det fungerer - følte meg i alle fall lur da eg kom på det! Enig Laughing

Har sikkert gjort masse anna og. Kjem ikkje på meir....jo, er sol"svidd" på ryggen kjenner eg. Heilt utilsikta, har visst sola meg litt utan at eg visste det. Shocked . Er det sommern eller???

Ha ein fin laurdagskveld de som er oppe fortsatt! Blunke Mr. Green

Ny jobbedag i hagen

03 jun 2007 21:37


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Bortsett frå at eg greide å kutte ein "skalk" av venstre tommelfinger med den nye kantsaksa, har dette vore ein flott hagedag. Det skjedde heldigvis etter at eg var "ferdig" med dagens jobbing. (Blir aldri egentlig ferdig, da - Blunke ) Det blødde fælt, og eg besvimte nesten. Tåler ikkje blod, men har ein mann som ordnar opp, han plastra og forbandt, og så steikte han fisk til middag. Da var formen tilbake stjerne!

Har endeleg planta dei fire busktomatene mine i 20-literspottene frå Grønt fokus. Digre beist, ikkje lette å handtere. Nå står dei i plastdrivhuset, i lag med den eine agurken. Håper dei blir glade for meir jord, for nå har dei skranta ei stund. Crying or Very sad Eg er fullstendig tomat-novise, så eg anar ikkje kva det er dei har savna eller mislikt.

Eg har også planta ut det aller meste av sommerblomster i helga. Det står att nokre forvokste og vanskapte, halvmeterlange schizanthus som eg har funne ut at eg skal plante "på langs" i rododendronbedet innimellom der det er plass, i håp om at dei slår rot frå stilkane. Det såg nemlig sånn ut. Der har eg også planta den irisen (Iris ensata?) som skal ha det fuktig. Nå får eg håpe at det blir så frodig og fint som eg har planlagt da Blunke

Dette har i alle fall vore ei fantastisk helg, og det håper eg fleire enn meg har hatt! Stort smil

PS. Har nå funne ut korleis geranium subcaulescens ser ut Drømmer
Tusen takk til den som hadde den med på Hagegaltreffet på Eid den 20. mai!! Mr. Green Hoppende glad

Sliten

05 jun 2007 21:54


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er så sliten og trøtt i dag! Tirsdagssyndromet kan det vel kallast, har nemleg vore i Førde på møte. Stakk innom plantasjen før eg reiste heimatt, i håp om dei kanskje hadde fått inn noko nytt og spennane.....(nokre spennande busker, kanskje??), nei - dei hadde ikkje det Ulykkelig .....

Fekk likevel med meg litt småtteri, da. Kjøpte ein raudlilla echinacea som erstatning for dei røttene eg kjøpte frå Zimtrade i fjor og som er vekke nå. Crying or Very sad Eg falt også for ein geranium "Ballerina". Den var søt. Så fekk eg med med to slags potte-eføy som skal få vere i lag med fuchsiaene i nordveggen. Eføy er fint! Enig

Har sett på Grønn glede i kveld. Det som var finast med programmet var dei to blide rose-entusiastane frå Florø. Eg sat og tenkte at jammen er det som oftast uvanleg blide, varme folk som er interessert i hage og blomster?! Stort smil

Nerver

07 jun 2007 09:46


[  Humør: forstyrret ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I dag skal eg gjere noko som eg gruer meg til Forvirret -snakke til ein del folk i ein heil time.....Jobb-relatert da sjølvsagt. Eg er IKKJE særleg tøff når det gjeld sånt, og har derfor greid å lure meg unna veldig ofte. Pinlig berørt

Neste torsdag blir det ein ny grue-ting, som vitne i ein rettssak. Fortsatt jobb-relatert. Kan ikkje snike meg unna den heller. Ulykkelig Død

Men etterpå, da har eg erklært at det er sommerferie! Mr. Green Så sjølv om eg må jobbe litt innimellom, kan det da likevel EGENTLIG være ferie, på ein måte?? Cool

Nå har eg tusen ting eg skulle ha gjort i hagen, men går her og strever med min eine intakte tommel og alle desse irriterande jobbe-greiene som tek masse tid. Mad Eg blir SUR! Uenig Mad

Foredrag i boks!

07 jun 2007 21:22


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det gjekk bra med foredraget mitt i dag Hoppende glad
Er så glad og letta! Stort smil

Skjor i hagen

12 jun 2007 09:49


[  Humør: sjokkert ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Skjora har hakka sund alle buskbønnespirene mine! Mad Kanskje dei ligna på kålmark? Nå har eg sådd på nytt. Skal legge over fiberduk, så "godteriet" ikkje syns! Ondt smil

Ellers har eg planta Stillehavspilen (Salix lasiandra) ved stakittet mot sør. Den ser ut til å klare seg sjølv om den har stått i plastpose i sommarvarmen.

Nå er det gråver, men regnet ser vi ikkje noko til. Ulykkelig Eg har lagt inn søknad om ei skikkeleg rotbøyte nå eg altså! Forvirret

Skvallerkål - igjen

13 jun 2007 10:18


[  Humør: kvalm ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har sprøyta Roundup (ekstra sterkt) på den komande lundhagen. Alt står like frodig og fint fortsatt. Shocked Det er vel sikkert to veker sidan eg gjorde det nå. Ja, ja. Har blitt grundig advart mot å sprøyte for ofte, så det får stå og godgjere seg litt til.

Eg har bestemt meg for å gå laus på eit av dei finaste beda mine, men som har vore oppgitt i fleire år. Der breier skvallerkålen seg skikkeleg nå, og viser seg fram i all si prakt! Kongen på haugen... Mad Mad

Eg skal ta det med "handemakt", og luke rotbit for rotbit!!!! Ondt smil Skal plante geranium der, noko eg også hadde som plan for fleire år sidan før eg ga opp. Eg har plutseleg fått meg så mange fine geranium, enda det var ei plante eg liksom ikkje hadde oppdaga i vinter/vår. Bedet ligg mot sørvest, og det er halvmåneforma med ein diger knause bak. Er rett ved der drivhuset mitt skal opp ein gong, så eg har planar om å lage ein sti frå huset, rett forbi dette bedet og til drivhuset. Tenk så fin ein spasertur det kjem til å bli! Mr. Green Blunke

--dersom eg får vekk skvallerkålen da Forvirret

Ingen haging i dag

14 jun 2007 23:57


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av etter ein 16-timarsdag Akkurat nå: slapper jeg av etter ein 16-timarsdag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har vore i Sandnes i dag, og er nå heime att etter nærare 17 timar på reise/jobb! Forvirret Er trøtt, ja! Shocked

Det siste grue-oppdraget er nå ute av verden. Gjekk tåleg bra. Handverksmessig sett heilt OK kvalitet på produktet!! Mr. Green

NÅ er det på tide å legge inn ferie-giret her altså..... Cool Eg skal koooose meg med -og i- hagen min framover. Skal nyte blomstringa og frodigheta, og øve meg på avslapning og kos og nytelse, og legge vekk så mykje dårlig samvittighet over ugras og uferdige prosjekt som overhodet mulig Kyss

God natt til alle som les dagbøker så seint! Mr. Green

Sukkererter!

15 jun 2007 20:23


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har hatt fri i dag, og har fått gjort ein god del. Eg er kjempestolt av eit flott sukkerert-stativ av fem bambuspinner som er stukke godt ned i bakken og bunde saman på toppen. Så brukte eg hyssing til å lage tversgåande klatresnorer mellom bambus-stengene. Det ser faktisk fint ut!

Før eg fekk gjort det måtte eg trille mange mange trillebårlass med jord opp den kjempebratte bakken og tippe oppå kvekefarmen, men med eit lag aviser og to gamle potetsekker under. Håper det held det verste unna.

Så har eg planta ut ein del stauder som er store nok til det i ny-karmbedet. Nå er det snart fullt! Forvirret

Eg har også planta ut blomsterertene, og lurer veldig på kvar eg skal plassere ein cobaea som eg har fått Shocked - kan den stå i potte tru?

Nå ventar vi med lengsel og smerte på isbilen her. Det er nemleg ein som omsider har forstått kva det er for noko rart! Rolling Eyes Laughing

Ha ein fin fredagskveld! Stort smil

Starta på skvallerkål-lukinga

16 jun 2007 17:39


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av før sommarrevy i Stryn Akkurat nå: slapper jeg av før sommarrevy i Stryn ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Må berre seie at nå har eg i alle fall starta på den store skvallerkål-lukinga i storkenebb-bedet. Død Huff og huff, seier eg. Skal vere veeeeldig glad når eg er "ferdig". Kjem til å ligge på lur med roundup-flaska og kaste meg over den minste antydning til nye ekle skudd, eg veit dei kjem.... Forvirret Ondt smil

Nå har eg ei lita pause i programmet før eg skal med boksirkel-damene på middag+revy i Stryn. Det trur eg blir moro!

Ha ein fin laurdagskveld! Stort smil

Kastar vekk tida på jobb....

18 jun 2007 11:45


[  Humør: drittlei ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Eg er på jobb, men føler sterkt at det er feil plass i dag. Kunne egentleg faktisk veldig gjerne tenkt meg å vere heime i hagen min nå.... Drømmer

Til og med luking i det ultra-håplause skvallerkålbedet verkar meir fristande! Shocked Cool

Eg trur eg må vatne i dag. Det er ellers noko eg nesten aldri gjer. Eg tviheld på at DEN fordelen skal vi da i det minste ha her på Vestlandet! Laughing Det er berre det at nedbøren kjem så klumpvis, nå er det liksom ikkje så mykje igjen av dei tre månadene med samanhengande regn vi hadde i vinter Uenig

Om to veker er det i alle fall ferie.... Enig

Buskbønner igjen

19 jun 2007 23:05


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har nå sådd buskbønner Tender green for tredje gong!!! Mad
Denne gongen har eg lagt fiberduk over pallekarmen, så om skjora prøver seg nå må dei ha ein IQ noko høgare enn eg likar å tenke på Shocked Forvirret Rolling Eyes

Ellers går det i vatning, vatning og vatning. Har nå usigeleg lyst til å få prikla litt av alt som står og ventar, og spa opp nytt bed, og luke og stikke kantar, og og og....Masse å ta tak i med andre ord. Eg må ha mann som er heime på kveldstid, samt ein dag utan Førdetur før det går an å få til! Klovn Blir vel ei råd.

Det er forresten meldt tradisjonelt St.Hansvær hører eg, så da spørs det om eg kan få litt fri frå vatninga snart i det minste Blunke

I morra har eg ein fredeleg og roleg jobbedag føre meg. Det skal bli godt!

Nytt geraniumbed

21 jun 2007 22:15


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja, nå har eg fått bedet mitt ferdig! Er rimeleg fornøgd, litt stolt av meg sjølv.... Enig Det har nemleg krevd bittelitt blodslit, ein del svette samt nokre ukvemsord å få det til. Har spadd, brukt greip, raka med jernrive og spadd igjen - og plukka og plukka lass på lass med skvallerkål- og kvekerøtter! Mad Ondt smil

Nå lar eg det stå til, har alt begynt å plante i det. Det som nå dukkar opp av ugras grev eg enten opp eller spørytar med Roundup.

Lundhage-området ser endeleg ut til å skrante litt nå, også skvallerkålen! Det har ikkje berre med tørken å gjere, sjølv om det er knusktørt over alt. Ekstra sterk Roundup gjorde utslaget!

Eg har ikkje vatna særleg i beda enda, har berre teke det som er nyplanta. I kveld var vi lovd litt regn, men den skura dei visstnok fekk i Davik var det berre dråpar att av da den kom hit. Uenig I morra har faktisk mannen min foreslått at vi kjøper spreder! Shocked

Så DA blir det vel regn.... Laughing

Regn!

22 jun 2007 21:44


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Endeleg kom regnet da! Drømmer Helt gira Å så godt for tørste planter Smil
- - - og det rett etter at eg hadde planta ut ein god del i det nye Geraniumbedet, paste jo bra..... Cool Har blant anna ein som heiter Ballerina, og som blomstrar nå (Plantasjen). Den er såååå fin!

Eg har også starta gravinga på eit nytt bed i kveld. Pinlig berørt
Skal bli haustfloks-bed. Eg har etter kvart både "vanleg" rosa, kvit, lilla og ein ny lysrosa som ikkje har blomstra før. Nå skal dei få stå samla i det nye bedet. Det skal bli rimeleg kraftfullt og flott tenker eg! Mr. Green

Kanskje eg skulle ha planta litt lammeøre framfor, eller malurt.....? Ein mørkblada spirea bakerst kanskje?.... For dei som veit korleis det ser ut her, så er dette opp mot muren lengst mot vest - var att ein liten "rest" med gras der nemlig! Pinlig berørt

Mykje av gravinga her nå har samanheng med at vi skal lage platting der det har vore bed, og alle plantene må vekk. I tillegg har eg eit hav av potter ståande, og før vi reiser på ferie bør det alle aller meste vere i jord. Ja ja, godt at dei fleste tåler å bli flytta litt på. Er nemleg ikkje sikkert at eg treffer heilt med plasseringa når det skal gå så fort for seg Cool Laughing

Har planta og prikla

24 jun 2007 22:06


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg om plantar på nettet Akkurat nå: leser jeg om plantar på nettet ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har altså planta haustfloks i det nye bedet. Kunne gjerne laga det større, men orka ikkje meir! Det vart eit salig rot, for eg anar ikkje kva slags fargar det var på dei ulike floksrøttene eg hadde plassert her og der på vent. Nå er dei samla i alle fall, gleder meg til å få blomster på dei! Har rosa, lilla, kvit og ein ny kvit/lysrosa kjøpt hos Zimtrade i vinter. (Miss Jill) Det er denne Stort smil

Eg har også prikla litt i dag - endeleg! Pinlig berørt Har ca. ein million Edelweiss-planter har eg oppdaga. Planta nokre rett ut i bed, dei såg såpass robuste og tøffe ut. Har ikkje kasta resten enda...

Den eine peonen min blomstrar nå! Den vart flytta i fjor, men ser ut til å ha takla det fint. Den er svært veksevillig og tøff, hadde digre røtter sjølv om den hadde stått midt i eit ugrasområde. Blomstra rett nok dårleg der da. Den er enkel, rosa og nydeleg med gule støvdragarar i midten Drømmer

Ellers har eg gitt bort nokre stakars prydsvinerot-røtter til ei hageinteressert dame i nabolaget, og fekk sjå på hagen hennar i går.... SÅ masse fint og spennande! Har nå fått lovnad på røtter av fiol (med god lukt!), Euphorbia griffithi samt ein fin mørk blålilla storkenebb. Mr. Green Ho hadde mellom anna ei stooor kanelbjørk, og den lukta godt! - rett etter ei regnskur... Stort smil

Har gjort meir og, men hugsar ikkje alt i farten. Cool Enig

I går var vi bedt på St.Hansfeiring hos nokre venner av oss som vi brukar å bli, men jammen hadde nokon av naboane våre teke på seg å lage feiring med bål og greier her i nabolaget for første gong! Neste år får vi problem med å velge, trur vi må satse på naboane. Viktig å ta vare på dei! Gode naboar er gull verd stjerne! Mr. Green Tilber

Ha ein fin kveld, da!! Smil

Bestilling Nautesund

26 jun 2007 22:44


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har bestilt desse frå Nautesund i kveld:

Stachys byzantina "Silver Carpet". Lammeøyre
Cimicifuga ramosa "Atropurpurea". Ormedrue
Gillenia trifoliata. Trebladgillenia
Helleborus argutifolius. Korsikajulerose, grønnkvit
Hosta "Gold Standard". Breibladlilje
Lythrum salicaria «Blush». Kattehale, rosa
Phlox paniculata "Edintuin". Haustfloks, lys rosa
Anthemis tinctoria "E.C Buxton". Gåseblom, lysegul

--plante"trappa" mi i austveggen er full av planter, så nå må eg berre få planta ut meir. Er nødt til å kunne gå der, men treng ikkje så breie stripa for det har eg funne ut... Pinlig berørt

Mannen vil på overnattingstur til campingvogna snart. Forvirret Eg må jo vere heime og vatne alle småpottene, og lufte i drivhuset kvar dag når det er sol...-åssen skal detta gå? Shocked

Har hatt ein ekstremt trøtt og sløv dag i dag. Sofaen og pleddet har vore brukt ein del, ja! Veit ikkje kva eg har gjort, kanskje litt lite søvn nokre netter? Uenig

Sending av planter må nok vente til torsdag, i morra er det Sogndalstur igjen. Så er det att EIN jobbedag før ferien!!! stjerne!

Gjødsling og håp om regn

28 jun 2007 14:15


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Siste jobbedag før ferien i dag. Synd å seie at det går unna i svingane. Ulykkelig
Har gjort det aller mest nødvendige. Tek kanskje ein bitteliten ting i morra og, sjølv om det er fridagen min - som kompensasjon for dårleg innsats denne veka. Forvirret

Har nå ordna ute i påvente av den lovde regskura: har gjødsla staudene med fullgjødsel, har hatt på Rhododendron-gjødsel, og har teke inn undervatningsmatta som hang til tørk! Da manglar det berre at regnet uteblir.... Klovn

Eg har også potta om Granatepletreet, den har stått i såpotta si med sandjord sia i vinter. Pinlig berørt På tide at den fekk litt stell. Har blitt ein lang stilk med små grønne blad på, eg stolar på tråden om topping der det blir sagt at Granateple IKKJE skal toppast. Nå har den i alle fall ny jord og støttepinne. Stort smil

Da trur eg at eg startar på ferien så smått....kunne tenke meg ein lur på sofaen i dag og Blunke . Hadde ei heller uroleg natt med søvnløyse og liten gutt som har hatt diverse prosjekt på gang, som for eksempel at han vakna og var desperat fordi han måtte tisse!! Med nattbleia på, den var knusk tørr! Har aldri skjedd før. Snart er nok bleier noko som berre blir brukt til blomsterpottefyll her i huset! Enig

Hadde vore så godt med litt væte ute nå, ellers må eg nok til med storvatning ser eg. Plantene sturer og er gule og til dels tørre på dei nederste blada. Det likar eg ikkje! Mad

Kjøkkenhagebenk

29 jun 2007 11:29


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har bestilt denne benken hos Byggmakker i Stryn. Den skal stå på kjøkkenhage-plattingen min. Kjem til å beise den steingrå som pallekarmane.

Ellers har eg teknisk sett begynt på ferien min.... Enig Drømmer
Reiknar med at arbeidslysta kjem til å sige på her snart! Hoppende glad

Nå skal eg for eksempel ut og forgifte litt skvallerkål. Ondt smil

Reine bispevisitasen!!

30 jun 2007 21:46


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Bishop of Aucland har fått sin første blomst!! DEN er fin den! Shocked Djup fløyelsraud og enkel, med små gule støvdragarar i ein ring i midten
Nå ventar eg spent på Biskopen av Oxford og Biskopen av Llandaff, som er noko tregare av seg Laughing Eg er superfornøgd med desse tre herrane her, aldeles enormt flotte er dei der dei står i kvar si potte, mørkblada og kjekke, med ein rosa, ein raud og ein lyseraud petunia ved sine føtter...(sjølvsådde, var tilfeldig med fargane med passer veldig fint - så langt får eg vel seie Cool ) Det er mine aller første dahlia, og eg håper inderleg eg greier å overvintre dei.

Mannen har kjørt minigravemaskin i heile dag. Nå skal det blir garasje og uteplass! Hoppende glad Eg har spadd opp ein stor ring rundt den raudblada lønnen, der sette eg den raude bispelua mi som eg er så glad i. Veit ikkje om noko finare enn den. Berre det at vassdråpane legg seg som perler på blada.....så vakkert at Drømmer .Har tenkt å prøve å få den til å spre seg enda meir, vil at lønnen skal stå midt i eit lite hav av raud bispelue. stjerne!

Ha ein fin laurdagskveld alle der ute! Stort smil

Plattingen tek form

03 jul 2007 22:54


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av med kald kvitvin Akkurat nå: slapper jeg av med kald kvitvin ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Mannen i huset er sta som eit esel, men han er nå flink og da! Tilber
Nå har han jobba som ein slave i tre dagar, og i dag har skjelettet til den nye plattingen kome på plass. Han er faktisk ferdig, så i morra skal han til å skru på terasseborda. Mr. Green "Du har platting til helga", seier han så kjekt.... Cool
Eg forsto på eit punkt at eg måtte gje meg på steinmur, så nå blir det impregnert tre over heile fjøla.... Laughing Ja, ja. Fint det og, og han er flink, nøyaktig og skikkeleg altså! Enig Eg er fornøgd! Stort smil Har teke bilder, og får prøve å legge ut ein dag (strever med bilder!!!!... Klovn )

Ellers har eg flytta ein sypress som eg innbiller meg heiter "Solsypress". Kan vere feil... Cool Den er hengande, med tynne "trådaktige" greiner. Den sto i vegen for plattingen, men var for fin og stor til å bli kasta. Flytta den til øverste kanten av lundhageområdet. Det var styggeleg tørt der, så eg vatna både før og etter planting. Håper inderleg den slår rot og kjem seg etter flyttinga. Er godt å ha nokre planter med størrelse på, så ikkje alt må starte frå knehøgde. Enig

Ellers er det vel min jobb å "ordne" rundt anleggsområdet når plattingen er ferdig - er nokre utfordringar der ja! Bør få flytta nokre titalls trillebårlass med jord, samt lage trapp av naturstein opp til den planlagte stien bak ripsbuska.

Vi får sjå kva vi får gjort i morra da. Veslegutten har fri frå barnehagen, så litt heft må ein reikne med. Ellers kosar vi oss veldig, til og med i regnværet i dag. Berre synd det ikkje kom litt meir når det først regna, var berre nokre små forsiktige dråpar som ikkje gjorde plantebretta våte ein gong. Forvirret Og nå er det meldt fint igjen da. Vi kan godt ta over litt av austlandsregnet vi altså! Mr. Green

Lite gjort i hagen

05 jul 2007 21:58


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Mannen i huset jobbar som eit piska skinn med den plattingen. Det tek form nå Stort smil . I dag tidleg var sementbilen her, og nå har vi plata til garasjen på plass. Her skjer det ting, ja! Mr. Green

Eg har vore småbarnsmor, husmor og sjåfør i dag, ikkje mykje meir eg orkar i varmen. Var ein tur til Stryn og henta benken min, som eg bestilte i forrige veke. Det kom til å ta ei vekes tid, sa dei. Da eg ringte for å få greie på om den hadde kome, fekk eg vite at den benken har dei hatt på lager heile tida... Rolling Eyes . Ja ja. Ikkje greit med den derre kommunikasjonen, nei.Forvirret Blunke

Nå skal den beisast grå, og monterast av platting-byggaren. Altså kan det ta litt tid...

Eg har nå endeleg fått vatna dei beda som eg ikkje har nådd med slangen før. Vi har fått tilkobling i "garasjen" må vite! Enig

Eg er forresten veldig fornøgd med kombinasjonen av rosaraud nicotiana og gullgul tagetes tenuifolia.... I same området står det ein malurt (Powis castle), og den bind liksom saman alle fargane der borte. Det raud/gul/orange bedet grensar nemlig opp mot det rosa/gule. Aller bakerst står mine sjølsådde verbena bonariensis og troner, i ferd med å sprette ut!! Hoppende glad

Har fått masse skryt for det bedet altså, er så stolt atte Pinlig berørt Laughing

Nå er det meldt regn og kjølegare vær over helga ser eg. Fælt å seie det, men det skal nesten bli godt nå. Pinlig berørt

Håper de som nesten har regna bort kan få litt fint vær snart!

Hage-laurdag

07 jul 2007 19:07


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg melon Akkurat nå: spiser jeg melon ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Vakna i dag og var tung i kroppen etter ei svært varm natt og ein solfylt gårsdag med 30 grader i skyggen.... Cool Tenkte at dette kom til å bli ein dag for avslapning.

Så kom ånden over meg, og eg har trilla x antal (små) trillebårlass med jord opp i kjøkkenhagen. Har også beisa og skrudd saman hagebenken, så nå er den endeleg på plass på kjøkkenhage-plattingen. Eg trilla opp to sekker med dekkbark som eg hadde ståande og, så nå er det fylt på og ordna litt meir rundt benken. Har utvida kjøkkenhage-arealet bra med ekstra jord med aviser under i dag. Har også planta ut dei fleste squash-plantene. Stappa fire i ein pallekarm - muleg det blir litt trongt om plassen der etter kvart. Forvirret

Mannen har fortsatt med platting-snekringa, og nå er heile golvet faktisk ferdig!!! Stort smil Han har att å lage litt kantar, og sette opp bedkant. Berre småtteri... Blunke I morra skal vi rydde, og sette på plass plastmøbla våre. Pinlig berørt

Endeleg er det vits i å kjøpe nye, skikkelege! Hoppende glad Det får bli over helga.

Ellers ventar eg nå på plantevær........Har masse som står i potter og ventar. Plassen er bestemt, men å plante i slikt vær er galskap. Klovn

Ha ein fin laurdagskveld alle saman!! Mr. Green

Nå skal eg hage snart!

11 jul 2007 11:13


[  Humør: søvnig ]
[ spiser jeg og ikkje minst drikk kaffe Akkurat nå: spiser jeg og ikkje minst drikk kaffe ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Så var huset nesten tomt igjen - for ei stund...
Har hatt besøk av ste-barnebarn dei to siste dagane, samt fått heim to storebrødre, -den eine full av seig, dansk leirjord henta frå Roskilde-traktene ein plass... Død Laughing

Barnebarnet har reist heim, men nå har vi den fjerde storebroren her, han er ute på jobb om dagen, men er her om kvelden/natta. Skulle den siste storebroren behage å kome ein tur nå, må han sove på golvet.... Laughing

Eg var så trøtt etter svømmehall-besøket i Stryn i går at eg sovna da eg skulle legge veslegutten, og sov til klokka ti i dag! Pinlig berørt

Nå er veslegutten på tur med ein av storebrødrene, og har fått lovnad om å få kjøre både gravemaskin og traktor. Gjett om han var kjapt klar for avreise i dag! Stort smil Den broren som er att nå ligg pent i senga si og søv, og det kjem han nok til å fortsette med ei stund..... Eg har med andre ord "fri", og skal snart ut i den deilige hagen min i den friske, fuktige regnlufta!! Mr. Green Herleg arbeidsvær. Enig

NÅ skal eg endeleg prøve å få lukt litt, samt stukke kantar. Må plante litt og. Nok å gjere til eikvar tid. Blunke

Utplanting i regnværet

11 jul 2007 20:56


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter enda ei økt ute Akkurat nå: slapper jeg av etter enda ei økt ute ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det er berre småregn, med opphold innimellom, så det er greit å drive ute. Har nå planta ut diverse, etter kvart måtte det ein del kreativitet til for å finne "ledige" plassar, da... Cool

Har planta og gitt bort astersane ("Composition"). Dei havna i ventebedet, samt to ved kvilebenken i kjøkkenhagen. Har sett alle eupatorium rugosum i ventebedet og, etter litt om og men. Flytta ein campanula (frå ElinG) til vestsida av kvilebenken. Usikker på korleis dei blir, så det er eit eksperiment. (Elin opplyser at det er campanula takesimana "Elizabeth", fin den?! Mr. Green )

Planta ut blomkarsene "Lemon gleam" og "Indian princess" ved plattingen, framfor hjortetrøsten. Der sette eg og tre delphinium "Gentian blue". Dei har eg sådd for lenge sidan, men dei veks så innmari sakte. Trur knapt dei rekk å blomstre i sommar. Meiner dei er sommarblomster. Forvirret Får håpe på ein lang og mild haust da!

To store kraftige riddersporer frå Marosa (Kva heitte dei da tru?) havna rett ved den (blå?) clematisen. Dei såg ut til å kunne vekse bra! Klematisen er arv frå foreldra mine, har aldri hatt blomst der...The President? sikkert.

Planta ei potte med sjølvsådd timian i grusbedet, måtte da spa opp to lammeører som eg flytta til haust haustfloks-bedet, dit skal resten også. Må frigjere plass i grusbedet til Lewisia-plantene mine... Enig Mr. Green

Tidlegare i dag planta eg ut fem sjølvsådde rosa arabis-planter (skrinneblom) i den tørre enden av geranium-bedet. Det kjem det forresten opp ein del skvallerkål Forvirret , som eg prøver å luke vekk etter kvart. Nokre av blada sit på lause rotbitar som er lette å nappe opp heldigvis. Stort smil Har nokre uprikla igjen i ei anna potte, har sådd to slag, men nå er eg ikkje sikker på kva som er kva. Den eine varianten er frå Seemnemaailm i alle fall. Alle Echinacea-plantene (Rosa?Seemnemaailm), havna i ventebedet. NÅ er det fullt! Rolling Eyes

Dei raude og gule og orange liljene blomstrar nå for alvor. Eg flytta dei i fjor, og samla dei i den fargeskalaen på ein plass. Dei er enorme, kjempefine! Veldig stolt av dei sjølv om dei sikkert er av det enkle slaget å få til. I knallfarge-avdelinga høver dei godt i alle fall. Dei står rett ved gult nattlys og raud hestemynte. Det står det også nokre nydelege lysegule solsikker som eg trur kjem frå RandiF. Dei har akkurat byrja å sprette ut. Fine! Mr. Green

Lurer veldig på kvifor vortemelk "Kilimanjaro", som skulle ha kvit kant rundt blada, er heilt grønne? Det irriterer meg. Har lyst til å nappe dei opp, men det er jo litt ergeleg det og da etter å ha sådd dei og styrt med dei i månadsvis. Blir litt sur! Ulykkelig

Til slutt må eg berre få uttrykke min store irritasjon over folk som lar bikkjene sine springe lause nå. Mad Er det ikkje bandtvang da?? Eit utyske av ein hund er stadig i hagen her, kjem inn ved hekken i kjøkkenhagen, gjer frå seg der Død , valsar oppi bed og pallekarmar før han spring vidare gjennom hagen og på vegen ut på nedsida freser gjennom diverse bed med småplanter! Forvirret Mad Crying or Very sad

Hadde eg hatt hagle hadde eg visst kva eg skulle gjere.... Ondt smil

Luking

12 jul 2007 22:58


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har luka ferdig det lange staudebedet i dag. Det var faktisk raskare unnagjort enn eg hadde trudd. Sådde meir plukksalat i den nye delen av kjøkkenhagen. Håper den spirer raskt i det fuktige været vi har, og at den h...... bikkja ikkje tråkkar ned spirene. Mad For to dagar sidan sådde eg meir ruccola - det er jo kjempegodt, og så lett å dyrke sjølv da! Mr. Green Salat-temperaturen er det ikkje noko i vegen med. Berre 13 grader i skrivande stund. Ulykkelig

Er spent på squashen min nå. Dei fire plantene som står i pallekarm full av "snadder" (varmkompost med litt jord) ser ut til å eksplodere. Ser ut til at den eine planta har knuppar alt, kan det verkeleg vere tilfelle? Gleder meg sinnssjukt til å følge med på utviklinga. Nå er det nesten sånn at det er kjøkkenhagen som opptek meg mest - ser alt at den er for liten. Cool Meeeen...har jo planane for utviding klare da! Stort smil

Eg brukar ein del tid på legging av liten gutt av og til, og prøver å bruke tida til å planlegge hage. Nå ser eg for meg at eg treng eit par barlind som bakgrunn/vegg i lundhagen, mot nordvest. Lurer på om det blir salg på Hildenes snart, eller kanskje eg skulle prøve det vesle utsalget på andre sida av Eidselva. Veit ikkje heilt kva det heiter. Eg har forresten ein blodhegg ståande på Torheim, den bør eg få henta i løpet av sommaren. Det var den siste dei hadde, og eg fekk bra rabatt på den. Men den var diger! Shocked Helst lang og tynn, som eit søyletre nesten. Kan sikkert beskjærast? Enig

Lurer på å flytte ein duftskjærsmin som står dumt plassert. Der den står har eg lyst til å prøve bambus. Må prøve å orientere meg i alle dei ulike sortane, før eg (som eg har ein tendens til Pinlig berørt ), plutseleg har kjøpt noko eg ikkje heilt veit kva er, på impuls.. Cool Det kan fungere bra det, altså. Likar i grunnen overraskelsar eg! Blunke Men ein viss kontroll kan det kanskje vere greit å ha?

Lewisia

14 jul 2007 17:43


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har planta Lewisia (Galaxy mixed) i grusbedet i dag. Er kjempespent på desse plantene, og om dei overlever vinteren. I det same bedet har to lavendel overvintra utan problem, det er rimeleg godt drenert. Eg håper berre at ingen tråkkar på dei, eller noko slikt. Da får eg truleg anfall. Mad Dei står i eit bed der det er tråkkestein ved sida av, oppå ein liten avsats bak ein låg mur ved inngangspartiet. Går nok bra, eg har oppdradd alle bebuarane godt når det gjeld å tråkke i bed. Det er IKKJE LOV!!!!! Pinlig berørt Laughing

Ellers rakk eg å stikke kanten på det same bedet, samt å omplassere nokre lammeører og ein timian før regnet kom. Tidlegare i dag var vi i Stryn og kjøpte to stolar og eit lite rundt bord. Det var det einaste eg klarte å finne av brukbare utemøblar. Utsolgt over heile fjøla. Nærast "alle" har vel budd ute heile juni i år, så fint som det har vore. stjerne!

Ha ein fin laurdagskveld! stjerne!

Pink surprise!

15 jul 2007 22:36


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ringblomster må eg ha myyykje meir av neste år. Den første Pink surprise har nettopp vist seg. Den er kjempefin - akkurat ein sånn herleg midt-mellom-orange og rosa og gult som eg likar så godt! Drømmer Ventar på Indian prince og Cream beauty nå. Skulle berre ha sådd meir.... Crying or Very sad

Ellers fekk vi ein flott fjelltur i gråveret. Gjekk til Rødgrøteggja, og hadde faktisk ikkje ein regndråpe på heile turen. Det regna før og etter, da... Laughing

Det bles ute. Eg måtte feste blomsterertene betre til stativet, dei hadde bøygd seg heilt over og stod med toppen på bakken. Laughing Håper inderleg at ikkje noko bles overende, eller verre: tvers av! Mad Spesielt ikkje den lysegule solsikka som akkurat har byrja å blomstre. Den er så nydeleg der den står i det lange bedet, rett ved Verbenaene og nicotianaene, samt dei orange-raude-gule liljene. Eg må få teke bilder av det flotte bedet mitt. Er fornøgd! Enig

Det er herleg å ha hage - det er sikkert! stjerne!

Oppstamma rododendron

17 jul 2007 20:45


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fekk gjort litt ute i dag og, til tross for regnbyger. Det starta med at eg berre skulle rydde litt bak ein rododendron som står "midt" i det lange staudebedet ved muren. Den vart flytta med gravemaskin for eit par år sidan, og har nok strevd litt for å etablere seg igjen på den nye plassen. Eg har lagt under masse barnål-"rusk" og diverse for å gje den surare jord. Blomstra fint i år, så trur den har funne seg til rette. Det er ein gamal busk av den vanlege lilla sorten, den typen som kan bli ganske stor.

Planen i dag var å dekke under den med aviser og dekkbark for å halde skvallerkålen under kontroll. Medan eg dreiv og strevde med det såg eg at den hadde den fått ein del tørre greiner inni og under, og dermed kom den lyse ideen at eg kunne stamme den opp! Hoppende glad

Som tenkt så gjort, og den fekk aviser og bark under seg til slutt. Det vart verkeleg fint! Eg er kjempefornøgd altså. Mr. Green Nå vart den plutseleg ein del av det lange bedet, og ikkje ein tilfeldig busk midt på, som liksom delte det av. Den fungerer fortsatt som litt innsynsvern frå gangvegen mot plattingen, men er mykje meir dekorativ, med dei gamle, markante stammane under den fortsatt frodige krona. stjerne! Det betyr ein del i ein hage å ha planter som er store, og har stått der ei stund.

Eg må fortsette med det nye bedet i sørveggen ein annan dag. Der fann eg så mykje enorm stein, at eg må ha hjelp for å få dei opp. Innimellom steinane er det store sprekker og åpne høl! Shocked Ikkje rart at det var så tørt og magert i enden av det bedet sist det var bed der.... Pinlig berørt (Grodde igjen med gras på den tida haging var noko eg skulle ta meg tid til når eg vart pensjonist Forvirret )

Ellers gror det bra om dagen. Her har det ikkje kome så veldig mykje regn totalt, det er berre byger med med smått regn, med lange perioder med opphald innimellom. Greit for meg i grunnen. Sola kjem vel att ein gong, får vi håpe! Smil

Iberia i Prestemarka!!!!!

18 jul 2007 20:44


[  Humør: sjokkert ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Trur eg har sett (og kverka Ondt smil ) den første Iberiasneglen i nabolaget! Shocked Død
Den vart oppdaga ved naboen si trampoline, var jevnt "bæsjebrun" og stoooor og ekkel. Ligna ellers på ein velvaksen skogsnegle i fasongen. Det er den andre eg har sett i dag, men den første såg eg nede i sentrum, og der veit eg jo at dei finst. Rolling Eyes

Eg er så redd for at dei skal kome hit, kva skal eg gjere?

Nei og nei... Crying or Very sad

Iberia igjen....

18 jul 2007 22:12


[  Humør: fortvilet ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det var vel for godt til å vere sant at vi skulle få leve i fred for Iberiaen her i byggefeltet. Vi har den jo i fri utfoldelse berre nokre få hundre meter unna. Ulykkelig
Dessutan kan det vere fort gjort å få den i hagen - ein bevisstlaus person som får ei stauderot av nokon, eller eit jordlass.....

Heldigvis bur vi ganske beskytta her, med veg på alle kantar, og det er høg mur på tre av sidene. Berre ein liten del av "utmarka" grenser inn mot naboen si "utmark". Kanskje eg kan klare å halde bestanden i sjakk med aktiv jakt og rikeleg med feller? Håper inderleg det. Vi hadde pinnsvin for nokre år sidan, og dersom det stemmer at dei likar seg i kvisthaugar i utkanten av hagen skulle dei ha eit paradis her Pinlig berørt!

Åh - eg håååper at det berre var eit streifdyr eg fant!! Uenig Det er i alle fall dødt nå, men uaækkhhh så ekkelt det var å klippe den av med hagesaksa Død

Sikkert noko eg kjem til å venne meg til Ulykkelig

Planting og fjelltur

19 jul 2007 22:44


[  Humør: varm og utslitt ]
[ spiser jeg potetgull og drikk kaldt Hansa-øl.... Akkurat nå: spiser jeg potetgull og drikk kaldt Hansa-øl.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Puh! Er sliten men fornøgd nå. Stor smilende
Har gjort ferdig to tredelar av det nye bedet i sørveggen (måtte la dei enorme steinane vere der, treng ekstra muskelkraft for å få dei opp) Men resten av bedet renska eg for stein og ugrasrøtter, samt kjørte på to trillebårlass ekstra jord frå jordhaugen ved plattingen. Så planta eg ut tre tuer med dagliljer som aldri har blomstra (bak irisen...), og derfor vart spadd opp frå det lange bedet i vår. Crocosmia, to slag, frå Eurobulb-importen. Endeleg! Pinlig berørt . Ei lita buske kjøpt på Lidl til 29 kroner i vår, kva heitte den da...? Deutzia var det. Kvite blomster kanskje? Er den stygg, kastar eg den. To Sibir-iris, ein Hosta (Golden standard), samt småplanter av rosa Arabis, groblad med rar blomst (Rosularis), og til overs-Fjellflokk. Vart med andre ord eit rote-bed, men det måtte bli slik. Dette er litt panikk-utplanting før vi skal på ferietur på mandag. Klovn Planter kan som kjent flyttast. Enig

Planta også ut dei aller første plantene i lundhagen. Hoppende glad
Der ser det faktisk dødt ut?! Død stjerne! To omgangar med sterk Roundup har gjort susen. Det skulle ha spirt nå om det er liv i røttene. Eg spadde ned den store mørkeraude julerosa, samt dei to nye eg har skaffa meg i sommar. Ei rosa og ei grønn-kvit. Hugsar ikkje navna i farten. I tillegg planta eg ein Buksbom, og har planlagt at eg skal ha ein liten hekk av dei så eg må ha tak i fleire. Det minkar i potte-avdelinga, men enda er det ein del igjen.... Forbauset

Stappa ned ein del "tustar" med akeleier (av den tøffe sorten) i diverse bed. Har masse akeleier til som eg må få i jord, dei står nå tett-i-tett i såpottene sine stakar Pinlig berørt

Litt meir engnellik kom også i jorda, men nå må eg til å spa opp enda meir bed for å få plass til meir - igjen Hårete lykke

Men nå kjem det ein fin fase: "gå og kikke og sjå om det har skjedd noko"-fasen. Den likar eg, altså Mr. Green

Etter alt dette har vesleguten, eg og ei venninne vore på fjelltur. Vi var på Lindviksetra, innanfor Stigedalen for dei som er lokalkjent. Vi hadde ein kjempetur i fineværet, bortsett frå at dei hadde begynt å skyte på skytebanen på Tua da vi kom nedatt, så vi måtte gå ein enorm omveg for å kome ned til bilane. Er stolt av veslegutten, han går som ein helt, og er blid og positiv attpå til! Har aldri vore borti maken til unge, storebrødrene var ikkje sånn... Laughing

Ha ein fin kveld alle saman! Stort smil

Ferie-rydding

22 jul 2007 12:07


[  Humør: kvalm ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Likar ikkje det stresset som følger med ferie. Altså pakking, rydding, ordning av tusen ting som må vere i orden før ein kan reise. Eg blir Død av det, rett og slett!

Driv ute nå og ryddar i potter, plantar ut litt, set i kasser på strategiske stader i høve til muleg regn, muleg steikande sol og muleg blind plantepassar.... Forvirret

I går hadde vi ein kjempefin og ustressa tur til Fjærland. Det var eldstemann, minstemann og eg som reiste. Mannen i huset var heime med vond rygg. Uenig
Fjærland er ein "bokby", med boder og uthus fulle av gamle og litt nyare bøker. Heile Fjærland er eit einaste stort antikvariat om sommaren. Eldstemann er interessert i historie etc., så han fann seg eit par bøker. Minstemann syntes det var litt spennande, men kommenterte snart at: "det luktar bøker her - eg vil ut!"

Ute var det strålande sol, kjempevær heile dagen, Vi fekk med oss to ferjeturar, samt synet av ein traktor plassert oppå ein diger lastebil, så den minste var fullkomment lykkeleg og fornøgd etter dagen! Stort smil

I morra set vi oss i bilen og reiser austover ein tur. Kjem nok til å halde oss i Hedmark/Oppland-området, med fokus på togtur på Jernbanemuseet, bading på Raufoss og liknande spennande aktivitetar!

Ha det bra alle saman så lenge!

Hagen i slutten av juli

29 jul 2007 14:13


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av etter ein hage-kose-runde Akkurat nå: slapper jeg av etter ein hage-kose-runde ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kom att frå ei vekes ferie i går kveld. Vi holdt oss ved Mjøsas bredder denne gongen, og hadde nokre fine dagar med det vi vestlendingar kallar fint vær! Vi såg jo sola kvar dag! Hagerelaterte hendingar var det ikkje så mykje av, men eg fekk tid til ei koseleg lita hagevandring hos Annsi (takk for det! Stort smil ), og handling av ein Sambucus nigra, Black beauty, på Kays garteri på Ridabu. Mr. Green

Her hadde overgartnaren teke godt hand om det som stod ute, og blomstervatnaren som skulle ta seg av det andre hadde gjort ein rimeleg bra jobb. Ingen ting har dødd! Hoppende glad

Har plukka inn nydelege bukettar: cosmos, malurt, spirea, ryllik, haustfloks og ruccolablomster i den eine, berre erteblomster i den andre... Drømmer Tenk at erteblomstene vart så fine! Hadde ikkje trudd det, men måtte prøve når så mange andre på forumet skrytte så av dei. Cool Det einaste som er dumt er at eg ikkje hadde sett for meg at dei skulle bli så høge, klatrestativet rekk dei til knes omtrent! Laughing

Eg irriterer meg litt over nokre småting, men det øydelegg ikkje gleden over hagen altså! Blir berre litt forundra (ironisk meint!!!!!!! Mad ) når alle liljene som vart kjøpt under navnet "Kongelilje" frå Zimtrade, viser seg å vere rosa og ser ut som Lollipop. Dei gule knollbegoniaene - også kjøpt frå Zimtrade- er oransje, og av tre knollar er det to like (fylte, dei skulle vore enkle), og ein som er enkel men meir oransje enn gul! Orkar nok ikkje handle der meir på ei stund. Ulykkelig

Har høsta nokre gulerøtter til, dei er kjempegode, og dei to raude slaga er så fine! Det er Samurai og Red dragon, hugsar ikkje kven som var kven, men gode er dei. Den eine mørk raud, den andre meir rosa, men orange inni da.

Squashplantene som fekk den ære å stå i pallekarm med kompost er kjempestore! Ingen blomster enda, men like før. Dei andre er gule i blada og små, sjølv om dei fekk grasklypp rundt seg før vi reiste. Får avhjelpe det med litt fullgjødsel. Sukkerertene er så fine! Blomstrar for fullt nå, men ingen belgar enda. Var siste pakka som var å oppdrive i butikkane, skulle vere ein gamal sort, men hugsar ikkje navnet i farten. Er dei like gode som dei er pene, så haustar eg eigne frø av dei.

Ellers er garasjemuren ferdig, det vart gjort mens vi var borte. Mykje på gang her, og godt skal det bli når i alle fall garasjeprosjektet er i havn. Blir spennande å sjå korleis det blir rundt huset her. Ser ikkje så lett ting for meg alltid, men nå har eg forstått at vi får ein ny liten gardsplass mellom huset og garasjen. Lite lys der da, men klatrehortensia går kanskje...? Klovn

Uansett: ha ein fortsatt fin søndag alle saman! stjerne!

Sukkererter Gigante Svizzero

29 jul 2007 22:49


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her er det eit lite bilde av sukkertertene mine med blomst. Det er nokre blomster som er raudlilla også! Dei er tofarga, og litt større enn sukkerertblomster eg har sett før.

Info om Gigante Svizzero her.

Men eg har ikkje smakt dei enda da... Klovn

På jobb igjen

30 jul 2007 10:31


[  Humør: sur ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Første dag på jobb etter ferien. Er stille og roleg, heldigvis...
Har snart gått (delvis) sjukmeldt eit år, og må gjere eit eller anna i høve til trygdevesenet/KLP når det gjeld money. Død

Tenk om ein kunne leve av å vere hageGAL?! Laughing

Det regner ute, men er muligens meldt lettare vær mot helga igjen. Det same kan det vere. Været står til humøret i dag.

Har ikkje sett fleire Iberiaer i nabolaget, men kanskje det blir fleire av dei nå som været er fuktigare? Eg står rusta, klar til å ta dei! Ondt smil Håper inderleg at vegane og murane rundt hagen held dei litt under kontroll. Da er eg ikkje så prisgitt naboar, men kan få kontroll med å gå på jakt sjølv.

Når det blir lettare ute skal eg ta ein runde med saksa og klippe ned avblomstra stauder og rydde litt. Må fortsette med kantstikking/bedutvidelse også. Dessutan skal eg plante ut diverse busker og clematis. Den som hadde fått rota seg til å lage klatrestativ... Pinlig berørt. Den trufaste New Dawn som eg klipte ned i vår, står der med masse nye skudd og full av knuppar! Den hadde det vore fint å fått flytta før det vart vinter. Men så var det det med espalier da. Ulykkelig Hmm - må visst berre bestemme meg for ein offensiv her. Er nødt til å involvere mannen, og han har vond rygg. Er på bedringens vei da, heldigvis. Mr. Green

Ha ein fin mandag alle, uansett vær. Stort smil

Liljebestilling frå Canada

31 jul 2007 10:03


[  Humør: fornøyd ]
[ jobber jeg , men har ei lita pause.... Akkurat nå: jobber jeg , men har ei lita pause.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det vart liljebestilling gitt. Eg har jo ikkje greie på sånne fine vekster, men ser på bilder og bestiller dei eg likar. Set jo også pris på beskrivingar som inneheld ord som "hardfør", "veksevillig" og "frodig" sjølvsagt Blunke

Har bestilt følgande:

Red Wax
Kissme
Astral Belles
Blackberry Intrique
Menton

Pluss ei etterbestilling i dag, i tilfelle noko er utsolgt Pinlig berørt
Raspberry on Whip

Gleder meg alt til dei kjem med sine første blomster Hoppende glad

Har planlagt at når dei rosa liljene som ikkje var av blått blod, og dei andre (Stargazer?) er avblomstra, så må eg ta for meg det som etter kvart har blitt liljebedet:
-fjerne gamal barkduk
-grave opp seks rose-spirea av ulikt kaliber
-grave opp ein liten, raudblada klokkebusk
-flytte New Dawn
-få ned kablane til garasjen
-PLANTE LILJER! Stort smil

Eit nytt spørsmål dukkar sjølvsagt umiddelbart opp... Kva skal eg ha rundt og mellom liljene den tida dei ikkje blomstrar, og for å halde ugraset i sjakk? Hmmm - må tenke litt her visst Klovn

Slapp dag

01 aug 2007 16:29


[  Humør: drittlei ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har hatt nokre superdaffe dagar nå. Veit ikkje kva det er med meg. Null energi, i alle fall -og det rett etter fire veker med ferie. Shocked

Like før eg sender ei trøste-bestilling av meir Iris og litt anna til Nautesund . Pinlig berørt

Har laga meg ei lita ønskeliste, men får sjå kva det blir til:

Red Revival (høg)
Honey Glazed (middels)
Oriental Baby (middels)
Cimaron Rose (låg)

Ønsker meg også Darmera peltata til ein liten sump-avdeling bak ripsbuska, som grensar inn mot lundhagen. Der veks det nå ugras, med rikeleg med høymole. Død Iris pseudacorus Variegata kunne vore fin i lag med den vanlege sverdirisen ved muren, det er rett ved sitteplassen og det trengs noko som tåler å stå vått akkurat der. Tolmia menziesii "Taffs Gold" er ein bunndekker som er i slekt med Heuchera. Den er gulaktig, og skal vere i Lundhagen. Før det blir haust får eg vel plante til med det eg har tenkt å ha der, men som står andre stader nå. Det bør få etablere seg før hausten, så det kan bli fort frodig til våren igjen!

Litt laukvekster må eg og ha, i lyse fargar da sjølvsagt. Ikkje knall gule påskeliljer nei.... Kvite pinseliljer som luktar godt, snøklokker, klosterklokke, kvit krokus, kvit scilla, spaniablåstjerne, kanskje både blå og kvit? Mange fine, kjem sikkert på fleire som eg vil ha etter kvart. stjerne!

Skal prøve å halde meg til hovudsakleg grønt og kvitt, med litt rosa og andre lyse fargar. Blir mykje frodige bladplanter, ikkje så mykje spraglete hosta og sånt. Skal bli roleg og "meditativt", utan sterke effektar. Ønsker meg steinbenk som skal plasserast midt inni der - i ei lita fredeleg grønn hule der sjela kan få ro...... Drømmer

Desse skal i lundhagen:

Anemone canadensis
Cimicifuga ramosa "Atropurpurea"
Kvit hjortetrøst (sådd sjølv)
Haustanemone Kønigin Charlotte
Haustanemone Prinz Heinrich
Gillenia trifoliata
Kvit fredløs (lysimachia clethroides)
Acanthus mollis (sådd sjølv)

Har planta der alt:
Helleborus niger (mørk raud)
Helleborus rosa
Helleborus argutifolius (kvit/grønn)
Buksbom

Ei stor bregne står der frå før. Stort smil

Nå er det faktisk sol ute! Veslegutten har vore ute på tokt ei stund, eg må vel gå og finne han!

Bestilling Nautesund

01 aug 2007 22:10


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Bestillinga er sendt. Irriterande at dei plutseleg ikkje hadde att Oriental Baby, og at eg tabba meg ut på Red Revival - såg at ein annan raud som var finare rett etterpå.... - kanskje ikkje for seint å korrigere...

Ellers gleder eg meg til å få ut hagefingern igjen snart!!!! Vil plante, ordne, flytte, gjennomføre planar - har så mange av dei!!! Er så surt å vere utan energi. Er IKKJE tålmodig anlagt! Mad Mad

Shopping og fjelltur

03 aug 2007 22:08


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av med kald Hansapils Akkurat nå: slapper jeg av med kald Hansapils ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har hatt den travle rektor-søstra mi på besøk. Det vil seie ho er hos foreldra mine i Stryn, men var med på shoppingtur/jobb i Førde i går, og besøk her i dag - i dag vart det tid til både shopping og fjelltur! Mr. Green

Eg laga ein kjempegod middag som minner meg veldig om bestemora mi frå Gran på Hadeland. Fersk suppe og kjøtt med sursøt saus. Laga det på koteletter, det går fint an sjølv om det egentleg skal vere oksekjøtt. Mmmmm Sikle

Vi var altså ein rask tur på Skårhaugnakken, eit fjell "nær meg". Det er det sola forsvinn bak i 20-tida kvar kveld (berre i klarvær, vel å merke!!). Laughing Vi brukte 1t og 45 minutt, slett ikkje verst. Eg peste fælt, da. Pinlig berørt

Hagevandring hadde vi også, eg er alltid like fornøgd når eg kan "lure" med meg nokon rundt i hagen og får dosere om ditt og datt. Pinlig berørt Oppdaga forresten at den sjølvsådde geranium pratense "Striatum" hadde lurt seg til å få ein blomst!

I morra blir det vel blåbærtur. Det har eg lovd minstemann. Lurer på når det skal bli råd å få seg ein gravedag i hagen igjen?

Over 7000 gitt....

04 aug 2007 11:38


[  Humør: sjokkert ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Må berre seie at nå har eg passert 7000 besøk i dagboka mi - på eit snaut år. Shocked stjerne!
Tenk at så mange har hatt lyst til å lese her. Så moro da! Mr. Green

Ipomeaen på tre meter

05 aug 2007 00:01


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har kutta ned litt kvist etc. i dag, og malt det i kompostkverna. Tok juletreet og, det låg der fint i ein haug... La avfallet dels på surjordsbedet og dels i komposten.

Har ellers lite å berette. Sløv dag utan den store arbeidslysta. Det regna så vanvittig på formiddagen at blåbærturen måtte avlysast. Etter kvart kom været seg heldigvis. Bra for dei som er på festival - Malakoff rockefestival er i full gang i sentrum, artig med underhaldning til hagearbeidet. Laughing Litt vanskeleg å sove er det jo, men men. Skjer berre ein gong i året.

Har altså fått ein ipomea. Den har eg null peileing på. Sette den i ei stor god potte, og har gitt den bra med næring og vatn. Nå står den på sørsida av huset, med beskjed om å klatre på ei søyle ved kjellertrappa. Eg blir nesten redd når eg ser kor stor den har blitt! Shocked Men ingen blomster enda, når kjem dei egentlig? Fin er den jo likevel da, og villig må ein kunne seie... Klovn Snart kjem den vel og bankar på verandadøra og vil inn! Shocked Laughing

Kjempevarmt!

06 aug 2007 21:47


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har bada i sjøen i dag! Det må berre slåast fast, og det er 3. gong i år. Har berre orka å hæle meg såvidt altså.....Veslegutten og eg tok ein lynrask tur til Lote og koste oss ein times tid før han vart veldig vidløftig med noko lastebilkjøring og balansering på steinmurar. Shocked

Dette er herleg, og føles som ein slags bonus ettersom eg nå hadde innstilt meg på haust... Forvirret

Nå må eg sjå Anna Pihl i lag med mannen min. Junior sovna som eit skudd i dag, herleg med ein "frikveld" Smil

Hmm Pinlig berørt , Kongeliljene mine er på tur til å sprette ut, samt noko som er kjlpt som Stargazer. Dei første, rosa/gule er snart ferdige. Likar dei ikkje så veldig godt, men men. Tydeleg at dei er villige, trur jammen dei må ha formeira seg i bedet eg! Shocked

Ha ein fiiin kveld! - håper alle har det like sommarleg og fint som oss! stjerne!

Cobaea - klokkeranke

07 aug 2007 11:07


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Eg har rota litt igjen! Pinlig berørt Det er COBAEA eg har som er tre meter, ikkje Ipomea slik eg skreiv. Eg har fått planta, og har aldri hatt verken den eller Ipomea før. Den vart truleg sådd litt seint, så blomstringa kan kome etter kvart håper eg. Nå er det i alle fall optimale forhold for ein sånn sol-og-varme-elsker. Mr. Green

Den er i alle fall fin i bladverket, og på den rette plassen er den fantastisk flott sjølv utan blomster. Sjekkar kvar dag om den har knuppar, skal fortelje meir når det skjer noko. Hoppende glad

Tur til Florø for friskmeldt Cherie

08 aug 2007 19:41


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av etter ein hard arbeidsdag... Akkurat nå: slapper jeg av etter ein hard arbeidsdag... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har altså vore på møte i Florø i dag. Grei kjøretur på to timar kvar veg. Greit møte også, så bortsett frå at eg er ganske sliten Forvirret så er absolutt alt greit...

Skal nå prøve å jobbe 80% ei stund for å sjå om det går. Det føles heilt annleis nå enn for berre nore månader sia, så kanskje eg er på tur til å bli frisk?? Vi får håpe det. Er lei nå etter eit år for halv maskin.

Været i dag har ikkje vore særleg å skryte av, og dermed var det ingen tragedie at eg ikkje har orka nokon ting etter middag. Nå skal eg snart få junior i seng, og så skal eg slappe fullstendig av... Hårete lykke

Vurderer å lage meg ei liste med navn på frø eg må bestille til neste år. Har så langt calendula Coffe Cream, Zeina-agurk og brokkolien til Randine på lista. Går og spekulerer fælt på lundhagen for tida, men kjem ingen veg med noko i hagen før eg får samla og kvitta meg med masse stein i alle størrelsar og fasongar. Dei kan bli fyllmasse bak garasjen, passar meg veldig godt. Det har så langt blitt deponert litt her og der, men nå må det ryddast! Enig Ellers lengtar eg etter litt graving og planting igjen, eller helst følelsen av at eg har gjort ein skikkeleg innsats. Er litt misfornøgd med både hagen og innsatsen for tida. Bør plukke stein og luke først, så ser eg vel lysare på det. Rolling Eyes Har jo faktisk fått gjennomført ein heil del store prosjekt denne sesongen. stjerne! Gleder meg til våren eg Klovn

(Til Elin: dei STORE steinane skal ikkje bli fyllmasse altså, men eg vil ha dei sjølv Blunke )

Koseleg hagevandring

09 aug 2007 23:21


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av med et (!!) glas rødvin Akkurat nå: slapper jeg av med et (!!) glas rødvin ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Hagevandring med hagelaget i kveld. Der traff eg også Hajal, Elin og Strand. Vi fekk kome inn i ein triveleg, nesten sydlandsk hage i Eid sentrum med frodighet og kreative bed, gangar og byggverk over alt. Tydeleg folk som set pris på å vere ute og kose seg om sommaren! Veldig inspirerande for ein hageeigar utan særleg mange sitteplassar og "byggverk". stjerne!

Ellers har eg vore i Sogndal i dag, har blitt mykje kjøring denne veka. Har fått hørt masse lydbok! Stort smil Det er "Menn som hater kvinner" av Stig Larsson, og den er veldig bra! Cool Må vel leverast på biblioteket snart, men eg berre MÅ høre den ferdig!!!

Eg har fri i morra...... Blunke
Arbeidslysta er tilbake (trur eg)
Værmeldinga er bra!

Yess!!! Klovn Klovn Klovn Laughing

Uinspirert!

13 aug 2007 21:38


[  Humør: nøytral ]
[ leker jeg med duplo.... Akkurat nå: leker jeg med duplo.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har vore på liten campinvogntur i helga i lag med mann og barn og til dels foreldre. Måtte sette opp forteltet for første gong, og prøve å bli litt "innbodde" i vogna og på campingplassen der den står fast. Det er eit eksperiment, vi skal sjå om vi greier å finne roen oppi furuskogen. Er godt å ha ein plass å reise til når ein treng litt avstand frå alt stress og kav. Ikkje minst er det bra for mannen min, trur eg. Fint område for bærplukking og turgåing i vakker natur og ofte pent vær! Veslegutten storkosar seg, men ho mor har problem med å få sove der.... Shocked

Etter jobb var eg og såg til kjøkkenhagen, og er mektig stolt av den aller første squashen nokon gong som eg har dyrka fram! Enig Den er sikkert klar til å bli fortært i morra eller overimorra.... Stort smil Plukka med eit par-tre gulerøtter og nokre sukkererter og. Den andre såinga av ruccola er snart hausteklar, det same gjeld ein ny type plukksalat. Skal heilt sikkert ha større kjøkkenhage neste år!

Har nå endeleg fått blomst på den siste "Biskopen", og ser at eg nok har mista llandaff, for det var ein knoll som råtna for meg. Har ein som liknar da, The Bishop of Auckland. Den er fantastisk flott, sterk raud, enkel og med gul knapp i midten... Dei to andre må vere The Bishop of Oxford (orange) og The Bishop of Canterbury (raudlilla). -eller omvendt? Eg får ikkje til å søke på dei nå, så eg veit ikkje om dette er rett. Dei trivs veldig godt i pottene sine, med petunia ved "beina". Neste år håper eg at dei har blitt enda kraftigane, da skal dei få kome i bed i lag. Ser for meg at det skal bli flott med samplanting, så dei får blande fargane sine litt. Bladverket er utruleg likt på desse tre. Håper berre eg får til å overvintre dei da... Uenig

I kveld sit eg med Zimtradekatalogen som kom i dag..... Blir nok litt i haust og, ja Pinlig berørt

Kongeliljer luktar fantastisk godt og sterkt?! Var ikkje klar over det. Må i alle fall ha fleire av dei! Tilber

Gebursdagsnotat

14 aug 2007 11:56


[  Humør: fornøyd ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Dagboka mi har eittårsdag i dag!

Tenk at eg skulle bli ein sånn ivrig dagbokskribent! Shocked Det har eg ikkje fått til før, altså. Eg er litt fornøgd med meg sjølv i dag. Stort smil

Ellers er hagen fin nå, eg likar godt seinsommaren og hausten. Det er liksom ein slags "bonus"- sommaren er på ein måte slutt, men så er han ikkje det likevel... Som ein uoffisiell fortsettelse av festen! Ofte koselegare enn den offisielle! Blunke

Og nå framover kan vi nyyyte plommene, soppen og bæra og alt det andre gode! Mr. Green

Skulle berre ønske at formen var betre om dagen. Går med huevondt på 8. dagen, stiv nakke og øresus. Mad Har aldri før i mitt liv opplevd noko slikt. Brukar å vere frisk, eg. Enig Er vel bortskjemt Pinlig berørt

Ha ein fin augustdag i alle hagar over det ganske land! Gruppeklem

Nytt kamera

15 aug 2007 19:05


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her er det eit bilde frå kjøkkenhagen - teke i dag med det nye kameraet mitt! Nå skal eg endeleg prøve å lære meg å legge inn bilder. Klikkbar versjon blir neste ting som må lærast... Mr. Green



Kjøkkenhagebenken ved den store steinen, og sukkerert-stativet.

Gult i hagen??

15 aug 2007 21:57


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere




Ville berre vise eit eksempel på aktiv bruk av fargen GUL i hagen..... Laughing

(Og trur bildet vart klikkbart, jukseoppskrift frå Photobucket... Pinlig berørt Mr. Green )

Zimtrade-katalogen

16 aug 2007 23:13


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kan ikkje forstå kvifor dei som lager katalogar manipulerer fargane til å bli STYGGARE enn i virkeligheta!!!?? Shocked

Lilja Luxor ser sånn ut på dette bildet

og i katalogen er den gulerotfarga orange...

Det blir nok bestilling på meg snart. Det er så fristande med sånt som du plantar om hausten når det er trist og mørkt, og som dukkar opp att neste sommar og er fantastisk flott... Drømmer Det apellerer veldig til den delen av min hagegale personlegdom som lever i ein drømmeverden der alt er fantastisk frodig, fargerikt og ekstremt vakkert - heile tida! Cool Klovn Til neste år altså! Laughing

I morra ventar eg ein liten visitt av Hajal og ElinG. Det skal bli koseleg. Håper berre været tilbyr nokre regn-pauser så vi får vore litt ute. Har da skjedd litt her i sommar, sjølv om det er mykje som gjenstår.

Sjuk

20 aug 2007 10:32


[  Humør: drittlei ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har blitt kraftig forkjøla i tillegg til vond nakke/huevondt/øresus. I tillegg søv eg dårleg om natta, vaknar kvar natt i 4-5-tida og får IKKJE sove igjen... Død Etter nøyaktig to veker på denne måten (unntatt forkjølelsen da, den kom før helga), er eg temmeleg lei!

Måtte berre syte litt. Rolling Eyes Pinlig berørt

Må seie at hagebesøket torsdag var utruleg koseleg! Hajal og ElinG orka å gå rundt i min ikkje-så-fantastiske hage i over ein time i ausande regnvær!! Det er sanne hagevenner! Stort smil Klem I tillegg hadde Hajal med seg mange slags sjølvsådde engnellik og primula. Hoppende glad Gleder meg vilt til neste år, særleg primulasesongen skal bli fantastisk! Eg har mange fleire slag nå enn i vår. Mr. Green

Nå er huset tomt, alle skulegutar er vekke, og jobbemenner og barnehagebarn likeså. Herleg! Nå skal eg ta meg ein dusj, og prøve å kome meg til hektene til eit møte eg må vere på kl. 13.

Ha ein fin dag! Cool

Album-jobbing

21 aug 2007 22:43


[  Humør: fornøyd ]
[ jobber jeg med album-oppdatering Akkurat nå: jobber jeg med album-oppdatering ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har vore rimeleg flink i kveld. Albumet er utvida med ein del nye bilder, og kompetansen hos underteikna er utvida nokre hakk i samband med dette! Cool

Er nå rimeleg trøtt og utslått av vondt i hue igjen, så eg orkar ikkje skrive så mykje. Etter at eg fekk meg litt nakkemassasje i ettermiddag slapp det faktisk taket ei stund. Det hjalp, altså. Men etter litt PC-jobbing er det visst på veg tilbake.. Død Eg tek snart kvelden, og håper at eg er fit for fight i morra tidleg! Mr. Green

Illustrert utgåve...

22 aug 2007 12:48


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sit på jobb og prøver å gjere noko vettugt.....som å skrive innlegg i dagboka for eksempel. Laughing

Frå første oktober er eg tilbake på den gamle arbeidsplassen min, men som "menig", utan sjefstittel! Heldigvis!!! Eg er spent på korleis det kjem til å bli når eg havnar i krigssona igjen. Har levd rimeleg roleg og fredeleg eit år nå, i ein jobb der stress-og-krise-følelsen absolutt ikkje er så stor som i den jobben eg skal tilbake til. Det ER vanskeleg å prioritere eigne behov når ein jobbar med ungar som har det vondt. Forvirret

Skal nyte freden så lenge eg kan. I morra tek eg med meg veslegutten på Oslotur. Først skal vi mellomlande hos søstra mi, strategisk plassert i Lillehammer-traktene. Blunke Vi skal ta toget til Oslo fredag, og skal besøke den eldste sønnen min som er sivilarbeider og bur midt i sentrum! Det blir koseleg, og det blir veldig spennande for minstemann å reise med tog. Blunke

Nå skal eg straks hente pakka frå Nautesund på posten, Hoppende glad men først skal eg prøve å sette inn eit bilde frå albumet mitt.

http://www.hagegal.no/hagefora/v/album1853/2007/P8150012.JPG.html

Ok. Var det sånn det vart.

[img]http://www.hagegal.no/hagefora/v/album1853/2007/P8150012.JPG.html[/img]

Å ja vel ja.... Rolling Eyes

Søren og, får det ikkje til. Nå må eg visst oppdatere meg litt igjen. Shocked Klovn

Squash-bilde...?

22 aug 2007 13:02


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere



Ja, der var den ja! Enig grønn og fin. Mr. Green Men klikkbar utgåve hadde absolutt gjort seg.... Uenig



Ho ho! Det vart rett! Stort smil Stort smil Stort smil
Takk til Miamaria og Solfrid for råd&rettleiing Klem

Panikk-planting

23 aug 2007 11:11


[  Humør: forvirret ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Planta ut diverse i går, litt planlaust og i full fart fordi eg skal reise vekk til mandag og det er meldt nokolunde vær. Da blir det fort tørt i pottene, og vatninga blir vel så som så.

Fekk endeleg planta ut clematisane frå Kivistik, dei har stått i potter i heile sommar. Pinlig berørt Har hatt kjempedårleg samvittighet for det. Trur det berre var ei som var Død , ellers levde røttene i alle fall. Nå står dei i ventebed, men på ein nokolunde bra plass. kryssar fingrane for at det går bra med dei i vinter! Eg ventar på espalier på muren min. Må ordne med det ein dag eg er i ekstremt godt humør og ditto form! Hårete lykke

Planta også ut dei tre irisane frå Nautesund (ein dei ikkje hadde), samt bunndekkeren eitelleranna "Taffs gold" og Darmera peltata. Eg hører at folk driv og får bonusplanter frå Nautesund!? Mad Det har eg til gode å oppleve, har da bestilt derifrå tre gonger nå. Må vere "ekstremkunder" det da! Laughing

Primula-planting vart det og. Alle fire sortane frå hajal, samt mine egne Primula veris og den eine augustprimulaen som kom opp. Er fin og stor den, så det går nok bra. Ellers må resten stå til over helga, men eg har altså endeleg spadd litt igjen. Lenge sia sist. Har ikkje vore i særleg form i sommar. Er betre nå, og satsar på eit gedigent comeback snart! Blunke Mr. Green

Lysta til å kome meg ut er i alle fall tilbake, og det har den ikkje vore på eit år omtrent. Nå skal eg altså til Lillehammer/Oslo i dag i lag med minstemann, og neste helg blir det vel tur til Sogn med jobben til mannen min. Han gir uttrykk for at han er lei av å leve i "isolat", og det kan eg godt forstå. Det eg ikkje forstår er kvifor menn trur dei må isolere seg sjølv om kona gjer det? Er vel eit kjent fenomen at det er mor i huset som ivaretek den sosiale kontakta til familien, men det er ikkje heilt rett at det skal vere slik. Mad Eg blir svett av ansvaret av og til. Mad

Har nå skreve masse om ting eg absolutt ikkje hadde tenkt å skrive om. Klovn Ja, ja. De får bære over med meg! Cool

P.S. Haustanemonene er planta ut omsider. Håper dei får tid til å etablere seg skikkeleg før vinteren. Skal visst fungere best med tidleg planting, men men. Vi får sjå. Smil

Heime igjen

29 aug 2007 14:01


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sit på jobb ,men har ei lita hagegal-pause. Cool Kom att frå Osloturen mandag kveld, og var i Førde ein tur i går. Det har gått litt slag i slag nokre dagar.

I går hadde eg min andre fotsoneterapi-time for nakken, og da eg kom heim vart eg trøttare og trøttare... Forvirret Eg la vesleguten kl. 20, og la meg like godt sjølv samtidig! Shocked Sov som ein stein til i dag tidleg kl. 06.30! Huet og nakken er mykje betre nå. Det er til å leve med. Formen ellers er rimeleg bra også, men eg er totalt lamma om morran. Frå eg står opp til eg kjem meg på jobb er eg fullstendig pudding, og går for halv maskin. Null toleranse for frustrasjon, samt sløv som om eg skulle vore dopa! At det går an! Nå må det da snart kome seg, eller? Shocked

Til helga skal eg vere med mannen min til Sogn ein plass med jobben hans. Vi skal bu på noko som heiter Munthe-huset, og det er lagt inn fjelltur, grilling med meir. Foreldra mine skal bu hos oss og passe veslegutten. Blir litt godt med ei barnlaus helg for ein gongs skuld. Lenge sia sist!

Ha ellers ein fin ettermiddag og kveld alle. Håper regnskurene roar seg ned litt snart, for eg skal på fjelltur med turdamene i TPT! (Står for "Tause på tur". "Taus" tyder "jente", det handlar altså ikkje om at vi ikkje seier noko....!! Laughing )

Helgetur til Sogn

31 aug 2007 14:07


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nå skal vi snart sette oss i bilen med kurs for Munthehuset i Sogn. Skal la veslegutten (og dei to store) bli att heime med bestemor og bestefar. Det går nok bra, sjølv om dei ikkje er heilt unge lenger. Skal vere i lag med nokre kollegaer av mannen min - er litt spent men trur det blir bra.

Har også akkurat fått eit ørlite sjokk da eg "oppdaga" at forumtreffet er alt neste helg! Eg innbilte meg at det var to veker til... Shocked

Blir da tredje helga på rad eg ikkje er heime....Eg brukar å trenge litt pauser i fartinga vanlegvis, er ikkje typen til å kunne ta alt på strak arm. Det går vel bra, får ta det roleg fram til jul nå da.. Laughing

I hagen er det stillstand, men litt squash og salat er det på gang i kjøkkenhagen. Staudesolsikke som eg fekk i jor har fått blomst nå såg eg i dag. Det er fint. Eg gleder meg over den gule solhatten som nettopp har starta blomstringa for fullt. Den er god å ha om hausten når ein treng litt farge-oppmuntring! stjerne!

Ha ei fin helg alle som les dette! Stort smil

Litt trøtt og slapp

04 sep 2007 23:05


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Turen til Munthehuset i Luster var fin, trass i at været var så som så. Fredagen var det faktisk fint vær, men da var eg inne dessverre. Ulykkelig

Nå er eg veldig konsentrert om å få vaska klede så eg har noko å ha med meg til Bergen fredag, samt å slappe såpass av at eg kjem meg litt til hektene att før det brakar laus med forumtreff..... Shocked Eg gleder meg, men kjenner nok at det hadde vore kjempegodt med ei fredeleg helg heime nå. Får tenke på at eg knapt har vore utafor døra heile det siste året. Forvirret

Eg har endeleg bestemt meg for å ta båten. Reiser til Måløy med bussen på fredag morgon, og går på hurtigbåten der. Går ut frå at Hajal og RandiF også dukkar opp etter kvart. stjerne! Eg får da med meg arboretet også. Måtte berre avlyse ein jobbavtale, men pytt pytt. Blunke Dette er jo rimeleg viktig! Er glad Hajal og RandiF også reiser. Det er OK å kjenne nokon på eit slikt treff. "Kjenner" jo fleire gjennom forumet da, men det å ha sett og snakka med folk er nå tross alt noko anna. Uansett reiknar eg med at helga blir flott, og ei oppleving eg kjem til å hugse med glede leeeenge.... Mr. Green

I dag har eg vore i Førde, og har hørt oppslukt på Menn som hater kvinner-lydbok heile vegen fram og tilbake. Veit knapt at eg har kjørt bil.... Cool Kjempespennande! I morra skal eg til Sogndal på veiledning, så da skal eg få hørt resten. Det er på tide, eg er forundra over at ikkje biblioteket har ringt meg og mast om tilbakelevering. Nå skal dei snart få den altså! Enig

Da er det leggetid - god natt til alle eventuelle dagboklesarar! Drømmer

Forumtreff - snart avgang!

06 sep 2007 22:32


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har pakka det grøvste, dusja, og skreve ut program og meny etc.... Cool
Har kjøpt vin, har pakka goretex-sko regnjakke, må skaffe bok til båtturen.
MEN eg har absolutt ingen bytteplanter eller frø med... Forvirret Er det ei dødssynd tru??? Død Har ingen ting eg trur kan friste, og orkar sant å seie ikkje gå ut og sjå om det er noko eg kan grave opp. Har jo planta veldig mykje denne sesongen, så det meste av det eg har som er spennande er for smått til å delast. Eg får love å kome sterkare tilbake seinare! Er ikkje så mykje eg har lyst på nå heller - hageenergien har vore laber lenge. Har i grunnen nok som skal i jorda før det blir vinter. Pinlig berørt

Uansett har eg tenkt å ha ei flott helg, og gleder meg veldig! Håper berre eg kjem meg opp og rekk bussen kl. 06.10 i morra. Når det er i orden, kan eg berre slappe av resten av helga! Laughing

Ha ei fin helg alle saman! Gruppeklem

Etter forumtreff

10 sep 2007 15:24


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kom att frå Forumtreffet klokka halv elleve i gårkveld, ganske sliten, men veldig fornøgd. Eg var fornøgd med alt eg hadde opplevd i helga, og med plantene eg fekk med meg frå Eide! Mr. Green Det er mange andre som har skreve referat, så det trur eg ikkje eg gjer nå, men vil berre seie at Arboretet og dei korte men informative foredraga var kjempebra. Og Eide sjølvsagt.... Klovn Ja, eg skal snart laste ned picasa -bilderedigeringsprogrammet vi fekk opplæring i! Gleder meg også til å finne meir ut av kameraet mitt, og til å skaffe meg fleire juleroser!!! Cool Det oppsto faktisk også ei slags rosehandleliste i huet mitt under Christina sitt roseforedrag, og det sjølv om eg egentlig ikkje likar roser - forstå det den som kan! Forvirret

Eg kjøpte nokre lekre planter på Eide:

Geranium Black Beauty
Heuchera Lime Ricky
Heuchera Midnight Rose
Heucherella Pink Whisper
Hosta Love Pat
Phygelius X rectus "African Queen" (Kappfuchsia)
Gingko Biloba
Acorus grammineus "Variegata"

Desse er nå i jorda, etter ein
svært grundig snegleegg-sjekk. Eg vaska ikkje av jorda, men grov vekk ein del ved rothalsen, samt inspiserte under og på sidene. Har ein ide om at snegler ikkje grev i jorda, men held seg på overflata. Håper det stemmer! Fant ingen ting.

Eg har planta Phygeliusen djupt som eg fekk beskjed om, til eigen opplysning står den i langbedet ved busknelliken. Nå blir det spennande da, om den overlever vinteren.

Eg har endeleg planta Viburnumen min, i lundhagen ved bekken. I lundhagen står også Heucheraene/-ellaen. Den kule, intenst limegrønne "grastusten" som skal ha det fuktig (Acorus) står i sumpdelen av Rhododendronbedet. Håper veldig at den vil like seg - den var nydeleg! Eg er jo som kjent veldig glad i limegrønne planter! Lime Ricky var også flott - den har eg ønska meg ei stund! Stort smil

Til slutt: eg har lovd meg sjølv dyrt og hellig å ta ein tur til Arboretet til våren. Det var mykje finare der enn eg hadde trudd. Masse, masse spennande! Trepeoner, prestekragebusk, masse rare tre samt fine anlegg som ein blir inspirert av. Drømmer

Takk for ei fin og minnerik helg alle saman! Gruppeklem

Dypdykk i frøpermen

12 sep 2007 11:13


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fann nokre rare saker som eg ikkje visste eg hadde

Persicaria polymorpha Den var kul!
Asclepias incarnata
Soldanella villosa
-Typisk nærsyntplante! Kva tenkte eg da eg kjøpte den tru? Shocked
Salvia glutinosa
Eragrostis airoides Veldig lite bilde, men fint gras. Blir også kalt "Airy Love Grass". Eg veit berre ikkje om det er eittårig eller fleirårig! Klovn

Her er litt info henta frå Hortus Nurcery i Devon si heimeside:
Eragrostis airoides (airy love grass)
A curtain of the lightest, airiest pale green flowers cascades over a neat clump of foliage from mid-summer onwards. Once the flowers have turned beige, cut them back to the crown to get a second crop in autumn. It makes an excellent focal point in a container. 30 x 45 cm. Sun, well-drained soil.

Eg har meir rart og, men nå har eg ikkje tid til å google meir. Må kanskje ut på (frø)byttemarkedet snart.... Pinlig berørt

Bestilling Zimtrade

12 sep 2007 11:38


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Innlegg nr. to på ein time. Hmmm Klovn (er ikkje på jobb i dag, altså!)
Her er bestillinga eg endeleg fekk sendt. Har ikkje nokon bråhast i og med at dei ikkje sender ut liljebestillingar før etter midten av sept. uansett.

Ja ja. Kvar skal alt dette stå tru? Eg skal ha fri heile neste veke, da må eg vel ordne plassar og klargjere til den stor laukplantinga! Forvirret Er IKKJE glad i å plante lauk - med er desto gladare om våren for at eg gadd å gjere det likevel! Blunke

Fritillaria pallidiflora (lundhagen)
Scilla tubergeniana (lundhagen)
Chionodoxa luciliae (lundhagen)
C Narcis Jenny (lundhagen)
Tulipa Tarda (lundhagen)
Lilje Garden Party (Orientalsk lilje)
Lilje Luxor (Asiatisk lilje)
Crocus Tommasinianus Ruby Giant
Crocus Blue Bird
Crocus Purpureus Grandiflorus
Ornithogalum narbonense (lundhagen)
Allium cowanii
Allium Purple sensation
Tulipa Uncle Tom
Tulipa Angelique
Lilje Regale 'Kongeliljen'
Lilje Tigrinum Salmon !
Lilje Hybrid 'Black Beauty'
Hippeastrum Gelbe Lemon Lime

PS: Har sådd eit frø av paeonia mlokosewitchii (svovelpeon) i kvitmose i plastpose i dag. Frøet havna i lomma mi i Bergen i helga, anar ikkje korleis. Pinlig berørt Spennande..... Enig

Heime-helg er godt!

15 sep 2007 15:14


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av i godstolen, med PC! Akkurat nå: slapper jeg av i godstolen, med PC! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Første helga på tre veker eg er heime...! Og det er godt, altså. Hoppende glad Kom att frå Førde og ei natt på Sunnfjord hotell i går. Den faglege biten var Interessant nok, men nå ser eg fram til å ha ei veke fri. Skal springe ut og grave mellom regnbygene og vindkasta! Stort smil Det er Eidamesse her i dag, men eg orkar ikkje ned i mylderet. Var ein liten tur i lag med veslegutten, og det var umuleg å handle noko særleg som vog litt. Måtte parkere rimeleg langt unna butikkane. Tenk at folk orkar sånt i dette været! Shocked Kanskje tivoliet lokkar for mange av dei små og halvstore.

I dag har eg vore på Lidl i håp om litt spennande lauk, men vart skuffa. Det dei hadde var ultra-kjedeleg. Fekk berre med ei pakke med kvite botaniske narsissar "Pueblo". Skal ha dei i lundhagen.

Tok ein liten tur i kjøkkenhagen etter butikkturen. Fann ein fin squash, samt litt salat, sukkererter og blomster! stjerne! Eg er fornøgd, sjølv om eg godt kunne ha tenkt meg ein lang, mild haust for å få fram alle fruktanlegga på squashen. Det andre har også stagnert. Trur eg kunne fått minst dobbel avling med tidlegare start, mildare haustvær og betre gjødsling. Neste år skal eg få tak i møkk, og starte mykje tidlegare!

Den kvite Cosmosen som eg sådde tidleg i juni kjem ikkje til å blomstre. Den må ha ei lang utviklingstid, eller så treng den meir varme enn vi kan tilby her, for å blomstre i rimeleg tid. Trur at den må såast inne her hos oss for å få blomster før jul... Forvirret Da veit eg det. Treng likevel ikkje å så dei i mars, slik eg gjorde i vår. Det var for tidleg! Pinlig berørt

Ellers prøver eg å hugse på at eg har fått gjort ganske masse i sommar. Skal prøve å pusle litt ute i vinter dersom det blir bart og mildt. Det er mykje ein kan gjere av rydding etc., og da blir det verdifulle timar spart til våren "tek av"! Gleder meg veldig til vår, men det er leeenge til Crying or Very sad . Nå handlar det om å få tida til å gå med hyggelege syslar som lesing (på "gal"), frøbestilling, baking av squashkake etc. Blunke

Ha ein fin laurdagskveld! stjerne!

Blomstrande keramikk

17 sep 2007 14:51


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I går kjøpte eg desse tre veggskjolda i keramikk av mannen til venninna mi. Han heiter Trond Ove Sira, og er kunstnar i tillegg til jobben sin som lærar på kunstlinja på Fjordane folkehøgskule. Er dei ikkje fine? Hoppende glad Dei minner meg om blomster og frodige vekster...... Skal henge på stoveveggen og vere med på å hjelpe meg gjennom vinter&mørketid hadde eg tenkt! Stort smil



Ellers har eg planta Tidlaus-laukane som har blomstra så fint oppunder taket i vaskerommet dei siste vekene, hengande i eit kvitt plastspann... Klovn Pinlig berørt

Har også nesten fylt gruskarmen med jord frå den stooore jordhaugen, trass i hissige regnbyger innimellom nokre forræderiske solgløtt. Mad Fyller opp med kjøpejord til slutt, ikkje fordi det er nødvendig, berre fordi eg er lat... Cool

I løpet av veka håper eg å få planta dit alt som fortsatt står i potter og ventar på skikkeleg bakkekontakt!

Har altså starta på friveka mi - stressar meg opp med tanken på at eg har lyst til å få gjort så mykje denne veka. Strever med å slappe av og kose meg for tida. Er uansett glad for at eg i dag kunne drive litt med fysisk arbeid utan at huet vart vondt. stjerne! . Det har eg ikkje opplevd på nokre veker, godt teikn. Blunke

Ha ein fin mandagsettermiddag alle hagevenner! Stort smil

Sur & lat: festleg kombinasjon....

19 sep 2007 08:52


[  Humør: sur ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Var hos frisøren i går. Vanlegvis er eg fornøgd, og har gått hos den same i mange år. I går var ho (også) sur trur eg, og var absolutt meir opptatt av å diskutere med ein selger samt ein kollega om ein "ny serie" dei skulle starte med, enn av håret mitt! Forvirret Denne gongen er eg IKKJE fornøgd! Mad . Mannen min meiner eg var finare før eg gjekk... Ulykkelig

Eg er også sur fordi eg har så lite energi, og fordi dette huset skulle ha vore renovert frå kjeller til loft. Det er møkkete og rotete her, for å seie det som det er! Død --og eg orkar ikkje begynne! Anar ikkje kvar eg skal sette inn støtet først, det er rett og slett ei noko overveldande oppgåve. Er fortvila! Har lyst til å kaste alt! Crying or Very sad Har erfart at det er lett å begynne, men ikkje så lett å få fortsatt og gjort det ferdig, med masse andre ting som skal følgast opp heile tida.

Motlaus, trøtt og stygg på håret! Huff, livet er no dritt av og til! Død Klovn

Innevær

20 sep 2007 13:06


[  Humør: nøytral ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

I går hadde eg ein dårleg dag, som mange veit. Forvirret Formen var laber, og behovet for kognitiv restrukturering var stort. Laughing Til slutt vart eg sittande og lese på nettet om "Kronisk utmattelsessyndrom" og liknande festlege tema... Død

DA bestemte eg meg for at nok er nok!!!! Mad Ondt smil Mad Mad

Eg skal f.... meg ikkje ha noko diagnose av noko slag, anna enn sånne som går over!

Gjekk ut og sette krokuslauk! Planta også mange arme pottebuarar i den nye ventekarmen. laga byttefrøliste, og fekk sendt eit par dårlig-samvittighet-PMar, samt ein ditto SMS! Så baka eg seks brød. Været var slett ikkje verst i går, så det var OK å vere ute. Fekk også handla litt nytt til huset, av sånt som har stått på huskelista i uminnelege tider. Utpå kvelden kom det hyggeleg invitasjon til Bacalaoselskap laurdag! Stort smil

I dag har eg rydda i fotoalbumet mitt, lagt inn litt nytt, rydda i bilder på maskina mi og faktisk lært enda litt nytt om bilder&data. Føler eg har mykje meir oversikt og kontroll nå! Hoppende glad Alt skjer ikkje heilt tilfeldig lenger, og bilder blir ikkje riktig så "borte" Pinlig berørt

Så skulle eg til å sy nye gardiner på TV-stua, men fann ut at hjernen måtte ha vore utkobla i handleøyeblikket, for eg hadde slett ikkje nok stoff! Mad Dei vage planane om IKEA-tur i haustferien vart dermed spikra. Enig

Nå skal eg snart ha min andre fotsoneterapi-timen denne veka. Veit ikkje om det hjelper, men noko må ein finne på.

Ha ein fin torsdag alle saman! Smil

Trist dag

23 sep 2007 10:31


[  Humør: fortvilet ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Var på bacalaofest i går, og kom heim seint. I nitida i dag kom det telefonbeskjed om at stesonen min var på veg til sjukehuset i Førde med luftambulanse. Han hadde vore med i ein bil som kjørte av vegen på Årsheim, og hadde smerter i nakken, ryggen og foten. Mannen min er på veg nedover nå. Vi håper veldig at han berre er forslått, og kjem seg att rimeleg fort! Dette var det siste han trengte nå, etter å ha kome seg att etter lymfekreften i fjor vinter.

Ellers ser været brukbart ut i dag, og eg skulle ha gått meg ein skikkeleg tur i det minste. Får sjå etter kvart - har vel sove drøyt tre timar i natt. Vi har jo ein liten kar som synest det er på tide å starte dagen litt før sju... Forvirret Han tek seg kanskje ein lur i saccosekken snart, og da skal ho mamma slenge seg nedpå og!

Var innom Elin i går med nokre rota stiklingar av den mørkblada spireaen Diablo. Synd ho ikkje var heime, men vi får ta det att. Avleverte også ei diger rot med vanleg vortemelk til ei eldre lærarinne (venninne av mor mi), som har masse spennande i hagen sin, men ikkje vårvortemelk! Forbauset Ho har også fått nokre røtter med vanleg prydsvinerot av meg, så eg har blitt lovd nokre godbitar i retur. Ho var heller ikkje heime, men det er muleg at det beste for meg er å vente til våren med å dra på meg meir som skal i jorda! Strever nok med det eg har frå før. Pinlig berørt

I dag er vi bedt til foreldra mine på fårikål, men må reise uten mannen min nå sjølvsagt. Huff, han unte eg veldig å få slappe av i dag, og ikkje minst sleppe meir bekymring for sønnen. Crying or Very sad . Eg håper berre så veldig at det ikkje er alvorleg! Ulykkelig

Lengtar etter blomster...

24 sep 2007 11:39


[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Akutt anfall av blomstringslengsel kom over meg i dag! Drømmer
Eg ser med glede at Hippeastrumlaukane mine, som fortsatt er på eit "til-seters-og -gjere-seg-feit"-opphald i austveggen oppå kompostbingen, ser ut som dei har hatt det fint i sommar. Nå har det sanneleg vore under 13 grader heile denne månen og i alle fall halve forrige. Det er 13 grader som er den magiske grensa for når dei byrjar å lage blomsteranlegg. Dei må helst ha det så kjøleg eller kjølegare i 10 veker, minimum 8. Så når vi kjem litt uti november skulle det vere på tide å plante dei i potter og sette dei i romtemperatur! Så byrjar ventinga på blomsterknuppane!! Hoppende glad

Eg har jo atskillig fleire laukar i år enn i fjor, så det blir truleg kontinuerleg blomstring langt framover våren! Har også bestilt meg ein ny frå Zimtrade:

Gelbe lemon lime. Her må du nok leite deg fram til rette bildet sjølv, under "Høstkatalog", og så "Knoller/løker for innedriving".

Når eg googlar får eg mange treff på ein som heiter berre Lemon lime, men ingen på Gelbe lemon lime. Uvisst om det er den Zimtrade meiner, eller om det også finst ein som er gulare.

Her er ein kjempelauk som eg bestilte frå Eurobulb i fjor. Nagano heiter den, og det er den eg likar best trur eg. Har enkle, rosa/laksefarga blomster, og hadde i alle fall i vår utruleg mange blomster på kvar stilk, og kom med utruleg mange stenglar! Eg trudde ikkje det var mulig, den vart liksom aldri ferdig med å blomstre. Gleder meg til den... stjerne!


Nå har eg fått nytt kamera,. og ser fram til å ta skikkelege bilder av alle eg har etter kvart som dei kjem utover vinteren og våren. Mr. Green

Har slutta å regne!

26 sep 2007 21:20


[  Humør: sur ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Husarbeid.... æsj! Merkeleg korleis det har ein tendens til å hope seg opp. Lite energi att etter ein arbeidsdag, og når veslegutten endeleg er lagt vil eg ha fri! Mad

Har vore på gamle arbeidsplassen min i dag, og hørt på foredrag om tankefeltterapi.... Ganske uortodoks behandlingsform, men han (Mats Uldal) påsto at dei skal vere i ferd med å ta det i bruk på smerteklinikken i Tromsø. Ikkje veit eg, men mannen var utruleg flink til å selge budskapet, det skal han ha! Vi får sjå etter kvart om flyskrekken han "kurerte" på direkten fortsetter å vere kurert, eller om den blussar oppatt når det blir alvor! Blunke -Ikkje min altså, eg likar å fly eg! Shocked Stort smil

Nå MÅ eg snart få gjort noko i hagen. Føler at det kan bli for seint om eg ventar stort lenger. Er litt bekymra for Zimtradelaukane og Liljeimport-laukane som ikkje har kome enda. I år vart det liksom så mykje tidlegare haust enn vi er vant med, og reiknar med at det betyr at det blir tidlegare vinter også... Eg har eit gedigent oppbevaringsproblem for pellis, hippeastrum og dahlia i år. Ventar med lengsel og smerte på garasjen og garasjeloftet. Ingen veit når det blir klart til bruk, kanskje ikkje før til våren. Ulykkelig Må vel fri til mor mi og den kalde kjellaren ho har. Den er dessverre ikkje så stor. Blir vel ei råd. Enig

PC-en min er ute av funksjon, så eg har ikkje tilgang til bilda mine mellom anna. Håper mannen min får orden på den snart, eg føler meg litt "lost" uten. Forvirret Han har bestilt ny skjerm, eg håper han greier å skifte den.

I morra er det meldt fint vær, tru det eller ei. Trur det ikkje før eg får sjå det. Lurer på om arbeidsdagen blir kort i morra... Cool

Krafttak i hagen, har planta masse!

27 sep 2007 19:51


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ja, i dag er eg rimeleg fornøgd. Tok meg fri siste halve dagen, og fekk jobba tre timar samanhengande + ei lita økt etterpå. Enig Mr. Green Nå kjente eg verkeleg at sola ga meg energi! FOR ein herleg dag!!!! stjerne! Hoppende glad

Den største jobben var å spa opp og flytte duftskjærsminen. Den står nå i bakkant av lundhagen, oppe på kanten. Muleg at eg må fjerne det store ville kirsebærtreet som den står under, men det gjer ingen ting. Der duftskjærsminen stod planta eg Sambucus nigra Black beauty. Endeleg kom den i jorda! Pinlig berørt Håper den vil like seg der. Står på ein svært synleg plass i hagen, og bør ta seg ut!

Eg har også spadd opp nytt bed (dvs fjerna grastorv) i enden av det lange bedet. Der sette eg physocarpus Diablo, som har stått i potte i sommar i lag med sommarblomster. På tide den kom seg i jorda, har sett at den ikkje har likt seg i det siste. Framfor den sette eg to limevariegerte rosespireaer som eg spadde opp frå det som skal bli liljebedet. Der hadde dei likt seg, var kjempestore. Shocked Kutta dei heilt ned i same slengen, dei er i grunnen finast når dei kjem frå rota. Kjempefine om våren/forsommaren, seinare blir dei litt meir lik vanleg rosespirea. Eg trur dei vil kle Diabloen! Mr. Green

Eg planta sommerfuglbusken frå Lidl rett ved sida av, innerst mot muren. Framfor den sette eg ei rot av Euphorbia graffithi. Framfor der igjen dei fire ulike dianthus deltoides eg fekk av Hajal: "Nelli" (raud), "Samos", "Brilliant" og "Arctic fire". Det var to av kvar. Eg har sjølvsagt ikkje greid å halde dei fire ulike frå kvarandre, men dei står i alle fall to og to i det minste.

Eg kjøpte to buksbom til halv pris i dag, og forsatte på den vesle hekken eg skal ha i framakant av lundhagen. Har fire nå, mulig det er nok. Er egentleg ikkje glad i planter som står på geledd, men tenkte eg skulle prøve på ein ørliten hekk her. Treng ei låg avgrensing mellom grasbakken og lundhagen.

Eg kjøpte ein sitrontimian og litt lauk også. Fann noko eg håper er Klosterklokke: Leucojum "Gravetye Giant". Tre laukar vart sett i lundhagen, rett bak heucheraene frå Eide.

Eg fekk nokre planter av ei dame i dag, det var ein slags fiol med duft, den før omtalte Euphorbiaen, ein liten ukjent Heuchera og ei rot av ein storkenebb som visstnok treng god plass, men har ein flott blåfarge. Dei to siste sette eg i vente"grus"karmen, Eg sette litt lauk av ukjent opprinnelse rundt den store steinen i kjøkkenhagen. Dei har svevd under taket i vaskerommet i sommar, i kledelege plastspann. Laughing Blir spennande når det kjem oppatt til våren... Pinlig berørt

Eg har også planta tre lavendel (angustifolia) i grusbedet, fire valnøttre i gruskarmen, og eit valnøttre på austsida av lundhagen som eit forsøk, så hugsar eg ikkje meir. Får håpe eg ikkje lukar noko som ikkje skal lukast til våren Forbauset . Er ikkje verdens flinkaste til å halde oversikten Pinlig berørt

Nå er eg sliten. Skal snart bade ein liten kar her, og så skal eg berre slappe av!
I morra reiser vi til campingvogna på Dønfoss, og skal ha ei helg i lag med søstra og svogeren min. Håper det er att litt tytebær til oss der oppe, og at sola skin like fint som i dag! stjerne! stjerne! stjerne!

Frøbestilling

27 sep 2007 23:43


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kom i så godt humør av den fine hagejobbedagen i dag, at eg i reint overmot bestilte litt frø... Pinlig berørt lenge sia sist, da... Mr. Green Mr. Green

Plant world of Devon:
AQUILEGIA CLEMATIFLORA
AQUILEGIA 'GREEN APPLES'
ASTRANTIA MAJOR 'RUBY WEDDING SERIES'
CAMPANULA ALLIARIFOLIA
IRIS CHRYSOGRAPHES 'BLACK GOLD'.
OENOTHERA 'COPPER CANYON'
OMPHALODES NITIDA
PLANTAGO MAJOR RUBRIFOLIA
TIARELLA POLYPHYLLA

Cliviafrø og jobbfrustrasjon....

02 okt 2007 15:16


[  Humør: rasende ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det koselege først: har bestilt cliviafrø frå Plants of Distinction i dag:

Clivia Variegata Apricot Shades
Clivia miniata Snowflake

Må ha eit såprosjekt nå som det er så hausten ute. Det hjelper på humøret rett og slett! Er dessuten vanvittig spent på den variegerte.... Hoppende glad Dei tre plantene som vart resultatet av såinga i fjor vinter lever i beste velgåande, men veks utruleg sakte. Dei har to blad nå, og den største er i gang med blad nummer tre...... Shocked Ja ja. Dei står nå der og krever ikkje stort inntil vidare... Stort smil

Nå er eg i gang i ny jobb - første dagen var i går. Dvs. jobben er den same som eg har hatt i omlag 11 år. Det som er nytt er at eg nå har hatt eit år i annan jobb, samt at eg er tilbake som vanleg tilsett og ikkje som sjef. Det er veldig bra! Mr. Green

Det som ikkje er bra er at gamle irritasjonsmoment poppar opp som troll i eske her. Nokre av dei måtte eg legge lokk på i sjefsperioden, fordi det ikkje var råd å gjere noko med det da. Nå hadde eg greid å "gløyme" korleis stoda var det året eg var ute i permisjon, men i dag fekk eg høyre litt om kva som har skjedd, og eg freser av raseri!!!! Mad Mad Mad Eg er det ein kan kalle raudglødande sint, og sinnet har faktisk bygd seg opp over ein 14-15 års tid når eg tenker etter Shocked

Har ein plan. Vi får sjå kva som skjer. Absolutt muleg de får vite meir etter kvart. Eg skal ikkje la nokon tråkke på faget mitt meir i alle fall!!! Ondt smil Ondt smil Ondt smil Mad Mad Mad

Ventar på pakke

03 okt 2007 20:05


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ventar veldig på pakke frå Zimtrade nå. Det er da utruleg kor lang tid det skal ta. Mad Ventar også på trepeonfrø, frø frå Plant world of Devon og cliviafrø frå PoD. Trepeonfrøa vart bestilt frå ei side på nettet som ein kunne mistenke for å ikkje vere så veldig oppdatert, så eg er litt tvilande til om det kjem noko derifrå. Pytt pytt, kosta under 50-lappen trur eg, men det er irriterande at folk lar sånne sider berre ligge der. Skal seie frå om det viser seg at eg tok feil! Cool

Ellers er det fint vær her nå, og veldig mildt. Rett og slett deilig er det! stjerne! Veslegutten er veldig glad i joggesko, og veldig lite glad i støvlar! Han er fornøgd! Blunke Det einaste skåret i gleden er at eg må på jobb kvar bidige dag denne veka, og det er ikkje verken krefter eller særleg dagslys att når eg endeleg er heime og klar til å gå ut. Dvs at middagen er i boks, samt eg har fått kvilt meg litt. Har ein mann som jobbar masse for tida, lange dagar Ulykkelig

I dag vakna eg før halv seks og kjente straks at det berre var å stå opp. Eg var fortsatt sint. Eg skumma rundt i huset og rydda, sette over ein klesvask og gjorde andre huslege ting medan tankane kverna. Bruker sikkert veldig mange kaloriar på grubling om dagen, kjem sikkert til å merke det på vekta! Laughing Har igjen vondt i topplokket, det "durar" i øra, og nakken er stiv. Ulykkelig Rett nok ikkje så ille som i august. Ja ja, eg overlever nok!

Får i det minste gjort litt husarbeid på denne måten!!! Klovn Laughing

Laukpakke ventar på posten

05 okt 2007 13:54


[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fekk ikkje tid til å hente den i går. I dag er været fint, men eg og veslegutten skal i 3-årsselskap kl. 17. I morra er det visst meldt regn igjen??? Mad Muligens fint først på dagen.

Nå er eg på jobb, men skal til gjengjeld ha fri to dagar neste veke. Da er det haustferie her. Håper håper på litt utevær.... stjerne!

Ellers er eg sliten for tida, men også full av kamplyst. Trur av og til at det å la være å handle er meir slitsom enn å handle! I alle fall når ein bruker mykje energi på å halde igjen og irritere seg.

Eg merkar at eg har fått auka sjølvtillit på det å uttrykke meg skriftleg av å skrive dagbok og innlegg på Hagegal! Det gjer jo inntrykk å få så mange tilbakemeldingar og svar som ein gjer her. Kjempebra (og uoppdaga???)læringsarena! Mr. Green I alle fall får eg nok bruk for all den sjølvtillit eg kan skrape saman framover, for eg har starta ein avisdebatt i lokalavisa. Syslar med tanken på å bruke nettet for å få eit breiare nedslagsfelt. I Nordfjord strever vi litt med at vi har fire lokalaviser på seks kommunar, og i underkant av 30 000 innbyggarar totalt! Altså vanskeleg å nå alle i regionen gjennom ei avis, og dumt å debattere i fleire på same tid. Dessutan gjeld jo "mitt" tema alle i heile distriktet, ikkje berre dei som les vår vesle lokalavis.

Blogg kan vere svaret på dette. Internett har dei fleste. Får sjå om eg får til noko brukbart. Igjen: den ideen ville eg ikkje fått om det ikkje var for erfaringane mine med hagegal! Gruppeklem

Zimtradepakka er endeleg henta

07 okt 2007 11:49


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Gebursdagsselskap i går også. Dagen gjekk med til handling, og feiring av stebarnebarn som vart 9. Det var jo absolutt koseleg, men været var egna til hagearbeid, og det er det IKKJE i dag. Ulykkelig

Håper på bedring i morra, men da blir det vel tur til Bestemor og litt gravehjelp for nokre stauder som må i jorda. Ho lokkar med klubb til middag. Det hjelper veldig så klart! Laughing

I dag ligg alt til rette for ein søndag med totalavslapning i heimen..... Cool
Vi er trøtte og slitne alle mann her, så på ein måte er det greit med innevær også. Nå er det jo stabilt mildt ute for tida, så haustpanikken min har roa seg fullstendig ned. Pinlig berørt Da er det vel plutseleg frost, kanskje.... Forvirret

Eg har fått frø frå PoD også. Ventar på cliviafrøa så eg får sådd litt inne. Ser at Iris også har bestilt Cliviafrø frå Kina......hm. Eg er frista til å finne ut litt meir om det. Kvar ho har bestilt for eksempel.....? Eg har ein sønn som planlegg å flytte på hybel neste veke, og ein stesønn som har fått seg sambuar og har teke med seg eit lite flyttelass til Ålesund. Har også kasta ut den gamle, stygge Monsteraen i haust. Det åpnar seg muligheter her. Laughing

Ha ein fin søndag alle! Stort smil

Impecta-bestilling

07 okt 2007 13:13


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Thalictrum rochebrunianum
Hypericum kouytchense 'Sungold'
Impatiens hybrida F1 'Picotee Swirl'
Impatiens hybrida F1 'Expo'
Cosmos bipinnatus 'Vega White'
Cosmos 'Candy Stripe'
Antirrhinum majus maximum F1 'White Spire'
Antirrhinum majus maximum F1 'Rose Princess'
Antirrhinum majus maximum F1 'Madame Butterfly'
Anemone multifida 'Annabella Rubra'
Achillea millefolium 'Cerise Queen'
Calendula officinalis 'Peach Sherbet'
Cobaea 'Cathedral Bells'
Cobaea scandens

70% på plantasjen!

10 okt 2007 21:09


[  Humør: glad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Var ein tur i Førde i går, og fekk meg ein tur innom plantasjen. Det var veldig utplukka på uteplanter, men med 70% avslag på alt måtte eg berre kikke på det som stod der..... Mr. Green

Her er resultatet:
4 stk. stoore (navnlause og visne blad) hosta til 19.50 pr. stk.!
Rips Kvit hollandsk 29.70
Corylus avellana "contorta" (Vrihassel) 74.70
Physocarpus "Darts gold" (Blærespirea) 74.70
Hebe albicans
Hypericum patulum "Hidcote gold"
Asplenium scolopendrium
Carex morrowii "Variegata"
Athyrium nip. "Pictum"
Hippeastrum "Cherry nymph"
Hippeastrum "Charisma"
Hippeastrum navnlaus raud og kvit, 49.50

Kjempefornøgd! Mor mi skal få ein del hosta. Var der mandag og hjalp ho med å spa opp ein koloni med bronseblad. Sette ned fire peonar i staden, samt litt tulipanlauk. Vi kom i lag fram til at i nordveggen kan ho ha nokre hostaplanter inntil veggen som kan skjule litt krypsoleie og skvallerkål.

Eg ventar veldig på litt tid til planting. Trur eg må frede laurdagen, får ikkje tid før. Satsar på fint vær.... Klovn

Pellis-telling

12 okt 2007 00:00


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av og et potetgull.... Akkurat nå: slapper jeg av og et potetgull.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har nå flytta nesten alle pellisane opp på planterommet. Får akkurat plass til samtlige om eg ryddar litt betre. Eg lar dei finaste stå på spisebordet/i vinduet bak så lenge. Vil da nyte blomstene så lenge det går. I år har eg ikkje fått til pellisane mine. Crying or Very sad Dei som har stått ute har vore forvokste og med lite blomster. Trur det må ha vore for kaldt? Eller så har eg hatt for mange å passe på... Pinlig berørt

Eg er i alle fall fornøgd med nokre av dei eg sådde sjølv. Avanti Apricot viste seg å vere ein friskt raudoransje sak med ganske åpne blomster, men med fin fasong og frodig som berre det! Litt uvanleg, knuppane er skikkeleg spisse. Fin!

Den eg likar best er Orange Ice. Den er berre knallfin! Orange/aprikosfarga, med mørkare skimmer på baksida av kronblada. Den har ein tett og fin fasong, og har veldig tjukke og lodne blad og stilkar. Store blomster. stjerne!

Eg hadde kjempemange Venus-planter, men har ikkje fått blomster på EIN av dei... Crying or Very sad Mor mi har fått stiklingar, og hennar har blomstra som berre det. Lurer på om det er noko i det at stiklingar blomstrar betre enn frøplantene? Forstår ikkje kvifor da:shock: Eller handlar det om å plukke ut dei beste individa av frøsådde planter, som igjen kan formeirast med stiklingar? Høres meir logisk ut det, ja. (Nokon som veit?)

Nei, nå må eg legge meg. Irriterer meg over at eg ikkje får heilt fri i morra. Det er egentleg fridagen min, men få på jobb og litt krise midt på dagen. Eg lovde å stille opp. SÅ hørte eg værmeldinga!!! Skal bli fint jo Forvirret --og sjølvsagt dårleg igjen laurdag! Ulykkelig Da må vi vel kjøre flyttelass til Sandane med mellomste sønn på 18 som skal flytte på hybel. Må prøve å nytte den tida eg har i morra. Har 1000 ting eg skulle ha gjort ute. Cool

På jobb - er suuuur!

12 okt 2007 12:54


[  Humør: drittlei ]
[ jobber jeg men vil heim og grave!!!!!! Akkurat nå: jobber jeg men vil heim og grave!!!!!! ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sit her og er desperat etter å kome meg heim. Ute skin sola, og hagen min skrik etter litt TLC, som det heiter. Har fått gjort ein god del, men mykje står igjen. Har faktisk kasta tre kjedelege rosespireaer, og har funne igjen navnet på ein fin som eg har skrytt av før: det er Spirea japonica "Goldflame" Mr. Green

Nei, dette er fullstendig idioti! Nå set eg telefonen over til sentralbordet, og låser og går! Ondt smil

Frøkatalogar og engelsk hageblad - samt ekte haging...

14 okt 2007 22:23


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg hageblad Akkurat nå: leser jeg hageblad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Blir inspirert av engelske hageblad.....Har kjempelyst på ein tur til England til våren for å sjå på hagar, parkar og diverse.... Var i Kew for tjue år sia, og lovde meg sjølv at eg skulle dit igjen. Klovn Ellers er det jo mange kjente plassar da, Sissinghurst for eksempel. Kanskje Museum of Garden History i London? - og sjølvsagt Colombia Road Flower Market.....

Mannen min er totalt uinteressert i hage, og han likar ikkje England! Shocked
Eg kan ikkje forstå nokon av delane .Forvirret Ein gjeng med hagegale hadde nok vore det beste reisefølget..... Drømmer

Ellers har eg vore ute i hagen og tusla både fredag, laurdag og i dag! Mr. Green Har planta masse rart som venta på å få kome i jorda, samt mange laukar. Særleg i lundhagen har det skjedd ting. Det blir planting i hytt og pine, da. Har jo ikkje (som hajal....) teke anleggsarbeidet først. Pinlig berørt Har rett nok spart igjen ei "stripe" i ein sving gjennom området, og der skal det bli sti til våren. Skal også grave ut ei hylle der eg vil få til eit eller anna slags golv, og plassere ein benk. Eg prøver å halde meg til kvitt og lyse pastellfargar, så det blir min versjon av "kvitt bed". Planta Frittilaria Pallidiflora
mellom anna. Den syns eg er så fin! Bestilt frå Zimtrade.

Nå har eg att ei kvit ripsbusk, ein blærespirea og ein del tulipan og krokuslauk som eg ikkje veit kvar eg skal plante. Liljelaukane er heller ikkje planta, men eg ventar på dei frå Canada slik at eg kan plante alle samtidig. Dei skal nemleg stå tett i tett på eit avgrensa område som er rydda til formålet! Enig

Ja, og så fekk eg endeleg flytta New Dawn opp til muren. Den hadde merkeleg og skuffande lita rot, eg lurer på korleis det kjem til å gå! Shocked Til våren MÅ eg få ordna noko skikkeleg den kan klatre på. Pinlig berørt

Er alt i alt fornøgd med helgas innsats. Har fått med meg ein konsert (Bremanger musikklag sitt show med Country-musikk - kjempebra!), og har vore ein tur til Sandane med eit lite flyttelass til hybelbuaren. Er litt sliten, faktisk. Håper det kjem seg med ei god natts søvn.

Ønsker alle ein fortsatt fin søndagskveld og ei god natt! Stort smil

Har kjøpt enda fleire tulipanlaukar...

17 okt 2007 13:35


[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ventar nå veldig på liljene mine, men håper og trur dei er i posten i dag. Har ikkje spora pakka, men Iris sendte dei fredag. Det blir ein heil jobb å få alle liljelaukane i jorda, har ikkje heilt oversikten over kor mange eg har liggande på vent.. Pinlig berørt

Ellers har eg somla med meg diverse tulipanlaukar frå både her og der når eg har gått forbi.... Dei siste eg kjøpte var 25 Queen of night på tilbud. Problemet er berre at eg ikkje anar kvar eg skal plante dei Forvirret
Nå er ikkje været akkurat innbydande laukplantevær for tida, og det er meldt sluddbyger i ettermiddag! Shocked Eg får prøve meg med spaden fredag, da har eg fri. Er ein først gjennomvåt så blir ein som kjent ikkje våtare Laughing

I kveld skal eg og foreldra mine på opera og høyre Jegerbruden. Vi har altså eigen opera i Nordfjord, og framsyningane er i aulaen på Fjordane Folkehøgskule. Rett utanfor vinduet på kontoret mitt driv dei og bygger nytt kulturhus, og det går sjølvsagt under navnet "Operahuset" her på Eid. Eg gleder meg, men er ikkje glødande operaentusiast altså. Må liksom ha det med seg når ein har eit slikt tilbod i kommunen. stjerne!

Ha ein fin onsdag! Hårete lykke

Canadaliljer!

18 okt 2007 17:01


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av medan middagen kokar Akkurat nå: slapper jeg av medan middagen kokar ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har endeleg fått henta liljene mine: Hoppende glad

Raspberry on Whip
Menton
Red Wax
Red Velvet
Astral Belles
Kissme

I tillegg har eg fått ein gedigen forsendelse med valmuefrø frå Annsi! (Tusen takk Stort smil ) Ho sa ho hadde nok frø til ein heil åker, og det stemmer..... Shocked Det er svarte/heilt mørke, og ein mix av rosa/kvit/raud og fiolett..... Kjempespennande. Eg såg dei i blomst i sommar, og dei var kjempefine Mr. Green Har aldri sådd valmuer før, så nå må eg sette meg og studere gamle trådar! Enig

Eg har nok ikkje bruk for riktig så mange sjølv, så eg lager småporsjonar og legg i frøboksen tenkte eg.

Nå er middagen ferdig. Ha ein fin torsdagskveld! stjerne!

Drømmen om England....

18 okt 2007 21:35


[  Humør: hypnotisert ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har lyst på ein tur til England til våren. April kanskje? Da er jo påsken unnagjort, og ein unngår mai med alle helligdagane og konfirmasjonane...

I april skal det visst vere mindre nedbør enn i mai, reint statistisk.

Tenker som Berit at laukblomstringa i Kew sikkert er fantastisk...

Lurer på om det er så enkelt å bestille hotell og flybillettar som det kan sjå ut til?

Ja ja. Drømme kan ein jo.... Smil

PCen i orden igjen!

19 okt 2007 10:41


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nå har mannen min fiksa skjermen på den gode, gamle PCen. Har fått tilgang til bilda mine igjen. Stort smil

Tenkte eg ville vise eit bilde av årets sjølvsådde yndlingspelargonium: ORANGE ICE




Her er eit bilde av BLOMSTERERTENE mine. Første gong eg har hatt det. Dei fekk eg stor glede av, ikkje minst fordi dei lukta så godt! stjerne! Skal garantert ha blomstererter neste år også, men dei må få eit høgare klatrestativ. Pinlig berørt



-- og så er det sol i dag, og eg har fri..... Cool stjerne!

Har rydda i potteberget!

21 okt 2007 17:11


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har endeleg fått RYDDA ute bak huset!!!
stjerne! stjerne! stjerne!
Det var på tide. Det var så ille der at eg har lurt på kvifor ikkje naboen mot aust har sendt klagebrev til kommunen. (Kanskje dei har det???? Shocked ) Kunne vore noko for miljøvernavdelinga muligens Pinlig berørt Laughing

Litt av problemet har dessverre forskjøve seg til vaskerommet, for der står det diverse potter og anna utstyr som skal vaskast - oppå vaskemaskina! Må jo ha litt ting og tang tilgjengeleg i vinter når eg skal starte såsesongen. Eg fylte likevel opp to ( Shocked !!) svarte søplesekker med (uvaska... Pinlig berørt ) potter, og det var berre dei små og halvstore. Dei store er stabla for seg sjølv. Har sett unna ein del medium-potter til hippene som snart skal takast inn. Kjøpte fem på Europris i går, og vart sur på meg sjølv da eg kom på at eg har bruk for mange fleire til dei nevnte hippene. Får stikke innom ein gong til da, men saken er den at eg alltid kjem utatt med MEIR LAUK... Shocked . Det er visst kul umulig å unngå ser det ut til. Er jo salg da, og i går tok eg mellom anna med meg to pakker frittilaria meleagris, som eg sjølvsagt har lese om i Magnar sin tråd og dermed "oppdaga" at eg må ha. Blunke

Fredag sette eg ufattelege mengder med lauk til å vere meg, truleg over 100 stk. med smått og stort. Eg synest lauklegging er VANVITTIG KJEDELEG, så eg er stolt av innsatsen. Har nok aldri før i historia sett så mange, og det blir spennande til våren Mr. Green Mr. Green Mr. Green Hoppende glad

Liljene vart spadd ned i liljebedet, bortsett frå tre. Det var på grunn av den hersens kabelen til garasjen som skal gravast ned der, og det vart rett og slett for komplisert for meg å få til alt samtidig. Dermed er den eine fjerdedelen av bedet laukfri, men det er også den med minst sol på grunn av verandaen framfor. Kanskje eg skal plante hosta eller liknande der?

I dag var eg ute i skogen eit par timar i lag med veslegutten og ei nabomamma og dottera hennar. Det var fint og mildt ute, men grått. Luktar kjempegodt haust i skogen nå. Det er egentleg ei fin årstid, med ein egen stemning både i naturen og hagen. Har ikkje raka lauv enda, men bør vel gjere det kanskje? Da med tanke på å nytte lauvet som kompost. Før om åra har vi latt det ligge, og så har hauststormane teke det... Klovn Har ein naturtomt, så kan en vel tillate seg det?? Cool

Ha ein fin søndagskveld. Stort smil

Mixed tree peony seeds

22 okt 2007 20:57


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av etter spinning Akkurat nå: slapper jeg av etter spinning ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Puuuh! Død Nå har eg fått kjørt meg skikkeleg. Ein time med spinning - er kvalm og har gele i beina, men sunt er det sikkert! Shocked

I dag kom det faktisk ein søt, liten pose med trepeonfrø frå peonyseeds.com i posten.... stjerne! Får vel putte dei i ziplock-poser med fuktig vermiculitt og legge dei oppå lampa på badet...Der ligg det eit sånt svart pent frø frå før. Skal visst ta opp til fleire månader før det kjem rot, og så skal dei i kjøleskap.... Ja, ja. Det kostar om lag fire dollar å prøve... Enig Spennande! Hoppende glad

Ha ein fin kveld Stort smil

Frittilaria meleagris x 16 i jorda

24 okt 2007 22:49


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fekk putta dei i jorda i Lundhagen i dag. Nå har eg lagt så mange laukar og knollar der borte at eg neste ikkje tør sette spaden i jorda lenger. Har ikkje oversikt over kva det er alt heller, men får vel sjå til våren... Drømmer

Fekk også 12 gule krokusknollar i jorda sånn omtrent ved nokre lilla eg sette fredag. Tre laukar av sorten Gråløk havna også i lundhagen, men da gadd eg ikkje vere ute lenger. Det har blese voldsomt her i det siste. Persiennebitane eg skulle bruke til navnelappar flaksa veggimellom, det same gjorde laukpakkene Forvirret

Har vore heime i dag. Er trøtt og sliten nå, etter oppstart i "ny" jobb for tre veker sidan. Kjenner at eg stangar borti noko oppbrukt og "denne jobben er eg litt lei av" nå. (Etter nesten 15 år). Må gruble litt på kva eg skal finne på framover for å kome litt vidare. Ser nå berre fram til fridag/helg og ferie..... -og fire mndr. studiepermisjon med lønn som eg har til gode.....til hausten..... Cool Det er berre det at det framleis blir forventa at eg skal vere mange timar på jobb også! Shocked

Nei, nå må eg nok ta kvelden. Gleder meg i alle fall til våren - ingen andre her som gjer det kan eg tenke meg!? Laughing

God natt! Smil

ebay(!)

26 okt 2007 00:10


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av etter innsatsen....... Akkurat nå: slapper jeg av etter innsatsen....... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har endeleg fått til ebay/paypal-systemet.......... Shocked
Har derfor sjølvsagt bestilt litt småtteri, sånn berre for moro skuld, for å sjekke at det virka Cool
Cliviafrø ("broad leaves", gjenstår å sjå Forbauset )
To slags amaryllis, eller hippeastrum kanskje?
Og her


Moro!!!!! Hoppende glad

Haging i regndress

28 okt 2007 19:58


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har faktisk fått jord på fingra i dag også! Smil Var hos foreldra mine ein liten tur og planta to digre hostaer i nordveggen, samt grov opp ein feilplassert rosespirea, og flytta ein annan. Den feilplasserte kasta eg, den var full av ugras. Planta også ein Spirea japonica "Goldflame" som vart til overs her etter oppspaing av liljebedet.

Mor og eg vart enige om at vi skal prøve å lage ei gruppe av busker ved uteplassen deira. Ei prestegardsrose, ein duftskjærsmin og ein rosehagtorn står nå litt spredd, og med gras mellom seg. Det er jo masse arbeid å klippe graset innimellom der. Eg sette den eine rosepireaen og "Goldflamen" ved sida av kvarandre, framfor hagtornen. Til våren dekker vi godt med aviser mellom buskene, og legg på bork. Høver kanskje med litt hosta aller fremst, og så får eg sjå om eg kan få til ein stikling av blærespirea Diabolo, evt også Darts gold. Noko vintergrønt også da, så skulle det bli ei vakker og lettstelt lita "øy", både sommar og vinter. Mor mi er 73 på onsdag, så det er greit å byrje å tenke lettstelt hage etter kvart. Ho strever med å spa og gjere ting som krever litt styrke, men luker og ordnar masse ellers.

Eg har sidan sist fått ordna med bestilling av 15 variegerte cliviafrø frå Kina, så nå blir det spennande å hente posten framover!!! Mr. Green I tillegg blir eg utsett for umenneskelege freistingar på dei mest utenkelege plassar for tida - var på ein tradisjonell laurdagshandel på Coop Mega i går og ante fred og ingen fare.... men DER låg det ein liten haug med (navnlause) HIPPEASTRUMLAUKAR til nokon-og-førti-kroner!! Eg står ikkje for sånne tilbud, og "måtte" ha ein rosa og ein kvit. Pinlig berørt Nå har eg da altså skaffa meg seks nye hittil i haust! Hoppende glad Lemon Gem har knupp alt! Mr. Green Eg har tidlegare kjøpt Cherry Nymph og Charisma samt ein raud-og-kvit navnlaus på Plantasjen. Den siste har eg gitt bort, da Enig

Ha ein fortsatt fin søndagskveld, og ei fin veke alle saman! stjerne!

Ny frøbestilling.....

29 okt 2007 19:11


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Ein liten glipp i eit ubevokta øyeblikk på jobb i dag: bestilte følgande på Ebay:

Pelargonum Strawberry ripple (10 stk)
Kornus cousa chinensis (15 stk)

--samt spanderte skillingsbollar og wienerbrød på kollegaene mine i anledning mandagen med tidenes verste vær.... Død

Måtte heim tidleg i dag fordi dei ringte frå barnehagen og sa at veslegutten ikkje var i form. Han har nok feber. Eg må truleg vere heime i morra også, det høvde visst ekstremt dårleg for pappaen. Høver dårleg for meg også, men sånt passar vel aldri inn i planane uansett.

Skal på spinning i kveld klokka 19.30. Puuuh.. Forvirret Får ta det litt piano i dag tenker eg.

Ha ein fin mandagskveld! Stort smil

Forsøk på å få oversikt over laukplanting hausten 07

30 okt 2007 23:10


[  Humør: kul ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Prøver av og til å bli litt strukturert og organisert.... Pinlig berørt
Blir nok heimedag på meg i morra også. Kanskje eg skal lage fleire lister? (Skittentøykorga er snart tom!!!!?? Shocked ) Liljelauk er ikkje med her.

Liste over all lauk som er lagt i jorda her i haust:
(Personleg rekord, utan at det imponerer så mange av lesarane mine.... Blunke )

Allium ”Purple sensation” 3 stk.
Allium karataviense – “Ivory Queen”
Allium cowanii – H 40 cm., kvite, Lundhagen 15 stk.
Chionodoxa Vårpryd? Lundhagen?
Crocus vernus – lilla 12 stk. Ved prydkirsebærtreet
Crocus thomasinianus ”Ruby Giant” 15 stk.
Crocus purpureus grandiflorus
Crocus “Blue Bird” – Lundhagen 10 stk.
Crocus gule – ved prydkirsebærtreet, i lag med dei lilla
Frittilaria meleagris – rutelilje 16 stk. Lundhagen
Frittilaria pallidiflora – Lundhagen 3 stk.
Narcissus poeticus “Recurvus” – Lundhagen 10 stk.
Narcissus poeticus “Jenny” – Kvite, Lundhagen, 10 stk.
Narcissus ”Pueblo” – Lundhagen, kvite, Lidl
Ornithogalum narbonense – Lundhagen 5 stk.
Scilla tubergeniana – Lundhagen, 6 stk. kvit
Tulipa gesneriana - Upstar sein fylt 12 stk.
Tulipa kaufmanniana – “Scarlet baby”
Tulipa “White parrot” - papegøyetulipan
Tulipa “Hemisphere”
Tulipa “Queen of night” – enkle, seine 25stk.
Tulipa ”Angelique” – rosa, fylte 8 stk.
Tulipa ”Uncle Tom” - Peontulipan 5 stk.
Tulipa “Tarda”, botanisk tulipan – Lundhagen 15 stk.

Trøtt

01 nov 2007 10:41


[ jobber jeg (litt) Akkurat nå: jobber jeg (litt) ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er trøtt i dag. Dette har vore ei sløv veke, med to av fire arbeidsdagar heime med sjuk unge. I dag er pappaen heime - trur han såg lyst på å få eit lite avbrekk. Blunke Poden uttalte følgande: "Pappa skal vere heime med meg i dag, men mamma kjem snart igjen!" Mammagutten fornektar seg ikkje Smil

"Snart igjen" kan bli eit vidt begrep i dag, for kl. 15.30 skal eg ha ein time soneterapi, og kl. 18 er det spinning igjen Forvirret -- men SÅ er det helga! Blunke Har fri fredag, og lurer på å starte med hippeinntaking og -opptaking og -planting i potter. Dei står bra ute fortsatt, det er mildt igjen her nå. Trur kanskje dei "burde" fått seg ei veke til med kulde, men det er mykje arbeid å plante dei, og eg har tre fulle verandakasser... Shocked Da kan eg ta dei to siste kassene neste veke. Får passe på at papilioen får stå til neste veke, trur den treng forholdsvis lang kuldeperiode samanlikna med dei andre.

Det er berre det at eg gleder meg så sinnssvakt til å ta dei opp og sjå skikkeleg på laukane! Hoppende glad Dei ser i alle fall flotte ut, og det er ein del smålauk som må få eigne potter. Huff og huff - PLASS!!!! Eg må visst få det drivhuset snart! Mr. Green

Har byrja å rydde plass til såpotter på planterommet nå, men det handlar mest om å beskjære dei mest omfangsrike pellisane og kaste dei eg har veldig mange av. Har teke stiklingar av ein heil del, nokre hadde eg nemleg berre ein av. Har til og med teke med ein tre-fire hit på jobb, og lurt dei borti nokre vinduskarmar hist og her... Pinlig berørt Eg steller plantene på fellesarealet så godt eg kan til gjengjeld... Enig

Vart visst langt dette. Må vel få i meg litt meir kaffe i håp om at det snart "løsnar" Shocked

Ha ein fin torsdag! Smil

Frø i posten

03 nov 2007 16:56


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og gleder meg til å så Akkurat nå: slapper jeg av og gleder meg til å så ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fekk desse frøa i posten i dag:

Plants of Distinction:
Clivia miniata "Snowflake"
Clivia miniata variegata

Ebay-frø frå Chile:
Rhodolphiala advena
Libertia chilensis (Bonusfrø)

Har dessutan potta 10 små og store hippeastrum i går og i dag. Ei verandakasse står igjen. Fann ein to-tre "babyar" av bra størrelse også. To eller tre laukar hadde litt råte på dei ytterste laga, ein såg ut til å ha hatt problem med råte tidlegare, men hadde kome seg. Trur ikkje det blir noko problem med overvatning nå som dei er i hus, og heilt avhengige av det dei får av meg... Pinlig berørt Laughing Håper rekonvalesentane kjem seg!

Nå skal eg snart så frøa mine. Fekk også PoD-katalog i posten i dag, så nå skal eg kose meg......Hoppende glad

Ha ein fin laurdagsettermiddag og kveld alle saman! stjerne!

Fin søndag

04 nov 2007 22:57


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Det var fint vær i dag, med sol og greier. Nå må vi berre suge til oss dei siste strålene vi blir tilgodesett med, snart kjem ikkje sola opp over fjellet... Crying or Very sad

Veslegutten og eg var ute bittelitt medan vi venta på at 18-åringen skulle vakne så vi kunne reise til bestemor på søndagsmiddag og forsinka gebursdagsfeiring. Vi sat litt på kjøkkenhagebenken i sola, og smakte på restene av sukkerertene og småprata om alt og ingenting. 3-åringen likar gulerøtter og sukkererter, så det må vi sjølvsagt ha meir av neste år har vi bestemt! Enig Vi plukka inn ein liten bukett med ringblomster også, kanskje årets siste. Jammen har eg hatt mykje glede av den vesle lappen med snittblomster! Det skal også gjentakast neste år! stjerne!

Eg monterte også to netting-binger til lauv, men når eg kjem så langt at eg får raka det lauvet er usikkert. Forvirret Den eine bingen sette eg ved kjøkkenhagen, der har eg ikkje kompostbinge frå før. Den kan vel brukast til det også kanskje? Ved å stamme opp ei halv-vill gran fekk eg plassert den rimeleg diskret. Det er nemleg rett ved naboen sin hekk, og dei har sikkert nok rot å ergre seg over i hagen vår frå før... Pinlig berørt Veslegutten hjalp ivrig til med å "sage" med ei lita, sløv sag som er hans. Han måtte stoppast da han gauv laus på prydtrea med dødsforakt. Laughing Har heldigvis nok av sånne som godt tåler litt riper i borken Blunke

Synd at det er mandag i morra, kunne tenkt meg meir novemberhaging i sol.... Drømmer

Stille før stormen....

08 nov 2007 22:50


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nå ventar vi på den varsla stormen på Vestlandet... Den heiter visst Andrea. Klovn Har heldigvis ikkje verken laksemærer eller båt - og skal halde meg inne resten av kvelden! Enig

Lite som skjer her for tida, anna enn jobbing, jobbing, jobbing.... Men eg har fri i morra, så for meg er det liksom litt fredagsstemning i dag! Ellers steller eg med cliviaplantene frå i fjor, og ser og ser på hippelaukar om det kjem knupper. Den største av cliviane driv og får sitt fjerde blad!!! Det går seeeint, men så blir dei jo gamle da. Kan vel seiast å vere blomsterverdenens skilpadder! Laughing Eg har ekstralys på dei (leselampe med "lysstoffrør-pære") heile dagen, og dei har fått seg litt ekstra gjødsel. Det har effekt, faktisk Mr. Green

På planterommet gjer eg det same med "dei sju dvergane" frå Primula: nokre små hippelaukar eg fekk i fjor. Eg har også seks sjølvsådde hipper der oppe på om lag same størrelse. Dei er også på feitekur, og vekst trufast. Nokre har fire blad, nokre tre. Ser at blada blir større og kraftigare heile tida. Det blir så moro med dei første blomstene! stjerne!

Får vel prøve å lage eigne frø i år også. Grublar fælt på kva for blomster som skal få den glede å bli foreldre... Laughing Har lyst til å ha Papilio som ein av foreldra, så da blir det vel den eller ein av dei som tilfeldigvis blomstrar samtidig med den. Enig Anar ingen ting om valg av plante til "mor" på hippeastrum. På variegert clivia er det visst sånn at det er berre morplanta som bidreg med stripene, og ein må velge ei morplante med så smale, fine striper som råd. da får ein eit utvalg av ulike slags mønster på avkommet, også breiare "flottare" stripemønster. Velger ein morplante med breie striper vil ein god del av avkommet bli albinoar og ikkje levedyktige.

Ellers kom Hagen for alle i dag, med ein artikkel om hippeastrum... Ulykkelig Eg blir oppgitt når det stadig blir gjenteke at det er "tørke og nedvisning" som gir blomster. Eg har god tru på at Veronica Read som har skreve boka "Hippestrum. The gardners amaryllis", og som er ansvarleg for den årlege hippeastrumutstillinga på Kew veit kva ho driv med. Ho har jobba med dette i 10 år.... Ho hevdar i alle fall at det er temperaturen som er avgjerande! 13 grader eller mindre, i 6/7-10 veker avhengig av slag. Ellers har eg finlese det som har stått om amaryllis i HfA i fleire år - og det står akkurat det same kvart bidige år. Litt sløvt må eg seie Ulykkelig

Det vart mykje skriving om ingen ting. Nå får de ha ein fin kveld vidare! Stort smil

41 hippeastrum i hus, med smått og stort

09 nov 2007 14:43


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av med eit knekkebrød Akkurat nå: slapper jeg av med eit knekkebrød ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Skal snart starte på ein times intensiv "overflaterydding" i heimen..... Laughing Nå er det på tide å få litt orden her så trivselen aukar, ikkje minst hos ektemaken. Han er lettare overarbeidd for tida, og ikkje i humør til noko som helst som har med hus og oppussing etc. å gjere Ulykkelig . Eg derimot, går og lader opp til ein storoffensiv (ja, veit eg er stor i kjeften nå, det gjenstår å sjå om det skjer noko Pinlig berørt ) Eg vil bytte ut ein del møbler, ommøblere litt og male fleire rom. Dessutan veit både han og eg at vi må til pers med litt ombygging snart, mellom anna i gangen, samt ei seriøs oppussing i kjellaren/vaskerommet. Spørsmålet er berre når Shocked

Garasjen først, det er vi enige om. Men det er mykje ein kan gjere av det andre i mellomtida, for eksempel ta ein tur på IKEA og kjøpe ny bokhylle!! Enig Har vanvittig lyst til å male litt og., men må for all del ikkje starte på nye prosjekt som eg ikkje maktar å gjennomføre, det orkar eg ikkje.... Uenig

Til poenget: skal eg ha sjans til å få med meg manenn min på noko som helst som kostar litt anstrengelse, så må han blidgjerast Mr. Green . Derfor aksjon overflaterydding! Laughing Han likar ryddige flater, men rotete skuffer og skåp er han slett ikkje nøye på. Det er jo fint, bortsett frå dei gongene hans eige rot gjer at han ikkje finn plass til tinga sine..... Ondt smil

Ja, ja. Tankespinn dette her. Har potta dei siste hippelaukane i dag, så nå er spisebordet halvfullt igjen... Forvirret Må få måka unna etter kvart, men først skal dei jo blomstre. Den tid den sorg Smil Behovet for drivhus er stort - og kanskje vinterhage... Drømmer

Nei - nå MÅ eg gjere noko her. Etterpå skal eg handle. Litt vin trengs i kveld, og eit eller anna godt til middag. stjerne! Ha ein fin fredag! Stort smil

Vinterlaurdag

10 nov 2007 17:01


[  Humør: hypnotisert ]
[ slapper jeg av med reisedruamar på nettet Akkurat nå: slapper jeg av med reisedruamar på nettet ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Jo, da. Overflateryddekampanjen var svært vellykka! Ikkje berre var mannen min kjempefornøgd, men eg kjente sjølv og kor godt det var å få ruska litt opp i ting her! Stort smil Har også blitt inspirert av ny duk og nye lys/staker på stuebordet. Rart kor lite som skal til for å heve humøret av og til! Mr. Green

Nå er det vinterleg ute, og eg steller med hippene mine og lengtar etter våren... Drømmer Drømmer Drømmer Drømmer Drømmer
Da har eg lyst på ein tur til England/London som eg har skreve om før. Dersom det er fleire som har lyst, så kanskje de gir meg eit lite hint?

Har nå fått tips om eit bra hotell i London. Stort smil Har fått det anbefalt av ein kollega som reiser mykje, og har vore ofte i London dei siste åra. Det er dreve av to burmesiske brødre som har budd i Oslo før, derfor snakkar dei norsk. Dei har visst hatt restaurant der. Den eine er til og med gift med ei frå Heggjabygda, lita bygd i min kommune! Forbauset Laughing Det er reint, sentralt og rimeleg! Ikkje noko luksus, men det er ikkje nødvendig meiner eg da. Enig

The Roof Gardens er verd eit besøk har eg forstått, men da må det skje på ein mandag for det er den einaste dagen i veka det er åpent for vanlege folk.

Eg har jo forferdeleg lyst til å få med meg hippeastrum-utstilling i The Kew også, men har ikkje greid å finne ut når det er. Trur uansett det blir fint med eit besøk der - laukblomstringa i friluft er ikkje å forakte den heller! Ikkje noko must med hipper, men skulle det slumpe til så... stjerne! Blunke

Dessutan vil eg besøke blomstermarknaden i Colombia road! Det er vel berre på søndagar, så ein må nok planlegge litt... Blunke

Nå skal eg snart ete laurdagsgraut, og så skal eg rett og slett slappe av kose meg.... Hårete lykke

Sliten og trøtt

13 nov 2007 00:22


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Spinning igjen i kveld.... puuuh, det må da snart gi litt resultat. Syns eg tek meg fullstendig ut kvar einaste gong, men føler fortsatt at det er rimeleg tungt. Ja, ja. Er jo ikkje lite fornøgd med meg sjølv etterpå, truleg er glorien eit faktum om ikkje lenge!! Laughing Blunke

Den første hippen står med store, lovande knuppar nå. Det er (Gelbe) Lemon lime kjøpt frå Zimtrade. Er usikker på navnet, når eg googlar får eg berre treff på Lemon lime, så eg lurer på om det er eit navn Zimtrade har funne opp!? Shocked Blir i alle fall spennande å sjå fargen, eg har ingen gule frå før. Mr. Green

Ellers går eg og ventar på fleire amaryllisfrø frå søramerika. Har fått frå ein plass, dei er sådd og står i kjøleskapet i kjellaren for stratifisering, etter instruksar frå selgar. Den andre leverandøren har eg enda ikkje fått noko frå. Får sjekke at pengane verkeleg har gått ut, og sende han ein epost kanskje. Mad Fekk forresten frøliste på epost frå Penroc i dag. Den må eg granske litt nærare ja Enig Takk hajal for tipset!

Eg går i alle fall kvar dag, ofte fleire gonger om dagen, og speidar etter nye blad og knuppar på dei utallige laukane som står rundt omkring.... stjerne! stjerne! stjerne! stjerne! stjerne! Hoppende glad

Nå er det full fres på jobb. Den eine kollegaen etter den andre sjukmelder seg, og tempoet er farleg høgt for tida. Død Eg lurer på når vi som jobbar i helsevesenet skal begynne å ta eige arbeidsmiljø på alvor!? Rolling Eyes Eg prøver å gjere det eg skal, og ikkje ta med for mykje av det "heim". Det gjer godt med ein fridag i veka, men er likevel såpass sliten at eg føler det så vidt balanserer. Godt å ha planter og hagerelaterte ting å vere oppteken av - det gir meg verkeleg avkobling og opplading kjenner eg! Enig

Og så gleder eg meg til Londontur til våren. Mr. Green

Huff for ein dag....

14 nov 2007 22:49


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Etter ei natt med lite søvn og tidenes mest kriseprega dag på jobb er eg fullstendig Død

Beklager alle som ventar på frø og tilbakemeldingar av ulike slag.....

Nå skal eg slappe av litt, og så er det rett i seng Trett

Har vore hos foeldra mine i kveld med tre isoporkasser med vinteroppbevarings-planter og knollar. Hippen Lemon Lime har åpna den første blomsten på kjøkkenbordet. Mr. Green

Den første hippen ut

18 nov 2007 01:03


[  Humør: fornøyd ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her er Lemon Lime. Ein bleikgul til limegrønn relativt småvokst sak. Litt spesiell og litt fin... Mr. Green


Ellers har eg meir i vente......



Dette er Cherry Nymph kjøpt på Plantasjen i haust. Den er dobbel og kirsebærraud - vil eg tru. Enig Knuppane er flotte synest eg! Mr. Green

Ha ein fin søndag! Mr. Green

Tilbake frå Bergen

21 nov 2007 09:24


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kom att frå Bergen i natt. Har vore på eit todagarskurs. Det var sjølvsagt tåke på Sandane, så vi måtte lande i Sogndal og kjøre minibuss til flyplassen der bilen stod - godt nedisa og kald.... Forvirret Men det gjekk jo fint å skrape is og få den varm, for vi måtte vente på 1-ferja.... Død Heime og i seng halv 2.

Ja, ja. Tek meg den frihet å dukke opp seint på jobb i dag. Liten kar ser på barnetv, eg sit i morgenkåpa enda.... Pinlig berørt

Hm.... hemmelighet: har ein fin, liten Hippelauk som heiter "Nymph" i kofferten.... Mr. Green

Trøtt fortsatt eg

24 nov 2007 15:47


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Elendig vær ute. Best å halde seg inne. I kveld skal eg ut med tur-venninnene mine, vi skal på Hotellet og ete lutefisk (alt. juletallerken Blunke ) Eg gleder meg, men er litt sur for at eg berre fekk sove fire timar i natt Mad . Mannen min har influensa, og måtte få sleppe å stå opp 7 stakar. Da hadde eg sove ca. 20 minutt, etter at eg vakna klokka fem.... Ulykkelig Prøvde å legge meg litt igjen i titida, men fekk ikkje sove! Forvirret

Eg er nok litt gira fordi eg har ein slags "aksjon" på gang i lokalmiljøet mitt for tida. Går ut på at eg har skreve eit par kritiske lesarinnlegg i avisene, men det er ein såpass kontroversiell sak at mi beste venninne ikkje greide å sjå det frå mitt perspektiv i det heile tatt. Uenig Eg prøver å heve meg over det, veit det ikkje er lett for henne av mange årsaker. Ja ja. Det kostar å vere "storkjefta" av og til, men denne saka betyr så mykje for meg at eg lar det stå til. Ytringsfridomen må av og til brukast!! Ondt smil -- men klart: ein må ofre litt nattesøvn da! Laughing

Ellers har eg det bra. Lite haging - men kan melde at det eine variegerte cliviafrøet har spirt! Eg lurer på når ein kan sjå om dei blir stripete??? Shocked Eit av frøa til den kvite er også i ferd med å sende ut ei rot. Moro altså! Og Hippene veks og kosar seg, og gir meg stadig gode opplevingar. Hoppende glad

Ha ein fin laurdagskveld folkens! stjerne!

Vinter ute

27 nov 2007 12:35


[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Den ørvesle clivia-spiren ser bittebittelitt stripete ut Mr. Green . Eg lever i håpet så lenge det går....

Ellers er det slitsom på jobb om dagen, men torsdag reiser eg til Oslo i lag med min mellomste sønn for å besøke min eldste sønn!! Stort smil Gleder meg. Skal kose oss, ete god mat og gå på kino. Vart ikkje noko av teater denne gongen, men er påmeldt eit kurs i Oslo i mai, så da prøver vi igjen. Blunke

I dag ser eg innlegget mitt kom på trykk i lokalavisa. Har fått mykje merksemd frå kollegaer da, heldigvis positivt! Så får vi sjå vidare..... Rolling Eyes Men det vart langt gitt. Burde vel ha forkorta det kanskje.... Ulykkelig

Ha ein fin dag vidare. Nå er det lunsjtid her... stjerne!

Frø frå Chile

28 nov 2007 18:12


[ slapper jeg av og ventar på middag Akkurat nå: slapper jeg av og ventar på middag ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har endeleg fått frø frå Chile. Det er Rhodophiala - frø og dei liknar i alle fall på Hippeastrum-frø. Ellers veit eg ikkje heilt kva det er. Har gått litt i surr i kva eg har bestilt og fått... Rolling Eyes

Ellers gleder eg meg til Oslotur - er liksom litt utlada for tida. Gleder meg til å vere i lag med dei store gutane mine i fleire dagar. Drømmer

Det er sikkert mange som lurer fælt på kva eg styrer med for tida, med halvkveda viser om diverse avisinnlegg. For dei som er nysgjerrige er det muleg å lese innlegga mine HER

Heime igjen!

03 des 2007 11:03


[  Humør: søvnig ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kom heim frå Oslo i går kveld med bussen. 9 timar på buss, om den er aldri så komfortabel, er LENGE!! Eg las ut Drageløperen. Kjempegod bok som får tårene til å renne, i alle fall på meg. Gleder meg til Tusen strålende soler som er fortsettelsen! stjerne!

Eg er trøtt og sløv i dag, og greier ikkje heilt å kome i jobbemodus. Det kjem seg vel utover dagen får vi håpe. Ellers lite å melde. Har ikkje fått inspisert hippene skikkeleg enda, men dei må få seg litt vatn i ettermiddag såg eg. Har ikkje vore i nærheta av noko grønt heile helga, men har storkost meg i lag med dei store gutane mine. Stort smil Vi har ete god mat og vore på kino og sett ein gamal finsk film frå slutten av 70-talet: "Harens år". Det var eldstemann som plukka den ut, og begge likte den kjempegodt. Handla om ein reklamemann frå Helsinki som bryt ut av det moderne livet sitt og flyttar ut i "naturen" i lag med ein hare!!! Shocked Laughing Er vel eit atskillig meir aktuelt tema nå enn i 78 kanskje. Litt vemodig å sjå kor truskuldige vi var på 70-talet. (Og kor rare vi var på håret....! Laughing )

Nei, nå må eg da vel vakne snart? Shocked Forvirret
Triur eg må ha meir kaffe Forvirret

Nei, ingen overskrift i dag....

05 des 2007 10:21


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er fortsatt uvanleg trøtt, sjølv til meg å vere. Mulig det er Osloturen som sit i enda. I går var eg på Stadt, altså litt over to timar kjøring. I dag skal eg til Sogndal, det er nesten fire timar. Fekk også fotsoneterapi i går, samt ufrivillig søvnavbrot klokka 6 i dag tidleg...... Alt dette blir eg trøtt av - kanskje med unntak av den kjøreturen eg ikkje hatt hatt enda da Laughing

Ellers er livet OK. Kjøpte fem sviblar på Åheim i går. Dei står under plantelyset nå, men lurer på å plante dei i ei vid skål eg har. Gleder meg til lukta....herleg!

Skal høre lydbok på vegen til Sogndal i dag. Det er heilt utruleg bra, særleg på den vegen med så mange tunellar der det er dårleg eller ingen radiodekning.

Hører nå på LONDON av Tor Åge Bringsværd. Veldig bra bok, reiselysta blir ikkje mindre nei.... Blunke

Ha ein fin dag! stjerne!

Å du herlege fre(fri)dag!

07 des 2007 09:59


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av med ein kaffekopp Akkurat nå: slapper jeg av med ein kaffekopp ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Veslegutten og eg har fri i dag begge to. Dette har vi gleda oss til lenge! I morra skal mannen min og eg til Skei på julebord med jobben hans, så da skal bestemor og bestefar vere her med den vesle.

Vi må vel ta litt husarbeid i dag og da.....får sjå kva vi greier. Forvirret Eg er som de kanskje veit ei super-ineffektiv husmor, ikkje ei superhusmor.... Cool Laughing

I går var eg i Stryn på eit jobboppdrag som tok kortare tid enn beregna. Eg freste inn på ein klesbutikk eg veit har mykje fint, og fekk kjøpt meg kåpe, bluse og topp til julebordet. stjerne! Herleg å ha det unnagjort. Nå er julehabitten i boks, så nå kan eg fokusere på andre ting. Har ein del ugjorte ting å ta av Klovn

Eg ser nå rotutvikling og eller blad på fire av cliviafrøa mine. Til og med eit av dei skrukkete, tørre "Broad leaf clivia"-frøa som eg trudde var Død har fått ei ørlita rot. I fjor hadde eg vel ein spireprosent på ca. 50, og det blir det nok i år også. Nokre av frøa verkar som dei er døde alt frå starten, og da ser ein fort at dei råtnar eller berre skrumpar inn som svisker. Dei friske cliviafrøa er jo runde, faste og glatte. Om lag på størrelse med ei lita hasselnøtt. Nå er eg veldig spent på kinafrøa, men dei kjem vel ikkje før dei er modne Blunke Lurer på kvar eg skal ha dei. Det er fullt på planterommet Crying or Very sad

Neste år kjem eg til å ha garasjeloftet å sette planter på. Bygget har verkeleg kome opp omsider, det skjer noko kvar dag. Mannen min bestilte port og dører i går. Han satsa på skikkeleg kvalitet sa han, men designbiten er eg ikkje konsultert på.....håper han har funne noko som ikkje gir alt for mange assosiasjonar til Crystle og Blake... Laughing Vi har jo eit 60-talshus, men med klare trekk frå 50-talet Shocked Bør halde oss til det enkle, for å seie det sånn.

Nå er det på tide å kome seg ut av morgenkåpa og inn i noko anna, meir egna til husarbeid. Klokka 11. 30 er det frisør, og da skal det handlast litt vin i same slengen. Det er så godt at det er fredag! Stort smil Mr. Green stjerne! Stort smil Mr. Green stjerne!

Ha ein fin fredag de og da! Enig

Blogging og blomsterhandel

11 des 2007 00:47


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av etter kveldens spinning Akkurat nå: slapper jeg av etter kveldens spinning ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Hadde det veldig bra på julebordet på Skei i helga. (Laurdag til søndag). Det var visst om lag 500 gjester til middagen, så det var livleg. Både Veidekke, Fiskevegn i Selje og Tine hadde julebord der samtidig i tillegg til oss. Shocked Relativt god mat var det og. Denne gongen hoppa eg elegant over alt som heitte "laks og eggerøre", det vart pinnekjøtt på meg gitt... Sikle

Har vore ein tur på jobb i dag. Det hører liksom med.... Cool
Det vart snakk om kva ein skal gjere for å lade opp batteria sine, og det endte av ein eller annan grunn med at eg fekk i oppdrag å kjøpe blomster! Forbauset Kjøpte ein nydeleg kvit og lilla phalaenopsis i lilla potte, og ein Hipp av typen Red Lion med tre blomsterstenglar! Skal ta med ein høg vase og sette dei i vatn på bordet i kantina etter kvart. Vi kjem til å få glede av den leeenge Blunke

Ellers har eg vore på spinning igjen. Har kome inn i vanen med to gonger i veka nå, det er eg veldig fornøgd med altså! Håper det gir effekt på sikt da; god helse, bra kondis, og litt færre kilo.....

Nå skal eg faktisk legge meg, men må føye til at Orange Souvereign (Hipp) er i ferd med å sprette ut. Den er det andre året eg har fått "egenprodusert" blomst på nå - To stenglar, men berre tre klokker på den første da. Skal ta bilde av den når eg får tid. (Berre måtte skryte litt... Laughing Pinlig berørt )

De får ha god natt! Trett stjerne!

Hippeastrum-forum og netthaging

13 des 2007 22:40


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sit her og ser og ser på fine hipper, og les om folk som kryssar, og sår frø. Gleder meg til pollinering, når to ulike blomstrar samtidig. Mr. Green

Ellers lite hageaktivitet, men ein del anna aktivitet - les: jobb.... Forvirret

I morra skal eg ha fri, og da skal eg ha med veslegutten til frisør, samt handle ein del til jul.

I kveld bles det kraftig her. Håper det gir seg, likar ikkje så godt sånt vær. Rolling Eyes

Eg blir vel sittande ved PC-en, for mannen min skal sjå ein eller annan serie han har fulgt med på. Eg hadde lyst til å sjå ein film eg har fått frå Brafilm: " De grønne slakterne". Den er dansk, meir veit eg ikkje om den. Får ta den ein annan gong. Skal forresten strekke meg så langt at eg går i kjellerstua og vatnar nokre uttørka hipper som står der og nøler med å sende opp noko som helst. I grunnen bra at dei ventar litt, har maaange med knupp eg så! Enig

Er trøtt og sløv. Nå skal eg ha meg ein tekopp, og surfe vidare.... Klovn Cool

Ha ein fin torsdagskveld! Stort smil

Rhodolphiala laeta

14 des 2007 10:17


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har lagt frø i bløyt i dag Skal så i morra eller overimorra. Må lage notat om kva det er eg har sådd og når. Hukommelsen er ikkje heilt til å stole på har det vist seg. Gamle dagboksnotat kan bli gull verdt!! Blunke

Rhodolphiala laeta mm.

3. søndag i advent & juleslapp

16 des 2007 17:04


[  Humør: drittlei ]
[ jobber jeg med \\ Akkurat nå: jobber jeg med \\ ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Æsj, så sur eg blir kvart år på denne tida. Midt på svartaste vinteren trur eg at eg delvis går i dvale. Klovn Det er berre det at samfunnet oppfattar det slik at det skal jobbast, både på jobb og heime. Ingen stad der ein få vere i fred og berre sløøøøøøøve. Mad Ulykkelig Ulykkelig Ulykkelig Kunne tenke meg eit liv på ei øde øy akkurat nå. Nå vel, klarer meg også med ein god stol, ei bok og ein liten (jule)akevitt til medisinsk bruk. Cool

Rhodolphiala advena-frøa har spirt inne i kjøleskapet. Eg oppdaga dei heldigvis, og fekk sett dei under livgjevande lysrør. Trur eg burde lagt meg der litt eg og! Fekk faktisk vore ute litt i dagslyset i dag. Har vore på liten skogtur og henta einerkvist, og har rydda og pynta litt utafor husveggane, det trengtes.

Må også skryte av at eg har laga rom-rosin-trøfler etter Gundad-oppskrift, og tørre vafler etter Solfrid-oppskrift i dag. Eg har ellers oppført meg som ein zombie, men ein med næringsvettet i behald, for i ovnen står det ei lammesteik som visst er ferdig snart. Trur eg må ordne i stand litt poteter i tillegg i det minste. Pinlig berørt

Ja, og så kom eg på at eg paradoksalt nok har overgått meg sjølv på matfronten i dag med å lage SAGOPUDDING! Det er noko av det beste mannen min veit, så eg får vel belønning på eit eller anna vis får eg håpe Blunke Snart jul, meiner eg å ha oppfatta. Enig

Jupiter-året startar i dag!!!!

18 des 2007 23:17


[  Humør: varm og utslitt ]
[ jobber jeg som baker Akkurat nå: jobber jeg som baker ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Baker peanøttkaker i kveld, samt steiker enorme mengder med kjøttdeig til pizza til svigerfamiliejuleselskapet laurdag. Er varm og svett, må ta ei pause med hagegal. Smil

Ellers skriv eg blogg for tida, og gleder meg til jul.

Eg gleder meg forresten til heile 2008, for eg er Steinbukk, og vi skal få eit fantastisk år....... Det er i dag, 18. desember at det skjer. Mr. Green Mr. Green Mr. Green Hoppende glad Blunke

Handlar visst om at jupiter - lykkeplaneten - skal opphalde seg i Steinbukken heile 2008. Det er noko som skjer med alle stjerneteikna med 12 års mellomrom, så det er om å gjere å smi mens jernet er varmt som det heiter. Eg har eit år på meg nå! Enig Klovn Laughing Laughing Laughing

"Hage"-relatert: har planta mine fem blå og kvite hyasintar i eit avlangt fat eg kjøpte i dag. Lurer på å legge mose på toppen av jorda. Det vart fint, håper berre dei står til laurdag når vi skal ha selskapet. Får kanskje sette dei kaldt om dagen når vi er vekke, men vil ha den framme når vi er her. Blomstene luktar jo så godt! stjerne!

Mannen min har vaska vinduer på innsida i kveld, utan dagslys Uenig han fekk nok litt dårlig samvittighet der han sat med fjernkontrollen, mens "a mor" dreiv på kjøkkenet. Blunke

ps: meir hagerelatert: har kjøpt to store og to små julestjerner. Ei nydeleg kvit og ei raud og kvit-spettete. Har også oppdaga røtter på hippefrøa som framleis ligg i vatn på kjøkkenet! Shocked

Har sådd hippefrø

20 des 2007 10:07


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Sådde endeleg hippefrøa med merkelege kvite lange røtter på. Plukka dei opp med ein plastmerkepinne og laga eit lite høl i jorda som eg la rota i. Frøet vart liggande oppa jorda. Dekte over med tynt lag med jord til slutt. Hipper er faktisk veldig lette å så, i alle fall så langt. Pinlig berørt Håper dei fortsetter i same spor Blunke

Sit heime nå, men skal på jobb snart. Mannen skal vere heime i dag og vaske, støvsuge etc. Veldig bra tiltak. Han fortener mange Klem !

Juleferie........

20 des 2007 18:07


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har "sjølvbefrukta" den mørk orange, enkle hippen Orange Sovereign. Eg likar SÅÅÅ godt den orange, energiske fargen. Hoppende glad Hadde egentleg høvd enda betre som februar/mars-blomst enn nå til jul. Det skal eg hugse på. Enig

Ellers kan eg nevne at eg har fått juleferie nå. Cool

Hmm, skal berre få unna meg ein time med spinning først, da kan eg slappe av..... Drømmer

Kaffedrikking og somling...

21 des 2007 12:00


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Skal snart bli litt meir produktiv her, men må berre unne meg ei lita kosestund med hippebilder og Hagegal. Mr. Green

Ha de lyst til å sjå Orange Sovereign?



Skal snart ta bilde av Cherry Nymph. Den første blomsten spratt ut i går. I morra har vi juleselskap, så det passer jo perfekt.

Eg har nå skumle planer om å legge ballongar med vatn i frysaren, så eg kan lage eit sånt "reir" av iskuler med lys under som det var bilde av i siste Hagen for Alle. Det var kult! Kanskje eg skal prøve meg på islykt og? hmmm... kan bli lite rydding&vasking her i dag Pinlig berørt Laughing

GOD JUL!

24 des 2007 20:03


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av etter julemiddagen Akkurat nå: slapper jeg av etter julemiddagen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Vil berre ynskje alle "gale" som er innom her ei skikkeleg

GOD JUL!!!
Mr. Green stjerne! Mr. Green stjerne! Mr. Green stjerne! Mr. Green stjerne! Mr. Green

Endeleg julekoma...

26 des 2007 01:45


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Julegjestene har reist - nå kan freden senke seg her. Har sett to filmar i kveld: Mambo og The Holiday. Reinspikka underholdning bereikna på nullstilling av hjernen, i kombinasjon med juleakevitt og rødvin Mr. Green

I morra skal vi rett nok til foreldra mine på saueribbe nr. to så langt (yess! stjerne! ), men før det skal det fortsatt sløvast...... Kyss

Skal starte på ei Woodehouse-bok tenkte eg. Far min hadde med seg eit lite utvalg i går: tre på engelsk og ei på norsk. Fekk plutseleg så lyst på litt knusktørr engelsk humor. Håper dei er like gode som eg meiner å hugse. Cool

Har bilder av min ultimate juleblomst: Hippeastrum Cherry Nymph, men orkar ikkje å legge ut nå. Det får bli i morra. Den er flott i alle fall! stjerne!

Da må alle ha god natt Stort smil

Hippeblomstring!

26 des 2007 11:39


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av i morgenkåpa.... Akkurat nå: slapper jeg av i morgenkåpa.... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Tuslar rundt og ser på hippene mine. Har ikkje kome meg ut av morgenkåpa neda, langt mindre ete frokost... Pinlig berørt Men kva får eg sjå! Hoppende glad

Amoretta, Donau og Nymph blomstrar. Charisma og Red Lion står klar. Orange Sovereign startar snart på den andre stilken. Donau lurte seg til å sprette ut i løpet av natta, bak ei gardin! Mr. Green Laughing Den er berre såååå fin! Raudrosa og slank, relativt små blomster, og med blad. Nokre hipper blomstrar før blada kjem, men det er finast med!

Ein ukjent sak hadde mista navnelappen, men eg bestilte den i fjor frå Eurobulb. Greier ikkje å finne navnet. Den er kvit, med litt lysrosa klokker med grønt i svelget og med nokre Jewel-aktige mørkeraude flekker aller innerst i blomsten. Drømmer Konge!

Bilder kjem seinare! Blunke

H. Cherry Nymph

27 des 2007 22:21


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her er Cherry Nymph:



Den står nå i vase på spisebordet, og er kjempefin sjølv etter mange dagar. Stilken var så tjukk at eg måtte snitte den opp eit stykke oppover, og trykke halvdelane saman for å få den ned i vasen. Var spent på om den ville tåle det, men det ser ut til å gå bra. Klokke nr. fire ser ut til å sprette ut snart. Hipper er tøffe. Enig

Søvnlaus, men ikkje i Seattle

28 des 2007 07:37


[  Humør: drittlei ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Søv dårleg for tida. Død Er nok litt for sliten til at eg greier å slappe av, om det gir noko slags meining? Blir oppgitt og sur. Eg gleda meg sååå til juleferien, men så blir det aldri sånn som eg trur, og vil, det skal bli. Jula er ikkje mi beste tid. Ulykkelig

Trur eg må gå i meg sjølv og ta enkelte ting til etterretning som det heiter. Eg treng meir tid som berre er MI! Har tenkt at eg må ta til takke med den tida som eventuelt blir "til overs", for det er jo mange andre sine behov som må dekkast først, sjølvsagt. Det er sånn eg er oppdradd. Ho mor skal ikkje ha eigne behov, det veit da alle. Forvirret Men nå er det sånn at eg nok må ha nokre tilmålte doser med aleinetid for å halde meg frisk og i funksjon... Det har gått opp for meg dei siste dagane. Eg må finne ut korleis eg skal forebygge sånne pyton feriedagar som dette. Har lite glede av dei når formen er så laber. Må berre handtere eit tonn eller to med skuldkjensle først, over å ikkje takle alt eg liksom "skal" takle.

Og så blir eg jo så sint og da! Mad Mad Død Sint og skuffa, og føler meg veldig ubrukeleg. Crying or Very sad

Huff, nå datt det visst ut litt av kvart her. Pinlig berørt

På tide med NYTTÅRSFORSETT kanskje? Det første har eg klart:
1. Kreve meir tid for meg sjølv stjerne!

Så får eg gruble litt på fortsettelsen Klovn

Bålbrenning i vinternatta

28 des 2007 21:35


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har hatt ein trøtt dag i dag, som forventa. Har prøvd å kose meg med følgande aktivitetar:
-har teke bilder av to vakre hippeastrum i blomst stjerne!
-har vore ute og brent bål&grilla pølser i lag med 3-åringen og 21-åringen stjerne!

I morra skal vi feire ein geburs her i huset, så da "må" eg steike kalkun, rydde, steike sukkerbrød og lage bløtkake. Har ikkje lyst, men vi har bedt den eldste stesonen med kone og dotter, og alle gutta mine er her og. Men dagen etter der, og etter der, og etter der - skal eg gjere fint lite håper eg. Cool

Takk for mange tankevekkande kommentarar etter siste "natts" utgydelser. Eg las artikkelen frå Aftenposten, og den sa noko av det same som eg nettopp las at Jesper Juul har sagt. Han skiller mellom sjølvtillit og sjølvkjensle. Eg trur eg endeleg har forstått noko om mi sjølvkjensle nå, og det handlar mellom anna om at eg ikkje har gitt meg sjølv nok lov til å vere ufornuftig og barnsleg, kan ein kalle det å leike? Klovn Dei nevnte aktivitetane i dag er eksempel på slike ting som eg faktisk skammar meg litt over å gjere "midt på lyse dagen...". Det er jo muleg at eg har eit ekstra stort behov for å gjere sånne ting? Eg tenker på Mario, som har dreve ute og laga islykter og stelt i stand solsnufest i dagevis nå før jul! Kult! stjerne!

Eg er nok ein litt meir rotete, distre og drømmande type enn eg har visst sjølv, ja. Klovn Men til po....ers med det. Kva skal en med midtlivskriser, om det ikkje er for å bli ørlitt klokare før det er for seint??? Laughing

Her er Donau og Amoretta, forresten.


Cliviafrø

29 des 2007 20:10


(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Fekk 15 variegerte Cliviafrø frå Kina i går. Må få sådd dei ein dag, men må rydde plass på planterommet. Ellers trur eg at eg har sett feil navn på den raude hippen min eg la ut bilde av i går. Har blingsa litt på lappen, der står det faktisk Donau... Pinlig berørt

Ha ein fin kveld - sjølv skal eg prøve å forsone meg med at eg blir 48 om nøyaktig eit år... Forvirret Blunke

Onsdag med treg start.....

13 feb 2008 10:48


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av med bildene mine Akkurat nå: slapper jeg av med bildene mine ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Måtte berre ha ein roleg start på dagen i dag. mannen min tok seg av barnehagestyret etc., og eg fekk beskjed frå jobb om at 09.30-avtalen var avlyst! Mr. Green Stort smil

Nå har eg teke bilde av den ukjente hippen som brukte så usannsynleg lang tid på å sprette ut. Kan jo forstå det når eg ser den: enorme blomster!
Veit ikkje heilt om eg likte fargen, men må jo seie at den syns godt og gjer mykje av seg... Blunke Døm sjølv:


Knuppen var flott, med mykje grønne årer i:


Ellers leitar eg etter Jewel-lauken min. Kan ikkje begripe kvar den har blitt av. Har til og med mistenkt gutta som har hatt tilhald i kjellerstua for å ha skubba den ut gjennom eit åpent vindu, men fin ikkje spor av noko slikt ute, så eg får vel gje meg med sånne kjetterske mistankar. Men det er mystisk! Forbauset

Nå skal eg koke meg litt meir kaffe, og kose meg ei stund til. Trur jammen det blir ei frøbestilling til Th&M snart. Kom katalog i går, og eg var i frøbestillemodus.... Vi får sjå.

Ha ein fin onsdag alle! stjerne!