Cherie si hagedagbok

Ny hagedagbok!

13 aug 2006 23:51


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har nettopp laga meg hagedagbok Forbauset
Får forske litt i korleis eg skal få den til å bli litt meire "frodig"!

God natt, lovar fleire innlegg seinare Stort smil

Bratt læringskurve for data-amatør...

15 aug 2006 14:06


[  Humør: fornøyd ]
[ leker jeg Akkurat nå: leker jeg  ]

Godt å ha store flinke ungar. Har fått hjelp til å legge inn bilder, og masse gode råd. Syns det vart ganske fint Blunke

Planleggingsdag i barnehagen i dag, og eg er heime, men med ein kar på 2 1/2 rundt seg blir det vanskeleg å sette i gang med store prosjekt. Har så veldig lyst til å starte på "aksjon skvallerkål" på nedsida av huset, men er usikker på om det blir enda eit prosjekt som blir ståande i vekevis fordi eg må slutte halvvegs... Uenig Frustrasjonen er STOR av og til når tida ikkje strekker til og det er så enormt mange planer å realisere.

Eg har rett nok anlagt og planta i eit nytt rododendron-bed i sommar, det er nesten ferdig. Men ein vil jo alltid vidare og vidare i hageprosessen, det gir likisom berre enda større trang til nye prosjekt når noko blir ferdig!

Vi får sjå, dagen er ikkje slutt enda Stort smil

Skvallerkål, hørt om det eller...

17 aug 2006 23:33


[  Humør: nøytral ]

Må berre seie det: skvallerkålen formørkar mitt liv!! Den er det verste ugras som finst, og avslører stadig nye og ondskapsfulle sider som eg i min villaste fantasi ikkje trudde var muleg. Mor mi seier at den kan forkle seg: den blir til forveksling lik blada til dei hageplantene den veks i lag med. Godt sagt Mad

Eg har eit stakitt plassert oppå ein murkant rundt noko som truleg ein gong var tilkjørt matjord fylt innanfor støttemuren. Denne vesle, firkanta nesten-flate delen av hagen ligg nederst i bakken som er tomta vår. Huset heiter Brattheim, etter dei som bygde det, men det høver godt. Alt vatnet som stadig renn i grøfter og oppå bakken havnar sjølvsagt nedi denne herlege gryta. Dermed blir den frå før noko tunge og rå jorda ståande med ein del vatn i seg - her på vestlandet.... Og kva er det skavllerkål likar best av alt tru? Jo, fuktig, god jord... Eg var ein gong så naiv at eg prøvde å lage flotte stauderabattar langs dette stakittet. Eg grov og planta etter alle kunstens regler. Etter kort tid hadde skvallerkålen teke fullstendig kontroll over alt saman. Arbeidet mitt med å spa opp torv og lage bed, samt utgiftene til planter var forgjeves... Slik har det stått heilt til nå. Da mannen min (som er ein reser med grasklypparen) starta med å klyppe det som han trudde berre var ugras, fosto eg at noko måtte gjerast. Dei to peonane mine spadde eg for eks. opp etter to brutale halshoggingar med få vekers mellomrom. Crying or Very sad Så fann eg att prøriemjødurten, delvis som rømling utanfor stakittet, ville vel kome seg i sikkerhet for det brutale brølande udyret som kuttar ned alt på sin veg Laughing . Eg fann også hosta, haustfloks og nokre forskremte hestemynter i sterkt forkorta utgåver! Nå er alt av verdi flytta i trygghet på den andre sida av huset, og eg har starta på neste fase i prosessen: dekking. Alt skal dekkast av solid jordbærduk og dekkast med dekkbark. Stripa med %§!(€-kål under stakittet og på murkanten skal drepast med gift har eg tenkt Mr. Green Så skal det vel endeleg bli skikk på dette forhatte området!

Å som eg gleder meg, ser for meg vakre, frodige rader med hosta, bronseblad og fine busker langs gjerdet. Har etter kvart tru på at eg kan (kanskje, kanskje!!) få til litt laukblomstring der også, men er livredd for å lage for mange høl i duken... Rolling Eyes . Ser for meg den forhatte fienden som ligg på lur under borken og berre ventar på ein liten åpning for å sprenge seg veg opp og ut igjen! Reine skrekkfilmen utspelar seg for mitt indre blikk Forvirret

Det er i alle fall verd eit forsøk, og om eg så må halde meg til digre og dominerande bladplanter der resten av mitt hageliv, så er det betre enn det grøne helvetet som rår der nå!

Har dessverre ikkje kome lenger enn til å kjøpe duken, og dele ein rull på midten med saks, resten ligg der (ingen pryd for hagen dessverre!) og ventar på neste mulighet til å bedrive litt haging for underteikna komplett hagegale person.

Kanskje i morgon?? Cool

God natt til alle i augustmørkret! Laughing Laughing

Bittelitt klematisblomstring her og..

18 aug 2006 19:42


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og kosar meg med bilder Akkurat nå: slapper jeg av og kosar meg med bilder ]

Nå skal de få sjå dei to små Ville de Lyon-blomstene som spratt ut i går. Endeleg skjedde det noko, eg forstår ikkje kvifor det ikkje kjem meir blomster! Den er vel tre år gamal, og ser ut til å trivast. Eg har aldri klipt den ned da.... Pinlig berørt Ser at eg skulle ha gjort det, men det er vel ikkje for seint?
Tek med eit bilde av Hjortetrøsten og i same slengen, den er på sitt finaste nå Smil




Oi! Er bildet av klematisen opp ned tru? Ser litt rar ut Shocked

Lite hagenytt å berette

29 aug 2006 18:17


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av og tenker på ugjorte hageoppgåver Akkurat nå: slapper jeg av og tenker på ugjorte hageoppgåver ]

Har lite nytt frå hagen å fortelje. Det har gått i store tenåringsgutar sine "reise ut i verden"-prosjekt ei stund nå, og det tek i grunnen all energi for tida... Eg har "ekspedert" ein 17-åring til england som utvekslingsstudent. Det gjekk forsåvidt greit, han er flink til å klare seg viser det seg når han blir sett på prøve. Men, han har ein bror på 20 som er uforbederleg distre og i sin egen verden. Berre det å kome seg frå Bergen til Oslo har han greid å rote til, ved å miste bussen, så prøve å haike men likevel ta buss (heldigvis tenkte ho mor!), så miste bussen pga dogåing på ferja, så overnatting og ankomst Oslo neste kveld, for så å oppdage at sekken hadde havna i Seljord!! Dermed måtte den planlagte turen til Berlin i dag utsettast ei veke, og dermed mista han reisefølget sitt som ho mor faktisk hadde sett sin lit til skulle hjelpe han litt med diverse praktiske ting..... Ulykkelig

Må jo le og, vi er enige om at den einaste måten å lære på for stae og stolte hanekyllingar er "learning by doing". Råd og formaningar blir konsekvent ikkje oppfatta i alle fall Laughing

Med omsyn til hagen så er det TØRT der Uenig Alt regnet som alle klagar over har vi fått fint lite av på Eid i alle fall. Berre nokre småskurer som ikkje ser ut til å ha gjort skikkeleg monn. Eg blir litt lei meg når eg ser staudebedet mitt - visne plantar som heng slapt med haudet er ikkje godt for ein hagegal å sjå Crying or Very sad Særleg ser det ut til at primulaene lir. Det må da vel kome litt regn her snart og. Eg orkar ikkje drive og rote i jorda nå, skulle ha luka masse, og har planar om å dele hornfiolane og spre dei litt. Har også nokre stauder som står i potter og ventar på å få permanent tilhaldsstad. Blir spennanede med dei eg ikkje kjenner frå før, anna enn av omtale:
Heucera, kvitfredlaus, lavendel, buddleia og nokre til.

Forresten så blomstrar den nyplanta soleiebusken min bittelitt nå: så nydelege mildt og venleg gule blomster at eg vart heilt varm om hjartet! Den gleder eg meg til å sjå i full blomst til våren Stort smil

Har kikka litt på "innedrivhus" i dag på nettet. Såg på eit i to etasjer med plast-telt over, med undervatningsmatter og lys og stativ (to hyller på 55x125cm). Det kom på ca 3000 kr. Nokon som veit om andre og betre alternativ?


Ha ein fortsatt fin hagedag! Blunke

Fjerning av lianer - med torner...

30 aug 2006 15:40


[  Humør: fornøyd ]

Da har eg gjort noko eg har kvidd meg for, nemleg klipt ned ei ekstrem klatrerose som svogeren min absolutt ville eg skulle ha (rotskudd frå hagen hans). Det viste seg å vere ei ekkel rose med små, fylte blomster utan lukt, enormt veksevillig og svært lite motstandsdyktig mot rust. Ulykkelig

Eg har eit prinsipp, og det er at skal eg først stikke meg så skal det være for roser som er a) pene, b)velluktande og c)remonterande! Denne var ingen av delane... Rota skal også vekk, men det er berre blåbær nå som fangarmane er borte Laughing

Har også luka det stakkars staudebedet mitt, jamman treng eg noko som blomstrar seint ja. Lurer litt på om det er noko som heiter Asters og som er staude? Har dei blå-lilla blomster kanskje? Det må eg sjekke! Ellers så står nå gullsolhatten der i ensom majestet og gjer så godt han kan. DEN er i alle fall fin nå!! stjerne!

Sedum og stormarikåpe

31 aug 2006 15:13


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]

Tok meg ein liten tur innom eit lite planteutsalg i dag som ligg dlevis inne på eit gardstun. Det er dreve av ei dame aleine, og er nok nesten ein hobby ser det ut til. Ho fekk slag i fjor, men har faktisk greid å drive utsalget sitt i sommar likevel. Eg har vore der ein tur tidlegare i sommar og handla. I dag var det stussleg der Ulykkelig . Visne sommarblomster og ugras, og stauder som berre delvis og såvidt hadde overlevd tørken. Noko hadde blese overende og velta, huff. Sikkert fælt for ho som har kost seg så med plantene før...

Eg fann likevel litt som eg måtte ha, sjølvsagt. Sjølv om dei fleste vel hadde reist forbi utan tanke på at det kunne vere noko av interesse der Rolling Eyes

Eg kjøpte: 2 stormarikåpe (dei er seigliva)
2 sedum m. mørkraude, små blad, og med rosaraude blomsterknuppar. (Nydeleg!! Mr. Green ) Den hadde ein navnelapp, men eg har sjølvsagt gløymt kva som stod. Sedum + eit eller anna svensk-klingande mannsnavn??

I tillegg fekk eg til alt overmål med meg ei plante (gløymt navnet Rolling Eyes ...) som hadde frødd seg i singelgangen Laughing . Den fekk eg på kjøpet da. Trur den er toårig, men vil ha frøa. Den er sølvfarga i blad og stilk, og har sterkt rosalilla blomster. Ca. 30 cm og "sprikete" vekst.

Hukommelsen er visst aldeles utkobla i dag, håper det ikkje er ein permanent tilstand! Var også innom Hildenes gartneri (Eidarane veit kvar det er...) og såg etter haustasters, men den gang ei... Nå har eg greid å lage meg ein fanasi der eg ser for meg ein nydeleg, mørklilla asters som kan varte opp den gule rudbeckiaen som blomstrar nå Sikle . Slike syner som ein av og til får for sitt indre blikk når ein er bitt av hagebasillen, og som berre MÅ realiserast Laughing

Men det er vel berre eg som har det slik kanskje?

Stikling-dilla!

05 sep 2006 22:25


[  Humør: søvnig ]

Har ikkje gjort noko nevneverdig i hagen dei siste dagane. Det har faktisk endeleg regna litt, ser at plantene rettar seg opp og ser friskare ut. Det er bra.

Eg har ein koloni av potter med småplanter og ikkje minst stiklingar ståande i ei austvendt trapp som er lite i bruk. Den er ideell som "gartneri", men nå er det fullt der altså... Cool Har fått stikling-dilla i sommar. Eg har prøvd med
-spirea
-klematis (av typen NN, rappa hos eit familiemedlem i nytt hus)
-buddleja
-kornell, kvit
-haustfloks
-raudkattebusk
-tåre

Det er berre så utruleg spennande å gå og kikke etter nye skudd Stort smil Stort smil Stort smil !!

Ellers har eg "funne" små rotbitar på dei utrulegaste plasser, og har fire tustar med nellik (grått, nåleaktig pladverk, lys rosa blomster, dannar tepper på murkantar, pinsenellik kanskje?) teke hos naboen, jonsokkoll teke hos ein annan nabo og meir nellik med små blomster og puteaktig vekst funne forvilla i hagen til foreldra mine. Det er rett og slett så utruleg moro å få til planter av slikt, floksen fekk eg til og med tilbud om rot av, men eg ville heller prøve med stiklingar for det er artigare Laughing

Nå lurar eg berre på kvar eg skal ha alt dette i vinter Shocked Det er vel ømtålege saker, så å la det stå i pottene sine er vel ikkje tilrådeleg. Nå er det dei utrulegaste ting som har overlevd på trappa mi ein vinter, men litt dumt å ta sjansen. Tenk så artig å ha planter ein har "laga" sjølv da. Eg tenker faktisk ofte på at eldtjæreblomsten min kjem frå ein liten stikling frå hagen til søstra mi for to år sia Smil

Rhododendron for alle penga!

07 sep 2006 19:33


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av med god samvittighet Akkurat nå: slapper jeg av med god samvittighet ]

Nå har det endeleg skjedd: eg har fått planta til det nye Rhododendron-bedet mitt i austveggen. Eh har jobba med dette "anlegget" i heile sommar, litt nå og litt da. Har henta barnåler og "rusk" i skogen og har lagt på jord og div. Har kjøpt tre nye planter i dag - vart frista over evne på Torheim gartneri.....

Her er dei nye innvånarane i hagen min:
-rhododendron yakhusimanum "edelweiss"
-ditto............ "fantastica"
-ditto............ "Blueshine girl"

Hadde i tillegg ein frå før som eg ikkje hugsar navnet på, men den er lysegul og fhv låg. Har planta vinterglans (Pachysandra terminalis) og hosta, samt tre primula, to lysegule og ein høgare lilla. Eg har også ein barlind i bedet (taxus summergold, krypande) og ein einer (Junipherus so. blue swede). i den eine enden av bedet har eg planta eit felt med sildre ( grønne rosetter, lys rosa "skyer" av små blomster i mai/juni). Dei trivest så godt her, og er så fine nå dei blomstrar. fin bunndekker.

Kanskje ser eg at dette blir for mange ulike planter på lite område etter kvart, ser for meg at eg må flytte og ommøblere etter kvart. Slik er det vel alltid? Uansett er eg veldig fornøgd med dei rhododendronane eg kjøpte i dag. Edelweiss har gråaktig "rim" på blada, Blueshine girl har utruleg fin blålilla farge på dei nye skudda sine. Håper veldig at blomstene har litt aprikos-skjær slik det såg ut på lappen på gartneriet... Det er berre så utruleg fint i lag med det lilla!!

Nå rekk eg ikkje å skrive meir, har ei venninne som fyller veldig rundt år i dag Blunke , og ho må få ein visitt! Litt ergeleg at kronprins-par-besøket gjorde at eg ikkje fekk kjøpt blomst til henne på Hildenes, der var det såkalt folkefest-"siesta" da eg var innom Forvirret . Må dessverre innrømme at eg kjente republikanaren rørte på seg der eg stod og rista i døra.... Ulykkelig

Sjukmeldt hagefantom!

08 sep 2006 13:32


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av etter ei skikkeleg graveøkt i hagen Akkurat nå: slapper jeg av etter ei skikkeleg graveøkt i hagen ]

NÅ er eg fornøgd altså! Har fått greve opp nytt bed - det vil seie fortsettelse av eit laaaangt bed eg har frå før, langs ein laaaang mur Laughing

To ting trengte eg plass til i nytt bed, og det er krydderplanter, som eg syns ser uryddige og malplasserte ut mellom staudene, og gul/oransje/raudt bed. Det siste måtte ha litt avstand frå det rosa/lilla bedet. Eg har lenge irritert meg over dei oransje og gule som har stått litt tilfeldig plassert melloom dei rosa... Ikkje meininga det skulle vere sånn, men her skjer ting alltid etappevis Pinlig berørt

Som vanleg ser eg at eg kanskje får plass til halvpasrten av dei staudene eg har planlagt på den plassen eg har til rådighet Uenig Ein ting er luftlauken som eg gjerne vil ha nokre av til å klippe grønt av tidleg om våren, dei vart det ikkje plass til!! Eg er og usikker på kanten av bjørnerot, og om den kjem til å ta for mykje plass i bedet, men det er vel ei stund til. Nå er det berre nokre små røtter med grønne tustar på i alle fall Enig Eg har ikkje så mange krydderplantar, men vil gjerne ha litt grønt dryss på maten om sommaren. Eg har løpstikke, oragano, salvie, og luftlauk i tillegg til graslauk og persille. Ønsker meg timian igjen, den forrige døde.

I det gul/orange bedet er det til nå planta: lijjer i nevnte fargar, eldtjæreblom, og nattlys. Ser for meg at det kan passe med fagerfredløs i dette selskapet, og er fornøgd over å endeleg ha funne ein plass eg trur dei blir fine. Har som så mange andre hatt nokre år der eg har vore lei dei.

Nye idear kjem sjølvsagt mens ein grev, det seier seg sjølv. Nå er eg i gang med å utvide rododendron-bedet på baksida. Bruker torva eg har spadd opp, skal legge kjøpejord på toppen og plante hosta i lange baner med avispapir under! Har gode erfaringar med avispapirdekking. For meg soom stadig flyttar på ting, ombestemmer meg mot. fargar eller kjøper noko som MÅ ha plass, høver det ikkje så godt med duk. Den blir i alle fall raskt så perforert at eg like godt kunne ha latt være å dekke Laughing Med dekkbark over ser det ok ut uansett, og aviser råtnar og blir til jord Stort smil

Er altså sjukmeldt, men tenker at for ein utslitt "hjerne-arbeider" er haging den beste medisin som finst Cool Laughing

Haging i dag og gitt

10 sep 2006 00:03


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Denne dagen var satt av til fjelltur med TPT (turgruppa "Tauser på tur"). Vi reiste kl. 14, og kom oss opp på Tjugen i Stryn, der vi inntok kanapear og musserande drikke... Alt til ære for ei av damene sin 50-årsdag. Så bada vi på Alexandra hotell etterpå, medan gebursdagsbarnet vart påspandert algebad i spa-avdelinga. Kjempedag berre dette - men ikkje nok med det Stort smil

Før vi reiste fekk eg gjort litt meir med "lapskaus-bedet" mitt, der ting vart satt ned i hurten og sturten i fjor haust, med det forsettet at til NESTE år, da skal det bli orden da Pinlig berørt

Har nå delt hornfiol-tua mi som blomstra så vakkert blått i vår, og som eg lovde meg sjølv dyrt og hellig skulle formeirast. Uvanleg fint synest eg det var da den og vårvortemelka blomstra samtidig.

Eg har også funne ut at alle kuleprimulaene må ut av bedet Ulykkelig Dei er så fine om våren, men dei blir jo så digre om sommarn Uenig Dei tek heilt overhand. Det gode med dei er at dei held skvallerkålen i sjakk der dei står, og eg blir faktisk litt glad i planter som greier det (Jfr. tidlegare innlegg om planter som formørkar mitt liv Blunke ).

Nå må eg berre hugse å spa opp løytnantshjertet og flytte over i "salatbedet" , som sakte men sikkert blir forvandla til eit koseleg og halvdisiplinert "cottage garden"-bed.

Da kan vinteren snart komme faktisk, og eg kan sitte inne og glede meg til våren, full av forventning Stort smil

Fortsatt god helg til alle saman!

PS: Det er meldt fint (plante)vær i morgon Laughing

Herlege september med plommer og haustsol!

10 sep 2006 15:39


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg kjeks & ost ved tastaturet... Akkurat nå: spiser jeg kjeks & ost ved tastaturet... ]

Fint vær i dag som forventa, ikkje strålande men sånn passe "vestlandsfint". Her er det slik at alle seier: "for eit flott vær" så sant det ikkje kjem nedbør. Nå kjem visst sola forresten, ei mild og forsiktig ei.

I dag har eg plukka plommer hos foreldra mine i lag med minstemann på 21/2. Vi koste oss, og plukka og åt nydelege søte plommer. Og så masse da!

Eg likar hausten. Den er så fylt av ro og fred, og utallige gode smaker og lukter. Flotte fargar er det også.

Må fortelje om ein liten hageopplevelse til slutt: eg telte 10 admiralsommarfuglar samtidig i Storhjortetrøsten (Eupatorium purpureum). I tillegg masse humler! Kvar kjem dei egentleg frå tru??

Nå får vi middagsbesøk av "stebarnebarnet" mitt på 7 og pappaen hennar. Da blir det hagefri resten av dagen Smil

Lovens lange arm

11 sep 2006 12:33


[  Humør: kvalm ]
[ slapper jeg av -- prøver i alle fall Akkurat nå: slapper jeg av -- prøver i alle fall ]

Er som før fortalt sjukmeldt for tida. Det handlar rett og slett om at eg er utslitt (utbrent høres så fælt ut, da er det liksom ingen veg tilbake Forvirret ). Eg er derfor heime, og strever med å finne roen og arbeidslysta. Ein liten butikktur for å handle mjølk og brød er ein heil jobb.... Uenig .

Men rettssystemet innhentar meg likevel. Fekk akkurat telefon frå jobb om at ein sak eg har jobba med skal opp i fylkesnemnda snart, og at eg sjølvsagt blir innkalt som vitne! Eg som nesten ikkje greier å få til dei mest elementære og daglegdagse ting for tida. Kjenner panikken kjem, har lyst til å rømme Shocked

Den som kunne forsvinne nokre veker - kunne tenkt meg å vere meitemark eller noko slikt Laughing . Da ville eg vel sleppe unna! Men ville ha som abslutt betingelse at eg skulle bli meg sjølv igjen til slutt da Klovn

Betre å le enn å gråte seier dei, får jobbe litt med saka Ulykkelig

litt haustplanting igjen

12 sep 2006 13:22


[ spiser jeg omelett Akkurat nå: spiser jeg omelett ]

Skal ein tur på jobb snart Forvirret , men har fått tre timar ute først - så da så! Mr. Green

Må dusje og, men rekk ei rask oppsummering:

Har spadd opp og flytta løytnantshjertet
Har fjerna/omplassert div. primula "gigantis"
Har planta veronicaen ved peonane
Har planta præriemjødurten i "det romantiske bedet", eller cottage garden om du vil...
Har spadd opp og renska (for ugras) og planta igjen nokre prydsvinerot som ikkje likte seg der dei var
Har spadd opp eit villskudd av rose
Har planta to bittesmå vårkjærminne-røtter (er i bli-kjent-fasen med den)
Har planta kvitfredløsen på ein prøve-plass

Har bestemt meg for at den planlagte haustfloks-bedet i sørveggen må utsettast til våren Blunke Det blir fint å dekke ein stygg mur med: rosa. lilla og kvit floks, med storhjortetrøst i midten Stort smil

Nydeleg utedag

13 sep 2006 22:31


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og håper ungen sovnar snart Akkurat nå: slapper jeg av og håper ungen sovnar snart ]

Guttungen og eg har hatt ein koseleg heime-frå-barnehagen-dag i dag! Han har vore på besøk hos naboen mykje av tida, der har det vore messe ungar heile dagen, med leiking av mor og far,butikk, samt sykling og traktorkjøring Hårete lykke

Vi har også fått planta det nye plommetreet i lag (Herman, tidleg sort). Undervegs i prosessen oppstod det sjølvsagt ein ny hageide i mamma sin hjerne (heilt typisk, på den måten blir ein absolutt aldri ferdig med nokon ting Forvirret )

Ideen kom fordi berre ved å grave opp høl til treet så dukka det opp så mange bittesmå påskeliljelaukar at det var bortimot ein liter. Blomstringa der dei siste åra har ikkje stått i forhold til antalet nei! Eg tenkte da at eg skulle "gjerde inne" den bota med påskeliljer slik at til og med mannen min med dilla på den eine typen hagearbeid han har greie på, nemleg GRASKLYPPING, forstår at her er det ikkje adgang! Han er så grundig at eg av og til lurer på om han trur det er ein kombinert grasklypper og jordfreser vi har Laughing .

Eg heiv meg i bilen og reiste ned på Felleskjøpet. Der hadde dei ferdig låge stakitt i element, til halv pris!

Fann jo ut at det vart vanskeleg å få dei ned i bakken da, det er stein og div. røtter der. Litt rart såg det og ut i og med at det er i ein bakke - men men. Eg vart sjølvsagt ikkje ferdig, skal prøve å få det til å sjå betre ut i morgon.

Eg har og "fiksa" litt meir på avslutninga på det laaaange bedet mitt langs muren. Enden ligg i eit sumplandskap, der vatnet fordundre meg ligg i dammar etter graving. Omtreng ingen ting kan vekse der, men dei enorme kuleprimulaenen skal få prøve seg.... Dei har eg god råd på. Har dekt med aviser på ein del før, men hadde ikkje meir aviser igjen. Tok dermed jordbærduk og la langs muren eit stykke opp i ein bakke. Det får berre ligge utan planter til våren i alle fall. Under duken gøymer det seg nemleg alle slags ufyselege ting, blant anna høymole Mad . Ekle beist som nok likar væte! Med bork på toppen ser det ganske bra ut faktisk.

Til slutt fekk eg planta litt hosta på baksida av rododendron-bedet. Der skal det også dekkast med aviser, men eg har som sagt brukt opp alle. Må plyndre papirdunken til foreldra mine forstår eg Stort smil Gjerast må det, for utvidinga av bedet består av torv frå andre graveprosjekt..... Mr. Green

Eg må ha gjort noko i dag, for nå er eg kjempetrøtt. Sovna såvidt da eg skulle legge guttungen i sta, men han sovna derimot ikkje Laughing

Nå er det heldigvis endeleg stille. skal slappe totalt av resten av kvelden Stort smil

Laukplanting her og

15 sep 2006 23:51


[  Humør: søvnig ]
[ spiser jeg og prøver å hugse kva eg har gjort i dag Akkurat nå: spiser jeg og prøver å hugse kva eg har gjort i dag ]

Er så sliten om kvelden for tida, og så sulten! Det går for seg ute nå, i dette utruleg fine været. Eg går snart oyhovoft ein høg gang når det gjeld fjerning av grastorv... Har ikkje greit 15 kvm da men...

Grunnen var at dei 40+5 påskeliljelaukane eg fekk frå Zimtrade måtte ha plass. Eg avskyr laukar i staudebedda, av to grunnar: for det første er dei stygge når dei står og skal visne ned. Fjerne alt og flytte det til anna plass er for dillete for meg. For det andre er det stadig bruk for å spa og flytte litt på ting, og kva skjer da? Jo, ein deler laukar med spaden Ulykkelig

Eg er nok slik laga at eg ikkje vil ta livet av nokon ting som er levande, eg greier ikkje ein gong å ta kålmark og spyfluer Cool Dei blir helst ekspedert over til ei anna område, som f.eks. gardsplassen. Så får dei prøve å klare seg som best dei kan. Da har dei i alle fall fått ein sjanse! I India skal det visst finnast ei sekt eller noko slikt som har som grunnregel at dei ikkje skal ta livet av noko som lever, ikkje ein gong av ein mygg som sit og sug blod Shocked . Det er kanskje å gå litt vel langt, men eg har litt den tendensen kjenner eg... Kastar nødig planter - vil helst finne "den rette" plassen for akkurat DEN planta i hagen min.... Laughing

Eg har tenkt i dag medan grasrøttene har fått gjennomgå (merkeleg, grastorv har eg ikkje problem med å kvitte meg med Blunke -at kanskje ein burde tenke heilt anleis når det gjeld hage enn eg har gjort: dersom eg tenker "kor smale stiar kan ein greie seg med??", i staden for "kor store og mange bed skal eg lage?" - blir alt veldig mykje enklare Klovn

Altså: eg har fått plass til dei ass. påskeliljelaukane, nokre rosaraude allium som var bonuslauk, har plassert 5 narsissar "cheerfullness" kremkvit i rododendron-bedet, og 6 kongelijlelaukar samt 6 orient-liljer av typen hoffrica vicky i "trappebedet". Eg har også spadd opp alle dei små blå lungeurtene i kirsebær-bedet og erstatta dei med 24 tulipanar av typen China town, samt blå perleblomst. Eg sette også ned dei astilbene eg redda frå halshogging (raud og kvit, låge) i same bed. Håpet er at dei skal vekse til og ta oppmerksomheta vekk frå stygge, visnande laukblad ut på sommaren Stort smil

I tillegg har eg planta klosterklokkelaukar og ipheion "Rolf Fiedler" samt anemone c. The bride i rododendron-bedet. Håper det blir fint til våren, eg gleder meg veldig til å sjå korleis det blir! Heile rodod.-bedet ser vi rett ut på frå kjøkkenglaset, så den blomstringa skal eg verkeleg få med meg Mr. Green

Nå er eg trøtt som sagt. Har nok fått ein viss sønn i trassalderen, vi fekk han omsider til å sovne kl. 22.30 Ulykkelig Erfaringa er at det går over Laughing

Ha ein fin laurdag alle saman!

Eidamesse-helg i fint vær....

16 sep 2006 21:18


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Denne helga er det stor-arrangement her på Eid. Den årlege Eidamessa går alltid av stabelen midt i september. I år har underet skjedd: det er faktisk fint vær! Det er absolutt ikkje vanleg skal de vere klar over Laughing

Det har ikkje blitt gjort noko anna hagerelatert her i dag enn ei ørlita hagevandring sammen med mor mi, stadig avbrote av ein liten kar med mange ting på hjertet. Til slutt fekk han med seg ho mommo på tur, for å plukke "løve" (løvetann). Dei fann ikkje så mange Rolling Eyes , men hadde hatt ein koseleg tur Smil

Ellers åt vi fiskegryte og eplekake, og koste oss med restane av sommaren....

Dagens største katastrofe skjedde da gutungen vår skulle få lov til å halde litt på helium-ballongen som nabojenta på fem hadde fått på Eidamessa.... Vi hørte at han ropte fortvila på faren og ba han hente ein stige, for ballongen var plutseleg så høgt oppe Forbauset Shocked . Jenta stakkar sprang innatt og var fortvila, men pappaen hennar fekk heldigvis tak i ein heilt maken svevande, rosa, hjertepryda enhjørning med gullman etterpå !

Når enden er god er allting godt Stort smil

Haustvær i dag

19 sep 2006 11:41


[  Humør: nøytral ]
[ ser jeg på TV --hageprogram på BBC Akkurat nå: ser jeg på TV --hageprogram på BBC ]

Beskar prydkirsebærtreet i går. Eg har eit tre som eg har kjøpt på Torheim gartneri, men eg er ganske misfornøgd med det. Kvar vår ser eg på kirsebærtrea ved Nordfjord sjukehus og synest dei er SÅ fine, særleg dei med lysrosa blomster. Først er dei nye skota raudbrune og kjempefine med kvelds- og morrasol gjennom trekrona. Så kjem skya av rosa blomster, så fint! Om venteren er dei fine da og, med jevne, runde dekorative kroner. Eit slikt tre ville eg gjerne ha som eit slags tuntre ved inngangen her.

Treet eg fekk har
a) skeiv krone Mad
b) ikkje blomster Mad (har såvidt sett dei ein gong eller to, dei få som kjem er nydelege fylte store og lysrosa, rett nok)
c) ikkje mørkeraude skudd om våren Mad

Altså vart ingen av ønska mine oppfylt.... Ulykkelig

Desse problema vart lagt fram fpr gartneren på Torheim. Han sa at eg skulle beskjære treet hardt, da ville eg få skikk på krona samt gi treet ein slags vekker slik at det ville blomstre. MEN, eg skulle absolutt ikkje beskjære det nå, men vente til det vart kaldare.

I "hagen for alle" står det da vitterleg at ein sakl beskjære før vekstsesongen er avslutta, fordi ein da gir treet ein sjanse til å kome i balanse igjen i rota samt greier betre å beskytte seg mot sopp etc.??
Shocked

Kva er rett?

Eg har uansett valgt å gjere det nå, har teke Reine Claude-treet og. Det blomstrar heller ikkje, men dei kan av og til vere litt seine har eg forstått. Så blir det spennande å sjå til våren om det blir nokon forandring. Eg har jo så vanskeleg for å kvitte meg med vekster da, teller på knappane og treet skal få stå eller ikkje. I sommar har det vokst masse, og ser ut til å like seg der det står stakar Laughing

Ellers tuslar eg litt rundt for tida, gjorde ferdig surjordsbedet i går. Fekk lagt på aviser rundt hostaene på baksida, der eg hadde utvida bedet på juksemåten med å bruke oppspadd torv. Fekk på eit par sekker til med bork, så nå ser det flott ut! Å som eg gleder meg til våren Stort smil

Å gjere ferdig duk/bark-prosjektet i skvallerkål-hagen har eg ikkje fått somla meg til.... Pinlig berørt Det er av ein eller annan grunn ikkje lystbetont. Må gjere det før vinteren i alle fall, men ikkje i dag...... Cool

Hagegal i dvale

20 sep 2006 22:51


[  Humør: fornøyd ]
[ leser jeg på hagegal og lærer om nye planter Akkurat nå: leser jeg på hagegal og lærer om nye planter ]

Masse regn ute og herleg å vere inne for tida.

Hagesyslane består nå av å samle (nei, ikkje frø Laughing ) - på latinske plantenavn på vakre, sexy vekster som kanskje kan bli mine ein gong....

Eg les og les, og blir meir og meir storøygd:

-Gillenia trifoliata
-Cimicifuga ramosa
-Iris ensata variegata
-Alchemilla erythropoda
-Helenium autumnale
-Cornus kousa
-Magnolia stellata
-Eccremocarpus scaber
-Darmera peltata
-Kirengeshoma palmata
-Hacquetia epipactis (Heiter det same som yngstemann! Ikkje dei latinske da Laughing )

Alt som finst av planter, som eg ikkje ein gong visste at eg ikkje visste om!

Å du herlege vår 2007 - da skal mange av desse bli mine Mr. Green Mr. Green

Ny hageenergi

22 sep 2006 13:08


[  Humør: fornøyd ]
[ jobber jeg i hagen (surprise!!) Akkurat nå: jobber jeg i hagen (surprise!!) ]

Været er strålande, og med det kom det att ein liten hagegnist. Eg driv og strever med tre pakker anemoner (2 a. blanda mix og 1 blue shades)

Dette høres for enkelte kanskje noko pinglete og smått ut ( Shocked ?), men for meg er det ei utfordring akkurat nå.

Kvar skal dei stå?

Eg har utvida det laange studebedet litt midt på. Trur eg får sette dei der, langs framkanten, omtrent der vi ser rett på når vi går inn i huset. Da skal vi verkeleg kunne få med oss blomstringa. Det er nok betre enn å sette dei borte ved rhododendronen som lagar avslutning mot vest på det før omtalte laange bedet. Der borti er det ingen som går nokon gong, andre enn eg da Ulykkelig . Dessutan: der er det lagt opp til GULT i massevis, da blir små tandre anemoner i rosa nesten vekk.

Eg fann akkurat ut at lammeørene har frødd seg noko så enormt i år. Det feltet skulle eg ha spadd opp og omorganisert. Vil ha lammeøre, lavendel, krypklokke på murkant framfor, samt div. rosa/lilla nellik-tuer som kan henge på muren. Eg skal også sette ned lycknis coronaria (nå var eg flink!) i det same bedet, som altså går i sølv, rosa, blått og lilla. --og skal sjå litt solsvidd og tørt ut... Cool . Ein utfordring her på desse kantar Laughing

Eg forstår at forumtreffet er ein stor begivenhet, og at mange skal dit. Høres morosamt og koseleg ut - kanskje eg slenger meg med ein gong! Mr. Green

Ha det fint de som skal dit! Og god helg til alle Stort smil

Campingliv og tyttebær

25 sep 2006 11:28


[  Humør: fornøyd ]

Lite hageaktivitet i helga, bortsett frå at eg fekk begynt på ei nødvendig omorganisering i "tørke-bedet" fredag. Eg greide å omplassere alle busknellikane som eg ein gong i fjor sette mellom lammeørene på grunn av desperat plassmangel. Nå skal partiet med lammeøre bli fritt for konkurrerande grønt, men skal supplerast med lilla/rosa/blå nyansar:
-Lavendel
-dianthus div.
-krypklokke
-kryptimian
-kvit skrinneblom
-lychnis coronaria

Har også noko "sildreaktig" tuedannande med raudaktige stenglar med heilt kvite blomster om sommaren. Dei blir av og til ltt gulaktige i fargen på blada, så dei likar eg ikkje så godt i dette bedet. Problemet er berre kvar dei skal stå..? Forvirret
Får prøve å lure dei på naboen, villig og takknemleg vekst Blunke

Campinglivet eg refererer til var ein tur frå laurdag til søndag til Dønfoss i Skjåk. Vi ville ha med vogna og prøve den campingplassen for å sjå om det er nokon vits å ha vogna der fast. Der var det fint! Austlendingen i meg fekk også med seg opplevinga av furumoar og haustfargar, rett nok i sommartemperatur! Vi var på ein tyttebær-tur som eg ikkje trur eg har opplevd maken til å 15 år. Vi plukka (eg og mannen) i makeleg tempo nesten 10 liter på eit par timer - og vi flytta oss nesten ikkje! Minstemann åt blåbær han, og storkoste seg Smil

Vi sette oss i alle fall opp på venteliste for heilårsplass, med utsikter til å få den i april neste år. Flott! Stort smil

Skvallerkål-bedet er i boks!

26 sep 2006 14:09


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av og er veldig fornøgd med meg sjølv!! Akkurat nå: slapper jeg av og er veldig fornøgd med meg sjølv!! ]

NÅ har eg endeleg teke meg sjølv i nakken og gjort ferdig duk/bark-prosjektet under buskene på murkanten i skvallerkål-avdelingen. Det vil seie eg har att å legge bark på det meste, men har brukt opp det eg hadde. Så fort eg er ferdig med å skrive dette skal eg hive meg i bilen og kjøpe 5 nye sekker på FK. Eg er så glad og fornøgd!!! Hoppende glad

Tenk, til våren kan eg kjøpe meg STERK roundup (eller noko liknande) og brakke den stripa som er mellom duken og murkanten, under stakitttet. Først skal eg ta opp røtter av det som veks der, nemleg sølvarve og nellik av ymse slag. Det har eg tenkt å plante tilbake når kanten er fri for skv&%%€-kål (vil ik kje ta ordet i min munn meir Laughing ). Dei sk....-røttene som er innanfor duken, altså i plenen, blir jo klipt jevnleg. Dei overlever fint det altså, men ser ikkje stygge ut som kortklipte i alle fall Mr. Green

Om eit par år kan eg kanskje ta sjansen på å lage høl i duken og plante litt. Å du slette tid så fantastisk - det gleder eg meg til! stjerne! stjerne!

"Inne-haging" for tida

28 sep 2006 21:46


[  Humør: forstyrret ]
[ slapper jeg av men tenker berre på ein ting - (hage....) Akkurat nå: slapper jeg av men tenker berre på ein ting - (hage....) ]

Ikkje mykje igjen å gjere ute nå. Dessutan har været vore litt lite fristande dei siste dagane. Derfor er eg inne og tenker på kva eg skal gjere i hagen neste år i staden Pinlig berørt

Har i alle fall forstått at eg må ha vekstlys og muligheter til å så litt inne i vinter Stort smil Skal bruke eit gutterom som står midlertidig tomt. og får mannen min til å snekre hyller som passer. Tenkte å bestille to pakker frå Grønt fokus (?) med vekstlys-armatur, brett og undervatningsmatte til ca 1000 pr. stk. Det blir da plass til litt! Forstår at eg nok må beherske meg når eg skal velge kva som skal få den ære å vekse der Laughing Tenker det skal bli bra trongt om plassen. Blir i alle fall berre slike stauder og sommarblomster som ikkje er å få tak i på anna måte.

Ein anna ting eg grublar på om dagen er å skaffe meg fleire STORE stauder! Eg likar så godt dei to eg har som ruver litt i terrenget, nemleg Storhjortetrøsten og Aksnøkketunge. Har søkt og leiit etter fleire slike store kraftkarar, og har funne nokre som er veldig fine. Eg har nemleg ein høg mur med eit legjerde på toppen langs heile den eine sida på tomta mi. Her gjer det seg med noko som kan dekke litt Mr. Green

Eg kunne tenke meg å skaffe:
Helianthus "Lemon queen" (Vestlandsstauder)
Inula magnifika - opp til 3 meter (Vestlandsstauder)
Liatris Scariosa gracious - 1.5 meter (frø Th&M)
Lysimachia ephemerum 1m+ (Frø Th&M)
Ligularia dentata othello (1,5 m)
Thalictrum delavayi (1.5m)
Bupthalmum speciosum (frø Th&M)
Cimicifuga -den høgaste! 2m? (Vestlandsstauder)

Så gjenstår det å sjå korleis desse evt. vil klare seg med omsyn til å stå oppreist da..... Blunke Eg har ein sterk motvilje mot to ting i hagen: oppbindig og dekking---!!

Veit nokon om fleire gigantar som også er fine og "greie" så gi eit hint! Wow!

Koseleg hagebesøk

30 sep 2006 18:30


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av mens BarneTV surrer i bakgrunnen Akkurat nå: slapper jeg av mens BarneTV surrer i bakgrunnen ]

I går var eg på besøk i hagen til Strand, som også bur her på Eid. Det er veldig koseleg og artig å sjå kva andre får til å vekse. Vart imponert over magnoliaen hennar, ein slik må eg og skaffe meg. Har liksom ikkje greid å forestille meg at dei kan vekse her Shocked . Kjempeartig!

Vi drakk kaffe og fekk ein koseleg prat om både hage og andre ting, og så fekk eg med meg ei rot av ein staude-helianthus! Kjempeglad for den, og fekk den i jorda i dag tidleg. Blir spennande! Lovde bort rot av storhjortetrøsten til våren Smil Kanskje kan vi ha lokalt hagegal-treff ein gong? Vi er fem frå Sogn og Fjordane, og fire av oss bur innanfor ein kjøreavstand på kanskje ein halvtime (Stemmer ikkje det hajal?) I tillegg kjem Randi i Florø.

Eg har begått ein "taste-glipp" nyleg må eg erkjenne.... Er litt borti natta egentlig da men Cool Plutseleg hadde eg bestilt ein liten acer palmatum og echinacea purpurea.... Veit ikkje helt korleis det skjedde, men like før drømte eg meg litt bort om den komande lundhagen min (lønnen), samt hadde sett bilder av den flotte echinaceaen på nettet Pinlig berørt Pinlig berørt Det går vel bra om dei kjem i jorda litt seint får vi tru, vinteren brukar ikkje å vere så veldig hard her på desse kantar.

Har laga nytt bed i dag, nei retting: har "korrigert" eit bed som var der frå før.... (Attgrodd, heiter det Pinlig berørt ) Fekk nå ned dei aller siste påskeliljelaukane samt div. ufo-lauk som har dukka opp under graving før i sommar. Stappa nedi resten av venteplantene mine og, så nå står det att berre to hostaer i potte. Dei veit eg kvar eg skal sette på venting til våren.

Sånn gjekk nå den dagen Blunke Mr. Green

Bilder av rododendron!

01 okt 2006 11:14


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av og kosar meg med tanken på vårblomstrande rododendron..... Akkurat nå: slapper jeg av og kosar meg med tanken på vårblomstrande rododendron..... ]

Har nå lært meg litt meir om utlegging av bilder. Må bruke kunnskapane før eg gløymer det. Derfor kjem det nå linkar til bilder av to nye rododendron som og planta i det nye surjordsbedet mitt i sommar. Nokon som kjenner til desse frå før? Evt. kan vise meg bilder av blomstene?

Dei har fint bladverk og greiner/skudd da, mykje av grunnen til at eg valgte desse.

Blueshine girl:http://i99.photobucket.com/albums/l303/HerdisB/DSC00105.jpg

Edelweiss:
http://i99.photobucket.com/albums/l303/HerdisB/DSC00104.jpg

Nytt forsøk på å legge inn link

01 okt 2006 11:16


[ jobber jeg med å lære meg nye datakunstar Akkurat nå: jobber jeg med å lære meg nye datakunstar ]

Prøver igjen:

Blueshine girl:

http://i99.photobucket.com/albums/l303/HerdisB/DSC00105.jpg

Rydding av jungel

03 okt 2006 13:53


[  Humør: sprø ]
[ slapper jeg av etter to timar med kaprifol-avvikling Akkurat nå: slapper jeg av etter to timar med kaprifol-avvikling ]

Haginga fortsetter her hos oss den. Eg blir så sur dei dagane eg bestemmer meg for å være inne, så eg har funne ut at eg berre må ut. Heldigvis er det nok å drive med. Skulle berre ønske eg kunne:

a) bruke motorsag!
b) mure og støype!
c) grave med gravemaskin!

DA skulle eg gjort veg i vellinga da Mr. Green

Har nå fått gjort litt i dag heldigvis. Eg har starta ryddinga i lundhagen min. Der veks det nå kratt av hassel, kirsebær, roser (kjempehøge lange stammer med masse enkle raude nydelege roser på i mai), hegg, blodrips, selje og rogn++. I tilleg er det masse vill kaprifol der. Eg har aldri gjort noko skikkeleg forsøk på å få kontroll over dette partiet før, det har liksom berre vore der.... Pinlig berørt Men nå som eg ser for meg at dette er den optimale plassen for lundhage, så må eg jo til pers og få unna kratt. For ein jobb! Kaprifol-lianene har filtra seg inn i og snirkla seg rundt trestammene og er nesten umuleg å få vekk. Har bestemt at det skal bort, På ein annan del av tomta der det er meir "skog-aktig" kan kaprifolen få lov å utfalde seg. Den er jo fin på ein måte, men tek fullstendig overhand.

Har også rydda litt i "utkant-skogen" vår (kanskje naboen bli glad nå.... Blunke ), saga tørre grangreiner og div. anna. Svarthyllen min som eg i si tid planta som stikling teke på stranda på Lote har blitt kjempestor! Den har det litt kummerlig rett ved ei bjørk, men det ser den ikkje ut til å bry seg så veldig om. Heldigvis tåler dei godt beskjæring, så den kan eg fikse på som eg vil. Ellers er det utruleg som kratt og skog veks. Må få tak i far min med motorsaga, og så sette i gang oppmaling med kompostkvern (låner av Nomil, renovasjonsselskapet vårt). Drøymer om hagegangar med bork/flis på. Tenk så mjukt å gå på da.... i lundhagen min for eksempel... Drømmer

Ein dag skal det bli ein realitet altså! Det lovar eg Enig

Eksperiment i bark-bedet

04 okt 2006 12:32


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av med en kaffekopp  ved tastaturet Akkurat nå: slapper jeg av med en kaffekopp ved tastaturet ]

I går fekk eg ein prima ide. Det var nesten så eg hoppa høgt og jubla - (mest inni meg Stort smil ). Ja ja, om ideen var så prima vil vise seg etter kvart da. Men utgangspunktet er at det triste barkbedet mitt (tidlegare skvallerkålbedet) har plaga meg veldig. Det er altså meter på meter med --ingen ting-- Død Ikkje ein grønn tust i sikte. Eg har tenkt at eg ikkje greier å halde ut å la være å plante noko der heilt til neste haust, som planen var. Men da gir eg jo skvallerkålen veslefingeren igjen Død

Så kom eg på at eg kan plante ting med veldig grunt rotsystem, i barken oppå duken! Eg har fleire slags planter som praktisk talt slår rot berre du legg dei frå deg på bakken. Eg har
saxifraga - bergfrue
saxifraga - skyggesildre??
noko grønt udefinert som veks oppå muren
noko sølvfarga udefinert med gule blomster som veks oppå muren
skrinneblom, kvit enkel
sedum med lilla blomster om hausten, gamal tøff sort
sølvarve frå oppå muren
to slags nellik frå oppå muren
og sist men ikkje minst matremkrage

Mykje av dette er sånt som berre er der og har vore der frå vi kjøpte huset. Plantar eg knapt visste eg hadde før nå! Det er det eg seier, ein skal ikkje kaste plantar! Det finst alltid ein plass der akkurat DEN vesle anonyme luringen er perfekt Mr. Green
Nå har eg "planta/lagt" ut masse småplanter av desse sortane. Da er det berre og vente å sjå.

Latin - oppdatering

05 okt 2006 09:54


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av med koselege dagbøker på hagegal Akkurat nå: slapper jeg av med koselege dagbøker på hagegal ]

Har funne dei latinske navna på nokre av dei navnause "eksperiment"-plantene frå i går:

arabis caucasica (skrinneblom)
saxifraga cotyledon (bergfrue)
saxifraga urbium (grøne tjukke blad i rosettar, rosa blomster på tynne stenglar i mai/juni, vanleg men fin!)
saxifraga geranoides (grønne moseaktige tepper med kvite blomster)
sedum reflexum (blågrønne, liksom nålete stenglar med gule blomster)
dianthus gratianopolitanus (pinsenellik)
cerastium tomentosum (sølvarve)

Ellers har mannen min blitt inspirert av bever-aktivitetane mine i hagen og kjøpte i går el-sag, stor greinsaks samt kompostkvern! Han er så interessert i verktøy og duppeditter som går på strøm at han brukte heile kvelden på å sage hasselkratt og male opp kvist! Må vel kjøpe seg ein ny hagedings skal det bli gjort meire arbeid i hagen kjenner eg han rett... Men eg klagar ikkje. Han er flink til så mykje anna. Og så får jo eg bestemme alt i hagen når eg gjer alt arbeidet - bortsett frå plenklypping Stort smil

Plantene i hagen min

06 okt 2006 23:46


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Har nå laga ei nesten komplett liste over hageplantene mine med latinske navn. Er fornøgd med innsatsen. Masse navn på lista, rart at det ser såpass imponerande ut, eg føler meg som ei hage-novise samanlikna med fleirtalet her på hagegal.


PLANTER I HAGEN 06.10.2006

STAUDER
ACONITUM (PRAKTHJELM)
AJUGA REPTANS (KRYPJONSOKKOLL)
ALCEA ROSEA (HAGESTOKKROSE)
ALCHEMILLA MOLLIS (STORMARIKÅPE)
ANEMONE
AQUILEGIA VULGARIS (VILLAKELEIE)
ARUNCUS DIOICUS (SKOGSKJEGG)
ASTILBE (ARENDSII-GRUPPA) (ASTILBE)
CAMPANULA PORTENSCHLAGIANA (KRYPKLOKKE)
CERASTIUM TOMENTOSUM (SØLVARVE)
DIANTHUS DELTOIDES (PINSENELLIK)
DIANTHUS GRATIANOPOLITANUS (ENGNELLIK)
DICENTRA FORMOSA (SMÅHJERTE)
DICENTRA SPECTABILIS (LØYTNANTSHJERTE)
DIGITALIS PURPUREA (REVEBJELLE)
DORONICUM ORIENTALE (SMÅGULLKORG)
EPIMEDIUM RUBRUM (RØDBISPELUE)
EUPATORIUM PURPUREUM (STORHJORTETRØST)
EUPHORBIA POLYCHROMA (VÅRVORTEMELK)
FILIPENDULA RUBRA (PRÆRIEMJØDURT)
HELIANTHUS LEMON QUEEN (STAUDESOLSIKKE)
HELLEBORUS ORIENTALIS (JULEROSE)
HEMEROCALLIS (DAGLILJE)
HEPATICA NOBILIS (BLÅVEIS)
HEUCHERA SANGUINEA ”RACHEL” (PURPURALUNROT)
HOSTA CRISPULA (PRAKTHOSTA, KVIT KANT)
HOSTA (GRØNN MED RILLER)
HOSTA (LIMEFARGA, VARIEGERT)
IRIS (HAGEIRIS) (LILLA/BRUN)
IRIS PSEUDACORUS (SVERDIRIS)
IRIS SIBIRICA (SIBIRIRIS) (LYSEBLÅ OG LILLA/GUL)
LAVANDULA AUGUSTIFOLIA
LIATRIS SPICATA (AKSSØYLEBLOMST, LILLA)
LIGULARIA PRZEWALSKII (AKSNØKKETUNGE)
LYCHNIS CHALCEDONICA (BRENNENDE KJÆRLIGHET)
LYCHNIS CORONARIA (FLØYELSTJÆREBLOMST)
LYSIMACHIA NUMMULARIA (KRYPFREDLØS)
LYSIMACHIA PUNCTATA (FAGERFREDLØS)
LYSIMACHIA CLETHROIDES (KVITFREDLØS)
LYTHRUM SALICARIA (STRANDKATTEHALE)
MECHONOPSIS BETONICIFOLIA (BLÅ VALMUESØSTER)
MEUM ATHAMANTICUM (BJØRNEROT)
MONARDA DIDYMA (HESTEMYNTE RAUD)
OENOTHERA FRUTICOSA (NATTLYS)
OMPHALOIDES VERNA (VÅRKJÆRMINNE)
PACHYSANDRA TERMINALIS (VINTERGLANS)
PAEONIA FESTIVA (KLOSTERPEON)
PHLOX X PANICULATA (HØSTFLOKS, ROSA, LILLA, KVIT)
PRIMULA DENTICULATA (KULEPRIMULA)
PRIMULA X PUBESCENS (AURIKKEL)
PRIMULA VULGARIS (KUSYMRE)
PRIMULA BEESIANA (ETASJEPRIMULA)
PULMONARIA SACCHARATA (FLEKKLUNGEURT)
PULMONARIA AUGUSTIFOLIA (LÅG LUNGEURT)
RODGERSIA AESCULIFOLIA (KASTANJEBRONSEBLAD)
RODGERSIA PODOPHYLLA (KOREABRONSEBLAD)
RUDBECKIA FULGIDA (GULLSOLHATT)
SALVIA NEMOROSA (STEPPESALVIE)
SAXIFRAGA COTYLEDON (BERGFRUE)
SAXIFRAGA GERANOIDES (KVITE BLOMSTER)
SAXIFRAGA URBIUM (HAGESILDRE, ROSA BLOMSTER)
SEDUM ACRE ALBUM (KVIT BERGKNAPP)
SEDUM BERTRAM ANDERSON
SEDUM REFLEXUM (GRÅBLÅ MED GULE BLOMSTER)
SEDUM SPURIUM (GRAVBERGKNAPP)
SEMPERVIVUM TECTORUM (TAKLAUK)
STACHYS BYZANTINA (LAMMEØRE)
STACHYS MACRANTHA (PRYDSVINEROT)
THYMUS SERPHYLLUM (KRYPTIMIAN)
VERBASCUM NIGRUM ALBUM (KVIT KONGSLYS)
VERONICA LONGIFOLIA (VERONIKA)
VIOLA CORNUTA (HORNFIOL)

BUSKER OG TRE
ACER PALMATUM ATROPURPUREUM (JAPANBLODLØNN)
ACER PLATANOIDES (VANLEG LØNN)
BUDDLEIA DAVIDII BLACK KNIGHT (SOMMERFUGLBUSK)
CHAMAECYPARIS (SYPRESS)
CLEMATIS VILLE DE LYON
CORNUS ALBA (KVITKORNELL)
CORYLUS AVELLANA (HASSEL)
COTONEASTER LUCIDUS (GLANSMISPEL)
CYTISUS PRAECOX (VÅRGYVEL)
EUONYMUS FORTUNEI (KLATREBEINVED)
HEDERA HELIX (EFØY)
ILEX AQUIFOLIUM (KRISTTORN)
JUNIPERUS HORIZONTALIS BLUE SWEDE (KRYPEINER)
KERRIA JAPONICA PLENIFLORA (SOLEIEBUSK)
KOLKWITZIA AMABILIS PINK CLOUD (FAGERBUSK)
LONICERA PERICLYMENUM (VILL KAPRIFOL)
MICROBIOTA DECUSSATA (MIKROBIOTA)
PARTHENOCISSUS VITACEA (VANLEG VILLVIN)
PHILADELPHUS CORONARIUS (DUFTSKJÆRSMIN)
PICEA GLAUCA CONICA (KJEGLEGRAN)
PRUNUS LAUROCERASUS (LAURBÆRHEGG)
PRUNUS PADUS (HEGG)PRUNUS SERRULATA (JAPANKIRSEBÆR)
RHODODENDRON YAKUSHIMANUM BLUESHINE GIRL
RHODODENDRON YAKUSHIMANUM EDELWEISS
RHODODENDRON YAKUSHIMANUM FANTASTICA (ROSA)
RIBES SANGUINEUM (BLODRIPS)
SAMBUCUS NIGRA (SVARTHYLL)
SAMBUCUS RACEMOSA (RAUDHYLL)
SORBUS AUCUPARIA (VANLEG ROGN)
SORBUS KOEHNEANA (KVITROGN)
SPIREA BUMALDA (ROSESPIREA – DIV)
SPIREA JAPONICA (PRINSESSESPIREA)
SPIREA SPIRARIA (GAMALDAGS SPIREA, KVIT)
SYRINGA VULGARIS (LILLA SYRIN)
THUJA OCCIDENTALIS (TUJA)
WEIGELA PURPUREA (KLOKKEBUSK)

Evig sjukmeldt.....

09 okt 2006 09:55


[  Humør: forvirret ]
[ leser jeg hagegal Akkurat nå: leser jeg hagegal ]

Så er ein sjukmeldingsperiode ute, og spørsmålet melder seg: er eg klar for arbeidslivet igjen? Har jo vore heime og kula`n heilt i mange veker nå (kor mange hugsar eg ikkje, hukommelsen er også ramma Blunke )

Det sit altså så utruleg langt inne å berre VÆRE SJUK!!! Berre enkelt og greit innrømme at, jo da jenta mi: du er utslitt, blir trøtt av å ta ein telefon og må forberede deg mentalt på ein tur på Rema. Hadde eg hatt ein annan sjukdom, som malaria eller kreft eller influensa, så hadde eg sikkert gitt meg sjølv lov til å gjere det eg kjenner er best for meg. (Ikkje det at eg misunner nokon desse sjukdomane altså!). Men nå kjenner eg meg lat og udugeleg og totalt mislykka som moderne kvinne i eit moderne samfunn, der ein skal jobbe 12 timars arbeidsdagar, samt ta seg av ungar og ektemann og være sosial etterpå. Ein skal også dyrke hobbiar og ta vare på helsa si med å ikkje stresse men trene fleire gonger i veka, samt sjå bra ut! Eg må ikkje gløyme at huset skal være strøkent og skinande reint, samt moderne og elegant møblert..... Mad Mad Mad

Eg blir så sliten berre av å skrive om dette at eg treng ei veke til berre av den grunn....

Har bestemt meg for å snakke med legen i dag og be om (enda!!) meir tid. Som sagt, eg skammar meg over å ikkje ha vore effektiv nok til å få stabla meg på beina enda, etter vekevis med haging og sløving Forvirret Så deilig det hadde vore å berre innrømme at eg er: lat, sløv, einspora og egosentrisk (jfr, langt framskreden hagegalskap) og totalt ineffektiv og ubrukeleg til det meste.... Cool

Da ville ein vel fått fred, og kunne sysle med sitt utan krav og forventningar, så staudefrø og planlegge blomsterbed og plante-google på nettet Shocked Å så herleg det hørtes ut... Stort smil Mr. Green Stort smil Mr. Green

Hagesjau hos bestemor

11 okt 2006 11:39


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

I går hadde vesleguten fri frå barnehagen på grunn av planleggingsdag, så da tok vi oss ein tur til Bestemor og Bestefar i det fine været. Dei bur ein del høgare over havet enn oss, sjølv om det er i nabokommunen så er det derfor sikkert to klimasoner kaldare. Mor ville ha meg til å hjelpe henne litt med to enorme haustfloks-tuer som har stått på same staden i over 10 år. Det var ei kvit og ei lilla, og det var som å gå laus på betong Shocked . Fekk delt dei til slutt, og sette ned ein god del kvite med litt lilla innimellom langs eit stygt gjerde ved uteplassen der det før har vore ein mislykka hekk. Framfor sette vi irisrøtter som ikkje likte seg der dei vart planta for to år sidan. Nå fekk eg også formidla til mor mi (som har ein tendens til å fore alle med masse godt, enten det gjeld fuglar, folk eller planter) at iris vil stå grunt. Ho hadde nok "breidd over dei" ganske mykje kjøpejord merka eg Blunke

Vi sette også ned noko låg blå lungeurt ho har fått av meg, samt ein tre fire hostaer som også vart til overs her i sommar. Ho ser for seg at ho på sikt vil ha lettstelte bed med mest bladvekster og buskar. Det er sikkert lurt. Ho har vondt i armane og andre plassar, og orkar ikkje stelle så mykje i hagen lenger. I alle fall ikkje tungarbeid, men luking går fint. Ellers kosar ho seg ute, men ristar på hovudet av min "hagemani". Sånn er absolutt ikkje ho, sjølv om ho likar godt blomster og å drive ute. Alle kan ikkje vere like..... Mr. Green Blunke

Vesleguten heldt på å drive mor si til vanvidd med å ta frå meg spaden/greipet etc., og eg fekk god hjelp med "jordfresing".. Laughing . Ellers hadde vi det kjempefint begge to i haustsola. Herleg at det er så fint i dag og, nå må eg ut og ta ein generalopprydding etter beverkativitetane før helga, det ligg fortsatt strødd over heile hagen! Ser ut som det har vore orkan eller noko slikt Laughing Kompostkverna skal også få kjørt seg litt, skal legge materialet på lundhage-området i mangel av kompostbinge. Det står øverst på ønskelista nå altså Stort smil

Lafta kompostbinge

12 okt 2006 10:53


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Har sett litt på kompostbingane til Lene i Fredrikstad, og har i dag sendt mannen til Stryn med handleliste: 3 stk. lafta kompostbingar på Maxbo. Han skulle dit uansett på jobb, og var ikkje vond å be. Ellers hadde han vore nødt til å lage dei sjølv nemlig....

I går fekk eg malt opp enorme mengder med kvist. Ein "bag" full av granhakk vart lagt under den store rhododendronen ved muren. Eg håper det går bra å legge det ut ferskt. Dei andre rhododendronane er så små og nyplanta at dei gadd eg ikkje legge noko under. Dessutan fekk dei med seg bra med "skogsrusk" i jorda dei vart planta i. Eg dumpa 8 små lass i woodlandet (føles litt pretensiøst å kalle det det enda, eg tviler nesten på om eg greier å få vekk såpass med ugras der at eg får det til slik som eg vil Ulykkelig ..ja du veit, skvallerkål). I dag er været fortsatt fint, med SOL Cool , og eg får ta ein ny tørn i hagen.

Nå har eg begynt å grue meg til sola blir borte. Det er litt stussleg å tenke på nå. Den er vel vekke eit par mndr. midt på vinteren. Kjem att ca. 25 januar, så da er det stor jubel! Mørketida likar eg ikkje altså. Men i år skal det investerast i fleire nye lamper i huset! Det hjelper ein god del Stort smil

Nå har eg og handla på Plantasjen så!

16 okt 2006 13:40


[  Humør: fornøyd ]
[ spiser jeg formiddagsmat og tek kaffen ved tastaturet Akkurat nå: spiser jeg formiddagsmat og tek kaffen ved tastaturet ]

Var på tur i helga for å hente den nye campingvogna på Geilo. (den er fin altså! Kabe, og ein god del større enn den gamle. Så lenge mannen min syns det går an å dra på så går det jo bra...)

Vi reiste så litt spontant til Fagernes og overnatta på campingplassen der. Søstra mi bur i Gausdal, så ho inviterte oss dit ein tur, og eg fekk overtalt mannen min til å legge turen innom Plantasjen på Strandtorget Mr. Green . Det var 70% på stauder, men det var ikkje mykje igjen. Eg kjøpte likevel desse:

Gypsophilia paniculata
Gypsophilia repens "Rosea"
Tiarella cordifolia
Artemisia "Povis castle"
Origanum vulgare "Aureum green"
Aster novi-belgii "White ladies"
Tradescantia "Blue stone"
Sempervivum "Red spider"
Veronica spicata "Rotfuchs"
Brunnera macrophylla "Variegata"
Clematis "Hagley hybrid"

10 Tulipa "Claudia"
10 Tulipa "Sapporo", begge liljeblomstrande

Eg har planta alt frå plantasjen i dag, og alle bortsett frå ei plante såg brukbar ut nedi potta, med fine røtter. Litt snegleegg i den eine da men, det er ekspedert nå Forvirret

Eg fekk meg ein skuffelse, men det var mykje min egen feil. Eg hadde funne eit ex av Euphorbia amygdaloides "Purpurea" som var aldeles enormt fin på bildet, men da eg såg etter viste det seg at eg hadde teke den potta eg hadde sortert vekk, med eit høl der planta skulle ha vore. Alt var råtna vekk nedi der, så det eg sit att med er eit fint bilde av vortemelka og ei potte med jord, samt litt ugras Crying or Very sad Veit at den skal eg ha uansett, det får berre bli ein annan gong! Blunke

Eg har også fått frø frå Leuthens. Bortsett frå at dei påstår at dei skal ha over 700 for det (prisen på ordrebekreftelsen var 222,-!) så er det noko spennande der syns eg. Skal prøve å så nå - og sette pottene ute. Det har eg aldri gjort før, men er inspirert til å prøve av å lese kva gærningane her inne driv med. Er nok grundig leda ut i fristelse eg ja. Ingen håp om omvendelse heller er eg redd. Hagemessig Heilt Fortapt Blunke Mr. Green

Her er lista over det eg fekk:

Achantus acanthaceae mollis
Butomus umbellatus (sump-plante!!! hjelp!)
Carex grayi (starrgras)
Cephalaria gigantea
Liatris spicata "Floristan white"
Tagetes "lemon gem"
Tagetes Golden gem" (Småblomstra Tagetes, sommarblomster)

Den rosa astersen var utsolgt.

Ja, nå blir det spennande tider.. Går dette bra går allting bra Forbauset

Grå, mild oktoberdag

17 okt 2006 13:30


[ jobber jeg men veldig sakte Akkurat nå: jobber jeg men veldig sakte ]

Er i puslehumør i dag. Har ingen ambisjonar om noko som helst. Har teke inn den eine fuchsiaen min og sett opp på "planterommet", som først vart klargjort ved hjelp av støvklut og støvsuger. Det er egentleg rommet til sønnen min som er i utlandet dette skuleåret, men eg låner det til planter/plantelys nå i vinter.

Eg har også frisert to amaryllis-laukar som snart skal plantast i ny jord og vatnast litt, så dei kan blomstre ved juletider stjerne! . Ei lita mørketids-glede der i alle fall. Har også liggande ein ny a.-lauk. Den heiter Jewel, og er kvit meiner eg? Gleder meg til å få blomst på den.

Ellers står det igjen ein pelargonium ute - det er ein rosa "butikk-plante" som eg kjøpte i vår. Eg er egentleg glad i pelargonium, og brukar å få dei kjempestore og fine i løpet av ein sommar. Før har eg ofte overvintra dei i kjellerstua men det var medan det var kaldt der. Desse hadde fin farge, men oppførte seg så rart. Det var liksom ikkje noko fart i dei. Dei stod i det uendelege utan å visne eller få gule blad. Det var jo forsåvidt sympatisk, men dei verka liksom litt kunstige og livlause på den måten. Ikkje responderte dei særleg på gjødsel og sol og varme heller. Det er eg da vant til at pelargoniaer gjer. Dei brukar å vekse og bli tette og runde og fine når dei får kome ut i frisk luft, sånn at du verkeleg forstår kor glade dei blir Laughing . Desse var liksom litt humørlause.... Rolling Eyes ..... Laughing. Under tvil skal dei få kome opp på planterommet.

Ellers gløymde eg å seie at eg har fått Telekia-frø av RandiF! Dei kom i posten i går. Det skal bli moro å så dei Mr. Green . Tusen takk Randi!

Kaldt i dag

18 okt 2006 16:46


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av med dagbokskriving Akkurat nå: slapper jeg av med dagbokskriving ]

I dag var det ca 7 grader da eg sto opp. Det er det kaldaste det har vore på mange månader. Nå er det nok berre å gjere seg klar for den kalde & mørke årstida Ulykkelig

Eg har fått gjort litt ute. Har planta dei siste haustfloks-røttene (kvite) på ein ledig venteplass framfor huset. Har litt småplanter av floks der frå før, og trur dei og er kvite. Eg har flytta gypsophilia repens-rota til ein annan plass. Leste at den likar full sol (måtte vere feilmerka, det sto skygge på etiketten), og at den har pælerot og ikkje er lett å flytte på. Håper at den kan stå der eg sette den, ved sida av hornfiolane. Dei er i alle fall lette å flytte på! Det er vanvittig fullt i det romantiske rosa/kvite/lilla bedet mitt nå Forvirret . Eg må nok lage nokre store bed til våren, så eg har litt plass å bruke når eg skal flytte ting hit og dit og lage fine samplantingar. Nå er det fullstendig lapskaus der, og stort sett med berre ei eller to plante av kvart slag Død . Stikk i strid med alle reglar for vakre blomsterbed Forvirret .

Eg har også planta to cyclamen og ein calluna i den nye plantasjen-krukka mi og sett ved inngangsdøra. Det vart faktisk litt trongt i potta, men såg rimeleg ok ut. Eg har teke inn den siste rosa pelargoniumen samt kavaleren frå i sommar: ein brokete eføy. Den har likt seg godt ute, og har blitt stor. Veldig fint med småblada eføy i utepottene. Det skal eg ha neste år og. Eg tok også inn sommerfugl-lavendelen etter å ha lese at den ikkje er vinterherdig. Eg irriterer meg fortsatt over informasjonen eg fekk på det lokale gartneriet da eg kjøpte den. Eg spurte: "Denne kan vel ikkje klare seg ute i vinter?". Svaret kom i ein særdeles overbærande tone: "Jo da, det der er da ei staude!!". Mad

Til slutt må eg fortelje at eg fekk med litt av kvart i Plantasjen-pottene. Snegle-egg, ugras samt frøplanter! Eg er jo sjølvsagt vanvittig nysgjerrig på det meste som gror, så eg tok og planta i potter to ørsmå grønne spirer som såg ut som frøsådd iris, samt ein liten gaukesyre med raude blad. Dei står nå på planterommet. Eg veit ikkje om det går bra å ha dei ute, dei er så bitte små. Spennande å sjå kva det blir av det til slutt! Mr. Green

Må hugse til våren: den lilla floksen havna bak rododendronen, ved muren!

Innedag i dag

19 okt 2006 17:52


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Ingen haging i dag, anna enn at eg har sett meg ut ein plass der mannen min må lage "binge" til meg slik at eg har ein plass å sette potter med staudefrø når eg kjem så langt at eg får sådd. Det gjer eg ikkje før eg har fått alle frøa. Har nettopp sendt bestilling til Impecta.

I gårkveld var eg faktisk på teater i Stryn. Gutten min på 20 og eg var og såg Hedda Gabler, og det var han som tok initiativet Tilber . Tenk det: eg har eit avkom som kan tenke seg noko slikt - og så i lag med mor si da!! Shocked . Eg forstår nå at han må ha blitt vaksen.... (eg er ørlitt stolt av han Cool )

Fekk pakkelapp frå Bakker i dag. Nå kom "tasteglipp-kjøpet" mitt av acer palmatum og solhatt. Ja ja. God plass til små tre hos oss Mr. Green - blir nok i utkanten av lundhagen den skal få stå.

Nå kjem mannen min snart heimatt etter ein liten Oslotur. Det blir koseleg Smil

"Binge" til staudepotter på plass!

21 okt 2006 17:15


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Ja, nå er "frøpotte-karmen" på plass. Ikkje til å tru, eg er veldig fornøgd. Den er delvis fora med vrengte bork- og jordsekker på grunn av ugras langs kantane, og i botnen har eg lagt gamle aviser. (Det er snart mangelvare her, eg bruker dei i hagen så fort dei er lest, og av og til før Laughing ) Så har eg fylt i litt jord, og skal legge sand/grus på toppen. DA er eg klar til å så mine første staudefrø, og plassere ut pottene i karmen med fiberduk over!! Enig

Ellers har eg planta den vesle lønnen eg fekk i posten frå Bakker (Acer palmatum "dissectum") i utkanten av lundhagen. Dei fire (skulle vore fem, men ei var veldig stor) solhatt-røttene fekk eg lirka på plass i diverse bed. Stor-rota på den beste plassen. Håper dei klarer seg i vinter, og at det ikkje blir alt for mykje regn. I vente-bedet mitt kan det nok bli vel rått dessverre Ulykkelig

Nå har eg teke eit bad, og er god og døsig og klar for ein koseleg laurdagskveld med krabbe og loff og majones og "Med hjartet på rette staden"!
Blunke Ha ei god helg! Smil

Kjeller-sjau

23 okt 2006 15:06


[  Humør: glad ]
[ spiser jeg Akkurat nå: spiser jeg  ]

Ingen haging i dag heller. I går var eg inne nesten heile dagen, bortsett frå ein trimtur i lag med ei venninne.

MEN - inspirert av Lineca og eit kaoskontroll-program på BBC Prime har eg starta på ein lenge utsatt og hardt tiltrengt rydding i kjelleren.... Død Død Død .

Resten av huset ser ikkje det spor betre ut, det er ikkje det, men ein plass må ein jo byne! Eg prøver å inspirere meg sjølv ved å seie at "dette er starten på eit nytt og betre liv Drømmer . Har i alle fall kjørt vekk masse panteflasker og kasta masse glas og boksar, og har bestemt meg for å kvitte oss med ein av to frysarar (blir aldri brukt, men går og går.....).

Hagerelatert: har teke stiklingar av blomstrande eføy og sett i stikling-bedet. Eg har nemleg hørt at dersom ein lagar nye planter av eføy som har sett blomster, så får ein ikkje ei klatreplante, men ein BUSK?? Stort smil . Dersom nokon veit meir om dette er dei velkomne til å legge inn kommentarar. Eg skal bruke desse buskene som ein slags vegg/hekk rundt lundhagen min Mr. Green . Fin bakgrunn for tidlege lyse, sarte laukblomster, og kvite og pastellfarga blomster ikkje sant? Ha ein fin ettermiddag de og Smil

Kaldt ute - varmt inne...

25 okt 2006 21:14


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Ingen hageaktivitetar dei to siste dagane, anna enn hyppig frekventering av Hagegal da. Veit ikkje om det teller eg? Ser forresten ut til at mange andre "gale" også har dabba litt av reint ute-hagemessig. Iikkje så rart når gradestokken viser 3-4 grader og det regner iskaldt regn, til dels vannrett Forvirret

Eg har hatt eit par anfall av energi likevel faktisk, og har for eksempel baka brød i dag stjerne! . Er i grunnen mektig stolt, og litt forundra over at eg greide å kome på korleis ein gjer det Laughing . Brøda vart gode, og blir nok ikkje gamle. Tenker av og til på den tapre sønnen min som er i England, han hadde nok gitt mykje for ei brødskive med heimebaka brød. Eg har slutta å nevne ting som fårikål for eksempel, eg veit det er noko han saknar veldig stakar.... Har lova å sende han ei 10-kilospakke igjen snart. Da skal han få masse norsk sjokolade, yndlingsfrokostblandinga (!), det uunnværlige urtesaltet Trocomare og bøker og blad på norsk Smil

Ellers har eg handla vintersko til vesleguten, ny pynt til kjøkkenbordet og sikra meg billett til ekteskapsdramaet til Sverre Anker Ousdahl og Kjersti Holmen som skal spelast her den 3. november. Gleder meg til det Smil

Ellers går eg stadig og kikkar på nokre stiklingar av Buddleia (Black Knight) som står på kjøkkenbenken under benkelyset. "Har dei sett røtter eller har dei ikkje --- det er spørsmålet!" Shocked Laughing

Nett-TV er ein fin oppfinnelse!

26 okt 2006 23:07


[  Humør: forelsket ]
[ slapper jeg av og prøver å summe meg etter tre Gunnels Grøna på rappen.... Akkurat nå: slapper jeg av og prøver å summe meg etter tre Gunnels Grøna på rappen.... ]

Nå har eg kost meg altså... Enig med alle som har rost desse programma. Og så masse anna hagestoff du finn på nettsidene deira Mr. Green

Ute regner det, og det er kvitt melisdryss på fjelltoppane. Har såvidt vore frost i området her. Eg har forstått det slik at alle staudefrø kan såast ute, så da får eg få på plass grus i karmen min ein dag med opphaldsvær, og pønske ut ein måte å få merka pottene på Rolling Eyes . Må ha tak i duk til å legge over og.

Men det har vel ingen bråhast. Ventar nemleg på at eg plutseleg ein dag skal ha LYST til å gjere det Blunke

Det fungerer bra med hagerelaterte ting, men ikkje så bra med husarbeid av ein eller annan merkeleg grunn Klovn

Fotoalbum

27 okt 2006 16:59


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

[url]Fotoalbum her

Har fått laga meg album i dag, ved hjelp av ein datakyndig sønn.
stjerne! stjerne! stjerne!

(Strever litt med URL-ene da... Pinlig berørt )

SOL i stova

28 okt 2006 13:05


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av med kaffe og sol! Akkurat nå: slapper jeg av med kaffe og sol! ]

Prøver å suge til meg så masse sollys og energi som eg kan - nå som vi fortsatt har sola inn gjennom stueglasa her Cool Stort smil . Har teikna ei stor sol på kalenderen i dag, ut frå tanken om at det kan vere dei siste strålene vi får nyte i år Ulykkelig

Nei, eg vil heller tenke på noko hyggeleg. Mannen min var i Måløy denne veka, og fekk med seg heimatt dei to siste lafta kompostbingane frå Byggmakker. Så nå gjenstår det berre å få sett dei opp Forvirret . Finst ikkje vannrette flater her i hagen omtrent, så det må nok gravast og planerast. Får sjå over helga, dersom det blir ein dag med opphaldsvær.

I dag skal eg vere inne og nyte "innesola" og lage indisk mat til i kveld. Vart så inspirert av ein tråd på dette eminente forum.

Menyen er: Lam roghan josh, Krydret blomkål, heimelaga nanbrød og basmatiris Wow! - samt rødvin! (passer kanskje betre med øl, men rødvin er eit must ein laurdagskveld) Ha ein fin laurdag alle saman Smil

Amaryllis-planting

30 okt 2006 13:54


[  Humør: fornøyd ]
[ jobber jeg med å førebu juleblomstene Akkurat nå: jobber jeg med å førebu juleblomstene ]

Har nå planta desse amaryllisane:
Hippeastrum Orange souvereign (kjøpt til jul i fjor)
Hippeastrum ukjent kvit (kjøpt til jul i fjor)
Hippeastrum Jewel (kjøpt på Zimtrade i haust)

Eg vart overrraska over Orange souvereign. Den hadde dobbelt så stor lauk som den kvite, enda dei var kjøpt samtidig, og var da like store. Har fått same stell i sommar: stod inne i pottene sine og fekk gjødsel og vatn som dei andre stueplantene. Så har dei vore utsett for tørke ei stund, og så eit opphald på kaldt planterom eit par tre veker. Nå står dei på badegolvet med undervarme og godgjer seg. Trur faktisk Jewel hadde antydning til nye skudd, da kjem vel knuppen snart på den. Spennande. Har vore inne og sett på samlinga til Sigrid i albumet, mange fine Mr. Green ! - og las at ho brukte tre timar på den jobben eg har gjort nå på 20 minutt, inkludert den tida eg brukte på å fortape meg i rotet i potteskåpet på vaskerommet (fekk rydda litt der da Pinlig berørt )

Det var hageaktiviteten i dag. Nå skal eg ta fram symaskina og legge opp ei bukse, og så skal eg sjå om det kjem litt inspirasjon sigande til å sy ny kjøkkengardin... Digert, ukurant vindu som krever spesialdesigna gardin.... Syr dei sjølv, etter sjølvlaga modell - med vekslande hell Blunke

Har også vore hos legen i dag, og vi vart enige om to veker til med full sjukmelding, og så drøfting med sjefen om muligheten for halv jobb men med tilrettelegging - i alle fall til etter jul. Så får vi sjå. Føler meg bekvem med den planen. Både han og eg forsto at det går den rette vegen når eg kunne fortelje at eg i helga faktisk leste, med glede, to dagsaviser med tilhøyrane helgemagasin - nesten som i gamle dagar Smil . Må innrømme at eg nesten ikkje har orka aviser dei siste månadene. Blir liksom for mykje for hjernen min å ta inn! Laughing . Utruleg at det går an Forvirret

Ha ein flott mandag alle hagegale - her inne får eg i alle fall fornya (grønn) energi Mr. Green Mr. Green Mr. Green Blunke

"En mørk og stormfull (halloween)aften"

31 okt 2006 23:45


[  Humør: søvnig ]
[ ser jeg på TV Akkurat nå: ser jeg på TV  ]

Ingen hekser eller andre skumle skapningar har ringt på døra her i kveld Shocked . Kan ha samanheng med det forferdelege været: det bles i kraftige kast, og snøsluddet og regnet piskar deg i ansiktet om du skulle våge deg ut Forvirret . Godteriet får vi ete sjølv... Blunke Mr. Green

Har sydd kjøkkengardiner i dag! Er litt fornøgd med det. Godt med fleire å velge i til det vanskelege vinduet. Skal vaske vekk fluelorten og, men kom ikkje så langt før dagslyset forsvann i dag Ulykkelig .

I morra blir det handledag. Har masse ærend som eg har utsatt og utsatt, nå må det berre skje noko. Håper på litt meir opphaldsvær i det minste. Nå som kreftene sakte kjem tilbake trur eg at eg må passe meg for å ikkje ta meg heilt ut - har masse planar og idear til ting eg har lyst til å få gjort men kjenner at kreftene ikkje strekker heilt til. Vanskeleg balansegang - må liksom øve meg i å godta at eg ikkje kan klare alt Uenig . Har aldri klart det - kjem aldri til å klare det Klovn

Men nå håper eg berre på knuppar på novemberkaktusen snart Stor smilende

Ein Handlingens dag - he he

01 nov 2006 22:45


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Ja, som sagt så vart det handledag i dag. Har kjøpt årets første julegave (!), og har av oppmuntrande ting til heimen kjøpt: ny lampe i stua, sånn med lys oppover og mindre leselys under. Har også kjøpt to små nov-kaktusar med masse knupper Mr. Green . Eg MÅÅÅ berre ha plantar i hus som er friske og frodige og fine å sjå på! Det er som ein slags mangelsjukdom, har eit sug etter alt som veks for tida. Ute er det nå snø, og eg må innsjå at årets siste hagevandring for å sjå på nye skudd og blomster er ugjenkalleleg forbi Crying or Very sad . Måtte tida berre gå kjempefort til det blir januar i alle fall. Det er ikkje vår enda da heller, men da kan eg i alle fall så smått forberede meg på å så stjerne!

Ja, strever litt med meg sjølv i dag. har nemleg snakka med den nye sjefen min i telefonen. Kanskje er det mest meg, men eg opplevde at det skein gjennom det ho sa at dei har hatt det så vanskeleg og slitsomt på grunn av at eg har vore vekke... -"og du er jo berre engasjert for eit halvt år"--- Ja, men faktisk er det snakk om fire vekers fråver frå den nye jobben til nå! Det er da ikkje så mykje, eller??? Shocked Eg vekslar mellom å kjenne meg nedtynga av kjempedårleg samvittighet, og å bli litt sint og seie til meg sjølv at det faktisk ikkje er slik at eg har valgt å bli sjuk. Trur dessverre ikkje dei hadde hatt særleg nytte av meg om eg hadde vore på jobb desse vekene Ondt smil

Hadde eg enda hatt berre litt lyst til å begynne å jobbe igjen, men nei.... Eg har nok med hage, unge og meg sjølv eg for tida Uenig . Ja ja, eg må vel berre akseptere at eg må ha det slik nå da. Treng litt "skjerming" som det heiter på fagspråket Laughing

"Et år i min hage"

02 nov 2006 13:17


[  Humør: uskyldig ]

Les altså Karel Capek si bok "Et år i min hage" nå, blant anna etter anbefaling frå Line Cathrin. Skikkeleg god bok, masse humor og kosteleg sjølvironi - gjennkjennbart!! Mr. Green

Sitat:
"Hele året er det vår og hele livet står i ungdommens tegn. Alltid er det noe som kan blomstre. Høst er bare en talemåte, da blomstrer vi på en annen måte, vi vokser under jorden, vi ansetter nye skudd, stadig er det nok å gjøre. Det er bare dovensakker med hendene i bukselommene som klager over de dårlige tider. De som blomstrer og bærer frukt, om det så er i november, kjenner ikke til noen høst, bare til den gylne sommer. De kjenner ikke til forfall men til spiring. Høstasters, kjære venn! Året er så langt at det aldri tar slutt."

Så fint sagt! Handlar vel både om hagen og om oss menneske Smil Smil

Så var det fredag igjen

03 nov 2006 15:57


[  Humør: varm og utslitt ]
[ slapper jeg av etter ein runde med støvsugern Akkurat nå: slapper jeg av etter ein runde med støvsugern ]

Har liten forkjøla gutt heime i dag. Har ikkje tal på alle dvd-ane vi har satt på. Han har ombestemt seg og vil ha ein anna i det øyeblikk vi har trykt på play! Det går i Ole Brum i dag, og det er godt for Pingu er eg så lei av å ha som bakgrunnsstøy at eg snart kastar opp Død

Ellers er en på grensa til å vere stressa, men taklar det egentleg beundringsverdig bra... Laughing . Har så mykje på gang at det ikkje er til å tru. For det første lagar eg middag (!), ei stor utfordring kvar dag, men ekstra i dag ettersom eg fekk den geniale ideen at eg skulle lage lammefrikasse. Foreldra mine kjem nemleg på besøk, dei er her i nærområdet i forbindelse med ein basar. Så skal eg på teater kl. 19.30, i lag med nokre venninner. Vi skal sjå riksteaterstykket med Sverre Anker Ousdal og Kjersti Holmen. For ein gongs skuld blir det visst fullt hus, billettane har vore utselt ei lang stund. Det er ikkje vanleg på riksteaterforestillingar her nei! Shocked . Brukar å vere 3 i salen i snitt Laughing . Ikkje at eg har drege opp gjennomsnittstalet altså! Pinlig berørt Kan denne plutselege populariteten ha samanheng med at dei nyleg har vore i media sitt søkelys fordi dei har flytta i lag????!! Ja, eg sit vel i glashus nå da, med mitt tidlegare dårlege oppmøte på slike arrangement, men dei er jo av norges beste skodespelarar da!! Enig . Har altså bestemt meg for at nå skal eg gå meir på teater. Det er jo så moro når eg først gjer det. At guten min på 20 set sånn pris på det er jo moro. I går kveld bestilte eg billettar til oss på "Bikubesong" av Frode Grytten på Losjen i Bergen den 9.des, Tenker det blir julegavehandletur i same slengen. Guten, som for tida er i Oslo som medhjelpar på verdensmusikk-festivalen, var i fyr og flamme og ville meir enn gjerne vere med mamma på teater. Blir nesten rørt! Det er så koseleg å ha store ungar! Stort smil

Ellers går livet sin gang. Eg får ikkje bestemt meg for om amaryllis-laukane mine skal stå varmt eller kaldt, derfor flyttar eg dei eit par gonger om dagen mellom badegolvet og planterommet med 11 grader Forvirret . Etter grundige studiar på nettet i dag har eg flytta dei inn på badet igjen. Dersom dei IKKJE får blomsterknupp nå, så får dei heller stå på planterommet og skamme seg etterpå. kanskje dei kjem til fornuft utpå vårparten?? Laughing .

Eg går også den store novemberkaktusen min grundig etter i saumane kvar dag: er det knuppar nå? Jo, i dag fann ein ørlten rosa utvekst på eit blad som eg faktisk trur er ein knupp! Mr. Green . Hurraa Stort smil . Da kjem det sikkert fleire etter kvart. Den kaktusen har ikkje blomstra på leire år, for eg har berre latt han stå i stua heile tida. Men plutseleg kom eg på å sjekke kva han skal ha slags behandling for å forstå at han faktisk er ein NOVEMBERkaktus Smil . Det var visst korte netter, og kulde? Det er i alle fall det han har fått, og det har virka ganske fort faktisk.

Av andre ting som veks nå er buddleia-stikingane mine. Nå ser det endeleg ut som om to av dei har kome i vekst. To er døde, og to står nok å lurer på om dei skal gi seg over. Eg ser at det er dei to største som har klart seg, trur eg må ha tatt for små stiklingar. Det må eg merke meg til neste gong.

Hrm..Har også sådd nokre chili-frø av ein butikk-sak som kom i hus... Ingen spirer enda. Litt av ei tid på året å så da! Berre tullingar som gjer slikt Laughing . Er berre så moro å følge med på frå dag til dag stjerne!

Ha ei god helg alle saman, både med og utan snø, og med og utan kuldegrader Smil

Amazonas i hagen...

05 nov 2006 18:05


[  Humør: fortvilet ]

Lite notat mens middagen blir ferdig: har vore ute ein tur med vesleguten i vogn, samt har sådd akeleiefrøa mine. Tusla litt rundt husveggane her, og inspiserte hagen nå etter tre-fire dagar med samanhengande regn Forvirret . Sant å seie: det har bøtta ned, som det heiter. I dag har det ikkje vore fem minutt med opphald.

Ja, kva såg eg? Det renn ei ELV på størrelse med Amazonas gjennom hagen min Død . Den endar elegant i eit lite "basseng" - nemleg min nye såpottekarm!!! Død Død Død Ulykkelig Ulykkelig Mad Mad

(Og så mannen min som trur han ikkje er vanntett, og/eller trur han er bjørn som skal ligge i hi om vinteren, og derfor helst ikkje vil ut mellom november og april Uenig - korleis skal eg få han til å flytte karmen, og kvar skal den stå??)

Har lyst til å seie uuuuææææææ.... Crying or Very sad

Utepotter som held stand!

05 nov 2006 21:05


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Ville berre vise bilde av den eine utepotta mi som framleis blomstrar som berre det. Planta den til med sånt som -med litt flaks og mildvær- kan overleve til jul. Er litt spent på kor mykje cyklamen tåler av kulde, men hittil har det jo gått bra Enig


Fin, ikkje sant?

Eg legg til: Må tilstå at bildet ikkje er teke nå, altså, men blomstene i den er like fine fortsatt.

Pottekarmen redda!

06 nov 2006 15:27


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Har nesten vond samvittighet overfor mannen min ("bjørnen"), for i går overraska han meg Stort smil . Han for ut i regnet, med paraply(!) og den nye ytterjakka på seg, og blei ute--lenge! Da han kom innatt var han våt og møkkete, men hadde spadd opp ei grøft for å lede vatnet dit det skulle vere, i ei dreneringsgrøft eg ikkje visste var der Pinlig berørt . I dag var bassenget vekk, og alt såg kjempebra ut!

Dermed sette eg i gang (Hajal: vi fekk tre minutt med sol og i dag vi!) og henta nokre lass med grus og hadde oppi. Nå meiner eg det skulle vere klart til utplassering av såpotter med staudefrø ja.... Drømmer

Her ser de resultatet:




Og her

Det siste bildet viser korleis såpottene etter kvart skal plasserast i karmen, delvis greve ned i grusen. Dette for å a) -halde på fuktighet , og b) -overskuddsvatnet skal få renne unna Enig

Med fiberduk over til slutt, blir det bra trur eg....

November ingen hindring.....

07 nov 2006 11:59


[  Humør: fornøyd ]

Eg plantar eller sår noko nesten kvar dag eg.... Nektar å bøye meg for overmakta (vinter & mørketid), og plantar i veg Mr. Green

I dag:

-Hippeastrum Apple blossom (lys rosa)
-Hippeastrum Piquant (raud m. kvite striper og grønt "svelg")
-Juglans regia (Valnøtt, 5 stk.)

I går:
-Narcissus Paper white (Juletassetter, kvite, 6 stk)

Valnøttene kom i hus på ein artig måte. Vesleguten min går i den lokale barnehagen, som hadde laga utlodning til inntekt for innsamlingsaksjonen. Eg tok ein del lodd på han. Ein dag eg kom og skulle hente, fekk vi vite at han hadde vunne eit glas med "blåbærsylte" laga på store-avdelinga, med søt etikett skreve av ein 5 åring Smil . I tillegg vann han ei skål med valnøtter, dekorert med blomster av Japansk lykt. Eg fekk vite at nøttene er av lokal opprinelse, nærare bestemt Torheim. Gartner-kona der ute (Torheim gartneri) jobbar litt i barnehagen, og hadde ordna gevinsten! Nøttene var kjempegode, og sjølvsagt måtte eg så nokre...

At treet kan bli 30 meter høgt tenker vi ikkje på enda Forvirret . Dei veks vel ikkje såå fort. Har naboar som blir litt "urolege" om utsikten blir trua av ein kvist eller to i synsfeltet Blunke . Eg prøver å ikkje bli sur, men det held hardt når vaksne ungar på besøk heime ein gong i året klagar over at utsikten ikkje lenger er slik dei hugsar frå dei var små.... Shocked . Nei, eg skal ikkje klage. Har fått mange stauder av naboen, og gleder meg over å kunne gi bort nokre snart også stjerne! .

Små kvardagshendingar

08 nov 2006 11:04


[  Humør: glad ]

Liten rapport ein tidleg onsdag formiddag: I går kjøpte eg to amaryllis-laukar til, nemleg

-Red Lion (heilt raud)
-Piquant (skal gje bort før jul)

Eg fekk også tak i svart persienne, og fekk bestilt same sort rissepenn som Hajal har fortalt om. Manglar berre planter nå så Laughing

Meir "grønne nyheter":

-tre chilifrø har spirt på kjøkkenbenken (stakar, dei veit jo ikkje at det er november)
-novemberkaktusen har FORTSATT berre ein knupp, på størrelse med eit knappenålshue (reiknar med at den kjem til fornuft, står på kaldt rom)
-valnøttene har ikkje spirt enda (har sjekka!!! Laughing Laughing Laughing )

Snø, sludd og såtid...

09 nov 2006 13:37


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av og prøver å bli varm igjen Akkurat nå: slapper jeg av og prøver å bli varm igjen ]

Nå er det gjort! Eg har begynt mi "Staudesåingskarriere"........ Mr. Green .

I dag av alle dagar (starta med regn, nå saftig sludd, 2 grader) har eg sådd mine første staudefrø ute. Pottene er omsorgsfullt sett ned i grusen i pottekarmen min, og eg har lagt dobbel fiberduk over. Har merka dei på "gamlemåten", nemleg med pinnar av oppklipte isboksar m. vannfast tusj Cool . Det held ei stund. Her er det eg har sådd:

Butomus umbellatus (Brudelys, sumpplante)
http://www.botanik.uni-karlsruhe.de/garten/fotos-knoch/Butomus%20umbellatus%20Schwanenblume%201.jpg

Carex grayi (Starrgras, sumpplante)
http://web.tiscali.it/giardinaggio_it/image//giardino/pianteacquatiche/Carex/carex_grayi.jpg

Cimicifuga racemosa
http://www.ct-botanical-society.org/galleries/pics_c/cimicifugarace_pl.jpg

Kirengeshoma palmata
http://www.joycreek.com/images/188-001.jpg

Har også oppdaga at valnøtter spirer fint inne, og eg har sett mine ut Forvirret . Derfor har eg nå lagt ei nøtt i vatn, og skal plante den inne. Må jo få med meg moroa, ikkje sant? Ellers har eg nok ikkje bruk for 6 valnøtt-tre om alle spirer da Laughing . Det gjer dei kanskje ikkje, men kven veit?

(Ps. Eg lovar at eg skal lære meg desse URL-greiene snart Helt gira )

Hippeastrum-dilla...

10 nov 2006 12:32


[  Humør: fornøyd ]

Skal til Bergen i helga, i lag med mannen min og kollegaene hans med fruer. Har aldri helst på nokon av dei før, så det blir spennande. Første gong er eg med på noko slikt i egenskap av "frue", berre det gjer det litt spesielt. Vi skal innom Ikea først, og merkeleg nok skulle visst "alle" dei andre det også... Laughing .

Ja, enkelte her på forumer har i haust lidd av ein slags "lauk-avhengighet". Eg må ha fått den sjuka eg og, men eg har slått med på Hippeastrum, eller Amaryllis som er vant til å kalle det frå før. Var på Mega og skulle berre handle litt mjølk, men kva skjedde: der stod det ei enslig

ROZETTA

og venta på meg Drømmer , heilt aleine midt inne i ein skokk med iltre, juleraude venninner Cool . Eg måtte sjølvsagt redde henne med meg heim, og vart i allefall sikker på det da eg såg at ho hadde to knuppar på gang... stjerne! .

God helg til alle saman frå ei som har lovd å ikkje snakke alt for mykje om blomster i helga... Shocked Pinlig berørt . Godt eg har Hagegal i bakhanda! Mr. Green

Sol savna....

13 nov 2006 22:54


[  Humør: vettskremt ]
[ slapper jeg av etter legging av liten gutt Akkurat nå: slapper jeg av etter legging av liten gutt ]

Ja, nå har eg snakka med legen og han meiner eg skal kunne takle å jobbe litt igjen.... Forvirret . Da blir det to dagar i veka i fire veker framover nå til å begynne med. Er litt nervøs må eg seie. Det sit i meg ein sterk redsel for å havne uti det igjen, eg er dårlig til å kjenne igjen mine eigne utslitthets-symptom... Shocked Død Shocked . Det er litt sant som ein rådgjevar sa til meg ein gong, at eg har strevd med å balansere i forhold til energi ut og energi inn, i heile mitt vaksne liv. Dette må eg visst jobbe seriøst med Helt gira

Nå til noko grønt stoff: Har heile 9 irrgrønne chili-spirer på kjøkkenbenken. Trur samtlige frø spirte, og det omtrent i det dei landa i potta Laughing . For ein iver. Har også fått røtter på to små fuchsiaer som er planta, og valnøtta som har svømt i eit vassglas sia før helga er også i jord med plast over nå. På badegolvet står det heile fire potter med Amaryllis, og eg ventar og ventar og ventar på skudd og knuppar. Ingen ting skjer Mad . Tålmodighet Blunke Pinlig berørt . Eg har også nokre narsisser (Paperwhite) på gang, og så søte Rozetta da, med sine kraftige og lovande stenglar med flotte knuppar på stjerne! . Mykje ein kan glede seg over heldigvis!

Eg veit i alle fall ein grunnleggande ting om energi: hage og plantar FÅR eg energi av, og det kjem nok til å kome godt med Rolling Eyes Mr. Green

Har sådd igjen!

14 nov 2006 14:02


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]

Har nå sådd:
Thalictrum rochebrunianum
Zigadenus elegans

Har plassert pottene rett ut i karmen min. Håper det går bra utan at dei har stått inne først. Eg har liksom ingen plass dei kan stå. Med så mange store og små gutar i huset, er det mykje som kan skje med eit brett med potter Forvirret . Plutseleg er det nokon som skal innom heime og vaske klede i full fart, og kva skjer da med det som står oppå vaskemaskina? Eller ein liten, nysgjerring kar har plutseleg oppdaga noko morosamt han kan leike med på stovebordet...

Håper det går bra! Eg har att to slag til som skal setjast ut nå, så skal resten få vente til våren. Blir den mest spennande våren eg har opplevd, trur eg stjerne! Laughing

Huff....

17 nov 2006 00:21


[  Humør: nøytral ]

Nå har eg hatt ein dag i ny jobb, og skal ha den andre i morgon. Arbeidsgjevaren min har leigd kontor til meg i Rådhuset her i kommunen. Det er nyoppussa (apoteket var der før), og skulle vere heilt topp. I og med at eg skulle ha starta i ny jobb i starten av oktober, var det litt skuffande at det mangla lås i døra, var ikkje lagt opp til nettilkobling, var beinkaldt og kontormøblane var ikkje vaska... Spor etter mange gamle matpakker der Død . . Litt dumt da, i og med at ei reiste i to timar med datautstyret mitt, og skulle bruke dagen til å lære meg opp i nytt program Mad . Dei hadde fått beskjed i god tid om at kontoret skulle takast i bruk den dagen! Shocked . Er synd at absolutt alle fordommane mine om kommunalt styre og (van)stell blir bekrefta Ulykkelig .

I morra får eg bruke tid på å spore opp ansvarlege folk og piske dei i aksjon! ---samt kjøpe leselampe Laughing .

Litt triste tider her i huset nå. Det viser seg at stesønnen min på 17 truleg har fått lymfekreft Ulykkelig . Han har ikkje fått diagnosen enda, men det dei sa på sjukehuset der han tok biopsi i dag kan ikkje bety noko anna. Og alle symptoma vi les om på nettet stemmer - han har nok gått med det ei stund Forvirret . Det var berre det at vekttapet, tull med soving, masse halsbetennelsar og generell "sløvhet", samt røyking, meir festing, full utskiftning av kameratar og ein del andre ting kom samtidig med oppstart i vidaregåande, på ei linje der han ikkje trivdes. Ja ja. Vi veit ikkje sikkert enda, får håpe i det lengste at det er noko anna. Og den forma for lymfekreft som ungdommar får er jo vanlegvis muleg å behandle.

Ellers har det dukka opp små nye skudd på to amaryllis, dei har eg nå sett på planterommet der det er 13 grader. Da kan eg kontrollere når dei skal blomstre, ved å ta dei ned i varmen etter kvart. Akkurat nå har eg kjøkkenbordet fullt av to små novemberkaktus og ei potte med Narsissar med store knupper Mr. Green . Valnøtta er flytta opp på badegolvet - tenkte kanskje den ville like litt undervarme.

--og eg har bestilt meir frø i dag Pinlig berørt . Utruleg billeg da, og ikkje mange ferdige planter du får for 200 kroner Enig . Er berre litt bekymra for om eg greier å følge opp alt. Kom over ein tråd frå i vinter der Magnar lista opp over 700 slag på sålista si Forbauset Forbauset Forbauset . Da overlever eg kanskje, eg og...er ikkje der enda Laughing . Skal informere om kva eg har kjøpt seinare.

Så håper eg veldig at mildværet snart går over, her har det vore oppe i 12 grader i dag. Eg har vondt av staudefrøa mine, kanskje dei trur det er vår Rolling Eyes

Pellis

20 nov 2006 00:06


[  Humør: forelsket ]

Ja, ja. Ein liten snartur innom hagegal, og så var det gjort! Er forelska, og ventar med lengsel på:

Appleblossom Rosebud
Holmøn og

Odensjø nocturne

Eg har egentleg lenge vore veldig glad i Pelargonium, helst zonale. Dei er i tillegg til å vere fine også robuste, villige, lette å formeire og "bestemor-koselege". Mor mi har alltid hatt "granium", og bestemor og. Dei hører med til barndommen min Smil

Ellers har vi hatt ei koseleg helg med besøk av barnebarnet til mannen min på 8 år. Ho ønska seg ei helg hos farfar, og det måtte ho jo få sjølvsagt! Veslegutten vår, som altså er onkel!, og ho på 8 har det veldig fint i lag nå som han er blitt såpass stor. Ho hadde sagt da ho vart henta at ho hadde hatt det kjempefint! Tur i skogen i ausande regnvær i går, og tur i barnehagen for å leike i dag, samt bollebaking, gjorde seg. Underteikna var nok den mest aktive i alle nevnte aktivitetar.... Blunke, farfaren trur som sagt han ikkje tåler vatn.... Laughing

Dei to siste kjøpe-hippeastrumane har sendt opp kvart sitt ørvesle lysegrønne skudd, og har blitt plassert på planterommet. Nå er det berre valnøtta som står att på badegolvet.

Ha ein fortsatt god søndagskveld alle saman Stort smil

Clivia

20 nov 2006 11:22


[ slapper jeg av med nettshopping.... Akkurat nå: slapper jeg av med nettshopping.... ]

Har bestilt Clivia miniata butterball og Clivia miniata lana, du kan sjå dei her:

Clivia I og II

Drømmer

Chili

20 nov 2006 15:41


[  Humør: fornøyd ]

Har planta om chiliplantene mine i kvar sine potter. Dei var 9, men er nå "berre" 6. Her står dei på kjøkkenbenken, der eg i dag har greid å rydde eit heilt skåp for å få plass til kjøkkenmaskina, for at plantene skal få plassen med lys! Er det det ein kallar domino-effekten?? Klovn

Her er dei Enig

Denne "husmora" jobbar kun etter lystprinsippet - altså: kan oppgåvene linkast til noko GRØNT, da er det eit lite håp om at det skjer noko..... Klovn Blunke Klovn Klovn

Utslitt

22 nov 2006 23:10


[  Humør: søvnig ]

Første skikkelege jobbedag i dag Rolling Eyes . Det gjekk fint det, men er så sliiiiiten........ Ulykkelig . Skal bli skikkeleg godt å slappe av i morra, ein formiddag heilt for meg sjølv igjen, det er berre så deilig stjerne! . Skal kanskje så litt meir? Det har eg lyst til. Og så skal eg studere spirene mine, for nå skjer det masse her! Valnøtta har stått på badegolvet som sagt, og ingen ting har skjedd. Men så plutseleg vart det ein sprekk i skalet, dei to halvdelane skilte liksom lag Shocked . Sprekken vart større og større, og nå ser eg eit eller anna mystisk som driv og forandrar seg nedi der Stort smil . Den driv og spirer!!!! Hoppende glad . Og ikkje nok med det: i dag da eg skulle kikke på pellis-stiklingane mine som skal stammast opp, såg eg noko rart i den eine potta! Eg hadde nesten glømt at eg putta nokre sitronsteinar i jorda fordi eg hadde lest så masse om sitrontre her på forumet... Tenkte kanskje ikkje det kom til å skje noko, i alle fall ikkje på leeeenge... Men det eine frøet har spirt etter berre to veker! Så moro! Bekymrar meg litt over plassen nå da, blir jo trongt på kjøkkenbenken etter kvart! Forvirret . Chili-plantene veks som berre det, ser stor forskjell frå dag til dag. Dei trivs visst i tørr, varm kjøkkenluft med ei kunstig sol rett over haudet Mr. Green . Veldig bra!

Ja ja, eg lar meg visst rive med her. Er litt sur på Paperwhite-narsissane mine som har blitt kjempelange og er i ferd med å legge seg overende Crying or Very sad . Dei to første knuppane har endeleg begynt å åpne seg. Dei er fine da, og luktar veldig godt Smil . Burde sikkert for lenge sidan satt potta på ein kald plass nokre dagar. Ser at Rozetta-amaryllisen som nå står "på vent" på planterommet med ca 13 grader har fin, kort stilk og er i ferd med å sprette ut. Nå skal ho snart få kome fram på areanen, til pryd og beundring Stort smil .

Så må eg vel fortelje at stesonen min nå har fått dignosen lymfekreft. Det er Hodgkins syndrom heldigvis, altså den med best prognose og behandlingsmuligheter. Alle er prega av det sjølvsagt, men det er berre å bite tennene sammen og kome i gang med behandlinga. Blir ein tøff periode, men det går vel detta og. Mannen min og mor til guten tenker å vere med han annankvar gong. Han kjem til å trenge foreldra sine nå, sjølv om han er 17. Huff, fælt å bli innhenta av alvoret i livet på den måten når du er så ung Ulykkelig .

Ellers forstår eg at dei dagbøkene som ikkje er sperra for brukarane her er fritt tilgjengelege på nettet. Eg har med vilje ikkje sperra mi dagbok, for eg tenkte at folk som besøker hagegal godt kan få lese den. Men når du får fram mi dagbok dersom du googlar på "Novemberkaktus", som eg har blitt fortalt, så veit eg ikkje heilt. Trur eg sperrar den. Sikkert berre kjekke folk som kjem på å søke på det søkeordet da men... Laughing

Pellis og samarbeidsutvalg

24 nov 2006 00:07


[  Humør: fornøyd ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har vore på samarbeidsutvalgsmøte i barnehagen i kveld. Visste ikkje ein gong at eg var valgt inn der eg, glømte sjølvsagt å gå på foreldremøtet i haust. Greit verv å ha det - endte som vara for leiaren. Blir sikkert ikkje mykje arbeid, bortsett frå at vi kanskje må ta tak i eit forslag som har kome frå admin. i kommunen om å legge ned vår vesle barnehage og ein liten barnehage til, og bygge kraftig ut ein annan barnehage som er stor frå før.... 100 ungar eller noko slikt! Mad . Det har ikkje vi i Prestemarka lyst til at skal skje faktisk! Det er så fint slik som vi har det, der alle kjenner kvarandre, både små og store Smil .

Fekk altså tilsendt tre fine pellis-stiklingar i dag, og frøbestillinga frå Primafrø stjerne! . Veldig fullt på kjøkkenbenken nå..... Blunke

Eg har avstått frå meir såing, da eg er advart mot for tidleg spiring grunna mildt vintervær- Død . Eg har teke det innover meg nå. Veldig dumt da, at vestlandsvinteren skal vere så lunefull Forvirret . Mad .

Fri i morra og! Skal prøve å agere litt husmor da. Eg likar det absolutt ikkje, men blir så fornøgd med meg sjølv når eg har fått unna litt slikt ufyseleg husarbeid.... Ser nå fram til å få att arbeidslysta. Den har vore fråverande ei god stund nå Ulykkelig . Vanlegvis er eg ikkje riktig såååå tung i r...va Klovn Død Klovn Død .

I morra kveld skal eg på jentefest, ei hageinteressert venninne som fyller år. Må finne på noko hagerelatert å kjøpe til henne i morra da Enig .

Ha ein riktig god kveld Stort smil

Fridag på fredag

24 nov 2006 14:01


[  Humør: nøytral ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Prøver å få gjort litt i huset, det monner berre så lite (ein del å ta av Pinlig berørt ). Nå er det to maskiner som surrar og går i bakgrunnen, så nå tek eg meg ei lita pause med kaffe og årgangskrydderkake frå mor mi som eg fann att på botnen av frysaren Shocked .

Eg har nemleg eit prosjekt på gang når det gjeld frysar-innhald som er for gamalt: etter at vi fekk ei ordning med sortering av organisk avfall for seg så har det å bli kvitt store mengder med matavfall blitt litt vanskeleg. Og med våre to frysarar med ein del gamal fisk i blant anna, må eg fyre i gang varmkomposten min igjen. Har fora den jamt nå ei stund, og har fått opp varmen i alle fall. Heiv oppi meir "frysetørka" tint fisk nettopp, og gleder meg over all den flotte komposten eg har i vente. Har vore flinkare med varmkompostering før, og har erfart at den tilsvarer nesten husdyrmøkk i effekt på plantene. Blir nok noko anna med kald-kompost av hageavfall etc. Det blir vel meir eit tilskudd av humus meir enn direkte gjødsel.

Ellers har vi fått telefon frå Haukeland i dag om at stesonen min skal inn på mandag for prøver og første cellegiftkur- Mannen min og mor til guten skal vere med begge to denne gongen. Dei blir vekke til torsdag. Seinare skal han få behandling i Førde, og da blir det jo mykje kortare reiseveg heldigvis.

Nei, nå kan eg ikkje sitte her og slappe av lenger, må vel få gjort litt meir i huset Død Forvirret ..............og til slutt blir eg vel Enig Kyss Konge! håper eg....

God helg da, folkens!!

40% er nok for meg altså...

29 nov 2006 01:08


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har vore på jobb heile TO dagar etter kvarandre (huff og huff Død Blunke Laughing ) og er utslitt Forvirret . I tillegg har ikkje vesleguten sovna før 23- dei to siste dagane... Shocked , og mannen min er i Bergen i lag med stesønnen min som skal i gang med behandling nå Ulykkelig . . I dag har eg attpå til reist tur retur Førde, men jobbebilen til mannen min... Kassebil med null sikt bakover, og uvant å kjøre. Heldigvis har det vore bart og fint på vegen, det er da nokre få fordelar med det milde vinterværet faktisk Blunke .

Nå ser ikkje huset ut, to dagar med forsømmelse set sine spor Død . I morra har eg heldigvis fri, og får ta eit raid.

Eg skal også ta bilde av Hippeastrum Rozetta som blomstrar nå. Marsipanrosa og søt, ser ut som om ho høyrer heime i eit amerikansk bryllup.... Laughing ...Men nå står ho faktisk på kjøkkenbordet mitt da, og det får ho vere fornøgd med Klovn . Ein ting til: sitronspire nr. 2 er observert i ei potte bak ei gardin i kveld Hoppende glad . . Eg putta altså nokre sitronsteinar nedi andre potter litt i hytt og pine, og nå spirer dei som berre det! Så artig da! Får sjå om dei overlever vinteren begge to, kan kanskje la mor mi få den eine. Trur faktisk eg skal prøve å få mannen min til å få opp hyller og montere lysarmatur i helga. Nå trengs det snart meir lys på planterommet. Har for tida stabla planter i vinduskarmen og på skrivepulten, men nå er det fullt. Har også teke inn dei 5 valnøttene som eg opprinneleg sette ut, dei står på badegolvet. Håper dei spirer, i alle fall nokre av dei. Trur det går betre inne enn ute. Vesleguten (som egentleg eig nøttene...) og eg tok å knekte dei siste ein dag, og da var det mange som var svarte og innskrumpa inni Ulykkelig . Det til tross for at dei har stått i ei skål i romtemperatur. Dei aller første eg knekte var fine alle saman. Har gitt bort nokre til Hajal, og håper at han får spiring på nokre i alle fall. Skulle det ikkje slå til får han få ei plante til våren. Da skal vi jo ha Sogn&Fjordane-treff (håper eg...!) Det blir moro, verkeleg noko å glede seg til stjerne! .

Hagelagsmøtet i mogon kveld trur eg at eg må stå over dessverre. Er verva som medlem i Hagelaget av Strand som er leiar, og hadde egentleg tenkt å gå. Veit ikkje om eg orkar det etter to slike hektiske dagar, var dessutan seint heime i dag og. Storebroren på snart 21 både leverte i barnehagen og henta stjerne! . Litt verre å la han streve med ein veslebror som ikkje vil sove Uenig . Nei, nå trur eg at eg har landa såpass at eg kan tenke på å legge meg. Er vel på tide, når eg ser på klokka Klovn

Prøver å få fart på husmorgenet...

29 nov 2006 13:48


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av etter å ha vaska opp +++ Akkurat nå: slapper jeg av etter å ha vaska opp +++ ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Kjeldesortering er ein god ting, ikkje misforstå meg - men det er også ein arbeidskrevande ting Mad Forvirret . I alle fall når ein/to vaksne må ta seg av alt avfallet i ein familie der det blir konsumert og brukt og kasta heile tida.... Ulykkelig . Eg har vaska opp, ja, men eg har brukt meir tid på å sortere glas og plast og lyspærer og metall og matavfall, og ikkje minst frakte det VEKK FRÅ KJØKKENBENKEN Mad Mad Mad . Der er det berre planter og blomsterpotter som får lov å stå Mr. Green .

Har faktisk greid å finne såpass ut av det nye digitale kameraet at eg har fått tatt bilde av Hipp. Rozetta, ein sitronspire og ein valnøttspire. Så er det neste utfordring, nemleg å få lagt det over på PC-en. Litt fornøgd med meg sjølv her da stjerne! .

Mannen min ringte frå Haukeland nettopp, og fortalde at dei blir der til neste onsdag Ulykkelig . Skulle egentleg heim i morra etter planen. Det må vel til, eg greide meg jo den tida eg var gressenke to veker i strekk både titt og ofte. Det var da han jobba i Nordsjøen. Glad det er slutt altså.

Nei, til verket igjen! ( Død )

Ei veke går fort!

04 des 2006 23:18


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Plutseleg har eg visst ikkje skreve noko på ei veke. Merkeleg så fort tida går av og til. Masse å gjere for tida, er jo aleinemor fram til onsdag og synest dagane er fulle av små og litt større gjeremål. Heile tida noko som må gjerast, ordnast, flyttast, vaskast, sendast eller sorterast - eller så er det familiemedlemmer i ulike generasjonar som må få litt oppmerksomhet.

Ja, ja- det går egentleg bra. Nå har vesleguten endeleg innsett at det er lurt å sovne før 22, så i kveld bikka han over kl. 21.15 for å vere nøyaktig Tilber

Mamma har altså plutseleg fått ein ørliten smak av noko som heiter fritid.... stjerne! .

Til saken: har sådd (sett?) Cliviafrø! Minner ikkje mykje om vanlege frø, meir om smålauk. Det eg nå verkeleg er usikker på er om eg har gjort det "rett". Etter litt nett-research har eg kome fram til følgande: Har halvveis trykt dei ned i sandblanda jord i kvar si vesle potte. Pottene er så vatna og plassert i ein gjennomsiktig boks med lokk, på badet der det er godt og varmt og lyst. Dette vart gjort før helga. Så langt har ingen ting skjedd, men det er kanskje ikkje å forvente. Har i dag kjøpt Atamon for å lage oppløysing å dusje dei med for å beskytte mot mugg nedi den fuktige boksen. Er det nokon som har klare oppfatningar om at dette er riv ruskande feil så sei ifrå, please!!!!!

Ellers sår eg litt småtteri innimellom: for eksempel Dictamnus albus var. caucasicus... Oppdaga at dei frøa er vanskelege å få til, og at dei må såast ferske... og her har dei fått ligge i vekevis i pakka si Pinlig berørt . Nå er dei sådd, står inne - til etter jul tenkte eg, så skal eg sette dei ut. Alt etter råd henta på Hagegal! Stort smil Håper det fungerer, og om det ikkje gjer det så overlever eg nok!

Mulig eg får skreve litt i morra og, fortsatt god kveld til alle Smil

Tid - mangelvare

05 des 2006 23:55


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av med frøbestilling.....igjen Akkurat nå: slapper jeg av med frøbestilling.....igjen ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Lita tid i dag og. har tatt eit tak i huset, skal på jobb igjen i mporra, og mannen min kjem endeleg heim frå den før omtalte Bergensturen stjerne!

Belønninga mi for å vere så utruleg, fantastisk og engleaktig flink og snill i dag er å få lov til å bestille nokre frø for eit par hundrelappar (utruleg billig i sverige, ikkje sant?)

Har slått meg på pelargonium nå, fann eit par sortar med mørke blad, og den eine med ferskenfarga blomster... Wow! . Finaste fargekombinasjonen eg veit: fersken og mørkt bladverk....

Ellers kom eg over eit fantastisk, ekstremt fint prydgras, limegrønt: Milium effusum "Aureum":

http://i2.ebayimg.com/03/i/06/79/a9/09_1_b.JPG

Nå gjenstår det berre å finne ut av den noko kompliserte betalings-prosedyra til Rara Vaxter... Klovn

Valnøttspirer i bøtter og spann

07 des 2006 13:30


[  Humør: glad ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

--må berre seie det: valnøttene mine spirer, alle fem Hoppende glad

Det vart avslørt etter ein liten utgravingsekspedisjon inspirert av Solfrid si Clivia-rot-utforsking nyleg Blunke . Alle har spirt, det er berre det at eg hadde begravd dei i så masse jord at dei aldri kom opp Pinlig berørt

Nå har eg seks til saman - Stort smil !! Forvirret . Kan vel ikkje behalde alle Shocked

Netthandel og nettfinansar

08 des 2006 13:26


[  Humør: fornøyd ]
[ jobber jeg med julegavehandling på nettet Akkurat nå: jobber jeg med julegavehandling på nettet ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har fått gjort masse "arbeid" her nå, sittande på baken i mi eiga stue Laughing

Smil Har bestilt bok til eldste sonen min ("tung" faglitteratur, av alle ting. Tok det som stod øverst på ønskelista Shocked )
Smil Bestilte CD til mannen min, han er umuleg å kjøpe noko til. Det vart siste til Willie Nelson med terningkast 5 i Dagbladet. Han er nemleg køntri-mann for fullt.
Smil Har ellers også bestilt juleCD med Sølvguttene og siste til Bob Dylan til "huset" (les "meg")
Smil Har betalt diverse regninger, samt huska på å avbestille i Bokklubbens Barn, gløymer det ofte og det irriterer meg grenselaust!

Da må eg fortelje litt om det siste på hagefronten: Mannen min hadde nok lengta heim da han var i Bergen, og tok "grep" på heimefronten i går. Laughing Han laga benk og monterte vekstlys på det midlertidige planterommet Mr. Green . Nå er det god plass der oppe, lyst og fint ..... Drømmer . Etterpå laga han fuglebrett og sette opp. Endeleg! Det skal bli kjempemoro å følge med på pip-pipane framover! Må vel lokke dei med solsikkefrø først, så dei forstår at det endeleg er mat å få i dette huset og Pinlig berørt

Ellers er Hipp. Rozetta klar med stengel nr. 2 med fire klokker på! Syns den første stod fin uvanleg lenge! Står i romtemperatur heile døgnet. Eg har teke ned for driving Jewel, stengelen er nå ca. 20 cm. Det er jo ein småvokst utgåve. Piquant og Red lion står og skal til å sende opp knuppar. Har stått kaldt til nå, så dei har blitt bremsa litt. Er kanskje litt seint ute for å få dei til jul, men skitt au! Fine er dei uansett. Og her er det ofte jul fram til 20.-dagen - men etter gamle skikkar var det da jula definitivt var slutt. Eg er litt treig, veit det Pinlig berørt . Ofte ikkje julepynta her før rett før jul heller, men eg likar adventspynt! Enkelt, lilla, kanskje kvitt, lys, kongler osv... vinterleg og pent.

Laga også "stilleben" utanfor inngangsdøra i går. Handla litt pynt og div. på Nille, kvit lykt, samt sjølvlaga telyslykter av vanlege syltetøyglas med nøtter i som eg sette telyset på. Laga hankar av blomstertråd, så kan dei hengast opp også om det bli akt. ein gong. I tillegg keramikkfat med nøtter (gamle frå i fjor Pinlig berørt ) og kongler, samt kristtorn med bær i ei sinkpotte Stort smil . Joda, vart fornøgd!

I morra set eg meg i bilen (har fått att god-bilen nå heldigvis) og så reiser eg og min eldste sønn til Bergen for å gå på teater. Vi skal sjå Bikubesong på Losjen. Det blir koseleg!

God helg til alle stjerne!

Pepperkakedeig

11 des 2006 13:42


[  Humør: nøytral ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er vel heime frå Bergen, etter ein flott tur med fin teateroppleving. Reisefølget mitt var veldig fornøgd, han har lese boka og meinte stykket var betre Smil . Attpå til greide eg/vi å kome oss heilskinna fram og tilbake til Laksevåg for å kjøpe MP3-spelar til Englandsfararen min, og ho mor fekk kjøpt på dramastudenten ny bukse og skjorte! Ikkje kvar dag det går så greit med ein litt sær, nøysom og anti-materialistisk kar som skal SLITE ut kleda sine bokstaveleg talt Forvirret . Han var faktisk enig med meg i at han måtte ha ny bukse før han kunne vise seg i teatret Shocked , tenk det! Ellers kan eg berre seie at det er såååå koseleg å ha store, fornuftige ungar. Etter nokre år med ugrei kommunikasjon er vi nå tilbake på sporet, og ho mamma er ikkje så verst likevel! Stort smil

Har akkurat laga pepperkakedeig som skal kvile over natta. Håper eg får ork til å bake den i morra da. Ellers ventar eg på reaksjon i Clivia-pottene mine (er utålmodig nå Mad ), og ventar på frø frå Lilla Fiskaregatan... tek si tid. Eg er fornøgd med at valnøttene mine veks som berre det, samt at båndlilja frå Hajal også ser ut til å trivs godt her på Eid stjerne! Har også mange hippeastrumar som står klar med knuppar, så koseleg å følge med på dei i vintermørket Smil stjerne! Smil !

Bilde av valnøttspire

11 des 2006 15:12


[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Her er

valnøttspira mi. Dette er den største, den er ca. 17 cm. Muleg den burde ha stått kaldare, men har hatt bra med lys. Den driv og får blad nå, og er flytta under plantelys nyleg, temperatur ca. 15+. Har stått på kjøkkenbenken til nå.

Eg ergrar meg litt over at eg ikkje får det kaldare på planterommet. Har to armaturer frå Grønt Fokus, vekstlys, og dei avgir faktisk ganske mykje varme.

Sliten

13 des 2006 13:45


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av så godt eg kan Akkurat nå: slapper jeg av så godt eg kan ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Er på jobb i dag. Det går ikkje så veldig bra. Er trøtt, slapp, sløv og fullstendig ukonsentrert. Har akkurat vore hos lege og fått forlenga sjukmeldinga til etter nyttår, altså fortsatt 40% jobb. Det var greit å få på plass, hadde ikkje takla å måtte jobbe meir. Kjenner det er akkurat så vidt dette går. Traff dessutan ei eg har samarbeidd litt med tidlegare hos legen, og ho kunne fortelle at akkurat det eg visste ville skje har skjedd, nemleg at ein slags kollega er i ferd med å nytte seg av den brente jords taktikk i eit prosjekt eg har vore aktivt inne i tidlegare. Det er i alle fall ikkje meir for meg å gjere i den saka nå.... . Dette vart litt kryptisk, beklager! Måtte berre prøve å uttrykke noko frustrasjon her!!! Mad Mad Mad
(og finn ikkje hermeteikna på dette tastaturet Uenig Mad )

Det eg derimot greier å tenke på, ta stilling til og konsentrere meg om, samt ikkje minst å handle på er (gjett...) plante-, blomster og frø-relaterte ting Pinlig berørt

Har kjøpt ein hippeastrum til: kvit. heitte noko med Brudevals (?). Står i bilen så lenge. Kjøpte også liten blålilla St.Paulia til kontoret, og ei rådyr pyntepotte til grønn plante på kontoret Pinlig berørt .

Nei, nå vil eg heim og slappe av litt. Får satse på å kome sterkare tilbake ein annan dag Forvirret

PS: Wedding Dance var det visst Laughing

Storm i vente

14 des 2006 12:47


[  Humør: hypnotisert ]
[ hører jeg musikk Akkurat nå: hører jeg musikk  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Litt skummelt her på vestlandet nå: det er halvmørkt ute, regnet piskar mot rutene, skumtoppar på fjorden og av og til hører vi eit drønn, eller ul- er vel vinden som lader opp til storaksjon snart Rolling Eyes . Godt å vere inne ein slik dag ja! Blunke

Sådde Coleus-frø i gårkveld. Står på badegolvet nå Stort smil

PS: nå regner det vannrett her, det knaker i veggene og vinden truar med å kome inn gjennom vestglaset! Shocked

puh...

18 des 2006 21:30


[  Humør: drittlei ]
[ jobber jeg Akkurat nå: jobber jeg  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

- lage deig til sandnøtter, stryke gardiner, finne fram juledukane, skifte på senger, skrive julebrev, sende julebrev, bake sandnøtter, pakke inn gaver, huske kvar gavene ligg Mad , stryke juledukane, få i hus nok julemat, bake brød og rundstykker, få ungen til å sovne, redde julegavene frå for tidleg oppakking, bake fiskelefse, ååååå, var det meir da........ Mad Shocked Mad Forvirret Mad Crying or Very sad Mad Rolling Eyes Mad Klovn Mad Død Død Død

GOD JUL...... stjerne!
Klovn

Jobb i dag og i går

19 des 2006 23:57


[  Humør: søvnig ]
[ slapper jeg av med julebrusen min Akkurat nå: slapper jeg av med julebrusen min ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Har vore på jobb i går og i dag. I dag reiste eg til Førde med 07.40-ferja, og kom heim ca. 18. Etter møtet var det julelunsj på Sunnfjord hotell med kollegiet, veldig koseleg! stjerne!

NÅ er eg klar for siste innspurten her heime. Skal til mor mi i Stryn i morra og bake fiskelefse, og så har eg to heile blanke fine dagar til disp. før julegjestene kjem lille julaften. I år skal alle dei tre store sønnene til mannen min, den eine med kone og dotter, feire julekvelden hos oss. Veldig koseleg at dei vil det, særleg han med eigen familie. Dei har aldri vore her før på julekvelden. Dei to andre samt mine to store har vore hos oss annankvar jul og nyttår. I år er det berre den eine som blir her, den andre er i England Crying or Very sad .

Men sjølv om det er mest koseleg, må eg innrømme at i den tilstanden eg er i nå vippar vektskåla lett over frå kos til stress Forvirret . Mannen min skal heldigvis ha fri fredag, og det hjelper godt.

Amaryllisen som eg kjøpte i dyre dommer frå Zimtrade i haust skal endeleg til å blomstre nå. Det er ein kvit, halvfylt som heiter Jewel. Den skuffar meg med å ha berre ein stengel med blomster, og er så treeeeiiiiig..... Mad . Har stått med knupp på "bristestadiet" nå lenge, men alt skjer i sakte film med den planta der. Verste eg har vore borti. Håpet er at den kompenserer med å stå med blomster lenge og da Mr. Green . Dessuten kjem den akkurat tidsnok til jul stjerne! .

Har også observert ein tjukk, merkeleg utvekst på det eine cliviafrøet mitt Enig . Må bety rot, for den er på veg ned i grunnen Laughing . Da er vel blad neste går eg ut frå? Mr. Green . Flott! Så er det berre fem igjen..... Rolling Eyes

Så lenge det er liv er det håp, satsar på at dei andre også kjem til fornuft snart Stort smil . ------- og i overimorra snur sola!!!!!!!!!! Stort smil Hoppende glad Stort smil

Jule-Amaryllis

21 des 2006 15:22


[  Humør: drittlei ]
[ slapper jeg av og ventar på julefri... Akkurat nå: slapper jeg av og ventar på julefri... ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Husarbeid er no dritt Mad

Over til hyggelegare ting: Amaryllisen Jewel ser slik ut. Den luktar godt også stjerne!

Skal ha nakke- og ryggmassasje kl. 18.30 i kveld.... Drømmer . Det gleder eg meg til!

Lille julaften

23 des 2006 01:24


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av med litt rødvin Akkurat nå: slapper jeg av med litt rødvin ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Plutseleg gjekk det opp for meg at nå er det lille julaften jo! Visste ikkje at klokka var såååå mykje?

Har baka 6 brød i dag, og har fått unna diverse andre huslege gjeremål samt kjøpt nokre julegaver til. I morra skal vi pynte, og ta inn treet.

Den vesle propellen har akkurat lagt seg, NÅ Shocked . Vi har bestemt oss for å kutte formiddagsluren igjen, dette driv oss snart til vanvidd... Forvirret . Men nå i jula lar vi berre humla suse, blir nok seine kveldar på propellen. Vi får sove når vi er trøtte, rett og slett Cool . Mange storebrødre til å underhalde og avlaste litt på dagtid, det hjelper. Har hatt "hjelp" med brødbaking i dag, og det skal eg love var ei nervepåkjenning for ho som har julestressnakke frå før Laughing . Gleder meg til lysare ettermiddagar igjen, trur han har behov for å vere meir ute enn han får nå. Det har eg og, lengtar så etter å jobbe meg svett i hagen igjen Drømmer . Og tenk på vårsola da... stjerne!

Kjenner i alle fall at nakken er fin nå, trur det betyr at juleferien er innan rekkevidde Stort smil . Nå skal eg kose meg! Blunke

Julegjestene i hus

23 des 2006 22:02


[  Humør: glad ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nå er vi omtrent i mål - og det eg gleder meg mest til er å gå tur i lag med venninna mi i morra formiddag Stort smil . Er så lenge sia sist, og NÅ vil eg ha litt tid for meg sjølv! Har vore sjølvoppofrande husmor lenge nok nå, eg greier (retting: vil) aldri å gå inn i den rolla heilt og fullt! Det er berre det at i det med "jula" ligg det så mange forventningar til oss av hokjønn som har barn..... Ulykkelig . Ja, eg blir rett og slett lei av det Mad

Er sikkert mykje mine eigne forventningar til meg sjølv, men dei er seigliva - har jobba med å modifisere dei i snart 46 år nå Blunke

Men det er vel nå vi kan nyte fruktene av alt strevet - Ååååhhhh herleg... Mr. Green

Roleg kveld heilt for meg sjølv

27 des 2006 22:57


[  Humør: fornøyd ]
[ slapper jeg av Akkurat nå: slapper jeg av  ]
(Ingen tilgang) Registrerte brukere

Nå er det blitt stille i huset, alle julegjestene har reist og mannen min og stesonen på 17 er i Bergen for behandling; ny runde med cellegift. Vesleguten på snart 3 søv søtt. Nå har han roa seg heldigvis, og tek att litt av den søvnen han "mista" før jul. Sovnar greit om kveldane nå. -og det er godt Stort smil

Eg har brukt dagen på å rydde, støvsuge og vaske enorme mengder med klede Shocked . Skal snart pakke litt, vi reiser til Bergen i morra, først med buss til Måløy og så med hurtigbåt til Strandkaien i Bergen. Vesletassen er mest spent på bussturen, han har proklamert at det er HAN som skal kjøre altså! berre så eg veit det. --eg kan aller nådigst få sitte i baksetet Laughing

Håper vi får nokre rolege dagar i Bergen, låner leilighet av stesonen min på 27 - han kjem vel til å kampere her hos oss noko av tida. (Håper huset ser sånn nokolunde ut når vi kjem att og...)

Ser at fleire her er flinke til å lese. Det er enda ein av dei aktivitetane eg har "mista" i livet mitt Forvirret . Skal i gang igjen nå - prøver å få med nokre bøker til Bergen og håper eg greier å roe meg ned nok til å få lese litt Enig

Hippeastrum-nytt: Jewel har tatt kveld, Wedding Dance står med fire klokker nå, kjempefin! Red Lion står bristeferdig, og Apple Blossom og Piquant følger hakk i hæl. Har kome knupp på Souvereign (eigenprodusert, var juleblomst i fjor).....

Til slutt: Valnøtt-"skogen" (5 spirer) står grønn og fin på planterommet. Drømmer